Skip to content

Gud har valt meg ut i Kristus og velsigna meg.

Gud har sagt til meg, gjennom tyding av tungetale, at han har valt meg ut i Kristus frå før verda sin grunnvoll vart lagt, for at eg skal stå heilag og ulastande for hans åsyn, nettopp i denne tid. Han har skapt alle ting ved sitt Ord, det kan granskast med naturfaglege metodar. Det gjev objektiv kunnskap, men ved at vi subjektivt vender om til Gud og let oss forsone med han på evangeliets grunnvoll, gjev Gud oss noko som kjem i tillegg til det vi kan vite ved å granske denne verda. Om vi ser på denne verda, på samfunnet av menneske, så er det påverka av menneskets subjektive innstilling, slik vert det med politikken og slik vert det med samfunnsfaga. Men menneska er feilbarlege, det er ikkje alltid deira subjektive innstilling er så god, dei søker ikkje alltid det som er rett og sant, dei er ikkje alltid rett-truande og rettlærande, så sjølv om vi har demokrati, så er det hverken fleirtalet eller eit mindretale som avgjer kva som er rett og sant. Korleis kan vi då finne det ut? Realfaga har sine metoder, forskaren stiller opp eksperimentet og gjer sine målingar, men prosessen har gått av seg sjølv, utan å vere påverka av menneskets subjektive innstilling, derfor kan vi seie at målingane gjev objektiv kunnskap.

Til samanlikning skal vi halde oss “uflekka av verda” når vi søker Gud og tener han. Korleis då? Ved at vi søker han i løynkammerbøna, ber lekamen fram som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud. Ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri frå synda og avgudsdyrkinga, for vi lever for Kristus og det er Guds verk.

Den fyrst Adam var laga av mold frå marka, men Gud er ånd og han bles livsens Ande i nasa hans. Men Gud dømde han til døden, mold var han og til molda skulle han attende. Men Kristus er den siste Adam, han er frå himmelen og har for oss vorte ei livgjevande ånd. Gud er i sin evige himmel og har valt meg ut i Kristus frå før verda sin grunnvoll vart lagt, han har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Velsigninga betyr at han førebestemmer oss til eit godt liv i samfunn med seg.

Så han har kalla meg og leia meg og talt til meg gjennom tyding av tungetale. Han har velsigna meg og sagt at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så han vil nå andre menneske gjennom meg. Han har talt til meg gjennom tyding av tungetale og det har vore ei velsigning av meg og det har vore ei velsigning av andre menneske. Han har sagt velsigninga og då har det vore om å gjere for meg å ta imot velsigninga, verte velsigna og verte til velsigning for andre menneske,  hugse det og forstå det rett, så eg  seier den velsigning som han seier. Så eg har spelt det inn, lagra det og skrive det ned og skrive korleis eg har forstått det.

Han sa eg skulle påsjå at eg stilte meg under hans nåde og under hans lovnadsord, vi fekk den Heilage Ande av berre nåde og det er å gjere for meg og for oss å ta imot og verte fylt av Anden av berre nåde. Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile, det fullførde frelsesverket er grunnlaget for vår kvile, for på det grunnlaget får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, for vi tek imot Guds Ande av berre nåde og får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han er den same no og skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Han sa eg skulle stige fram for han og be til han og snakke med han. Han som fullførde frelsesverket for meg, som frelste meg og som byrja den gode gjerning i meg, han skal også fullføra den. Då skal eg erkjenne det og gje han æra for det. Eg samanliknar det med Adam i paradis, som fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med han og så vedkjende han det.

Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i skapinga i 1.Mos.2 og i det fullførde frelsesverket. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde av “vatn” og Ande og det som er født av Anden er ånd. Har vi teke imot Jesu Ande, så tilhøyrer vi han, då er vi frelst og då lever vi for han. Gud har valt meg ut, i sin elska Son, Jesus, for at eg skal stå heilag og ulastande for hans åsyn, nettopp i denne tida. Å vere heilag betyr å vere innvia til å leve for Gud. Denne innviinga skjer ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande.

Kristus er den siste Adam, så det er han som dyrkar og vernar Guds hage, hans kyrkje er hans brud, så ho skal hjelpe han med det. Eg lever for han og når Gud gjev meg hjelp i form av ei kone, så skal ho også leve for han. Det er målet og hendsikta og det gjev oss meining med livet.

Gud har valt ut meg og eg ventar meg at han vel ut henne også og vil gjere sitt verk med oss. Men kva så med vår fridom til å velje? Vi har allereie fridom til å velje, så i utgangspunktet trengde vi ikkje kjempe for vår fridom til å velje. Men kva vel vi? Dersom vi gjorde dårlege val er det viktig å erkjenne det og sjå kva moglegheiter vi har til å gjere gode val i staden, så erkjenninga av kva moglegheiter vi har for å gjere gode val, vert eit uttrykk for vår fridom. Gud velsigna Abraham og gav han den lovnaden at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus, når vi velsigner han, vert vi velsigna. Når vi vel han, så vel Gud ut oss i han. Når vi tek imot den Anden han gjev oss, så fører den oss fram til heile Sanninga og den set oss fri, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Frå siste halvdel av 1980-talet byrja eg å skrive ned det som vart sagt gjennom tyding av tungetala og om korleis eg opplevde at Gud talte til meg og til oss og så sende eg det til nokre predikantar i den Frie Evangeliske Forsamling. Etter at eg reist tilbake til Oslo i 2009, byrja eg å sende det som e@post til frie kyrkjelydar i Oslo og nokre kristne leiarar. Men så vist det seg at for ein stor del tok dei ikkje imot Guds Ord, dei fekk forstopping, så velsigninga kom ikkje ut til dei som den var tiltenkt og/eller dei tok heller ikkje imot den. Mykje tyder på at dei ikkje har forstått kva som er mål og meining, det verkar som er Bileams villfaring (sjå artikkelen om Antikrist, Dyret og den Falske profet). Vegar og dører vart stengde for meg, men Jesus hadde nye dører og nye vegar for meg, han kalla meg til å studere biologi. Der Guds Ande slepp til vert det bana nye vegar for hans Ord. Der vert Jesu kyrkjelyd reist opp i kraft og herlegdom og der vert ho pryda med dei herlegaste prydingar. Jesus har sagt han går føre meg og eg skal ikkje vere tilbaketrekt, men eg strekke meg etter det som ligg der framme, eg skal få opplever å gå i ferdiglagde gjerningar og eg skal få ete av landets gode ting.

Det som trengst er at trua sitt Ord får lyde og at salvinga får virke (https://tsivert.wordpress.com/2016/07/26/2016-05-16-maranatha-verte-fyllt-av-guds-ande-av-berre-nade/). Jesus er Gud Ord og eg trur på han og kjennest ved han, så eg talar trua sitt Ord og så får eg oppleve at Gud svarar meg gjennom dei han har salva med sin Heilage Ande, både gjennom tala og gjennom bodskap i tungetale med tyding, eg har spela det inn desse bodskapane og no har eg byrja å legge det ut på facebook med mine kommentarar og no har eg fått meg heimeside og byrjar å skrive om det her.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: