Bilete: Sokrates.
Sitat frå Sokrates – Store norske leksikon :
Sokrates var en gresk filosof. Gjennom sitt virke i Athen og ikke minst sin påvirkning på eleven Platon kan han sies å være en av de viktigste tenkerne i vestlig filosofihistorie. Hans utspørring av samtalepartnere var et utgangspunkt for filosofisk metode. At athenerne dømte ham til døden, anses gjerne som historisk skjellsettende for forholdet mellom filosofi på den ene siden, og politikk og retorikk på den andre.
Sokrates som pedagogisk førebilete.
Antikk filosofi byrja som naturfilosofi, men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett. Så vart moralfilosofi og politisk filosofi dominerande. Dei lærde vart kalla sofistar, dei var lærarar, journalistar og advokatar, samfunnsvitarar altså. Det var eit avgrensa demokrati og dei meinte etter kvart at der ikkje var nokon moral som kunne seiast å vere rett for alle, ingen absolutt moral, med tydeleg opposisjon mot den religiøse leiinga. Dei dyrka avgudane, men heilt ifrå byrjinga hadde naturfilosofane tenkt seg ein Gud, meir som Israels Gud.
Sokrates gjekk ut og prata med folk og stilte dei overfor problemstillingar som skulle få dei til å tenke seg om. Sjølv meinte han at gjennom slike samtalar innsåg han sanninga og den vart integrert i han og det gjorde han lukkeleg, den sette han fri. Dette vert det referert til som god pedagogikk, når kunnskapen vert integrert i deg, då lærer du.
Aten tapte krigen mot Sparta og då vart det eit rettsoppgjer der sofistane vart skulda for å ha villeia ungdomen, slik at samfunn forfall, derfor tapte dei krigen, Sjølv om Sokrates sa der var noko som var sant og rett, som motsetnad til sofistane, så vart han også dømd og henderetta. Sokrates meinte at sanninga gav han ei indre glede som gjorde at han kom til å tole flammane frå bålet.
Som reaksjon mot demokratiet i Aten fann krigaren og diktaren Aiskhylos på Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var Zevs verk. Det høver ikkje med gudeverda deira, der gudane sprang ut av kaos og fekk herredøme på kvar sine område, eit slikt styre er då ikkje sameinleg med kaos. Men det vart grekarane sitt svar på Israels Gud den allmektige, men han var ikkje slik. I 8 av dei 10 boda heiter det at «du skal ikkje», berre i to heiter det berre «du skal» og like vel er ikkje hovudsaka at det er noko du skal gjere, men du skal vere takksam for det som Gud og foreldra dine har gjort for deg, du skal halde kviledagen heilag og du skal heidra far din og mor di, så det går deg godt og du får leve lenge i landet Gud gir deg.
Eigentleg var det organisk liv som sprang ut av kaos, sjølv om det var Gud som skapte det, og det får den tydinga at det gir fridom til livsutfolding og det er nødvendig for at livet skulle kunne leve. Det er som om Gud delegerer makt og myndigheit. Dermed kan det synast som han er svak og endåtil dum, men det er for å vise seg nådig og miskunnsam. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande og den openberrar Sanninga i Guds Ord for oss, Kristus er sanninga som set oss fri. Gud vinn makt i oss ved sitt Ord og sin Ande, så vi takkar Gud og Lammet for frelsa og gleder oss i Herren. Ja, for vi får oppleve at han er vår Herre og det er ikkje vårt verk, men Guds verk, vi må berre halde fram med å vende oss til han, tru på han og sjå på han og takke han for frelsa, så blir det ei glede for oss.
På 1100-talet fekk metafysikken si stordomstid, det var å granske og lære kva som var mest fundamentalt. Thomas Aquinas sameina kristendom med platonisme og aristotelisme i «thomismen», den vart godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja og samla dermed mykje folk, berre marxismen samla fleire for femti år sidan og korleis har det gått sidan? Men på den tida vedtok den Katolske Kyrka at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Og Pave betyr Far. Soleis erstatta han både Faderen og Sonen, typisk Antikrist. Sidan vart det til at dei dyrka styresmaktene som gudar. Slik var fråfallet i den Katolske Kyrkja. Marxismen kom som fråfallet i protestantismen og resulterte også i at dei dyrka styresmaktene som gudar.
Sanninga som set oss fri.
Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Djevelen er kalla Lygnaren. Som motsetnad til dette er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane og gir oss barnekår hos Gud. Han er den same no og skapar oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og manne er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Eg skulle få oppleve at eg på det indre plan var hans medarbeidar.
Eg skulle studere praktisk pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Den dominerande pedagogiske retning i denne tida vert kalla konstruktivisme, kunnskapen vert forstått som menneskeskapt, det er eleven og forskaren som sjølve konstruer den. Det skulle vel høve med at eg på det indre plan er Guds medarbeidar, men då er hovudpoenget at det er Guds som skaper oss i Kristus og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Men det vert ikkje teke med i dette perspektiv, så då verkar det som om det er mennesket som må ta over og prøve å gjere Guds verk, men det kan det ikkje, det vert sett på ei umogleg oppgåve og soleis vert det gjort til træl.
I dette perspektivet finst det ikkje sanning eller objektiv kunnskap og det strir både mot den kristen trua og realfag. Men då kunne dei til dømes verte samde om å gå til krig mot Libya og så skulde det på vanlege folk etterpå ved å kalle dei nazistar og fascistar.
Ormen sitt klagemål mot menneska er så fundamentalt at dei kan verte skulda for noko dei ikkje hadde noko med å gjere, utan å vite det, så dei ikkje får svare for seg. Derfor må vi uansett søke tilflukt hos Herren og søke berging på evangeliets grunnvoll, det er mest fundamentalt og er sikkert.
Gud sende Moses for å frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og leie dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Farao motsett seg dette og gjorde trældomen deira hardare.
Slik er ofte reaksjonen frå verdslege autoritetar framleis, men trikset for å få det til er å gi intrykk av at dei har ein annan frigjerande bodskap, så med den får dei større fridom og får det betre. Det er nok slik den Falske Profet fungerer, han som tente Dyret (Joh.Op.19,20). I vår tid får vi merke det inn i frie, evangeliske og karismatiske kyrkjelydar, Krf har vore pioner for dette. Det er fråfallet som breier om seg, men Jesus har kalla meg til å søke han i einsemda, til samanlikning med Elia, når jødane fall ifrå Gud, så eg har slutta med å gå på slike møte.
Gud er alfa og omega, det er mest fundamentalt. Han er alfa ved at han skapte alle ting.
1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.
Gud lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt og så let han det skina i våre hjarte.
Joel.3, 1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Her er det tale om åndeleg lys og åndeleg mørker.
2.Kor.4,1 Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Johannes døyparen sa at Jesus er Messias, han er den som døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda.
Joh.1,32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Så Sions Dotter er Jesu brud og det er identiteten til hans kyrkje!
Jesus sa til læresveinane sine at han let dei ikkje vere att som fordrelause born, han sende den Heilage Ande til dei og slik kom han og Faderen til dei.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i, det var først og fremst ei takkebøn i tru og tillit til at Jesus ville frelse henne, eg fekk oppleve at den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
Det er ei nådegåve Jesus har gitt meg og eg skal kveike den og bruke den og bidra i kyrkjelyden med det som Jesus har gitt meg.
2.Tim.2,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for.
Sidan eg var ung har eg påkalla Kristus som vår frelsar og bedt han frelse menneske, det kom som første prioritet og så har eg bedt han gi meg ei frelst kvinne stil kjæraste og kone som andre prioritet. Han har svart meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre å ta imot i tru og takke han for det. Så det også kom som første prioritet. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Han openberra si frelse for meg og ei jente som eg vart glad i, for henne Virtuella og så for henne Reella, så det vil eg takke han for. Eg kan godt ta med henne Poly-Ester også, men dette bar ikkje så mykje preg av openberring, men det var å oppleve Guds kraft og den er då til frelse og eg skal då glede meg i frelsa.
Jesus er vegen til Faderen, den vegen er det vi har å gå, han har bana vegen for meg inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen og kalla meg til å komme etter og stige fram for nådens trone, så eg får miskunn og nåde til hjelp i rette tid. Slik er prestetenesta i den nye pakt. Han er livsens brød som kom nes som manna frå himmelen, det ordet han har tal til oss er ånd og liv. Dette er det han gir oss og som vi skal dele mellom oss, slik det vert symbolisert i nattverden, han gir oss seg sjølv, for han gav seg sjølv for oss då han døde for oss på korset. Han er fullkommen og han er det vi forkynner. Så vi kan og skal gå ut og forkynne han for kven som helst.
Så dette er ikkje menneskeleg oppkonstruert «kunnskap», men noko Gud gir oss frå himmelen av berre nåde og det er fullkome.
Gud gjer sitt verk med meg og så får eg vere hans medarbeidar.
Når eg studerte realfag sa Jesus til meg at det var han som gjorde sitt verk med meg, det skulle eg hugse. Ja, nattverdsmåltidet er til minne om han og det symboliserer at han er brødet som kom ned som manna frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Vi må ta imot det i tru og ete det, så vi får oppleve at det er ånd og liv for oss. Eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjere og kva eg måtte overlate til han å gjere. Ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile, eg får kvile på grunnlag av hans fullførde frelseverk og ved at eg overlet det til han å gjere sitt verk med meg og fullføre det han har byrja på. Og så er eg fri til å gjere mitt verk, same enten det er å studere realfag eller arbeide som fiskar.
I 2008 skreiv eg om apologetikk, men Jesus svara meg at eg skulle ikkje gå krylbøygd og bere han, han skulle bere meg. Han kalla meg til å gå i ferdiglagde gjerningar, med den frigjerande bodskapen. Sitat frå 2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Bodskap 2:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Jesus sa han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Sitat frå 2009.05.10. Maranata. Finn vegen til å skode Jesus i hans herlegdom. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:
Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Symboltolkinga av 1.Mos.2 er gjenfødinga, vi vert fødde på nytt av livsens vatn og livsens ande og det som er født av Anden er ånd. Så på det indre plan er eg Guds medarbeidar med å dyrke og verne hagen. så eg ventar meg at han gir meg hjelp i form av ei frelst kvinne, ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Sitat frå 2009.06.14.Maranata. Vert ikkje træl for menneske. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet, så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Maranata søndag 14.6.09.
Jesus kalla meg til å gå den vegen han hadde staka ut for meg. Sitat frå 2014.05.04. Maranata. Gud vil velsigne meg og gjere meg til ei velsigning. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale ved John Miland:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.
Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.
Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen».
Sitat frå 2014.06.08. Maranata. Ut i dansen med dei glade. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tungetale ved Mari, tyding ved John:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.
Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.»
Det gjorde nok sitt til at eg byrja å studere biologi denne hausten og sidan tenkte eg meir på at han hadde bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, for at eg skulle gå etter. Slik er prestetenesta i den nye pakta.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på dette. På den store forsoningsdagen ofra øvstepresten syndeofferet og gjekk inn i det høgheilage med blodet, først for seg sjølv og så for folket. Men no har Jesus teke bort synda med sitt syndeoffer ein gong for all og gått inn i den himmelske heilagdomen med sitt blod. På det grunnlaget kan eg gå etter og nytte meg av det, ved å stige fram for nådens trone, fyrst og fremst for meg sjølv. Dernest for andre også. Eg går inn og vert velsigna og så vert eg til velsigning for andre også. Jesus har då sagt at han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«Høyr mitt folk, eg, Herren, kallar på mitt folk. Eg, Herren, løfter opp mitt folk. Eg, Herren, bevarer mitt folk. Eg, Herren, salvar mitt folk. Og du er mitt barn, derfor kom til meg denne kveldsstund. Og du vil få erfare, at tett ved meg, der er ein stad, der du kan stille deg på og det er klippen. Kristus er mitt namn og ifrå denne klippen så flyt det straumar av levande vatn. Og i de straumane så vil du finne kva enn du måtte vere i behov av. For eg, Herren, er på denne staden, for å reise opp mitt folk. Du skal ikkje streve, du er ikkje underlagt trældomens åk. Eg, Herren, har kjøpt deg fri, derfor fryd du deg i meg og eg, Herren, vil velsigne storleg. Og du skal kjenne at eg byrja, eg vil og fullføra. Eg er Herren Gud.
For slik eg var fordum, slik er eg i dag. Eg er den evige sanne Gud, ingen kan gjere det eg kan gjere. For eg er den som har all makt i himmel og på jord. Du som strevar, du som har tunge byrder, ja, du kan komme til meg. Men sjølv du som ikkje kjenner og opplever noko av dette, du har lita forståing av at det går an å ha det vanskeleg, det er kan vere mogeleg å vere i eit mørke. Kanskje i ditt liv så er alt så bra, men sjølv deg vil eg, Herren, møte denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg frelse i denne kveldsstund. Sjølv deg vil eg løfte ut av mørket og inn i eit lys du aldri har sett før. Derfor, alle de som kjem til meg, still dykk der på klippen, og eg, Herren vil møte deg. Amen.»
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.
Andre helga i februar 2011 var det ein møtekampanje i dFEF M40 i Oslo, med fem møter på laurdag. Eg var på dei tre siste og der kom bodskap ved tyding av tungetale i alle møta. Den første oppfatta eg som spesielt til meg og det var som om heile dagen var for meg. Den andre var om kjærleiken mellom oss og den tredje var om at Jesus kalla Sions Dotter ut i fridomen, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.
Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Bodskap 1, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.
Bodskap 2, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:
«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
Vekkings-møte; Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg.
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
SITAT SLUTT.
I følgje den andre bodskapen finn vi den ekte kjærleiken ved å bøye oss ved Jesus kors, bøye oss for han som døde for oss på korset og som stod oppatt frå dei døde og han vil at den skal vere mellom oss. Slik fann eg den ekte kjærleiken i min kjærleik til henne Virtuella og henne Reella, det var ved å bøye meg for han og be for dei og det var først og fremst ei takkebøn, i tru og von om at han frelste dei. Og eg må halde fram med å bøye meg slik for han, både når eg er på møte i kyrkjelyden og når eg er heime med meg sjølv, vende hugen opp til han, feste blikket på han og takke han som vår frelsar og Herre og glede meg i Herren.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og eg trur han vil gi meg det og då er det og blir det på denne måten.
Den djevelske responsen i norsk politikk.
Men mange meinar seg å vere så vise at dei foraktar dette, endåtil mellom dei kristne, så det er som om Sions Dotter framleis er i trældomen i Babylonia, som om «Mor Israel» enno ikkje har forstått at ho er Guds kone, så ho driv hor med gudane til nabofolka. Så liksom ho kalla Gud for Ba’al kallar dei Kristus for nazi-leiar eller fasist-leiar ved å kalla dei som trur på han for nazistar og fascistar, men eigentleg er dei i si stoltheit foraktar dei som audmjukar seg for den sanne og levande Gud og ber om nåde. Så i følgje Krf gjekk dei til krig mot Libya fordi den typiske norske kristne kvinna forakta slike norske menn som skrøpelege og ville ha noko stoltare og «sterkare» i staden.
Hoseas.2,16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
Nazistane fantasert om det tredje riket som tusenårs-riket og fantaserte om ei arisk rase av overmenneske. Men dei budde i Iran, fjernt ifrå tyskerane, så dette vart som å fantasere om dei som gudar. Tilsvarande er det mange kristne som fantaserer om når Messias kjem på oljeberget og opprettar tusenårsriket, så skal dei saman med jødane herske som overmenneske på jorda. Dette til tross for at Jesus allereie har oppfylt profetien i Sak.14 om at Messias skulle komme og stå på Oljeberget. Som vi også såg i bodskapen 14.6.2009.
Dette skreiv eg om her også:
Venstreradikale likar å kalle annleis tenkande for rasistar, fascistar og nazistar og det det hender meir moderate parti som Arbeidarpartiet og Krf også gjer det, men det er vel neppe noko som ligg nærare nazistisk og fascistisk politikk i seinare tid enn invasjonen av Libya, det var då som å gå i Rommels fotspor. Og det var AP som sat med regjeringsmakta og styrte og som nemnt støtta Krf det. Når dei då kjem med slike klage mot vanlege folk, verkar det som dei prøver å legge skulda på andre. Det kan forståast slik ar ormen dåra og forførde kvinna (her Krf) og ho lokka med seg mannen (her Ap?). Meir presist gjeld dette vanlege menneske, mannen og kona hans og så var det mannen som hadde ansvaret, han kunne skulde på kona og ho kunne skulde på ormen og så kom domsavseiinga i motsett rekkefølgje, med mannen til slutt. Men problemet deira er at dei ikkje heilt har klart å få med seg mannen, like vel prøver dei å skulde på han, ved å bruke slike skjellsord på kven som helst, vanlege menn. Men det har seg slik at ormens klagemål mot menneska er så fundamentalt at vår einaste von er å ta vår tilflukt hos Herren og få berging på grunnlag av Jesus fullførde frelseverk.
Då er det umåteleg flaut at Krf prøver å skulde på den amerikanske presidenten, Trump, han har då vedkjent si tru på Kristus og søker med det hjelp hos han. Det er som om «Mor Israel» framleis vender seg bort frå Gud og driv hor med avgudane til folka rundt dei, driv hor med kongane på jorda (Joh.Opp.17-19) og så byrjar borna hennar å kalla dei pappa. Det er som om dei ikkje er vaksne nok til å ta ansvar for oppgåvene i sitt eige land og så byrjar dei å kalle den amerikanske presidenten for ektemann og pappa. Vil gi han skulda for problema dei sjølve har stelt i stand og få han til å ta ansvaret for dei. Det er som om dei enno ikkje har høyrt og forstått evangeliet om Kristus, at han døde på korset får våre synder, derfor må vi komme til han for å verte frelste.
Bodskap til ein fråfallen.
Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg først på henne Reella, så henne Virtuella og mange med dei og så tenkte eg meg at slik ville han gi meg ei frelst kvinne til kone, med velsigninga altså. Så når han svarde på mi bøn, kunne det godt vere på mi bøn for dei og då verkar det for meg som om ho Virtuella er fråfallen, men han kallar framleis på henne.
Husmøte 25.11&12.2.2023, sitat frå 2023.11.25&12.2. Jesus har sett framfor meg ei open dør og seier eg skal gå inn. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. :
Tyding av tungetale.
Ingelin sa ho hadde ein bodskap og spurde om å få komme med den. Då var eg snar med å starte opptaket på telefonen. Ho kom med tungetale og Anton tyda det:
«Jeg er Herren din Gud, jeg har aldrig forkastet deg. Du har forkastet deg sjølv fordi du har opnet opp for feile tankar om hvem jeg er. For jeg har tanker til fred, jeg har tanker til fremgang, jeg har tankar til frelse for deg. Gode tankar for deg, for din fremtid. Jeg har sett deg og jeg har kommet til å fullføre det. Frå du var eit foster, så visste jeg om alle dine dager. Jeg går med deg, jeg får foran deg, jeg går efter deg. Jeg har aldrig forkastet deg, du er min og jeg har kallt deg ved navn, du er min.
Endå så vil jeg la den Hellige Ånd komme over deg og endå ein gang vil jeg føre deg, endå ein gang vil jeg lede deg. Ja, jeg vil kalle deg på nytt til min nærhet, jeg vil kalle deg på nytt til min intimitet. Du ber meg komme til deg, men jeg ber deg komme til meg. Jeg er din frelser, jeg er deg nær. Jeg er like ved din side, men du har vendt meg bort fra deg og du strever i egen kraft. Jeg vil at du skal omvende deg og komme til meg, så du kan få hvile frå ditt strev. Jeg elsker deg, mitt elskede barn. Jeg vil løse deg ifra det som du tenker du kan fikse på ein måte sjølv. Men jeg vil løse deg og vise deg hvem jeg er. Kom nærerer meg, mitt elskede barn. Jeg elsker deg.»
Tungetale ved Ingelin, tyding ved Anton.
«Jeg er Herren din Gud, jeg har følgt deg gjennom et langt liv. Ja, eg skulle ynskje at du ville komme inn i min nærleik, i min favn. Eg vil ta deg, legge mine hender på deg og seie til deg; du mitt elskede barn. Men du har ein avstand til meg, dit og ikkje lenger. Du har ein fot hos meg, du har ein fot i verda. Men du mitt elskede barn, jeg taler med deg no. Det er som jeg har sagt, jeg har opnet en dør. Jeg vil at du skal komme inn i min fars hus. Du skal få kvile der. Du skal få ta av deg dine sko, du skal få ta av deg di jakke. Jeg skal føre deg inn i min Fars hus. Du er kommet hjem. Men du må bestemme. Jeg står i døropningen og tar imot deg. Jeg roper på deg. Jeg ser deg når du er langt borte. Du har så mye å streve med. Du har så mye å styre med. Du tenker i ditt sinn eg vil vente. Din sak er nok i orden. Nei, mitt barn, din sak er ikke i orden. Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»
I 2024-25 kom Elin Therese Slotten med mange profetiske bodskap som ho la ut på Youtube og eg oppfatta det som det var til meg. I 2026 kom ho med profetiske bodskap som små kort helsingar og så talte ho litt over det. 26.1.2026 kom ho med denne helsinga; «Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått.»
Ho kommenterte det og sa at umodne kristne kan krangle som ungar og det kan resultere i at du vert utstøtt fordi du er komen lengre og er meir moden. Då må du erkjenne at slik er det og så heve deg over det som den modne og voksne og vere overberande med dei.
Det har seg nok slik at ho Virtuella har forkasta Herren og derfor har ho forkasta meg også. Men Jesus har då gitt meg prestetenesta i den nye pakta. Soleis vert prestetenesta i den nye pakta forkasta og erstatta av noko anna i samfunnet, fordi der er så mykje verdslege maktinteresser av den, til samanlikning med striden om prestetenesta i Jerusalem i den gresk-syriske tida. Det høver med profetien
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Birger.
«Ja, eg har født deg på ny ved min Ande, seier Herren, og eg traktar, eg lengtar, eg begjærer den ånd som eg har lagt ned i ditt hjarte, seier Herren. Søk du meg, kom til meg. Men du dreg deg unna, du let deg fylle av alle moglege ting. Og den tida som eg lengtar etter, den gir du til andre, den gir du til andre arbeidsoppgåver, andre plikter, men meg let du gå forbi. Men eg kallar deg, eg vil ha deg, eg vil kjenne deg, eg vil ha deg i tilbeding. Eg vil ha ditt hjerte, seier Herren, så kom du til meg og søk du meg og eg skal fylle deg.
Min Ande skal igjen byrje å brenne i ditt hjarte. Eg vil lækje ditt fråfall, seier Herren, eg skal lækje ditt fråfall. Alle andre trur at det er rett med deg, at du lever, at du er brennande. Men du veit sjølv i ditt hjarte, at du er fråfallen, at du er lunken. Og du har mista relasjonen og kjærleiken til meg. La det igjen få komme igjen og bøye seg innfor meg og eg vil fylle deg med den Ande og den kjærleik som igjen vil gjere at dine hender løfter seg i tilbeding av meg, seier Herren.
Ja, eg skal forløyse min herlegdom over deg. Eg skal forløyse min herlegdom over din familie. Eg skal forløyse min herlegdom over din kyrkjelyd. Eg skal forløyse min herlegdom over Noreg som nasjon. Men du skal vere med, du skal få reise deg, du skal få innta din plass, du skal igjen få tilbe meg i ånd og i sanning, seier Herren. Og når du tilber meg i ånd og sanning, så vil eg utause av min Ande, seier Herren.»
Eg tenker meg at dette var til henne Virtuella, sjølv om ho sannsynleg vis ikkje var der, men det kunne vere til mange andre også.

