Ny Tid 70. Endetidssyn 45. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 27. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 18. Den øydande styggedomen. 10. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 7. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 3. Øvsteprest og konge på jorda, med Kristus som øvsteprest og kongars konge ved Guds høgre hand i himmelen. 1.

Biletet: Det andre tempelet, Kyros og Serubabels tempel, også kalla  «Herodes tempel». Salomos tempel og bymuren vart reven når Babylonarane brende og la byen i grus i 587 f.Kr. Men Esekiel fekk i syner frå Gud sjå det nye tempelet og det likna på Salomos tempel. Men det nye tempelet som sidan vart bygt, var mindre, dette var noko som dei ikkje rådde for, det var persarkongen Kyros som stod bak dette og sidan stod Herodes den store bak ei ombygging, så det vart kalla Herodes tempel. 

Men det var verre at dei ikkje heldt seg til det som Esekiel sa om prestetenesta og ikkje retta seg etter det som Malakias sidan sa om den.

Innleiing.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.

Gud har skapt alle ting og har ein annan slags eksistens enn den fysiske naturen han har skapt, den er forgjengeleg, men sjølv er han ånd og er evig og allmektig, han er i sin evige himmel og han rike er evig. Vi er støv og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss. Like vel sa han til folket sitt at dersom dei søkte han av heile sitt hjarte, så skulle dei finne han. Hans arm var ikkje for kort til å frelse dei, men syndene deira skilde dei frå han.

Men Jesus var det Guds Lam, som bar verda si synd, han bar seg sjølv fram som eit syneoffer som vart slakta for å sone verda si synd, med det eine offeret tok han bort verda si synd ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunn med Gud igjen. Kristus er Guds Son, Guds Messias, han har satt seg ved Gud høgre han i himmelen og hans armer framleis ikkje for kort til å frelse. 

Vi har inga moglegheit til å frelse oss sjølve, frelsa er ei gave og vi kan bere ta imot den som ei gave Gud gir oss frå himmelen. Han elska verda så høgt at han sende Sone sin den einborne, så kvar den om trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. 

Gud forsona verda med seg før vi visste ordet av det, så vart det forkynt for oss, så vi fekk von om Guds herlegdom, og den vona gjer oss ikkje til skamme.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.  14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.  15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Erstattningteologi?

Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. 

Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/

Frå David til Salomo.

David var ein mann etter Guds hjerte, så Gud let profeten Samuel slave han til konge over Israelsfolket og det vart ein suksess, han vart ein stor og mektig konge. Like vel fall han i synd, då han dreiv hor med Batseba og sveik mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes, så han sanna si synd for Gud, audmjuka seg og bad om nåde og tilgiving, så han slapp å døy for si synd. Like vel vart han straffa, ved at det var strid i hans hus, eldste sonen, Absalom  gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte. David vann striden som følgde, men Absalom vart drepen. Batseba vart Davids kone og då fekk han sonen Salomo med henne og det var han som skulle ta over kongsmakta, når den tid kom. På sine gamle dagar var David ikkje med hæren ut i striden lengre, han fekk ei ung vakker jente, Abisjag, som hushjelp, ho skulle halde han varm med natta også, var meininga, men ikkje som hore, altså. 

Nest eldste sonen, Adonja prøvde å utrope seg til konge, men då let David profeten Natan salve Samuel til konge og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo. Seinare bad Adonja om å få Abisjag til kone, men Salomo forstod det som eit kuppforsøk og sende hærføraren for å drepe han (1.Kong.2).

Salomo var ung når han tok over eit stort rike, men han fekk fred på alle kantar, han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og gav han stor visdom og gjorde han rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Etiopia. Med dette, spesielt med tempelet, kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane.

Salomo lovprisa Guds Messias, til samanlikning med David, dei takka Gud for at han berga dei fattige og verjelause, slik var politikken deira også.

Salme.72,1 Av Salomo.

Gjev kongen dine domar, Gud,

lat kongssonen få rettferd frå deg! 

2 Så skal han døma ditt folk med rettferd

og dine armingar med lov og rett.

3 Då skal fjella gje folket fred

og haugane rettferd. 

4 Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket,

så dei får sin rett.

Han skal berga dei fattige

og knusa valdsmannen. 

5 Lat han leva frå ætt til ætt

så lenge sol og måne skin. 

6 Han skal vera lik regnet

som fell på nyslegen eng,

lik ei regnskur som væter jorda.

7 I hans dagar skal rettferd gro

og lukke og fred råda

så lenge månen er til.

8 Lat han styra frå hav til hav,

frå Storelva til heimsens endar. 

9 Dei som bur i øydemarka,

skal bøya seg for han,

hans fiendar skal slikka støvet.

10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender

skal senda skatt til han.

Kongane i Saba og Seba

skal koma med sine gåver.  

11 Han skal alle kongar hylla,

han skal alle folkeslag tena. 

12 For han bergar den fattige som ropar,

armingen som ingen hjelpar har.

13 Han ynkast over småkårsfolk

og bergar livet åt dei fattige.

14 Han løyser dei frå tvang og vald,

deira liv er dyrt i hans augo. 

15 Gjev kongen må leva

og få gullet frå Saba!

Folk skal alltid be for han

og velsigna han dagen lang.

16 Lat det vera slik mengd med korn i landet

at det bylgjar over åsane.

Lat grøda vera som skogen på Libanon,

lat byar bløma og breia seg som graset på marka. 

17 Lat namnet hans leva til evig tid,

skyta friske skot så lenge sola skin.

Alle folk skal velsigna seg med det

og prisa han sæl. 

18 Lova vere Herren, Israels Gud,

han som gjer under, einast han! 

19 Hans herlege namn vere evig lova!

All jorda er full av hans herlegdom.

Amen, amen. 

*

20 Her endar bønene av David, son til Isai.

Men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Dette har eg skrive om her: 

Korleis kunne Guds pakt med Levi og David stå ved lag?

Dei levde i den gamle pakt, eigentleg var der fleire pakter og her vert det eit spørsmål om korleis Guds pakt med Levi og David kan stå ved lag.

Jer.33,14 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.  15 I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet.  16 I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd».  17 For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.  18 Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.

19 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 20 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid, 21 då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. 22 Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast.

23 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 24 Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk.

25 Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord, 26 vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/24/ny-tid-67-endetidssyn-42-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-24-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han/

 I Sak.3 ser vi at den levittiske prestetenesta vart førebilete på prestetenesta i den nye pakt, i Sak.4 ser vi det gjeld tenesta som byggmester, for å bygge tempelet også, det møter vi igjen i Joh.Op.11. 

Esekiel kritiserte Juda-kongane som hadde vore før eksilet, men etter at dei var komne attende frå eksilet, kritiserte Malakias prestane.

Mal.2,4 Då skal de skjøna at det er eg

som har sendt dykk dette bodet,

så mi pakt med Levi kan stå ved lag,

seier Herren, Allhærs Gud.

5 Mi pakt med han gav liv og fred,

og det gav eg han så han skulle ottast.

Han ottast meg og hadde age for mitt namn. 

6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,

og det fanst ikkje svik på hans lipper.

Han ferdast med meg i fred og rettferd

og berga mange frå syndeskuld. 

7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,

frå hans munn skal folk be om rettleiing,

for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.

8 Men de har vike av frå vegen

og fått mange til å falla

med den rettleiing de har gjeve.

Levi-pakta har de brote,

seier Herren, Allhærs Gud.

Dette har eg skrive om her: 

Jesus kom for å oppfylle lova og profetane og det gjaldt profetiane både om prestetenesta og kongs-gjerninga. Han har gjort oss til eit kongeleg presteskap (2.Pet.2,1-9), men Esekiel gjer det klart for oss at kongsgjerninga er ei heilt anna teneste enn prestetenesta, så korleis skal vi forstå det?

Profeti og historie om bygginga av det andre tempelet.

Men det nye tempelet som dei bygde når dei kom tilbake etter eksilet likna ikkje Salomos tempel, det var lite og stusseleg samanlikna med det. I følgje Biblex kom Haggais profetiar i 520, i ei periode på fire månadar, Sakarjas profetiar kom i 520-518 f.Kr. Serubabel var soneson til kong Jojakin og var mellom dei først som vende tilbake etter eksilet, dei byrja å bygge på tempelet allereie i 538 f.Kr. Dei fekk motstand, så arbeidet stoppa opp, men 16 år etter at Kyros gav dei heimlov, byrja Haggai og Sakarja å oppmuntre dei til å gå i gang med bygginga igjen og tempelet stod ferdig i 516 f.Kr.

Esra.4,1 Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.  2 Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.» 3 Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»

4 Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.  5 Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.

Esra.5,1 Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei.

Esra.6,1 Då sette kong Dareios nokre menn til å sjå etter i arkiva i skattkammera i Babylonia. 2 I kongsborga i Ekbatana, hovudstaden i provinsen Media, fann dei ein bokrull, og der stod det skrive:

Kunngjering.

3 I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt.  4 Det skal byggjast med tre lag tilhogne steinar og kledast innvendig med eitt lag tre. Utgiftene skal berast av kongens skattkammer. 5 Gullkara og sølvkara som høyrde Guds hus til, og som Nebukadnesar tok ut or templet i Jerusalem og førte til Babylon, skal gjevast tilbake. Dei skal førast til Jerusalem og setjast på sin rette stad i templet der.

Så dette tempelet var 60 alen breitt.

Haggai.2,1 Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så:  2 Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket:

3 Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?

4 Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!

lyder ordet frå Herren.

Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,

du øvsteprest!

Ver frimodig, alt folket i landet!

lyder ordet frå Herren.

Gå og arbeid, for eg er med dykk!

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 

5 Den lovnaden gav eg dykk

då de drog ut or Egypt.

Og min Ande bur imellom dykk.

Ver ikkje redde! 

6 For så seier Herren, Allhærs Gud:

Endå ein gong, om ei lita stund,

vil eg skaka himmel og jord,

havet og det turre land. 

7 Eg skjek alle folkeslag,

så skattane deira kjem hit.

Og eg fyller dette huset med herlegdom,

seier Herren, Allhærs Gud. 

8 Sølvet er mitt, og gullet er mitt,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

9 Dette nye huset skal verta

herlegare enn det førre,

seier Herren, Allhærs Gud.

På denne staden vil eg gje fred,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Kong Herodes den Store bygde om dette tempelet så pass mykje at det vart kalla Herodes tempel. Det fortsette etter hans tid og pynta på utsida med gull og vart ferdig rett før det heile vart lagt i grus i år 70 e.Kr, så det gjekk slik som Jesus profeterte. Dette har eg skrive om her:

Korleis det gjekk med Maccabearane, sadukearane og farisearane. 

Antiokuxs 4. Epifanes gjekk til åtak på den heilage pakta, slik som Daniel hadde profetert, like vel kom det heilt uventa på Israels-folket. Dei prøvde å audmjuke seg for Herren i bøn og ved å halde sabbaten, men hæren til Antiokus kom etter dei, for å slakte og øyde. Så det verka som det var i seinaste laget. Det viste seg ved at dei ikkje retta seg etter profetien til Esekiel. 

Dei retta seg ikkje etter profetien til Malakias heller, når han refsa dei for at dei ikkje gjorde prestegjerninga på rett vis, så dei braut Levi-pakta (Mal.1-2), så når Gud sende dei Johannes døyparen og Kristus (Mal.3-4), var dei ikkje førebudde på det heller, så dei avviste den Messias som Gud sende dei. For dei venta seg då ein annan slags Messias. 

Her følgjer nokre bibelvers som viser betydninga av den åndelege velsigninga, det var den som skulle gjere skilnaden.

Haggai.2,18 Gjev akt på det som hender frå og med i dag, frå den tjuefjerde dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd. Gjev akt på dette! 19 Ligg såkornet framleis i kornkummen? Står vinstokken og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis utan frukt?

Frå og med i dag vil eg velsigna.

Joh.6,12 Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» 13 Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete.

14 Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»  15 Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.

…..

26 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»

28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»  30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera?  31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»  32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»

……

63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

Maccabearane var prestesøner, men ikkje av Sadok-ætta. Dei leia Israels-folket i forsvar- og frigjerings-kamp mot kong Antiokus 4. Epifanes og hæren hans. Den siste av dei, Simeon, vart øvsteprest og hovding og den stillinga skulle gå i arv til dess det stod fram ein ny profet. Men dette streid med profetien til Esekiel om prestetenesta og så viste det seg at dei ikkje retta seg etter profetien til Malakias heller.

Det var sadukearane som ætta frå Sadok, så i følgje Esekiel var det dei som skulle ta seg av prestetenesta. Men dei splitta opp i ulike retningar, nokre forlet landet og dei som vart verande der var meir påverka av gresk kultur enn farisearane.

Ap.gj.23,6 Som no Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og av farisearætt. Og eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»  7 Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg. 8 For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det.  9 No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»  10 Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.

11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»

Sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :


I 167 fvt. startet presten Mattatias og hans fem sønner en jødisk oppstand som skulle vare i flere år. De nedstammet fra en gammel presteslekt kalt hasmoneerne. I 175 fvt. gjenerobret Juda Makkabeerenbyen Jerusalem og lot det helleniserte tempelet rense og gjeninnvie i 164. Til minne om dette feires fremdeles tempelinnvielsesfesten, hanukka, den 25. kislev (november/desember).

Den siste gjenlevende av brødrene ble av en jødisk forsamling valgt til yppersteprest «for evig», noe som stred mot gamle regler om at ypperstepresten skulle tilhøre sadokidenes ætt. Valget av en hasmoneer vakte derfor motstand hos mange. Hasmoneerne (makkabeerne) utgjorde etter hvert et familiedynasti av konger og yppersteprester som styrte et stadig større Judea. I 142 fvt. ble det opprettet en selvstendig jødisk stat.

……

Mens saddukeerne hadde stått på hellenistenes side, hadde makkabeerne hatt støtte av hasideerne, «de fromme», som imidlertid etter hvert vendte seg fra dem. Fra hasideernes krets kom fariseerne, som var opptatt av å tolke Mosebøkenes lovtekster og utvikle den jødiske religiøse loven, halakha

Sitat frå https://snl.no/yppersteprest :

Da makkabeerne, (164–63 fvt.) overtok makten i landet, overtok deres ledere selv posisjonen som ypperstepresten, noe som ikke var i overensstemmelse med jødisk lov, halakha. Etter romernes erobring av området i år 63 fvt., ble stillingen som ypperstepresten brukt i politisk øyemed. Ypperstepresten ble ofte valgt blant medlemmene av en gruppe som regnet seg som etterkommere av Sadok (en yppersteprest på kong Davids tid). Denne politiske og religiøse gruppen, saddukeerne, var blant annet motstandere av ideen om den muntlige Tora og sto derfor i motsetning til fariseerne.

Etter at tempelet i Jerusalem ble brent av romerne i år 70 evt. stoppet den jødiske offerkulten, og det ble ikke utnevnt flere yppersteprester. De gamle presteslektenes etterkommere har likevel fortsatt å inneha noen spesielle oppgaver og privilegier helt frem til i dag.

Sitat frå https://snl.no/saddukeerne :

Saddukeerne var et jødisk religiøst politisk parti i Judea fra 2. århundre fvt. til 1. århundre evt.

Navnet er trolig avledet av Sadok (Zadok), som i henhold til flere tekster i Det gamle testamentet og Tanakh var en prest på kong Davidstid (2. Samuelsbok 19,11 og 1. Krønikebok 15,11).

Mannlige etterkommere av Sadok skal i henhold til tradisjonen ha tjent som yppersteprester helt frem til jødenes oppstand mot selevkidene, landets gresk/syriske herskere. Kampene begynte i 167 fvt. og ble ledet av Juda Makkabeeren og hans brødre. Familien var hasmoneere, navnet på en jødisk presteslekt. (Makkabeer er et tilnavn som betyr «hammeren».) Jødenes seier førte til at denne slekten overtok av makten i landet. I 152 fvt. lot Jonatan Makkabeeren seg utnevne til yppersteprest, og dette embetet gikk senere arv i familien. Slekten hadde deretter både den verdslige og den religiøse makten, noe som ikke hadde vært tilfelle tidligere. Dette møtte mye motstand. Flere grupper, blant dem fariseerne, mente at hasmoneerne ikke hadde rett til yppersteprestembetet fordi de ikke ble regnet som nedstammet fra Sadok. Andre mente de ikke kunne være både yppersteprester og ha kongemakt.

Tapet av yppersteprestembetet kan ha ført til at den gamle presteklassen (av slekten Sadok) ble oppsplittet. En gruppe skal ha opprettet et nytt tempel i Leontopolis i Egypt, en annen gruppe skal ha dannet den sekten som kalles esseerne (som skal ha inkludert en gruppe som slo seg ned i Qumran, ved Dødehavet), og en tredje gruppe dannet et slags religiøst-politisk parti i Jerusalem. Det er disse den jødiske historieskriveren Josefus (37–100 evt.) og senere rabbinsktradisjon omtaler som saddukeerne. De opptrer som gruppe fra rundt 150 fvt.


One response to “Ny Tid 70. Endetidssyn 45. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 27. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 18. Den øydande styggedomen. 10. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 7. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 3. Øvsteprest og konge på jorda, med Kristus som øvsteprest og kongars konge ved Guds høgre hand i himmelen. 1.”

Leave a reply to Ny Tid 72. Endetidssyn 47. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 29. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply