Skip to content

Splitt- og hersk-metode for å få makt. Men i Jesu kyrkje skal vi vere eitt i trua på han.

Biletet er eit forslag til monument over terroraksjonen i Oslo og på Utøya i 2011. Det symboliserer ein djuptgåande splitt- og hersk-politikk i det norske samfunnet. Men kven er det som fører ein slik politikk?

Innleiing.

Romarriket favoriserte vennlegsinna statar og det har vorte kalla «splitt- og hersk-politikk». Men ved keisardyrkinga vart det splitt- og hersk-politikk innad i folka. Det slo igjennom også i Israel ved hendrettinga av Kristus, det vart openberra som eit justismord og slik vart den systematiske uretten avslørt. Men Jesus var Guds lam som bar verda si synd og slik løyste han dette fundamentale sosiale problemet. På evangeliets grunnvoll får vi komme inn i samfunn med Gud og slik får vi samfunn med kvarandre. Vi skal vere eitt i trua på Kristus, i det vi veks opp til han som er hovudet for si kyrkje.

Det er tydeleg at vi finn igjen liknande motstridande interesser i den norske valkampen. Men Kristus har sett meg på klippen og eg skal prise han og opphøgje han for det og så skal eg forkynne den glade bodskapen til dei som treng evig frelse og frigjering frå all synd.

Fyrst kjem noko eg har skrive på internett/facebook. Så kjem noko nytt.

Aktuell sak: Listhaug vart invitert til Sverige for å studere ei sak og samtale med ein svensk minister, men det vart berre eit usakleg mediabråk.

Huitfeldt: – Erna må si unnskyld til svenskene

Svenske topp-politikere reagerer etter Sylvi Listhaugs svenskebesøk. Flaut, mener Anniken Huitfeldt (Ap). Men Erna Solberg mener hun har et godt forhold til svenskene.

https://www.dagbladet.no/nyheter/huitfeldt—erna-ma-si-unnskyld-til-svenskene/68647446

Det er utruleg rart at det går an å invitere nokon, endå til så høgtideleg og så ikkje møte opp. Ikkje nok med det, men endåtil krevje at den andre skal be om tilgjeving for at ho møtte opp som avtalt.

Ho har visst trakka heilage kyr på klauvene. Derfor krev dei at ho skal be om tilgjeving for slik ei helligbrøde.

Dei sporar av frå evangelisk kristendom og med sin moralfilosofi vert dei som heilage kyr. Dernest vik dei unna frå ei sakleg politisk samtale.

I India er det heilage kyr og muslimane likar ikkje slik gammal overtru. Og dei har ikkje mykje til overs for skandinaviske variantar av heilag kyr heller, likevel prøver dei å fine seg inn med muslimane, ved å sleike imamane oppetter ryggen.

Gro refser Erna for Listhaugs Sverige-besøk

Den tidligere Ap-statsministeren er ikke nådig overfor sin etterfølger fra Høyre:  – Jeg er forbauset over at hun sitter stille i båten mens alt dette skjer rundt henne.

ABCNYHETER.NO

Torbjørn Sivertstøl Fucking animal. Inviterer Listhaug på besøk, møter ikkje opp og sjølv og krev endåtil at ho skal be om tilgjeving for at ho heldt seg til avtala og møtte opp. Dyrisk lavtståande, politisk sekt som ikkje er i stand til å møte som avtalt og tale med folk på ein vitug og forstandig måte. Ikkje rart at folk får politikarforakt. Men held Listhaug fram i same stilen, så kanskje endåtil eg finn på å stemme igjen. Det er faktisk nesten 30 år sidan sist.

Men det er mange som har ei heilt anna vurdering:

http://www.nettavisen.no/nyheter/innenriks/–bare-a-gratulere-listhaug-med-valgkampens-mest-vellykkede-borteseier/3423368224.html

http://www.gp.se/ledare/heléne-fritzon-borde-be-om-ursäkt-1.4583281

Kven fører splitt- og hersk-politikk?

Media-styret etter Listhaugs Sverige-besøk viser litt av konsekvensane av at Arbeidarpartiet har vorte meir som eit konsulentparti som driv politikk over hovudet på arbeidarane. Korleis har det gått til? Jau, det kjem som resultat av at kvinnerørsla har protestert mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna og slik skulle Kristus vere hovudet for kyrkja som er hans brud. Resultatet er at vanlege menn, vanlege arbeidarar vert utstøytte. Folkets røyst vert ikkje lenger tilstrekkeleg høyrd.

https://steigan.no/2016/11/03/pr-fest-hos-konsulentpartiet/

https://steigan.no/2014/01/19/det-norske-kartellpartiet/

https://www.youtube.com/watch?v=m5lfQGipBBU&t=1156s

Slik har dei mista kontakta med grasrota. Her vart dei utfordra av interessa av å sjå på dei reelle problema. Då vart det spetakkel. Dei går til åtak på sjølve den demokratisk prosessen, i staden for å tale om den politiske saka og dei reelle problema. Dei moraliserer og det utartar seg som personangrep. Støre påstår her at Listhaug driv med splitt og hersk politikk.

https://www.dagbladet.no/nyheter/store-ut-mot-frp-og-sylvi-listhaug—jeg-har-sett-hva-slike-krefter-gjor-med-et-land/68643860

Sitat:

Erna Solberg er den eneste konservative lederen som har tatt et ytterparti på høyresiden inn i regjering. Ytre høyre og høyrepopulismen sår splid og setter folk opp mot hverandre. Det er folk i hennes regjering som oppfordrer folk til å angi andre og sier flyktninger bæres hit på gullstol. 

Det er tydelig at det har skjedd noe med Høyre de siste årene. At Høyre skulle la en ting som dette passere, med så tydelig splitt-og-hersk-retorikk fra Sylvi Listhaug, det hadde overrasket oss alle for fire år siden. Jeg mener dette er uansvarlig av regjering, og jeg mener en statsminister aldri burde latt dette skje, sier Støre.

Solberg har brukt store deler av debattdagen til å svare for regjeringskollega Sylvi Listhaugs besøk til Rinkeby.

Så Solberg fekk i oppgåve å forsvare den vanlege demokratiske prosessen, for der er nokon som kritiserer den og går til åtak på den. Og her ser vi at den kritikken og det åtaket er temmeleg fundamentalistisk, som om stemmerett og partipolitikk er einstydande med «splitt og hersk-politikk». Dette til erstatning for å diskutere dei reelle problema, det saka eigentleg gjaldt.

Det gamle Romarriket dreiv ein «splitt- og hersk- politikk» ved at dei favoriserte små-statar som fina seg inn med dei, så dette gjev uttrykket innhald. Men når Romarriket vart eit keisarriket, vart keisaren øvste leiar for den gamle religionen og skulle dyrkast som ein gud. Så han prøvde å blåse live i den gamel religionen, så dei som levde umoralsk vart jaga frå Italia. Slik  fungerte no splitt- og hersk-politikken innad i folket også. Dette kan vi sjå i samanheng med det som skjedde i Israel etter at Antiokus 4 Epifanes hadde prøvt å tvinge jødane til å dyrke Zevs.

Jødane si Gudsdyrking var faktisk opphavleg meir human enn dette. Trusselen om hendretting eller utstøyting låg der. Men øvstepresten skulle slakte og ofre ein bukk som syndeoffer og ein annan skulle han jage ut i øydemarka, så dei var syndebukkar på to ulike måtar. Og vi forstår vel at dei fungere som symbol på menneske og som erstatning for menneske, som erstatning for at nokon skulle verte hendretta eller bannlyst og jaga ut or landet.

Men Antiokus 4. Epifanes drap den jødiske øvstepresten og sette inn sin eigen øvsteprest i staden.

Ein prestefamilie leia jødane til mottåtak og klarde å drive fienden ut av landet sitt. Jødar som hadde falle ifrå jødedomen vart drivne frå landet. Ja, om dei  ville komme attende, kunne dei vere så svikeriske at det var risikabelt å inkludere dei att. For Antiokus si metode var utspekulert svik.

No vart øvstepresten konge også, med etter lova skulle dette vere to klart fråskilde funksjonar. No fungerte ikkje øvstepresten lenger slik som han skulle. Det vart tydeleg, når øvstepresten leia folket til å støyte frå seg Kristus og hendrette han, og sidan til å støyte frå seg dei kristne, forfølge dei og krevje at dei skulle hendrettast. Synda skilde menneska frå Gud. Men desse to syndebukkane var begge symbol på det som skulle komme, at Kristus var Guds Lam som bar verda si synd, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle.

På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud. Det er den glade og frigjerande bodskapen både til den einskilde og til folkeslaga. Samhaldet i Jesu kyrkje er verdsomfattande. Men det skal ikkje føre til oppløysing av samhaldet i slekta og folket, men tvert om styrke det. Og slik gjev det eit godt grunnlag for utvikling av nasjonal identitet og sjølvstende. Gud høyrer bøna til den einskilde og til dei som saman søker han i Jesu kyrkjelyd og slik vert folkets røyst høyrd.

Kva «slike krefter» gjer med eit land? Kva trua på Kristus resulterer i!

Sitat frå artikkelen

Jeg har reist som utenriksminister og da jeg jobbet i Røde Kors. Jeg har sett hva slike krefter gjør med et land. Men jeg tror ikke Erna Solberg ser det. Norge er blitt mindre råere og mindre raust under Solberg, la han til.

Min Facebook-kommentar på Frp´s venneside:

Støre påstår at Sylvi fører ein splitt og hersk politikk. https://www.dagbladet.no/…/store-ut-mot-frp-og…/68643860. Det refererer til Romarrikets favorisering av vennlegsinna småstatar, men ved keisardyrkinga vart det splitt- og hersk-politikk innad i Italia og småstatane på grunn av avgudsdyrkinga og avguddyrkinga. Men det er nettopp dette evangelisk kristendom er løysinga på. Og er det ikkje Ap som driv splitt og hersk ved at dei ikkje godtek den vanlege demokratiske prosessen som Høgre og Frp følgjer? Han seier han har sett kva slik splitt og hersk politikk fører til. Då er det nærliggande å tenke på terroraksjonen 22.7.2011. Men var det ikkje nokon som påstod at foreldra til Anders Behring Breivik var aktive Ap-folk. Kan nokon stadfeste det? Då tyder det på at det var mest resultat av Ap sin splitt og hersk politikk. Det er ikkje vanskeleg å forstå at unge menn føler seg utstøtte derifrå. Men kva så?

I filosofihistoria vart det spurt om korleis eit menneske kunne vere både frigjort, autonomt, sjølvstendig (liberalt) og sosialt. Og det vart ikkje gitt noko godt svar på det. Men vi har allereie eit godt svar i den evangeliske kristendomen, Sanninga set oss fri. På evangeliets grunnvoll kjem vi inn i samfunn med Gud og slik har vi samfunn med kvarandre i Jesu kyrkje.

Og eg går på «halleluja-møter» og etter denne terroraksjonen bad vi for dei pårørande, styresmaktene og landet og fekk svar gjennom tyding av tungetale:

«Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande». 

Det gjev meg ei forståing av at når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så kjem han meg i møte med si omsorgsfullheit, så får det konsekvensar i verda og i det politiske livet. Han er rik nok til å gjere noko nytt for sine born, heile tida. Men kva er det nye han vil gjere i midten? Eg tenkte på sentrumspartia, Arbeidarpartiet og maktens sentrum. Men det vesentleg for meg er å halde fram med å søke samfunn med han i kyrkjelyden, så eg får oppleve at han kjem meg i møte med si omsorg og han har sagt eg skal la han ta omsorg for sine born og sine henders verk.

20.8.2017 sa han at dette er i sanning ei ny tid og 27.8.2017. sa han:

Ja, eg har lagt æva ned i ditt hjerte. Det var eg som tok deg ved handa. Det var eg som drog deg opp, og sette dine føter på ein klippe. Derfor skal du prise meg og opphøgje meg. Og du skal søke meg i denne tida, for eg skal bruke deg. For du skal vere eit vitne i den tida vi har framfor oss, for eg har kalla deg til å forkynne evangeliet, for dei som treng evig frelse og dei som treng å verte fri frå all synd. 

Dette ligg på tsivert.com .

Vi er fullstendig klar over at vi får motstand. Det utartar seg på to måtar. For det første kan det utarte seg som at folk er så trygge og godt fornøgde med korleis dei har det at dei føler dei treng ikkje det nye. Materiell velstand er vel og bra, men det er verre at dei med sin moral- og politiske-filosofi kjenner seg så vellukka med seg sjølve at dei avviser det nye som Gud gjer i Kristus. Er det det som viser seg ved at Ap og Krf no trekker inn gamle politikarar i valkampen?

Dernest utartar seg slik at dei forkastar Guds Son og så prøver dei å presentere noko anna og framstiller det som det nye i staden. Då blir det som falske profetar. det har vorte tydeleg i «Oslo pride».

———   Så langt Facebook   ———

Her får eg dokumentert litt meir om A. B. Breivik, https://en.wikipedia.org/wiki/Anders_Behring_Breivik :

One psychologist in one of the reports made a note of the boy’s peculiar smile, suggesting it was not anchored in his emotions but was rather a deliberate response to his environment.[42] In another report by psychologists from Norway’s centre for child and youth psychiatry (SSBU) concerns were raised about how his mother treated him: “She ‘sexualised’ the young Breivik, hit him, and frequently told him that she wished that he were dead.” In the report Wenche Behring is described as “a woman with an extremely difficult upbringing, borderline personality structure and an all-encompassing if only partially visible depression” who “projects her primitive aggressive and sexual fantasies onto him [Breivik]”. The psychologist who wrote the report was later forbidden from giving evidence in court by Behring, who herself was excused from testifying on health grounds.[43]

Since adolescence, Breivik had spent much time on weight training, and started using anabolic steroids. He cared a lot about his own looks and about appearing big and strong.[53] Breivik has criticised his parents for supporting the policies of the Norwegian Labour Party and his mother for being, in his opinion, a moderate feminist.

———————

Når Støre påstår Sylvi driv «splitt- og hersk-politikk» er det som dei leitar etter flisa i hennar auge og krev ho skal be om tilgjeving for noko, men då er et er på tide dei ser bjelken i sitt eige auge og byrjar å be om tilgjeving. er det som å leite etter flisa i sin brors auge, men bjelken i ditt eige auge, ser du ikkje. For det er då sosialistane og sosialdemokratane som med si såkalla kvinnefrigjering har drive ein djuptgåande «splitt- og hersk-politikk» innad i folket med oppløysing av familien.

Anders Behring Breivik har vorte fordømd i massemedia, men Arbeidarpartiet har først og fremst seg sjølv å takke for det, på grunn av deira eigen splitt- og hersk-politikk.

Etter Orlando-massakeren gjekk folk ut i gatene og demonstrerte for avspora seksualitet.

https://no.wikipedia.org/wiki/Terrorangrepet_i_Orlando_12._juni_2016

https://www.aftenposten.no/verden/i/pQQ4X/Vitner-Mannen-bak-Orlando-massakren-sjekket-opp-andre-menn

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/orlando-massakren/hareide-viser-homostoette-under-oslo-pride-viktig-for-meg-aa-vaere-her/a/23722776/

Ein forkynnar nemnde dette i slutten av eit møte i Maranata og der kom ein bodskap gjennom tyding av tungetale som svar:

Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar  og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.

De har forkasta Guds Son, derfor truga han med å straffe dykk. Og det høyrdest ut som trusselen var ein liknande massaker og det var endåtil rettmessig, for det var då den rettfedige og allmektige Gud som truga med det. Det vitnar om at dømmekrafta og rettferda dykkar ligg på eit så lavt nivå at de fortener å falle for handa til snikmordarar.

Så eg skulle altså be Gud halde sin vreide tilbake og samanlikna det med korleis Abraham bad for Sodoma, det gjorde han på den måten at han spurde Herren om ikkje der var nokre få vituge i byen, kva med dei, ville han ikkje redde byen for deira skuld? Han våga seg til å diskutere saka med Gud og til samanlikning har eg diskutert og skrive det ned og gjort det tilgjengeleg på heimesida mi, eg skreiv til dømes ein lang kommentar til dette møtet:

https://tsivert.com/2016/07/20/frelse-i-jesu-namn/

Eg gjentek ikkje det her, eg forkynner berre det sanne evangeliet, så vert det klart kva som er falskt.

Den glade og frigjerande bodskapen.

Eg trudde på Jesus og kjendest ved han. Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting.

Kristus er sanninga som set oss fri. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Ved trua på Kristus vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han er Guds Ord, så eg talte Gud ord. Og det fortel oss at Gud skapte menneska slik som i 1.Mos.2. Han skaper oss i Kristus og då gjer han framleis sitt verk i samsvar med 1.Mos.2, så det er sjølve hendsikta med vekkinga.

https://tsivert.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/

Jesus sa til meg at eg skulle søke han og kle meg i Guds fulle rustning. Så skulle eg vitne om han. Han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

https://tsivert.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/

JOH 16,7 – JOH 16,11 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Det er ein glade bodskap både til den einskilde og til folkeslaga. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Slik skaper han oss også som folk og slik er evageliet eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og sjølvstende.

https://bluehost944.com/2017/09/01/kristne-verdiar-og-kyrkja-sin-identitet-nasjonale-verdiar-og-nasjonal-identitet-norske-verdiar-og-norsk-identitet/

Heilag kvardag.

Så kva er det nye Gud vil gjere i midten? Det var då Venstre som leia folket til nasjonal frigjering og sjølvstende. Men Venstre har med si kvinnefrigjering fjerna seg få dette. Når eg var ung, stemte eg på Venstre. Men den såkalla kvinnefrigjeringa har øydelagt både Venstre og resten av det politiske livet i Noreg, så eg har ikkje stemt på nesten 30 år.

I vår var eg på eit arrangement som heitte «Hellig Hverdag» på Gardemoen. Det handla om det oppdraget Gud gav menneska, at dei skulle dyrke og verne Guds hage, sidan vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, er det framleis vår oppgåve, altså i kvardagen, i arbeidslivet. Og her vart det lagt vekt på inovasjon. Det vart referert til Hans Nilsen Hauge, som eksempel. Han var predikant og grynder og hans virke fekk store positive konsekvensar for Noreg, både økonomisk, åndeleg og politisk ved den nasjonale frigjeringa. Frank Årebråt, professor i samanliknande politikk i Bergen, skulle halde foredrag om slik gründerverksemd seinare, rimeleg vis også hans gründerverksemd. Men han heldt foredrag om reformasjonen i det politiske spelet som førde fram til nasjonal frigjering i Noreg og om innflytelsen frå dei franske, liberale filosofane. Det var interessant. Men først på overtid byrja han å snakke om tida etter dette og etter Hans Nilsen Hauge. Og då snakka han om kvinnefrigjering.

Vi veit at prestane kravde monopol på å forkynne Guds Ord i kyrkja og elles i samfunnet og derfor prøvde dei å sette ein stoppar for verksemda hans. Så han vart fengsla, men når han kom ut att, heldt han fram med verksemda si. Og korleis har kvinnefrigjeringa stilt seg til slike menn i vår moderne tid. Den har gått ut på at kvinna skal frigjere seg frå slike menn, både lekmannspredikantar og grundarar, menn som prøver å starte og drive si eiga bedrift. Slik står sosialiseringa i motsetnad til det private initiativ, mannens privte initiativ, så det ikkje blir noko av ekteskap, familieliv, kyrkjelydsoppbygging, familiebedrifter, endåtil som berre det å drive ein gard ut i distrikta. Heilt vanleg og naturleg samfunnsoppbygging som vi har drive med i generasjonar lenge før 1814.

https://bluehost944.com/2017/05/09/heilag-kvardag/

Hegeliansk dialektikk som utartar seg som «viss-vas», utan verdi, verken for tid eller æve.

Men den såkalla kvinnefrigjeringa har vore å protestere mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna, det skulle dei «frigjere» seg ifrå. Så eg vart utestengde og fekk ikkje seie meir. Slik vert mange andre norske menn også utestengde. Og den såkalla likestillinga er ein hegeliansk dialog mellom herre og knekt. Der Gud og einskildmenneske har lite og inga betydning. Slik vert einskilde norske menn stengde ute. Så dialogen dei har føre seg er viss-vas som ikkje har noko med saka å gjere, ikkje har noko med realitetane å gjere. Opphavleg hadde det med Gud å gjere, men dei har vendt seg til avgudar i staden.

Slik har dei drive med «viss-vas» i 40 år, det er som om administrasjonen fullstendig har erstatta saka, ei tankemessig overbygning der underbygning der underbygninga manglar. Dei lagar kultur og underholdning til erstatning for realitetane. Det er ikkje lenger den einskilde si sak som betyr noko, men administrasjonen si interesse av å male si eiga kake.

Og vi finn igjen noko liknande elles i samfunnet også, ved at administrasjonen vert stor og kostbar. Skjemaveldet har vorte ei stor belastning for bedriftene, spesielt for små foretak, det er tidkrevande for lækjarar, så dei får ikkje behandle så mange pasientar. «Obama-care» fekk eit digert regelverk som gjorde at det trongst ein stor og kostbar administrasjon.

Og kva med overnasjonaliteten i EU. Kva kostar den og korleis verkar den?

I valkampen ser det ut til at Arbeidarpartiet refererer til ein overnasjonalitet som skal overstyre den noverande valde regjeringa. I staden for å diskutere den reelle saka, kritiserer dei at nokon i det heile teke sa noko om det, så det vert den politiske saka til erstatning for den reelle saka. dermed ber det allereie preg av å vere ein overordna administrajson. Og kor mykje tid og krefter og pengar skal vi bruke på slik underhaldning/administrasjon, i staden for å vere realpolitikarar som prøver å løyse den reelle saka?

Ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Samhaldet i kyrkja og kristne organisasjonar er verdifullt for folket. Og det er saman med det naturlege samhaldet i folket verdifullt for samfunnet, for nasjonen.

Men Arbeidarpartiet og kvinnerørsla har med si såkalla kvinnefrigjering drive ein slik djuptpløgjande  splitt- og hersk-politikk innad i det norske folk og inn i kyrkje og kristne organsisasjonar. Her er ein artikkel som viser at det er hendsikta med invandring og fleirkulturalisme er å løyse opp samhaldet både i folket og mellom dei kristne:

http://spikerscorner.blogspot.no/2017/06/stortingsmelding-nr-74-av-1979-var-en.html?view=flipcard

Proteksjonisme mot dette, for å bevare samhaldet, vert diagnostisert som sjukt. Men det er tvert om splitt- og herk-politikken som er årsak til synd og sjukdom og som er årsak til problema i samfunnet.

Arbeidarpartifolk har samanlikna Listhaug med Goebbels. Men her er ein artikkel som viser at Gro har brukt KGB-metoder:

https://norgesavisen.no/synnove-fjellbakk-tafto-tidligere-jurist-og-ambassador-for-norge-politisk-fange-i-norge-siden-1992/

Eg har skrive om kva betydning rasjonaliteten har for vår kunnskap, også for forskinga. Det har å gjere med vår subjektive innstilling, så det kan samanliknast med dei ulike livsformene. Etter syndefallet sette Gud fiendskap mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Når Jesus døde på korset, sigra han over ormen og det er dette vi må vite å nytte oss av, for ved den sigeren sigrar kvinna si ætt over ormen si ætt. Så for oss er det om å gjere å bruke språksansen ved å ta imot Ordet i tru, tru på Jesus og kjennast ved han, stå fram og tale fritt og openlyst for alle og kven som helst. Så det er vår metode. For ormen si ætt er det om å gjere å unngå dette, bruke andre metoder. Tradisjonelt er det baktale og lygn, legge feller for å fange folk, for å få makta over dei, som fuglefangaren spenner ut nettet for å fange fuglar, grave fallgrave og legge seg i bakhald. Men slike metoder skal vi legge bak oss.

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Jesus kallar og vel ut kven han vil og utrustar dei til å forkynne den glade bodskapen. Då viser det seg at der er nokre som tek imot i tru, medan andre ikkje gjer det. Men når prestane ville forby det, avslørte dei si si vantru og dermed at deira maktposisjon i kyrkja var urettmessig, nokon hadde tilsnike seg makt urettmessig. Korleis då? Ved andre metoder, ved vondskap, svik, lygn og baktale. Med deira monopol på å tale Guds Ord øydela dei den naturlege kommunikasjonen i samfunnet med ein splitt- og hersk-politikk. Med ein slik djupt-gripande splitt- og hersk-politikk vert identiteten til folket borte og det vert oppløyst. Samfunnet, kulturen og nasjonen går til grunne.

Der er ein propaganda med skuldingar mot den norske mann og kvinne, mot folket: rasistar, fasistar, nasistar, kommunistar, og kva meir? Det har med vår identitet fom menneske og som folk å gjere, kva er du for noko? Og det har med vår nasjonale identitet å gjere. Men alt dette ligg i rasjonaliteten, i metoden, og det ligg allreie i stortingsmelding 74, slik er det eit bestillingverk. Og resultatet viser seg i ”Oslo Pride”, det er resultatet av fiendskapen mot vår identitet som folk og nasjon, det er ormen som strir mot menneskesjela, ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Men vi skal vinne over ormen ved å vitne om Jesus.

ÅPE 12,9 – ÅPE 12,12 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: “Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.”

https://bluehost944.com/2017/07/31/kristendomens-metode-og-vitskapens-metode-kva-med-demokratiet/

Lovprise Jesus for frelsa.

Jesus sa at vi skulle tru på han, vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Den Heilage Ande skal føre oss fram til heile sanninga. Vi skal tru på han og elske han, så vil han komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen vil komme til oss og ta bustad hos oss. (Joh.6&14).

Jesus sa til meg at eg skulle glede meg i Herren, så ville han gje meg det mitt hjarte attrår, bodskapen 12.10.2014:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

JOH 3,14 – JOH 3,17 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

JOH 12,32 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.”  [opplyft: -> 3, 14.]

Faderen har openberra si frelse for oss i Kristus og det er ved fylden av den Heilage Ande. Eg bad han gje meg ei frelst kvinne til kone, så når eg vart glad i ei jente, bad eg for henne og han openberra henne for meg som sitt barn som han elska og hadde omsorg for  og som ei jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det skjedde først med henne Virtuella. Og eg tenkte at om eg skulle få henne til kone, så verka det for godt til å vere sant. Men eg måtte berre halde fram med å tru på Jesus. Men så har tydelegvis diverse prestar og politikarar sikra seg fyrsteretten til å snakke med henne, så eg ikkje skulle få snakke meir med henne i det heile teke. Men då vart ho for dum til å vere sann. Slik er eg prinsipielt glad i norske jenter, men desverre med kjærleikssorg. Og det trur eg mange andre norske menn kjenner seg igjen i.

Men Gud gav oss ikkje missmods ånd, men den ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom (sindighet). Og eg opplevde ei slik openberring når eg bad for henne ”Miss Oslo 1990” også. I begge tilfelle openberra Gud si frelse for oss i Kristus og det skal eg takke han for. Det han gjer er godt og det er berre å la han fullføra det.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
Eg påkalla han som min frelsar og Herre og bad han frelse menenska og gje meg ei frelst kvinne til kone. Den bøna er det han svarar meg på og overtyder meg og oss ved sitt Ord (1.Mos.2) og sin Ande.

Så når eg talar om det verket Gud gjer og takkar han for det, så har eg det for det første frå Bibelen, Guds Ord. Dernest ved fylden av den Heilage Ande, ved at den openberrar Ordet for meg og fører meg fram til heile Sanninga som er Kristus. Han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, det takkar eg han for og held fram med å søke samfunn med han på evangeliets grunnvoll. Halde fram med å ha hugen vendt til det som er der oppe og verte fylt av den Heilage Ande. Og la han som byrja den gode gjerning i oss fullføra den.

https://bluehost944.com/2017/01/09/gud-vil-at-alle-skal-verte-frelst-og-komme-til-a-erkjenne-sanninga/

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: