Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 14. Den øydande styggedomen. 8. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 3. Dyrets merke og Dyrets tall; 666.

Biletet: Det andre Dyret i Joh.Op.13 hadde to horn som eit lam, men det talte som ein Drake og så hadde det talet 666.

Innleiing.

Erstattningteologi?

Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. 

Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/

Frå David til Salomo.

David var ein mann etter Guds hjerte, så Gud let profeten Samuel slave han til konge over Israelsfolket og det vart ein suksess, han vart ein stor og mektig konge. Like vel fall han i synd, då han dreiv hor med Batseba og sveik mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes, så han sanna si synd for Gud, audmjuka seg og bad om nåde og tilgiving, så han slapp å døy for si synd. Like vel vart han straffa, ved at det var strid i hans hus, eldste sonen, Absalom  gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte. David vann striden som følgde, men Absalom vart drepen. Batseba vart Davids kone og då fekk han sonen Salomo med henne og det var han som skulle ta over kongsmakta, når den tid kom. På sine gamle dagar var David ikkje med hæren ut i striden lengre, han fekk ei ung vakker jente, Abisjag, som hushjelp, ho skulle halde han varm med natta også, var meininga, men ikkje som hore, altså. 

Nest eldste sonen, Adonja prøvde å utrope seg til konge, men då let David profeten Natan salve Samuel til konge og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo. Seinare bad Adonja om å få Abisjag til kone, men Salomo forstod det som eit kuppforsøk og sende hærføraren for å drepe han (1.Kong.2).

Salomo var ung når han tok over eit stort rike, men han fekk fred på alle kantar, han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og gav han stor visdom og gjorde han rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Etiopia. Med dette, spesielt med tempelet, kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane. Men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Dette har eg skrive om her: 

Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Då har vi samfunn med kvarandre i den Heilage Ande.

 

Abraham trudd Gud og det vart rekna hen til rettferd, Gud lova  at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Abraham sa seg villig til å ofre son sin, Isak, til Gud, men fekk ofre eit verlam i staden. Han viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Dette vart eit førebilete på at Gud let Son sin vere Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som syndeoffer for å sone all verda si synd, ved at han døde på korset i staden for oss.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born Vi må verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det, det som er født av Anden er ånd.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.  12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.  14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.  18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.  19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde.  20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.  21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»  15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Då er det om å gjere å gjere seg liten, som eit slikt lite barn som Jesus tek i sin famn og velsignar. Den som tek imot det i Jesus namn, tek imot han og då er det viktig for den også å gjere seg liten som eit slikt barn som Jesus tek i sin famn og velsignar. Vi er fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd og så får vi oppleve at vi har samfunn med kvarandre i den Heilage Ande.

1.Joh.1, Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord.  2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss.  3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus.  4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han.  6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.  7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.  10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Slik er det også vi skal vente på Jesu gjenkomst, det er først og fremst ved å ta imot han som livsens brød, som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, slik at vi lever av det. Så vi kan seie som Paulus, at hans nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

Så vi blir som dei fem vituge brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Når dei då høyrde ropet om at brudgomen kjem, etterfyllte dei lampane og gjekk han i møte med lys på lampane. Dei trudde framleis at Guds nåde var nok for dei, soleis hadde dei nok olje med seg, dei trudde framleis at dei fekk ta imot han av berre nåde, så dei gjekk han i møte og tok imot han når han kom og vart med han inne til bryllaupet (Matt.25,1-13).

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, då verkar det som han får større ansvar enn kvinna i den saka.

1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette!  2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,  5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.  6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.  8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Dess viktigare vert det for han å gå til Kristus med den saka og det er viktig for henne også. Som Guds born skal dei framleis ta imot kvarandre slik som vi såg i Matt.18,1-5.

Ef.5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.  22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv.  23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin.  24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25 De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,  26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.  27 På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera.  28 På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. 30 For vi er lemer på hans lekam.  31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.  32 Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja. 33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

1.Pet.3,14 Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma,  15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.

Heilaggjeringa kjem i konflikt med verdslege maktinteresser.

Ta imot Guds rike som små born.

Heilaggjeringa kjem i konflikt med verdslege maktinteresser, det viser seg spesielt når ein ung mann vil prøve å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære. La oss tenke oss at ein ung mann er med i samfunnet av dei heilage, slik som vi såg i Matt.18,1-5 og 1.Joh.1. Så vert han glad i ei kristen jente og vil halde fram med å ta imot henne i samsvar med Matt.18,1-5, Kristus er imellom dei og han opplever at Jesus velsignar henne i samsvar med Matt.18,2-4 og han ynskjer å halde fram med å ta imot henne i samsvar med vers 5, også med tanke på å få henne til kjæraste og kone. Han snakkar med Jesus om det og blir overtyda om at ho er den rette for han. Korleis skal han då få sagt det til henne? Ved å halde fram med å sjå på Jesus og snakke med han om det og så kjennast ved han for henne, kjennast ved han for dei andre også og for dei som står utanfor også. Men dette er ei personleg sak mellom dei to, samtidig som det har med deira personlege forhold til Kristus å gjere. 

Den levittiske prestetenesta og prestetenesta i den nye pakt.

Resultatet vart at dei kravde at ingen skulle få rett til å verte Guds born, så ingen mann skulle få seg ei kone gjennom helging, det viste seg ved at dei krossfesta Guds einborne Son. Men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, når han døde på korset, var det for vår skuld, så vi skulle få rett til å verte Guds born. Så ein mann kan vite å vinne seg si eiga kone gjennom helging og det kan ho også vite og nytte seg av. Soleis er Kristus hovudet for mannen, mennen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Det levittiske presteskapet fungerte ikkje skikkeleg lengre (Mal.1-2), men Jesu presteteneste fungerte, det vart å samanlikne med Abel, som bar fram eit betre offer enn Kain. Gud viste at han tykte vel om Abel sitt offer, derfor vart Kain misunneleg og slo han i hel.  

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Vi har fått eit personleg forhold til Kristus, Guds Son, slik har vi fått eit personleg forhold til Faderen, så vi kan seie Abba Far, vi har vorte Guds arvingar og Kristi medarvingar som kvar einskild kan seie at dette er til meg. Men då kan det fort vise seg at der er ein som vert misunneleg på «denne einskilde mannen».

1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.  12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.  14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.  15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.  16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.

Korleis skal då Denne Einskilde Mannen gjere det klart at det gjeld han og ikkje berre ei grå masse, så det flyt ut i tåkeprat? Kristus bana vegen for han inn i den himmelske heilagdomen, for at han skal følgje etter inn i det høgheilage og stige fram for nådens trone.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Så skal han bere fram kroppen som eit levande heilagt offer for Gud.

Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.  13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.  4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;

Dette er mogleg nettopp fordi Kristus er Guds Son, komen i kjøt og slik vart han vår øvsteprest ho Faderen til evig tid.

1.Joh.1,1Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord.  2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss.  3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus.  4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

1.Joh.1,1 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord.  2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss.  3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus.  4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han.  6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.  7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.  10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1.Joh.4,1 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.  3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

Derfor er det også så viktig for oss å møte opp fysisk i kyrkjelyden, nettopp for å møte andre menneske fysisk der. Og så skal vi gå ut og møte andre menneske fysisk der ute og få sjå at Kristus er med oss alle dagar, der ute også, altså, så vi ser og nyttar dei høva vi får til å vitne om han for andre menneske. Vonleg får vi oppleve at han møter dei og frelser dei og at han legg nye menneske til kyrkjelyden og at han lengre der ute bygger opp nye kyrkjelydar.

Det som då ofte har skjett og som framleis skjer, er at verdslege maktinteresser kjem inn i kyrkjelyden og strir mot denne heilaggjeringa, i strid mot at Den Einskilde Mannen skal få finne seg ei kone i helging, i strid mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. For dei prøver å få makt over henne på andre måtar.

Dyret med merket.

Men når der kjem verdslege og/eller religiøse maktinteresser inn i biletet, kan denne unge mannen verte som Adonja i forhold til Salomo, der Salomo står for dei verdslege maktinteressene, så han endåtil drap bror sin, Adonja, for å sikre seg makta få Abisjag til kone, i staden for at Adonja skulle få henne til kone. Sidan satsa Salomo tydeleg vis på å få mykje makt ved å få seg mange utanlandske kone. Men kva slags makt vart det? Verdsleg religiøs makt, som motsetnad til Herren, slik klarde desse utanlandske kvinnene å vende hjarta hans bort frå Herren, på hans gamle dagar. 

Det vart altså med liknande metode som Balak og Bileam brukte, for å lokke Israelske menn til å drive hor, så dei kunne forbanne Israels-folket før dei gjekk til krig mot dei. Eg tenker meg at dette er strategien til Dyret og den falske profet også (Joh.Op.13&19). Slik vert også «den Store Skjøkje» forførd, så ho driv hor med kongane rundt om på jorda, ho dyrkar dei som gudar, i staden for å dyrke den levande og sanne Gud og ha Kristus som frelsar og Herre.

Salomo fekk inn 666 talentar gull i året (1.Kong.10,14) og 666 er Dyrets tal i Op.13. Dette er nok ikkje tilfeldig, Salomo vart forførd av dei framande kvinnene på sinne gamle dagar, dei dyrka avgudane så han bygde offerhaugar for dei og det vart til ein øydeleggande styggedom for Israels-folket. Dette vart tydeleg vis førebilete for forføringa til Dyret og den Falske profet (Joh.Op.13&19).

I Daniels bok såg vi at det var ein som tok bort det daglege offeret og skipa ei Guds-teneste i strid med det daglege offeret. Det var sikkert fordi han ville bruke religionen til å få politisk makt.

Dan.8,9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet.  10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei.  11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.  12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.

I den nye pakt er det daglege offeret at vi ber kroppen fram som eit levande heilagt offer, til velbehag for Gud (Rom.12,1-3) og at vi ber fram lovprisingsoffer.

Heb.13, Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma.  15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.  16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.

Det andre Dyret i Op.13 får eld til å falle ned frå himmelen, det minner oss om dei undera som profeten Elia fekk makt til å gjere og så kjem det som førebilete på Andens eld, som vanleg vis er fysisk usynleg. 

Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.  12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.  14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.  16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna.  17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Det kan minne oss om Elia som fekk eld til å falle ned frå himmelen, på offeret som han bar fram på Karmel. Seinare når kongens menn kom til han og ville han han til å stige fram for kongen, fekk han eld til å falle ned frå himmelen for å drepe dei (1.Kong.18 & 2.Kong.1). Men her er ikkje noko offer og kvifor det? Mest truleg fordi det daglege offeret er teke bort, ved at den mannen som bar det fram er rydja vekk, slik som vi såg i 2.Tess.2 altså.

Ap.gj.2,1 Då pinsedagen kom, var dei alle samla.  2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i.  3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.

Matt.3,11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  

Luk.12,49 Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!

Merket på handa og panna (Joh.Op.13,16) minner om den gamle pakt med påskefeiringa.

5.Mos.11,4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.  5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.  8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel  9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Soleis vart det førebilete på barnedåpen. Eg hevdar at dersom foreldra, fadderane og presten trur på Kristus, så fungerer det som barnevelsigning. Men oppfølginga i kyrkje og samfunn vert meir slik som når Salomo vart forførd av dei framande kvinnene på sine gamle dagar. Det vert slik som med Balak og Bileam, Bileam var først ein Guds profet, men vart ein villfarande og falsk profet. Soleis vert det også tydeleg at det andre Dyret i Op.13 vert kalle den falske profet i Op.19. Dyret og den Falske profet strir mot Guds ord. Då er det bverre for oss å prøve det på Guds Ord, så skulle vi vite det, folk vert opplyste av Guds Ord og slik vinn det siger der det går fram.


11 responses to “Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 14. Den øydande styggedomen. 8. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 3. Dyrets merke og Dyrets tall; 666.”

Leave a reply to Ny Tid 71. Endetidssyn 46. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 28. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply