Ny Tid 73. Endetidssyn 48. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 30. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 21. Den øydande styggedomen. 13. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 10. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 6. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 1. Mi bønneteneste har vorte ei presteteneste; Eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg heilt til han. 1.

Biletet: På sine gamle dagar skreiv Isak Newton ei bok Daniels bok og Johannes openberring. Ja, for Daniel fekk ikke vite meir, men fortsettinga får vi i Johannes Openberring.

Innleiing.

Lære å forstå kva som er rett og sant.

I Bibelen vert trua samanlikna med gull, det vert reinsa for å sitje igjen med reint gull. Slik vert trua prøvd, så den prøvde trua er meir verdifull enn reint gull. I det gamle testamentet er det også tale om sølv, bergarten måtte smeltast for å skilje ut slagg, sli at dei sat igjen med reint sølv. Det vart brukt symbolsk om å lære det som var rett og sant og det var svært så viktig for prestane, slik at dei kunne lære opp andre. Det svarer vel til heilaggjeringa i den nye pakt, den skjer ved forkynning av Guds Ord, reinsing i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Ved trua på Gud og hans Ord, skal vi gå ut ifrå at Guds Ord er rett og så skal vi prøve lærene på Guds Ord. Slik vert det også viktig å sjå etter oppfylling av profetiane. 

«Preteristane» meiner dei er kome lengre enn «dispensasjonalistane» med å sjå oppfyllinga av profetiane i historia og det skal då ikkje så mykje til, for når dei til dømes ikkje enno har fått med seg at Media var det andre store riket i Daniels bok, då tek dei feil av det som kom seinare også, så dei har for ein stor del gått over til dikting og fantasering i staden for både å lese Bibel og lære og forstå og lese historie. Det har nok gjort sitt til at der er mange, spesielt på venstresida i politikken, har eg fått intrykk av, som kallar Bibelen for ei eventyrbok. Dermed følgjer dei opp med liknande metode, så villfaringa vert til galskap. Det kan forklarast som at den Store Skjøkje skjenka folka vin så dei vart brusa og at den falske profet tente Dyret. Men eg har gått inn for å vise oppfyllinga av profetiane i historia, så vi kan forstå den tida vi lever i og legge vinn på å komme inn i det nye som Jesu vil leie oss inni.

Vi søker sanning når vi studerer realfag og moderne teknologi også, det er då tydeleg, for dersom vi ikkje kom fram til noko som var rett og sant, ville ikkje teknologien virke som forventa og det er då berre den teknologien som verkar, som er verdifull for oss. Læringsprosessen kan vi også samanlikne med å smelte bergartar for å vinne ut sølv, både den rasjonelle innsikta (symbolikken, matematikken) og erfaringa. Slik har vi vunne ut mange andre edle og verdifulle metall også. Sølv er mjukt og kan formast til både praktiske og vakre gjenstandar. Andre metall og legeringar er hardare og kan brukast til sterkare reiskap og våpen. Det oppdaga dei allereie i bronsealderen og jernalderen.

Kristendom er å tru på Kristus, Guds Messias, «Guds Salvevigde».

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Kristendom er å tru på han, namnet kjem av «Kristus», det er det greske ordet for Messias, som betyr den salvevigde. Ved å tru på han, får vi oppleve at vi også vert salva saman med han, salveoljen er eit symbol på den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, så det er berre å ta imot og ære og takke han for det og så halde fram med å leve av det.

Alle som tok imot Jesu gav han rett til å verte Guds born, då kjem det ikkje lengre an på den naturlege nedarvinga. 

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Messias, Guds salvevigde.

Dersom vi tek imot i tru, får vi oppleve at han salvar oss med den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss, slik lærer Faderen oss opp, oppseder oss og tek omsorg for oss som sin born. Vi vert Guds arvingar og Kristi med arvingar.

I evangeliske og karismatiske kyrkjelydar er salveflaska i bruk berre når dei ber om lækjedom frå sjukdom og vi forstår det symbolske poenget. Men i den gamle pakt var salvinga eit fast rituale for prestane. Profeten Samuel også brukte det, når han salva ein konge for Israel, først Saul, men det vart like vel tremmeleg mislukka, for han vraka Guds Ord og då mista han salvinga også. Så salva han David til konge i staden og han forkynte for folket at dersom dei høyrde Guds røyst, så måtte dei ikkje forherde sine hjarte. Han forkynte at Guds Messias var hans Herre og det var ein profeti om Kristus.

Daniel profeterte om 70 veker, det er å forstå som «års-veker», «sabbats-år». Etter sju sabbatsår skulle der komme ein som var salva, det høver med Persarkongen Kyros, han var den einaste heidningen som i den gamle pakt vart kalla Guds salvevigde og det var i profetien til Jesaja (Jes.45). Det sjuande sabbatsåret vart kalla frigjevingsår og her høver det med at Kyros let Israels-folket fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Dette vart førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Så skulle byen stå attreist i 62 årsveker, men i den neste årsveka, nummer 69 altså, skulle den salvevigde verte rydja or vegen og ikkje lengre vere til. Kven var det? Etter 70 årsveker, etter det tiande frigjevingsåret altså, skulle der komme ei evig pakt. Den kom ved at Kristus døde i staden for oss på korset, men dersom vi tel årsvekene slik, gjekk det noko lengre tid, altså. Den skulle komme etter 70 årsveker og då kunne der vel vere rom for at den kunne komme litt seinare. Der er minst ei anna tolking av dette, men uansett vert der problem med denne teljinga og eg konkluderer med at denne tolkinga høver best. Spørsmålet vert kven som var den salvevigde som vart rydja bort i den 69. veka og eg hevdar dette er eit problem som gjentek seg og som Paulus profeterte om i 2.Tess.2.

Dette he eg sakrive om her:

Himmelriket liknar ein bonde som sådde korn i åkerens sin og som haustar grøda si. 

Jesus kom og forkynte evangeliet om himmeleriket, Gud var som ei bonde som sådde korn i åker sin, kornet var hans Ord og åkeren var hjertets jord, når kornet kom i god jord, voks det opp og gav grøde. Vi kan vel seie det slik at hjertets jord er den einskilde sin eigendom, men når vi søker Herren av heile vårt hjerte, får vi oppleve at det også er Herrens jord, som han dyrkar, sår og vatnar, slik frå vi oppleve velsigninga. Når Ordet ved trua smeltar samen med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Då blir vi som korn som Herren sår ut i landet, samtidig som det også er Guds Ord, så det spirer og veks og gjev grøde (Matt.13). 

Jesus sende ut disiplane sine for å så Guds Ord og då skulle dei sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Då skulle han sende ut englane sine for å hauste inn grøde.

Jesus sende ut disiplane sine både for å så og å hauste.

Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.  19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,  20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Matt.13,36 Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» 37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til.  39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. 40 Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett,  42 og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.  43 Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

Matt.9,35 Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse.  36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding.  37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få.  38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

2.Joh.2, Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om.  5 Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.  6 Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.

7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist!  8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.

9 Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen.  10 Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt!  11 For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer.

Eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg heilt til han. 1.

På barneskule og ungdomsskule.

Bror min, Arvid, var eitt og eit halvt år eldre enn meg, vi hadde lenge same soverom, på øvsteloftet. Mor vår lærde oss å be kveldsbøna, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når han byrja på «storeskulen», fjerde klasse på barneskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen, det hadde med seksualiteten å gjere. Dette problemet vart eit bønneemne for oss. Då var eg  9 år og byrja å be meir sjølvstendig, utan at ho leia oss i bøna. På den tida skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. 

Eg visste det var viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for dei andre, men det var eg redd for, eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde berre å teie stilt om det. Men eg sa det til han i mi kveldsbøn og bad han fri meg frå den menneskefrykta, ja, for mor vår hadde då lært oss at vi kunne gå til han med alle våre problem, i staden for å komme med ferdigstøypte svar på problema. Det var ikkje ein svær dogmatikk, «dogmene» var enkle og gjorde oss forstandige og sette oss i stand til å tenke sjølvstendig.

Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, eg skreiv eit brev og fortalde henne det. For meg var dette det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for det stemte med trua, vona og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg vedkjende Jesus namn i den samanhengen, då sa eg sanninga som set oss fri, nettopp i den samanheng, altså. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiken mellom mann og kvinne. 

Gymnaset, evangeliet og vitskapen.

Når eg byrja på gymnaset vart eg frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det.

Det var Sanninga i Guds Ord som sette meg fri til det, så når eg gjekk på gymnaset, vart eg frimodig med å vitne om mi tru på Jesus. Eg oppdaga at det stemte med Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både med skapingssoga og evangeliet. Det stemte med det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Og det stemte med det Peter skreiv om det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,20-22).

Eg tenkte meg at sidan det stemte med skapingssoga, så stemte det med vitskapen også og då var det naturvitskap eg tenkte på, det var i alle fall først og fremst det, sidan eg gjekk på reallinja og tenke som ein realist. Det er ikkje godt å forstå korleis skapingssoga skulle stemme overeins med naturvitskapen, med utviklingslæra, det er nok ein grunn til at vi treng Guds nåde og det er klart at då måtte det symboltolking til og det har eg skrive mykje om seinare. Gud er suveren over det han har skapt og det er Son hans Jesus Kristus også og hans frelseverk, det er fullført og fullkome. 

Bodskapen min er kort sagt at Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss, for å sone all verdens synd. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han, som menneska var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og så seier eg at det gjeld meg også, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det. Eg har endåtil formulert det slik at han allereie har gitt meg det. Han gir meg det som Golgata kors allereie har gitt meg, det som hans blod allereie har gitt meg, så han vil fylle meg til overflod med det som er fullkome. 

Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han kjem til oss ved sin Ande.

Jesus lova disiplane sine at dersom dei elska han og heldt seg til hans ord og elska kvarandre, så ville han og Faderen komme og ta bustad hos dei.

Joh.6, Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»  

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine.  16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i, først henne Virtuella, medan eg gjekk på gymnaset og seinare henne Reella, når eg studerte realfag i Oslo. Mi bøn for henne Virtuella var eigentleg ei takkebøn, å takke Jesus for at han hadde frelst henne. Mi bøn for henne Reella var å seie til Jesus at eg yngste å få henne til kone, frelsa var framleis først prioritet, det var då det grunnleggande.

Eg fann at eg måtte hugse på henne Reella i mi bøn til Gud, eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte halde fram med å hugse på henne Virtuella også i mi bøn til Gud og slik er det framleis og eg har fått mange bønnesvar ved tyding av tungetale og ved profetisk tale som fortel meg at Jesus tek seg av mi sak ved å svare på mine bøner for dei, så eg konkluderer med at han som har byrja den gode gjerning med oss, vil fullføra den. 

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var til dei begge og mange med dei. Eg har også tenkt på det som dobbeltbekken som rann utifrå Guds tempel (Esekiel.47).

Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå inn på lovnadane i Guds Ord og gå i ferdiglagde gjerningar.

Eg hadde sett meg ut i bilen for å køyre til møte, eg tenkte på noko eg nyst hadde lese i Bibelen og sa i mitt stille sinn at dersom det vart høve til fri vitnemål, ville eg dele det, men det var litt mykje til å seie i eit vanleg vitnemøte, men dette møtet vart litt spesielt. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ :

Mitt innlegg/vitnemål.

Då predikanten, Arnstein Andersen, fekk ordet, opna han for frie vitnemål fyrst. Eg gjekk fram og las frå fylgjande kapittel:

1KO 3,5 – 1KO 3,23 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18 Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

FRK 3,1 – FRK 3,14 Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: 2 ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3 ei tid til å drepa, ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; 4 ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6 ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; 8 ei tid til å elska, ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. 9 Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.

I 1.Kor.3 tok eg ikkje med vers 5 og 18-23. Eg sa berre at så er det tale om visdomen og Salomo var ein vismann og så byrja eg å lese frå Forkynnaren, der hoppa eg over vers 5-8. Det var mykje Salomo hadde klart å bygge opp, men vi veit korleis det gjekk, det vart nedrive alt saman, og Jesus sa at der skulle ikkje ligge igjen stein på stein og det var etter at tempelet hadde vorte oppattbygt. Det kan godt hende Salomo såg det for seg korleis det kom til å gå, ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, alt er fåfengt, men så sa han også at Gud hadde lagt æva ned i menneskehjertet og alt det Gud gjer varer til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi har vårt daglege strev alle saman av oss, det vi strevar med vil med tida gå til grunne alt saman, men Guds Ord er evig og det verket Gud gjer med sitt. Jesus har sagt at han er med oss. Vi er Guds medarbeidarar og då må vi samarbeide. Når vi bygger på grunnvollen med tre, høy og strå, så vil det verte fortært av elden, det vil gå til grunne, men når vi bygger med gull, sølv og dyre steinar, så vil det verte ståande, det symboliserer det evige. Og Salomo sa at det verket som Gud gjer, står til evig tid.

Deretter spurde predikanten om der var ein til og ein mann som heiter Hendriksen gjekk fram og kommenterte det som eg hadde sagt og tilføya at då må vi lyde.

Tale ved Arnstein.

Etterpå sa predikanten at det som vi to no hadde sagt det var det han følte som skulle fram her i møtet. Dette var tydelegvis noko som Gud hadde leia han til og han sa at det var fyrste gongen han hadde gjort det på denne måten, å opne for frie vitnemål før talen. Så talte han om den Heilage Andes gjerning i våre liv og las ifrå Joh.14 & 16. Han sa at jantelova gjaldt langt inn i dei kristne forsamlingane og meinte at dette ikkje var bra. Han las også 1.Ti.4,12-14 og sa at vi alle har ei nådegåve å ta oss av.

1TI 4,12 – 1TI 4,14 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

Bodskap gjennom tyding av tungetale.

I slutten av møtet inviterte han til forbøn og der kom fram ei kvinne. Inger-Johanne Vik kom også fram og var med å bad for henne og ho kom med tungetale som predikanten tyda. Dette var til den kvinna som var til forbønn og var noko lågmælt. Mp3-opptak:

Bodskap 1:

«Du skal vite det at eg elskar deg. Eg berører deg (ikkje berre i din lekam, eg)? berører deg (i di ånd)? ånd og du skal få oppleve …. at eg er Herren i ditt liv. Eg vil sende menneske i din veg. Du skal få lov å vere eit reiskap for min ånd. …. ordet som seier du er løyst, du er fri, du er helbreda, ja, det ordet som eg har talt som er ånd og liv, skal gjere eit verk i menneske og du skal få oppleve og sjå at eg som er Herren din forløysar, eg er også din helbreder. Og du skal få vere eit reiskap for meg, så ver frimodig, stol på Ordet, stol ikkje på din forstand eller menneskers visdom. Men la Ordet få lov til å vere rettesnor for ditt liv. Og du skal få oppleve og kjenne det at eg gjer eit under…. Ver frimodig.»

Deretter kom Inger-Johanne med tungetale igjen, som talaren tydde frå talarstolen og det oppfatta eg som eit svar på det som eg hadde sagt, Mp3-opptak:

Bodskap 2:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Kommentar 29.9.2024; Oppdatert 1.9.2025.

Kommentar til bodskapen.

Setninga «….det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv….» minna meg om at eg så mange gangar har skrive om Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Det er ein frigjerande bodskap, for Kristus er då Sanninga som set oss fri. Guds Ord skaper det som det nemner, eg skal gå inn på ordet og då skal eg ikkje lenger vere forsagd og leve tilbaketrukken, men eg skal gå ut på lovnadane og gå i fediglagde gjerningar. Det er det som han skaper meg til og då er det noko som eg passar til, fordi han skaper meg til det.

Ef.1,3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Han ville vere med meg og styrke meg med si kraft, «…når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom…..  . Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg ….

I det siste har eg skrive om at når eg var ni år vart eg kjend med han som min beste ven, som om han var ein skugge ved mi høgre hand og det seier han til meg her « ….. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar ……

Eg hadde nyst skrive om apologetikk, at matematikk og fysikk gjerne vert brukt til å underbygge trua på ein allmektig Gud som har skapt alle ting og som er heilag og rettferdig og som straffar uretten. Derfor treng vi alle den nåden han gir oss i Kristus. Dei kristne apologetikarane kritiserte utviklingslæra ved å hevde at det var usannsynnleg at det hadde skjett tilfeldig. Det også er kalkulering, men eigentleg verkar det som ei sjølvmotseiing at noko lagar seg sjølv. Eg meiner at Jesus svarde meg på dette slik: «…. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord ….».

Eg hadde studert realfag og då var det vel naturleg å fullføre det og nytte det, som ved å ta praktisk pedagogisk undervisning, eg hadde tenkt på det lenge, utan at det hadde vorte noko av, så eg tok det som eit kall og på nyåret for eg til Oslo og byrja på PPU på Blindern. Hausten 2014 vart det til at eg byrja å studere realfag igjen, primært biologi, men det vart informatikk og kjemi også.

Igjen sa han at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, den vegen han hadde bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Jesus har gjort oss til eit kongeleg presteskap, same kva vi driv med, om det er praktisk arbeid, skulegang eller teoretisk arbeid, realfagstudiet er motivert av å søke sanning og derfor tenker eg meg at det soleis er relatert til prestetenesta i den nye pakt, men då blir det vesentleg å klargjere at metodane er ulike. I realfag har vi rasjonaliteten i matematikken og så prøver vi teoriane eksperimentelt, ved å observere den fysiske naturen, om det stemmer med erfaring, vil erfaringa underbygge teorien elles kan den avsanne den, så vi må prøve med ein annan formel eller teori. 

Prøve ein profeti på om det skjer. Ein profet som Moses. Prøve læra på Guds Ord.

Gud sa til Moses at dersom nokon kjem med ein profeti, skal dei kunne prøve det på om det gjekk slik som han profeterte. Og så ville Gud reise opp ein profet som han, Moses var mellommann for den gamle pakta, men Kristus vart mellommann for den nye pakta.

5.Mos.18,15 Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.  16 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»

17 Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier. 18 Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han. 19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap. 20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.  21 Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa: 22 Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.

Heb.9,15 Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.  

Men sjølv om det er ein ekte profet, er det ikkje alltid så lett å prøve det, noko kan skje umiddelbart, så det vert stadfesta, noko anna kan ta mange hundrede år for det skjer og sjølv om det då skjedde, kan det vere mange som enno ikkje har oppfatta og forstått det, mange hundrede, ja, tusen år seinare. I Johannes openberring vart det endå til profetert om at den falske profet gjorde under, så det han sa, fekk han til å skje, i det minste såg det slik ut (Joh.Op.13).

I den kristen trua skal vi prøve lærene på Guds Ord, vi skal prøve det vi høyrer. Men eg innsåg også at det var viktig å tale Guds Ord, til dei som eg møter og i den kristne kyrkjelyden, for å prøve og finne ut om der er nokon som seier imot. Eg kjem i hug (1.8.2025) at det var noko som eg hadde tenkt på, så det vart ein grunn for meg til bevege meg fysisk, det låg klart for meg, som det vart sagt her.

 Livet er ein kamp for tilværet og det gir biologifaget si forklaring på. Men om vi tenker på «den sterkaste sin rett» så kan det lett komme i konflikt med å søke sanning, faktisk også i biologifaget. Det er som to motstridande interesser og eg tenker meg at det også vert ei sak for prestetenesta, med den skal vi lære å skilje mellom reint og ureint. Det kan ligge makt bak noko som ikkje er rett og sant, så mi vi lære å skilje gjennomskode det, så vi skil ut det som er ureint, kvitter oss med slagget og tek vare på sølvet. No brukar eg altså eit bilete frå prestetenesta til  å forklare realfagsstudiet. Ja, det er då eit poeng at vi er forsona med Gud ved at Kristus døde i staden for oss på korset, så vi har fått fred med Gud, så på grunnlag av den freden, kan vi vel få fred til å søke sanninga i realfag?! Å søke sanning i realfag vert då som å smelte ut reint sølv, det gjeld både kunnskap og rasjonalistisk innsikt. 

Det sentrale poenget med prestetensta i den nye pakt er reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, det gir oss åndeleg innsikt og eg hevdar det er sameinleg med og fruktbart for den rasjonalistiske innsikta. Men her er også eit poeng med at vi går frå det heilage romet inn i det høgheilage, fordi Jesus gjekk inn der med sitt blod og bana vegen for oss, så på blodets grunn skal vi gå inn for nådens kongsstol.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Då blir det klart for oss at Gud skaper noko heilt nytt ved sitt Ord, noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Det er Guds verk, så vi må ære og takke han for det, han gir ikkje si ære til nokon annan. Ingen kan komme og krevje at vi skal prøve å gjere det sjølve, heller. Det er ein åndeleg røyndom, til skilnad frå den fysiske naturen vi ser og sansar. Korleis kan vi då vite det? Ved at den Heilage Ande openberrar det for oss, ved at han openberra sitt Ord for oss. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.


One response to “Ny Tid 73. Endetidssyn 48. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 30. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 21. Den øydande styggedomen. 13. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 10. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 6. Kristendom er å tru at Kristus er Guds Son, Guds Messias, Guds salvevigde, ta imot han i tru og få oppleve hans salving i våre liv, at han gir oss ånd og liv frå himmelen og leve av det i tru. 1. Mi bønneteneste har vorte ei presteteneste; Eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg heilt til han. 1.”

Leave a reply to Ny Tid 74. Endetidssyn 49. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 31. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply