Innleiing.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
SITAT SLUTT.
Jesajas profeterte om at Gud gjer noko nytt, slik er den glade bodskapen om Kristus.
Jesajas profeterte om at Babylonarane skulle hærta Jerusalem og rane tempelet og bortføre folket, men også at persarkongen Kyros skulle la dei fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag, Kyros er den einaste heidningen i den gamle pakt som har vorte kalle Guds salvevigde (Jes.41&45). Han sette Serubabel til å vere statthaldar i Judea og gav han oppdraget med å bygge oppatt tempelet, han var soneson til kong Jojakin. Josva var øvsteprest. Sakarja profeterte om dei som dei to oliventrea, det var dei to som var salva til teneste. Venteleg var dette tenester som gjekk i arv, sjølv om vi ikkje høyrer mykje meir om det seinare, men det vesentlege var å vere salva til tenestene og at dei fungerte rett.
Men Daniel hadde allereie profetert om åtaket på prestetenesta, som kom ved Antiokus 4. Epifanes, og så skulle den salvevigde verte rydja bort. Det kan høyrast ut som berre ein av dei var att og så vart han også rydda vekk. Vi kan i alle fall konkludere med at å verte salva til teneste ikkje fungerte lengre.
Men så kom Guds Messias, slik som profeterte og profeten Johannes døyparen og som rydja vegen for han (Malakias.3&4). Johannes sa at Jesus var Guds Lam, som bar verda si synd, han var Messias, Guds salvevigde, salvinga er symbol på den Heilage Ande. Han var den som døypte med den Heilage Ande, soleis vert vi salva til teneste. Han var den som hadde bruda.
Framleis fekk dei merke denne verdslege maktinteressa, å rydje vekk Guds salvevigde, men då døde Kristus på korset i staden for oss, ja, for han var då Guds Lam som bar verda si synd og som vart ofra som syndeoffer. Han stod oppatt frå dei døde, for opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. Så sende han den Heilage Ande til disiplane på pinsedag, slik som var lova. Slik vart dei salva og utrusta til tenesta han hadde gitt dei, å gå ut i all verda med evangeliet. Apostelen Johannes talte om salvinga som lærer oss alt, så det vart tydeleg vis nokon heilt nytt, som motsetnad til Antikrist 1.Joh.2&3.
Dei fekk tydeleg merke den verdslege religiøse maktinteressa av å erstatte Guds salvevigde, det var ein åndskamp (Ef.6,10…., 2.Tess.2 Joh.Op.11). Denne motstanden får vi framleis merke.
Dette har eg skrive om her:
Men Kristus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det vi har å gjere er å vende hugen opp til han og ete dette brødet slik at vi lever av det, den rettferdige skal leve ved tru. Vi får oppleve at han salvar oss til tenesta, så vi blir dei salvevigde, slik utruster han oss til teneste og så brukar vi den utrustninga til å tene han. Slik blir vi vitne om at han er Guds salvevigde, Guds Messias.
Jesajas profeterte om at Gud gjer noko nytt, ein kvist skulle renne or Isai-stuven.
Jes.11,1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven,
ein renning skal skyta opp frå hans røter.
2 Herrens Ande skal kvila over han,
Anden med visdom og vit,
Anden med råd og styrke,
Anden som gjev kunnskap om Herren
og age for han.
3 Han skal ha sin hugnad i age for Herren.
Han skal ikkje døma etter det han ser,
og ikkje skifta rett etter det han høyrer.
4 Han skal døma armingar med rettferd,
fella rettvis dom for dei verjelause i landet.
Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn
og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper.
5 Rettferd skal vera beltet om livet
og truskap beltet om hoftene hans.
6 Då skal ulven bu saman med lammet,
og leoparden liggja i lag med kjeet.
Kalv og ungløve skal beita saman,
og ein smågut skal gjæta dei.
7 Ku og bjørn skal gå og beita,
ungane deira skal liggja i lag,
og løva skal eta halm som oksen.
8 Spedbarnet skal leika innmed hola åt hoggormen,
og veslebarnet skal retta ut si hand
mot bolet åt eiterormen.
9 Ingen skal gjera vondt eller ugagn
på heile mitt heilage fjell.
For landet er fylt av kunnskap om Herren,
liksom vatnet dekkjer havsens botn.
10 Den dagen skal folkeslag søkja
til renningen or Isais rot.
Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,
og bustaden hans skal vera full av herlegdom.
Jes.43,14 Så seier Herren,
dykkar utløysar, Israels Heilage:
For dykkar skuld sender eg bod til Babylon
og bryt ned alle bommane der;
då vert kaldearjubelen til klageskrik.
15 Eg er Herren, dykkar Heilage,
Israels skapar, dykkar konge.
Sjå, eg skaper noko nytt
16 Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17 som førte hestar og vogner,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,
dei slokna som ein veik.
18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Vi tek imot det nye, går inn i det, vert med på det og skal forkynne den glade bodskapen til andre.
Gud gjer sitt verk med meg i kulissane. Då kan der vere andre i kulissane som er konkurrentar og kanskje også fiendtlege til meg, som vil erstatte meg og soleis framstå som eit alternativ. Men eigentleg er det Jesus og dei som han kallar og leier som er det nye alternativet til det gamle, han er den Gode Hyrdingen og dei som var komne før han er tjuvar og røvarar (Joh.10), ulven er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Jesus er livet, han gir oss ånd og liv og liv i overflod, då må vi ta imot det livet slik at det lever i oss og ta imot Anden med den utrustning som den gir oss og tene han med den, både i kyrkjelyden og med å forkynne evangeliet for andre menneske.
Mange er kalla med få er utvalde (Matt.22,14), då er det noko som Gud har kalla og utvalt den einskilde til, då er det viktig for han og henne å komme inn i det, når det blir klart at slik er det, då er det ingen som kan erstatte han eller henne. Soleis er det om å gjere å komme inn i ferdiglagde gjerningar (Ef.2,10).
No vert Mørkets Rike akseptert, men vi kan røyse oss frå det og gå over i Jesu rike. Eg reknar med at Mørkets Rike er Dyrets Rike (Joh.Op.13&19).
På mitt første møte i Maranata (10.5.2009) talte Jesus til oss om det som no vert akseptert og som er mørkets rike, men dei som røyser seg frå det og går inn i hans rike, får sjå kongen i hans herlegdom. Han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Ja, han kjem til oss slik som han lova og gjer oss i stand til å forkynne evangeliet om hans rike som eit betre alternativ (Joh.14,6&15-26 Ap.gj.1,9-11) og vi går han i møte som dei fem vituge brurmøyane.
Sitat frå
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Jesus sende meg for å tale profetisk og noko seinare skulle eg søke Herren i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka.
Biologen Glenn-Peter Sætre skreiv boka «To Kjønn» og inviterte meg til boklanseringa på Bikuben på Biologibygget ved UIO. Eg tenkte på å fare og på eit møte på Sion Åheim var der ein gammal mann som kviskra ein bodskap i øyret mitt om at Jesus hadde sett fram for meg ei opna dør, så eg skulle gå inn der og der skulle eg tale profetisk. Då tenkte eg både på dette og Maranata, så eg reiste til Oslo og var på bok-landseringa og på møte i Maranata søndagen etterpå.
…..
Så det vart til at eg reiste til Oslo og vart med på boklandseringsfesten. På slutten vart det gjeve høve til å komme med spørsmål, så eg nytt høvet til å komme med ein påstand som eg formulerte som eit spørsmål og ei psykologidame fekk oppgåva med å svare. Sidan har eg skrive om same tema for facebook og der fekk det vel meir preg av å vere ein profetisk bodskap inn i den tida vi lever i.
Søndagen etter var eg på møte i Maranata og prata litt med dei i kaffipausa etter møtet, der var nokon som sa noko om at der er dei som påstår der er fleire kjønn, så då viste eg dei denne boka og sa noko om det. Det eg sa bar ikkje akkurat preg av å vere ein profetisk bodskap og det var tydeleg at nokre av dei vart skeptiske.
Sidan har eg fortsett med å skrive på facebook og på blogge-sida mi og då har eg gjort det klart at eg stilar det både til Realfag på Blindern og til Maranata Oslo.
…….
Litt ut på nyåret 2024 oppdaga eg at der var ein debatt i avisa Dagen om endetidssyn, dei som heldt seg til den tradisjonelle endetidslæra til pinsevennane, «husholdningslæra» gjekk til åtak på «preterismen», preterisme betyr «allerie oppfyllt», dei meiner at husholdninglæra er feil og at mykje meir av profetiane allereie er oppfylte. Eg tok del i debatten i kommentarfeltet på nettutgåva, men fann ut at dette var temmeleg meiningslaust. Dette var tydeleg vis å mønstre til motstand mot meg og min bodskap i dei kristne evangeliske forsamlingane, sjølv om det vart retta mot «preteristen» Finn Arne Lauvås. Men no svarde Jesus meg gjennom profetiske bodskap gjennom Elin Therese Slotten, på facebook og youtube, eg tok i alle fall imot det som bodskap til meg og det høvde godt. No var det sesong for meg til å søke Gud i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka.
Men dette skriveriet mitt på bloggesida mi og på Facebook bar nok meir preg av å vere profetisk bodskap, eg stila det til Kristus som vanleg og kyrkjelyden, no spesielt til Maranaata i Oslo og så til realfag på Blindern, eg tenkte meg at det var først og fremst til dei og sidan til kven som helst, eigentleg, for evangeliet skal forkynnast til kven som helst.
Dette har eg skrive om her:
Jesus er Guds Ord og vi skal prøve alt på Guds Ord. Då vert det kalrt at noko stemmer med Guds Ord og noko anne gjer det ikkje. Så Guds Ord går til strid mot det som står imot hans Ord, fyrst og fremst i hans kyrkje.
Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte og no er det sesong for meg å søke han i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka. Som konsekvens er det vel ikkje så rart om eg oppdagar og erkjenner kva som står imot Guds Ord i vår tid og som Guds Ord går til strid imot. Eg har vel visst det lenge, men no vert det vel avslørt at det allereie er kome inn i kristne kyrkjelydar.
Vranglære og fråfall som på Elias tid.
På Elias tid hadde Israelsfolket og kongen deira, i Nordriket, vendt seg bort frå Herren og dyrka Baáls-gudane i staden. Vår tid liknar på det, ved at den Store Skjøkje driv hor med kongane rundt om på jorda, ho tilber dei som avgudar altså, som erstatning for å tilbe Herren Gud, så det for ei kvinne også kjem til erstatning for å vere kona til ein mann.
Eg har talt Guds Ord og vi skal prøve alt på Guds Ord. Då skal vi kunne vite at desse alternativa som dei kjem med er vranglære. I Johannes Openberring (18-19) ser vi at Gud og hans Ord går til strid mot den Store Skjøkje, Dyret og den Falske Profet. Eg hevdar desse profetiane gjeld vår tid og denne saka.
I Joh.Op.13 er det fortalt at menneska tilbad Dyret, det talar om keisardyrkinga i Romarriket. Så er det profetert om eit dyr til, som såg ut som eit lam med to horn, men som tala som ein drake. Det fekk folk til å tilbe biletet av det første dyret og fekk eld til å falle ned frå himmelen rett framfor augene på folk. Lenge tenkte eg dette måtte vere falske under, men så kom eg til at det kanskje verkeleg er den evangeliske og karismatiske vekking, det er pinse-elden altså. Men det som er feilen, er at det daglege offeret er teke vekk, for vi skulle bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, det skulle vere vår åndelege Guds-teneste (Rom.12,1-3). Slik har den åndelege Gudstenesta med den fysiske realiteten å gjere altså. Slik har vårt fysiske oppmøte i kyrkjelyden betydning og slik har det også betydning at vi møter andre menneske fysisk i kvardagen. Det har noko med velsigninga å gjere, han sa då at vi skulle gå ut og forkynne og sjå at han er med oss. Legge merke til at Johannes sa at Ordet vart kjøt og han tala om det som noko som hendene deira tok på (Joh.1,14 & 1.Joh.1,1).
Men det andre Dyret forkynner då vranglære, når det lærer folk å tilbe det første Dyret, det er eit falskt evangelium, så det må vere rett å kalle det for ein falsk profet. Dette høver ganske bra med hushaldningslæra til pinsevennane. Men det er då ei forvrenging og forfalsking av profetiane og kvifor det? For å få folk til å tene Dyret, ei slags keisardyrking, altså. Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget (Sak.14) og det gjer visst dispensjonalistane også. Men vi som trur at Jesus er Messias, vi trur at han allereie har oppfylt den profetien med sin døde på korset og si oppstode.
Jesus let oss ikkje att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande, den openberrar han for oss så vi også får oppleve at han og Faderen kjem og tek bustad hos oss. Som Guds born er vi berre oppteken av å ta imot Faderens kjærleik og omsorg og som Jesus brud er vi berre opptekne av å ta imot brudgomen, ta imot has kjærleik og omsorg. Så vi elskar fordi han elska oss fyrst.
I det eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han svarer meg på det og gir meg deg, så innstiller eg meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han, slik gjer eg felles sak med han, han tek seg av mi sak som si sak, mi sak er at eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud.
Jesus har sagt til meg at det er sesong for meg til å sitje i ro, så i praksis har eg slutta med å gå på kristne møte, både husmøte og vanlege pinsemøte og møte på bedehuset. Eg må vel innsjå at der er ein god grunn til det, for eg har fått motstand og det i den kristne kyrkjelyden, så eg har ikkje kome nokon veg med det som var mi sak. Likevel kan eg sitje i ro og tru at Jesus tek seg av mi sak, i alle fall fordi han gjekk bort for å stell til ein verestad for oss og eg er viss på at der er eg også inkluder.
Slik har eg gjort felles sak med Jesus, men eg har fått motstand, så då ligg det an til at det utartar seg som motstand mot han også, endåtil i hans eiga kyrkje, så ho vert framstilt for andre maktinteresser som alternativ til å verte framstilt for Kristus som ei rein møy. Då er det også ein god grunn for meg til å ikkje gå på slike møte, for det gjev inntrykk av at eg samtykker. Eg kan samanlikne det med
Joh.Op.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.
Eg har framleis til hensikt å framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud, men om det faktisk skal verte slik, er vel avhengig av at ho sjølv vel å framstille seg slik. Og så er det sjølvsagt Jesus sak, så eg får satse på at han ordnar det.
Dyret i Joh.Op.17, rennessansen, vitskapen og Guds Ord.
Dyret i Op.17 og rennessansen.
Dyret i Joh.Op.17 meinar eg er keisar Vespasian og Cæsar. Og det talar om renessansen, for dei ti horna refererer til antikkens Hellas, men her får dei kongsmakt saman med Dyret ein time. Så det talar om demokrati og nasjonal frigjering, men like vel med ein samlande over-nasjonal autoritet. Men vi som trur på Kristus og er trugne mot han, skal sigre over dei og Gud kjem til å dømme den Store Skjøkje.
Renessansen vart viktig for utvikling av realfag og ved at vi trur på Kristus og er trugne mot han, meiner eg at vi skal kunne konkludere med at trua vår er sameinleg med realfag, sanninga i Guds Ord er sameinleg med realfag. Men vi må gjere det klart at når Gud gjer sitt verk i oss og med oss, med sitt Ord og sin Ande, så gjer han under, han skaper noko fullkome som står til evig tid, han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.
Avgrunnen.
Dette Dyret steig opp or avgrunnen og kva er det? Vi kan lese om det i likning om den rike mannen og Lasarus.
Joh.Op.11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.
Joh.Opå.17,7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.
Avgrunnen mellom den rike mannen og Lasarus.
Luk.16,19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. 21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»
Denne profetien er nifs, ja, grotesk. Og noko av det mest groteske er at den rike mannen, medan han pintest i logen, kalla Abraham for far sin og han svara med å kalle han for barnet sitt. Den rike mannen og brørne hans meinte vel at dei hadde fått den suksessen dei skulle ha ved å leve etter Moselova, men dei hadde ignorert det Moselova sa om å vise nestekjærleik og ha omsorg for dei fattige, kanskje endåtil gløymt det.
Fortapinga, der makken deira aldri døyr og elden aldri sloknar.
Jesus tala om fortapinga som den plassen der makken deira aldri døyr og elden deira aldrig sloknar.
Mark.9,41 Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn. 42 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.
43 Om handa di lokkar deg til synd, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, 44 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 45 Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete, 46 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 47 Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, 48 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 49 For kvar og ein skal saltast med eld. 50 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!»
Det er vel ingen som tek dette bokstavleg, at du skal amputere lemer, for å verte frelst? Men «makken» refererer til menneskenaturen etter syndefallet, Gud var ånd, men mennesket var mold og til molda skulle det attende. Ormen skulle ete mold, det høyrest litt rart ut, gjer han det då? Dersom mennesket er daudt kjøt så et vel krypdyra det. Når kjøtet er gått endå meir i rotning, et makken det, som om det er feit og god jord.
Jobs vener prøvde å forklare ulykka hans med at han ikkje var så gudleg som dei hadde trutt og tala om at ein banditt kunne nyte rikdomen han hadde røva, inntil ulykka ramma han.
Job.24,18 Men brått vert dei borte som på vatnet.
Forbanna er deira lut i landet,
ingen tek vegen til vingardane.
19 Turk og hete tek snøvatnet bort,
dødsriket sluker den som syndar.
20 Mor hans gløymer han,
makken godtgjer seg med han,
og ingen minnest han meir.
Vondskapen knekkjest som eit tre.
Men når Gud kom og møtte dei, refsa han dei. Elles kunne det gå med dei som den rike mannen og Job kunne verte som Lasarus.
Men det poenget eg vil fram til her er at dersom vi held oss til eit ekstremt strengt empiristisk vitskapssyn og brukar det på mennesket også, så vert vi som mold og makk som lever av mold. Men naturvitskapen har då rasjonalitet i tillegg. Å vere realist er å erkjenne at der finst universalia, noko som er allmenngyldig, ein realist vil også hevde at vi har evna til å erkjenne universalia, det vert kalla rasjonalisme. Og i matematikken startar vi med det som er mest innlysande, aksioma, som den kommutative lov og «eksistensen» av 1. Og så bygger vi opp den matematiske analysa på grunnlag av det. Denne rasjonaliteten er ikkje fysisk synleg, så det er ikkje noko som vi erfarer slik sett.
I det fulle barnekåret vert vi frigjorde frå trældomen under det forgjengelege.
I følgje Bibelen skapte Gud alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg og så visser det seg at realfag med sin rasjonalitet står på eigne føter og med den lærer vi å tenke sjølvstendig.
Men det er ikkje noko i vegen for at vi kan la rasjonaliteten i realfag støtte seg på trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. For lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ved nåden i Kristus fekk vi den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss, den openberrar at Kristus er sanninga i Guds Ord og den set oss fri. I det fulle barnekåret vert vi frigjorde frå trældomen under det forgjengelege, det synlege.
Rom.8,20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Jesu frelseverk er fullført og fullkome og det er ei bru over avgrunnen.
Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein gutunge, til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle som eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. Det kunne veke som to ulike tenkemåtar, men det gjekk an å ha begge tenkemåtane. Det kan svare til realistane sin psykofysiske dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibnitz). Men Kristus er kongars konge og Herrars Herre, så han meistrar begge deler. Hans frelseverk er fullført og det er som ei bru over avgrunnen.
Maranata søndag 14.6.09. Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Dyret og den falske profet; Vranglære som strir imot både evangeliet og realfag.
Gud gjer noko nytt, men det får motstand frå Dyret og den Falske Profet.
Gud gjer noko nytt, men det får motstand, venteleg først og fremst får dei som hadde suksess med det gamle. Det kan vel vere at dei prøver å gi inntrykk av at dei står for det nye, men det er lureri, for å inntrykk av at dei som stod for det nye vart gjort til skamme, soleis vert det framstilt som vranglære som er forfeila. Eg tenker meg at slik får vi motstand frå Dyret og den Falske Profet.
To professorar i biologi har skrive bøker om villfaring og vranglære i vår tid.
Snåsakoden.
Professor Kristian Gundersen kom med boka «Snåsakoden» i 2014, der skreiv han om at massemedia framstilte Snåsamannen som ein lækjedomspredikant, endåtil Dagbladet framstilte han slik, til tross for at dei tidlegare hadde vore så fiendtleg innstilte til den karismatiske rørsla. Men Gundersen påstod at der skjedde ikkje noko lækjedom ved Snåsamannen. Så kva var hendsikta? Eg visste då at der skjedde lækjedom ved bøn i dei kristne forsamlingane eg gjekk i, så kva var hensikta med dette? Det var tydeleg vis politisk motivert, «kyrkje-politisk» motivert.
Gundersen påstod at godtaking av Snåsamannen i massemedia og på Stortinget, som lovgivande makt, førde med seg så mykje anna svindel, så han skreiv om ei heil masse av det og det var tydeleg at det var svært mykje mellom venstreradikale. Det var mykje som kom frå Kina og det kan vi sjå på bakgrunn av at på 1970-80-talet var AKP-ml begeistra for Kina. Sidan vart tradisjonell kinesisk medisin tillate i WHO, men dette var ikkje «skule-medisin» og dermed ikkje vitskapleg godkjent, dermed var WHO strengt teke ikkje lengre ein vitskapleg organisasjon.
To kjønn.
Evolusjonsbiologen Glenn-Peter Sætre kom med boka «To kjønn» i 2023, der forklarde han utviklinga av to kjønn og kvifor det er tilfelle for alle fleircella individ, det har berre få unntak og då for kortare periode. Mange, spesielt på venstresida, forkynner no noko heilt anna, men det er vranglære, i strid med både Guds Ord og realfag.
Klimapolitikken.
Klimavedtaket i den Amerikanske Fysikkeforeininga, «American Physical Society» kom som eit politisk kupp over hovudet på medlemmane, for saka var ikkje diskutert i den vanlege faglege/demokratiske prosessen som leia fram til ekte vitskap. Argumentet var at det hasta med vedtaket, for å verne naturmiljøet.. Det var tydeleg vis venstreradikale, spesielt jødar som stod bak. Sidan har klimapolitikken vorte kalla det største naturfaglege konsensus som har vore.
Men det er då tydeleg at den eigentlege grunnen til at det hasta, var at evangeliet om Kristus var på frammarsj, så det hasta for desse verdsleg/religiøse interessene å prøve å stoppe det og komme det i forkjøpet. Det var altså heilt andre interesser som stod bak og så klarde dei å framstille det som om det var vitskap, så dei prøvde å samle folk under slagordet «følg vitskapen», «Follow the Science». Men dei fleste som veit kva naturvitskap er for noko, gjennomskodar vel at dette ikkje er ekte vitskap. I det siste har mange meir treffande kalla det for det største bedraget som har vore i menneska si historie.
Og det er farleg, for den interessa som eigentleg ligg under er at dei som var komne før Kristus, var tjuvar og røvarar som var komne for å stele, slakte og øydelegge (Joh.10,1…).
Oversikt.
Ny Tid 79. Endetidssyn 54. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 36. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 27. Den øydande styggedomen. 19. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 16. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 12. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 7. Mørkets rike, trældom og krig. og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 7. Jesus har gitt meg å tene han med prestetenesta i den nye pakt, då må eg skal innvie meg til å tene han, Jesus er Guds Ord, det skal eg tale, så eg får seie det som er rett og sant og gå med den glade og frigjerande bodskapen, ja, tale profetisk. Då vert det klart at denne verda vert forførde av Dyret og den Falske profet, den vert forførde som (av) den Store Skjøkje. 3. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 2.

