Ny Tid 77. Endetidssyn 52. Jesus har gitt meg å tene han med prestetenesta i den nye pakt, då må eg innvie meg til å tene han, Jesus er Guds Ord, det skal eg tale, så eg får seie det som er rett og sant og gå med den glade og frigjerande bodskapen, ja, tale profetisk. Då vert det klart at denne verda vert forførde av Dyret og den Falske profet, den vert forførde som (av) den Store Skjøkje. 2.

Bilete: Profeten Elia.

Oversikt.

Ny Tid 77. Endetidssyn 52. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 34. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 25. Den øydande styggedomen. 17. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 14. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 10. 
Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. Få oppleve hans salving i våre liv, så Gud med sitt Ord og sin Ande lærer oss opp ovg overtyder oss om kva som er rett og sant. 5. Jesus har gitt meg å tene han med prestetenesta i den nye pakt, då må eg skal innvie meg til å tene han, Jesus er Guds Ord, det skal eg tale, så eg får seie det som er rett og sant og gå med den glade og frigjerande bodskapen, ja, tale profetisk. Då vert det klart at denne verda vert forførde av Dyret og den Falske profet, den vert forførde som (av) den Store Skjøkje. 2.

Innleiing.

 Profeten Elia bad Gud om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år og så for han ut i øydemarka for å søkje Gud i einsemda. For Israel (Nord-riket, det opphavlege Israel var delt i to, Juda var Sør-riket) hadde falle ifrå Israels Gud, dei og kongen deira dyrka Baál-gudane.

Og Jesus har kalla meg til å søke han i einsemda, det er sesong for meg til å sitje i ro, til samanlikning med profeten Elia. Så eg sit i ro for å søke han av heile mitt hjarte, tenke på han og prate med han og så set eg meg til å skrive artiklar som dette og då vert det tydeleg at han set meg over større oppgåver.

Det har seg nok også slik at folk vender seg bort frå han på liknande måte som ved Israels fråfall, men no vert dei forførde Dyret og den Falske profet (Joh.Op.13&19) og av/som den Store Skjøkje (Joh.Op.18).

Vi vert frelst og fri ved å erkjenne at Jesus er Herre og han kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei galde, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

Eg har bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og vi vert frelste ved å erkjenne at han er Herre. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er den frigjerande bodskapen som han sende meg med, så eg for til Oslo og vitna om det i kyrkjelydane eg gjekk i og han svarde med å kalle Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er herren hennar brudgom og ektemann.

Jer.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2 Så seier Herren:

Det folket som slapp unna sverdet,

har funne nåde i øydemarka.

Israel skal fara av stad og finna ro. 

3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei: 

difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.

4 Endå ein gong skal eg byggja deg,

ja, du skal byggjast,

Israel, du unge møy.

Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer

og gå ut i dansen med dei glade. 

5 Endå ein gong skal du planta vinhagar

på Samaria-fjella;

og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.

6 Ja, det kjem ein dag

då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:

Kom, lat oss fara opp til Sion,

til Herren vår Gud! 

7 Så seier Herren:

Gled deg storleg over Jakob,

og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!

Lat lovsongen ljoma og sei:

«Herren har frelst sitt folk,

dei som er att av Israel.» Innleiing.

Komme til tru og verte overtyda og frelste, med fredelege metode. 

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Kristus sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes spurde kven er Lygnaren om ikkje han som nektar for at Jesus er Messias? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 

Paulus sa at ved Jesu oppstode frå dei døde viste det seg at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son, ved å tru på det vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. 

Apostelen Johannes sa at Gud har vitna om Son sin, det er tre som vitnar, Anden, vatnet (livsens vatn) og blodet. Som Guds medarbeidarar forkynner vi evangeliet og då skal vi nytt oss av desse metodene, så det blir heilt klart at vi nytter oss av fredelege metode. Eigentleg er det Gud som brukar sine metoder og det ved å bruke oss.

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.  10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.  11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Vi kan ikkje hindre verdslege autoritetar i å bruke sine metode, dei som har makt og brukar den makta. Styresmakt ber ikkje sverdet for inkje, men for å straffe uretten. Og så blir det krig også, Jesus profeterte om det. Men dette er ei anna sak, vi må skilje mellom dette og det kyrkjelydsarbeidet og misjonsarbeidet vi har å gjere.

Lære å forstå kva som er rett og sant, både i kristendom og realfag.

I Bibelen vert trua samanlikna med gull, det vert reinsa for å sitje igjen med reint gull. Slik vert trua prøvd, så den prøvde trua er meir verdifull enn reint gull. I det gamle testamentet er det også tale om sølv, bergarten måtte smeltast for å skilje ut slagg, sli at dei sat igjen med reint sølv. Det vart brukt symbolsk om å lære det som var rett og sant og det var svært så viktig for prestane, slik at dei kunne lære opp andre. Det svarer vel til heilaggjeringa i den nye pakt, den skjer ved forkynning av Guds Ord, reinsing i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Ved trua på Gud og hans Ord, skal vi gå ut ifrå at Guds Ord er rett og så skal vi prøve lærene på Guds Ord. Slik vert det også viktig å sjå etter oppfylling av profetiane. 

«Preteristane» meiner dei er kome lengre enn «dispensasjonalistane» med å sjå oppfyllinga av profetiane i historia og det skal då ikkje så mykje til, for når dei til dømes ikkje enno har fått med seg at Media var det andre store riket i Daniels bok, då tek dei feil av det som kom seinare også, så dei har for ein stor del gått over til dikting og fantasering i staden for både å lese Bibel og lære og forstå og lese historie. Det har nok gjort sitt til at der er mange, spesielt på venstresida i politikken, har eg fått intrykk av, som kallar Bibelen for ei eventyrbok. Dermed følgjer dei opp med liknande metode, så villfaringa vert til galskap. Det kan forklarast som at den Store Skjøkje skjenka folka vin så dei vart brusa og at den falske profet tente Dyret. Men eg har gått inn for å vise oppfyllinga av profetiane i historia, så vi kan forstå den tida vi lever i og legge vinn på å komme inn i det nye som Jesu vil leie oss inni.

Vi søker sanning når vi studerer realfag og moderne teknologi også, det er då tydeleg, for dersom vi ikkje kom fram til noko som var rett og sant, ville ikkje teknologien virke som forventa og det er då berre den teknologien som verkar, som er verdifull for oss. Læringsprosessen kan vi også samanlikne med å smelte bergartar for å vinne ut sølv, både den rasjonelle innsikta (symbolikken, matematikken) og erfaringa. Slik har vi vunne ut mange andre edle og verdifulle metall også. Sølv er mjukt og kan formast til både praktiske og vakre gjenstandar. Andre metall og legeringar er hardare og kan brukast til sterkare reiskap og våpen. Det oppdaga dei allereie i bronsealderen og jernalderen.

Eg skal bruke det som Jesus har gitt meg.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Derfor har eg også noko å bidra i kyrkjelyden med.

Guds Ord er spirekraftig. Møte i Maranatha 29.3.2015. Tungetale ved Aud, tyding ved Tore (https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ ):

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Eg skal vinne siger ved den salvinga og krafta Jesus gir meg.

Møte i Maranata 12.10.2014, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Bruke salvinga og krafta Jesus gir oss.

Jesus har sagt eg skal bruke det han har gitte meg, ja vel, så gjer eg det då, prøver i det minste, men då er det som om han minner meg om å ta imot det. Ja, det skulle då vere enkelt, det er berre å ta imot i tru og takke for det, erkjenne det og soleis kjennast ved han for andre. Og så seier han at eg skal bruke det. Ja, vel så prøver eg på det då. Men då seier han at eg skal ta imot. Så det kan verke som å gå i sirkel. Eller sjå for deg ei gulrot eller ein fisk som er hengt opp framfor ei skilpadde, men med ei fiskestong som er bunden fast på ryggen av skilpadda, for å lokke henne til å gå, men ho får aldri fram til målet. Sjølv om det er noko som Gud vil eg skal ha og bruke i kyrkjelyden, så er det slik det verkar altså. Fordi der er nokon annan som gjer krav på det, vil ta det frå meg og som vil bruke det til å lokke med. Det kan forklarast som maktinteressa av å rydje vekk den som var slava, for å erstatte han (Dan.9,26 2.Tess.2). 

Eg må like vel bruke den salvinga og kraft som Jesus gir meg, for å vinne siger, men då har eg også meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

12.10.2014.Ved Jesu salving og kraft skal vi vinne meir enn siger, for han som bur i oss er større enn han som er i verda. 

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Maranata 15.9.2015. Ta vare på den fagre skatten.

 Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-09-16-m-ta-vare-pa-den-fagre-skatten/ :

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.»

Bruke talentane og verte sett over større oppgåver.

2021.08.22. Filadelfia Ulsteinvik. Sjå ikkje på det som du ikkje har, men løft blikket og sjå på Jesus og sjå på kva Gud har gitt deg i han og bruk det.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle Nygjerde.

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

I mitt førre dokument siterte eg to bodskapar ved Elin Therese Slotten om at eg skulle sitje i ro og søke Herren, som Elia i øydemarka og at eg var unik. He følgjer nokre bodskapar som går på det same.

Profetisk bodskap, 20.2.2025, ved Elin Therese Slotten (torsdag):

«Jeg har hørt deg si mitt barn at du ikke hører min stemme. Men jeg har aldri vært langt vekke fra deg. Jeg har aldri forlatt deg et eneste øyeblikk. Min ånd er med deg og jeg snakker til deg og leder deg mer enn du aner. Jeg er oppriktig interessert i deg og ditt liv. Mine tanker for deg er ufattelig mange og konkrete. Jeg dagdrømmer om deg og mine øyne er på deg alltid. Du er mitt elskede barn. Du har min fulle oppmerksomheten og jeg elsker deg inderlig . Verdens støy blir høyere og høyere. Og dine tanker er mange. Men jeg har skapt deg for å kunne høre min stemme. Dette gjelder deg også mitt barn. Du er ikke et unntak. Jeg ønsker at du skal lære deg å kunne høre min stemme. Jeg ønsker at du skal kunne skjelne på dine egne tanker og mine. Også avsløre når den onde taler til deg i dine tanker. Men mitt barn du har alt hørt fra meg igjen og igjen. Noen ganger merket du det, andre ganger trodde du det var dine tanker. Men jeg taler også til deg mitt barn, tro aldri noe annet. Kom til meg i stillhet. Lær deg å sitte i stillhet og bruk tid i mitt nærvær. Tilbe meg! Tilbedelse og takksigelse vil åpne opp for mitt nærvær, som vil igjen rydde atmosfæren inni deg og rundt deg, til å kunne høre meg lettere og også føle mitt nærvær. Depresjon og frykt vil hindre deg i å kunne høre min stemme klart, det blir som en tåke fra den onde som hindrer mitt nærvær og glede og kunne flyte i ditt liv. Frykt ikke mitt barn, bare tro. Kom til meg med dine bekymringer og la meg bære ditt åk. Stol på meg at jeg har omsorg for deg og avslår den ondes listige angrep. Jeg har overvunnet over alt av den ondes makt og gitt deg autoritet til å jage han på dør ved mitt navn.»

Hennar eigen opplesing med kommentar: https://www.youtube.com/watch?v=b6bQZIfYXAU&t=26s .

Ei helsing frå Gud, ved Elin Therese Slotten 27.2: Kom høgare opp, mitt barn, no er tida inne for deg til å ta din rette plass i mitt rike.

Ho kom med ei helsing frå Gud torsdagen etterpå også, noko som Gud la på hennar hjerte, men ho sa det meir med sine eigne ord, ikkje som eit direkte sitat frå Herren altså, her er det rom for hennar eigne vurderingar utifrå hennar eige liv og erfaringar med Gud. Ja, slik er det rom for mine vurderingar også. Sjølv om far hennar bar henne som eit lite barn, noko som både ho og han likte, så måtte ho lære å gå sjølv. Dette brukar ho symbolsk om at kvar einskild må lære å lytte til Guds stemme og gå på det som hane eller ho sjølv høyrer han seier til dei, i eit personleg Gudsforhold, altså. 

Ho kjem med ein personleg bodskap, som eg godt kan forstå som om den er spesielt til meg. Eg har større autoritet i det åndelege til å be for min familie enn kva ho har, ja, som tidlegare sagt gir det Jesu rett til å gå etter dei. Og så seier ho at eg skal komme høgare opp, no er tida for meg til å ta min rette plass i Guds rike. Då synest eg ærleg tala det er på tide at eg finn den plassen og finn meg til rette i den. Ho seier eg må ta autoritet og stå på eigne føter.

Ditt kall er så stort at du vil aldri klare dert med eigen styrke, intelligens eller kraft, men berre ved Guds Ande. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 3.2.2024:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn. 

Maranatas landsstemne 2025.

Eg var ikkje på Maranata sitt landsstemne, men fekk med meg mesteparten av møta på youtube, nokre på direkten. Der kom bodskap gjennom tungetale, venteleg til nokon i forsamlinga, men i mange tilfelle kan vi tydeleg merke at det er til andre også, ofte som svar på vår bøn for andre og svært ofte kan eg oppleve det som svar på mine bøner sjølv om eg ikkje er der. Så eg skreiv det ned som vanleg og kommenterte noko av det og la det ut på bloggesida mi. Eg tenkte på å kommentere det litt meir, men følte det som at Herren ikkje kalla meg til det, for det som trengst i tillegg til det som eg har kommentert til no, er at andre gir respons på det, andre forstår det som at Jesus kallar dei og så følgjer hans kall. Og så kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap om at Gud jobbar med meg i kulissane, så eg skal berre stole på han og halde fast i handa hans. Denne bodskapen høvde då midt i blinken for meg.

Men her vil eg ta med to bodskapar som så tydeleg er svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge og som eg har bedt om og skrive om i det siste.

2025.07.12. Laurdag, Kl 20. Tyding av tungetale ved Håkon Martinsen. «Jeg har ikke glemt Norge, jeg har ikke glemt menigheter, utaskjærs, jeg har ikke glemt bygdene, som kan se forlatte ut. Men jeg kjenner hver kone, jeg kjenner hver mann og enda en gang så skal jeg blåse med min ånde over Norge, som nasjon, sier Herren, den eneste sanne Gud.»

«For jeg er ikke kommet for å trykke ned noen mennesker, men jeg er kommet for å løfte opp. Og jeg vil løfte deg opp på et sted hvor du aldri har vært. Du skal få oppleve og erfare nye sider ved meg, som du bare har hørt om, du har hatt det i drømmer, du har sett det for deg. Men du har aldri følt at du har vært god nok til å nå opp til disse tingene. Men i kveld kan du få lov til å komme, fordi jeg har overøst deg med min friske olje. Derfor så skal du få lov til å springe over murene i kveld. Du skal få lov til å fryde deg og glede deg i meg, som du aldri før har gjort. Og du skal kjenne salvelsen, det bryter hvert eneste åk. Derfor kan du komme, prise mitt navn og søke meg av hele ditt hjerte. Så skal du få kjenne kraften, som jeg innehar, og det er all makt som jeg har. Halleluja.

For ikke kan du klare dette i egen kraft, ikke ved egne gjerninger, ikke ved egne prestasjoner, men når mitt Ord treffer ditt hjerte, når mitt ord fyller opp i din ånd, så skal du få kjenne at du blir en djerv kjempe i mitt rike. Derfor så skal få lov til å erfare at sannelig, den tid heretter, så skal du få se at du bærer mer frukt enn noen gang før. Derfor reiser jeg opp mitt legeme i denne tid.  Derfor skal du få kjenne at den profetiske røst, den skal ikke stilne, nei, den skal høres klart og tydelig. Derfor, så skal du bare åpne din munn vidt opp og jeg, Herren, skal fylle den. For jeg vil ta hånd om mitt legeme, for jeg er hodet for mitt legeme, jeg vil legemet ha det godt i alle ting og være ved god helse. Så søk meg, så skal du finne meg. Kall på meg på nødens dag og rop til meg, så skal jeg svare deg. Jeg vil komme og møte deg, jeg vil komme med min miskunnhet, for du vil bli overøst av min friske olje.

For slik har jeg møtt mitt folk oppigjennom, hele veien, jeg ser på dem og jeg ser deres nød, slik som jeg alltid har gjort, så vil jeg stige ned til dem og virke iblant dem. Jeg vil reise deg opp, jeg vil ikke knekke et knekket rør, jeg vil fylle deg, på innsiden,  i ditt liv og du skal kjenne ilden ifra himmelen treffe din ånd og du skal gå ut herifra, med ild i ditt hjerte og ild i din barm og forvandlet og nytt sinn, så du ser på fienden med triumf og glede. Halleluja, i Jesu navn.

For jeg er den samme. Slik som jeg har møtt mitt folk, alltid så har jeg møtt opp, alltid så har jeg vert der. Men vær ikke avhengige av mennesker, men bli avhengig av meg. Jeg er Herren din Gud, jeg er signetringen, jeg er den jeg sier meg å være. Det lød ifrå korset, ifra min egen munn, det er fullbrakt. Og det gjelder for deg, det gjelder for din vandring. Det gjelder for din familie, det gjelder for hele nasjonen Norge. Derfor, så sett dine øyne på meg, så skal du få se og erfare at Norge skal oppleve en vind ifrå himmelen. Atter en gang, jeg har ikke glemt Norge, jeg har ikke glemt menigheter, utaskjærs, jeg har ikke glemt bygdene, som kan se forlatte ut. Men jeg kjenner hver kone, jeg kjenner hver mann og enda en gang så skal jeg blåse med min ånde over Norge, som nasjon, sier Herren, den eneste sanne Gud. Halleluja»

2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tyding av tungetale ved Inge Røssland. 

«Du har alltid synst og sagt at det har vært så vanskelig, sier Herren. Men det er ikke vanskelig, for det vanskelige, det gjorde jeg, på Golgata kors. Så for deg så er det ikke noe som handler om å være vanskelig lengre, sier Herren. Fordi at jeg gjorde jobben, jeg banet veien og i dag, så har du muligheten, ja, igjen sier Herren, så har du muligheten til å komme inn, tett inntil meg, for at jeg skal få frelse deg, for at jeg skal få røre ved deg, for at jeg kan få helbrede deg, sier Herren.

Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til med, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.

Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»

Ja, Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, så for oss er det berre å ta imot i tru, av berre nåde. Han er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, så vi skal leve av det ved å tru og ta imot.


One response to “Ny Tid 77. Endetidssyn 52. Jesus har gitt meg å tene han med prestetenesta i den nye pakt, då må eg innvie meg til å tene han, Jesus er Guds Ord, det skal eg tale, så eg får seie det som er rett og sant og gå med den glade og frigjerande bodskapen, ja, tale profetisk. Då vert det klart at denne verda vert forførde av Dyret og den Falske profet, den vert forførde som (av) den Store Skjøkje. 2.”

Leave a comment