Skip to content

Sosial-demokratane og arbeidarrørsla sitt forhold til kyrkja og Israel.

Jødane samlar seg ved klagemuren for å be, det er også ein demonstrasjon. Det verkar som dei møter veggen. Men no er det mange kristne som møter dei og seier at dei er forsona med Israels Gud ved trua på Kristus, så han er deira Gud også. Dersom jødane godtek det, så ligg det an til at dei seier at Israels Gud er den han er, han er den rettmessige Gud for alle folk. Og det skulle vel hjelpe?

Klassekampen var ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket og jødane gjorde vennskapspakt med dei allereie i den gresk-syriske tida. På denne bakgrunn vil eg diskutere arbeidarrørsla og sosialdemokratane sitt forhold til den kristne kyrkja og til Israel.

Historisk og profetisk perspektiv.

Gud ville frigjere jødane frå trældomen under avgudane i Egypt og gi dei sitt eige land.

Gud ville frigjere jødane frå trældomen under avgudane i Egypt, så han gav dei sitt eige land, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk.

2MO 3,2 – 2MO 3,15 Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp. 3 Då tenkte Moses med seg: “Eg vil bort og sjå dette underfulle synet, at klungeren ikkje brenn opp.” 4 Men då Herren såg at han kom bortåt og ville sjå, ropa han ut or klungerrunnen: “Moses, Moses!” Og han svara: “Ja, her er eg.” 5 Då sa Gud: “Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.” 6 Herren sa: “Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.” Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud. 7   Så sa Herren: “Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida. 8 Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane. 9 For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei. 10 Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!” 11   Men Moses sa til Gud: “Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?” 12 “Ja,” svara han, “for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.” 13 Då sa Moses til Gud: “Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?” 14 Då sa Gud til Moses: “Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. Eg Er har sendt meg til dykk.” [Eg Er: Såleis vert det tolka, det hebr. gudsnamnet Jahve, som er ei avleiing av eit hebr. ord for å vera. Til vanleg vert det omsett med Herren.] 15 Så sa Gud til Moses: “Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

Dei skulle ikkje vere trælar for nokon, men dei skulle dyrke jord og sjølve få  nyte den grøda ho gav. Dei skulle ikkje dyrke avgudane og det vari grunnen til deira eige beste, for det var bortkasta, det var som å bruke tid og krefter og pengar på noko som dei ikkje fekk noko igjen for. Der var ikkje ånd i dei, dei talte ikkje og gjore ikkje noko, så det var heilt gagnlaust. Når dei då likevel vende seg til avgudane, let Herren andre folk komme inn i landet deira og hærta det og dei vart endåtil bortførde som slavar.

Trua på Zevs.

I den gresk-syriske tida kravde Antiokus 4. Epifanes at alle i riket han skulle tilbe Zevs. Dette vart ei vanskeleg tid for jødane og dei fekk ein har strid med å frigjere seg frå dette diktaturet. Den diktatoriske ”filosofien” starta som reaksjon mot demokratiet i Aten og mordet på Sokrates var sentral i dette. Han talte om sanninga som vart integrert i han gjennom dialog med andre menneske, men den herskande overklassa kalla han ein opprørar og oppvigla folket mot han. Platon heldt det for å vere eit justismord og argumenterte for diktatur. Likevel viste det seg at diktaturet heldt fram med å kneble sokratiske dialogar forfølgje slike som han.

Jesus sa han var sanninga med ein liknade prosess vart han utstøytt, dømd og hendretta. Men Kristus stod oppatt frå dei døde og han lever.  Men med sin død, sona han vår synd og betalte vår skuld, slik tok han bort det som gjorde oss til slavar, han kjøpte oss fri med sitt eige blod. Så vi skal leve for han i staden. Og det gjer han oss i stand til ved at han gjev oss ånd og liv. Når vi  tek imot han i tru, får vi oppleve at han er sanninga som vert integrert i oss og som set oss fri. Han sende disiplane sine ut i verda med evangeliet og sa dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Men fyrst ville han døype dei med den Heilage Ande og utruste dei til det.

Dei fekk motstand og vart forfølgde og dømde og hendretta med liknande metode som vart brukt mot Sokrates og Kristus. Og vi får framleis motstand på liknande vis. I vår tid viser det seg spesielt i protesten mot at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. For slik vert sanninga integrert i oss og slik set den oss fri. Men dei ville ikkje vite av den sanninga og kalla det frigjering, så deira frigjering er å frigjere seg frå sanninga, men kva er det for slags fridom. Det er å samanlikne med opprøret mot Sokrates og vi veit at det verka til å gjere slutt på demokrati og fridom, så der kom eit reaksjonært diktatur i staden. Der er mange diktatoriske statar der ein slik prosess går så langt at kristne lid martyrdøden for si tru. Og vi må vere klar over at når folk i eit demokratisk land som Norge brukar slike metodar for å få makt, så støttar dei indirekte opp om slike metodar i land der prosessen går så langt at kristne vert hendretta i justismord til samanlikning med mordet på Sokrates. Det støttar opp om  urett som vert gjort for å få diktatorisk makt og slik verkar det til å undergarve vår eigen fridom og demokrati.

I det gamle Makedonia var jorda eigd av eit sterkt aristokrati og av frie bønder. Og det var aristokratiet som var den herskande overklassa med si avgudsdyrking og som reaksjon mot demokratiet i Aten gjorde dei diktaturet hardare ved å gje Zevs større makt, så han vart deira svar på jødane sin allmektige Gud. Men Bibelen kallar han Djevelen (draken). Så dette er ei todeling, ei svart-kvitt-tenking, lys eller mørke, der finst ikkje noko tredje alternativ. Lyset skin i mørket og då er det ikkje alle plassar like lyst, når det er skymt ser vi ikkje mykje fargar, men når det vert lysare, kjem fargane fram.

Det reaksjonære diktaturet vart hardast under Antiokus 4. Epifanes, likevel vart det framstilt som om dette var det nye som hadde framtida for seg. Han metode var korrupsjon, lygn og svik og i jødane sitt land sytte han for at dei som gjekk over til å dyrke Zevs, skulle få jord, så dei skulle eige jorda. I vår tid er jødane i ferd med å komme tilbake til landet sitt. Då får dei motstand, det vert påstått at det er andre sitt land, det er dei som eig jorda. Då gjer vi rett i å sjå det på denne bakgrunn, det handlar om å dyrke den fysiske jorda, det er realiteten, det vert eit spørsmål om kven som eig den, men då vert det også eit spørsmål om kven som er Gud og om å kjenne han.

https://bluehost944.com/2016/07/26/jodane-matte-kjempe-for-sin-fridom-kva-med-oss/

Den gode hyrdingen gjev oss ånd og liv, så vi med vidsyn ser meining med livet.

Gud skapte Adam og planta Edens hage og sette han til å dyrke og verne den. Og han skapte kvinne så ho skulle hjelpe han med det. Det gav dei meining med livet. Men dei fall ut av det og det vart  harde bod for å brødføde seg. Men når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i vår hjerte, får vi atter komme inn til Guds kvile.

HEB 4,1 – HEB 4,13 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:  Så svor eg i min vreide:  Dei skal aldri koma inn til mi kvile!  Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:  I dag, om de høyrer hans røyst,  så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Jesus sa at han er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Det er ein smal veg å gå og ein trong port å gå gjennom.

MTT 7,14 Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

JOH 10,1 – JOH 10,21 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.” 19   No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: “Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?” 21 Andre sa: “Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.”

Det kan nok verke som om dette er trongsyn og i fyrste omgang kan det vel vere at vi må innrømme at det på sett og vis er det, for vi skal sjå på Jesus og det betyr at det er mykje anna vi ikkje skal sjå på, vi skal ikkje bry oss med det. Men Jesus vart løfta opp og når vi opphøgjer han dreg han oss til seg. Då får vi perspektiv på sakene, då får vi vidsyn. Han kjøpte oss til Gud med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han, når vi ser på han og opphøgjer han, ser vi med vidsyn meining med livet.

JOH 3,11 – JOH 3,15 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

JOH 12,32 – JOH 12,33 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.”  [opplyft: -> 3, 14.] 33 Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.

Han er Guds Ord og han er for oss ein suveren rasjonalitet som gjev oss vidsyn.

Den duglause hyrdingen gjæter slaktesauenen for sauehandlarane, så dei vert selde tilbake til trældomen og døden. Det resulterer i trongsyn.

Ormen (Draken) forfører menneska slik som ved syndefallet. Det resulterte i at Adam og Eva såg at dei var nakne, så dei med dårleg samvit gøymde seg for Gud mellom trea i hagen. No hadde dei ikkje vidsynet lenger, men hadde fått trongsyn i staden. Vi kan forstå det som eit røyndomssyn og menneskesyn at dei lever etter lystene sine og det er heile forklaringa, som om det er hovudsaka som gjev dei meining med livet. Noko høgare meining og vidare perspektiv på livet såg dei ikkje, eller dei turde ikkje sjå det, for dei var redde og gøymde seg vekk.

Men Jesus har sona straffa, så no er det berre for oss å ta imot nåden Gud gjev oss i han, tru på han, komme til han og kjennast ved han. Men den Duglause Hyrdingen prøver å erstatte han og disiplane hans.

SKR 11,8 – SKR 11,14 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.  Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: “Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.” 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. 11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord. 12   Eg sa til dei: “Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!” Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: “Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.” Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

Derfor vil han ikkje vite av vår vedkjenning av Kristus og kva han er for oss.

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!}  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.

Hendsikta med å erstatte Kristus er at keisaren skal dyrkast som gud.

Det er trongsyn til samanlikning med anna avgudsdyrking og det heng saman med det trongsynet som menneska fekk som resultat av syndefallet.

Abrahams tru som felles referanse.

Jødedomen, kristendomen og islam har same opphav, i det minste som ein felles referanse.

Abraham er ein sentrale felles referanse, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. I han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsignar han vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanna. For Abrahams Gud er den einaste sanne Gud og den rettmessige Gud for alle menneske, men poenget med å kalle han Abrahams Gud er at vi skal seie at han er den han er og ikkje seie at han er ein annan enn den han er (2.Mos.3,13-15). Den lovnaden som vart gitt til Abraham, får vi oppfyllt på grunnlag av Jesu fullførde frelsesverk, Gud forsona verda med seg i Kristus, så på grunnlag av den forsoninga er Israels Gud vår Gud og på grunnlag av den forsoninga har vi fred med jødane.  Abraham var villig til å ofre Isak til Gud, for han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Han slapp å ofre han, men til samanlikning vart Kristus ofra for vår skuld. Når vi trur at Gud vekte han opp frå dei døde, trur vi liksom Abraham, og ved den trua vert vi erklært rettferdige for Gud. Når vi velsignar han, vert vi velsigna.

HEB 11,17 – HEB 11,19   I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene, 18 og han som det var sagt til: “Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.” 19 Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

1MO 22,1 – 1MO 22,19 {GUD SET ABRAHAM PÅ PRØVE}  Ei tid etter at dette hadde hendt, ville Gud setja Abraham på prøve. Han sa til han: “Abraham!” Og Abraham svara: “Ja, her er eg.” 2 Då sa han: “Ta Isak, einaste son din, som du held så av, og far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella som eg vil syna deg!” [Moria: Namnet vert tolka i v. 14: “Herren ser”. Etter 2 Krøn 3, 1 er dette namnet på tempelberget i Jerusalem.] 3   Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, kløvja eselet sitt og tok med seg to av tenestgutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. 4 Tredje dagen, då Abraham såg seg ikring, fekk han auga på staden langt borte. 5 Då sa Abraham til tenestgutane sine: “Ver de her med eselet! Eg og guten vil gå dit bort og tilbe; og så kjem vi hit til dykk att.” 6 Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to. 7 Då sa Isak til Abraham, far sin: “Du far!” Og han svara: “Ja, guten min.” Isak sa: “Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?” 8 Abraham svara: “Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.” Og så gjekk dei frametter, dei to. 9   Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. 11 Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: “Abraham, Abraham!” Og han svara: “Ja, her er eg.” 12 Då sa engelen: “Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.” 13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden “Herren ser”. Og den dag i dag seier dei: “På fjellet der Herren lèt seg sjå.” 15   Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: “Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.” 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Gud forsona verda med seg i Kristus og vi som har lete oss forsone med han i Kristus, vi kan seie til jødane at Israels Gud er vår Gud også. Når dei godtek det, så ligg det an til at dei seier at Abrahams Gud er den han er.

Jødane sitt forhold til Romarriket. Kva med klassekampen?

På den tid då jødane kjempa som verst mot tyranniet til Antiokus 4. Epifanes, var Romarriket i ferd med å vekse seg stort og sterkt og jødane gjorde vennskapsavtale med dei. Ein moderat klassekamp var ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket, med den klarde vanlege folk å tilkjempe seg betre materielle kår og større demokratiske rettar. Det stod i motsetnad til den lærde overklassa sine interesser, dei dyrka avgudane og vi veit at det var gagnlaust. Då var det meir meining i det som folk kjempa for gjennom klassekampen.

Ein slik moderat klassekamp skulle vel vere midt i blinken for sosialdemokratane, den vil virke konstruktivt til å bygge opp eit velferdssamfunn. Men det er full mogleg å overdrive, slik at den verkar til å rive ned i staden. Ei ytterleggåande ”frigjering” kan verke som eit justismord, til samanlikning med mordet på Sokrates, og verke til å undergrave fridomen og demokratiet.

——

Eg skreiv ein artikkel om profetiane, der eg kom inn på klassekampen i det gamle Romarriket og diskuterte korleis vi best skal forholde oss til den. Det vesentlege er at vi ikkje vert med på avgudsdyrkinga.

https://bluehost944.com/2016/07/30/antikrist-dyret-og-den-falske-profet/

Når vi skal forhalde oss til sosialistane og sosialdemokratane, er det viktig for oss å sjå det på denne bakgrunn.

Her er to artiklar om meir dagsaktuell politikk:

https://bluehost944.com/2017/02/21/klimaproblem-og-torkekatastrofe-er-det-hjelp-i-a-tru-pa-gud/

https://bluehost944.com/2017/01/15/imperialisme-og-frigjering/

Sosialdemokratane siste 30 år.

Sissel Vold vart forfjamsa over spørmålet om jødane si religiøse tilknyting til landet og sidan har ho skrive bok “Landet som lovet alt” der ho påstår at det har endra seg negativt. Eg reknar med ho er grundig i sine undersøkingar og så vurderer ho utifrå eit sosialdemokratisk synspunkt. Men det har med religion å gjer og då vil eg sjå på dei store linjene over lengre tid. Jødane skulle kalle Gud “Eg er”, for han er den han er. Men når Jesus gjekk på jorda var dei ikkje i stand til å seie det, men dei sa at han var ein annan enn den han er, derfor fekk dei han hendretta og derfor forfølgde dei dei kristne. Men no kjem kristne til jødane og seier at vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, så Israels Gud er vår Gud også. Og dei vert godt imottekne, så no ser det ut til at dei er i ferd med å seie at Israels Gud er den han er.

Men på same tida er det noko som har endra seg i Noreg og spesielt på venstresida av det politiske liv og det er at dei ikkje lenger seier at han er den han er, men seier at han er ein annan en den han er. Så når dei ser på Israel og vurderer har der vorte ei endring i auget som ser og i vurderingmåten, slik er det dei sjølve som har endra seg negativt.

Utsegna “Eg er den eg er” er ein tautologi og mange hevdar at slike tautologiar er lite interessante, for dei seier ikkje noko om den fysiske verda og har ikkje konsekvensar for den. Den fysiske verda er laga av masse, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Gud sa til jødane at han budde i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Slik søker vi samfunn med han på evangeliets grunnvoll. Då får vi oppleve samfunnet med han, så vi erkjenner at han er den han har sagt seg å vere.

Men her er ein artikkel som viser korleis prestar og politikarar i Noreg tvert om har sagt at han er ein annan enn den han er:

https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

En vantro Sidsel Wold

https://bluehost944.com/2016/11/05/bibelsk-preste-teneste-og-motstand-fra-verda-fra-slavesamfunn-til-kapitalisme-kva-med-klassekampen/

Sosialdemokratane siste 6 åra.

Her er nokre artiklar som vedrører sosialdemokratane sitt forhold til den kristne kyrkja siste 6 åra.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-08-0714-om-terrorataket-i-oslo/

https://tsivert.com/2016/07/20/frelse-i-jesu-namn/

«Med Israel for fred» melde om at LO diskuterer og vurderer boikott av Israel og oppfrodra folk til å vere klar til å melde seg ut i protest.

http://www.miff.no/norge-og-israel/2017/02/22Erduklartilameldedegutiprotest.htm

Eg svarde:

Eg har vore fiskar,drive tråling, vore organisert i Sjømannsforbundet (tilknytta LO), vore tillitsmann og fekk oppleve at partane i næringslivet høyrde på meg. Det var bra. Eg har gått i frie evangeliske forsamlingar sidan eg var ung og fått oppleve at Jesus svarar på mine bøner gjennom tyding av tungetale. Men det er tydeleg at når vi kjem til meir grunnleggande og fundamentale behov i livet, så er der sterke religiøse og politiske interesser som ikkje vil vite av at vi skal ha noko som helst vi skulle ha sagt. Kvar dei sit får vere eit ope spørmål.

Det synest merkeleg at forholdet til Israel soleis skulle verte ei sak for LO, kva med forholdet til den kristne kyrkja? Det verkar som om dei er i ferd med å gå ut over sitt mandat som arbeidstakar-organisasjon og verte meir som ein politisk organisasjon, ja, kanskje endåtil som ein religiøs organisasjon.

Den sanne Gud tilfredsstiller menneska sine fundamentale behov og løyser dei fundamentale problema som møter oss. Men så spørst det om vi er villige til å seie Sanninga.

Fakta, løgn eller sanning? Kommentarar om Trump.

Artikkel skriven av professor Gudmund Hærnes:

https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2017/02/forstelogner-donald-trump-tatt-i-sannhet/

Mitt svar:

Ja, ved trua på Jesus år vi oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Det er så fundamentalt at det kjem ikkje an på korleis vi var og kva vi gjorde (fakta) tidlegare. Det skal få gode konsekvensar for nærmiljøet, i fylgje Bibelen skulle gudlegdom føre til at jorda vart vatna og dyrka, og misjonærane har forkynt evangeliet i Etiopia. Fakta: Tørkekatastrofe. Men Biblens ord er ikkje feil av den grunn, vi kan ikkje gi opp. Det er framleis menneska som må tru, lære og forstå og handle deretter.

I det siste har nyhende-biletet vorte prega av at Donald Trump påstår at massemedia lagar falske nyhende og det vert eit spørsmål om fakta. Eg vil ta klimasaka som eksempel og så sjå på eit meir generelt problem. Naturvitskapleg forsking er ei sak, då vert det samla forskingsdata, stilt hypotese og så vert hypotesene testa ved eksperiment og observasjonar, om dei består si prøve, vert dei til teori. Hypotese og teori er ikkje fakta, men det er om å gjere å underbygge det med fakta.

Korleis få utvikling og framgang er ei anna sak, då også vert det samla inn forskingsdata om kva ressursar som er tilgjengelege, så vert det brukt teknologisk kunnskap for for i konstruere produkt og økonomiske modellar for å prøve å rekne ut verdien av å produsere og selje det. Det vert brukt matematikk både i teknologien og i økonomien og det er ikkje fakta, men det er om å gjere å underbygge det med fakta og bruke det på fakta. I den økonomiske aktiviteten vert materielle ressursar omforma, så det som var observert som fakta, blir til noko anna, noko som er meir verdifullt for oss. Slik får vi utvikling og framgang. Men dersom nokon då berre spør etter fakta og ikkje vil vite av noko anna, ikkje vil vite av omforminga til noko meir verdifullt, så kan dei på den måten stå imot den utviklinga og framgangen.

Det er ei kjensgjerning at sensasjonspressa bles opp ei ubetydeleg sak og lagar ei stor sak av den, for å selje sitt produkt, så det er ein mjuk overgang frå viktige fakta-nyhende til underholdning og underhaldning sel godt. Romanar og mykje film er dikt og oppspinn, men der er meining og gjerne ein moral i det og det kan det vert politikk ut av. Men grunnlaget ligg då i ei oppdikta filmrolle og ikkje i realitetane. Vi må berre rekne med at det resulterer i at folk tenker utifrå ei oppdikta rolle i staden for å tenke utifrå realitetar.

Eg forklarar dette som Hegels dialektikk, ei gjensidig omforming mellom Herre og knekt, der Gud og einskildmenneske hadde lite og inkje å bety. Karl Marx hevda at underbygninga var det viktigaste, det var dei underliggande materielle og økonomiske forhold som dreiv utviklinga framover og så han fornekta trua på Gud. For meg er Hegels dialektikk lite interessant, den forklarer korleis folk vert påverka og om nokon meiner dialektikken forklarer heile vår tenking, så er dei forførde. Marxismen er interessant på den måten at den legg vekt på at underbygninga skal drive utviklinga framover, det er om å gjere å utvikle moderne teknologi og bruke det på materielle ressursar, for å få utvikling og framgang. Avgudsdyrkinga stoppa utvikling og framgang, det gjorde marxistane også med si avgudsdyrking. Konklusjonen er at vel får vi utvikling og framgang ved å bruke tekonlogien til å omforme materielle resursar, men vi treng framleis trua på Gud og hans Ord.

Dei som dyrka avgudane kunne peike på nasa til avguden sin og seie ”fakta” og fakta er at det er ein skulptur eller eit bilete laga av stokk og/eller stein, men når dei seier ”fakta” argumenterer dei for trua på avguden sin. I dialektikken vert menneske og daud natur omforma til eit produkt og dei kan peike på det omforma produktet og seie ”fakta” og slik argumenterer dei for trua på avguden sin.

Klima, tørke-katastrofer og hungersnaud.

I artikkelen

https://bluehost944.com/2017/02/21/klimaproblem-og-torkekatastrofe-er-det-hjelp-i-a-tru-pa-gud/,

viser eg korleis det vert argumentert, men konklusjonen bidreg ikkje til å løyse dei fundamentale problema, den kan tvert om gjere dei verre. Det ser faktisk ut til at det vert argumentert for å tru på ein innbilt avgud.

Relevante artiklar:

http://www.geoforskning.no/…/1431-klimapanelets-feilaktige-…

https://bluehost944.com/2016/12/17/klimaforskinga-og-fysikken/

Religion og moralfilosofi som motsetnad til sann vitenskap og fundamentale menneskelege behov.

http://nordnorskdebatt.no/article/alternative-fakta-forskningens

Min kommentar til den siste:

Gjennom platonismen vart de geosentriske verdbiletet kopla til moralfilosofien og dermed til den gamle religionen med trua på at planetane var gudar, det gjorde no sitt til at det geosentrisk verdbiletet vart ståande med platonismen kom det inn i kyrkja. Men profetane i det gamle testamentet hadde for lengst sagt at dei ikkje var gudar. Likevel er det mange som trur at dette kjem frå Bibelen, men det gjere det altså ikkje. Vi kjenner til forteljinga om Erasmus Montanus, han vart utstøytt så han ikkje skulle få seg ei kone, fordi han sa at jorda var rund. Den strategien ser vi framleis. Dei moralsk- og politisk-filososfisk lærde snakkar men kvinna i staden for mannen og slik lagar dei nyhende og fakta. Medan mannen sjølv vert utstøytt og får ikkje moglegheit til å svare for seg. Men då får dei finne seg i at mannen har alternative erfaringar (fakta), tankar og teoriar og at han er sjølvstendig nok til å tenke og tale sjølv.

https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Er det nokon som seier sanninga om kva kristendom er?

Gud sa til Moses at dei skulle kalle han “Eg er”, fordi han er den han er. Dette er ein tautologi og mange meinar at slike tautologiar er uinteressante, fordi dei ikkje seier noko om den fysiske verda og får ikkje konsekvensar for den. Den fysiske verda er laga av masse, men Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Han sa til jødane at han budde i det høge og heilage og hos den som er bråten og nedbøygd i ånda. Vi må ta imot Guds rike som eit lite barn, Jesus er vegen til Faderen, sanninga som set oss fri, han er livet og gjev oss ånd og liv og vekker oss opp til liv med seg. Det var denne glade og frigjerande bodskapen disiplane hans tok i mot og som dei skulle gå ut i verda med. Dersom vi då vert stilt overfor ein amerikansk domstol og skal svare for vår tru, kva er den kristendomen du trur på, kva er den for deg? Lov at du seier sanninga og ikkje noko anna enn sanninga. Då må vi seie at det er Kristus, for han stod oppatt frå dei døde, han lever og han er med oss. Så får dei einskilde vitne om korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for dei, openberrar Kristus dei.

Samfunnet, prestar og politikarar har si lov, sin moral og sin politiske filosofi, men når det kjem til denne saka, viser det seg at visse prestar, predikantar og andre lærde har eit alternativ som dei kallar frigjering på sin måte og det er at utanom denne lov, moral og politiske filosofi, så du er fri til å seie nett kva du vil, dersom du berre ikkje seier sanninga. Du er fri til å leve nett slik som du vil, dersom du berre ikkje lyder sanninga. Dersom dette skal halde for ein domstol, så må den seie det same. Dersom domstolen skal krevje det, så vil det lyde slik:” Lov at du seier kva som helst, berre ikkje sanninga.

”https://bluehost944.com/2017/02/18/sataniske-vers/

Eg har vore fiskar,drive tråling, vore organisert i Sjømannsforbundet (tilknytta LO), vore tillitsmann og fekk oppleve at partane i næringslivet høyrde på meg. Det var bra. Eg har også gått i frie evangeliske forsamlingar sidan eg var ung og fått oppleve at Jesus svarar på mine bøner gjennom tyding av tungetale. Men det er tydeleg at når vi kjem til meir grunnleggande og fundamentale behov i livet, så er der sterke religiøse og politiske interesser som ikkje vil vite av at vi skal ha noko som helst vi skulle ha sagt. Kvar dei sit får vere eit ope spørmål. Men eg hevdar den store feilen er at dei meiner dei er så religiøse og moralsk lærde at dei er så mykje klokare og vitugare enn andre menneske at dei kan heve seg over andre, ved å ikkje bry seg om kva dei sjølve seier. Slik bryr dei seg ikkje om menneska sine fundamentale behov. Det viser seg i klimapolitikken også, det er som om dei peikar på nasa til ein avgud og seie “fakta”, men den bryr seg ikkje om menneska sine fundamentale behov og løyser ikkje dei fundamentale problema som dei står overfor.

https://bluehost944.com/2017/02/21/klimaproblem-og-torkekatastrofe-er-det-hjelp-i-a-tru-pa-gud/,

Vi vart forsona med Gud i Kristus. Kvifor er det då så mange som ikkje vil godta det? Kva er motivet? Kva er alternativet? Kva er resultatet?

Evangeliet vart forkynt i vårt land og vi vart forsona med Gud i Kristus. Men så viser det seg at det er mange som ikkje vil godta det likevel. Og kvifor det? Vi er då mange som har fått oppleve det i våre liv og vi veit å verdsetje det, vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skivne i livets bok i himmelen. Vi har fått fridomen i barnekåret hos Gud, vi er arvingar, vi veit å verdsetje det og vil nytte oss av det.

Så vi kan samanlikne oss med Abel som oppnådde noko verdifullt med det offeret han bar fram, for Gud viste velvilje mot han. Men Kain vart misunneleg og sjalu på Abel, så han slo han i hel. Så det gjekk ikkje så godt med Abel her i livet likevel. Når det er så mange i vår tid som vender seg bort frå Kristus, har det seg nok slik at dei er misunnelge og sjalu på oss til samanlikning med korleis Kain var misunneleg og sjalu på Abel, det er motivet, i rein og skjær småligheit vil dei ikkje unne oss det gode vi oppnår ved å søke Gud på evangeliets grunnvoll og be til han som hans born. I si småligheit unner dei oss ikkje mykje godt her i livet. I rein og skjær småligheit unner dei ikkje ein mann å få seg ei kone lenger, slik som tidlegare. Til tross for at det er både naturleg og i samsvar med Guds Ord. Likevel kallar dei det kvinnefrigjering og framstiller det som vitskapleg og som eit framsteg i utviklingens gang. Men det strir mot naturvitskapen og det strir mot Guds Ord.

Bibelen seier at den som fornektar Faderen og Sonen, det er Antikrist, så det er alternativet. Sidan Antikrist er komen er mange antikristar komne.

1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING}  Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26   Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

Dei kan kalle seg ateistar, men i det dei prøver å engasjere seg politisk, vil det utarte seg som om det er Zevs som er guden deira. Det viser seg i korleis dei engasjerer seg i Midtausten-konflikta.  Dei tek parti med muslimane mot jødedomen og kristendomen. Men kva er då deira bodskap til muslimane? At der er ingen gud, dei må frigjere seg frå trua på Gud og derfor gjer dei rett i å kjempe mot jødane og jødedomen og kanskje også mot dei kristne og kristendomen, for å frigjere seg frå trua på Gud. Eller så blir det å påstå at dei har ein annan gud enn jødane og dei kristne, at det er Zevs som er guden deira og derfor gjer dei felles sak med dei. Men er Zevs guden deira, så har han vel med seg dei andre antikke gudane også, så dei er tilbake i trældomen under avgudane? Vel, dei dyrkar ikkje dei gamle gudane laga av stokk og stein, der har vel skjett litt utvikling og framgang, men poenget er at styresmaktene vert dyrka som gudar (jfr. den Store Skjøkje Op.17-18).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: