Ny Tid 102. Endetidssyn 78. Big Bang, utviklingslæra og skapingssoga. «Den Lovlause» eller Messias? 2. Korleis kan dei som kjempar for fridom, menneskerettar og demokrati hevde at vi ikkje har ein fri vilje? Til fridom har Kristus frigjort oss. Pass derfor på denne fridomen. 

Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.

Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege liv og vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land. 

Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.

I matematikken reknar vi det for intuitivt rett og sant at vi har ein fri vilje.

I realfag går forskinga ut på å formulere hypotese som vi tenker oss beskriver ein prosess,, så undersøker vi kva som skjer i prosessen, for å finne ut om hypotesa passar til å beskrive det som skjer. Dersom ikkje, vel vi ei ny hypotese og prøver den i staden. Vi kan fritt velgje hypotese, men sjølvsagt er det om å gjere å ha innsikt i kva som skjer i prosessen for å gjer eit godt val. Er hypotesa ein matematisk formel, treng vi innsikt i matematikken også. 

Så i matematikken og i den realfaglege forskinga reknar vi det for intuitivt rett og sant at vi har ein fri vilje, vi kan fritt velgje ein formel og rekne utifrå den og prøve å finne ut om den passar til å beskrive eit problem, ein prosess. Om den ikkje passar, kan vi fritt justere den eller velgje ein heilt annan formel og prøve den i staden. I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Vi kan til dømes spørje kor mange måtar vi kan velgje 4 kort frå ein kortstokk på 52. først har vi 52 val, så 51, så 50 og så 49. Då kan vi velje 4 kort på 52*51*50*49 måtar. Dette vert kalla talet på permutasjonar 4 frå eit utval av 52. Sannsynet for å velgje  fire kongar i ei bestemt rekkefølgje vert då 1:(52*51*50*49). Dersom rekkefølgja ikkje har noko å bety, må vi rekne med kor mange rekkefølger dei fire kongane kunne komme i, først kunne vi velgje 4 kongar, så tre, så 2 og så 1. Det er 1*2*3*4 moglegheiter. Å velgje fire kongar, når rekkefølgja ikkje betyr noko, kan vi då gjere på (49*50*51*52)/(1*2*3*4) . Det vert kalla talet på kombinasjonar. Spør vi i staden etter sannsynet for å trekke ein konge av 52 kort, det er 4/52. Då er der tre kongar att, så sannsynet for å trekke ein konge er 3/51, så blir det 2/50 og så 1/49. Sannsynet for å trekke fire kongar, når rekkefølgja ikkje har noko å bety, vert då (1*2*3*4)/(49*50*51*52) = 1 : talet på kombinasjonar.

Men dersom korta vert lagt ut over eit bord, slik at du ser alle korta og du kan framleis fritt velgje dei korta du sjølv vil, kva er det då som gjer skilnaden? Vil du velgje fire kongar, så gjer du det, vil du velgje dei i ei bestemt rekkefølgje, så gjer du det. Du var fri til å velgje i begge tilfelle, men det som gjer skilnaden, er at no er du informert, så du veit kva du vel. Dersom du vil ha fire kongar, så vel du det, fordi du er fri til å velje det.

Dersom nokon hevdar at du ikkje har ein fri vilje, må vel det bety at du må velgje noko anna i staden. Om du seier du vel hjarte-kongen, så vil dei hevde at du må seie noko anna i staden, kva då? Det som dei seier du skal velgje. Men då er det dei som vel og krev at dei skal gjere valet for deg. Soleis strir dette mot din fridom til å velgje, din ytringsfridom, menneskerett og demokrati.

Rasjonalisme med fri vilje. Mekanisk determinisme eller logisk deduksjon.

Rundt 1250 e.Kr. kom munken Thomas Aquinas med ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, som vart kalla thomismen. Den vart godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja. Aristoteles har vorte kalla logikkens far, men han gjorde den feilen at han brukte logikken på materielle ting, i staden for å bruke den på idear. Det var denne feilen som førde til at den Katolske Kyrkja gjekk imot pionerane i den nyt naturvitskapen, så dei kalla Galilei for ein kjettar og forfølgde han. Men han trudde på Kristus samtidig som han tenkte vitskapleg. Newton også trudde på Kristus og han utvikla ny matematikk som han brukte til utvikle og formulere klassisk mekanikk. På sine gamle dagar skreiv han ei bok om Daniels bok og Johannes Openberring.

Thomas Hobbes meinte at naturen består av små element, atom, som følgjer mekanikkens lover. Slik er det med vår tenking og vår tale også. Dermed var alt mekanisk førebestemt, så konklusjonen var at vi ikkje hadde fri vilje, fordi alt var førebestemt altså. Men er dette eit logisk gyldig resonnement då? Det er logikken som vert brukt på den fysiske naturen igjen og så vert den erstatta av mekaniske determinisme, tenker dei seg. Men kven kan seie kva determinismen skal føre til, i strid imot vår frie vilje og like vel hevde at det er rett? Styresmakta med sin moral- og politiske filosofi. Men det er då noko anna enn naturvitskap, mekanikken er då noko anna.

Meir generelt skilte rasjonalistane mellom ånd og materie, sjel og kropp, dei meinte der var ein psykofysisk dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibnitz) og konkluderte med at vi har fri vilje til å velje (Pascal). Alle desse tre er kjende matematikarar.

Dette har eg skrive om her:

«https://faith-and-entropy.com/2025/09/23/ny-tid-84-endetidssyn-59-frelse-og-frigjering-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg-og-komme-ut-i-dansen-med-dei-glade-for-han-er-herren-hennar-brudgom-og-ekte-mann-framstille-kyrkjelyden-f/»

«https://faith-and-entropy.com/2026/02/16/ny-tid-99-endetidssyn-75-harmageddon-og-gog-krigen-2/»

«https://faith-and-entropy.com/2024/08/18/renessanse-og-opplysningstid-kristendom-realfag-og-liberalisme-1/»

I 1873 kom James Clerk Maxwell med sin elektromagnetisme, med elektriske og magnetiske felt som kjem i tillegg til partiklane. Det er nok vesentleg det som gjer at dei no talar om eit fysikalistisk menneskesyn i stade for eit mekanisk menneskesyn og eit mekanistisk verdsbilete. Men også på grunn av kvantemakanikken, i den er det dualisme mellom partikkelnaturen og bylgjenaturen; Schrødingers bylgjelikning. Så spørst det om denne dualismen kan samsvare med Descartes psyko-fysiske dualisme. Det er mange som spekulerer i kva vår bevisstheit er for noko, om det er bylgjefunksjonen i Schrødingers bylgjelikning.

Her har eg skrive om kvantemekanikken: 

«https://faith-and-entropy.com/2023/12/02/evangeliet-og-det-mekanistiske-verdsbildet/»

«https://faith-and-entropy.com/2023/12/07/evangeliet-og-kvante-fysikken-guds-ord-bolgje-funksjonen/»

Vi kan seie at vi har dualisme mellom mekanisk determinisme og logisk deduksjon, men då er det vesentleg at vi har fri vilje til å velgje kva utgangspunkt vi tenker utifrå, med den logiske deduksjonen. Like vel er det mange som hevdar at mekanisk determinisme betyr at vi ikkje har fri vilje. Men når det kjem til kvantemekanikk og spørsmål om kva vår bevisstheit er for noko, vert dei ståande som nokre spørsmålsteikn. Dessutan, skal ikkje eit menneske sjølv kunne vite kva det vil? Dersom det er andre som hevdar dei skal kunne vite det for deg i staden, så blir det tydeleg at dei prøver å gjere seg sjølve til gudar for deg.

Brien Green er professor i matematikk og han engasjert seg i utvikling av strengteori i von om at det skal kunne sameine dei fysiske lovene i ei lov og sameine relativitetsteorien og kvantefysikken. Sitat frå

 «https://www.britannica.com/biography/Brian-Greene» :

Brian Greene (born February 9, 1963, New York, New York, U.S.) is an American physicist who greatly popularized string theorythrough his books and television programs.

Greene was drawn to mathematics at an early age. He could multiply 30-digit numbers before he entered kindergarten, and by sixth grade his math skills had advanced beyond the high-school level. He attendedHarvard University and graduated summa cum laude with a B.S. (1984) in physics. As a Rhodes scholar, he attended the University of Oxford, where he earned a physics Ph.D. (1987). He joined the physics faculty of Cornell University in Ithaca, New York, in 1990, and in 1996 he moved to Columbia University in New York City, where he became a full professor in both the physics and mathematics departments. At Columbia Greene held various other posts, including director of the Center for Theoretical Physics.

SITAT SLUTT.

Dei har ingen observasjonar til støtte for det, så det ser heller ut til å vere eit blindspor. Men i denne videosnutten seier han noko vesentleg om debatten om fri vilje:

«https://www.youtube.com/shorts/dLcDb6h7i6s»

Fysikk og nevrologi.

Nevrologen Robert Lawrence Kuhn syntest det var svært så spennande at Roger Penrose interesserte seg for nevrologi, hans bidrag er betydeleg. Så diskuterer dei om ein computer kan verte bevisst, nei, det er noko den vil mangle, men kva? Penrose seier at menneskets storehjerte ikkje er kalkulerande, mennesket forstår, men computeren kalkulerer og det er ein viss skilnad.

«https://www.youtube.com/watch?v=dlv8DVb6e0Q»

Leonard Susskind er ein av grunnleggarane av strengteori, sitat frå «https://en.wikipedia.org/wiki/Leonard_Susskind» :

Leonard Susskind (/ˈsʌskɪnd/; born June 16, 1940)[2][3] is an American theoretical physicist, professor of theoretical physics at Stanford University and founding director of the Stanford Institute for Theoretical Physics. His research interests are string theoryquantum field theoryquantum statistical mechanicsand quantum cosmology.[1] 

……..

Susskind is widely regarded as one of the fathers of string theory.[8] He was the first to give a precise string-theoretic interpretation of the holographic principle in 1995[9] and the first to introduce the idea of the string theory landscape in 2003.[10][11]

SITAT SLUTT.

Her er ein video der han talar om bevisstheita, den er delvis digitalt redigert, han er framleis i live, så han har moglegheit til å protestere om han meiner redigeringa er feil. Kven veit kor mykje han sjølv følgjer med på slikt, men der er sikkert mange andre som også har peiling og kan seie ifrå. 

Han gjer det klart at korrelasjon mellom bevisstheit og hjerne provar ikkje at det er hjerna som skaper bevisstheita, mykje tyder på at den er fundamental. Men dette høver då med psykofysisk dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibnitz). Påstanden om at bevisstheita er ein illusjon vert kalla «illusjonisme» (9:50). Når du trur du har ei subjektiv erfaring, så tek du feil, det er ein illusjon, det er berre det nevrale nettverket som kalkulerer. Det einaste vi veit med absolutt sikkerheit er at vi har bevisst erfaring (Til samanlikning med Descartes: «Eg tenker, altså er eg», 10:45). Det er noko som er som å sjå raudt, føle smerte og tenke ein tanke, det kan ein ikkje nekte for. Schrødingers katt (12:00). Er det bevisstheita som kollapsar bylgjefunksjonen? «Mange verden teorien» utelukker ikkje det. Mykje tyder på at bevisstheita er meir fundamental enn den fysiske naturen (17:00). Bindings-problemet: Farge, fasong og rørsle er representert i ulike område av hjerna, men vi veit ikkje korleis det vert bunde saman til oppfatninga av til dømes eit raudt eple (18:45). Fysikken er objektiv og inkluderer ikkje subjektivitet, derfor inkluderer den ikkje bevisstheita heller, til det trengst ny fysikk (22:00). 

«https://www.youtube.com/watch?v=F7LTV5KCuck»

Oversikt, sitat: 

Is consciousness really produced by your brain — or is that the biggest assumption in modern science? In this video, we explore one of the deepest and most debated questions in all of philosophy and neuroscience: the nature of consciousness itself. We break down the Hard Problem of Consciousness, first formulated by philosopher David Chalmers, which asks why physical brain processes produce subjective experience at all. We examine the Binding Problem — how your brain processes color, shape, and motion in completely separate regions, yet you experience everything as one unified perception. We also look at how quantum mechanics complicates the materialist picture, and why some of the world’s most serious thinkers have proposed that consciousness may be fundamental to reality rather than a byproduct of it. What We Discover: — Correlation between brain states and conscious experience does NOT prove the brain produces consciousness — The Hard Problem of Consciousness remains unsolved by neuroscience and may be unsolvable within a purely physical framework — The Binding Problem reveals a deep mismatch between the brain’s distributed architecture and the unity of conscious experience — Quantum mechanics introduces the observer in ways that mainstream physics still cannot fully resolve — Philosophers like Chalmers, Berkeley, Leibniz, and Whitehead have long argued for consciousness as a primary feature of reality — The “brain as receiver” hypothesis explains all known correlations without assuming production

SITAT SLUTT.

Han viser til masse kjelder, til dømes Roger Penrose: «The Emperor´s New Mind». Han talar om kvalia (6:30), sitat frå https://snl.no/kvalia :

Kvalia er kvalitative egenskaper ved våre erfaringer, det vil si, opplevde bevisste egenskaper. For eksempel er det slik at det å se noe rødt, smake et eple og føle smerte har en opplevelsesdimensjon ved seg; det er noe det oppleves som å ha slike erfaringer. Mentale tilstander av denne typen kan sies å ha kvalia.

……..

Kvalia presenter en utfordring for fysikalisme og funksjonalismefordi de synes å være ikke-reduserbare. Enkelte forkjempere av representasjonistiske teorier om bevissthet mener at deres forståelse av kvalia som intensjonelle egenskaper åpner for muligheten for en reduksjon.

SITAT SLUTT.

Einstein sa at Gud kastar ikkje med terningar. Nils Bohr meinte han tok feil i dette og Stephan Hawking sa at Gud var ein stor gamblar. I kvantefysikken er kausaliteten borte, så då kan vi vel ha fri vilje like vel? Her er ein videosnutt om denne debatten:

«https://www.youtube.com/shorts/ucIHmSnV_88»

«https://www.youtube.com/watch?v=xCwY36a19aQ&t=313s»

Richard Feynman var ein av grunnleggarane av kvantefysikken eller kanskje eg heller skal seia at han vidareutvikla den, til kvante-elektrodynamikk (QED). Sitat frå «https://snl.no/Richard_Feynman» :

Richard Feynman var en amerikansk fysiker. Han er spesielt kjent for sitt bidrag til utviklingen av kvanteelektrodynamikk (QED), et arbeid som førte til at han sammen med Sin-itiro Tomonaga og Julian Schwinger ble tildelt Nobelprisen i fysikk i 1965. I 1942–1945 var Feynman engasjert i arbeidet med den kjernefysiske bomba i Los Alamos. Fra 1945–1950 var han professor ved Cornell University, og fra 1950 professor ved California Institute of Technology.

Utvikling av kvanteelektrodynamikk

Feynman publiserte i 1948 for en teori for kvantemekanisk beskrivelse av prosesser innen elektrodynamikken, det vil si vekselvirkninger mellom elektronerpositroner og fotoner. Teorien, som er i overensstemmelse både med Albert Einsteins relativitetsteori og med James Clerk Maxwells elektrodynamikk, kalles vanligvis kvanteelektrodynamikk (QED).

SITAT SLUTT.

Feynmanns siste forelesing liknar på Descartes metodiske tvil og konkluderte med ei åtvaring mot å verte dogmatiske med våre vitskaplege teoriar. Det høver med det som eg har sagt og skrive om at vi skal ikkje forgude oss med vår kunnskap: 

«https://www.youtube.com/watch?v=_EgFfXjQtZY»

Feynman døde i 1988, men eg har kome over AI genererte videoar der han på grunnlag av sine dokument og videoar av forelesingar uttalar seg om seinare spekulasjonar om bylgjefunksjonen og bevisstheita, ved Wheeler, Penrose og Hammeroff, der han endåtil refererte til at Penrose fekk nobelprisen i fysikk i 2020. Dette byrjar å minne om å gjere han til helgen og forgude han. Kven sjekkar kjeldene og kven veit om han ville ha uttrykt seg slik, det vert då framstilt som om det er han som talar. I vår tid må vi sanneleg lære å passe oss for slikt. Den rette metoda må vel heller vere å gå til dei originale kjeldene, publikasjonar og forelesingar til Feynman, Wheeler, Penrose og Hammeroff.

Eg skreiv om desse problema her 

«https://faith-and-entropy.com/2024/12/08/entropilova-kollapsar-bylgjefunksjonen-likevel-tenker-vi-konstruktivt-for-a-fa-orden-i-tankelivet-er-det-ved-superponering-av-bylgjefunksjonar-er-det-bevisstheita-som-kollapsar-bylgjefunksjonen-ved/» og eg siterer:

KROPP OG SJEL, EFFERENT OG AFFERENT NERVESYSTEM.

Når vitskapsfolk (realistar) får spørsmål om kva bevisstheita vår er, svarar dei gjerne at det er den informasjonen vi får frå omgjevnadane gjennom sansane. Så det er å verte bevisst det fysiske miljøet vi lever i. Dette skjer gjennom afferent nervesystem, men det er berre eine halva av det perifere nervesystemet, den andre halva er efferent nervesystem, gjennom det vert det sendt signal frå sentralnervesystemet ut i kroppen  og så vidare til omgjevnadane, for ein stor del kan vi ha god tid til å tenke oss om, før vi sender signal til omgjevnadeane. Og når dei tenker seg om, vil dei vel gjerne innrømme at bevisstheita er noko meir enn informasjonen vi får gjennom sansane, du vert då bevisst om noko meir enn dette. Elles vil det høve bra med «myta» om at Newton sat ut i hagen og sola seg og så datt der eit eple i hovudet på han og med ein gang oppdaga han han gravitasjonslova og Newtons tre lover. Men vi veit at han utvikla differensialgeometrien for å komme fram til det og skreiv det ned i «Principa Matematica», som vert rekna vor å vere det største einskilde vitskaplege dokumentet som har vore skrive. Soleis er då bevisstheita nok langt meir enn det vi sansar.

Ja, bevisstheita er då noko anna enn det fysiske miljøet rundt deg, som du vert bevisst om, tinga rundt deg kan du ta og føle på, men bevisstheita kan du ikkje sanse slik. Så kva er bevisstheita? Der er ei hypotese om at den er bylgjefunksjonen, men så lenge vi lever og er sunne og friske, kollapsar ikkje tankane og ideane våre fordi dei kolliderer med eit måleinstrument. Det skjer berre ved hjerneskade og død. Det spørsmålet vi då sit igjen med er om vi har ei sjel og om den har evig liv. Både Platon og Aristoteles meinte at vi har sjel, Platon talte om sjela meir slik som Jesus gjorde, men Aristoteles talte om sjela meir som den biologiske naturen, noko liknande finn vi også i Bibelen, sidan den seier at sjela til dyret er i blodet og i Fork.3 talte Salomo om dyra som om dei også har ånd.

Sanse-reseptorar (sanse-mottakarar) vert stimulerte frå omgjevnadane, til samanlikning med måleinstrumentet som kollapsa bylgjefunksjonen. Mykje av informasjonen kjem som elektromagnetisk stråling, både synleg lys og varmestråling, vi kjenner varmen frå sollyset og frå ein stråleovn eller ein peis med ein lysande flamme. Dei elektromagnetiske bylgjene kollapsar og den energien i dei vert til varme som vi kjenner på kroppen. Då skulle det vel ikkje vere så rart om bylgjefunksjonen også kollapsar. Lyspartikkelen hadde ikkje kvileenergi, så i dette tilfellet forsvinn partikkelen også.

Sanse-reseptoren vart stimulert og sender eit signal med eit afferent nevron til ryggmargen og hjerna, slik sansar vi og får informasjon frå det fysiske miljøet rundt oss. Efferent nevron får signal frå sentralnervesystemet og sender dei vidare til to moglege nervesystem. Det eine er motor-systemet, det styrer musklane. Noko av dette er viljestyrt, som når du vel å løfte handa for å få komme til og seie noko eller du løfter hammaren for å slå spikaren på hovudet. Noko av det er ikkje viljestyrt, som når nokon slår på forkant av kneet og foten gjer eit lite spark, slik vert ryggmargsrefleksen testa.

Den andre moglegheita er at efferent nevron sender signal til autonomisk nervesystem, som kontrollerer glatte musklar og kjertlar. Der er det tre moglegheiter. I sympatetisk divisjon gjeld det å kjempe eller flykte. I parasympatetisk divisjon gjeld det å kvile og fordøye maten. I enterisk divisjon gjeld det å styre kjertlane som skil ut hormon.

Noko av motorsystemet er viljestyrt, då må vi vel også ha fri vilje, for at det skal fungere rett?! Like vel diskuterer mange lærde om vi har fri vilje, men då er det også eit definisjons-spørsmål kva dei meinar med fri vilje. Her må vi uansett vere på vakt og passe på fridomen vår.

Lat oss no tenke oss at du er i ei forsamling av menneske som snakkar om ei sak som du vert informert og vert bevisst om. Du tenker over saka vil seie noko om den, så du løfter handa til teikn på at du vil seie noko. Kanskje får du moglegheit til det, så du seier det du ville. Eller du har vorte bevisst om at du har ein snikkarjobb å gjere, så du løfter hammaren med handa, for å slå spikaren på hovudet. Mest sannsynleg treff du, men der er også ei moglegheit for at du bommar. Etter ein del læring med prøving og feiling, vert du ganske treffsikker og klarer å utføre det du hadde sett deg føre.

I dette tilfellet er det då så opplagt det du var bevisst om, det du sjølv tenkte og valde, som var årsak til det du sa og gjorde og det skjedde ved kollaps av bylgjefunksjonen. Slik er vår tenking og vår logikk, ja, slik er matematisk logikk! Då kan vi seie at det var bevisstheita di som kollapsa bylgjefunksjonen, den starta ein prosess av kollapsar, der den eine kollapsen førde til ein ny kollaps, så spørst det korleis bevisstheita di vart årsak til den første kollapsen. Ja, vi kan framleis spørje kva bevisstheita er, kva eksistens har den, kva er odontologien. Men det forandrar ikkje på denne logikken og tenkemåten, matematisk logikk og kombinatorikk er slik og det er rett.

 Der er ei hypotese om at den er bylgjefunksjonen, Penrose har vore talsmann for ei slik hypotese, han stilte spørsmål om kva bevisstheita kunne vere om ikkje den var bylgjefunsjonen og filosoferer over kollapsen av bylgjefunksjonen. Nokre meiner at den ikkje kollapsar så dei kjem ut med ein «mange verdener teori». Det er ikkje særleg realistisk, det verkar mest komisk. Men her skil Fedrico Faggin mellom bylgjefunksjonen som epistiomologi og som odontologi. I visse tilfelle finn vi den matematiske formelen, så det er epistomologi. Men odontologien handlar om kva som er eksistensen av den og han og mange andre tenker seg bevisstheita må postulerast og det må bylgjefunksjonen også og det kan vel vere same sak, same eksistens.  Federico tenker seg at vår bevisstheit og vårt tankeliv er ei superponering av mange byljefunksjonar, ei samanfiltring og superponering av alle byljefunksjonane i hjerna og dei kollapsar ikkje, sjølv om dei vert årsak til ein slik sekvens av kollapsar av byljefunksjonar, ved at du tek eit val og gjer ei handling.

Penrose, Faggin og Kastrup diskuterer dette i denne videoen:

«https://www.youtube.com/watch?v=0nOtLj8UYCw»

1:30 Faggin vil postulere bevisstheit og fri vilje.

32:00 Dei ler av «mange verdener-teorien», Penrose byrjar å tale om Wigners synspunkt og så vert det snakk om bylgjefunksjonen som epistomologi eller odontologi.

Vende om til Gud eller vende seg til avgudane? Kva vel du?

I denne videoen vert debatten om fri vilje framstilt som ein motsetnad mellom determinisme og liberalisme:

«https://www.youtube.com/watch?v=xCwY36a19aQ&t=313s»

Sam Harris er ein nevrolog som hevdar at vi ikkje har fri vilje, på grunn av mekaniske determinisme, fri vilje er ein illusjon. Fysikaren Michio Kaku, forklarar det mekanistiske verdenssynet/menneskesynet, han kallar det Newtons determinisme, men det er feil, for Newtons tenking var då ikkje determinisme. Han tenkte matematisk og logisk og resonnerte deduktivt, utvikla han teoriane for klassisk mekanikk, «Newtons Mekanikk». Men det betydde då ikkje at han sidan brukte mekanikken på si eiga tenking, den var då verkeleg ikkje avgrensa av slik determinisme!

Men «deterministane» synest å meine at sidan vi ikkje kan velje vår fortid, våre gen og vår karakter, så har vi ikkje fri vilje (1:40). Men det er usakleg for det er ikkje dette diskusjonen om fri vilje handlar om. 

Sidan du ikkje kan velje å vere ein annan enn den du er, altså. Men dersom det er du som har fri vilje, så er det som den du er, du har fri vilje som den du er og derfor må du ikkje prøve å gi deg ut for å vere ein annan enn den du er. Men kva er det for slags interesser som ligg bak dette då? Sannsynleg vis er det moralske autoritetar som hevdar og krev at du skal prøve å gjere deg sjølv til eit betre menneske. Det klarer du ganske riktig ikkje, om du prøver på det, vert det falskt og hyklerisk. Du lurer deg sjølv, kanskje klarer du å lure andre også ei stund, men det held ikkje. Men kven var det som sa at du skulle prøve på det då? Djevelen var nok den første som sa det, når han sa til kvinna at dersom det et av kunnskapstreet, så skal de verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Slik prøvde dei å forgude seg sjølve med sin eigen «kunnskap», men det heldt ikkje.

Dette minner om det tradisjonelle klasseskiljet, der makta til den herskande overklassa gjekk i arv. Langt tilbake i tid hevda den herskande familien at den ætta frå gudane, soleis hang makta deira saman med makta til religionen. Slik var det i jødedomen også, men så fall dei ifrå Gud og dyrka avgudane i staden. Underklassa kunne ikkje verte slik som gudane, så dei måtte berre finne seg i at gudane skulle ha makta over dei og dermed at den tradisjonelle overklassa skulle ha makta over dei.

Her vert det teke for gitt at det du av din eigen frie vilje vil, er å verte liksom gud, så du kan forandre på di fortid, dine gen og din karakter og kvifor det? Sikkert fordi det er tradisjonen frå syndefallet. Men sidan du ikkje er slik som Gud likevel, kan du ikkje det, altså har du ikkje fri vilje like vel. Men kven sa deg at det var det du ville då, var det du sjølv eller var det nokon annan? Er det ikkje berre å tenke sjølvstendig og tenke nytt om kva det er du sjølv vil og så velgje noko nytt. Dette er fundamentalistisk tenking og kvar skal vi få fundamentalt nye og betre tankar og idear ifrå?

Videoen held fram med å seia at fri vilje handlar om å tenke og fokusere. Slik tenker eg også, både når det gjeld mi tru på Kristus og når det gjeld mi interesse for realfag. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar og det er ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg, så eg innser at han er sanninga som set oss fri. Og når eg studerer realfag er det viktig for meg å velgje det og fokusere på det faglege.

9 minutt ut i videoen kjem Kaku med eit innlegg igjen, der han minner om at Einstein sa at Gud kastar ikkje med terningar, slik var hans kritikk av kvantefysikken. Men han tok feil i det. Då må vel kvantefysikken bety at på nokre måtar har vi fri vilje like vel. Ingen kan bestemme di framtid utifrå di fortid.

Psykoanalysa, jødedomen og kristendomen.

Freuds psykoanalyse går ut på at ein psykolog eller psykiater samtalar med ein pasient, for å finne ut kva som feilar han eller henne. Svært ofte kjem dei til at problemet er synd, spesielt på det seksuelle området. Når det vert oppdaga og erkjent, skal det vonleg føre til at pasienten får betre psykisk helse. På grunnlag av slike samtalar konkluderte Freud med at menneske vert motiverte av seksualitet og aggresjon. Det skulle vel høve bra med at livet er ein kamp for tilværet, slik som utviklingslæra seier, men vi tenker vel ikkje berre slik, vi har vel moral å rette oss etter, så ikkje vi vert lovlause? Men så sa han også at religion er avspora seksualitet. Ja, slik er det med avgudsdyrkinga, sjå til dømes i Rom.1. Han var jøde, venteleg var mange av pasientane hans jødar også. Profeten Jeremias profeterte om at deira fråfall gjorde at folket vart sjukt og det kom til å gå dei ille, ved at Gud straffa dei. 

Men her trengst den evangeliske forkynninga som vi ser i resten av Romarbrevet. Dersom vi vender om til Kristus og vedkjenner vår synd for han, så tilgjev han oss syndene og hans blod reinsar oss frå dei. Vi vert fylte av den Heilage Ande og så skal vi la den råde i vår døyelege lekam. Då kan vi bruke hans andre formulering av motivasjonen, at vi vert motiverte av livsdrifta og dødsdrifta, for vi skal sjå det slik at vi er krossfesta og døde med Kristus, så det svarar til dødsdrifta. Men Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, så det svarar til livsdrifta. 

Det minner om at Moses la fram for folket vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet. Jesus talte også til dei om vegen til livet og vegen til døden. Han døde i staden for dei og oss alle, for å berge oss frå vegen til døden og få oss inn på vegen til livet.

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Men det vi ser i vår tid, er at i staden for å vende om til Kristus, så vender dei seg til andre autoritetar i staden, så det blir tydeleg at dei prøver å få makt over menneska gjennom synda. Så menneska vert framleis dåra og forførde slik som ved syndefallet og slik som ved Israels fråfall. Eg meinar det er maktinteressene til Dyret og den falske profet og den Store Skjøkje som viser seg i dette (Joh.Op.13&17-19). Denne avgudsdyrkinga betyr at vanlege folk vert definerte som pasientar, som ikkje lengre får svare for seg sjølve, ikkje ein gong slik som pasienten fekk svare for seg i den psykoanalytiske metoda. «Behandlarane» vert som heksedokterar som tvert om er årsaka til sjukdomen og problema.

Til fridom har Kristus frigjort oss, då må vi passe på fridomen vår, ved å hugse på korleis han frigjorde oss og takke han for det.

Rom.5,1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.  2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk.  3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.  4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.  7 De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8 Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette.


Leave a comment