Ny Tid 89. Endetidssyn 64. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. 1. Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen. Rettargangen i Josjafat-dalen.

Bildete: Salomon tempel. Ved innviinga bad og takka han Gud. Han budde i himmelen og trengte ikkje at nokon laga hus til han, men Salomo bad han om å la namnet sitt bud der, så både dei og andre kunne vende seg til han der. Seinare bad kong Josjafat på liknande vis og bad om hjelp mot fienden og fekk det.

Evangeliet om Guds rike, platonsk realisme og rasjonalitet.

Gud er ånd og hans Ord og hans rike er ein åndeleg røyndom. Med tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, dei første greske natur-filosofane fekk denne tanken og eg reknar med dei fekk det frå jødedomen. Vi kan godt kalle det platonsk realisme, universalia som har eksistert sidan lenge før vi vart fødde og lenge før vi høyrde om det.

Vi må verte som born, ja fødast på nytt, av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Det som er født av Anden er ånd. Slik kjem vi inn i Guds rike og det kjem inni oss, så vi opplever det, den Heilage Ande openberrar det for oss, slik får vi ei åndeleg innsikt som vi godt kan kalle ein platonsk rasjonalitet, med det er først og fremst ved at vi trur Guds Ord med hjertet, så vi skjønar det med hjertet. Fordi den Heilage Ande openberrar det for oss.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Eg skal bruke det som Jesus har gitt meg.

I mitt førre dokument skreiv eg om at eg skal bruke det som Jesus har gitt meg, så dette kjem som ei fortsetting av det, sitat frå:

https://faith-and-entropy.com/2025/10/18/ny-tid-88-endetidssyn-63-satan-har-organisert-hatet-og-fiendskapen-mot-mannen-gjennom-synagoga-si-han-er-komen-berre-for-a-stele-slakte-og-oydelegge-men-jesus-er-komen-for-a-gi-meg-liv-og-overflo/ :

På møte i Filadelfia Ulsteinvik 22.8.2021 sa Jesus eg skulle ikkje sjå på det som eg ikkje har, men det som eg har og som han har gitt meg og bruke det. 

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

SITAT SLUTT.

Her er det tale om både naturgåve og nådegåve, men eg har fått Anden av berre nåde og skal la den råde i min døyelege lekam, så det vert den som bruker mine naturgåve også, eg skal bruke dei med Guds kraft, driven av den Heilage Ande. Det vert det referert til likninga om talentane, det er ei likning om himmelriket.

Matt.25,14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»  22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.  30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

Eg skreiv om at eg skal bruke det som Jesus har gitt meg, det er på grunnlag av forsoninga, Guds Ande gjer levande det som blodet har gitt meg. Dermed er dette fyrst og fremst ein åndeleg røyndom, noko som den Heilage Ande openberrar for meg.

1.Kor.2,6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:

Det auga ikkje såg,

det øyra ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp

i nokon mennesketanke,

alt det Gud har gjort ferdig

for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.  11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.  12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.  13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.  14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon.  16 For

kven kjende Herrens hug,

så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi hug.

Jesus sa til meg at det er berre med hans Ande, salving og kraft eg kan vinne siger, men med den har eg meir enn siger, for han som bur i meg er større enn han som er i verda. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt om. 

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  

Fylden av hans Ande, salving og kraft opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg var glad i, først henne Virtuella, så henne Reella. Eg vil seie det slik at krafta opplevde eg sterkast i lag med henne Virtuella, men salvinga opplevde eg klarast i lag med henne Reella, det var til samanlikning med når Samuel salva David til konge, det var fordi Gud såg til hjarte hans, han såg seg ut ein mann etter sitt hjerte og valde ut David. Så eg trur og vonar at Gud vil gi mykje fornying og leiing ved at han valde ut henne og salva henne. 

Eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei kone og trur Gud ville gi meg henne Vituella til kone. Eg fekk motstand, men så bad eg om å få henne Reella til kone og han svarde meg då også, så det verka på meg som han ville gi meg ei kone i stande for henne Virtuella, men eigentleg ei kone til. Saken er den at eg innsåg at eg trong hjelp i form av ei kone og det innsåg Jesus også, så han ville gi meg det, i samsvar med 1.Mos.2. Det er mi sak som han tek seg av og som eg skal komme til han med og gi meg heilt til han. Først ville han gi meg hjelp med henne Virtuella som kone og så med henne Reella som kone og eg innser og erkjenner at eg treng den hjelpa som han ville gi meg. Eg skal nytte meg av den, det må då vere i frelsekrafta, i Guds kraft, men også med visdomen og leiinga han gir oss med salvinga.

Den Duglause Hyrdingen.

I Sak.11 er det profetert om den Duglause Hyrdingen.

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

At folket fall i hendene på sin eigen konge hadde skjett før, kong Manasse drap ned mykje folk i Jerusalem, men det var ei synd Gud ikkje vill tilgi, derfor vert det slutt på «Davids falne hytte», Jerusalem vart hærteke og folket vart bortførde til Babylonia. 

Medan dei var i Babylonia profeterte Daniel om den vonde kongen som skulle sette opp den øydande styggedomen i Jerusalem. Det var Antiokus 4. Epifanes, folket Israel/Judea med Jerusalem fall i hendene på han så han drap mange av dei. Maccabear-brørne leia folket i ein motstandkamp og dei klarde på frigjere seg til slutt. Den siste av dei, Simeon, vart øvsteprest og hovding og det skulle gå i arv, inntil ein ny profet stod fram. Men dette var ikkje i samsvar med Mose-lova og profetien til Esekiel om kongens funksjon og øvstepresten si preste-teneste. Det vart slik at folket fall i hendene på sin eigen konge, slik vart politikken deira allereie under frigjeringskrigen. Det kan vere forklaringa på denne litt merkelege formuleringa i denne profetien, der Herren talar om det vonde som om det er noko han vil la skje, men då må det forståast som straff fordi dei ikkje ville høyre på han, når han tala vennleg til dei. I 103 f.Kr. var det ein av denne presteætta som vart konge. Men problemet var at både han og øvstepresten mangla salvinga, derfor var dei duglause hyrdingar.

I Daniels profeti om dyret med ti horn (Dan.7) er det fortalt at det skaut opp eit lite horn til, som vart så stort at tre horn fall av. Dette er Filip av Makedonai og son hans Aleksander den store. Filip angreip Hellas og vann over to av dei ti strategane, så vart det fredsavtale, der dei sa seg villige til å gå med han i krigen mot Persia. 

Eg tenker meg også at det var dei tre apostlane Peter, Jakob og Johannes, sidan det var tydeleg at Jesus valde dei ut som leiarar. Derfor såg Judas dei som rivalar og det høvde også med øvstepresten si interesse av å ta over leiarskapet, så han betalte Judas for å svike Jesus, det vart som å selge han for 30 sølvpengar (v. 12-13). 

Han baud seg atter som ein duglaus hyrding og då er det klart at det er den jødiske øvstepresten det er tale om. Profetien gjeld også for Paven i middelalderen, med avlatshandelen gjorde han folket til salsvare, så det vart som å gjæte slaktesauene for sauehandlarane.

Den Gode Hyrdingen.

Men Jesus var den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss til seg, så vi skal tilhøyre han. Det er berre på det grunnlaget vi får komme inn i Guds himmel.

Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,  15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.  18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.  20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»  21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

Dugande eller duglaus hyrding i dagens samfunn og vår nære historie.

Evangelisk og karismatisk vekking. Eller motstand?

Dei trufaste tenarane bukte talentane som husbonden hadde gitt dei og vann seg like mange talentar i tillegg. Men den duglause tenaren grov ned talenten sin (Matt.25,14-30). Eg tenker meg at slik er det også med den Duglause Hyrdingen, slik er det og blir det med prestar og predikantar som står imot den evangeliske og karismatiske forkynninga og vekkinga; dei grev ned talenten sin. Og det utartar seg slik at eg får motstand når eg vil bruke det som Gud har gitt meg, som at dei vil ta det frå meg, som om dei meinar eg ikkje har brukt talenten min og derfor skal ein annan få den i staden. Men eigentleg er det Djevelen som stadig vil ta ifrå meg det som Jesus har gitt meg. 

Nasjonal frigjering med demokrati eller sosialisme?

Keir Starmer, statsministeren i Storbritannia presterte å seie at urbefolkninga i England er fienden, som står imot fornyinga. 

Dette liknar på 

Sak.11,6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

Han talar om fornying, men spørsmålet bør vere om dei tvil ta imot fornyinga som Gud gir oss ved sitt Ord og sin Ande, dernest kven som står imot den fornyinga. Dette er også ein motsetnad mellom nasjonal frigjering med demokrati eller sosialisme.

Evangeliet om Guds rike skal forkynnast som den galde bodskapen både til einskildmenneske og til folk og nasjonar. Då hevdar eg det ikkje er akseptabelt å kalle urbefolkninga i eit land for fienden, same enten det er England, Thailand eller Rowanda. Vest-Romarriket braut saman under folkevandringane og det er tydeleg at i den siste tida har det vorte sata på folkevandring inn i dei vestlege demokratisk nasjonane for at dei skal bryte saman, så det har fungert som byrjinga på ein invasjon. 

Noko liknande såg vi i Israel i dommartida, då måtte dei vend om til Herren og be han om nåde og hjelp mot fienden og han høyrde dei og reiste opp ein dommar som leia dei i striden mot fienden, så dei fekk tilbake landet sitt. Dette var altså noko anna enn å ta seg av enker og farlause og den framande innvandraren, kven det no var.

Rettargangen i Josjafat-dalen, «lovprisingsdalen».

For den karismatiske rørsla var Joel.3,1 det sentrale bibelverset i det gamle testamentet og i det kapittelet er det også tale om rettargangen i Josjafatdalen.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

……..

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar. 

Herrens dom over folka

6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

I Joel.1-2 er det profetert om fienden frå nord, dei måtte vende seg til Herren i bøn og faste for å be han om å berge dei frå fienden. Det refererer til korleis kong Josjafat i Juda vende seg til Herren i bøn om at han ville berge han og folket frå fienden, så han leia dei inn i bøn og faste og vart bønhøyrd. Dei skulle først og fremst lovprise Herren, så han let eit songkor, med musikkinstrument, gå føre hæren mot fienden og dei vann på merkverdig vis.

2.Krøn.21,5  Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden, 6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.  7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?  8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa: 9 «Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»  10 Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.  11 Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige. 12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.

13 Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. 14 Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. 15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds. 16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. 17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han. 19 Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.

20 Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»  21 Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

22 Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne.  23 Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre. 24 Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna. 25 Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.

26 Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.  27 Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane. 28 Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus. 29 Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.  30 Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.

Til samanlikning skal vi no vende oss til Kristus og be han om nåde og hjelp og så lovprise han som vår frelsar og Herre, lovprise han for den sigeren som han allereie har vunne for oss, så skal vi i tru på han sigre saman med han. Vi skal kjennast ved han for menneska og fortelje dei om han. Personlege vitne om kva han er for den einskilde får stor betydning i dette.

Rettargangen i Josjafatdalen blir då slik som vi ser i 

Joh.16,1 Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. 2 Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. 3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. 4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

Talsmannen

Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»  6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.  14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013. Vi skal vitne om Jesus og overlate det til den Heilage Anden å overtyde verda om synd, dom og rettferd.

Innleiing ved Turid Miland.

Turid fortalde om at Herren kalla profeten Jonas til å gå til Ninive og forkynne Guds dom over byen. Men Jonas for med ein båt ut på havet i staden. Då kom det eit forrykande uver, det enda med at han vart kasta over bord og kom i fiskens buk. Fisken spydde han opp att på land. No gjekk Jona til Ninivi med bodskapen. 

Så las ho nokre vers om korleis det gjekk.

JON 3,4 – JON 3,10 Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: “Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!” 5   Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små. 6 Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet. 7   Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: “Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8 Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer. 9 Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.” 10   Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla.  

JON 4,1 – JON 4,11 {JONAS HARME OG GUDS NÅDE}  Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm. 2 Han bad til Herren: “Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma. 3 Men no, Herre, ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.” 4 Men Herren svara: “Har du grunn til å vera harm?” 5   Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen. 6 Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken. 7 Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna. 8 Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: “Eg vil heller døy enn leva.” 9   Men Gud sa til Jona: “Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?” Han svara: “Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.” 10 Då sa Herren: “Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. 11 Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?”  

Tale ved John Miland.

John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.

2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE}  Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5   Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]  

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»


One response to “Ny Tid 89. Endetidssyn 64. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. 1. Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen. Rettargangen i Josjafat-dalen.”

  1. Ny Tid 90. Endetidssyn 65. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For G Avatar

    […] utgyter sin Ande over alt kjøt. Så kjem rettssaka i Josjafatdalen (Joel.3). Kva er det? Ny Tid 89. Endetidssyn 64. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom men… Ny Tid 85. Endetidssyn 60. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og […]

    Like

Leave a comment