Ny Tid 74. Endetidssyn 49. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 31. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 22. Den øydande styggedomen. 14. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 11. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 7. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 2. Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap og så kalla han Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

Bilete: Ut i dansen med dei glade.

Jer.31,4 Endå ein gong skal eg byggja deg,

ja, du skal byggjast,

Israel, du unge møy.

Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer

og gå ut i dansen med dei glade.

Innleiing.

Komme til tru og verte overtyda, med fredelege metode.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Kristus sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes spurde kven er Lygnaren om ikkje han som nektar for at Jesus er Messias? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 

Paulus sa at ved Jesu oppstode frå dei døde viste det seg at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son, ved å tru på det vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Apostelen Johannes sa at Gud har vitna om Son sin, det er tre som vitnar, Anden, vatnet (livsens vatn) og blodet. 

Som Guds medarbeidarar forkynner vi evangeliet og då skal vi nytt oss av desse metodene, så det blir heilt klart at vi nytter oss av fredelege metode. Eigentleg er det Gud som brukar sine metoder og det ved å bruke oss.

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.  10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.  11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Vi kan ikkje hindre verdslege autoritetar i å bruke sine metode, dei som har makt og brukar den makta. Styresmakt ber ikkje sverdet for inkje, men for å straffe uretten. Og så blir det krig også, Jesus profeterte om det. Men dette er ei anna sak, vi må skilje mellom dette og det kyrkjelydsarbeidet og misjonsarbeidet vi har å gjere.

Kristus er kongars konge, så styresmaktene må audmjuke seg for han.

Esekiel profeterte om at Judakongane sette sin dørstokk til inntil tempelet og slik gjorde dei det ureint, det var nok fordi det verdslege regimentet hadde heilt andre maktinteresser enn det himmelske og så kom det verdslege regimentet inn på det himmelske regimentets område og fortrengde det. (jfr. Regimentslæra til Augustin). 

Esekiel.43,6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.  7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.  8 Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide.  9 Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

Kristus er kongars konge, så dei må audmjuke seg for han.

Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar? 

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva: 

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei. 

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.  

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige. 

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

Dette høyrest brutalt ut, men sidan han døde på korset i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde saman med han.

Jes.53,1 Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt? 

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han. 

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje. 

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga. 

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom. 

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i. 

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn. 

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy. 

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn. 

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang. 

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder.  

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

Lære å forstå kva som er rett og sant, både i kristendom og realfag.

I Bibelen vert trua samanlikna med gull, det vert reinsa for å sitje igjen med reint gull. Slik vert trua prøvd, så den prøvde trua er meir verdifull enn reint gull. I det gamle testamentet er det også tale om sølv, bergarten måtte smeltast for å skilje ut slagg, sli at dei sat igjen med reint sølv. Det vart brukt symbolsk om å lære det som var rett og sant og det var svært så viktig for prestane, slik at dei kunne lære opp andre. Det svarer vel til heilaggjeringa i den nye pakt, den skjer ved forkynning av Guds Ord, reinsing i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Ved trua på Gud og hans Ord, skal vi gå ut ifrå at Guds Ord er rett og så skal vi prøve lærene på Guds Ord. Slik vert det også viktig å sjå etter oppfylling av profetiane. 

«Preteristane» meiner dei er kome lengre enn «dispensasjonalistane» med å sjå oppfyllinga av profetiane i historia og det skal då ikkje så mykje til, for når dei til dømes ikkje enno har fått med seg at Media var det andre store riket i Daniels bok, då tek dei feil av det som kom seinare også, så dei har for ein stor del gått over til dikting og fantasering i staden for både å lese Bibel og lære og forstå og lese historie. Det har nok gjort sitt til at der er mange, spesielt på venstresida i politikken, har eg fått intrykk av, som kallar Bibelen for ei eventyrbok. Dermed følgjer dei opp med liknande metode, så villfaringa vert til galskap. Det kan forklarast som at den Store Skjøkje skjenka folka vin så dei vart brusa og at den falske profet tente Dyret. Men eg har gått inn for å vise oppfyllinga av profetiane i historia, så vi kan forstå den tida vi lever i og legge vinn på å komme inn i det nye som Jesu vil leie oss inni.

Vi søker sanning når vi studerer realfag og moderne teknologi også, det er då tydeleg, for dersom vi ikkje kom fram til noko som var rett og sant, ville ikkje teknologien virke som forventa og det er då berre den teknologien som verkar, som er verdifull for oss. Læringsprosessen kan vi også samanlikne med å smelte bergartar for å vinne ut sølv, både den rasjonelle innsikta (symbolikken, matematikken) og erfaringa. Slik har vi vunne ut mange andre edle og verdifulle metall også. Sølv er mjukt og kan formast til både praktiske og vakre gjenstandar. Andre metall og legeringar er hardare og kan brukast til sterkare reiskap og våpen. Det oppdaga dei allereie i bronsealderen og jernalderen.

Mi bønneteneste har vorte ei presteteneste; Eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg heilt til han. 2.

Mi bønneteneste vart ei presteteneste.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be Fadervår og be slik for folket og landet. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, spesielt be han frelse kvinna frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Når eg bad slik merka eg at eg vart kjend med han som min beste ven, det var slik som det står skrive at han var ein skugge ved mi høgre hand. Sidan har han aldri forlete meg og eg har aldri fornekta han.

Salme.121,1 Ein song til festferdene.

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2 Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel og jord. 

3 Han lèt ikkje foten din vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,

Israels vaktar.

5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

6 Sola skal ikkje stikka deg om dagen

og månen ikkje skada deg om natta.

7 Herren skal vara deg frå alt vondt

og verna om ditt liv.

8 Herren skal vara din utgang og din inngang

frå no og til evig tid.

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav dette både utifrå skapingssoga og evangeliet; Gud skapte kvinna av mannens sidebein og føre henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. 

Jesus sa til meg at has frelseverk er fullført og fullkome, så eg skulle takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Prestetenesta i den nye pakt er for alle som trur på Jesus og har teke imot han og fått hans Ande, ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande kan vi gå inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, gå fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Eg skal halde meg heilhjarta til Herren og då ventar eg at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone. Eg har då bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og då har frelsa første prioritet.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.  

På eit møte på Sion Åheim 28.9.2008 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale som byrja slik:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom …..». 

Dette har eg skrive om her:

PPU og realfag ved Universitetet i Oslo og kristne møte i Oslo.

Eg forstod det slik at det var sikta til dette som eg nyst har skrive, det hadde eg skrive om mange gangar tidlegare også. Han kalla meg til å gå inn på ordet og gå i ferdiglagde gjerningar og då var det klart for meg at eg måtte bevege meg, så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk, pedagogisk undervisning (PPU). Nokre år seinare 2014 vart det å studere meir realfag også, hovudsakleg biolog, noko kjemi og informatikk også.

Eg gjekk på møte den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, som tidlegare og på eit vitnemøte gjekk eg fram og fortalde at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trudde han hadde svart på mi bøn og ville gi meg det, så no skulle ho vert frelst og fri så ho kunne vere saman med meg som kona mi og vere saman med meg på møte i kyrkjelyden også.  Eg sa at Jesus hadde kalla meg til Oslo og ville lese frå denne bodskapen som 28.9.2008. Men dette ville dei ikkje høyre på. Legg merke til at eg sa ikkje kven det var, men det var henne Reella eg tenkte på og så tenkte eg på at det hadde med henne Virtuella å gjere også, Gud ville gjere meg til kanal for si velsigning og då tenkte eg meg at det var til dei og mange med dei.

Etter dette byrja eg å gå i Maranata og Jesus Church i staden. Eg vart medlem av Jesus Church, men så valde eg Maranata Oslo i staden og der er eg faktisk medlem enno, sjølv om eg flytta tilbake til Sunnmøre i 2017.

Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg. Møte i dFEF M40 Oslo 12.2.2025.

11-13.2.2025 var ser ei møtehelg i dFEF og eg var der på laurdag og søndag, på laurdag kom der bodskap gjennom tyding av tungetale, eg oppfatta det som at det første var spesielt til meg, det andre var om at ved Jesu kors fann vi den ekte kjærleiken og den skulle vere mellom oss og derfor skulle vi glede oss. I den tredje bodskapen kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg og den tek eg med her, sitat frå  

https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

 Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Møter i Maranata.

10.5.2009. Reise seg frå mørkets rike og gå inn i Guds rike. 

Dette var mitt første møte i Maranata. Sitat frå 

https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

14.6.2009. Vert ikkje træl for menneske. Jesu blod set deg fri. Den Heilage Ande gjer levande det som blodet har gitt deg.

Sitat frå

https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-06-14-m-vert-ikkje-trael-for-menneske/ :

Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig  min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover,  og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og det er inkludert i det fullførde frelseverket, så han svarde meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så eg skulle takke han for det. Han har betalt prisen for både meg og henne med sitt blod og det set oss fri. Den Heilage Ande gjer levande det som blodet har gitt meg, så den gjer henne levande som Jesus brud og dermed som mi brud, ved at han elskar henne som si brud gjennom eg, for han døde i staden for meg, så han også skal leve i meg og gjennom meg. Slik har eg gjort felles sak med han og det skal eg framleis gjere, ved at eg gir meg heilt til han.

Soleies forstår denne bodskapen som både til meg og til henne.

7.8.2011. Etter terroråtaket i Oslo. Gud vil skape «noko nytt i midten».

Terroråtaket i Oslo vart eit tema på dette møtet, vi bad over dette problemet og Jesus svar oss gjennom tyding av tungetale, sitat frå

 https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-08-0714-om-terrorataket-i-oslo/ :

I slutten av møtet kom der tungetale som Tore tyda:

«Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande. Eg løfter opp … på eit nytt stade(?) Og dei skal få oppleve at eg set deira føter på ei høgde der dei skal få oversikta på det som skjer og når uver og storm bryter laus, så skal dei få kjenne at dei har sin styrke i meg, dei har si kraft i meg, seier Herren, og dei har sitt håp i meg.

La deg ikkje besmitte til depresjon av det som nettopp har hendt. Men la deg oppmuntre ved mitt Ord til stadig å overvinne, til stadig å sjå det som skjer og …. Men ikkje tape motet, men klynge deg til meg. Og du skal få kjenne at den staden skal føre deg igjennom, gjennom uveret så fører det deg inn i det stille underbare riket, der freden skal vere rådande, der håpet skal lyde klarare, der du skal legge det triste bak deg og du skal få kjenne at eg Herren skal vere med deg gjennom dei djupe vatna. Amen.»

18.12.2011. Jesus kalla Sions Dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.

Jesus kalla deg ut i fritt rom, så du av heile ditt hjarte kan lovprise han utan nokon frykt og fordømming. Sitat frå 

https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ :

I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»


4 responses to “Ny Tid 74. Endetidssyn 49. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 31. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 22. Den øydande styggedomen. 14. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 11. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 7. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 2. Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap og så kalla han Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.”

  1. Ny Tid 75. Endetidssyn 50. Mørkets rike, trældom og krig. – Faith and Entropy Avatar

    […] Ny Tid 74. Endetidssyn 49. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 75. Endetidssyn 50. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 32. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply