Ny Tid 72. Endetidssyn 47. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 29. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 20. Den øydande styggedomen. 12. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 9. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 5. Øvsteprest og konge på jorda, med Kristus som øvsteprest og kongars konge ved Guds høgre hand i himmelen. 3. Kunne Gud pakt med kong David og det levittiske presteskapet stå ved lag? Korleis gjekk det med salvinga?

Biletet: Persarkongen Kyros. Jesajas profeterte om at babylonarane skulle hærta Jerusalem lenge før det skjedde og så profeterte han om at persarkongen Kyros skulle la folket fare heim att til landet sitt og kalla han for Guds salvevigde (Jes.41&45). Han var den einaste heidningen i den gamle pakt som vart kalla Guds salvevigde. 

Innleiing.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Kristendom er å tru på han, namnet kjem av «Kristus», det er det greske ordet for Messias, som betyr den salvevigde. Ved å tru på han, får vi oppleve at vi også vert salva saman med han, salveoljen er eit symbol på den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, så det er berre å ta imot og ære og takke han for det og så halde fram med å leve av det.

Alle som tok imot Jesu gav han rett til å verte Guds born, då kjem det ikkje lengre an på den naturlege nedarvinga. 

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Dersom vi tek imot i tru, får vi oppleve at han salvar oss med den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss, slik lærer Faderen oss opp, oppseder oss og tek omsorg for oss som sin born. Vi vert Guds arvingar og Kristi med arvingar.

I evangeliske og karismatiske kyrkjelydar er salveflaska i bruk berre når dei ber om lækjedom frå sjukdom og vi forstår det symbolske poenget. Men i den gamle pakt var salvinga eit fast rituale for prestane. Profeten Samuel også brukte det, når han salva ein konge for Israel, først Saul, men det vart like vel tremmeleg mislukka, for han vraka Guds Ord og då mista han salvinga også. Så salva han David til konge i staden og han forkynte for folket at dersom dei høyrde Guds røyst, så måtte dei ikkje forherde sine hjarte. Han forkynte at Guds Messias var hans Herre og det var ein profeti om Kristus.

Daniel profeterte om 70 veker, det er å forstå som «års-veker», «sabbats-år». Etter sju sabbatsår skulle der komme ein som var salva, det høver med Persarkongen Kyros, han var den einaste heidningen som i den gamle pakt vart kalla Guds salvevigde og det var i profetien til Jesaja (Jes.45). Det sjuande sabbatsåret vart kalla frigjevingsår og her høver det med at Kyros let Israels-folket fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Dette vart førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Så skulle byen stå attreist i 62 årsveker, men i den neste årsveka, nummer 69 altså, skulle den salvevigde verte rydja or vegen og ikkje lengre vere til. Kven var det? Etter 70 årsveker, etter det tiande frigjevingsåret altså, skulle der komme ei evig pakt. Den kom ved at Kristus døde i staden for oss på korset, men dersom vi tel årsvekene slik, gjekk det noko lengre tid, altså. Den skulle komme etter 70 årsveker og då kunne der vel vere rom for at den kunne komme litt seinare. Der er minst ei anna tolking av dette, men uansett vert der problem med denne teljinga og eg konkluderer med at denne tolkinga høver best. Spørsmålet vert kven som var den salvevigde som vart rydja bort i den 69. veka og eg hevdar dette er eit problem som gjentek seg og som Paulus profeterte om i 2.Tess.2.

Gud gjorde mirakel med Israel.

Når Israels-folket skulle innta det lova landet, var dei heilt avhengige av at Gud var med dei og gjorde sin del av krigen. Sidan levde dei utan verken konge eller hær, det einaste som lika eit statsapparat, var prestetenesta og heilagdomen var eit telt. Då var det vel ikkje så rart at der kom nomader, ja folkevandring inn i landet og fortrengde dei, men då påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så dei måtte vende om til han og be om nåde og hjelp. Då reiste han opp ein dommar som leia dei i frigjeringskampen, så dei vann tilbake landet. Gud hadde også lova at dersom dei var trufaste mot han, skulle dei få regn i rett tid og verte velsigna med god avling. Til tross for at i dette området var det ein viss risiko for at middelhavsregnet ikkje kom som elles vanleg, så det vart tørke, dei hadde då forfedrane deira opplevt, etter at Isaks søner selde bror sin Josef som slave. Han kom til Egypt og vart redninga for mange, ved at han profeterte om fem gode og fem magre år, så dei skulle lagre korn i dei goda åra, så dei hadde for dei fem magre åra. Eg har skrive om dette og gjort merksam på at det høver med Keynes økonomiske politikk.

I følgje Moselova skulle dei la jorda ligge brakk kvart sjuande år, det skulle vere eit sabbatsår. Det sjette året skulle gi så mykje avling at dei hadde nok mat det sjuande året og nok til såkorn det åttande året. Igjen verka det som eit Guds under det sjette året, men det er nærliggande å tenke seg at slik var det dei andre åra også, så slik skulle dei ha overflod, altså. Kva om der like vel kom eit tørkeår, då? Ja, så skulle dei ha eit bra lager, i samsvar med Keynes økonomiske politikk. Men det ville vere verre om tørkeåret kom det åttande året. Men her er poenget tydeleg vis at dei skulle tru og satse på at Gud hadde makt over naturen og velsigna dei slik at dei fekk overflod.

Ideelt sett skulle ingen av dei verte fattige og verte slavar, men det kunne tenkast at slik vart det like vel, så nokon måtte selje jorda si og selje seg sjølv som slave, eigentleg skulle han då gi seg slik til ein nær slektning som naturleg vis ville ta omsorg for han. Men kvart sjuande sabbatsår, skulle vere eit frigjevingsår, då dei skulle verte fri trældomen og få komme attende til odelsjorda si. For Gud hadde då fria dei frå trældomen under avgudane i Egypt.

Men så ville dei ha seg ein konge, David var ein mann etter Guds hjarte og han let Samuel salve han til kong. Han var heilt avhengig av å be Gud om nåde og hjelp og fekk det og slik bad han for andre som også kjende seg fattige og hjelpelause og han vart ein stor konge, Israel vart eit forholdsvis stort rike.

Ein annan politikk, med ein annan religion, men så skulle fredsriket komme.

Sidan kom der ein annan politikk, utan den same omsorga for dei svake og hjelpelause, endåtil med ein annan religion, med avgudsdyrking. Derfor vart det profetert om at landet skulle verte hærteke av andre riker og folket verte bortførde frå landet sitt. Mika profeterte om dette, men også om at Messias skulle komme og opprette eit fredsrike på jorda, i likskap med dei store profetane Jesajas, Jeremias og Esekiel.

Mika.2,1 Ve dei som tenkjer ut urett

og emnar på vondt

medan dei ligg på si lege!

Dei set det i verk når det ljosnar av dag,

fordi det står i deira makt. 

2 Dei trår etter marker og røvar dei,

etter hus og tek dei.

Dei slår under seg mann og hus,

bonden og hans eigedom. 

3 Difor seier Herren:

Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,

den kan de aldri fria dykk frå.

De skal ikkje lenger gå stolte ikring,

for det vert ei vond tid. 

4 Den dagen skal dei syngja ei nidvise

og setja i med ein klagesong over dykk.

«Det er ute med oss,» skal dei seia,

«vi er herja og øydelagde!

Jorda åt folket mitt skifter eigar.

Å, han har teke markene frå oss

og delt dei ut til fråfalne!»

5 Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd

som kastar lodd

og deler ut jord til andre. 

6 «Hald opp med å preika!» seier dei.

«Ingen må preika så.

Tek skjellsorda aldri slutt?» 

7 Korleis er det du talar, Jakobs hus?

Har Herren mist tolmodet?

Er det så han fer fram?

Har eg ikkje venlege ord

til dei som ferdast rett?

8 Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.

De dreg kappa av fredelege folk;

dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.

9 De driv kvinnene i folket mitt bort

frå heimane dei var glade i.

De har for alle tider

teke mi ære frå borna deira. 

10 Stå opp og far bort herifrå!

Dette er ingen kvilestad,

for her er ureinskap

som valdar skade og tyning.

11 Kom det ein mann som fór med laust snakk

og tala lygn og svik:

«Eg spår for deg om vin og drikk»,

sjå, det var ein profet for dette folket!

Mika.4,1 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over alle haugar.

Dit skal folkeslag strøyma. 

2 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.» 

3 Han skal døma mellom mange folk,

skifta rett for mektige folkeslag langt borte.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig. 

4 Men alle skal sitja trygt,

kvar under sitt vintre og sitt fikentre,

og ingen skal skræma dei.

For Herren, Allhærs Gud, har tala. 

5 Alle folka ferdast,

kvart i sin guds namn;

men vi skal evig og alltid

ferdast i Herren vår Guds namn.

Samanlikning med Hellas, Romariket og vår eiga tid.

Nokre hundrede år seinare kom der kom ei liknande utvikling i Hellas, eit religiøst aristokrati vart diktatorisk og det fekk Israels-folket kjenne på pulsen  under Antiokus 4. Epifanes. Då inngjekk dei vennskapsavtale med Romariket. Romarane hadde ei folkeforsamling med demokrati på topplan, den valde ein herskar for eitt år av gangen. Patrisiarane var den herskande klassa, plebeiarane var underklassa, dei førde ein moderat klassekamp for å få større rettar og betre sine kår. Eitt av krava var at dei skulle ha rett til å gifte seg. Det høyrest rart ut, skulle ikkje det vere ei sjølvfølgje då? Men nettopp den saka dukka oppatt i den Katolske Kyrkja og i det siste har det det igjen vorte eit vanskeleg problem for mange, fordi der er så mykje verdslege maktinteresser som kjem inn i biletet og gjer det vanskeleg. 

Men evangeliet om Kristus har løysinga på dette problemet, ved at Jesus er Messias, han døyper oss med den Heilage Ande og han er den som har bruda, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud.

I den andre Punar-krigen hadde Hannibals hærar herja i Sør-Italia, så bøndene hadde flykta inn til Roma som arbeidslause proletarar. Der vart det utdeling av korn, så dei slapp å svelte i hæl. Folketribunen tala plebeiarane si sak og kravde at dei skulle få tilbake jorda si, dei kunne faktisk krevje det på grunnlag av ei gammal lov. Dette vart det klassekamp ut av og borgarkrig. Så vi kan samanlikne dette også med Israel og Hellas, sjå likskapen i det, men også sjå skilnadane i det.

Dette har eg skrive om her: 

SITAT:

Maccabearane gjorde fred- og vennskaps-avtale med Romarriket, så her låg det an til at det skulle vere den store kong Mikael som Daniel profeterte om i Dan.12, dei kunne vente seg t han skulle stå fram som kongen i Romarriket. Romarriket var på frammarsj og deira vennskapsavtale med dei stod det respekt av. Og så gjorde dei vennskapsavtale med Sparta i Hellas, sidan dei ætta frå jødane.

På denne tida var det eit avgrensa demokrati på topp-plan i Roma, for at dei skulle representere folket til deira beste, ein demokratisk tankegang altså, sjølv om det ikkje var formelt, med stemmerett. 

Sitat frå 1.Makk.8,  https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2011/1MA/1MA.8 :

«Romerne hadde også ødelagt og underkuet de andre kongerikene og øyene, alle som noen gang hadde satt seg opp mot dem. 12 Men med sine venner og dem som søkte beskyttelse hos dem, sto de fast på vennskapet. De hadde beseiret konger både fjernt og nært, og alle som hørte gjetord om dem, fryktet dem. 13 Alle som de ville hjelpe til å bli konger, ble konger, og dem som de ville avsette, avsatte de. De var blitt svært mektige.

14 På tross av alt dette hadde ingen av dem satt kongekrone på seg eller kledd seg i purpur for å gjøre seg til av det. 15 Men de hadde opprettet et senat, og der kom hver dag 320 senatorer sammen, som hele tiden rådslo om hvordan folket kunne styres på beste måte. 16 Hvert år overlot de til én mann å lede dem og herske over hele landet. Alle adlød denne ene, det fantes ikke misunnelse eller sjalusi blant dem.»

SITAT SLUTT.

Korleis kunne Guds pakt med Levi og David stå ved lag?

Det levittiske presteskapet og Davids kongeætt skulle tene Gud, det var i den damle pakt og så var det spørsmål om kor lenge dette kunne halde fram. Eigentleg var der fleire pakter, Gud hadde gjort ei pakt med Levi-ætta, som prestar og ei pakt med Davids-ætta om kongsstolen. Men så profeterte Jeremias om at Jerusalem skulle leggast i grus, korleis skulle det då gå med Guds pakt med David og Levi? 

Jer.33,14 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.  15 I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet.  16 I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd».  17 For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.  18 Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.

19 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 20 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid, 21 då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. 22 Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast.

23 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 24 Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk.

25 Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord, 26 vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

 

Guds salvevigde; kong Kyros, statthaldaren og byggherren Serubabel, øvstepresten Josva. Jesus Kristus.

Vende tilbake frå eksilet.

Jesajas var profet 736-700 f.Kr og han profeterte om at Babylonarane skulle hært ta Jerusalem og det vart lagt i grus i 587 f.Kr. Han profeterte også om at persarkongen Kyros skulle la dei fare heim att til landet sitt. Han tok Babylonia i 539 f.Kr, 48 år seinare altså. Både Jeremias og Esekiel profeterte om at Jesusalem skulle leggast i grus på den tida då det skjedde, Jeremias profeterte at det skulle gå 70 år før dei fekk komme attende og så profeterte Esekiel om det nye tempelet. Berre prestar av Sadoks ætt skulle då få vere prestar. Sadok var den presten som hadde salva Salomo til konge, slik som David ville og i semje med profeten Natan. Det er og blir det viktige poenget her, det er å ha salvinga og nytte den, den er eit symbol på den Heilage Ande. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi får eit nytt liv og Anden utruster oss til tenesta som han gir oss.

Dette har eg skrive om her, og eg tek med eit sitat

 https://faith-and-entropy.com/2025/08/26/ny-tid-70-endetidssyn-45-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-27-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han/ :

«Men det nye tempelet som dei bygde når dei kom tilbake etter eksilet likna ikkje Salomos tempel, det var lite og stusseleg samanlikna med det. I følgje Biblex kom Haggais profetiar i 520, i ei periode på fire månadar, Sakarjas profetiar kom i 520-518 f.Kr. Serubabel var soneson til kong Jojakin og var mellom dei først som vende tilbake etter eksilet, dei byrja å bygge på tempelet allereie i 538 f.Kr. Dei fekk motstand, så arbeidet stoppa opp, men 16 år etter at Kyros gav dei heimlov, byrja Haggai og Sakarja å oppmuntre dei til å gå i gang med bygginga igjen og tempelet stod ferdig i 516 f.Kr.»

Sitat slutt.

I følgje Jeremias skulle dei få komme heim att til landet sitt i 517 f.Kr, men då var dei allreie nesten ferdige med å bygg oppatt tempelet.

 

Prestane i den gamle pakt var varselmenn om det som skulle komme. Herrens ord til Serubabel; Ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

Prestane i den gamle pakt var varselmenn om det nye som skulle komme.

Sak.3,8 Høyr no, Josva, øvsteprest!

Du og embetsbrørne dine,

som sit framføre deg,

de er varselsmenn.

For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.  

9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,

på denne eine steinen med sju augo

ritar eg den innskrift som skal stå,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

På ein einaste dag vil eg ta bort

den skuld som kviler på dette landet. 

10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

skal de be kvarandre til gjestebod

under vintre og fikentre.

Serubabel var byggherren som leia arbeidet med å bygge oppatt tempelet og så profeterte Sakarja om at det skulle ikkje skje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande.

Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.  3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»  4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

70 sabbatsår.

Når det hadde gått nesten 70 år sidan Jerusalem vart lagt i grus, gjekk Daniel inn i bøn og faste og engelen Gabriel kom og svara han.

Dan.9,22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.  23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva. 

25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde.  26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.

Byen og heilagdomen skal øydeleggjast

av hæren åt ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegging

skal vara til krigen er slutt.

27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På styggedoms venger

kjem det ein som herjar,

heilt til den fastsette øydelegging

strøymer ned over øydaren sjølv.»

Daniel tenkte på dei 70 åra som Jeremias hadde profetert om, men så talar engelen om 70 veker, det må vi nok forstå som 70 sabbatsår, 7 gangar så lang tid altså. For sidan dei ikkje hadde helde sabbatsåra, måtte dei vere bortførde frå landet, så det kunne at att sabbatsåra sine. Men dei kom då attende til landet sitt allereie etter eitt sabbatsår, det gjekk 67 år før dei skikkeleg kom i gang med å bygge tempelet og då fekk dei merke at Gud velsigna dei. Like vel kan det framleis ha å gjere med å innta det lova landet, å få oppleve at Herren er landet dei går inni.

Jer.2,31 De som høyrer denne ætta til,

akta på Herrens ord!

Har eg vore som ei øydemark for Israel

eller som eit kolmørkt land?

Kvifor seier folket mitt:

«Vi spring dit vi vil,

vi kjem aldri meir til deg»?

Det har nok å gjere med at ved tru skulle dei få komme inn til Guds kvile, om dei berre ikkje forherda sine hjarte, slik som ved Meriba-kjelda, men tok imot Guds Ord i tru. 70 sabbatsår er fastsett før synda tek slutt. Det skulle då vere i 97 f.Kr, men det er ikkje noko spesielt med det året, anna enn at det er 70 sabbatsveker og det er det tiande frigivingsåret, så om nokon hadde vorte urettmessig trælka, så skulle dei då uansett verte frigjevne og få komme attende til odelsjorda si. Då skulle det komme ei evig rettferd, det høyrest ut som det skulle skje umiddelbart, akkurat då, men det vesentlege er at det ikkje skulle skje før. Den evige rettferda er i alle fall den nye pakta som kom ved Jesus Kristus, ved at han døde i staden for oss. Det var altså ikkje før det hadde gått 70 sabbatsveker. Men kven er då den salvevigde som vert rydja or vegen etter 7+62 = 69 sabbatsår? Det kan ikkje vere same person, for den nye pakta kom ved at Kristus døde på korset og det kom etter 70 veker. 

Ovstepresten skulle vere av Sadoks ætt, men det vart det slutt på allereie då Antiokus 4. erstatta han. Sidan tok maccabearætta over som øvsteprestar, men dei var ikkje av Sadoks ætt og var dermed ikkje dei som Gud hadde valt ut til det. Dei var sikkert salva til det noko lunde i samsvar med tradisjonen, men sidan det ikkje stemte med Guds Ord, mangla nok det vesentlege symbolske poenget, å vere salva av den Heilage Ande. 

Sadok hadde teke seg av prestetenesta når dei andre vende seg bort frå Herren og her er eit poeng med at han salva Salomo til konge, slik som David ville og i samråd med profeten Natan. Til samanlikning skulle dei rett nok ha salva ein etterkommar etter statthaldaren Serubabel til å vere deira statthaldar eventuelt småkonge. Men i staden valde dei ein annan, av maccabear-ætta i staden.

Sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :

Etter 332 fvt. erobret Aleksander den store hele området. Landet kom etter hans død inn i den hellenistiske interessesfære og ble senere et stridsområde mellom ptolemeerne (i Egypt) og selevkidene (i Syria). Selevkidekongen Antiokhos 4. Epifanes (regjerte 175–164 fvt.) forsøkte med alle midler å hellenisere jødene, blant annet gjennom å reise en statue for guden Zevs i tempelet i Jerusalem og forby jødiske skikker, som omskjæring (brit mila) av guttebarn.

I 167 fvt. startet presten Mattatias og hans fem sønner en jødisk oppstand som skulle vare i flere år. De nedstammet fra en gammel presteslekt kalt hasmoneerne. I 175 fvt. gjenerobret Juda Makkabeerenbyen Jerusalem og lot det helleniserte tempelet rense og gjeninnvie i 164. Til minne om dette feires fremdeles tempelinnvielsesfesten, hanukka, den 25. kislev (november/desember).

Den siste gjenlevende av brødrene ble av en jødisk forsamling valgt til yppersteprest «for evig», noe som stred mot gamle regler om at ypperstepresten skulle tilhøre sadokidenes ætt. Valget av en hasmoneer vakte derfor motstand hos mange. Hasmoneerne (makkabeerne) utgjorde etter hvert et familiedynasti av konger og yppersteprester som styrte et stadig større Judea. I 142 fvt. ble det opprettet en selvstendig jødisk stat.

Aleksander Janneus (Jannai) (103–76 fvt.) ble den første som utnevnte seg selv til konge, og som styrte et område som omfattet hele Palestina fra Middelhavet i vest til høylandet øst for Jordanelven, fra Golan i nord til Edom i sør. Etter hans død overtok hans kone, Salome Aleksandra (139–67 fvt.), som regjerende dronning. Hennes regjeringstid regnes som den siste fredelige tiden i landet.

SITAT SLUTT.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/07/16/ny-tid-47-endetidssyn-22-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-5-70-sabbatsar-i-daniel-9-historia-om-det/

I dette dokumentet tok eg med ei anna tolking, der også fann dei det vanskeleg å få det til å klaffe med å rekne på desse vekene, desse versa i Dan.9 var vaskeleg å forstå også der. Eg meiner mi tolking er best, her er det meir som klaffar. 

Vers 26-27 høver med 

Dan.8,8 Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane.  9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet.  10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei.  11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.  12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.

13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?»  14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»

Dan.11,27 Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid. 28 Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt.

29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta.  

Og det er så tydeleg om Antiokus 4. Epifanes, han tok bort det daglege offeret og sette opp den øydande styggedomen. Men Dan.8 kjem etter Dan.7 og teljinga av vekene viser ganske tydeleg at dette skjer seinare. Janneus var den første som utnemnde seg sjølv til konge over Israel og han prøvde å gjere det større. Dette tyder då på at han ikkje var salva til det. Det veit eg eigentleg ikkje, han samarbeidde med sadukearane, men han var ikkje av Davids ætt, han var maccabear og øvsteprest, men i følgje Esekiel skulle det vere to ulike stillingar, Juda-kongane hadde sett dørstokken sin tett inntil tempelet, slik hadde dei gjort det ureint. Gud budde i himmelen og så ville han bu i denne heilagdomen, slik at han budde mellom menneska. Men problemet vart at Juda-kongane kom inn på dette heilage området med sine verdslege interesser, men prestane skulle med sine reinsingar halde seg og heilagdomen reine frå slike verdslege maktinteresser. Fyrsten skulle kunne gå inn i forhalla på austporten og halde måltid for Herrens åsyn og så skulle han gå ut att same vegen. Men her fekk dei ein fyrat som endåtil gjekk heilt inn i det høgheilage, så no vart denne verdsleggjeringa berre endå verre.

Samanlikning med Romarriket.

I maccabeartida gjorde maccabearane avtale med Romarriket, på vegne av Israels-folket altså. 

Kristus døyper med den Heilage Ande.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde og tett før han vart teken opp til himmelen, spurde disiplane han når han ville kome attende for å gjenreise riket for Israel. Det gav han dei ikkje noko svar på, men han sa at dei skulle vente på at han gav dei den Heilage Ande frå himmelen, då skulle dei vere hans vitne og tene han med å utføre oppdraget i misjonsbefalinga.

Ap.gj.1,4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.  5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»

Kristi himmelferd

6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.  8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12 Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.

Kristus er den som døyper oss med den Heilage Ande. Dette høver då svært så bra med at når dei fekk kome attende til landet sitt, så skulle dei verte omskorne på hjartet, dei skulle verte hjerteomskorne i den Heilage Ande. 

Dei to tempelvitna.

Esekiel fekk sjå ein mann med ei målesnor og ein målestav, som målte tempelet, det likna mest på Salomos tempel og var større enn det andre tempelet. Apostelen Johannes fekk ei målestong til å måle tempelet og altaret og dei som tilbad der. Og så fekk han høyre bodskapen om dei to tempelvitna, det er som om tråden i Sak.4 vert eken oppatt.

Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.  3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.  5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.  8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.  12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.  13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

Eit kongeleg presteskap.

Tenestene til byggmeisteren Serubabel og øvstepresten Josva, skal fungere i teneste for Kristus, Serubabels teneste vert då å bygge kyrkjelydar i teneste for Kristus, ved at han døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam. Så kjem øvstepresten Josva og gjer teneste i kyrkjelyden, fordi Kristus har salva han til den tenesta. Dette har Paulus forkynt for oss, til dømes i 1.Kor.1-3 og 1.Kor.12-14. Men her tek eg med noko av Peters forkynning om det.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.


5 responses to “Ny Tid 72. Endetidssyn 47. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 29. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 20. Den øydande styggedomen. 12. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 9. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 5. Øvsteprest og konge på jorda, med Kristus som øvsteprest og kongars konge ved Guds høgre hand i himmelen. 3. Kunne Gud pakt med kong David og det levittiske presteskapet stå ved lag? Korleis gjekk det med salvinga?”

Leave a comment