Innleiing.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
SITAT SLUTT.
Endetidssyn: verte frelst og fri og få evig liv. Sjå på Kristus.
Kristus er Guds Ord, i han var liv og livet var lyset til menneska, vi vert opplyste av det. Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus (Joh.1,1-16). Dette tyder på at vi treng Guds nåde for å komme til erkjenning av Sanninga, slik at den set oss fri (Joh.8,31-36, Joh.14,6). Synda skilde menneske frå Gud. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna, som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Jesus sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes spurde kven som er Lygnaren om ikkje den som nektar for at Jesus er Kristus (Messias) komen i kjøt (1.Joh.4,2 &2.Joh.1,7). Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.
Men Kristus var det Guds Lam som bar verda si synd, med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle, då han døde for oss på korset. Slik forsona Gud verda med seg lenge før vi vart fødde. Han bar sitt eige blod inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen og bana med det vegen for oss, så vi kan komme etter og stige fram for nådens trone, for å få miskunn og finne nåde til hjelp i rett tid. Slik er han øvsteprest til evig tid etter Melkisedeks vis og slik får vi prestetenesta i den nye pakt.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Ved å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste, kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelste (Rom.10,9-13). Jesus er livsens brød, som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv. Han er den siste Adam som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud.
Det sentrale poenget her er og blir å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, til frelse for mann og kvinne, ekteskap, familieliv og kyrkjelyd. Vi skal takke han for at han byrja den gode gjering i oss og innstille oss på å la han fullføre den. Soleis skal vi med prestetenesta i den nye pakt innvie oss for han og ta imot det livet han gir oss frå himmelen, så vil får oppleve at det lever i oss. Vi skal ta imot Anden han gir oss frå himmelen, så vi tener han med den utrustninga den gir oss.
Jesus er vegen, sanninga og livet, når vi tek imot han i tru, får vi oppleve at han er sanninga som set oss fri, han er livet som lever i oss, når vi går den vegen, kjem vi til Faderen, så vi får oppleve hans kjærleik og omsorg (Joh.14). Det skal vi innstille oss på, ved å vende oss til han og med prestetenesta skal vi innvie oss til det. Då vert vi i stand til å glede oss i Herren og takke han for frelsa og til å gå ut og fortelje den glade bodskapen vidare til andre.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
«Mor Israel», Guds kone og Sions dotter, Jesu brud.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born og han hadde omsorg for henne og borna som han fekk med henne. Men det forstod ho ikkje og hadde ikkje omsorg for born og ektemann, ho gjorde opprør mot han og det gjorde borna hennar også. Ho vart ei hore ved at ho dyrka gudane til nabofolka. Då tok han bort omsorga si for henne, landet deira hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men så skulle dei få komme attende til landet sitt og då ville han tale venleg til henne igjen, som i trulovingsdagane og ta henne til ekte igjen (Hoseas 1-2). Dette er eit førebilete på at Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til hans kyrkje.
Frelse og frigjering for Sions dotter.
Israelsfolket vart trælka i Babylonia, men så kom den glade bodskapen om at dei var fri og kunne fare heim att til landet sitt. Sions dotter kunne løyse seg frå lenkene om halse, verte «frihalsa», dette ordet var visst opphavet til ordet frelse.
Jes.52, 1 Vakna, vakna,
kled deg i styrke, Sion!
Ta på deg ditt høgtidsskrud,
Jerusalem, du heilage by!
For aldri meir skal det koma inn i deg
ein uomskoren eller urein.
2 Rist av deg støvet og reis deg,
set deg på trona, Jerusalem!
Løys lekkjene du har om halsen,
du hærtekne Sion-dotter!
3 Så seier Herren:
For inkje vart de selde,
og utan pengar skal de løysast ut.
4 For så seier Herren din Gud:
I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt
og heldt til der.
Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.
5 Og no, lyder ordet frå Herren,
kva skal eg gjera her
når folket mitt er bortført utan vederlag?
Valdsherrane hyler, seier Herren,
og dagen lang vert namnet mitt spotta.
6 Difor skal folket mitt
læra mitt namn å kjenna,
ja, den dagen skal dei skjøna
at det er eg som seier: «Her er eg!»
7 Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9 Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud.
Far bort frå Babylon!
11 Far bort, far bort frå Babylon!
Ikkje rør noko ureint!
Dra ut or byen og reinsa dykk,
de som ber Herrens kar!
12 For de treng ikkje skunda dykk,
de må ikkje røma frå byen.
For Herren sjølv går føre dykk,
og sist i flokken er Israels Gud.
Herrens lidande tenar
13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal stiga og lyftast og opphøgjast.
14 Liksom mange stokk til då dei såg han
– meir skamfaren var han enn nokon mann,
han såg ikkje ut som eit menneske,
15 så skal mange folkeslag undrast over han,
og kongar skal lata att sin munn.
For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,
uhøyrde ting vert dei vitne til.
Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap, gå inn på Guds Ord og gå i ferdiglagde gjerningar, så eg for til Oslo og byrja på PPU i januar 2009.
På eit møte på Sion Åheim 28.9.2008, sa Jesus til meg at det ord som eg har omgitt meg med er ånd og liv, det var ein frigjerande bodskap som han ville eg skulle gå med. Eg tenkte meg at dert var sikta spesielt til at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud.
Når eg kom til Oslo, gjekk eg på møte i dFEF i Møllergata 40, som tidlegare og på eit vitnemøte fortalde eg om at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trudde at han ville gi meg det, så no skulle ho verte fri og frelst, så ho kunne vere saman med meg både heime og i kyrkjelyden. Men dette ville dei ikkje høyre noko på, eg prøvde å lese frå den bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale på Sion Åheim, men det fekk eg ikkje lov til.
Men det eg hadde bedt om, var i samsvar med Guds Ord, både i Bibelen og i forkynninga, med tyding av tungetale og profetiske bodskap. Og vi skal prøve alt på Guds Ord, så dette viste at eg fekk motstand frå vranglære.
Eg byrja å gå på møte i Jesus Church og Maranata i staden og det vart til at eg slo meg til ro i Maranata. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trudde han ville gi meg det, så eg var ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og til henne og som eg kunne forkynne for andre også. Og han heldt fram med å svare meg, spesielt i Maranata. I februar 2011 der ei møtehelg (stemne) i dFEF og eg var der på møte på laurdag og søndag, på laurdag kom der tre bodskap gjennom tyding av tungetale, det første oppfatta eg som spesielt til meg, det andre var om at ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Den tredje oppfatta eg som spesielt til henne som han vil frelse og gi meg til kone. Då er det også bodskapar til mange andre som er i liknande situasjonar. Eg tek med siste bodskapen, sitat frå
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.»
«Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Det er som om ho framleis er fanga i trældomen i Babylonia, med band om halsen. Ordet frelse kjem av ordet «fri-halsa» og betyr å få halsen fri frå slike træleband. På møte i Maranata på slutten av året, kalla Jesus Sions dotter igjen til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Og eg har som sagt bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då venar eg det kjem som andre prioritet.
Men vart det noko av dette, at Sions dotter frigjorde seg og gjekk ut i dansen med deiglade, fordi Kristus er Herren hennar brudgom og ektemann?
Alternativet er å verte verande i «Babylonia».
Dersom ho ikkje følgjer Herrens kall, er alternativet å verte verande i trældomen i «Babylonia» og verte verande i mørkret. Men dette er då ikkje identiteten til den Kristne Kyrkja.
Joh.Op.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.
«Den arabiske våren» og Libya-krigen.
I 2010 kom «den arabiske våren», sitat frå https://snl.no/Den_arabiske_våren :
Den arabiske våren er en fellesbetegnelse på de folkelige opprørene som brøt ut i flere land i Nord-Afrika og deretter i Midtøsten i 2010–2011, og som førte til politiske endringer i flere land. Dette inkluderte regimeendring i Tunisia, Egypt og Libya, samt skifte av statssjef i Jemen.
Opprørene antok ulik karakter i forskjellige land, fra demonstrasjoner til borgerkrig i to land (Jemen og Syria). I fire tilfeller (Bahrain, Jemen, Libya og Syria) førte opprørene til internasjonal militær intervensjon. Regimeskiftet i Libya førte til statsoppløsning. Særlig i Egypt, Libya og Syria bidro opprøret til styrking av islamistiske grupper, og til at terrorgruppen Den islamske stat (IS) fikk fotfeste i disse landene, samt i Irak, fram til denne ble militært beseiret.
Den arabiske våren utfordret de autoritære regimene i Nord-Afrika og Midtøsten, med krav om demokratiske rettigheter. Opprørsbølgen spredte seg raskt og så ut til å få vidtrekkende følger for den politiske utviklingen i regionen. Mens opprør førte til dramatiske endringer i enkelte land ble de stanset i andre – og reversert særlig i Egypt. Opprøret i Tunisia var det som førte til mest merkbare, langvarige politiske endringer i demokratisk retning i årene etter 2011.
SITAT SLUTT.
I slutten av februar kom Libya-krigen og Krf kalla det ein frigjeringskrig, kvinnefrigjering, endåtil som om det var krigserklæring mesteparten av dei pilitiske partia I Noreg var samde om.
Sitat frå https://www.dagsavisen.no/kultur/propaganda/6705814 :
Dokumentaren «De gode bombene» viser spriket mellom løgnaktig retorikk og realitet. 16. mars 2011 advarte Gahr Støre mot intervensjon i Libya fordi det ville bety å ta part i en borgerkrig. Tre dager seinere snakket han varmt om å innføre demokrati ved hjelp av bomber. De, som er valgt til å ivareta våre interesser, gikk til angrep på Libya med F-16 kampfly, uten et eneste formelt og lovpålagt møte i forkant. Opposisjonen og verden sto samlet, fikk vi vite, selv om Tyskland,Russland, India, Kina og Brasil stemte blankt på FN`s resolusjon om militært engasjement. Gadaffi ba tvert om våpenhvile. En delegasjon fra AU, Afrikas union, var på vei til Libya for å føre fredsforhandlinger, men ble forhindret i å lande p.g.a. norske bombetokt, mens mediene formidlet scener av desperate mennesker som tigget om våpenhjelp i kampen mot en diktator, som brått var blitt ond. Gadaffi vil ta knekken på sitt eget folk, ble det utbasunert, og sånne basuner tror vi på.
Fra stortingets talestol snakket Kr. Folkepartis Dagrun Eriksen om «å skifte ut vilkårlig maktmisbruk og korrupsjon med menneskerettigheter, kvinneundertrykking med likeverd og fordommer med utdanning» mens norske fly bombet vilkårlig. Bare 25% av bombemålene var angitt. 75% skjedde etter pilotenes forgodtbefinnende til tross for at Norge har underskrevet Geneve-konvensjonen, der det står at sivilbefolkning, skoler, sykehus, religiøse forsamlingshus og vanlige boliger skal skånes i krig. “Fint øvelse for våre jagerpiloter,” sa Stoltenberg da nettopp det skjedde. Hverken Kirken, bistandsorganisasjonene, mediene eller opposisjonen hadde eller har innvendinger mot angrepet på Libya, men, som filmskaper Rolfsen uttrykker det; selv om vi hjemme overser egne synder ute, glemmer ikke islamske miljøer. Han henviser til Norges brudd på folkerett og folkevett.
Dette har eg skrive om her:
Krf med Dagrun Eriksen i spissen framstilte dette altså som ein kristeleg politikk og gav med det inntrykk av at det var representativt for kristen evangeliske kyrkjelydar og framstilte det som om det var norsk politikk som dei fleste politiske partia var samde i. Men denne frigjerings-bodskapen er då noko heilt anna enn frigjeringsbodskapen i evangeliet!
Den glade og frigjerande bodskapen i evangeliet om Kristus er at han har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Det er det vi skal forkynne som den glade og frigjerande bodskapen til andre også.
Her møter vi tydeleg vis på det problemet at til tross for at Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut av mørket (12.2.2011), så har ho enno ikkje forstått eller oppfatta at det var henne han kalla eller kanskje ho ikkje vil innrømme det? Det tyder på at ho ikkje tok imot kallet og vart lydig mot det, dermed vart det som om ho vart verande i trældomen i Babylonia og vart verande i mørkret. Men dette er då verkeleg ikkje representativt for ein evangelisk kristen kyrkjelyd.
Korleis det kunne og burde ha gått?
Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg for Kristus som ei rein brud.
Dersom Sions dotter hadde forstått at Jesus kalla henne til å frigjere seg og komme ut av mørkret og vore lydig mot Herren, så ho følgde hans kall i bodskapane 12.2 & 18.12.2011 og vist omsorg for sine næraste, ektemann, born og barnebarn, også med tanke på at dei skulle verte frelste, først og fremst ved å be til Jesus for dei. Og så hadde ho bedt slik for folket i nabolaget også og nytta høva ho fekk til å forkynne den glade bodskapen for dei også.
Den glade bodskapen eg har teke imot og som eg har å forkynne til mine næraste og spesielt til kvinna, sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, den bodskapen har eg å forkynne til naboane også og andre som eg møter i kvardagen. Den bodskapen er det eg har å forkynne for dei som er langt borte frå meg og oss, også til arabarane, kanskje spesielt for dei som kjende på behov for fridom og demokratiske rettar. Det ville vere å gi dei det rette svaret på deira grunnleggande livs-spørsmål. Guds skapte livet på jorda med sitt Ord (1.Mos-1-2) og han er den same no og skaper oss framleis slik, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Guds skaper oss i han og då skaper han noko fullkome, som står til evig tid, han frelser oss for æva og gir oss evig liv.
Men eg skal bruke det han har gitt meg, det han gir meg og framleis gir meg, Jesus gir meg ånd og liv ifrå himmelen og det er til henne som han gir meg til kone også, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen og slik vekker han opp kvinna også, som si brud. Slik gir han meg ei frelst kvinne til kone, for han er den siste Adam, som lever i oss og som elskar henne gjennom meg.
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
I det eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han svarer meg på det og gir meg deg, så innstiller eg meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han, slik gjer eg felles sak med han, han tek seg av mi sak som si sak, mi sak er at eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og slavevigde brud. Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud. Dette har eg skrive om her:
Maranatas landsstemne 2025, Gud gjer sitt verk med meg i kulissane, han kan eg stole på!
Eg var ikkje på Maranata sitt landsstemne, men fekk med meg mesteparten av møta på youtube, nokre på direkten. Der kom bodskap gjennom tungetale, venteleg til nokon i forsamlinga, men i mange tilfelle kan vi tydeleg merke at det er til andre også, ofte som svar på vår bøn for andre og svært ofte kan eg oppleve det som svar på mine bøner sjølv om eg ikkje er der. Så eg skreiv det ned som vanleg og kommenterte noko av det og la det ut på bloggesida mi. Eg tenkte på å kommentere det litt meir, men følte det som at Herren ikkje kalla meg til det, for det som trengst i tillegg til det som eg har kommentert til no, er at andre gir respons på det, andre forstår det som at Jesus kallar dei og så følgjer hans kall. Og så kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap om at Gud jobbar med meg i kulissane, så eg skal berre stole på han og halde fast i handa hans. Denne bodskapen høvde då midt i blinken for meg.
SITAT SLUTT.
Eg skal ta vare på den fagre skatten og bruke det som Jesus har gitt meg. Ved hans Ande, salving og kraft har eg meir enn siger.
Gud gjer sitt verk med meg i kulissane, det kan eg stole på. Jesus tek seg av mi sak og eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg skal bruke det han har gitt meg, det er berre med den salvinga, Anden og krafta han gir meg at eg kan vinn siger, men då har eg også meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.
Eg skal ta vare på den fagre skatten han har gitt meg. Djevelen prøver stadig å ta ifrå meg det som Jesus har gitt meg, så det er ein strid.
Møte i Maranata 12.10.2014. Sjølv om alt anna er «bonn o bøtta», kan og skal vi glede oss i Herren og takke han for frelsa.
Innleiing ved John Miland.
HAB 3,17 – HAB 3,19 For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18 Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19 Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.
Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.
Terje talte om reinsinga i Jesu blod.
1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
SALVINGA OG DEN FAGRE SKATTEN. Møte i Maranata 16.09.2013.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.»
Oversikt.
Ny Tid 78. Endetidssyn 53. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 35. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 26. Den øydande styggedomen. 18. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 15. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 11. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 6. Mørkets rike, trældom og krig. og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 6. Jesus har gitt meg å tene han med prestetenesta i den nye pakt, då må eg skal innvie meg til å tene han, Jesus er Guds Ord, det skal eg tale, så eg får seie det som er rett og sant og gå med den glade og frigjerande bodskapen, ja, tale profetisk. Då vert det klart at denne verda vert forførde av Dyret og den Falske profet, den vert forførde som (av) den Store Skjøkje. 3. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 1.

