Biletet: Abraham fekk ofre eit lam i staden for sonen som han fekk som oppfylling av lovnaden.
Gud velsigna Abraham og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus, dei som velsignar han vert velsigna.
Gud skapte menneska og velsigna dei. Men syndefallet førde til forbanning og dødsdom. Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så Gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast. Det vart gjennom sonen som han fekk lovnad om, Isak. Men så sa Gud at han skulle ofre han og han sa seg villig til det, så det vart då ein demonstrasjon av at han trudde Gud hadde makt til å vekke han oppatt frå dei døde. Men så fekk han kontrabeskjed, han skulle ofre eit lam i staden. Det vart førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. For han var det Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som syndeoffer for oss, så han døde i staden for oss. Gud vekte han oppatt frå dei døde og tok han oppatt til himmelen og sette han ved si høgre hand. Så ved å tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Ved å velsigne han vert vi velsigna, vi får den velsigninga som var lova gjennom Abrahams ætt.
På patriarkane si tid var ikkje religionen organiser. Jobs bok fortel noko om korleis vanlege folk trudde og tenkte på den tida.
Abraham og Sara, småkongar og farao.
Når vi les om patriarkane, ser vi at der var andre menneske som hadde same trua eller ei liknande tru som dei, folk flest hadde i det minste høyrt om den. Men det var så pass lovlause tilstandar at når Abraham kom til Egypt, torde han ikkje sei at Sara var kona hans, for ho var så vakker at han frykta menn kunne komme til å drepe han for å få henne til kone. Så han bad henne om å få kalle henne syster si. Det gjekk rykte til faraos hus om at ho var så vakker, så han fekk henne henta til sitt hus. Men det gjekk dårleg, han fekk oppklart saka og kalla Abraham til seg for å hente henne. Slik gjekk det også når han kom til Negev. Det var fordi farao og kongen i Negev frykta Abrahams Gud og det hadde seg slik at han var den rett Gud for dei andre også.
1.Mos.12,17 Men Herren slo farao og huset hans med svære plager på grunn av Sarai, kona hans Abram. 18 Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort imot meg? Kvifor lét du meg ikkje vita at ho er kona di? 19 Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og far din veg!» 20 Og farao sette nokre menn til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.
1.Mos.20,1 Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar. 2 Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara. 3 Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.» 4 Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk? 5 Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.» 6 Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne. 7 Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»
8 Tidleg om morgonen kalla Abimelek til seg alle mennene sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene livande redde. 9 Så sende Abimelek bod etter Abraham og sa til han: «Kva er det du har gjort mot oss? Og kva vondt har eg gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over meg og riket mitt? Du har fare åt mot meg som ingen bør gjera.» 10 Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?» 11 Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld. 12 Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi. 13 Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»
14 Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si. 15 Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!» 16 Og til Sara sa han: «Sjå, eg gjev bror din tusen sekel sølv. Det skal vera ei ærebot for deg mellom alle som er saman med deg, og dermed får du full oppreising.»
17 Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og trælkvinnene hans, så dei kunne få born att. 18 For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek etter det som hende med Sara, kona hans Abraham.
I 1.Mos.14 kjem først ei historieskriving om at fire kongar gjekk til strid mot fem kongar, inkludert kongane i Sodoma og Gomorra. Dei tapte og Lot og familien hans vart krigsfangar. Men Abraham og folket hans sette etter dei og vann over dei og fridde ut Lot og familien hans.
1.Mos.14,17 Etter at Abram hadde vunne over Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, tok han på heimveg. Då kom kongen i Sodoma imot han til Slettedalen, som no heiter Kongsdalen. 18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Den Høgste Gud. 19 Han velsigna Abram og sa:
«Velsigna vere Abram av Den Høgste Gud,
han som skapte himmel og jord!
20 Lova vere Den Høgste Gud,
som har gjeve dine fiendar i di hand!»
Så gav Abram han tiend av alt.
21 Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du godset!» 22 Men Abram svara: «Eg retter opp handa til Herren, Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord: 23 Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje ha det å seia at du gjorde Abram rik. 24 Eg vil berre ha att for den maten folket åt. Og så vil eg at dei mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, skal få det dei har rett på.»
Melkisedek velsigna Abraham og i følgje Hebrearbrevet betydde det at han var «større» enn Abraham, han var større i Guds rike og i trua på han og poenget var Messias skulle vere øvsteprest etter Melkisedeks vis til evig tid, så han var større enn Abraham også (Heb.7).
Jobs bok, eit eldgammalt, poetisk meisterverk i verdslitteraturen og framleis aktuell.
I følgje Biblex er Jobs bok eit poetisk meisterverk i verdslitteraturen. Ingen veit kven som skreiv den eller nøyaktig når, men ramma rundt den ser ut til å høyre heime på patriarkane si tid. Job var ein rik sjeik, det vil seie at rikdomen hans vart målt i buskapen hans, ikkje i pengar. Han var mektig ved at han var ein mann som folk lytta til, også i byrådet. Familien hans budde i byen ein del av året, elles flytte dei rundt med buskapen.
I byrjinga av boka vert det fortalt at Guds søner steig fram for Gud og mellom dei var Satan, «Satan» er det hebraiske ordet for «Anklagaren».
Job.1,1 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. 7 «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan. 8 Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.» 9 Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.» 12 Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.
Job vart ruinert, men han let seg ikkje freiste, han heldt fram med å takke Gud. Satan prøvde seg igjen og fekk lov til å slå han med ein hudsjukdom. Men Job heldt fram med å vende seg til Gud med bøn og takk.
Så fekk han besøk av tre vener, av «den gamle vise garde» og etter deira religion, moral og ideologi skulle det gå vel med den gudlege og rettferdige og ikkje slik som dette, altså. Dei gav uttrykk for det i generelle ordelag og i denne samanheng verka det som klagemål mot Job, slik oppfatta han det. Men Job såg fram til at han skulle få møte Gud, som den siste skulle han stå fram på støvet. Det høver med vår lengsel etter Kristus, som vår frelsar og Herre.
Det som desse tre venene hans sa, verka som om det var Guds klagemål mot han, så han kom i forsvarsposisjon, så det verka til å freiste han til å komme med klagemål mot Gud. Så vi kan godt forstå at slik klarde Satan å gjere seg til denne verda sin gud. Men så var der ein fjerde yngre mann som merka seg det og tala han til rette på det. Så kom Gud og tala med Job og irettesette dei tre venene hans, av «den gamle vise garde».
Konklusjonen vart at ut i den ville naturen gjeld jungelens lov, det stemmer med naturvitskapen altså, dyra er fri, men med større risiko. Som husdyr er dei tryggare, men ikkje så fri. Nomadane opplevde motsetnaden mellom bylivet og den ville naturen, mellom sivilisasjonen og eit usivilisert liv. Sjølv om Leviatan på mange måtar var sterkare enn menneske, var dette lavmål for menneske. Så menneske trengde å vende seg til Gud i von om at han ville løfte dei opp på eit høgare nivå.
Men så vart den Lovlause sivilisert; Draken, Dyret og den Falske Profet og den Store Skjøkje.
Store kongar som vart karakterisert som «den Lovlause».
Seinare vart det meir og meir organisering av samfunn og religion, så då vart vel menneska meir og mir siviliserte, som motsetnad til å vere usiviliserte?! Men problemet var at dei også vart trælar under avgudar, som motsetnad til fridomen der ute. Det vart tydeleg at «den Lovlause der ute» også vart sivilisert og fekk stor makt som «den Lovlause».
Israel fekk store og mektige fiendar som dei dei rekna for å vere ugudlege og urettferdige, som om dei kalla dei for «den Lovlause». Men problemet deira var først og fremst deira eige fråfall, så det vart som om «den Lovlause» hadde vorte sivilisert både hos dei sjølve og hos fienden. Korleis kom det til å gå?
Profetien til Habakkuk.
Eit døme på dette er profeten Habakkuk, han profeterte om babylonarane. Det vart som om han kom med klagemål mot Herren, men var spent på kva han ville svare. Og han fekk det svaret at den rettferdige skal leve ved tru. Jorda skal fyllast med herlegdom, liksom vatnet dekkjer havsens botn.
Habakkuk.1,1 Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.
Klage over urettferd
2 Kor lenge, Herre, skal eg ropa
utan at du gjev meg svar,
klaga og skrika til deg om vald
utan at du frelser?
3 Kvifor lèt du meg sjå urett
og vera vitne til ulukke?
Eg ser berre øyding og vald,
det kjem til strid og trette.
4 Difor er lova maktlaus,
og retten vinn ikkje fram.
For gudlause kringset dei rettvise,
og dermed vert retten rengd.
Guds straffedom ved kaldearane
5 Gjev akt på folka, sjå dykk om,
mållause av undring!
For ei gjerning gjer eg i dykkar dagar
– de ville ikkje tru det om det vart fortalt!
6 Sjå, eg vekkjer kaldearane,
det harde og framfuse folket,
som fer så vide ikring på jorda
og tek framande bustader i eige.
7 Grufulle og skræmande er dei,
dei avgjer sjølve sin rett og si ære.
8 Deira hestar er raskare enn leopardar,
snøggare spring dei enn steppeulvar.
Deira hestfolk kjem i strykande tan,
deira ridehestar frå land langt borte.
Som ørna på jakt etter føde
9 kjem dei alle og vil gjera valdsverk.
Stridslystne går dei på,
dei samlar fangar som sand.
10 Dei spottar kongar
og har hovdingar til lått.
Dei ler åt kvar festning,
kastar opp ein voll og tek henne.
11 Så fer dei sin veg og vert borte som vinden.
Dei gjer sin eigen styrke til sin gud.
Kvifor har du tol med dei trulause?
12 Er ikkje du frå gamal tid,
Herre, min heilage Gud, du som aldri døyr?
Du, Herre, har sett dei til å straffa,
du, vårt berg, har sendt dei til å tukta.
13 Augo dine er for reine til å sjå på det vonde,
og ulukke orkar du ikkje å skoda.
Kvifor har du tol med dei trulause
og teier når gudlause sluker
dei som er rettferdigare enn dei sjølve?
14 Du gjer med mennesket som med fisken i sjøen,
som med kreket utan herre.
15 Dei dreg dei alle opp med krok,
og halar dei inn med not,
dei samlar dei i garnet.
Difor er dei jublande glade.
16 Difor ofrar dei til nota
og brenner røykjelse for garnet.
For feit er fangsten som desse gjev dei,
og nærande er føda.
17 Skal dei då alltid få tøma nota
og utan skånsel gjera ende på folkeslag?
Habakkuk.2, Den rettferdige og fienden
1 No vil eg stå på vakt,
stella meg på post og speida
og sjå kva han vil tala til meg,
kva han vil svara på mitt klagemål.
2 Då gav Herren meg dette svaret:
Skriv synet opp,
rita det inn på tavler,
så folk kan lesa det lett!
3 For synet ventar på si tid,
det jagar mot enden og slår ikkje feil.
Og om det dryer, så venta berre!
Det kjem for visst, det vert ikkje borte.
4 Sjå, frekk og uærleg er han.
Men den rettferdige skal leva ved si tru.
5 Rikdomen skal svikta den stolte,
han skal ikkje nå sitt mål.
Som dødsriket spilar han opp sitt gap,
umettande er han som døden.
Han sopar til seg alle folk
og samlar folkeslaga til seg.
Ve valdsmannen!
6 Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia:
«Ve den som samlar det andre eig
– kor lenge? –
som sopar til seg pantegods!»
7 Dine kravsmenn reiser seg brått,
dei som vil pressa deg, vaknar.
Då skal du verta eit rov for dei,
8 fordi du har plyndra mange folk.
Alle andre folk skal plyndra deg
fordi du tok menneskeblod,
gjorde vald mot landet,
mot byen og alle som bur der.
9 Ve den som samlar urett vinning i sitt hus,
fordi han vil leggja reiret sitt høgt
og berga seg frå ulukkehanda!
10 Du har lagt planar til skam for ditt hus
og gjort ende på mange folk;
du har forbrote ditt liv.
11 For steinen i muren skal ropa
og bjelken i treverket svara.
12 Ve den som byggjer ein by med bloddåd
og reiser ei borg med urett
13 – kjem ikkje dette frå Herren, Allhærs Gud? –
så folka må streva for elden
og folkeslaga slita for inkje!
14 For jorda skal fyllast
med kunnskap om Herrens herlegdom,
liksom vatnet dekkjer havsens botn.
15 Ve den som skjenker sin neste,
som blandar gift i drikken,
ja, gjer han drukken,
så han kan sjå hans nakne kropp.
16 Du vert mett av skam og ikkje av ære.
Så drikk du òg, og rag ikring!
Staupet i Herrens høgre hand
skal koma til deg,
og di ære skal gøymast av skam.
17 Di valdsferd mot Libanon
skal koma over deg sjølv.
Du skal knusast
fordi du mishandla dyr,
fordi du rende ut menneskeblod
og gjorde vald mot landet,
mot byen og alle som bur der.
18 Kva gagnar eit gudebilete,
om det er skore av ein meister?
Kva gagnar eit støypt bilete,
som gjev falske svar,
om meisteren lit på sitt verk,
dei mållause gudane han har laga?
19 Ve den som seier til stokken: «Vakna!»
– til ein mållaus stein: «Stå opp!»
Skulle han gje rettleiing?
Visst er han kledd i gull og sølv,
men ånd er det ikkje i han.
20 Herren er i sitt heilage tempel;
ver still for han, all jorda!
Profetien til Mika; urett i samfunnet vert straffa, men så skulle fredsriket komme ved Guds Messias.
Profeten Mika profeterte om urett frå dei rike og mektige som førde til økonomisk ruin for vanlege folk.
Mika.2,1 Ve dei som tenkjer ut urett
og emnar på vondt
medan dei ligg på si lege!
Dei set det i verk når det ljosnar av dag,
fordi det står i deira makt.
2 Dei trår etter marker og røvar dei,
etter hus og tek dei.
Dei slår under seg mann og hus,
bonden og hans eigedom.
3 Difor seier Herren:
Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,
den kan de aldri fria dykk frå.
De skal ikkje lenger gå stolte ikring,
for det vert ei vond tid.
4 Den dagen skal dei syngja ei nidvise
og setja i med ein klagesong over dykk.
«Det er ute med oss,» skal dei seia,
«vi er herja og øydelagde!
Jorda åt folket mitt skifter eigar.
Å, han har teke markene frå oss
og delt dei ut til fråfalne!»
5 Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd
som kastar lodd
og deler ut jord til andre.
6 «Hald opp med å preika!» seier dei.
«Ingen må preika så.
Tek skjellsorda aldri slutt?»
7 Korleis er det du talar, Jakobs hus?
Har Herren mist tolmodet?
Er det så han fer fram?
Har eg ikkje venlege ord
til dei som ferdast rett?
8 Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.
De dreg kappa av fredelege folk;
dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.
9 De driv kvinnene i folket mitt bort
frå heimane dei var glade i.
De har for alle tider
teke mi ære frå borna deira.
10 Stå opp og far bort herifrå!
Dette er ingen kvilestad,
for her er ureinskap
som valdar skade og tyning.
11 Kom det ein mann som fór med laust snakk
og tala lygn og svik:
«Eg spår for deg om vin og drikk»,
sjå, det var ein profet for dette folket!
Mika også profeterte om at dei skulle verte bortførde til Babylonia (Mika.4,9-10), men også at dei skulle få komme attende derifrå (Mika.2,12-13).
Mika.4, Fredsriket
1 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
3 Han skal døma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
4 Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, har tala.
5 Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren vår Guds namn.
Herren skal samla og leia folket sitt
6 Den dagen, lyder ordet frå Herren,
vil eg samla inn dei haltande,
kalla saman dei bortdrivne
og dei eg har fare ille med.
7 Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk,
og Herren skal vera konge over dei på Sion
frå no og til evig tid.
Israels frelse frå fangenskapet
8 Du Sions gjætartårn og vakthaug,
til deg skal det ein gong koma,
det herrevelde du hadde før,
kongemakta i Jerusalem.
……
……
Mika.6,8 Herren har då sagt deg, menneske,
kva godt er,
og kva han krev av deg:
At du skal gjera rett,
visa trufast kjærleik
og ferdast audmjukt med din Gud.
Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike og det er eit evig rike. Han er Messias, Guds salvevigde, han er den som døyper med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Slik tek han seg av interessene til ein mann som vil ha seg ei kone og ei kvinne som vil ha seg ein mann, så mann og kvinne får oppleve at Gud er kjærleik og skaper kjærleiksforholdet mellom dei, så det vert til ekteskap og familieliv. Dei skal ikkje bekymre seg for mat og klede, hus og heim, men søke først Guds rike og hans rettferd, så skal dei få alt det andre i tillegg til det. Slik er Guds rike grunnleggande for 1000-årsriket. Guds rike er fundamentalt og evig, det er og blir fundamentalt for 1000-årsriket, men dert er ikkje evig.
Profetien til apostelen Paulus.
Men igjen vart «den Lovlause» sivilisert hos jødane også, slik var fråfallet i den gamle pakta. Det vart tydeleg når dei avviste Kristus. Og Paulus profeterte om det som om det gjaldt kyrkja også.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Profetien til apostelen Johannes.
Ormen sin strategi er framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, lokke til seg kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Ved syndefallet klarde han det og mannen vart dømd til døden. Jorda vart bannlyst for hans skuld og dei vart utestengde frå Edens hage.
Vidare er det ormens strategi å føre klagemål mot mannen, slik vi såg i Jobs bok, det er så fundamentalt at mannen veit ikkje om det og har ikkje høve til å forsvare seg mot det, ikkje på annan måte enn å tru på Gud, slik som Abraham gjorde og slik som Job gjorde, be til han, takke han og gir seg sjølv til han.
I Johannes Openberring får vi vite at Draken gav Dyret makt.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.
Dette Dyret likna alle dei fire dyra i Dan.7, det var Babylonia, Media, Persia og det Greske Riket. Det betyr nok at det inkluderte dei same landområda, men også ein likskap i politikken. Men i Joh.13,11… er det fortalt om eit Dyr til, som tente det førte dyret. Merke på handa og panna refererer til
2.Mos.13,7 Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når. 8 Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt. 9 Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt. 10 Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»
1.Kong.10,14 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
Så det referer til fråfallet i den gamle pakt. Dette har eg skrive om her:
Dermed kan vi seie at Draken representerer makta i syndefallet og Dyret representerer makta i fråfallet i den gamle pakt, det gjer det andre Dyret også og det er tydeleg at dette vert kalla den falske profet i Joh.Op.19. Jesajas hadde profetert om at Gud ville gjere noko nytt, merka dei det ikkje? Jesus kom med dei nye, men dei avviste han. Det hadde seg nok slik at den Falske Profet framstilte det som at Dyret kom med det nye i staden, men det var lureri, det var å forkynne fråfall, så dei vart verande i det gamle.
Både dette og det som er sagt om den Store Skjøkje i Joh.Op.17-18 fortel om korleis fråfallet kom inn i kyrkja.
Alt skal prøvast på Guds Ord. Slik kan forføringane frå Draken, Dyret og den Falske Profet og den Store Skjøkje verte avslørt.
Vi skal kle oss i Guds full rustning eg eitt av våpena er Andens Sverd, som er Guds Ord. Då er det ikkje berre vi som brukar det, men Guds Ande brukar det samtidig som vi brukar det, så den brukar det saman med oss. Det må då vere på den måten at den openberrar Sanninga i Guds Ord for oss.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Gud er den han har sagt seg å vere, han er den same no som då han skapte alle ting og skapte livet på jorda og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.1-2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Når menneske ikkje vil godta dette, så avslører det forføring og vranglære frå Draken, Dyret, Den Falske Profet og den Store Skjøkje. Det kan verte påstand mot påstand. Kva så? Gud dømmer den Store Skjøkje slik som vi ser i Joh.Op.17-18. Jesus er Guds Ord, han kjem og dømmer Dyret og den Falske Profet. Og ein engel stig ned og bind Djevelen for 1000 år. Då vert 1000-års-riket oppretta (Joh.Op.19-20).

