Biletet: Dagrun Eriksen, nestleiar, Knut-Arild Hareide, leiar i Krf. Krf prøver å framstille seg som kristne leiarar men fungerer som forførarar. Dei prøver også å framstille seg som representantar for dei kristne, men det er som å fuske med stemmesetlane. Det har mange andre prøvt ut i kyrkja i hundrevis av år, ved å krenke ytringsfridomen for vanlege menneske. Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born, så dei skulle få leve i barnekåret hos Gud. Slik får vi, vanlege menneske, dei mest fundamentale menneskerettane. Men Krf følgjer opp ein tradisjon av å forakte dette, for soleis å framstille seg som ei lærd overklasse.
Matt.18,10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Innleiing.
Søke Herren av heile mitt hjarte og få oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik trur eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og då var det sjølvsagt fordi eg ville henne vel. Eg innsåg også at eg trengde det og trudde Jesus ville gi meg det, men var førebudd på at det vart kontroversielt, også i kristen miljø.
Eg har vore realist, samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge, til tider har eg kjent det som to ulike tenkemåtar og ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, trur eg at eg får det til å stemme, så eg får harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel, forstand og tru.
Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å lese i Bibelen sjølv og oppdaga at det høvde med Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og det stemte med lovnaden om at når Ordet ved trua smeltar samen med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga og evangeliet om Kristus og det ser vi i Heb.3-4 også. Soleis vert to tenkemåtar kombinerte og eg tenker meg at slik blir realfag og trua kombinert i same person. Å forstå at det er konsistent er og blir ei utfordring, men realfag handlar om det som Gud allereie har skapt, medan evangeliet fortel om det nye som Gud gjer. Og eg meinar det allereie har vorte fruktbart ved den realfaglege tenkinga og kunnskapen og kjem framleis til å vere det, så eg takkar eg Gud for det.
Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så venter eg at han vil komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Når han kjem meg til hjelp med si kraft, er det viktig for meg å bruke det som han har gitt meg. Dette har eg skrive om her:
Og eg tek med nokre sitat:
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Eg samanliknar det med enka som gjekk til profeten med det problemet at der kom ein mann og kravde å få sønene hennar til trælar.
……..
Jesus lova at dei som kjendest ved han for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og hans englar. Det torde eg ikkje, men eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde å teie stilt om, men eg vedkjende det for han i mi bøn og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvelege for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt, for det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i mitt hjerte.
Eg har fortsett å be slik som eg gjorde når eg var 9 år, så eg har framleis har mi barnetru. Den er så enkel at den kan virke dum, samanlikna med det som eg har lært seinare, men det betyr ikkje at den er feil eller ubetydeleg, men at den er fundamentalt viktig. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle leve, blomstre og bere frukt, samtidig som eg fekk lære mykje anna. Det har vorte mykje utdanning i samfunnet, folk er ekspertar på sine område, så dei kan fortelje og lære andre noko nytt. Men det avsannar ikkje evangeliet og erstattar ikkje vårt barnekår hos Gud. Kristus er kongars konge og herrars Herre og han er hovudet for kyrkja som er hans brud, Gud er vår Far, som elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han er vår formyndar.
Når vi skal lære eit fag, byrjar vi med det enkle og grunnleggande og bygger vidare på det. Faget kan verte vidareutvikla, slik at endåtil grunnsetningane vert justerte, men det har framleis sine grunnsetningar som det bygger vidare på og refererer til. Kanskje vil nokon som underviser for vidarekomne i faget påstå at dei grunnleggande læresetningane var forenklingar som ikkje var heilt rett, nåd skal du få lære meir avanserte formuleringar. Men han vil ikkje erstatte faget med noko anna. Men eg har ofte undra meg over at i kyrkja og kristne organisasjonar er der somme som meiner dei er så lærde at dei ikkje vil vita av barnetrua, kanskje endåtil straffe deg fordi du framleis har di barnetru.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om. Han sa at han la meg på altaret gang på gang, bodskapen 27.11.2022:
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik.
Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:
Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Samfunn omtala som mann og kvinne.
I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.
Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia.
Samanliknande politikk på grunnlag av filosofien, teologien og realfag.
Rett utgangspunkt og rett lære, i kristendomen som i matematikken. Det er då vel ikkje straffbart.
I matematikken har vi enkle, sjølvinnlysande utgangspunkt, «aksiom», å tenke ut ifrå. Når vi lærer meir matematikk, byrjar vi ikkje å vanvørde desse enkle utgangspunkta som om det var dumt og spotte og håne menneske fordi dei brukar dei, som om dei vil legge opp til å straffe dei for det. I staden brukar vi dei stadig. Til dømes at 1 er nøytralt under multiplikasjon, at vi får same resultat når vi multipliserer med 1, vi brukar det stadig, som når vi utvidar ein brøk, det vi eigentleg gjer er å multiplisere med 1, men vi skriv 1 på ein annan måte. Eller den distributive lov, a*(b+c) = a*b + a*c, vi brukar den stadig for å rekne ut noko eller gjere eit uttrykk enklare.
Men eg har ofte undra meg over at når vi vert opplærde i kristendom, frå vi var små born, så vart det fort noko som du skulle straffast for, ja, endåtil verte straffa fordi du lærde det som dei underviste. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vokse må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå det og komme inn i det. Men då verkar det som om mange vil spotte og håne oss for det og kanskje endåtil straffe oss for det. Men då skal vi berre halde fram med å velsigne og ta imot Kristus og vende oss til Faderen som hans barn, då får vi lære det som er rett og vranglæra vert avslørt.
Sidan eg var 9 år har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at eg skulle få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Jesus hadde teke imot meg slik, så eg sjølv gjorde meg liten som eit slikt barn og når eg vart glad i ei kristen jente, fekk eg oppleve at ho også var som eit slikt barn som han tok imot og som gjorde seg liten som eit slikt barn og eg yngste å få ta imot henne slik. Så både eg og ho skulle halde fram med å gjere oss små, som born som han tek i sin famn. Og eg forstår det slik at det er nettopp det han kallar meg til, han er den som tek seg av mi sak, derfor skal eg komme til han med den og gi meg heilt til han.
Faderen og Sonen lærer oss opp, Jesu salving lærer oss alt, han utruster oss ved sin Ande til å fortelje den galde bodskapen til andre og lære oss dei også i den kristne trua. Då vet vranglæra avslørt. Det er mange som har prøvt å bruke vitskapen mot Kristendomen, men så viser det seg at læra deira strir mot ekte vitskap også, den strir mot realfag og moderne teknologi.
I følgje Bibelen skapte Gud kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere i hjelp som høvde for han, han er den same og skaper oss framleis slik, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Konfirmasjonen er ein seremoni der konfirmantane skulle stadfeste dåpspakta, men kormange er det i kyrkja som veit kva dåpen eigentleg er for noko? Den markerer overgangen frå barn til voksen, då skulle den vere å lære dei å leve i barnekåret hos Gud når dei vart voksne også. Dette har eg skrive om her:
Rasjonalitet i realfag og kristendom, prøvd tru er meir verdifull enn reint gull.
Vi har rasjonalitet både i kristendommen og i realfag. Mange vert sikkert overraska over denne påstanden, for mange reknar visst rasjonalismen for å vere eit tilbakelagt stadium i filosofihistoria, spesielt sidan dei hevda at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst og konkluderte med den kristne trua ikkje hadde rasjonalitet. Men det beror på ei misforståing ved at dei fleste går i surr med definisjonen på realisme. Sitat frå
Den som hevdar at berre dei sanselege tinga eksisterer (nominalisme), må meine at vi berre kan vite noko om dei (empirisme). Men den som meiner vi berre kan vite noko om dei sanselege tinga (empirisme), påstår ikkje dermed at det ikkje finst noko meir enn det. Den som seier at det finst universalia (= realisme) vil også hevde at vi har evna til å erkjenne universalia (= rasjonalisme). For korleis kunne han elles tale om universalia?
…..
Det som sikkert er så rart for folk flest og for meg også, er at den filosofiske definisjonen er annleis enn korleis vi har brukt ordet i vår daglege tale, for når vi spør etter realisme er det oftast som motsetnad til noko som nokon berre har tenkt seg eller nokon trur på, inkludert den kristen trua. Men når vi trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så er det realisme etter den filosofiske definisjonen, det er platonsk realisme og dermed ekstrem realisme.
Dei som soleis er realistar, som erkjenner at der finst universalia, som Guds Ord, vil vel også hevde at dei er rasjonalistar ved at dei kan erkjenne det. Jau, ved å lest i Bibelen. Men er ikkje dette nominalisme då? For i det gamle testamentet får vi høyre om at profeten fekk oppleve at Guds Ord kom til han og det vart ein bodskap som han hadde å gå vidare med, til den det gjaldt, til alle eller forkynne det for kven som helst han møtte. Men då var vel det nominalisme?!
Men Kristus er Guds Ord og no har han sett seg ved Guds høgre hand i himmelen og når han strekker ut sin frelsar-arm til oss, får vi også oppleve at Guds Ord kjem til oss, han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
SITAT SLUTT.
Matematikken og vår tru på Gud, at han har skapt alle ting ved sitt Ord, er platonsk realisme og analytisk apriori kunnskap. Sidan vi har evne til å lære å forstå matematikk, har vi også rasjonalitet. Vi brukar matematikken til å beskrive naturen, men då må vi prøve oss fram for å finne den rette formelen til å beskrive prosessen, gjerne ved å stille opp eit eksperiment. Slik finn vi universalia i tingen, aristoteliske universalia, syntetisk aposteriori kunnskap. Men då har vi også rasjonalitet, for vi har lært å forstå noko universelt om den fysiske naturen.
Når vi ved nåden i Kristus får Guds Ande og Guds kjærleik og Guds Ord i våre hjerte, merkar vi at Guds Ord smeltar saman med oss i våre hjarte, det er som såkorn som byjar å spire og gro, livet er som ein plante som veks i oss. Då kan vi kalle det syntetisk apriori kunnskap. Det er noko vi opplever og erfarer, men det er ikkje av denne verda, Gud er i sin evige himmel og det er ifrå han, han er alfa, den fyrste, derfor kan vi kalle det apriori. Men han er også omega, den siste og det er han som strekker ut sin frelsararm for å frelse oss for æva og gi oss evig liv.
Trua som vi har i hjartet kan og må prøvast og den prøvde trua er meir dyrebar enn reint gull. Den sigrar over verda, så vi konkluderer med at den er ikkje avhengig av den skapte naturen som vi ser og sansar rundt oss, men er suveren over den, fordi Gud, hans Ord og hans Ande er suveren over den naturen han har skapt.
Alt skal prøvast på Guds Ord, slik blir det når vi går ut og vedkjenner Jesu namn for menneska og taler hans Ord, både i den kristne kyrkjelyden og ute i verda. Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande og då er ikkje det gamle eigna som motargument, eigentleg er det gamle daudt og skal bort og verte erstatta av det nye.
Realfag og moderne teknologi er sameinleg med det nye, men ikkje eiga til å opponere mot det nye. Mange vil sikkert hevde at det nye som vi forkynner må kunne prøvast på realfag og moderne teknologi, men mi tru er då allereie prøvd slik og eg har framleis ei levande tru, fordi Jesus er Guds Ord, han lever og er med meg.
Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og han var med meg og kalla Sions Dotter til å frigjere seg.
Jesus sende mg til Oslo med ein frigjerande bodskap, det var å tale Guds Ord og eg var førebudd på at det var noko som måtte prøvast på Guds Ord og det i den kristne forsamlinga, eg fekk motstand, men det var vranglære som avslørte seg sjølv, ved at den vart prøvt på Guds Ord. Men Jesus var med meg og kalla Sions Dotter til å frigjere seg.
Sitat frå ein av bodskapane i dFEF M40 12.2.2011
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.»
I desember same år kalla han Sions Dotter igjen til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han var Herren hennar brudgom og ektemann. Sitat frå
I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Respons som var nei til Herrens kall og finne på noko anna i staden.
Responsen var tydeleg vis nei til Herrens kall og dermed nei til meg også, sidan eg hadde sett min veg i Herrens hand.
Erklære krig mot Libya.
Dette har eg skrive meir om her:
Det har vorte påstått at norsk bistands-politikk var det sentrale motivet for norsk deltaking i krigen mot Libya, typisk Krf-politikk, altså og Krf sin nestleiar, Dagrunn Eriksen, framstilte det som at det var motivert av kvinnefrigjering. I ettertid har dette vorte vurdert som noko av det dummaste ein norsk politikar har prestert å lire ut av seg.
Ser vi det på bakgrunn av at tett før kalla Jesus Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut av mørket, så blir konklusjonen at ho framleis ikkje hadde valt å seie ja til det kallet, men framleis var i trældomen i mørket, for ho gjorde då ikkje det som Jesus hadde kalla henne til, men valde å gjere noko heilt anna i staden.
Sitat frå https://www.dagsavisen.no/kultur/propaganda/6705814 :
Dokumentaren «De gode bombene» viser spriket mellom løgnaktig retorikk og realitet. 16. mars 2011 advarte Gahr Støre mot intervensjon i Libya fordi det ville bety å ta part i en borgerkrig. Tre dager seinere snakket han varmt om å innføre demokrati ved hjelp av bomber. De, som er valgt til å ivareta våre interesser, gikk til angrep på Libya med F-16 kampfly, uten et eneste formelt og lovpålagt møte i forkant. Opposisjonen og verden sto samlet, fikk vi vite, selv om Tyskland, Russland, India, Kina og Brasil stemte blankt på FN`s resolusjon om militært engasjement. Gadaffi ba tvert om våpenhvile. En delegasjon fra AU, Afrikas union, var på vei til Libya for å føre fredsforhandlinger, men ble forhindret i å lande p.g.a. norske bombetokt, mens mediene formidlet scener av desperate mennesker som tigget om våpenhjelp i kampen mot en diktator, som brått var blitt ond. Gadaffi vil ta knekken på sitt eget folk, ble det utbasunert, og sånne basuner tror vi på.
Fra stortingets talestol snakket Kr. Folkepartis Dagrun Eriksen om «å skifte ut vilkårlig maktmisbruk og korrupsjon med menneskerettigheter, kvinneundertrykking med likeverd og fordommer med utdanning» mens norske fly bombet vilkårlig. Bare 25% av bombemålene var angitt. 75% skjedde etter pilotenes forgodtbefinnende til tross for at Norge har underskrevet Geneve-konvensjonen, der det står at sivilbefolkning, skoler, sykehus, religiøse forsamlingshus og vanlige boliger skal skånes i krig. “Fint øvelse for våre jagerpiloter,” sa Stoltenberg da nettopp det skjedde. Hverken Kirken, bistandsorganisasjonene, mediene eller opposisjonen hadde eller har innvendinger mot angrepet på Libya, men, som filmskaper Rolfsen uttrykker det; selv om vi hjemme overser egne synder ute, glemmer ikke islamske miljøer. Han henviser til Norges brudd på folkerett og folkevett.
SITAT SLUTT.
Sidan dei vraka Guds Ord, vart dette ikkje å dele nattverden men det vart som å skjenke eller verte skjenka av Herrens vreidevin i staden.
Jer.25 Babylonarkongen skal tukta Israel
1 Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia, 2 og som profeten Jeremia bar fram for heile Juda-folket og alle Jerusalems-buane. Han sa:
3 I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra. 4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra. 5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar. 6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk. 7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve.
8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære. 10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos. 11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år.
12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. 14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.
Staupet med Herrens vreidevin
15 Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det! 16 Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.
17 Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det: 18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag; 19 farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans, 20 alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod; 21 folket i Edom, Moab og Ammon, 22 alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet; 23 folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen; 24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka; 25 alle kongane i Simri, Elam og Media; 26 alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka.
27 Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir. 28 Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de! 29 For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Joh.Op.18,1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»
4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.» 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.
……
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia og komme ut av mørket. I Op.18,4 ser vi at det er for at ho ikkje skal verte medskuldig i syndene til den Store Skjøkje. Gjorde ho det? Høyrde ho på Guds Ord og følgde kallet? Uansett er domen over den Store Skjøkje allereie oppskriven, det er berre å lese vidare, det er Guds Ord og han står bak sitt Ord.
Krf gjorde det i alle fall ikkje med denne krigserklæringa mot Libya. Dei vil gjerne framstille seg som kristen leiarar, som representantar for dei kristne, for kristne kyrkjelydar og organisasjonar, men dette er ikkje å framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud (2.Kor.11,3), slik som Paulus gjorde og lærde, men heller å framstille henne for ei styremakt som ein hore, som ei dotter av den Store Skjøkje, som dreiv hor med kongane rundt om på jorda. Det er ein grunn til at eg har slutta å gå på møte i slike kyrkjelydar, både pinsekyrkjer og bedehus.
Krf-leiaren gjekk i Pride-tog.
Sommaren 2016 gjekk Krf-leiaren, Knut-Arild Hareide og kona hans gjekk i Pride-tog, som om det no var Krf sin respons på at Kristus hadde kalla Sions Dotter ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, fordi han var Herren hennar brudgom og ektemann?! Er det nokon som forstår «logikken» i det? Det måtte vel vere at Herren vart forstått som ein konkurrent til mannen om kvinna, så mannen tapte den konkurransen og derfor måtte han finne på noko anna. Men eigentleg er det Dyret som går til strid mot Guds salvevigde, både dei to tempelvitna og Messias. Dei to tempelvitna i den gamle pakt var allereie rydja vekk, men Jesus var Messias, den salvevigde som døypte med den Heilage Ande, som soleis gjord menneske til Guds tenarar, salva av den Heilage Ande, slik kom dei to tempelvitna i funksjon igjen i den nye pakta. Men Dyret gjekk til strid mot dei og den striden merkar vi framleis.
Joh.Op.11,3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.
7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
Og her gjorde altså Krf det klart at dei var med i striden mot dei to tempelvitna, dei vraka Guds Ord og gjekk til strid mot Guds salvevigde altså.
Men dette Dyret er tydeleg vis det same Dyret som vi les om i Joh.Op.17 og det set Guds Ord i verk og dei som trur på Jesus og er trugen mot han, vinn over det.
Joh.17,11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
Gå over frå mørkets rike til Guds rike.
Vere i mørkets rike eller komme inn i lyset og gå over i Guds rike. Bodskap i Maranata 10.5.2009.
På mitt første møte i Maranata (10.5.2009) kom der ein bodskap om nettopp det, sitat frå
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Mørkets rike, avgudsdyrkinga, Babylon, den Store Skjøkje, Dyrets rike. Kommentar til bodskap i Maranata 10.5.2009.
Eg tenker meg at mørkets rike er Dyrets rike, som er omtala i
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.
Babylon, den Store Skjøkje.
I bodskapen 10.5.2009 var det tale om mørkets rike og i bodskapen 12.2.2011 kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia og var i mørke. Det har nok å gjere med den Store Skjøkje som er omtale i Joh.17-18, ho dreiv hor med kongane rundt om på jorda, ho dyrka dei som gudar altså. Og det heng saman med at dei dyrka avgudar av stokk og stein, derfor vart det mørkt i menneska sine hjarte. Framand-gjeringa i marxismen går ut på at det som menneska lagar med sine eigne hender, vert til gudar for dei, fordi dei ikkje forstår seg på teknologien som ligg bak. Men den vesentlege årsaka til det er at dei har vendt seg bort frå den sanne og levande Gud.
Platon meinte der fanst usynlege universelle idear, universalia, dette høver med trua på Israels Gud, at han var fysisk usynleg, men hadde skapt alle ting ved sitt Ord, ein usynleg ide som også høver med Platons tru på det godes ide. Aristoteles meinte at universalia finst berre i tingen. Dette er bakgrunnen for universaliestriden i middelalderen. Tomas Aquinas meinte der fanst universalia før tingen, i tingen og etter tingen og sidan talte Kant om tingen i seg sjølv og tingen slik som han sansa den og oppfatta den. Men den store feilen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting og ein levande skapning som eit menneske. Vi kan samanlikne det med å skape seg gudar av stokk og stein, men profetane i det gamle testamentet hadde då for lengst sagt at der var ikkje ånd i dei. Og Paulus sa at det vart mørkt i menneskehjarto fordi dei dyrka avgudane, i staden for å dyrke den levande og sanne Gud.
Rom.1,18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. 27 På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt.
28 Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29 Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. 30 Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. 31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta. 32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.
Draken, Djevelen, forføringa og det fundamentale klagemålet mot menneska.
Djevelens strategi er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med, lokke dei til synd, for så å føre klagemål mot dei. Men hans klagemål mot mennesket er så fundamentalt at han stig fram for Gud med det utan at dei veit om det, slik vi ser i Jobs bok. Han kan sikkert formulere det på mange måtar, men det er tydeleg at i vår tid formulerer han det som påstand om rasisme og fasisme. Så mange formulerer slagord som anti-rasisme og anti-fasisme, men det vert gjerne berre ein alternativ form for rasisme og fascisme.
Det som vi har å stille opp mot slike fundamentale klagemål er trua på Gud som har skapt alle ting med sitt Ord, han er alfa og Omega, den første og den siste, så han og hans Ord, hans Ande og hans rike er mest fundamentalt.
Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod.
Jesus sa at han var døra inn til sauene, dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar. Han sleppt dei ut, tjuven kom for å stele, slakte og øydelegge, men han var den gode hyrdingen, som var komen for at vi skulle ha liv og overflod.
Joh.10,7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
No har det vorte klart at Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge (Joh.Op.13,1-3). Elin Therese Slotten har profetert om det, sitat frå
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av di overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Dette er då svar på den enkle bøna eg har bedt sidan eg var ein gutunge, ho har kome med mange slike bodskapar som eg oppfattar som svar på den bøna, det må eg berre tru på og takke Jesus for. Slik oppfatta eg også forkynninga og bodskapane som Finn Arne Lauvås kom med.
Klart eg får motstand frå Dyret og den falske profet, dette har eg skrive om her:
Finn-Arne Lauvås har forkynt at vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen (Jesus kyrkje), men han har fått motstand frå den falske profet, som tente Dyret. Vi som trur at Jesus er Messias, trur at han kom for å oppfylle lova og profetane, inkludert profetien om at han skulle komme og stå på oljeberget (Sak.14). Mesteparten av jødane trur ikkje det, så dei ventar framleis på at han skal komme og oppfylle profetien i Sak.14. Mange kristen ventar at han skal komme att slik etter at han har henta si brud, slik skal han komme og gjenopprette riket for Israel og opprette tusenårsriket, det er ein del av det tradisjonelle endetidssynet hos pinsevennane som vert kalla hushaldningslæra. Og så vert det til at dei ventar seg at han skal komme att slik i staden for å komme til oss, som si brud. Så dei blir som dei fem uvituge brurmøyane, som motsetnad til dei fem vituge, som ventar seg at brudgomen kjem til oss som sin kyrkjelyd og si brud, så dei går han i møte, som dei fem vituge brurmøyane.
Dei som held seg til hushaldningslæra reknar seg for å vere så lærde og vise at dei foraktar barnetrua mi og barnekåret eg har fått hos Gud, så dei ikkje vil vita av bøna som eg har bedt sidan eg var ein gutunge, nektar for at Jesus har høyrt den og framleis høyrer den. Men det er å fornekte Faderen og Sonen, som Antikrist altså. Dei som har kome med så mykje profetiar om Antikrist, at det florerer som fantasering, står meir fram som profetar i teneste for Antikrist, ved at dei ventar seg at profetiane skal slå til. Slik står dei meir fram som den Falske profet i teneste for Dyret. Slik får eg motstand frå den Lovlause i den kristne kyrkjelyden (2.Tess.2).
Dette har eg skrive om her:
Sitat:
DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997
Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:
«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.
Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.»
Maranata 14.6.2009. Frelsa er ei gave, klippen er revna, vert ikkje træl for menneske.
På eit møte i Maranata igjen, sa Jesu til meg at frelsa er ei gave, så vert ikkje træl for menneske, klippen er revna og der har vi alt vi treng. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-06-14-m-vert-ikkje-trael-for-menneske/ :
Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Eg skal vere ikledd Jesu rettferd, så eg får vere med på å feire Lammets bryllaup. Slik vert eg også utrusta til å forkynne denne glade bodskapen til andre. Kommentar til bodskapen 14.6.2009.
Eg ser denne bodskapen som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, det er inkludert i det fullføre frelseverket. Anden gjer meg levande og den gjer levande det som blodet har gitt meg, den gjer henne levande også, som kjærasten min og kona mi. Jesus stod oppatt frå dei døde, slik at eg for evig skulle verte ikledd hans rettferd, det er rettferdig at ho vert kona mi, fordi det er rettferdig at kyrkja er og blir hans brud. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, elskar han henne gjennom meg som si brud og det heng saman med at han elskar si kyrkje som si brud. Eg er ikledd hans rettferd, så slik er eg kledd til å vere med på å feire Lammets bryllaup.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Frelsa er ei gåve, den er Guds utstakte arme til oss, så vi har moglegheit til å ta imot og verte frelste for æva og få evig liv. Gud er kjærleik, vi har moglegheit til å ta imot den og oppleve den. Då blir det slik at vi elskar fordi han elska oss først.
1.Joh.1,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Dei som vel å ikkje ta imot, vert verande i mørket og det vert deira eige ansvar.
Verte fylte av Guds salving og kraft. Møte i Maranata 12.10.2014.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Guds Ord er spirekraftig og eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet. Møte i Maranatha 29.3.2015.
Tore hadde vorte minna om eit bibelvers og las ifrå Jak1:
JAK 1,19 – JAK 1,22 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.
Han hadde vorte minna om vers 21b: ” ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar”.
Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Jesus har ikkje gløymt Norge, men vil utgyte sin Ande over folk og land. Har folket vit til å ta imot? To bodskapar på Maranatas Landsstemne.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For jeg er ikke kommet for å trykke ned noen mennesker, men jeg er kommet for å løfte opp. Og jeg vil løfte deg opp på et sted hvor du aldri har vært. Du skal få oppleve og erfare nye sider ved meg, som du bare har hørt om, du har hatt det i drømmer, du har sett det for deg. Men du har aldri følt at du har vært god nok til å nå opp til disse tingene. Men i kveld kan du få lov til å komme, fordi jeg har overøst deg med min friske olje. Derfor så skal du få lov til å springe over murene i kveld. Du skal få lov til å fryde deg og glede deg i meg, som du aldri før har gjort. Og du skal kjenne salvelsen, det bryter hvert eneste åk. Derfor kan du komme, prise mitt navn og søke meg av hele ditt hjerte. Så skal du få kjenne kraften, som jeg innehar, og det er all makt som jeg har. Halleluja.
For ikke kan du klare dette i egen kraft, ikke ved egne gjerninger, ikke ved egne prestasjoner, men når mitt Ord treffer ditt hjerte, når mitt ord fyller opp i din ånd, så skal du få kjenne at du blir en djerv kjempe i mitt rike. Derfor så skal få lov til å erfare at sannelig, den tid heretter, så skal du få se at du bærer mer frukt enn noen gang før. Derfor reiser jeg opp mitt legeme i denne tid. Derfor skal du få kjenne at den profetiske røst, den skal ikke stilne, nei, den skal høres klart og tydelig. Derfor, så skal du bare åpne din munn vidt opp og jeg, Herren, skal fylle den. For jeg vil ta hånd om mitt legeme, for jeg er hodet for mitt legeme, jeg vil legemet ha det godt i alle ting og være ved god helse. Så søk meg, så skal du finne meg. Kall på meg på nødens dag og rop til meg, så skal jeg svare deg. Jeg vil komme og møte deg, jeg vil komme med min miskunnhet, for du vil bli overøst av min friske olje.
For slik har jeg møtt mitt folk oppigjennom, hele veien, jeg ser på dem og jeg ser deres nød, slik som jeg alltid har gjort, så vil jeg stige ned til dem og virke iblant dem. Jeg vil reise deg opp, jeg vil ikke knekke et knekket rør, jeg vil fylle deg, på innsiden, i ditt liv og du skal kjenne ilden ifra himmelen treffe din ånd og du skal gå ut herifra, med ild i ditt hjerte og ild i din barm og forvandlet og nytt sinn, så du ser på fienden med triumf og glede. Halleluja, i Jesu navn.
For jeg er den samme. Slik som jeg har møtt mitt folk, alltid så har jeg møtt opp, alltid så har jeg vert der. Men vær ikke avhengige av mennesker, men bli avhengig av meg. Jeg er Herren din Gud, jeg er signetringen, jeg er den jeg sier meg å være. Det lød ifrå korset, ifra min egen munn, det er fullbrakt. Og det gjelder for deg, det gjelder for din vandring. Det gjelder for din familie, det gjelder for hele nasjonen Norge. Derfor, så sett dine øyne på meg, så skal du få se og erfare at Norge skal oppleve en vind ifrå himmelen. Atter en gang, jeg har ikke glemt Norge, jeg har ikke glemt menigheter, utaskjærs, jeg har ikke glemt bygdene, som kan se forlatte ut. Men jeg kjenner hver kone, jeg kjenner hver mann og enda en gang så skal jeg blåse med min ånde over Norge, som nasjon, sier Herren, den eneste sanne Gud. Halleluja»
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Inge.
«Du har alltid synst og sagt at det har vært så vanskelig, sier Herren. Men det er ikke vanskelig, for det vanskelige, det gjorde jeg, på Golgata kors. Så for deg så er det ikke noe som handler om å være vanskelig lengre, sier Herren. Fordi at jeg gjorde jobben, jeg banet veien og i dag, så har du muligheten, ja, igjen sier Herren, så har du muligheten til å komme inn, tett inntil meg, for at jeg skal få frelse deg, for at jeg skal få røre ved deg, for at jeg kan få helbrede deg, sier Herren.
Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til med, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.
Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»
Kommentar 28.9.2025.
I januar 2024 byrja Elin Therese Slotten å komme med profetiske bodskap på facebook og youtube og eg oppdaga at slik tala Jesu til meg. Han sa at no var det sesong for meg til å sitje i ro, til samanlikning med Elia som bad om at det ikkje skulle regne på tre år og eit halvt år (18.3.2024). Seinare sa ho som ein bodskap frå Herren at han gjer sitt vek med deg i kulissane. No verka det som om ho sa bodskapen meir med sine eigen ord, kanskje som om ho sjølv visste kva ho snakka om, men det er uansett ikkje av betinga eller avgrensa av det. Slike bodskapar er best eigna til å høyre på direkten, så det ikkje vert så mykje skriving eller sortering i kva som skal skrivast, her er den:
Her er ein slik bodskap til, som minner oss om å be om det same, som om vi maser på Gud vår Fader, som om vi var masete ungar, altså (det var mine ord)?!
Eg forventar at eg skal kunne prate med andre menneske på ein vitug og forstandig måte og at dei skal forså kva eg seier, aller helt utan at det skulle verte ei heil masse styr ut av det, som eigentleg ikkje har noko med saka å gjere. Og eit barn må då kunne snakke med far sin og få oppleve at der vert ein god forståing mellom dei. Når eit barn ber far sin om eit egg, kan det vel forvente å få det også, det kan vel vere trygg på at det i alle fall ikkje får ein skorpion i staden.
Men vi har kome til erkjenning av Sanninga og skal vere trufast mot den. Vi skal halde fram med å erkjenne Jesu namn for menneska og så skal vi tilbe Gud i ånd og Sanning.
Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»
Jesus sa ho skulle hente mannen sin, men ho svarde som sant var at ho hadde ingen mann, for ho hadde hatt fire menn og den ho hadde no, var ikkje hennar mann. Men eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var eig gutunge og ventar at han vil gi meg det, så ho i Sanning kan seie at eg er mannen hennar og vi kan tilbe Gud saman, i ånd og Sanning, for Kristus er vår frelsar og Herre, han er Sanninga som set oss fri.
Eg skreiv ned slike bodskapar som kom på dette stemnet som vanleg og kommenterte litt også, sjølv om eg ikkje var på stemnet. Det er tydeleg at bodskapen laurdag 12.7 er svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge. Eg tenkte på å kommentere meir, men kom til at det skulle eg ikkje, spesielt sidan eg ikkje var på stemnet, dette var då først og fremst til dei som var på stemnet, så det var då først og fremst til dei og det var først og fremst dei som måtte respondere på det ved å ta imot kallet og komme til Herren.
Men eg vil sitere siste avsnittet i siste bodskapen på siste møtet, søndag 13.7:
«Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»
Kom berre til Jesus, få eit nytt møte med han, så du vert i stand til å vitne om han.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ein liten gutunge og han har svart meg på det, han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Då kan eg vel i det minst vone og drøyme om at han kallar henne til seg slik som vi høyrde i denne bodskapen, der han sa: «…, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»
Så eg ventar meg at ho kjem til Kristus, som hans brud, det er hennar nye natur og identitet og det er identiteten til kyrkja som er hans brud. Det kan vere mange som, liksom Sions dotter, treng å få eit nytt møte med han, så dei får oppleve at han reiser dei opp som si brud, så dei vert i stand til å vitne om han, så dei går ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren deira brudgom og ektemann. Kyrkja som er Jesu burd, skal verte i stand til å vitne om han slik.
Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
Soleis ynskjer eg å framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud, slik som Paulus sa og gjorde.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Jesu kall var: «….. kom no berre til meg ….». Men problemet er at det er så mange kristen leiarar som meinar og hevdar at dei kristne skal komme til dei i tillegg eller kanskje endåtil i staden for å komme til Kristus. Men då vert det eit spørsmål om å forstå kva dåpen er for noko og dermed å forstå kva det vil seie å verte frelst.
1.Kor.1,12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
Krf rekrutterer frå pinsekyrkjer og bedehus og så viser det seg at mange reknar det nær sagt som sjølvsagt at dei som går i slike kyrkjer stemmer Krf, det viste seg tydeleg ved at dei rekna Konservativt for å vere ein unaturleg konkurrent. Når nokon kjem med bønnebehov verkar det som om dei tek det for gitt at vi skal gå vidare med det til Krf eventuelt til Konservativt. Men for meg har ikkje det noko med saka å gjere, eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg heilt til han, eg skal komme berre til Jesus. Men når dei i staden framstiller det som om vi alle skal komme til Krf i tillegg og kanskje endå til som erstatning, så er det ein god grunn for meg til å slutte å gå på slike møte. Dei gjer kyrkjelyden til ei korrupt hore som driv hor med kongen. Den Store Skjøkja er mora til slike horer.
Joh.Op.17,4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. 5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.
Men Gud gir ikkje si ære til nokon annan.
Jesaja.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, så det er berre å ta imot, av berre nåde. Då får vi oppleve frelsa, så den vert ei syntetisk apriori erkjenning som gjer oss verkeleg glade, vona gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande, vi får ein ny song i vårt hjerte og vår munn, så vi lovpriser Gud og Lammet for frelsa. Slik vert vi også i stand til å forkynne den glade bodskapen om Jesus, Guds Son, vidare til andre. Då er det ein person vi fortel om, Kristus, han har gjort Faderen kjend for oss.
Eg skal få sjå Jesu frelse over mitt liv og min familie.
Jesus har sagt eg skal få sjå hans frelse over mitt liv og min familie. Bodskapen 13.1.2024, du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Liknande formuleringar var der også i bodskapen 12.7.2025:
Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For jeg er ikke kommet for å trykke ned noen mennesker, men jeg er kommet for å løfte opp. Og jeg vil løfte deg opp på et sted hvor du aldri har vært. Du skal få oppleve og erfare nye sider ved meg, som du bare har hørt om, du har hatt det i drømmer, du har sett det for deg. Men du har aldri følt at du har vært god nok til å nå opp til disse tingene. Men i kveld kan du få lov til å komme, fordi jeg har overøst deg med min friske olje. Derfor så skal du få lov til å springe over murene i kveld. Du skal få lov til å fryde deg og glede deg i meg, som du aldri før har gjort. Og du skal kjenne salvelsen, det bryter hvert eneste åk. Derfor kan du komme, prise mitt navn og søke meg av hele ditt hjerte. Så skal du få kjenne kraften, som jeg innehar, og det er all makt som jeg har. Halleluja.
For ikke kan du klare dette i egen kraft, ikke ved egne gjerninger, ikke ved egne prestasjoner, men når mitt Ord treffer ditt hjerte, når mitt ord fyller opp i din ånd, så skal du få kjenne at du blir en djerv kjempe i mitt rike. …….
For jeg er den samme. Slik som jeg har møtt mitt folk, alltid så har jeg møtt opp, alltid så har jeg vert der. Men vær ikke avhengige av mennesker, men bli avhengig av meg. Jeg er Herren din Gud, jeg er signetringen, jeg er den jeg sier meg å være. Det lød ifrå korset, ifra min egen munn, det er fullbrakt. Og det gjelder for deg, det gjelder for din vandring. Det gjelder for din familie, det gjelder for hele nasjonen Norge. Derfor, så sett dine øyne på meg, så skal du få se og erfare at Norge skal oppleve en vind ifrå himmelen. ……
Jesus sa han ikkje var komen for å trykke ned nokon, eg oppfatta det som at det var sikte til henne Virtuella og då tenker eg på henne som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Vona om Gud herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt, slik vart ho ein lovsang som Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Det var ein draum Gud gav meg og som han hadde ein plan og vilje med. Det var noko Jesus gav meg av berre nåde, så eg fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk i mitt hjerte ved sitt Ord og sin Ande. Dermed var det eit eige tankesystem, ved sidan av at eg studerte realfag. I det eg bøygde meg for Kristus og audmjuka meg for han, gjekk det godt an å ha begge tankesystema.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studerer realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Han sa også at han gir ikkje si ære til nokon annan. Eg hadde tenkt meg at eg måtte skjerpe meg med å gjere ein innsats i studiane og konsentrere meg om dei istaden for å tenke på dette, men eigentleg var det Gud som kom meg til hjelp med si kraft og den trengde eg. Han sa eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva eg måtte overlate til Gud å gjere.
Eg trur Jesus tal om denne lovsangen som ein draum han gav meg i følgjane tre bodskapar gjennom Elin, sitat frå
https://blessings-from-heaven.com/2024/07/08/2024-06-26-eg-vil-smykke-deg-med-mine-gaver-elt/ :
«Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg.»
«Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen.»
Sitat frå
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Ja, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, for vi får oppleve at det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Då kan vi vel trygt kalle det syntetisk apriori erkjenning, for det ber god frukt og får konsekvensar for våre liv her på jorda, eg skal få oppleve hans frelse over mitt liv og min familie. Sentralt i dette er at eg bad Jesus gi meg ei frels kvinne til kone og han gir meg det, så det blir ein fysisk realitet, i heimen og i kyrkjelyden.
Lovsongen og draumen, Jesus vil høyre di stemme.
Jesus døde for deg, så dyrebar er du for han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 9.10.2024.
Her er bodskapen slik ho sjølv skreiv den:
«Du ser på dine arr og dine sår og tenker; hvem vil ha meg og hvordan kan jeg bli brukt av Gud som er så ødelagt? Mitt barn jeg vil ha deg! Du er like verdifull for meg sånn som du er i dag med alle dine arr og sår, som du var den dagen du ble født og var ren og uskyldig. Du er dyrebar for meg. Jeg døde for deg med alle dine arr og sår og smerte. I mine øyne er du vakker og verdifull. Jeg er alltid der med åpne armer for deg, klar for å tilgi og rense bort alt det gamle. Hos meg får du blanke ark. Jeg ønske å bruke deg også, mitt barn. Du som føler deg så liten og ødelagt. Jeg er mektig til å sette alle ødelagte brikker tilbake på sin rette plass igjen. Jeg har gitt deg mitt løfte i mitt ord. «Vi vet at alt tjener til det gode for dem som elsker Gud, dem han har kalt etter sin frie vilje.» Romerne 8:28 N11BMhttps://bible.com/bible/29/rom.8.28.N… Jeg er mektig til å snu om på alt det som djevelen mente til det onde i ditt liv og bruke det til min ære. Du vil bli brukt av meg om du er villig. Om du sier ja til meg, så sier jeg ja til deg, mitt barn med alle dine sår og mangler. Kom til meg akkurat sånn som du er og jeg vil gi deg et nytt liv, der du vil se min herlighet og min glede og min fred vil fylle deg. Du er skapt med en hensikt og du er skapt for meg. Du gir meg så stor en glede. Du er min skatt. Mitt hjerte. Du er viktig og spesiell akkurat sånn som du er. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn!»
Lovsongen og draumen.
Eg tenker meg at bodskapen 9.10 var til henne Virtuella. Når vi gjekk på gymnaset, spelte ho gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som Faderen elska og hadde omsorg for og som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
No talar eg om henne som fødd av livsens vatn og Ande og det som er fødet av Anden er ånd, så ved fylden av den Heilage Ande, vart ho ein lovsong Gud la ned i meg. Hausten 1985 sa Jesus til meg: « Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»
I år har Elin profetert om den draumen Gud gav meg, eg heldt fast på draumen lenge, men så gav eg opp og tenkte det var berre noko som eg tenkte meg. Ja, det var i alle fall ei relevant problemstilling. Men Elin profeterte vidare om at det var Jesus som gav meg draumen og at han ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Så eg konkluderte med at draumen var ein profeti som Jesus vil la gå i oppfylling. Det er ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande.
Jesus vil høyre di stemme.
Etter at denne bodskapen om lovsongen min kom, kanskje to-tre veker seinare, kom der ein bodskap der Jesus sa at i æva, framfor hans tone, der skal di stemme også høyrast og eg forstod det slik at det var lovsongen til Gud og Lammet for frelsa. Eg stuss litt på om dette var meint til meg eller henne Virtuella, kanskje begge.
No kan eg vel konkludere med at det var i alle fall til henne Virtuella, ho var ein lovsong og det har også å gjere med at det var ein lovsong Gud hadde gitt meg. Så han vil høyre hennar stemme, hennar lovsong. Han er Messias, han er brudgomen som har bruda, han vil kalle henne til seg som si brud, så ho får eit nytt møte med han. Det kan også seiast på den måten at ho var ein draum som Jesus hadde gitt meg og han vil at eg skal ta fram att den draumen og drøyme stort med han.
Høgsongen fortel om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og hans brud og det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, både som den einskilde kvinne og kyrkja som er hans brud.
Høgsongen.2,8 Høyr, det er min ven.
Sjå der, han kjem
springande over heiane,
hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen,
han liknar den unge hjort.
Sjå, der står han bortmed husveggen;
han glytter inn gjennom gluggen
og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords og seier:
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes,
regnet har kvorve.
12 Blomane sprett på vollane;
songtida er komen,
og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta på vintreet raudnar,
og det angar av vintre i blom.
Stå opp, min hugnad!
Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due på berghylla,
i livd under flogbratte fjell,
lat meg få sjå din skapnad,
lat meg få høyra ditt mæle!
For di røyst er så mjuk
og din skapnad så fager.
Sidan eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, ynskjer eg at han skal kalle henne til seg slik.
Romarriket, frå republikk til keisardømme. Korleis gjekk det med klassekampen og demokratiet?
Romarriket var republikk der underklassa med sin klassekamp klarde å tvinge fram demokratiske rettar. I den andre Punar-krigen mista småbøndene eigedomane sine i Sør-Italia og kravde å få dei tilbake. Men då vart det borgarkrig og så vart det keisardømme. Dette har eg skrive om og samanlikna med utviklinga i Hellas og Israel, sitat frå
Roma starta også som eit jordbrukssamfunn, rundt Tiber-mynnet. Det var ei av dei beste hamnene på vestkysten av Italia. Skip sigla opp til vadestaden, som var knutepunkt i samferdsla mellom nord og sør. Dei måtte vere førebudd på angrep frå naboane, der var nokre haugar som var lett å forsvare, så landsbyane gjekk saman om eit forsvarssamband som vart Roma. I sør var latinarane, i nord var etruskarane, det var eit mektig kulturfolk som hadde kome frå landa nord for Alpane og var sterkt påverka av den greske kulturen i Sør-Italia. Rundt 600 f.Kr tok etruskarane makta, men i 509 klarde dei å frigjere seg. Kongedømmet vart avskipa og dei fekk republikk med to konsular, valde for eitt år om gongen. Dei delte makta med folketinget og senatet. Folketinget valde embetsmenn, m.a. konsulane, det hadde rett til å godkjenne eller vrake lovforslag, men ikkje rett til å komme med lovforslag.
Patrisarane (aristokratane) hadde mest makt, berre dei sat i senatet og kunne vere embetsmenn. Dei hadde makta i folketinget også, for røysteretten var gradert etter eigedomen. Plebeiarane (allmugen; vanlege folk) var så å seie rettslause, for det fanst ikkje skrivne lover og det var patrisarane som dømde. Men i striden mot ytre fiendar måtte patrisarane støtte seg på plebeiarane. Dei truga med å flytte frå byen, slik tvinga dei fram eine retten etter den andre. Den første store sigeren var folketribun-embetet. Folketribunen kunne legge ned veto mot lovforslag. Så kravde dei at lovene skulle skrivast ned. Senatet var eit råd av tidlegare embetsmenn, men no fekk plebeiarane også tilgang. Slik var klassekampen moderat og den vart viktig som ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket. Kring midten av 300-talet f.Kr. hadde plebeiarane dei same politiske rettane som partrisiarane.
Sør-Italia var eit fattig jordbruksland, adelsmennene arbeidde på åkrane sjølve. Men dei greske byane (koloniane) i Sør-Italia hadde drive lønsam handel med Middelhavs-landa. Då romarane la under seg Sør-Italia overtok dei denne handelen, så det vaks fram ei overklasse av rike handelsmenn, ved sida av jordeigar-adelen. Då låg det vel an til ei liknande konflikt mellom desse to overklassene, slik som det hadde vore i Hellas?
Fønikarane hadde grunnlagt Kartago og dei puniske krigane var tre langdryge krigar mellom Roma og Kartago, inntil Kartago vart jamna med jorda i 146 f.Kr. I den andre puniske krigen hadde hærane frå Hannibal frå Kartago herja i Sør-Italia, så gardane vart liggande aude og den frie bondestanden vart uttevla av rike godseigarar som kunne drive gardane med leiglendingar eller slavar. Tidlegare frie bønder kom inn til Roma som arbeidslause proletarar, så dei byrja med kornutdeling.
Statthaldarane kravde inn skatt, men var så korrupte at dei tente seg rike på eitt år. Alt dett gjorde at klasseskilnaden vart større og det vart ei sak for folketribunen. Tiberius Graccus vart folketribun i 133 f.Kr, han var påverka av dei greske tankane om fridom og folkestyre. Han ville føre dei arbeidslause proletarane tilbake til jorda og reise oppatt ein sjølvstendig bondestand. Han fekk nya oppatt ei gammal lov om at ein einskild mann kunne ha berre ei viss mengde statsjord, hadde nokon meir, skulle staten ta att det som var til overs og dele det opp i småbruk for fattigfolk. Det fekk mykje motstand, men vart like vel gjennomført. Tiberius stilte til attval, noko som vart mot lova, då vart det strid i gatene og han og 300 tilhengjarar vart drepne.
I 123 vart bror hans Gaius Graccus folketribun, så reformplanane fortsette, til tross for motstand frå Senatet. Sidan prøvde han å verte vald til folketribun for 121, men då vart det sett ut løn for å drepe han, så han tok sitt eige liv. 2-300 av venene hans vart drepne og sidan vart 3000 avretta utan lov og dom. Dei beste reformene til Gaius vart omgjorde, jordutdelinga stansa. Men no hadde folkepartiet lært, i striden mot senatspartiet mått vald møtast med vald. Slik starta borgarkrigane. Senatspartiet vann under hærføraren Sulla, dermed vann Senatet att den gamle makta si, folketinget og folketribunen fekk mindre makt.
Marius var ein dyktig hærførar og han let proletarar verte leigesoldatar i hæren sin, dei svor truskap mot hærføraren i staden for Roma, då kunne dei lettare verte eit reiskap for han, mot staten, om han det ville.
Cæsar meinte at senatet ikkje greidde å styre det store riket, stadig skifte av embetsmenn var farleg, det trongst ei grundig omorganisering under ei sterk leiing og han meinte han var den rette for den oppgåva, men førebels måtte han dele makta med Pompeius. Dei fekk kvar sine provinsar, Cæsar fekk Gallia og Pompeius fekk Spania. Pompeius reiste ikkje til provinsen sin, men vart verande i Roma, der gjekk han saman med Senatet og dei frykta den store makta til Cæsar, for han hadde sigra i sine krigar.
Så søkte Cæsar om å verte konsul i 49 f.Kr. Då kravde Senatet at han skulle oppløyse hæren sin, det sa han seg villig til, dersom Pompeius også gjorde det, men dei berre gav han ein tidsfrist på å løyse opp hæren. Då bestemte Cæsar seg for å gå over Rubicon, inn på Pompeius sitt område altså og han vann krigen, så i 45. f.Kr. kunne Cæsar fare til Roma som eineherre.
Cæsar styrte Romarriket som diktator, han prøvde å forsone gamle motsetnadar, men kom ingen veg med dei mest ihuga republikanarane. Det vart tydeleg at Cæsar ville ha kongsmakt, så republikanarane fekk til ei samansverging og i 144 f.Kr vart han myrda i senatet i Roma. Men det gjekk ikkje slik som republikanarane hadde tenkt seg, for senatet klarde ikkje oppgåva si. I forvirringa som følgde tok Antonius og Oktavian makta. Antonius var ein av konsulane det året og Oktavian var ein slektning og arving til Cæsar. Etter eit par år med borgarkrig vart republikanarane slegne. Oktavian fekk makta i vest-delen og Antonius fekk makta i austdelen.
Antonius rådde mest som ein eineveldig austerlandsk konge med hovudstad i Aleksandria og Antiokia. Senatet såg med uvilje på styremåten hans og at han gifte seg med den egyptiske dronninga Kleopatra. Så dei avsette han og Oktavian for imot han med ein stor hær og flåte og slo dei i sjøslaget ved Acticum (31 f.Kr.). Deretter tok han slagordet «attreising av republikken» og prøvde å blåse liv i den gamle religionen og skape eit nytt aristokrati. Han utropte seg som keisar Augustus og skulle vere øvste leiar for religionen, det vart til keisardyrking.
Senatet og folketinget heldt møta sine som før, det gamle embetsverket stod ved lag, men til dei viktigaste embeta let Augustus velje seg sjølv på livstid. Som imperator (feltherre), fekk han øvste makta over hæren, som prokonsul rådde han over dei viktigaste provinsane, som folketribun var han heilag og ukrenkeleg, som pontifex maximus var han øvste leiar for religionen. Han stod ikkje fram som despot, men som princeps, fremste mann i staten. Med klok politikk klarde han å forsone den republikanske opposisjonen som framleis fanst.
Slik vart Romarriket eit keisarrike, keisaren var øvste leiar for religionen og det vart til keisardyrking.
SITAT SLUTT.
Evangeliet om Guds rike.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Jesu kyrkje er hans brud, så vi får oppleve at han elskar henne og har omsorg for henne som si brud. Han er vegen til Faderen, så vi får komme heim til Faderhuset og få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Slik får vi dei mest fundamentale menneskerettane og vi får oppleve at Faderen har omsorg for oss til ånd, sjel og kropp.
Jesus og disiplane hans prioriterte å gå til den fattige underklassa, dei utstøytte, dei som trengde det mest, slik vart det klart at han gav dei det mest fundamentale som underklassa i Romarriket hadde kjempa for i klassekampen, men det var med fredelege metode.
Dette skreiv eg vidare om i same artikkelen, sitat frå
Jesus forkynte evangeliet om Guds rike, så det på lang sikt vart svaret og løysinga på alt dette som dei kjempa for i klassekampen, men når det gjaldt jordeigedomane vart det på svært så lang tid, vesentleg fordi den liksom lærde og rike overklassa stod imot. Dei mest fundamentale menneskerettane fekk vi ved at alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande. Han gav oss sitt Ord, då er det viktig for oss å imot det, tru det og tale det. Først og fremst ved å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og snakke med han og takke han for frelsa og så be til Faderen. Han gav oss sin Ande og då er det viktig for oss å bruke den utrustninga han gav oss ved sin Ande. Jesus gav oss salvinga og i 1.Joh.2&4 ser vi at den er essensiell i vår opplæring. Jesus var den som hadde bruda, så det skulle sikre oss retten til å gifte seg, Dette har Paulus forklart oss, mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging.
Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det.
Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
Gud sa til folket sitt at dei skulle halde seg heilhjarta til han, så ville han velsigne dei.
Salme.20,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Gjev Herren må bønhøyra deg på trengselsdagen,
Jakobs Gud verna deg!
3 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen
og gje deg støtte frå Sion!
4 Gjev han må minnast alle dine offergåver
og ta imot ditt brennoffer, Sela
5 gje deg det ditt hjarta ynskjer
og la alle dine planar lukkast.
6 Så vil vi jubla over di frelse
og lyfta banneret i vår Guds namn.
Herren oppfylle alle dine bøner!
7 No veit eg at Herren gjev siger til den han har salva,
og svarar han frå sin heilage himmel;
med si høgre hand gjer han storverk til frelse.
8 Andre lit på vogner og hestar,
men vi prisar namnet åt Herren vår Gud.
9 Dei andre sig i kne og fell,
men vi står og held ut.
10 Herre, gjev kongen siger!
Svar oss den dagen vi ropar!
Salme.119,1 Sæl er den som er heil i si ferd
og fylgjer Herrens lov.
2 Sæle er dei som held hans lovbod
og søkjer han av heile sitt hjarta,
3 dei som ikkje gjer urett,
men ferdast på hans vegar.
…….
9 Korleis skal ein ungdom
halda sin stig rein?
Når han held seg til dine ord.
10 Eg søkjer deg av heile mitt hjarta,
lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
Gud er som ein bonde og Ordet hans er som såkorn han sår i åkeren i vond om at det skal spire og vekse og bere frukt, som han så vil hauste. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Vi blir som såkorn som han sår ut i verda, så den ber grøde. Det er tydeleg vis ved at vi forkynner Guds Ord til andre menneske. Denne grøda vil han også hauste.
Så det viktigaste var å ta vare på hjartet sitt.
S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
Jesus kalla rike folk til å selje det som dei hadde og gi det til dei fattige (Luk.18,22), så det verka som å gå mykje lengre enn det som lova sa om frigjevingsåret, då folk skulle få komme attende til odelsjorda si. Men i den fyrste kyrkjelyden i Jerusalem, vart det slik at dei selde gardane sine og gav pengane til kyrkjelyden, så dei kunne dele ut til dei fattige. Med tanke på korleis det gjekk seinare, vart dette det beste dei kunne gjere, for landet vart då hærteke og folket bortførde som slavar.
Guds kone måtte rømde frå Draken, men dei kristne brørne vann over han i kraft av Jesus blod og ordet dei vitna. Og det vart ved hjelp frå Guds englar.
Dei jødiske leiarane ville ha Paulus hendretta, men han anka saka si til keisaren (Ap.gj.22-28). Slik tok han røminga frå Jerusalem, men sidan vart det også klart at heile Guds kone måtte ta røminga.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Ja, han hadde då lova at dei som kjendest ved han for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og då kjendest han ved dei for englane også. Overengelen Mikael og englane hans er ein åndeleg røyndom som har betydning for oss, sjølv om vi ikkje ser det.
Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Luk.9, 23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»
Matt.24,31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Judas.5 Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. 6 Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. 7 Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld.
8 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. 9 Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!» 10 Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.
I følgje Biblex var denne Judas ein yngre bror av Jesus og Jakob, forfattaren av Jakobs brev. Det er skrive i år 80 og likar så mykje på Peters brev at det kan ha same kjelde, sjå til dømes 2.Pet.2,10. Det vert referert til
1.Mos.6,1 Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha.
Dei vonde englane sitt hovmod og ærelyst, førde til deira fall. I følgje Biblex svarar dette til det greske sagnet om at titanane vart nedkjmepa av Zevs og den zoroastriske legenda om Ahriman og hans englars fall.
Sitat frå https://snl.no/zoroastrisme :
Zoroastrisme er en av verdens eldste levende religioner. Ifølge zoroastrismens egne hellige tekster, Avesta, ble den opprinnelig utformet av den iranske (persiske) religionsstifteren og profeten Zarathustra. Zoroastrismen er mest kjent for sitt verdens- og menneskesyn, der de gode og lyse krefter står i stadig motsetning til løgnens og mørkets makter. Zoroastere regner Avesta som Guds (Ahura Mazdas) ord.
Eg finn ikkje noko bibelvers der det er sagt at Djevelen sreid mot Herrens engel om Moses sin kropp, berre at han fekk ikkje kome inn i det lova landet, han fekk berre sjå inn i det før han døde og vart gravlagd.
5.Mos.34, 4 Og Herren sa til han: «Dette er det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob at eg ville gje ætta deira. No har eg late deg sjå det for augo dine, men du får ikkje koma inn i det.»
5 Så døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab, som Herren hadde sagt. 6 Og han gravla han nede i dalen i Moab, midt for Bet-Peor. Og til denne dag har ingen visst kvar grava hans er.
Men eg finn liknande formulering når Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva.
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.
I Daniels bok er det også tale om hovdingen Mikael og kong Mikael.
Dan.10,13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.
Dan.12,1 På den tid skal Mikael,
den store fyrsten, stiga fram,
han som vernar dine landsmenn.
Det skal koma ei trengselstid
som det ikkje har vore maken til
heilt sidan folkeslag vart til.
Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
alle som er oppskrivne i boka.
Eg har tidlegare skrive at hovding Mikael i Dan.10,13 kunne høve med filosofen Thales, då kunne vel kong Mikael i Dan.12,1 høve med filosofen Platon. Eg tenker meg at med ideverda si kunne dei ha kontakt med overengelen Mikael og englane hans, som ein åndeleg røyndom. Sidan kom der ein stor konge med denne filosofiske overbygnaden, platonismen altså, men då er det ikkje berre tome teoriar, men ein åndeleg røyndom. Då må det vel vere med trua på Gud og hans rike, når kristendomen vart statsreligion i Romarriket altså.
Denne åndelege makta og autoriteten var allereie etablert i renessansen, og var viktig for pionerane i den nye naturvitskapen og rasjonalistane, til samanlikning med englane for dei sju kyrkjelydane i Joh.Op.1-3. Då var det faktisk prestane i den katolske kyrkja som opponerte. Eg trur og meiner Joh.Op.17 er profeti om renessansen, med den nye naturvitskapen og nasjonal frigjering og demokrati. Dei som trur på Jesus og er trugne mot han, skal sigre over Dyret og dei ti horna.
Joh.Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»
SITAT SLUTT.
Opposisjon mot rasjonalistane, spotte englemakt?
Der kom mykje opposisjon mot rasjonalistane og så spørst det om ikkje det også er opposisjon mot englemakt. Opposisjonen kom både som empirisme og liberalisme og i den tyske filosofien, Kant, Hegel, Marx ….., Kant og Hegel kom inn i protestantisk teologi utan at vanlege folk visste det og no ser det ut til at Marxismen kjem etter og vert til religion, tydeleg vis som erstatning for evangelisk kristendom. Dess tydelegare er det at dette er opposisjon mot Kristus og Guds englar, slik som apostlane Judas og Peter årvara mot. Mørkets rike vert godteke i samfunnet, men folk har framleis moglegheita til å reise seg frå det og komme inn i Guds lys, få oppleve at Jesus frelser dei og set dei over i Guds rike.
I følgje marxismen skulle menneska verte så framandgjorde at dei byrja å tilbe det som dei laga med sine eigne hender, i staden for å forstå produksjonsprosessane, rasjonaliteten altså. Så opposisjonen mot rasjonaliteten var motivert av frykt for at menneske skulle lære å forstå og soleis verte i stand til å tenke sjølvstendig. Sentralt i dette vart då at dei ikkje skulle lære og skjøne Guds Ord, det handla først og fremst om å tru og forstå det med hjartet.
Dan.12,9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
Men den store feilen i universaliestriden, Thomismen og Kantismen, var at dei ikkje skilde mellom å tale om ein daud ting og ein levande skapning, spesielt eit menneske. Det vart som å prøve å lage ein avgud av stokk og stein, men den hadde då ikkje ånd.
Jer.10,11 Så skal de seia til dei:
«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
skal kverva frå jorda
og ikkje finnast under himmelen.»
12 Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
14 Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Lærde menneske talar varmt om menneskerettar og ytringsfridom, men i praksis gjeld det berre for ei liksom «lærd» overklasse på både høgre- og venstre-sida av politikken, men ikkje for vanlege menneske, sjølv om dei pratar om dei og liksom skal representere dei. Det er som om dei talar med ei avgud laga av stokk og stein, i staden for å tale Gud og vanlege menneske som han skapte av jord, skapte i si likning og bles livsens Ande inn i, så han vart ei levande sjel og som han talt til og talte med.
I den såkalla likestillingspolitikken pratar dei tydeleg vis med kvinna om at ho skal kjempe for å liksom likestille seg med mannen, men dei snakkar ikkje med mannen, så det er som om dei snakkar med ein avgud laga av stokk og stein i stade. Og den såkalla likestillinga vert då som om ho skal likestille seg med ein slik avgud. Ja, for ormen lokka menne med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom gud og kjenne godt og vondt. Slik er «likestillingspolitikken» deira.
Det er slik som med den hegelianske dialektikken mellom herre og knekt, den intersubjektive Tidsånda som skulle bringe historia framover, den har lite og ingen ting med vanlege folk og med Gud å gjere. Slik har det lite og ingen ting å gjere med mannen som lever i samfunn med Gud.
Mykje tyder på at dei soleis har vraka Guds ord og gått til strid mot Guds salvevigde.
Jesus døde i staden for einskild-menneske, ekteskap og familieliv, folk og nasjonar. Like vel kjem han for å dømme nasjonane.
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia, komme ut fra mørket. Han døde for nasjonane og ho skulle og passe nøye på kvar ho står når han kjem for å dømme nasjonane. Sitat frå
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.
23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
Kven er Guds salvevigde?
Jesus er Messias, Guds salvevigde. Han er Guds Ord, dei som høyrde det og kom til tru på han og tok imot han, har fått del i hans salving og er dermed Guds salvevigde. Eg bad for henne Reella og fekk oppleve at Jesus salva henne med den Heilage Ande, til samanlikning med korleis Samuel salva David. Då er det klart at han vil bruke henne som sin salvevigde og eg trur det heng saman med at han vil bruke meg som sin salvevigde. Så eg har ikkje kunna gløyme henne men har hugsa på henne i mine bøner.
Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn og eg fekk oppleve at Jesus salva oss. Ho vart ei av dei som mista salvinga, men eg har bedt for henne at ho må vinne den igjen og eg trur at slik blir det.
SALVINGA OG DEN FAGRE SKATTEN. Møte i Maranata 16.09.2013.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Jesus tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Det er noko han gir meg og det skal eg bruke, eg skal bruke den salvinga og krafta som han gir meg og eg trur det heng saman med at han vil bruke henne Reella og henne Virtuella også, med si salving og si kraft. Vidare er det klart at Han har brukt Finn-Arne Lauvås som eit salva reiskap, han har fått motstand, men eg er viss på at Herren vil framleis bruke han slik.
Har Krf, kyrkja og kongehuset vraka Guds Ord og gått til strid mot Guds salvevigde?
Märta Lovise starta ein engleskule, men det er tydeleg at det var falskt, så ho framstod som ei falsk profetkvinne. Det vart påstått at Snåsamannen hadde overnaturlege lækjande evne, men det vart avslørt som bedrag. Det var tydeleg vis for å underbygge kyrkjemakta med kongehuset, men det vart mest som den falske profet som tente dyret. Biologiprofessor Kristian Gundersen skreiv bok om det og viste at det trakk med seg så mykje anna svindel som vart godteke av styresmakta og massemedia og det var faktisk venste-radikale politiske interesse som satsa på å få makt slik. Dette var så storstilt at Verdens Helseorganisasjon godtok tradisjonell kinesisk «medisin» og var dermed ikkje lengre ein strengt vitskapleg organisasjon.
Märthas opprør, for å få merksemd?
I det siste har Märta prøvt å få merksemd i massemedia som kongeleg opprørar. Dette er fjernt ifrå kongehuset si oppgåve med å ha omsorg for folket og landet og representere det. Det er fjernt ifrå å representere folkets interesser, slik som vi er vande til, spesielt i eit demokrati.
Eg har kommentert det og tek med noko av kommentarane her.
Det fundamentale klagemålet frå Djevelen.
Historia som ligg bak er at Märtha var gift med Ari, men så skilde dei seg. Eg veit ikke kvifor, men det er nærliggande å forklare slikt med at dei vart leide av kvarandre, “voks ifrå” kvarandre, vart missfornøyde med kvarandre og ekteskapet mellom dei. Og slik som Märtha står fram i massemedia er det som ein tydeleg demonstrasjon av at ho vart misfornøgd med han og så utvider ho det som om det gjeld alle norske menn, endatil far sin, og endåtil i hans eigenskap av å vere norsk konge. Er det noko som kan kallast rasistisk i denne samanheng, så er det nettopp dette, rasisme mot det norske folk altså. Trikset er å klage kongen og det norske folk for rasisme i staden. Klagemålet er først og fremst mot Ari og det no etter at han er død, trikset er at han ikke lengre har moglegheit til å svare for seg, så då går det an å påstå nær sagt kva som helst utan å verte motsagte. Og vi må berre rekne med at det er hensikta med den innskrenka ytringsfridomen medan vi framleis er i live. Dette minner om strategien til Djevelen i Jobs bok, han steig fram for Gud i lag med Guds søker, for å føre klagemål mot Job utan at han visste noko om det. Og så dukka venene hans opp og utfordra han til å svare for seg. Det vi har å stille opp mot dette, er at Jesus døde i staden or oss på korset, både som einskildmenneske, folk og nasjon og dermed kongen også. Ved å tru at Gud vekte Kristus opptatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre vert vi frelste. Er vi rettferdige for Gud, så skulle det dere godt nok. Ved å velsigne Kristus vert vi velsigna, slik får vi oppfylt lovnaden Gud gav til Abraham.
Det fundamentale klagemålet som argument for å innskrenke ytringfridomen.
I middelalderen vedtok den katolske kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane eller helgenane. I dagens samfunn har dette vorte utvida til å krenke ytringsfridomen til vanlege norske menn. Og no blir det tydeleg at det er først og fremst svar frå Ari som trengst her. Kanskje prestane kan erklære han som helgen og få svar frå han? Eller kanskje nokon kan mane fram ein daudning? Men eg synest andre norske menn må få sleppe å verte kravde til ansvar og verte involverte i dette som dei ikkje har noko med å gjere.
Skal ho stille seg mellom geitene i Matt.25,31-46?
Eg har av og til lurt på kva Merta lærde på engleskulen, ingen ting? Og no dreiv ho på med ei heil masse vas for å få merksemd og endå til venter seg at folk skal bry seg om det????? Voksne ansvarlege menneske har vel viktigare ting å tenke på!!!!
Ho driv på med ein skamlaus hån mot hennar avdøde ex-mann til belastning for borna også. Han fann vel fort ut at å vere ex-mannen til ei slik kvinne var ei skjebne verre enn døden.
Det viktigaste med kyrkja er vel at Jesus frelser oss heim til Guds himmel og gir oss evig liv. Men det ser ut til at Merta heller ser fram til å få pine Ari i helvete. Og kva med faren?
Krf og kristne organisasjonar har vorte til organisert, religiøst hat mot einskilde norske menn, så dei leitar berre etter motiv for sitt hat, i staden for å bry seg om kva han sjølv seier og meinar. Dette er eitt av mange eksempel. Så det er berre å kalle ei spade for ei spade og ein fiende for ein fiende.
Dei satsar stort på å få merksemd, tydeleg vis for å forføre folket. Men kva har kongehuset med kyrkja å gjere? La meg få sitere eit par vers ifrå Bibelen.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
2.Kor.3, 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Draken, Dyret og den falske profet.
Dermed minner dette om Draken, Dyret og den Falske profet.
Joh.Op.13, Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.
Daniel profeterte om nokon som ikkje lærde. Sjølv om dei prøvde altså? Hadde dei ikkje rasjonalitet, eller??
Samanlikning med William Ockham.
Ockham var ein munk som studerte realfag og skilte klart mellom realfag og den kristne trua, som om det er to fråskilde sfærer eller «verdener». Han var ein munk og søkte sikkert samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, sjølv om prestane og dermed kyrkja spora av ifrå det, hadde klostera teke vare på evangeliet og mykje anna verdifull lærdom. Det var sikkert litt forskjellig i klostera også, kor utvatna den kristne læra var, men når han skilde så klart mellom den kristne trua og realfag, tyder det vel på at han hadde fått oppleve at Jesus gav han ånd og liv frå himmelen.
Eg har skrive ein god del om at eg har opplevt akkurat det same og skal ikkje gjenta det her. Både prestane og munkane i den katolske kyrkje levde i sølibat, men det er ikkje mi innstilling, eg har ikkje gjort avtale om det. Tvert om bad eg Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, når eg var 9 år og det har eg halde fram med sidan. Han svarde meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den, eg skulle overgi meg heilt til han, så då ventar eg at han frelser henne som kona mi. Eg held fram med å be slik eg gjorde når eg var 9 år og må eg innvie meg for han, for å ta imot bønnesvaret, slik har eg fått prestetenesta i den nye pakta. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er heilt nytt i forhold til den fysiske naturen vi har opplevt og framleis opplever. Eg må bøye meg for han og ta imot av berre nåde og la hans Ande råde i min døyelege lekam. Slik har dette med den fysisk realiteten og realfag å gjere.
Vår tru på Gud og hans Ord er platonsk realisme og analytisk apriori erkjenning. Det er rasjonalisme og syntetisk apriori erkjenning. Korleis då?
Vår tru på Gud og hans Ord er platonsk realisme, til samanlikning med matematikken, men det er to ulike og fråskilde tenkesystem. Når vi høyer eller les hans Ord, kan vi kalle det nominalisme, men når den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, opplever vi det som platonsk realisme, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, opplever vi det som syntetisk apriori erkjenning. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset for menneska og det er som ein plante som vert planta i oss og som skal vekse. Gud er kjærleik og vi får oppleve hans Ande og hans kjærleik i våre hjarte. Så vi elskar fordi han elska oss først.
Kant putta matematikken også inn i boksa «syntetisk apriori» og så var det så mykje anna han også putta inn der, men kvar vart det av kriteria for å avgjere kva som er rett og sant? Forstod han eigentleg den hypotetisk deduktive metode? Forstod han evangeliet, metodene i evangeliet til å komme til erkjenning av sanninga? Kanskje han forstod det med si personlege protestantiske tru, men det viser ikkje i filosofien hans. Sameleis med Hegels filosofi. Ettersom desse filosofiane kom inn i protestantisk teologi, vart evangeliet fortrengt liksom i den katolske kyrkja tidlegare.
Kant tenkte seg at vi alle såg gjennom same slags briller og brillene var syntetisk apriori erkjenning. Dette betyr einsretting. Men kvar vart det av kriteriet for å erkjenne kva som var sant og rett og kva som ikkje var det?
Kvar vart det av reinsinga i Jesu blod? Evangeliets metode er at vi vert reinsa i Jesu blod, så vert vi fylte av den Heilage Ande og den openberrar sanninga i Guds Ord, slik at den set oss fri. Vi opplever at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, vi opplever Guds Ord, Guds Ande og Guds kjærleik i vårt indre menneske, vi opplever Gud frelse i våre liv, så vi opplever det som syntetisk apriori erkjenning. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, vi opplever det så det blir til syntetisk apriori erkjenning i våre liv, men det kjem frå himmelen og vi må løfte blikket opp til Jesus og ære og takke Gud og Lammet for det.
På Jesu tid var ikkje briller oppfunne, men han talte ganske enkelt om auget som ser lyset, om å ha auge for å sjå lyset frå Gud.
Matt.6,19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Universaliestriden, thomismen og kantismen; tingen, som erstatning for Gud og menneske, avgud altså.
I vår tid ser det ut til at dei som held seg til den filosofiske retninga Kant, Hegel Marx har mista kriteriet for å erkjenne kva som er rett og sant, både i kristendomen og i realfag og det som dei kjem med strir mot både evangeliet og ekte vitskap, så det verkar som om dei ikkje har lært noko som helst.
Daniel.12, 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.
I universaliestriden, thomismen og kantismen snakka dei om tingen, men den store feilen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting og ein levande skapning, eit menneske. Det vart som å lage seg ein gud av stokk og stein, til tross for at profetane i det Gamle Testamentet sa at der var ikkje ande i dei, dei høyrde ikkje, tal ikkje og gjorde ikkje noko som helst.
Dei heldt framleis vanlege folk for å vere så dumme og vonde at det gjekk ikkje an å snakke med dei. Menneskerettane med ytringfridom, som kom i opplysningtida, gjaldt framleis ei lærd overklasse og no, i det rare som har vorte kall postmodernismen, har ytringfridomen vorte for dei vorte å ta seg til rett med å dikte om andre menneske, som erstatning for at dei skulle få svare for seg sjølve. Så oppdikta tøv kjem til erstatning for deira konstruktive tenking for å få seg eit godt og meiningsfullt liv. Det er tydeleg motivert at misunning og småligheit, det er den vonde Kain-naturen som er misunneleg på Abel-naturen.
Gud er ånd og han er lys. I Guds Ord er det liv og livet er lyset for menneska. Vi får komme inni hans lys og verte opplyste.
Dette er ei svart-kvitt-tenking som vi ikkje må forveksle med noko anna.
Gud er lys. I hans Ord er det liv og livet er lyset til menneska. Så vi kan godt kalle Guds rike for lysets rike og soleis får vi ei svart-kvitt-tenking. Men denne kvarkvitt-tenkinga må vi ikkje forveksle med noko anna.
I vår tid er det mange som hevdar ei slags «svart-kvitt-tenking» i politikken. Til dømes fascist/anti-fascist, rasis/anti-rasist. Det refererer til ein motsetnad mellom fascisme/nazisme på den eine sida og keisarrike eller kongerike på den andre sida. Filosofien til Kant og Hegel kom inn i protestantisk teologi og no et det tydeleg vis mange som prøver å gjere marxismen til religion også, for så å gjere revolusjon, som så skal resultere i proletariatets diktatur, som eit verdsomspennande keisarrike. Slik får dei ei fundamental todeling, for eller imot kongsmakt, for eller imot eit tenkt keisarrike, men i det dette kjem til erstatning for Guds rike, vert det mørkets rike, i følgje svart-kvitt-tenkinga i Bibelen.
Eg siktar til det som er sagt om Dyret i Op.13&19, keisardyrkinga altså og så siktar eg til at den Store Skjøkje dreiv hor med kongane rundt om på jorda, dyrka dei som gudar altså.
Empirismen vart viktig for liberalismen, samen med den kom dei store oppdagingane og det vart kalla opplysningstida. Mange meinar sikkert dei vart opplyste av retninga Kant – Hegel …. også, men begge deler var berre for ei «lærd» overklasse. Men vi må då skilje mellom dette og den opplysninga Gud gir oss ved sitt Ord og sin Ande, ved forkynning av evangeliet, med evangeliet skulle det verte klart at det er til alle.
I følgje marxismen skulle kapitalkreftene utspele si rolle i dei kapitalistiske samfunna, slik at det skulle verte økonomisk krise og då skulle revolusjonen komme og resultere i proletariatets diktatur. Så det er tydeleg vis derfor dei no satsar stort på Ves-Europa og USA, men då er det ved å undergrave samfunnet og prøve å framskunde krisa. Spådomen om ei klimakrise er tydeleg vis ein falsk profeti, men den har verka til så skape krise i økonomien, sikkert for å framskunde revolusjonen dei vonar på. Men Bibelens svart-kvitt-tenking gir no den beste forklaringa, det er Djevelen som er komen berre for å stele, slakte og øydelegge.
Svart-kvitt-tenkinga vart eit spørsmål om å ha Guds Ord og Jesu salving. Prøve alt på Guds Ord og prøve åndene.
Jesus sa at dersom vi vert verande i hans Ord, så er vi rette læresveinane hans, då skal vi få lære å kjenne sanninga, og den skal setje oss fri.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
Jesus er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar det for oss , så vi innser at Jesus er Sanninga i Guds Ord og den set oss fri. Han har kjøpt oss fri frå trældomen, med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han, det er ved det livet og den Anden han gir oss frå himmelen. Ved reinsinga i Jesus blod og fylden av den heilage Ande vel vi stadig livet og lyset og har ein svart-kvitt-tenking, så vi kan prøve alt på Guds Ord og prøve åndene.
1.Joh.4,1 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.
4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.
Jesus utruster oss ved sin Ande, til å gå ut og vitne om han. Der kan vere dei som vil gå til rettes med oss, som i ei rettssak, men då får vi oppleve at den Heilage Ande er vår advokat og talsmann som gir oss munn og visdom som ingen kan stå seg imot.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Splitting og rettssak i kyrkjelyden.
Når det vart splitting i kyrkjelyden i Korint, spurde Paulus kven dei vart døypte til, var det Paulus, Kefas eller Apollon? (1.Kor.1-3). Han forkynte Kristus som vår einaste frelsar og Herre og derfor kyrkjelyden sin einaste Herre. Men vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.
Sidan refsa han dei for at der var rettssak mellom dei og det for verdslege domsstolar.
1.Kor.6,1 Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage? 2 Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker? 3 Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera. 4 Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar? 5 De skulle skjemmast! Finst det ikkje eit einaste vitug menneske hjå dykk som kan skifta rett mellom brørne sine? 6 Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar. 7 Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap? 8 Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør.
……..
12 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13 Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen. 14 Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15 Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.» 17 Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18 Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19 Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!
Vi trur og veit at der er berre ein Gud, like vel må vi passe oss for dei falske gudane, for der er mykje verdsleg makt som prøver å få makt over menneska som om dei var gudar.
1.Joh.5, 19 Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde. 20 Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet. 21 Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!
1.Kor.8,3 Men den som elskar Gud, er kjend av han. 4 Når det gjeld det å eta kjøt som har vore ofra til avgudane, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda; det er berre éin Gud og ingen annan. 5 Rett nok finst det, både i himmelen og på jorda, dei som vert kalla gudar, og det er jamvel mange slike «gudar» og «herrar». 6 Men for oss finst det berre éin Gud, Faderen. Av han er alle ting, og vi er skapte til han. Og for oss er det berre éin Herre, Jesus Kristus. Ved han er alle ting, og vi lever ved han.
Fråfallet, Jesus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Ormen sitt klagemål mot mennesket er så fundamentalt at det gjeld sjølv om mennesket ikkje veit det, sjølv om dei ikkje får høve til å forsvare seg mot det, som om det er universalia før tingen, før mennesket. Det såg vi i Jobs bok. Og i Joh.Op.13 såg vi at Dyret baserer makta si på drakens makt.
Korleis vert det då om brør har rettssak mellom kvarandre og går til verdslege domsstolar med det? Kanskje endåtil i det skjulte, utan at den som det gjeld får svare for seg? Eg tenker meg at det er slik den Lovlause set seg inn i Guds tempel (2.Tess.2). Slik kan også kristne kyrkjelydar verte gjorde om til «horer» ved at dei dyrkar kongen som ein gud, i staden for å vende seg til Kristus (Joh,Op.18).
Men Jesus kjem til sin kyrkjelyd og tyner han med pusten frå sin munn, det er ved utgyting av den Heilage Ande. Den openberrar Guds Ord for oss, så vi erkjenner at Jesus er sanninga i Guds Ord, han er Sanninga som set oss fri, han er vår frelsar og Herren, kyrkjelyden er hans brud, han er Herren hennar brudgom og ektemann.
Jesus gjorde mi bønnegjerning til prestetenesta i den nye pakt.
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Eg samanliknar det med enka som gjekk til profeten med det problemet at der kom ein mann og kravde å få sønene hennar til trælar.
……..
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Då er det vel ganske klart at eg er heilt avhengig av dei svara om han gir meg frå himmelen, det er det eg har å halde meg til. Eg skulle søke han av heile mitt hjarte, kle meg i Guds fulle rustning og gå ut og vitne om han. Så skulle eg få oppleve at han var med meg og den Heilage Ande ville bruke det som eg sa.
Jau, dette fungerer nok, men eg vert stadig konfrontert med vanskelege problemstillingar som ikkje har eit enkelt og kortfatta svar, så eg får oppleve at det tek lengre tid å få svar på. Men Gud svarar på det gjennom tale og tyding av tungetale i kyrkjelyden og ved at eg sjølv les i Bibelen og søker han i bøn heime med meg sjølv. Dette har å gjere med å kle seg i Guds full rustning, for så å gå ut med den glade bodskapen.
Jesus er vår frelsar og Herre, så vi bøyer oss for han, ja, stig fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Jesus er vår øvsteprest, vår advokat og talsmann hos Faderen, så vi frå komme til Faderen, som eit barn til sin Far og få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss, gir oss gode gåver, lærer oss opp og oppseder oss.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :
PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013.
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Jau, dette fungerer nok, men eg vert stadig konfrontert med vanskelege problemstillingar som ikkje har eit enkelt og kortfatta svar, så eg får oppleve at det tek lengre tid å få svar på. Men Gud svarar på det gjennom tale og tyding av tungetale i kyrkjelyden og ved at eg sjølv les i Bibelen og søker han i bøn heime med meg sjølv. Dette er også å kle seg i Guds full rustning, for så å gå ut med den glade bodskapen.
Når vi går ut og forkynner Guds Ord, får vonleg menneska merke at lærdomane deira vert prøvde på Guds Ord, så dei finn at dei treng å vende om til Jesus for å få den rettleiinga og lærdomen som dei treng.
Jesus er vår frelsar og Herre, så vi bøyer oss for han, ja, stig fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Jesus er vår øvsteprest, vår advokat og talsmann hos Faderen, så vi frå komme til Faderen, som eit barn til sin Far og få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss, gir oss gode gåver, lærer oss opp og oppseder oss.
Jesus sende meg til Oslo med evangeliet som den frigjerande bodskapen. Det var også å prøve lære på Guds Ord.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein gutunge og han har svart meg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både med skapingssoga og evangeliet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Eg tenkte meg at dermed høvde det både med den realfaglege tenkinga og evangeliet, men eg må audmjuke meg for han for å få det til å stemme.
På eit møte på Sion Åheim tidleg på hausten 2008 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus talte om det ordet som eg har omgitt meg med og eg skjøna at set var sikta til dette. Det var hans ord, som er ånd og liv og ein frigjerande bodskap, så han ville at eg skulle gå med den bodskapen. Så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning.
På eit møte i dFEF M40 i februar 2011, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia, han kalla henne til å komme ut av mørkret. Men vel ein månad seinare kom Krf med si krigserklæring mot Libya, soleis viste dei at dei hadde sagt nei til Herrens kall og det var som om Sions dotter framleis var i framleis i trældomen i Babylonia, ho var framleis i mørket. No er det den Store Skjøkje som vert kalla Babylonia, ho driv hor med kongane rundt om på jorda, dyrkar dei som avgudar altså. Så det verkar som dei dyrkar kongen som gud og derfor gjekk dei til krig mot Libya. Forstå det den som kan.
Denne bodskapen min er om oppbygging av både familie, heim og kyrkjelyd og soleis er det å tale profetisk.
1.Kor.14,3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.
….
12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!
Jesus svarde på mi bøn både gjennom tale og tyding av tungetale i kyrkjelyden, slik gjorde han mi bønnegjerning til ei presteteneste og held fram med å svare meg på same måten, eg held fram med å kjennast ved han og seier kva han har svart meg, slik blir det klart at eg talar profetisk. Sjølvsagt er det framleis Guds Ord eg talar, men det vert klart at det har den eigenskapen at det skaper det som det seier og det har kraft til å frelse.
Men då vet det klart at dei erstattar meg og min bodskap med den Falske Profet, som tente Dyret. For sentralt i pinsevennane sitt tradisjonelle endetidssyn, husholdningslæra, er at Messias skal komme og stå på oljeberget, som profetert i Sak.14 og då skal han gjenopprette Israels rike, gjenreise Davids falne hytte, opprette tusenårsriket (fredsriket), som om det skulle vere ved at Israel herska over dei andre rika??!! Men dette er Dyrets rike (Joh.Op.13).
Vi som trur at Jesus er Messias, trur at han allereie er komen og har oppfylt profetien i Sak.14 og i Joh.Op.18-19 ser vi at tusenårsriket kjem på ein heilt annan måte.
I Januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på Facebook og Youtube, det var visst noko nytt ho hadde byrja med og eg oppdaga at slik tala Jesus til meg. I den første bodskapen, 13.1.2024 sa Jesus at han var komen for at vi skulle ha liv og overflod, men Djevelen var kome for å stele, slakte og øydelegge, han hadde stått meg imot og hadde øydelagt mykje for meg, men det som han hadde brukt til å prøve å øydelegge meg med, ville Jesus bruke til å øydelegge han med, han skulle få betale for det som han hadde gjort for meg.
I ein seinare bodskap sa Jesu til meg at det var sesong for meg til å sitje i ro, til samanlikning med profeten Elia, som bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Elia var profet når Israel fall ifrå Herren og dyrka Baáls-gudane. Johannes Døyparen var profet etter førebilete av Elia og min bodskap er i samsvar med bodskapen hans. Så no har eg slutta med å gå på slike møte, men nøyer meg med å søke Gud i einsemda og skrive på bloggesida mi og på facebook.
Og eg kjem til at sidan eg møter så sterk motstand og fiendskap i desse forsamlingane, så er det ikkje rett for meg å gå der lengre. Der er nok ein kvan som skal krevjast til rekneskap for det og det er Djevelen sjølv. Eg ventar meg at der skal komme eit skikkeleg rettsoppgjer, før eg går på kristne møter igjen.
Matt.18,21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?» 22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25 Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast. 26 Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman. 27 Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.
28 Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig! 29 Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det. 30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.
31 Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop. 32 Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33 Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg? 34 Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.
35 Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»
Bodskapen til Johannes Døyparen er framleis aktuell.
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Magnor Myklebust, 20.3.2022.
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Malaki.4,5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Dette er ein profeti om Johannes Døyparen. Det er ein bodskap som eg sjølv har teke imot og som eg har å bringe vidare til andre.
Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust, 30.10.2022.
Dette kom så brott på at eg rakk ikkje å spele inn første setningane. Igjen kom eg uheldig vis borti kanten på skjermen og stoppa innspelinga, så eg fekk ikkje med slutten heller.
Innspelt: « …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»
Slutten av bodskapen var noko om at vi skulle ta tilflukt i den lokale og globale kyrkjelyden, for å få det vernet som det er tale om her altså.
Rettargangen i Josjafat-dalen og Fredsriket.
I bodskapen 8.12.2013 var det tale om at den Heilage Ande skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd.
Joh.16,1 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?» 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.
Eg tenker meg at slik er rettargangen i Josjafatdalen.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
….
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Det refererer til korleis Juda-konge Josjafat vende seg til Gud og bad for folket og bad om nåde og hjelp og fekk med seg både prestane og folket i faste og bøn og Gud svara dei gjennom ein av prestane. Dei skulle lovprise Herren, når dei gjekk i møte med fienden og dei vann på merkverdig vis.
Til samanlikning med dette går president Trump og republikanarane i bøn for landet sitt, i det dei kjennest ved Kristus som sin frelsar og Herre, ber til han og takkar han som sin frelsar og Herre. Vonleg vil dei halde fram med det. Slik kan dei også be for andre folk og nasjonar og få oppleve at Kristus er med dei og skifter rett mellom folkeslag og nasjonar, så der vert fred mellom dei og avtale om fred.
Mika.4,1 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
3 Han skal døma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
4 Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, har tala.
5 Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren vår Guds namn.
Romarriket, Israel og Guds rike; ugraset i kveiteåkeren.
Romarriket var republikk med demokrati på topp-planet. Samtidig var der ein moderat klassekamp og den vart ei indre drivkraft i framveksten av Romarriket. Krava var skrivne lover, så det vart likskap for lova. Rett til å gifte seg og større demokratiske rettar. Der vart oppretta ein «folketribun» som skulle ivareta underklassa sine interesser. Småbøndene i sør-Italia som hadde mista eigedomane sine under den andre Punar-krigen og kom inn til Roma, der vart det kornutdeling, for å halde liv i dei. Bra dei hadde kornlager til det då. Ordet «proletar» i marxismen refererer til desse som hadde mista eigedomane sine. Folketribunen kravde at dei skulle få att eigedomane sine og refererte til ei gammal lov. Dei fekk motstand, klassekampen vart hardare og resulterte i borgarkrig. Det enda med at Romarriket vart keisarrike i staden for republikk. Korleis gjekk det då med klassekampen og demokratiet?
Så kom Kristus og gav lovnad om at dei som tok imot han, skulle få rett til å verte Guds born og i barnekåret hos Gud får vi, fundamentalt sett, alle dei rettane som folk hadde kjempe for i klassekampen, vi får oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Men når det gjeld jord-utdelinga, såg det annleis ut. Om nokon ville verte fullkomen, skulle han selge det han eigde og gi det til dei fattige og komme så og følgje etter Jesus. I den første kyrkjelyden i Jerusalem, vart det vanleg, nokon fekk oppgåva med å dele ut til dei fattige i kyrkjelyden.
Ap.gj.6,1 På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga. 2 Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat. 3 Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva. 4 Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.» 5 Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia. 6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
7 Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.
8 Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket. 9 Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus. 10 Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av. 11 Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.» 12 På den måten eggja dei opp folket, dei eldste og dei skriftlærde; og så gjekk dei mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet. 13 Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot den heilage staden og mot lova. 14 Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane vi har frå Moses.» 15 Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.
I forsvarstala hans får vi høyre noko av den visdomen Gud hadde gitt han, men dei tålte ikkje å høyre på det, så det enda med at dei steina han.
På lang sikt var det god økonomi at dei selde gardane sine, for landet vart hærteke og folket bortførde som slavar, slik tapte dei alle eigedomane sine like vel.
Men Jesus hadde samanlikna himmelriket med ein bonde som sådde korn i åkeren sin, noko av det kom i god jord og vask opp og gav grøde. Men ikkje alt. Det er tale om hjartets jord. Vi må søke Herren av heile vårt hjarte og heilhjarta halde oss til han, så får vi oppleve at det veks opp og gir grøde. Når Ordet soleis smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, for det er hans om gjer sitt verk med oss. Då blir vi som såkorn som han sår ut i landet, så det veks opp og gir grøde. Slik dyrkar Gud verda som sin åker. Men så kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten, det veks opp og prøver å kjøve kornplantane. Når han då sende ut arbeidarar for å hauste grøde, fekk dei oppgåva med å skilje kornet frå ugraset.
Samanlikne Israel, Romarriket og Guds rike med vår tid.
Om vi no samanliknar klassekampen til ved venstre-radikale med klassekampen i Romarriket, finn vi at det som plebeiarane kjempa for, har vorte forvrenga til det ugjenkjennelege, så det endå til går ut på at folk skal miste det i staden. Eigentleg går ut på at folk skal miste dei rettane dei får på evangeliets grunnvoll. Det blir tydeleg at det er Djevelen som er komen for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er framleis komen for å gi oss liv og overflod.
Den første kyrkjelyden i Jerusalem har vorte kalla det første og einaste kommunistiske samfunn som har fungert, men det var Guds verk og det skjedde med fredelege metode. Og situasjonen var noko spesiell, dei fann at dei trengde å ta si tilflukt til Gud og slik fann dei saman.
I dagens Israel er kibbutzar store kollektive jordbruk, neppe noko anna samfunn ligg nærare eit kommunistisk samfunn, eg tenker då på det økonomiske systemet, men på mange måtar ligg det fjernt frå den vanlege bruken av ordet kommunisme, for det er gjerne kopla til ateisme og mange misslukka økonomiske prosjekt. Der er også moshavar, som liknar kibbutz, men der er større privat eigedomsrett. Israel er eit lite land med lite jordbruks-areal, beitedyr treng mykje beitemark, derfor er det dyrt å produsere kjøt. Men vatn er den mest livsnødvendige ressursen, som det er knapt med og som er mest merkbart.
Jordbruket i USA er prega av å vere privateigde store gardar, med store jordbruks-maskiner som gjer drifta effektiv. Klart der ligg mykje investert kapital i dette, typisk kapitalisme. Kibbutzane i Israel er så store at dei kan også nyte fordelen av dette, men samtidig har den mange medlemmer som arbeider der og lever av det, så dei kan seie at dei får sitje under sine eigne vintre og fikentre og sjølve nyte frukta av det, slik som det var lova.
I Noreg er det mange småbruk som vart utkonkurerte av slik stordrift og løysinga vart at ei storbonde fekk drive mange gardar. Dei kan ha jordbruksarbeidarar og nokre av dei kan vel komme frå dei gardane som dei driv. Ei anna moglegheit er at fleire gardar går saman om å drive dei i lag, så det vert som ein moshav, for dei har framleis eigedomsretten og odelsretten.
Ei anna side av saka er at behovet for utdanning, verkar sentralisering, distrikts-høgskulane vart eit mottiltak mot det. Det er vel verdt å tenke over kva som er motivet med utdanning, er det å lære og forstå det som er sant og rett, lære noko som er nyttig, lære å gjere ein nyttig job. Er det eit religiøst behov, er det religiøs søking, så må vi så fort som råd gjere det klart at vi får komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatne, så de vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Den tilfredsstiller vårt åndelege/religiøse behov. Men det er klart at dersom utdanninga er religiøst motivert og det er retta mot avgudane, dyrke konge eller keisar som gud, kunstige gudar, så er det gagnlaust. Når det like vel fører til godt lønna jobbar, som eigentleg er til inga nytte, liksom dei kunstige gudane ikkje gjorde nytt for seg, så er det klart det dette er snylting som vert til belastning for folk som arbeider for å produsere noko nyttig og som må betale skatt for å lønne dei. Det vert til belastning for hjørnesteinsbedriftene som produserer verkelege verdiar, for jordbruk og fiske og dei som arbeider i desse næringane. Det nyttige arbeidet er som kveitekorn som spirer, gror og veks opp, men det kunstige og unyttige arbeidet, vert som ugras som er sått i kveiteåkeren og veks opp og verkar til å kjøve kveiteplantane.
Etter terroraksjonen i Oslo, 2011, sa Jesus at han ville gjer noko nytt i midten. Korleis då, kva då?
Etter terroraksjonen i Oslo og på Utøya i 2011, bad vi for dei pårørande og for folket og landet og Jesus svarde oss at han ville gjere noko nytt i sentrum. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-08-0714-om-terrorataket-i-oslo/ :
Møte i MARANATA KL 18. SØNDAG 7.8.11.
Tore Kristiansen heldt tale og han byrja med å kommentere terroråtaket. Det såg så meiningslaust ut, men så kom han på songstrofa:” der finst ei meining med alt som skjer, kanskje vi i framtida vil sjå ei meining med dette også. Han talte så over Hoseas.2,15.
HSE 2,14 – HSE 2,20 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
Akor er truleg avleia frå det hebraiske ordet akar som tyder å skade eller valde ulykke (Josva.7,24-26). Men no ville Gud gjere Akor-dalen til ein port som gjev von. Israel var Guds kone, men ho var utru og hadde vorte ei hore. Men i Akor-dalen, i ”ulykke-dalen”, der skulle ho atter svare han som i ungdomens dagar. Slik kan denne ulykka som har ramma Oslo og Noreg verte til ein port som gjev von.
Tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom der tungetale som Tore tyda:
Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande. Eg løfter opp … på eit nytt stade(?) Og dei skal få oppleve at eg set deira føter på ei høgde der dei skal få oversikta på det som skjer og når uver og storm bryter laus, så skal dei få kjenne at dei har sin styrke i meg, dei har si kraft i meg, seier Herren, og dei har sitt håp i meg.
La deg ikkje besmitte til depresjon av det som nettopp har hendt. Men la deg oppmuntre ved mitt Ord til stadig å overvinne, til stadig å sjå det som skjer og …. Men ikkje tape motet, men klynge deg til meg. Og du skal få kjenne at den staden skal føre deg igjennom, gjennom uveret så fører det deg inn i det stille underbare riket, der freden skal vere rådande, der håpet skal lyde klarare, der du skal legge det triste bak deg og du skal få kjenne at eg Herren skal vere med deg gjennom dei djupe vatna. Amen.
Kommentar.
Når Gud ville bygge, var der då nokon som ville vere hans medarbeidar, med å bygge og plante?
1.Kor.3,5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.
Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod.
Jesus sa at han var døra inn til sauene, dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar. Han sleppt ut sauene, tjuven kom for å stele, slakte og øydelegge, men han var den gode hyrdingen, som var komen for at vi skulle ha liv og overflod.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Den gode hyrdingen
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
No har det vorte klart at Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge (Joh.Op.13,1-3). Elin Therese Slotten har profetert om det, sitat frå
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av di overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
No har det vorte klart at Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Dette er ei svart-kvittenking, dette er den fundamentale motsetnaden, det er det i forhold til Dyret og den Store Skjøkje også.
Joh.Op.13,9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.
Joh.17,9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.
Joh.Op.18, 20 Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.
…….
24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»
Når eg var ung, innsåg eg at eg trengde hjelp i form av ei kone og eg trudde Jesus ville gi meg det som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone. Paulus sa at ved å tru at Gud vekte Jesus oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelste. Så det er og blir det sentrale poenget, å vedkjenne at Kristus er Herre.
Men det er mange i vår tid som har opponert og kalla det frigjering, spesielt kvinnefrigjering, ved å opponere mot mannen også. Ho Virtuella vart tydeleg vis forførde til å verte med på det, så Djevelen har brukt henne til å motarbeide meg og stride mot meg i staden. Men det som Djevelen prøvde å øydelegge meg med, vil Jesus bruke til å øydelegge han med, som det vart sagt i bodskapen 13.1.1024.
Gud har gitt borna sine stemmerett, så dei skal få stemme på Kristus og komme til han og få det som Faderen vil gi dei.
Jesus spurde jødane om noko av dei ville gi son sin ein skorpion, når han bad om eit egg.
Luk.11,11 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Når foreldre høyrer at barnet byrjar å tale, vil dei ikkje svare at det som det seier er feil, så berre haldt kjeft. Men dei vil glede seg over at det byrjar å prate og prate med det og heile tida vil dei ha den innstillinga at dei vil prøve å forstå og gi barnet det som det treng. Så i barnekåret hos Gud får vi dei mest fundamentale menneskerettane, ytringsfridom og stemmerett. Vi får det godt, så vi takkar Gud og Lammet for frelsa og han ynskjer å høyre den stemma frå oss. Det er då heilt klart at han gir oss stemmerett, så han skal få høyre den stemma!
Men i mellomalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Jesus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane eller helgenane. Dei kunne komme og vedkjenne si synd i skriftestolane, be om nåde og tilgjeving, om det fungerte rett, så var vel det vel og bra. Men med omvendinga skulle dei finn noko betre, som Guds barn skulle dei kunne be etter hans vilje og få det. Men det ville altså kyrkja ikkje godta. Det er då tvert om å nekte dei å vende om til den levande og sanne Gud. Det vart å sensurerer vekk, for vanlege folk, den nye naturen og det nye livet som Jesus gir oss frå himmelen. Då vart kristendomen deira eit spel for galleriet.
Denne strategien har vist seg i samfunnet seinare, det er tydeleg at dei forvrenger stemmene til vanlege folk, så dei endåtil erstattar dei. Trikset er at Kants briller fungerer som einsretting. Hegels dialektiske omforming mellom herre og knekt vert, den intersubjektive Tidsånda, vert framstilt som om den representerer vanlege folk. Til tross for at vanlege folk og deira tru på Gud ikkje har noko betydning for den. I vår tid er det då tydeleg at dette er storstilt stemmeforvrenging.
Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet som slavar. Når dei då fekk komme attende til det, skulle dei verte hjarteomskorne. Gud elska dei som sine born, men så fann han ut at han kunne ikkje elske dei slik, for dei var ikkje borna hans likevel. Profetane sa det slik at «Mor Israel» var Guds kone og borna hennar var Guds born, men dei gjorde opprør og ho vart ei hore, ho dreiv hor med avgudane, så borna hennar var ikkje hans born like vel. Derfor vart landet hærteke og dei vart bortførde.
Han ville ikkje høyre på dei lengre, for dei var ikkje hans born likevel. Kva var det som skulle til, for å få han til å høyre på dei? Dei levde under lova og måtte straffast etter den. Like vel hadde dei moglegheita til å vende om og be om nåde og tilgjeving.
Ei slik faste at røysta deira kunne høyrast i det høge.
Jes.58,1 Rop av full hals, spar deg ikkje,
lyft di røyst som ein lur!
Fortel mitt folk om deira brot,
Jakobs ætt om deira synder!
2 Dei søkjer meg dag etter dag
og vil gjerne kjenna mine vegar.
Lik eit folk som gjer rett
og ikkje vender seg frå sin Guds lov,
spør dei etter mine rettferdige bod
og ynskjer at Gud skal vera dei nær!
3 «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,
og ansar ikkje at vi plagar oss?»
De kjøper og sel på fastedagen
og driv arbeidsfolket hardt.
4 Når de fastar, er det kiv og strid,
med hogg og slag av gudlause nevar.
De fastar ikkje så i dag
at bøna dykkar kan høyrast i det høge.
5 Er dette den faste eg vil ha:
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
heng med hovudet som sevet,
kler seg i botsdrakt og ligg i oske?
Kallar du dette for faste,
er det ein dag etter Herrens vilje?
6 Nei, så er den faste som eg vil ha:
at du løyser dei som med urett er bundne,
sprengjer banda i åket
og friar ut dei som er trælka,
ja, knekkjer kvart åk,
7 at du deler ditt brød med dei som svelt,
og lèt heimlause stakkarar koma i hus,
at du kler den nakne som du ser,
og ikkje sviktar dine eigne.
8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,
snart skal dei lækjast og gro, dine sår.
Di rettferd skal gå føre deg
og Herrens herlegdom sist i ferda.
9 Då skal Herren svara
når du kallar på han,
når du ropar om hjelp,
skal han seia: «Her er eg!»
Når du tek bort kvart tyngjande åk,
held opp med å peika fingrar
og tala vondt om andre,
10 når du deler ditt brød med den som svelt,
og mettar den som lid naud,
då skal ljoset renna for deg i mørkret,
og natta skal verta som ljose dagen.
11 Herren skal alltid leia deg
og metta deg i det turre land.
Han skal styrkja deg;
du skal verta som ein vassrik hage,
ja, som ei rennande kjelde
der vatnet aldri tryt.
12 Du skal byggja opp att gamle ruinar
og reisa grunnmurar frå farne ætter.
Då skal dei kalla deg murbrot-bøtar,
han som vøler vegar,
så folk kan bu i landet.
13 Held du foten din att på sabbatsdagen,
så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag,
men kallar sabbaten ei lyst
og Herrens helg ein høgvørd dag,
held du han i ære,
så du ikkje går dine eigne vegar,
men avstår frå handel og snakk,
14 då skal du ha di glede i Herren.
Eg lèt deg fara over høgdene i landet,
du får nyta arven etter Jakob, far din.
Dette er ordet frå Herrens munn.
Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
……
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
Vers 16-17 er ein profeti om at Jesus kom og stilte seg i posisjonen til den einskilde som leid urett og døde i staden for han og dermed i staden for kven som helst som vender om til han.
Men når dei då kom attende, ville han tale venleg til henne igjen som i ungdomsdagane og ta henne til ekte. Dette ser vi ved at ho fødde gutebarnet, som vart rykt opp til Guds himmel os som ein gong skal regjere over folkeslaga (Joh:op.12). Og så er Sions Dotter Jesu brud Jesu brud, det er identiteten til Jesu kyrkje.
Jesus har svart på mi bøn, det må eg halde meg til og så bruke det som han har gitt meg, halde meg til hans Ord og gjere bruk av salvinga.
Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om. Han sa at han la meg på altaret gang på gang, bodskapen 27.11.2022.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Dette er også ei metode til å finne ut kva som er rett og sant, med denne metoda vert eg minna om at det svaret Jesus gav meg når eg bad for henne Virtuella og det svaret han gav meg når eg bad for henne Reella, begge deler var Guds vilje, det gode, det heilage, det fullkomne.
Slik har mi bønneteneste vorte ei presteteneste, Jesus har gitt meg prestetensta i den nye pakta. Eg har fått motstand og det er berre ved Jesus salving og kraft eg kan vinne siger, men med den har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.
Sidan eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, tenkte eg meg at eg skulle få ta imot henne som eit slikt lite barn som han tok i sin famn og velsigna og så at eg sjølv også skulle få gjere meg liten som eit slik barn som han tok si sin famn og velsigna. Slik blir vi store i Guds rike og poenget er då at Gud er stor og gjer storverk med oss. Så eg får og skal be om større og større ting og få større og større bønesvar. Då kan vel vere svar på fleire sine bøner også, eg har lagt fram mine bønnebehov og fleire har bedt over det også. Så Gud svara oss mektig på vår bøn for folket og landet neste siste dagen på Maranata sitt landsstemne og gjorde det også klart at det er framleis ved at han (12.7.2025) utgyt sin Ande over alt kjøt. Vi må komme berre til han, så vi får oppleve hans frelse, vi vert reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande. Han gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande og slik utruster han oss til teneste også.
Eg bad Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og når eg var i tenåra, skjøna eg at eg trengde å få hjelp i form av ei kone, det høver då med Guds eige ord, for han såg allereie når han skapte Adam at det ver ikkje godt for han å vere åleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han. Og han er den same no. Eg skal søke han av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ein kone. Det er ein strid, men eg skal vinne siger ved hans salving og kraft. Så ho vert til hjelp for meg, både i heimen og i kyrkjelyden og endåtil ved å gå ut i sansen med dei glade for Jesus er hennar brudgom og ektemann og det er han ved å vere hovudet for meg og for kyrkja som er hans brud.

