Skip to content

Jødane måtte kjempe for sin fridom. Kva med oss?

Demokratiet i det gamle Athen til samanlikning med demokratiet i vår tid.

Eg samanliknar denne tida med tida for demokratiet i antikkens Athen. Sofistane var dei lærde på den tida, dei var juristar, journalistar og pratmakarar. Dei rikaste hadde råd til å lønne dei beste pratmakarane, dei var dyktige lurendreiarar og derfor vann dei lett rettssakene. Slik vart rettssystemet korrupt og retten vart vrengd. Til samanlikning har vi i vårt moderne demokrati fått visse individuelle, demokratiske rettar, men samtidig har også kyrkje, kristne organisasjonar, skuleverk og massemedia vorte utvikla til mektige institusjonar som kan komme til å krenke individets rettar, til samanlikning med sofistane i det gamle Hellas. Derfor er det viktig for oss å sjå korleis Sokrates med sin dialog med andre menneske tok vare på den individuelle fridomen og rettane. Han sa at sanninga vart integrert i han gjennom dialog og den gjorde han lykkeleg. Så vi kan seie at nøkkelen til fridom og demokrati ligg i at individet søker sanning og rettferd og erkjenner det i dialog med andre menneske.

For dei hadde ikkje metoder og kultur til å avgjere rettssaker. Det hang saman med at dei hadde ikkje funne empiriske metoder til å avgjere kva som var dei rette naturvitskaplege teoriane, i vår tid vert slike metoder brukt til å skaffe bevis i ei straffesak. Men vitskaplege teoriar kan ikkje bevisast slik, dei kan eventuelt berre motbevisast slik. Men Sokrates gjekk ut og møtte folk fysisk og snakka med dei. Slik fekk både han og dei erfaringsgrunnlag til samanlikning med empiri i moderne naturvitskap. Både han og dei fekk moglegheit til å svare for seg sjølve og det er eit viktig rettsprinsipp. Gjennom dialogen sikrar den eine at det han seier om den andre er rett og det er tryggande for den andre. Han påstod at sanninga vart integrert i han gjennom slik dialog med andre menneske og den gjorde han lykkeleg. Då må det vel vere gjennom eit logisk resonnement i dialogen. Det kan vi kalle rasjonaliteten. Dette er eit subjektivt og sosialt perspektiv og vi kan seie at det er eit pedagogisk perspektiv. Når realfaga seinare vart utvikla med empiriske metodar, så dei med slike metodar kunne påstå at dei fann objektiv kunnskap, betydde det fyrst og fremst at det som tidlegare var rekna for endelege, dogmatiske, sanningar vart avsanna. Den nye kunnskapen dei kom fram til, kunne dei kalle objektiv, fordi den kunne prøvast med eksperiment, det betydde ikkje at dei med ein gong kunne sette fram nye teoriar som var like endelege og dogmatiske, til erstatning for dei gamle, men dei måtte halde fram med å prøve teoriane med eksperiment og prøve å finne betre teoriar, justere dei, forbetre dei.

 

Maktinteressa som låg i avgudsdyrkinga streid mot demokratiet i det gamle Aten og gjorde slutt på det.

Då fortel dette oss noko om kvifor det var så viktig for den tradisjonelt lærde overklassa å rydje Sokrates or vegen, kva som var deira metode og kva det resulterte i. Sokrates gjekk i dialog med einskildmenneske og han meinte sanninga vart integrert i han gjennom dialogen, då var der rimelegvis eit logisk resonnement i dialogen. Men den lærde overklassa braut med denne dialogen og dermed med det logiske resonnementet i den, ved at den  kommuniserte med folket på ein annan måte. Med den kommunikasjonen/propagandaen oppvigla dei folket mot Sokrates og fekk han hendretta. Det har i ettertid vorte kalla eit justismord. Vi kan seie at det starta med at dei braut med hans eigen logiske tenking og erstatta det med sine eigne resonnement og kravde han til ansvar for det. Dei påstod han hadde sagt noko heilt anna enn det han sa og kravde han til ansvar for det, stilte han for retten og hendretta han. Dette er ikkje logisk, men det er tvert om lygnarisk i prinsippet. Så dette er det vesentlege poenget med å ikkje ville innvilge personleg ytringsfridom, men i staden overkøyre den personlege ytringsfridomen med ein kollektivistisk propaganda, jfr. Hegels dialektikk. Når Sokrates med sine metoder var rydja or vegen, kunne den lærde overklassa halde fram med å svike, lyge, dikte og bedra slik som før og det var med slike metodar avgudane vart til, dei var lygn og bedrag, dei laug så dei trudde det sjølve, så både dei og resten av folket vart trælar under avgudar som eigentleg var lygn og bedrag. Når den lærde overklassa sidan brukte det platonske resonnementet mot resten av folket, verka det slik at om der i framtida kom nokon som søkte sanning til samanlikning med Sokrates, så ville dei komme til å definere det som den vonde naturen. Dei påstod at menneskets fysiske natur var vond og derfor var dei redde for at menneske møttest fysisk og personleg og prata saman, men det viste seg at eigentleg var det fordi dei var redde for at sanninga kunne verte integrert i dei gjennom dialog og då ville lygna og bedraget som dei for med, verte avslørt. Så det utarta seg slik som når Kain slo i hel Abel.

 

 

Maccabearbrørne fekk med seg jødane i strid for sine fedrars Gud og dei klarde å slå tilbake den hardaste reaksjonen mog demokratiet i Aten.

 

Vi kan godt seie at dette var eit vendepunkt som vart byrjinga på slutten for demokratiet i Athen. Platon trekte seg attende og filosoferte og konkluderte med at ei lærd overklasse måtte styre med diktatorisk makt og der kom etter kvart ein reaksjon og det ser ut til at dei reaksjonære kreftene vart sterkast i det Gresk-Syriske riket, når Antiokus 4. Epifanes prøvde å lokke og tvinge alle i riket sitt til å dyrke Zevs. Så det var dette folket skulle verte opplærde til no heretter, til erstatning for dei gudane som folk dyrka tidlegare, inkludert Israels Gud og naturfilosofien og Sokrates sine metoder var eit saga blått. Dette var eit hard tid for jødane. Dei skulle ofre lam, kje og oksar og kjøtet på offerdyra var mat både for prestane og dei som ofra. Men no vart øvstepresten deira drepen og Antiokus 4. Epifanes ofra i Jerusalem ein gris til Zevs i staden og jødane hadde ikkje ein gong lov til å ete svinekjøt. Han sette vakter i Jerusalem som skulle passe på at dei ikkje fekk dyrke sine fedrars Gud, for no skulle alle dyrke Zevs, all anna guds-dyrking var forbode. Ei heil mengd jødar for ut i øydemarka for å halde sabbaten heilag og tilbe sin Gud der, men hærmenn kom etter dei og massakrerte dei. Då var det ein prest som sette mot i sønene sine og fekk dei til å få med seg folk til å ta til våpen og kjempe mot Antiokus 4. sine hærstyrkar med livet som innsats. Og etter kvart klarde dei å drive dei attende. Dei vart kalla ”Makkabear-brørne” (1.Makkabearbok). Ein av dei overlevde og vart både øvsteprest og hovding. Så vi kan seie at dette vart den avgjerande knekken for dei reaksjonære kreftene.

Jødane søkte no vennskapsband med romarane og dette var under framveksten av Romarriket. Men no vart det tradisjon at etterkomarane etter Simeon Maccabeus skulle vere både øvsteprest og konge, men det var i strid med Moselova, for etter den skulle kongen og øvstepresten ha to klart fråskilde funksjonar. No fungerte ikkje lenger øvstepresten slik som han eigentleg skulle. Han vart reaksjonær i forhold til det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande, så dei sveik Kristus til samanlikning med korleis Sokrates vart sviken og avretta og forfølgde dei kristne i same stilen. Sidan gjorde dei opprør mot romarane, stikk i strid med dei avtalene dei hadde gjort med dei tidlegare, så slik sett var det også svikarisk og då gjekk det dei ikkje vel.

 

 

Eit preste-regime blir som ”den Duglause Hyrdingen”, det er lygnarisk og svikarisk, metoden deira er “grisologisk”.

Det er mange kristne som spør etter ein kristeleg politikk, jfr. Kristeleg Folkeparti, og det utartar seg som om dei ventar seg og håpar på noko som liknar eit presteregime, men noko slikt finn vi ikkje grunnlag for, verken i det gamle eller det nye testamentet, det einaste som høver til det er det som er sagt om den Duglause Hyrdingen, men han var og er berre ei dårleg erstatning for det som eigentleg er rett, både i det gamle og det nye testamentet, det er vranglære til erstatning for den rette lære. Det er og blir ein bakstrevarisk reaksjon i forhold til det nye som Gud vil gjere ved sitt Ord og sin Ande.

Når gresk moralfilosofi kom inn i kyrkja i middelalderen kom også denne reaksjonen mot den evangeliske forkynninga og det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande. Prestane talar varm om at Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til, vi måtte vende om og verte som småborna og ta imot Guds rike som små born. Ja, så kan vel ein ung mann be Gud gje han ei kone. Men då får pipa med ein gong ein annan lyd, der kjem reaksjonen. Til tross for at Gud høyrer hans bøn og svarer på hans bøn, så bannlyser dei han og støyter han ut, så han får ikkje seie noko meir, slik bryt dei samtala mellom han og henne til samanlikning med korleis dei braut Sokrates personlege dialog med andre menneske, dei braut det logiske resonnementet i dialogen og erstatta den med noko anna, men det var i prinsippet lygnarisk. Det kan samanliknast med forteljinga om han som kom og helste på ein tunghøyrd mann som heldt på eit øksaskaft, i staden for å svare ”God dag”, svarde han ”øksaskaft”. Dei ville ikkje høyre på kva han hadde å seie, men svarde som om dei allereie visste det. På toppen av det heile heldt dei det for å vere noko vondt og fordømde han for det.

Men han fekk aldrig sagt det han eigentleg ville, han fekk aldrig sagt den gledelege bodskapen Gud hadde lagt på hans hjerte og som han sende han med. Rett nok er det ingen som kan stenge ute Guds Ande, men avviste dei den også? Ved trua på Kristus fekk vi Guds Ande av berre nåde, har vi teke til å nåden og Anden, må vi fullføra i nåden og Anden, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Men mykje tyder på at dei har reagert som om Jesus frelsesverkt ikkje var fullbrakt og fullkome, som om det ikkje var bra nok, som om hans syndeoffer ikkje var nok til å ta bort synda, så dei bygg eit nytt altar over det opphavlege altaret i tempelet og ofrar ein gris på det i staden, til samanlikning med korleis Antiokus 4. Epifanes ofra ein gris til Zevs som erstatning for den bibelske prestetenesta. Derfor kallar eg dei grisologar i staden for teologar og pedagogar. I tråd med den moralfilosofiske tradisjonen heilt tilbake til gamle Hellas, prøver dei å framstille seg sjølve som den herskande overklassa og det er forklaringa på den tradisjonelle autoritære pedagogikken, der det var så viktig å ”bryte barnets vilje”, eigentleg var det så viktig for dei å bryte den logiske tenkinga til den einskilde og bryte logikken i dialogen mellom einskilmenneske, på same måten som brotet på Sokrates dialogar og med liknande motiv, å få diktatorisk makt over mennesket gjennom religionen og kyrkja, for soleis å framstille seg sjølve som den priviligerte og herskande overklassa. Dei prøver å framstille seg sjølve som gud for folket og det fører til at dei dyrkar styresmaktene og politikarane som gudar, det er avgudsdyrking, det er synd og fører til synd og ureinskap, det er religiøsitet som er avspora seksualitet. Derfor kallar eg deira brot på logikken og deira lygnariske erstatning for grisologi.

Dei er som geitene i likninga om sauene og geitene, Kristus avviste dei fordi dei ikkje hadde hatt omsorg for han. Dei spurde når hadde han hatt slike behov utan at dei hadde gjort noko for å tilfredsstille det, det verka som om dei ikkje hadde sett det ein gong og langt mindre gjort noko med det. Men han svarde dei at det dei ikkje hadde gjort mot ein av hans minste små, det hadde dei ikkje gjort mot han. Han støytte dei frå seg i lag med Djevelen og englane hans. Så eg forstår det slik at grunnen til at dei ikkje hadde sett behovet og ikkje brytt seg om det, ikkje hatt omsorg for ein av hans minste små, var at dei kriminaliserte kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, liksom Djevelen når han forførde menneska. For kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er skapt av Gud og det er det sentrale poenget og den sentrale sosiale eininga i Gud omsorg for sine born. Det er tydeleg, sidan Jesu kyrkje er hans brud.

 

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: