Skip to content

Kongar og englar som det er profetert om i Daniels Bok. Tidsrekninga.

 

Kongane i Media og Persia, nemnde i Bibelen.

Daniel merka seg kor lenge Jerusalem skulle ligge i røys i følgje profeten Jeremias, det var 70 år, så han audmjuka seg for Gud og søkte han i bønn og faste (Daniel9). Då høyrest det ut som det har gått nærare 70 år, så det måtte vere under persarkongen Dareios 1.

Medaren Dareios som er nemnd i Dan.6,1 måtte då vere ein tidlegare konge og her er det tydelegvis det Mediske riket som tek over og det har ikkje på langt nær gått 70 år sidan Jerusalems fall. Etter denne Dareios kom Kyros (559-529 f.Kr.), som oppfylling av profetien. Men i hans første regjeringsår hadde det då gått berre 28 år etter Jerusalems fall (Esra.1).

Det er ikkje skrive mykje om Dareios og Xerxes i Esras bok, men i Esters bok er det skrive mykje om Xerxes. Nabofolka prøvde å stoppe arbeidet på Guds hus under Xerxes, men han hadde då fått eit godt forhold til jødane gjennom dronning Ester, så då var det vel ikkje så rart at dei ikkje fekk stoppa det. Men under Artaxerxes 1 (465-424 f.Kr.) klarde dei det. Når han vart konge hadde det allereie gått 122 år sidan Jerusalems fall.

Gud salva Kyros til konge.

Persarkongen Kyros let Israels-folket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt nabo-folka også. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus og det er fundamentalt, til samanlikning med skapingssoga. Gud kalla fram folkeslaga og det var han som kalla og valde ut Kyrus som sin tenar, som skulle la Israelsfolket fare heim att til landet sitt.

Jesajas.41,1 Ver stille, de øyar og strender,
        og høyr på meg,
        lat folka samla nye krefter!
        Lat dei koma og tala si sak,
        lat oss saman gå fram for retten!
     2 Kven har vekt den mannen frå aust
        som sigeren møter kvar han set foten?
        Kven gjev folkeslag i hans makt
        og lèt han råda over kongar?
        Med sverdet gjer han dei lik støv,
        med bogen lik fykande halmstrå.
     3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
        er berre så vidt nedpå vegen med foten.
     4 Kven var det som sette dette i verk?
        Han som frå opphavet kalla ættene fram.
        Eg, Herren, er den fyrste,
        og eg skal vera hjå dei siste.
     5 Øyar og strender ser det og reddast,
        heimsens endar skjelv.
        Dei stimar i hop og kjem.

5.Mos.32,8 Då Den Høgste gav folkeslaga land
        og skilde menneska frå kvarandre,
        sette han grenser mellom folka
        etter talet på Israels søner.

Der er ein samanheng mellom at Israelsfolket fekk seg land og at dei andre folka fekk seg land, for Israels-folket var Guds folk, som han brukte som demonstrasjon for dei andre, for å gjere namnet sitt kjent for dei. Han kalla dei fram, soleis skapte han gjennom utvikling, frå generasjon til generasjon.

Adam og Eva gøymde seg for Gud, med dårleg samvit, for dei hadde lete seg dåre og forføre av ormen, so sa til dei at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Adam vart dømd til døden. Likevel har Gud kalla fram ættene. Det vart i alle fall tydeleg med Abraham og ætta hans. Gud velsigna han og sa at i han skulle alle folkeslag velsignast, den lovnaden får vi oppfylt i evangeliet om Kristus.

70 år med trældom under Babylonar-kongen.

Så kva var det som vart så betydningsfullt når det hadde gått 70 år etter Jerusalems fall? La oss først sjå på Jeremias profeti.

Jer.25, 11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år.
    12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 

Jer.29,10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

BS79/85 sin kommentar til Jeremias.25,11 er at 70 år er eit rundt tal for kor lenge det nybabylonske rike skulle halda seg. Persarkongen Kyros hærtok Babylonia i 539 f.Kr. Javel, men Jerusalem fall i 587 f.Kr, berre 49 år tidlegare altså. Då må den Dareios som det er tale om i Daniel.9,1 vere medaren som tok makta etter Belsasar, sonen til Nebukadnesar. Ja, det er då det som høver med samanhengen i Daniels bok, i BS78/85 vert det også vist til Daniel.6,1. Men det er framleis rart at denne Dareios i Daniel.9,1 vert kalla son av Xerxes i BS79/85 og son av Ahsverus i NB94, i kommentarfeltet her vert denne «Xerxes» endåtil kalla Kyros.

Profetien om at det skulle gå 70 år, verkar då mystisk. Etter 70 år er vi komne til regjeringstida til Dareios 1 i Persia, men då er det inga stor politisk endring som gjer det lettare for folket å vende heim og bygge landet sitt og bygge oppatt Jerusalem og tempelet.

Bodskapen frå engelen Gabriel.

Det var uansett ei betydningfull hending at Daniel fekk besøk av engelen Gabriel.

Daniel.9, 20 Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda til Israel, folket mitt, medan eg bar fram for Herren min Gud ei bøn for min Guds heilage fjell, 21 ja, medan eg endå heldt på å be, flaug Gabriel, den mannen eg før hadde sett i eit syn, heilt fram til meg. Det var ved tida for kveldsofferet. 22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen for å gje deg innsikt. 23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det, for du er høgt elska. Så merk deg ordet så du forstår synet!
          
    24 Sytti veker er fastsette
          for ditt folk og din heilage by
          til å føra vondskapen til ende,
          til å gjera slutt på synda,
          til å sona skulda
          og føra fram ei evig rettferd,
          til å stadfesta det profetane såg,
          og salva det høgheilage.
        
25 Du skal vita og skjøna: Frå ordet gjekk ut om at Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker, og i sekstito veker skal byen stå der gjenreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men det skal vera ei tid full av trengsler. 26 Etter desse sekstito vekene skal den salva ryddast av vegen og bli borte.
        
          Byen og heilagdomen skal leggjast øyde
          av hæren til ein fyrste som kjem.
          Han skal enda sine dagar i ein flaum.
          Den fastsette øydelegginga
          skal vara til krigen er slutt.
          
    27 Éi veke skal han stadfesta ei pakt for mange,
          etter ei halv veke gjer han ende
          på slaktoffer og grødeoffer.
          På vengene til det motbydelege
          kjem han som øydelegg,
          heilt til utslettinga som er fastsett,
          strøymer ned over øydeleggjaren sjølv.»

Dei 70 åra får betydninga 70 «veker».

70 år etter Jerusalems fall, var Dareios 1 konge i Persia. Men i Daniel.9 ser det ut til at dei 70 åra har vorte til 70 veker. I kommentarane i NB94 vert ei veke rekna for å vere 7 år, så 70 veker blir altså 490 år og 490 f.Kr Dette blir uansett ikkje nøyaktig. Etter dette blir 70 år til ti veker. Ei slik tolking finn vi ikkje i kommentarane i BS79/85.

Vi må hugse på at 7-talet refererer til at Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk. Først vert det sagt at 70 år er fastsett til dess skulda vert utstroken og det kjem ei evig rettferd. Og det er no ved at Kristus sona synda og betalte skulda ved sin død på korset. Hugs også kva han sa om å tilgje 70X7 gangar.

I vers 25 er det tale om at der går ut eit ord om at byen skal byggast opp, så kjem der ein salvevigd fyrste, først etter sju veker og så etter 62 veker. Då måtte det vere to salvevigde kongar, den første var Kyros (Jesaja.45,1) og den andre var Kristus. Det er til saman 69 veker. Kjem den siste veka før dette eller etter dette? Når gjekk det ut eit ord om at byen skulle byggast opp att? Når Gud sa det til Kyros eller når Kyros gav beskjed om det?! Men då var det etter at byen fall, så det hadde allereie gått ei veke altså.

I vers 27 er det snakk om ein konge som kjem på styggedoms vingar og som herjar. I BS79/85 er det vist til Daniel.11,3&12,11, Matt.24,15 og Heb.8,6. Daniel.11,3 er ein profeti om Antiokus 4. Epifanes. At han kom på styggedoms vingar betyr då at han kom med avgudsdyrking, han hadde ikkje si støtte i folket, men tok makta med list, svik, attentat og mord. Daniel.12,11 er ein profeti om Romar-tida etter Kristus. I vers 7 møter vi formuleringa «ei tid, tider og ei halv tid», det svarer tydelegvis til vekene i Daniel.9,25-27. Men så vert det snakk om dagar.

Mannen som talar til Daniel i kapittel 10-12 er Kristus.

I NB79/85 sin kommentar til Daniel.10 vert mannen som tala til Daniel kalla engel, men dette er då Kristus.

Daniel 10,15 Medan han tala slik til meg, bøygde eg andletet mot jorda, mållaus. 16 Ein som var lik eit menneske, rørte då ved leppene mine. Då opna eg munnen og tala, eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet gav meg slike krampar at all mi kraft er borte. 17 Korleis skulle tenaren til herren min kunna tala med ein herre som deg? Kreftene tek slutt, og det er ikkje livspust i meg lenger.»
    18 Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.»

Samanlikn med Johannes Openberring 1,12….

I Daniel.12 blir det snakk om dagar og år.

I Daniel.8,17… & 9,21…. er det engelen Gabriel som talar til Daniel. I Daniel.10-12 er det ein mann som talar til han, i NB94 sin kommentar til kapittel 9 er han kalla engel, men han likna eit menneske (vers 16) og eg er overtyda om at dette er Kristus. Samanlikn med korleis han openberra seg for Johannes i Op.1. Eg tenker meg at dei to andre (Daniel.12,5) var Moses og Elia (Matt.17,1-13). Den eine spør kor lenge dette skal vare. Her blir det snakk om dagar og år.

Daniel.12,7 Mannen som var kledd i lin, og som var over vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Han som lever evig: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta til det heilage folket er heilt knust, skal alt dette ta slutt.»  8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er slutten på dette?»  9 Han svara: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera gøymde og forsegla til endetida. 10 Mange skal bli reinsa, lutra og vaska reine. Men dei urettferdige skal gjera urett, og ingen av dei skal forstå. Men dei kloke skal forstå. 11 Frå den tid då det daglege offeret blir bortteke og det motbydelege som øydelegg, blir oppsett, skal det gå 1290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar. 13 Og du, gå til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp til din lut når dagane tek ende.»

Desse tala er ikkje delelege med 7. Differansen mellom dei er 45, 7 gangar 7 er 49, nei det ser ikkje ut til at dette har noko med veker å gjere. «Sæl er den som ventar og når fram til 1335 dagar». Det er vel ved å jage mot det fullkomne og vente på Jesu gjenkomst (Fil.3,12-14). 7-talet refererer til at Gud kvite den sjuande dagen etter alt sitt verk, derfor skal vi halde kviledagen heilag. 70 veker skulle vel då bety 70 arbeidsveker som enda med ein kviledag, inntil den endelege kvila på grunnlag av det fullførde frelseverket.

I Daniel.8,14 er det tale om 2300 kveldar og morgonar (Jfr. Skapingssoga, det er 328 veker og fire dagar) til dess heilagdomen skal koma til sin rett igjen. Her går det lengre tilbake i tid altså og det er då tydeleg at det her er tale om Antiokus 4. Epifanes, Daniel 12 handlar då om Romartida.

I Johannes Openberring er det tale om 42 månadar, tre og eit halvt år altså. Og 1260 dagar, tre år er 1095 dagar, 165 dagar til altså, eit halvt år er 182,5 dagar.

Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!  2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.  3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 

Kongsmakt og englemakt som det er profetert om i Daniel.10-12.

Mannen som tala med Daniel i kapittel 10-12 var då tydelegvis konge. Fyrsten over Persia gjorde motstand mot han, men Mikal hjelpte han i kampen mot fyrsten i Persia og no mått han fare tilbake i striden. Deretter skulle fyrsten over Grekarlandet koma. Der finst ikkje nokon annan enn Mikael som med styrke står med han mot desse (Daniel.10,13-20). Det er tydelegvis ein konge som skal stå fram i Romartida, også i den «forlenga Romartida» heilt fram i endetida. Ja, for det er også ei englemakt.

Daniel.12,1 På den tid skal Mikael,
        den store fyrsten, stiga fram,
        han som vernar dine landsmenn.
        Det skal koma ei trengselstid
        som det ikkje har vore maken til
        heilt sidan folkeslag vart til.
        Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
        alle som er oppskrivne i boka.
     2 Og mange av dei som søv i molda,
        skal vakna opp,
        somme til evig liv,
        andre til skam og evig avsky.
     3 Då skal dei vituge skina
        som himmelkvelven skin;
        og dei som har ført dei mange til rettferd,
        skal skina som stjernene, evig og alltid.

Så «stjerne» vert brukt som symbol på dei som er vituge, dei som er reinsa og helga ved Guds Ord og Guds Ande. Det som er sagt om det vesle hornet i Daniel.8, høver med det som er sagt om Draken i Op.13.

Daniel.8,8 Bukken fekk svært stor makt. Men då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire veldige horn i staden, mot dei fire himmelretningane.  9 Frå eitt av horna skaut det fram eit mindre horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det herlege landet. 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned. 11 Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.
    13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret, den øydeleggjande synda og om at både heilagdomen og hæren skal gjevast over til nedtrakking?» 14 Han svara meg: «I 2300 kveldar og morgonar. Så skal heilagdomen få att sin rett.»

Johannes Openberring 12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.  2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
     3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.  4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.  5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.  6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
     7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.  9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
    13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Det vesle hornet i Dan.8, «den Lovlause» og Draken.

Det som er sagt om det vesle hornet i Dan.8 høver med det som er sagt om «den Lovlause» i 2.Tess.2. og det som er sagt om Draken i Johannes Openberring 12.

Dan.8, 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av hæren og nokre av stjernene ned på jorda og trakka dei ned. 11 Ja, det voks heilt opp til fyrsten for hæren. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Hornet fekk makt til å gjera opprør mot det daglege offeret. Det kasta sanninga til jorda og lukkast i alt det gjorde.

Dan.8, 25 Fordi han er kløktig, skal han lukkast med sitt svik. Han skal vera stor i eigne tankar, og med lett hjarte skal han utsletta mange. Han skal reisa seg mot fyrsten over fyrstane og bli knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Synet om kveldar og morgonar, det som her er fortalt, er sant. Men du skal halda synet skjult, for det gjeld ei fjern framtid.»

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:  2 Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.  4 Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk?  6 Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.  7 Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen.  8 Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.  9 Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna. 12 Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Den vonde kongen i Dan.11 sette opp teltet sitt mellom det heilage fjellet og havet.

Dan.11. 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det herlege, heilage fjellet. Men han går mot undergangen, og ingen hjelper han.

Og draken i Op.12 vart ståande på stranda ved havet.

Joh.Op.12, 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

I følgje den antikke mytologien sprang gudane ut av eit opphavleg kaos og etter ein gude-strid vart dei herskarar på kvar sine område. Zevs var den mektigaste. Thyphon regjerte der nede under sivilisasjonen og fastlandet.

Antiokus 4. Epifanes og antikk mytologi.

Den vonde kongen i Dan.11 æra borgguden, ein gud som fedrane ikkje kjende.

Dan.11, 36 Kongen skal fara fram som han vil, opphøgja seg og gjera seg større enn alle gudar. Mot Gud over gudane talar han uhøyrde ord. Han har lukka med seg heilt til vreiden tek slutt. For det som er fastsett, må skje. 37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar, heller ikkje om guden som kvinnene elskar, eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. 38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. 39 Han går mot dei sterke festningane med hjelp frå ein framand gud. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og deler ut jord som løn.

 Og Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs. Etter dette ser det ut til at Darken i Johannes Openberring 12 er Zevs. Kva betydning hadde han i gresk mytologi?

Sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Typhon :

«Typhon attempted to overthrow Zeus for the supremacy of the cosmos. The two fought a cataclysmic battle, which Zeus finally won with the aid of his thunderbolts. Defeated, Typhon was cast into Tartarus, or buried underneath Mount Etna, or in later accounts, the island of Ischia.

Typhon mythology is part of the Greek succession myth, which explained how Zeus came to rule the gods. Typhon’s story is also connected with that of Python (the serpent killed by Apollo), and both stories probably derived from several Near Eastern antecedents. Typhon was (from c. 500 BC) also identified with the Egyptian god of destruction Set. In later accounts, Typhon was often confused with the Giants.

According to Hesiod, Typhon was “terrible, outrageous and lawless”,[13] immensely powerful, and on his shoulders were one hundred snake heads, that emitted fire and every kind of noise:

Strength was with his hands in all that he did and the feet of the strong god were untiring. From his shoulders grew a hundred heads of a snake, a fearful dragon, with dark, flickering tongues, and from under the brows of his eyes in his marvelous heads flashed fire, and fire burned from his heads as he glared. And there were voices in all his dreadful heads which uttered every kind of sound unspeakable; for at one time they made sounds such that the gods understood, but at another, the noise of a bull bellowing aloud in proud ungovernable fury; and at another, the sound of a lion, relentless of heart; and at another, sounds like whelps, wonderful to hear; and again, at another, he would hiss, so that the high mountains re-echoed.»

Som reaksjon mot demokratiet i Aten fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Men korleis kunne ein av dei gudane som sprang ut av kaos få så stor makt? Det verkar då mest som ein ny gud for grekarane også.

Det var nok inspirert trua på Israels Gud, så det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Men han var då ikkje slik. Så jødane kunne ikkje gå med på å dyrke denne guden og gjorde opprør mot Antiokus 4. Epifanes. Då gjorde dei avtale med Romarriket. Dette står det skrive om i 1.Maccabearbok.

Men sidan Draken hadde sju hovud, likna det mest på Typhon.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: