Bilete: William Ockham. Ockhams barberkniv er et metodologisk enkelhets- eller økonomiprinsipp som kan formuleres slik: Man bør ikke innføre flere begreper og størrelser enn nødvendig for den sak det gjelder.
Innleiing.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
………
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.
SITAT SLUTT.
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik.
Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:
Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Samfunn omtala som mann og kvinne.
I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.
Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia.
Samanliknande politikk på grunnlag av filosofien, eventuelt «religionen».
Antikk gresk naturfilosofi og moderne naturvitskap.
Antikk, gresk filosofi fekk tydeleg v is impulsar frå jødedomen. Den starta som naturfilosofi, med ideen om at naturen var forståeleg. Ja, ved tru skjønar vi at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg.
Heb.11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.
Naturen er skapt «ved» Guds Ord, så den har vorte til «av» det usynlege. Betyr det at den er skapt både ved og av Guds Ord, som om det er det meste fundamentale som den består av? I skapingssoga vart det sagt at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatna, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Så fortsette han å tale og det skjedde, hans skapte ved sitt Ord. Men i Joh.1 ser vi at Guds skapte alt frå opphavet ved sitt Ord.
For dei greske filosofane vart det også eit spørsmål om kor mykje dei forstod og det er det framleis, for oss også. Problemet for dei var at dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett, det kom først i den moderne, eksperimentelle naturvitskapen på 1600-talet.
Thales var matematikar og filosof og hen er kjend for påstanden «alt er vatn», det inneber ei forståing av at alt er laga av det same. Sidan kom Demokrit med sin atommodell og den har vorte vist eksperimentelt med moderne metode. Thales påstand høver med å seie at alt er energi, for masse er eit mål for energi, det vart oppdaga først ved Einsteins relativitetsteori.
Thales påstand var rar, så vi kan godt tenke oss at han hadde ideen frå jødedomen sin lære om det levande vatnet.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Nyplatonisme, Augustin og kyrkja.
Nyplatonismen var ein religiøs lengsel som evangeliet om Kristus gav eit godt svar på, for ved å komme til Kristus, fekk dei drikke av kjelda med det levande vatnet.
Joh.4,14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Når Augustin vende om til kristendomen hang det slik saman med nyplatonisme og platonisme, for han var det å avvise mørkret og komme til lyset og slik kan vi seie at han fekk han ei svart-kvitt-tenking.
Augustin las i Bibelsk skrifter, men kom til at dei ikkje heldt mål, han vart grepen av «manikeismen» fordi den syntest å ha ei forklaring på problemet med det vonde. Men han braut med manikeismen, fordi den filosofiske skepsisen og den greske forståinga av verda som eit ordna kaos overvann den østerlandske forestillinga av verda som dominert av mørkets krefter. I staden forklarde han det vondes problem som mangel på innsikt, som i platonismen altså. Og så fann han at nyplatonismen høvde bra med kristendomen.
Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :
Litterære studier vakte trangen til intellektuell klarhet også i religiøse spørsmål. Bibelske skrifter holdt ikke lenger mål. I stedet ble Augustin grepet av manikeismen, ikke minst fordi den tilsynelatende hadde en forklaring på det ondes problem. Da han i 383 dro til Roma og derfra til Milano, hadde Augustin derimot brutt med manikeismen. Den filosofiske skepsisen (representert blant annet av Ciceros Hortensius) og den greske forståelsen av verden som et ordnet kosmos, overvant den østerlandske forestillingen om det materielle som dominert av mørkets makter.
Under prekestolen til biskop Ambrosius av Milano fikk Augustin et helt nytt syn på den kirkelige kristendommen. Av Ambrosius synes han å ha lært å tolke de hellige skriftene i nyplatonsk ånd, å søke innover i skriftene etter en dypere, åndelig mening og å søke innover i seg selv etter sitt vesens innerste grunn i Gud. Han oppdaget at han hadde en delt vilje. Hans ufullstendige religiøse erkjennelse skyldtes at han egentlig ikke ville erkjenne. I den dypeste fortvilelse leste han en dag fra Romerbrevet 13,13, og den helhjertede overgivelsen til sannheten i apostelens ord ble ham gitt i år 387. Kort etter ble han døpt og vendte tilbake til Nord-Afrika. Monica opplevde hans dåp, men døde før hjemreisen. Med dette slutter Confessiones.
Kort etter hjemkomsten ble Augustin prestevigd. Som biskop i Hippo i 395 grep han gjennom mer enn 100 skrifter inn i det meste av det som skjedde gjennom 35 år.
SITAT SLUTT.
Augustin forkynner her at mennesket vert løyst og frigjort frå den gamle vonde naturen, løyst frigjort ifrå det fundamentale klagemålet som gjorde menneska til trælar under synda og avgudsdyrkinga. Dette høver med Johannes Openberring 12,7-12.
Når vi les om Augustin i Store Norske Leksikon, han vi merke oss uttrykket «værens metafysikk» og «viljens metafysikk», det er ontologi altså, lære om kva som eksisterer. All «væren» har sin grunn i Guds nåde. Dette høver med at vi har fått den Heilage Ande ved trua på Kristus av berre nåde. Det høver med at Gud frelser oss ved trua på Kristus og gir oss evig liv av berre nåde. Soleis er vår evige eksistens heilt avhengig av Guds nåde. Dermed er det den evige eksistensen det er snakk om! Men der er då også noko som eksisterer, sjølv om det ikkje er evig.
Universaliestriden og striden om metoda.
Universaliestriden og Thomas Aquinas.
I middelalderen tenkte dei seg at der var universelle idear som eksisterte uavhengig av om menneske oppdaga og erkjende det eller ikkje. Dei svara til Platons idear, men for han var det også ideal. Dei sansbare tinga var ikkje universalia, men partikularia. Platonsk realisme vart då at ideane (universalia) hadde den høgaste og mest eigentlege eksistensen, dei hadde ein fullstendig, sjølvstendig eksistens.
Aristotelisk realisme vart då at formene (universalia) finst berre i dei einskilde tina (partikularia), men med tankens hjelp, kan vi erkjenne dei. Formene var eigenskapar ved tinga, som rund, brun, artsbegrep som hest, menneske.
Thomas Aquinas kom til at der universalia før tingen (som i platonismen), i tingen (som hos Aristoteles) og etter tingen, universalia var berre namn som vi brukte på tingen etter at vi hadde sansa den, dette var ikkje realisme, men nominalisme. Konseptualismen vart då noko mellom realisme og nominalisme, for ordet rettferd var då til dømes noko meir enn berre eit ord på noko, det var noko som eksisterte, men ikkje uavhengig av mennesket, berre som eit begrep ved mennesket.
Den som hevdar at berre dei sanselege tinga eksisterer (nominalisme), må meine at vi berre kan vite noko om dei (empirisme). Men den som meiner vi berre kan vite noko om dei sanselege tinga (empirisme), påstår ikkje dermed at det ikkje finst noko meir enn det. Den som seier at det finst universalia (= realisme) vil også hevde at vi har evna til å erkjenne universalia (= rasjonalisme). For korleis kunne han elles tale om universalia?
I den tidlege mellomalder-filosofien rådde realismen grunnen. I høgmellomalderen (1250 e.Kr) kom ein moderat realisme ved Thomas Aquinas. Utover i seinmellomalderen tok nominalismen overhand, det gjeld filosofar som munken Vilhelm Ockham (og Luther). Dette overraska meg, for eg er oppvoksen i den protestantiske kyrkja i Noreg og har rekna den protestantiske trua for å vere rasjonalistisk og eg meiner framleis det er rett. Men Vilhelm Ockham skilte mellom å tru og å vite, så då var vel trua hans framleis rasjonalistisk.
Her er ein artikkel som fortel meir om kva konflikta betydde i praksis. Sitat frå https://snl.no/William_Ockham :
William Ockham var en engelsk filosof og teolog fra Ockham i Surrey. Han var fransiskanermunk og lærer i teologi i Oxford. I 1324 ble han anklaget for kjetteri og oppholdt seg i Avignon inntil den pavelige undersøkelseskommisjonen i 1328 anbefalte fordømmelse og ekskommunikasjon av ham. Han flyktet da til München, og søkte beskyttelse hos keiser Ludvig 4. Her ble han til sin død, og skrev en rekke avhandlinger som støttet Ludvig i hans kritikk av pavestolen i Avignon.Filosofi
Ockham videreførte den kritikken Johannes Duns Scotushadde rettet mot Thomas Aquinas. Kritikken var særlig rettet mot forsøket på å bygge en bro mellom kristendommenstrossannheter og den aristoteliske filosofien; Ockham hevdet at tro og viten måtte skilles skarpest mulig. Verken Guds eksistens eller vesen kan bevises eller forstås av fornuften. Fornuftens og troens områder er så forskjellige at de to stadig kommer i strid med hverandre. I en slik strid må troen alltid få prioritet, uansett hvor fornuftsstridig den synes å være.
I erkjennelsesteorien forfektet han en ekstrem empirisme, der all vår viten om skaperverket stammer fra sanseerfaringer av enkeltting. Dette markerte et brudd med en forestilling som hadde dominert siden antikken, nemlig at viten alltid er viten om noe allment. Ifølge Ockham er det selve vår viten, og ikke gjenstanden for viten, som er allmenn. Den allmenne formen til vår viten er å forstå som et resultat av abstraksjonsprosesser, og i universaliestrideninntok han følgelig et nominalistisk standpunkt. Ockham var også en meget betydelig logiker.
Ockhams barberkniv
Ockhams barberkniv er et metodologisk enkelhets- eller økonomiprinsipp som kan formuleres slik: Man bør ikke innføre flere begreper og størrelser enn nødvendig for den sak det gjelder.
Skjønt prinsippet er eldre enn William Ockham, tilskrives det ham fordi han gjorde så bevisst og systematisk bruk av det.
Renessansen, ei forvirra tid med striden om den vitskaplege metoda og reformasjonen.
Med renessansen kom den nye naturvitskapen og rasjonalistisk filosofi og reformasjonen. Det var mykje forvirring både med reformasjonen og med striden om kva som var den rette vitskaplege metoda, inntil det vart klart at metoda i den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv, så den hadde både empiri og rasjonalitet. Filosofi-professoren Gunnar Skirbekk sa at renessansen var ikkje lyset som kom, slik som mange hevda, men lyset som nesten forsvann, men så kom opplysningstida med empirisme, liberalisme og dei store oppdagingane.
Immanuel Kant.
Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterte. Hovudverket hans vart kalla «Kritikk av den reine fornuft», men han meinte han redda den med sin transendentalfilosofi.
Så han prøvde å lage ei syntese mellom rasjonalismen og empirismen. Han byrja å tale om tingen, slik den er i seg sjølv, «Das Ding an Sich», og tingen slik som den var for han, «Das Ding an Mich». Kant var samd med liberalisten David Hume i at umiddelbar erfaring og induksjon ikkje gir innsikt i noko nødvendig og allmenngyldig. Det som ordnar og strukturerer erfaringa vår, må derfor ligge i oss sjølv. Aristoteles tala om former, som til dømes grønfarge. Dersom vi alle ser gjennom grøne brilleglas, ser vi grønt og kan vite på førehand at vi kjem til å sjå grønt, når vi tek på oss brillene, slik vert sanse-erfaring forma av brillene. Han tenkte seg så at den ordnande instans i oss er som slike briller og dei er like, så vi får like, uforanderlege, transcendentale former, som rom, tid og kausalitet. Men dette er då eigentleg fysikk og matematikk. Platons realisme reduserte han til det som er sjølvsagt og kalla det analytisk apriori, for det kjem før erfaring og uavhengig av erfaring. Våre tankar om tingen etter å ha sette den og sansa den kalla han syntetisk aposteriori, som syntese av tenking og erfaring. Men så var der også noko som han kalla syntetisk apriori, det var før sansing, men så var det syntetisk like vel altså, det var desse uforanderlege transendentale formene. Han plasserte endåtil matematikken der, men dei fleste vil kalle den for analytisk apriori.
Albert Einstein las filosofien til Kant, når han var ung og opplevde det som frigjerande, ved å løyse opp i den absoluttistiske tenkinga, med absolutt rom og tid, så det skulle vist ha sett han på sporet av å tenke relativistisk. Men konklusjonen vart at dei desse formene ikkje var uforanderlege likevel, for rom og tid var då relative. Og i kvantefysikken er kausaliteten borte.
Poenget for Kant var å formulere ein transcendental moralfilosofi som folk kunne semjast om, men i staden for å grunngi det utifrå «objektive» idear, som hos Platon, grunngav han det utifrå subjektet, den einskilde person sjølv, i det han tenkte seg at pliktbodet «du skal» er grunna i oss sjølve, liksom dei transcendentale formene rom, tid og kausalitet. Det absolutte pliktbodet er eit kategorisk imperativ på denne forma: Du skal handle slik at maksimum for handlinga di kan verte gjort til lov for alle menneske. Eller: Du skal aldri handle som om andre menneske berre er eit middel. Det kategoriske imperativ er a priori, sidan det ikkje er grunngitt ved erfaring. Men det er ikkje analytisk, altså er det syntetisk, det er syntetisk apriori.
Den store feilen som gjorde middelalderen mørk og som framleis gjer det mørkt i uvituge menneskehjarte.
Den store feilen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting som stokk og stein eller noko som var laga av stokk og sein og ein levande skapning, eit menneske. Så dette vart som om dei laga seg avgudar av stokk og stein og dyrka dei.
Jer.10,1 Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt. 2 Så seier Herren:
Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk
og reddast ikkje teikn på himmelen,
endå om andre folk reddast dei.
3 For skikkane åt folka er ingenting verde.
Dei høgg eit tre i skogen,
ein treskjerar lagar det til med øks,
4 han pryder det med sølv og gull
og fester det med naglar og hamar,
så det står støtt.
5 Gudebileta liknar
fugleskræmsla i ein agurkåker;
dei kan ikkje tala,
og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
Ver ikkje redde dei!
Dei gjer ingen skade,
men kan heller ikkje gjera noko godt.
6 Ingen er som du, Herre.
Stor er du,
stort og mektig er ditt namn.
7 Kven må ikkje ottast deg,
som det sømer seg,
du konge over folkeslag.
For mellom alle vismenn hjå folka,
i alle rike er ingen som du.
8 Alle saman er dumme som fe,
frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.
9 Platesølvet er kome frå Tarsis
og gullet frå Ufas.
Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,
kledt i purpur, fiolett og raudt;
alt er laga av kunstnarar.
10 Men Herren, han er i sanning Gud,
ein levande Gud og ein evig konge.
Jorda skjelv for hans harme,
folka kan ikkje halda ut hans vreide.
11 Så skal de seia til dei:
«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
skal kverva frå jorda
og ikkje finnast under himmelen.»
12 Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
14 Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Rom.1,18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen!
Immanuel Kant og Hegel hadde ei personleg protestantisk tru, filosofien deira kom i tillegg og var dermed ei annan sak. Men sidan vart filosofien deira til protestantisk filosofi og teologi. Kants uforanderlege transendentale former verka svært så einsrettande og det kategoriske imperativ minner mest om at i den greske antikken fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alts om skjedde var hans verk. Men han var då ein av desse gudane som sprang ut av kaos og kaos høver då dårleg med ei slik overstyring. Det var noko som ein diktar fann på som reaksjon mot demokratiet i Aten og det er rart at menneska sidan vart gjort til slavar under det som var dikta i hop av menneske.
Descartes, rasjonalistane og evangelisk kristendom.
Descartes metodiske tvil var ikkje berre kva han kunne ha grunn til å tvile på, men også kva han kunne tvile på, så han sat igjen med det som han kunne vere sikrast på: «Eg tenker, altså er eg». Så tenkte han seg ein usynleg Gud som også eksisterte, som om det var berre fordi han tenkte seg det? Kanskje vi kan seie det slik at han hevda han hadde bevisstheit, det var reelt og som realist hevda han at bevisstheita eksisterte, same enten har eksisterte og var bevisst eller ikkje, så Gud var den bevisstheita. Mange av dei som i vår tid filosoferer over kva bevisstheita er for noko tenker slik, sjølv om dei ikkje kallar det Gud.
Slik fekk han ein psykofysisk dualisme, ein dualisme mellom ånd (Gud) og materie, som også vert grunnlag for dualisme mellom kropp og sjel, hjerte og forstand. For Leibnitz var det ein psykofysisk parallellisme. Pascal hevda at vi hadde ein fri vilje og gjorde det klart at sidan vi trudde på Gud, vart det også vesentleg å velje å vende seg til han. Slik har den rasjonalistiske tenkinga halde fram sidan.
Og slik er det eg har tenkt, som realist som trur på Jesus. Det som sikkert er så rart for folk flest og for meg også, er at den filosofiske definisjonen er annleis enn korleis vi har brukt ordet i vår daglege tale, for når vi spør etter realisme er det oftast som motsetnad til noko som nokon berre har tenkt seg eller nokon trur på, inkludert den kristen trua. Men når vi trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så er det realisme etter den filosofiske definisjonen, det er platonsk realisme og dermed ekstrem realisme.
Dei som soleis er realistar, som erkjenner at der finst universalia, som Guds Ord, vil vel også hevde at dei er rasjonalistar ved at dei kan erkjenne det. Jau, ved å lest i Bibelen. Men er ikkje dette nominalisme då? For i det gamle testamentet får vi høyre om at profeten fekk oppleve at Guds Ord kom til han og det vart ein bodskap som han hadde å gå vidare med, til den det gjaldt, til alle eller forkynne det for kven som helst han møtte. Men då var vel det nominalisme?!
Men Kristus er Guds Ord og no har han sett seg ved Guds høgre hand i himmelen og når han strekker ut sin frelsar-arm til oss, får vi også oppleve at Guds Ord kjem til oss, han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Guds Ord, livet, lyset og openberringa.
Gud og hans Ord eksisterer uavhengig av det han har skapt, også oss menneske. Men han strekker ut sin arm til oss, for å frelse oss, då er det berre for oss å tru og ta imot i tru.
Joh.6, Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Vi får høyre Guds Ord verte forkynt og så spørst det om vi trur med hjartet og forstår med hjartet og kor mykje vi forstår. Dersom Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Dersom såkorn som vert sått i vårt hjerte, om det kjem i god jord, så spirer det og veks. Vi må berre audmjukt og velvillig ta imot det frå Gud, det har sjølvstendig eksistens, slik som Gud og så veks det av seg sjølv. Det er ikkje noko som vi presterer av oss sjølve, men Jesus er Guds Ord, i han var liv og livet var lyset til menneska, det lyser og livet lever av seg sjølv og veks i våre hjarte.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
1.Tim.1,13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
Gud er ånd og fysisk usynleg. Guds Ord er Gud og er også usynleg, som ein usynleg ide, som kan erkjennast og talast og høyrast, sjølv om det ikkje er fysisk synleg, men vi kan tru det og forstå det med hjartet. Men apostelen Johannes sa at Ordet var kjøt og kom og tok bustad hos oss, så det vart noko som dei såg og tok på.
Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
1.Joh.1,1 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
Jesus vart drepen og gravlagd, men så stod han oppatt frå dei døde, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand i himmelen. Like vel let han oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande, så vi får oppleve at Gud kjem til oss og rører ved oss og gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakt, så eg må innvie meg for han. Samanlikning med William Ockham.
Ockham var ein munk som studerte realfag og skilte klart mellom realfag og den kristne trua, som om det er to fråskilde sfærer eller «verdener». Han var ein munk og søkte sikkert samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, sjølv om prestane og dermed kyrkja spora av ifrå det, hadde klostera teke vare på evangeliet og mykje anna verdifull lærdom. Det var sikkert litt forskjellig i klostera også, kor utvatna den kristne læra var, men når han skilde så klart mellom den kristne trua og realfag, tyder det vel på at han hadde fått oppleve at Jesus gav han ånd og liv frå himmelen. Eg har skrive ein god del om at eg har opplevt akkurat det same og skal ikkje gjenta det her. Både prestane og munkane i den katolske kyrkje levde i sølibat, men det er ikkje mi innstilling, eg har ikkje gjort avtale om det. Tvert om bad eg Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, når eg var 9 år og det har eg halde fram med sidan. Han svarde meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den, eg skulle overgi meg heilt til han, så då ventar eg at han frelser henne som kona mi. Eg held fram med å be slik eg gjorde når eg var 9 år og må eg innvie meg for han, for å ta imot bønnesvaret, slik har eg fått prestetenesta i den nye pakta. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er heilt nytt i forhold til den fysiske naturen vi har opplevt og framleis opplever. Eg må bøye meg for han og ta imot av berre nåde og la hans Ande råde i min døyelege lekam. Slik har dette med den fysisk realiteten og realfag å gjere.
Vår tru på Gud og hans Ord er platonsk realisme og analytisk apriori erkjenning. Det er rasjonalisme og syntetisk apriori erkjenning. Korleis då?
Vår tru på Gud og hans Ord er platonsk realisme, til samanlikning med matematikken, men det er to ulike og fråskilde tenkesystem. Når vi høyer eller les hans Ord, kan vi kalle det nominalisme, men når den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, opplever vi det som platonsk realisme, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, opplever vi det som syntetisk apriori erkjenning. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset for menneska og det er som ein plante som vert planta i oss og som skal vekse. Gud er kjærleik og vi får oppleve hans Ande og hans kjærleik i våre hjarte. Så vi elskar fordi han elska oss først.Kant putta matematikken også inn i boksa «syntetisk apriori» og så var det så mykje anna han også putta inn der, men kvar vart det av kriteria for å avgjere kva som er rett og sant? Forstod han eigentleg den hypotetisk deduktive metode? Forstod han evangeliet, metodene i evangeliet til å komme til erkjenning av sanninga? Kanskje han forstod det med si personlege protestantiske tru, men det viser ikkje i filosofien hans. Sameleis med Hegels filosofi. Ettersom desse filosofiane kom inn i protestantisk teologi, vart evangeliet fortrengt liksom i den katolske kyrkja tidlegare. Kant tenkte seg at vi alle såg gjennom same slags briller og brillene var syntetisk apriori erkjenning. Dette betyr einsretting. Men kvar vart det av kriteriet for å erkjenne kva som var sant og rett og kva som ikkje var det? Kvar vart det av reinsinga i Jesu blod? Evangeliets metode er at vi vert reinsa i Jesu blod, så vert vi fylte av den Heilage Ande og den openberrar sanninga i Guds Ord, slik at den set oss fri. Vi opplever at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, vi opplever Guds Ord, Guds Ande og Guds kjærleik i vårt indre menneske, vi opplever Gud frelse i våre liv, så vi opplever det som syntetisk apriori erkjenning. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, vi opplever det så det blir til syntetisk apriori erkjenning i våre liv, men det kjem frå himmelen og vi må løfte blikket opp til Jesus og ære og takke Gud og Lammet for det.På Jesu tid var ikkje briller oppfunne, men han talte ganske enkelt om auget som ser lyset, om å ha auge for å sjå lyset frå Gud. Matt.6,19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Universaliestriden, thomismen og kantismen; tingen, som erstatning for Gud og menneske, avgud altså.
I vår tid ser det ut til at dei som held seg til den filosofiske retninga Kant, Hegel Marx har mista kriteriet for å erkjenne kva som er rett og sant, både i kristendomen og i realfag og det som dei kjem med strir mot både evangeliet og ekte vitskap, så det verkar som om dei ikkje har lært noko som helst. Daniel.12, 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. I universaliestriden, thomismen og kantismen snakka dei om tingen, men den store feilen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting og ein levande skapning, eit menneske. Det vart som å lage seg ein gud av stokk og stein, til tross for at profetane i det Gamle Testamentet sa at der var ikkje ande i dei, dei høyrde ikkje, tal ikkje og gjorde ikkje noko som helst. Dei heldt framleis vanlege folk for å vere så dumme og vonde at det gjekk ikkje an å snakke med dei. Menneskerettane med ytringfridom, som kom i opplysningtida, gjaldt framleis ei lærd overklasse og no, i det rare som har vorte kall postmodernismen, har ytringfridomen vorte for dei vorte å ta seg til rett med å dikte om andre menneske, som erstatning for at dei skulle få svare for seg sjølve. Så oppdikta tøv kjem til erstatning for deira konstruktive tenking for å få seg eit godt og meiningsfullt liv. Det er tydeleg motivert at misunning og småligheit, det er den vonde Kain-naturen som er misunneleg på Abel-naturen.

