Frelse: Frelse frå fortapinga og få evig liv i staden. Frigjering frå trældomen under synda og avgudane. Frelse frå domen. I vona er vi frelste og vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt.
Gå med ein frigjerande bodskap.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå med ein frigjerande bodskap, det ordet som eg hadde omgitt meg med, var Jesu ord og det var ånd og liv. Ja, Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga og evangeliet. Og eg hevdar realfag høver med skapingssoga, så dette fungerer godt som ei teologisk og filosofisk overbygning for realistar, dei som studerer realfag, teknologi også. Og i januar 2009 får eg til Oslo og byrja på praktisk, pedagogisk undervisning for realistar.
Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og forstod det slik at han ville gi meg det, så no skulle ho verte frelst og fri, så ho kunne vere saman med meg i heimen og i kyrkjelyden, som kona mi. På eit møte i dFEF i M40 Oslo vitna eg om dette, for meg var dette å vedkjenne mi tru på Jesus og kjennast ved han for menneska, men der ville dei ikkje høyre på meg. Eg byrja å gå på møte i Maranata i staden, men 12.2.2011 var eg på møte i M40 igjen og då kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia, han kalla henne ut frå mørket, det hasta for henne å få eit nytt møte med han. Ja, han hadde sendt meg og var med meg og følgde opp med denne bodskapen, problemet var altså at til tross for den såkalla kvinnefrigjeringa var altså Sions Dotter framleis i denne trældomen.
I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Løgna. Som motsetnad til den er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
Jesus sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes kalla han Antikrist.
Joh.8,44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.
Samanlikning med profeten Elia.
No er det sesong for meg til å sitje i ro, til samanlikning med profeten Elia i øydemarka, når han bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Det var fordi Israels konge hadde leia folket i fråfall, så dei dyrka Baáls-gudane.
Eg skreiv om dette i mitt førre dokument også:
På møtet i Maranata, 13.6.2011, kom der ein bodskap der Jesus samanlikna meg med Elia i bergsprekka, etter at han hadde stått fram på Karmel, altså. Sitat frå
https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-06-13-m-no-er-stordomstida-til-jesu-kyrkje/ :
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
Del1:
«Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 7000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du på få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.
Del2:
Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, bli oppmuntra, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.»
Den sanne og levande Gud skaper og frelser ved sitt Ord.
Profetane sa til folket at gudane som var laga av stokk og stein ikkje var gudar, der var ikkje ånd i dei, dei var berre stokk og stein, dei gudane som ikkje hadde skapt himmel og jord, ikkje var gudar. Men den Gud som har skapt alle ting er ånd og kan høyre, tale og frelse.
Med tru skjønar vi at Gud har skapt all ting ved sitt ord, derfor er naturen forståeleg og når vi studerer realfag, prøver vi å forstå den, vi brukar metodene i realfag til å finne dei rette forklaringane, slik prøver vi å finne ut kva som er rett og sant. Då skulle vel dette høver med å søke Sanninga i Guds Ord!? Ja, men her er det også tale om at Gud frelser og skaper noko nytt, soleis får vi ei teologisk og filosofisk overbygning som høver godt for realistar.
Sitat frå
Hausten 1988 studerte eg realfag på Blindern og oppdaga henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne og ikkje kjende henne. Nokre dagar seinare leia og dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn, «der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for oss frå himmelen og sa det same til henne: «Der er ho». Og eg er viss på at ho også opplevde det. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, han salva henne med den Heilage Ande, så ho fekk denne openberringa og det opplevde eg også. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men hugsa på henne i mi ånd når eg bed til Gud i mi ånd.
Jesus sa eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg ynskjer så inderleg at han frelser henne og eg trur han gjer det, så eg vil takke han for det og glede meg i Herren. Det vonar eg ho også vil gjere. Ved å erkjenne at Kristus er Herre, vert vi frelste. At han er vår frelsar og Herre er for oss ei glede, så vi takkar og lovprisar han som vår frelsar og Herre. Først og fremst skal vi glede oss over at han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, Jesus vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Den skal også vere mellom mann og kvinne med tanke på eit kjærasteforhold og ekteskap, så dei kan seie at det er Gud som er kjærleiken mellom dei og som har skapt kjærleiksforholdet mellom dei, ja, skapt ekteskapet mellom dei. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det betyr lydnad, men det er då ei glede for både mannen og kvinna. Vi trur at Gud vekte Kristus opp frå dei døde og sannar at han er Herre og så lovpriser vi han som vår frelsar og Herre. Slik lyder vi han. Det var nettopp slik eg fekk oppleve at han openberra seg for meg. Dette vil eg halde fram med, så eg får oppleve meir av det.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han gir meg det og at det har å gjere med at han reiser opp si kyrkje ved sitt ord, slik som han sa i eit møte på Maranata sitt landsstemne 11.7.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ :
B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
SITAT SLUTT.
Denne bodskapen tok eg som svar på mi bøn for henne Reella. Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg trur han har gjort meg til kanal for si velsigning til henne og mange med henne. Så eg trur han har reist opp henne som si brud og mange med henne, som svar på mi bøn, spesielt for dei som studerer realfag, Jesus har byrja på eit storverk og vil fullføre det.
Dei som studerer realfag og teknologi må disiplinere seg og eg hevdar dette høver med å tru på Kristus og lyde han, det høver med prestetenesta i den nye pakt, for vi treng den nåden Gud gir oss i Kristus også. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Den kvila er utgangspunkt for all teneste.
Tru på Jesus, påkalle han og takke han som frelsar og Herre. Verte kjend med han, så vert vi kjende med Faderen. Kjennast ved han for menneska.
Eg vart opplærd til på tru på Jesus og påkalle han som frelsar og Herre og takke han for det fullførde frelseverket. Dette har eg skrive om her
Eg er oppvoksen i Kyrkja og vart tidleg med på bedehuset. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud (kyrkje) var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle ta vare på den fagre skatten som eg hadde fått i leirkar og kveike den nådegåva han hadde gitt meg og bruke det som eg hadde fått. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
SITAT SLUTT.
Jesus sa eg skulle bruke det som han har gitt meg, eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei opna dør, som ingen kunne lukke og han inviterte meg. Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/10/18/ny-tid-88-endetidssyn-63-satan-har-organisert-hatet-og-fiendskapen-mot-mannen-gjennom-synagoga-si-han-er-komen-berre-for-a-stele-slakte-og-oydelegge-men-jesus-er-komen-for-a-gi-meg-liv-og-overflo/ , sitat:
Møte i Maranata 30.10.2016, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/11/01/2016-10-30-maranata-herren-er-naer/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.
«For sjå eg har sett framfor deg ei open dør, der det er ingen som kan lukke den til. For det er eg Herren som har opna den opp. Og det er nettopp for ei tid som dette eg har utvalt deg. Derfor, så frykt ikkje mitt barn, sjå deg du ikkje engsteleg om. For det er eg Herren som er din Gud……..
……..
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
………..
Namnet «Satan» er hebraisk og betyr «Anklagaren» og i Jobs bok såg vi korleis han førde klagemål mot Job overfor Gud, utan at Job visste det eller hadde moglegheit til å svare for seg. Så slik fører han klagemål mot den einskilde. Men Jesus stilte seg sjølv i den posisjonen og det resulterte i at den rettferdige vart dømd, men det var eit justismord. Slik var han Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset.
……….
I det siste har vi ofte fått høyre om fiendskapen mot «mannen som har alt», spesielt den kvite mann og spesielt frå venstreradikale og «feministar». Det er nok først og fremst mot rike, kvite menn med makt, men det er noko meir enn det. Det er Satan som organiserer synagoga i strid mot menn som har vokse opp i den kristne kyrkja og trur på Kristus. «Mannen som har alt» betyr nok noko meir enn å vere rik på pengar og materielt gods, det kan også vere barnekåret hos Gud, med dei lovnadane det inneber.
SITAT SLUTT.
Bibelvers om frelse.
Frelse betyr å verte «frihalsa», å få halsen fri frå trældoms band, som Sions Dotter, som skulle frigjere seg frå trældomen i Babylonia. Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, kjøpe oss til seg, så vi skal tilhøyre han og leve for han.
Verte frelste for æva, få evig liv.
Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
Luk.10,17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
Faderen og Sonen
21 I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
Frelses-kjelda er gledeskjelda, har vi drukke av den, så skal vi halde fram med det, så vi lever av den.
Jes.12,2 Sjå, Gud er mi frelse,
eg er trygg og ottast ikkje.
For Herren er mi kraft og min styrke,
og han har vorte mi berging.
3 Med fagnad skal de ausa vatn
or frelseskjeldene.
Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
I vona er vi frelste og den gjer oss ikkje til skamme. Frelse frå vreiden og domen.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Heb.9,25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

