Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 6. Den øydande styggedomen. 1.

Biletet: Hanukka er jødane si feiring tempelvigsla i Jerusalem i 165 eller 164 f.Kr. 

Sitat frå https://snl.no/hanukka :

Hanukka er en jødisk lysfest som feires i åtte dager til minne om gjeninnvielsen av tempelet i Jerusalem i år 165 eller 164 fvt. På norsk kalles hanukka derfor også for tempelvigselsfest.

Festen er ikke nevnt i Det gamle testamentet og Tanakh og er ikke den viktigste religiøse høytiden i jødedommen, men den har stor kulturell betydning for jøder over hele verden. Å tenne lys i hjemmet hver dag i åtte dager regnes som en religiøs plikt (mitzva). Svært mange jøder overholder denne skikken, også de som ellers ikke overholder andre jødiske skikker. Siden hanukka feires i samme årstid som kristen jul, er hanukka blitt en viktig fest for jødiske barn. I mange land i Vesten, som i USA, holdes nå også offisielle markeringer av hanukka.

Innleiing.

 Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Profetane Daniel, Joel og Malakias.

Profeten Joel åtvara Israelsfolket mot fienden frå nord og sa dei skulle audmjuke seg for Gud, faste og be om nåde, til samanlikning med korleis kong Josjia i Jerusalem hadde audmjuka seg for Gud og bedt om nåde, han kalla saman folket for å vere med på å be for seg sjølve og landet sitt. Og det verka bra. Dette var før Jerusalemes fall, men dette er tydeleg vis etter at Jerusalem fall og dei vart bortførde, men var komne tilbake igjen. Fienden frå nord kunne vere både persarriket og det greske riket, for det vart profetert om at folket i Tyros, Sidon og filistarlandet skulle verte bortførde (Joel.3,9). Persarkongen Artaxerxes 3 selde folket i Sidon som slavar i år 345 f.Kr og Aleksander den Store selde folket i Tyros og i filistarbyen Gaza i 332 f.Kr. Men folket i Israel slapp unna, altså, sikkert fordi dei høyrde på profeten Joel og audmjuka seg for Herren sin Gud, slik som han sa.

Denne profetien sikta også fram til at Jesus skulle komme, då også trengde dei å audmjuke seg slik. For nettopp då ville Gud utgyte sin Ande over alt kjøt.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

Allereie når dei vart bortførde til Babylonia hadde Daniel profeterte om Aleksander den Store, etter han vart rike hans delte i fire etter himmelretningane, og i det nordlege riket skulle det komme ein konge som ikkje ville late dei utøve religionen sin i fred, men kravde at dei skulle tilbe ein annan gud. Då såg dei seg nøydde til å kjempe for livet og kunne grunngi det utifrå sin eigen religion, så etter nokre år med krig, klarde dei frigjere seg frå tyranniet. 

Der er mange profetiar om at Messias skulle komme, den siste kom med Malakias, han profeterte om Johannes døyparen også og han profeterte om at Messias var komen, i si eiga samtid. Då trengde dei å audmjuke seg slik som Joel og Sakarja hadde profetert, men då var dei religiøse leiarane fast bestemt på ein annan strategi og det gjekk ikkje bra i lengda.

Profetiar om den øydande styggedomen.

Gud talte til menneska gjennom draumar og synder, då hadde det gjerne symbolsk tyding, som trong tyding, slik med draumen Nebukadnesar fekk (Dan.2) og synet som Daniel fekk i Dan.7&8. Men profetien i Dan 8 er nokså eineståande, ved at tolkinga av den er så konkret, at det er som å få historia fortalt på førehand, så både profetien og oppfyllinga av den vert ein god del lesestoff.

Daniels profeti om den øydande styggedomen.

Daniel fekk sjå i eit syn ein ver med to horn og så kom der ein bukk med eitt stort horn og vann over han. Dette hornet var Aleksander den store. Etter han voks der opp fire horn, frå eitt av desse horna kom der eit lite horn som vart stort, det var Antiokus 4. Epifanes.

Dan.8,9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet.  10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei.  11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.  12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.

13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?»  14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»

15 Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann. 16 Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»  17 Så kom han bort til den staden der eg stod, og då han kom, vart eg redd og kasta meg ned med andletet mot jorda. Han sa til meg: «Høyr, menneske! For synet gjeld endetida.»  18 Medan han tala til meg, låg eg sanselaus med andletet mot jorda. Men han tok i meg, reiste meg opp  19 og sa:

«No vil eg la deg få vita kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for synet gjeld endetida.  20 Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia. 21 Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen.  22 Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han. 23 Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.  24 Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage. 25 Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»

Legg merke til uttrykka «det daglege offeret» (v. 11&13), «den øydeleggande synda» og «nedtrakking» (v. 13). 

To tusen tre hundre dagar er 6 år og 110 dagar (v. 14 & 26). 

Dan.11,5 Kongen i sør skal vinna stor makt. Men ein av fyrstane hans skal verta endå mektigare og vinna eit herredøme som er større enn hans.  6 Nokre år etter skal dei gjera samband med einannan. Ei dotter åt kongen i sør kjem til kongen i nord og vil tryggja freden. Men ho greier seg ikkje, og son hennar får ikkje leva. Dei misser livet, både ho og fylgjet hennar, sonen og mannen hennar.

7 På den tid skal ein av renningane frå røtene hennar koma i hans stad. Han går mot fiendehæren og bryt inn i festninga åt kongen i nord og vinn.  8 Jamvel gudane deira fører han som hærfang til Egypt, saman med dei støypte bileta deira og dei dyre kara av sølv og gull. I nokre år held han seg borte frå kongen i nord.

9 Kongen i nord skal dra mot riket åt kongen i sør, men må fara heim att til landet sitt. 10 Sidan skal sønene hans bu seg til strid og samla store hærstyrkar. Ein av dei dreg inn i landet og fer over det som ein flaum. Men han bur seg på nytt og rykkjer fram mot festninga åt kongen i sør. 11 Då vert han harm og dreg ut og strider mot kongen i nord, som fylkar ein stor hær; men hæren fell i fiendehand 12 og vert bortsopt. Då vert kongen i sør hovmodig. Han feller mange tusen, men får likevel ikkje stor makt.

13 Kongen i nord fylkar ein ny hær, som er endå større enn den fyrste. Og etter nokre år kjem han med ein stor hær og eit veldig tren.  14 I dei tider gjer mange opprør mot kongen i sør, og valdsmennene i folket ditt reiser seg, så synet vert stadfest; men dei fell.  15 Kongen i nord skal koma, kasta opp ein voll og ta ein festningsby. Styrkane frå sør held ikkje stand; ikkje eingong dei beste mellom dei maktar å gjera motstand.  16 Fienden som kjem mot dei, kan gjera som han vil, og ingen kan stå seg imot han. Han får fotfeste i det fagre landet og fører øydelegging med seg.  17 Han set seg føre å få heile riket åt kongen i sør i si makt. Difor gjer han ei semje med han og gjev han ei av døtrene sine til kone. Såleis vil han øydeleggja riket hans. Men det skal ikkje lukkast for han.  18 Så vender han seg mot landa langsmed havet og tek mange av dei. Men ein hærførar gjer ende på hovmodet hans og gjev han att for stormodet hans.  19 Då vender han seg mot festningane i sitt eige land. Men han snåvar og fell, og det er ute med han. 

20 I hans stad skal det koma ein som sender ein skattekrevjar gjennom det landet som er ein prydnad for riket. Kort tid etter vert han knust, men ikkje på grunn av Guds vreide og ikkje i krig.  

Den vonde kongen

21 I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list.  22 Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta.  23 Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet. 24 Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid.

25 Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han.  26 Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort.  27 Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid. 28 Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt.

29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta.  31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.  32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring.  34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.

36 Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast.  37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.  38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.  39 Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.

40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum. 41 Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.  42 Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri. 43 Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han. 44 Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden. 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.

Metoden hans var lygn og svik (v. 23, 27, 28, 30). Han «tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen» (v.31). Han «opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord» (v. 36).

Det siste kan vi samanlikne med 

2.Tess.2,3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  

Vers 45 kan vi samanlikne med 

Joh.Op. 12,17 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.  18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Dette er nok oppfølginga av det same.

Jesu profetiar om den øydande styggedomen.

Jesus profeterte om den øydande styggedomen som Daniel profeterte om, som om den var der framleis.

Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.  22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Og det var ikkje lenge før dei måtte røme, nokre rømde til Massada, fjellborga til Herodes og forskansa seg der, så dei heldt seg i live litt lengre.

Antiokus 4 satsa på lygne og svik og det var mange som fall ifrå trua på jødedommen og vart svikariske. Til samanlikning sa Jesus at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Det har seg nok slik at dei vender seg til ein annan Gud og/eller ein annan konge, i staden for å vende seg til den levande og sanne Gud og hans Messias, Jesus Kristus.

Matt.24,9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.  10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.  11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.  13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.  14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.

Antiokus 4. Epifanes, historia som oppfylte profetien.

Frå Store Norske Leksikon.

Vi kan lese litt om historia som oppfylte profetien i Store Norske Leksikon, sitat fråhttps://snl.no/Antiokhos_4._Epifanes :

Antiokhos 4. var konge i Selevkideriket i Syria i perioden 175–164 fvt. Han var sønn av Antiokhos 3. den store. Tilnavnet Epifanes betyr «den strålende gud» eller «den gud som åpenbarer seg» og var et vanlig tilnavn blant hellenistiske herskere. I dag er han mest kjent som den kongen hvis hensynsløse helleniseringspolitikk i Judea og Samariaførte til jødisk oppstand under ledelse av Juda Makkabeeren og hans brødre. Kampene førte til frigjøring av Jerusalem og til slutt et nytt jødisk kongerike. Disse seierne danner også bakgrunnen for den jødiske festen hanukka.Kilder

De viktigste kildene til disse hendelsene er 1. og 2. Makkabeerbok og Josefus Flavius’ bokJødenes gamle historie (Antiquitates Judaicae).Forskere mener også at det henspilles til Antiokhos 4. i Daniels bok i Det gamle testamentet og Tanakh.

Bakgrunnetter broren Selevkos 4. Antiokhos skaffet seg makt og innflytelse i det store Selevkideriket gjennom å gi storslåtte gaver og å bygge praktbygg flere steder, som i Athen og Antiokia. Allerede i 173 fvt. begynte han å anse seg selv som guddommelig (theos) og tok tilnavnet Epifanes. Da han overtok makten, omfattet selevkidenes maktområde også Jerusalem og resten av Judea og Samaria. Hans far, Antiokhos 3., hadde erobret disse områdene fra den gresk-egyptiske kongeslekten ptolemeernecirka 200 fvt.

Men rundt 170 fvt. ønsket ptolemeerkongen Ptolemaios 6. Philometorå gjenvinne deler av CoelesyriaPalestina og Fønikia. Antiokhos på sin side ønsket å øke og konsolidere sin makt gjennom å underlegge seg Kypros og den egyptiske byen Pelusium i det østlige Nildeltaet. I 170 fvt. invaderte han Egypt og erobret store deler av landet. Han skal også ha latt seg krone i Memfis, men lot likevel Ptolemaios fortsette som en slags underordnet konge. På veien hjem etter et midlertidig nederlag i 169 fvt. plyndret han tempelet i Jerusalem og tok med seg skattene hjem. I 168 fvt. foretok han et nytt angrep i Egypt. Begge kongene holdt tett kontakt med romerne, og det romerske senatetgrep nå inn og hjalp ptolemeerne tilbake til makten og tvang Antiokhos 4. til å trekke seg ut av Egypt. På folkemunne ble hans tilnavn etter dette forandret til Epifanes «den gale». Antiokhos fortsatte å regjere sitt store rike og døde under et felttog i Persia i 164 fvt.

Antiokhos 4. og jødene

De første selevkidherskerne støttet og respekterte jødiske religiøse skikker i Judea og Samaria, men dette endret seg under Antiokhos 4. Han selv hadde levd mange år i både Roma og Athen, og ønsket å omgjøre Jerusalem til en gresk polisog innføre hellenistiske skikker. Offentlige teatre og sportsarenaer (gymnaser) var viktige institusjoner i hellenistiske byer, men besøk på slike steder var ikke tillatt etter religiøs jødisk lov (halakha). Nye påbud og lover måtte derfor til.

For å styrke sin innflytelse blandet Antiokhos 4. seg også inn i valget av øversteprester ved det jødiske tempelet i Jerusalem. Først lot han seg bestikke til å la Jason, som var av presteslekt, utnevne til øversteprest. Men bare tre år senere lot han seg bestikke på ny og utnevnte en ny øversteprest. Begge skal ha fremmet hellenisering av byen, og alt dette skapte uro blant jødene. Mange fra overklassen skal ha støttet de nye ideene, men det var stor motstand i folket.

Etter Antiokhos’ endelige nederlag i Egypt i 168 fvt. forverret situasjonen for jødene seg, og Jason overtok igjen, med makt. Antiokhos’ inntog i Jerusalem forårsaket denne gang enorme ødeleggelser og massakrer. Mange av innbyggerne ble drept eller solgt som slaver. Bymurene ble revet, tempelet plyndret og mange bygninger ødelagt. Han lot deretter bygge en egen festning (Akra) for sine soldater rett ved tempelet og opprettet en fast representasjon i byen. Denne skulle kontrollere byen og påse at hans forordninger ble overholdt (Antiquitates 12, 248–252).

Forbud mot jødiske skikkerI desember 167 fvt. ble det utstedt en lang rekke forbud mot jødiskreligion og praksis i landet. (Så vidt vi vet ble ikke de mange jødene som bodde i resten av Selevkideriket, berørt av disse forskriftene.) Forbudene omfattet blant annet omskjæring av guttebarn, overholdelse av sabbaten og andre helligdager, samt å eie eller lese i Toraen. Jødene ble også pålagt å bygge templer til greske guder, ofre til dem og spise forbudt mat (1. Makkabeerbok 1,44–64). Det ble satt opp en statue av guden Zevs i tempelet og ofret griser samme sted. Mange jøder protesterte (2. Makkabeerbok 6,17).

Forskere er ikke enige om hva som forårsaket tvangsinnføringen av alle disse nye reglene. For jødene i landet var dette uansett helt uholdbart. Noen flyktet til andre land, andre søkte svar i mystiskeforestillinger, og et mangeårig militært jødisk opprør mot selevkidene begynte. Disse såkalte makkabeerkrigene ble startet av prestenMattatias (Matattiahu) allerede i 167 fvt. og ble videreført av hans fem sønner. Mest kjent ble sønnen Juda Makkabeeren, som fremdeles feires som en slags jødisk folkehelt under festen hanukka.

Frå første Maccabearbok.

I 1. Maccabearbok (Macc)  kan vi lese at Antiokus plyndra tempelet i Jerusalem i 169 f.Kr. Tempelet vart reinsa igjen i 164 f.Kr og same året døydde Antiokus 4. Då hadde det gått omlag 5 år. Son hans, Antiokus 5. gjorde ei ny hærferd mot Judea i 163 f.Kr. Folket hans overtala han til å gjere fredsavtale med jødane og han følgde rådet deira, men så braut han den. I 162 f.Kr. overtok Demetrios 1. makta i riket og Antiokus 5 vart drepen. Dermed var det slutt på dette dynastiet som hadde kome til makta på urett vis. Då hadde det gått omlag 7 år. Det høver bra med at nedtrakkinga varde i 6 år og 110 dagar. Sjølv om dei hadde reinsa tempelet i 164 f.Kr, var nedtrakkinga tydeleg vis ikkje ferdig med det. Hadde dei fått tilbake dei heilage tinga som var rana og innelåste i borga? Hadde dei fått salva ein øvsteprest etter deira heilage skrifter.

Mange jødar hadde falle frå jødedomen og når Demetrius kom til makte, planla dei svik, ved å vende seg til Demetrius og be han om hjelp mot dei som hadde kjempa for å frigjere landet og teke makta. Til samanlikning sa Jesus at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då har det seg nok slik at der er ei liknande maktinteresse som står bak.

  1. Maccabearbok kan de lese her: https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2011/1MA/1MA.1 .

Oversikt over profetiane og historia.

I Dan.2&7 vart det profetert om fire store rike som skulle komme, det Babylonske Riket (Dan.2), det Mediske riket (Dan.6,1), det Persiske riket og det Greske Riket, ved Aleksander den Store. Ei anna tolking er at det Persiske Riket er det andre riket, det er ikkje heilt utan grunn, men det er feil, så eg tek med nokre bibelvers.

Dan.5,30 Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.

Dan.6,1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.

Dan.11,1 Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte.  

Dan.6,13b Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»

Dan.6,29 Sidan gjekk det Daniel vel både medan Dareios og Kyros var kongar i Persia.

Dan.8,20 Veren du såg, den som hadde to horn, er kongane i Media og Persia. 21 Den raggete bukken er kongen i Javan.

Kyros er rekna for å vere grunnleggaren av Persia, sitat frå https://snl.no/Kyros_2._den_store :

Kyros 2. den store var konge av Persia fra cirka 559–530 fvt. Han tilhørte den persiske fyrsteslekten akemenidene, og var opprinnelig fyrste av Anshan i Elam. Han regnes som grunnleggeren av det persiske verdensriket.

Ifølge den greske historieskiveren Herodot vant han i 550 fvt. over sin lensherre, mederkongen Astyages og inntok hans residens Ekbatana. Støttet til en vel rustet og ledet hær erobret han storparten av Iran og underla seg Lydia i kamp med Kroisos 546 fvt.. Han tok Babylon i år 539 fvt., men skal ha latt Marduk-kulten fortsette som før. Kyros falt 530 fvt. i strid med et folk i Turkestan og ble begravd i Pasargadae i Persis.

Kyros’ toleranse overfor fremmede religioner, et klart politisk trekk, er særlig kjent fra tekstene i Det gamle testamentet og Tanakh, der det fortelles om hvordan han gav jødene tillatelse og hjelp til å vende tilbake fra eksilet i Babylon. Han skal også ha gitt dem midler til å gjenoppbygge tempelet i Jerusalem som var ødelagt av Nebukadnesar 2 i 586 fvt. (Esras bok 1).

SITAT SLUTT.

Veren i Dan.8 er det Persiske riket, men dei to horna er kongane i Media og Persia. Korleis skal vi forstå det? Media og Persia var to rike, men Persia la under seg Media, blir det delvis omtala som eitt rike? Det var spesielt to persiske kongar som gjekk til krig mot Hellas, Dareios 1 i 490 f.Kr og Xerxes i 580 f.Kr.

Persia, sitat frå https://snl.no/Persia :


Kyros’ sønn Kambyses erobret Egypt i 525 fvt. Da han døde i 522 fvt., brøt det ut opprør over hele riket, men til slutt lyktes det Dareios 1.(521–485 fvt.) i forbund med den persiske stammeadelen å bemektige seg herredømmet. Under hans regjering fikk Perserriket sin faste organisasjon. Det ble inndelt i 20 satrapier, hver under en satrap. Satrapiene hadde utstrakt selvstyre, men var pliktige til tributt og levering av tropper til kongen. Hovedstaden ble lagt til Susa.

Allerede i 514 dro Dareios 1. på et stort felttog mot skyterne ved rikets nordgrense. Han gikk over Bosporus og Donau og underla seg Thrakiaog Makedonia, men måtte vende om uten å ha fått bukt med skyterne. I 499 fvt. gjorde jonerne i Lilleasia oppstand mot ham. Han greide å kue den, men et straffetog mot de greske bystatene, særlig Athen, brøt sammen ved nederlaget ved Marathon i 490 fvt. Dareios døde mens han holdt på å forberede et nytt stort felttog.

Det ble hans sønn Xerxes 1. (485–465 fvt.) som fortsatte å kjempe mot grekerne. Perserkrigene endte i 480 fvt., med slagene ved Thermopylai og Salamis (Salamina), og endte med at den persiske flåten ble ødelagt og Xerxes vendte hjem. Den persiske generalen Mardonios ble igjen med hæren, men grekerne under spartanerenPausanias slo ham ved Plataiai i 479 fvt.

Etter Xerxes’ død ble riket i økende grad preget av stormannsvelde og føydalisme og den sentrale kongemakten ble tilsvarende svekket. Tiden var preget av strid og uenigheter mellom de mange kongesønnene. Artaxerxes 2. (regjerte i 404–359 fvt.) skal ha hatt 115 sønner. Perserkongene brukte også greske leiesoldater for å bekjempe hverandre. Mest kjent er dette fra den greske forfatteren Xenofons(cirka 430–354 fvt.) fortelling om De ti tusens tog. Stadige kriger mot nabolandene svekket også kongemakten.

Under Artaxerxes 3. (regjerte i 358–338 fvt.) gjorde både Egypt og andre områder i vest oppstand mot perserne. Den siste akamenidekongen, Dareios 3. (regjerte i 336–330 fvt.), forsøkte å gjenopprette rikets stabilitet, men feilet. Det var derfor et rike i oppløsning som Aleksander den store erobret. Dareios 3. tapte mot Aleksander i slaget ved Issos i 333 fvt., og i Gaugamela i 331 fvt. Deretter flyktet han østover til Baktria, der han ble drept i år 330 fvt.

SITAT slutt.

Dan.10,1 I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

Då måtte dette vere i 556 f.Kr.

Dan.10,19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.  20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Dan.11,1 Og eg stod attmed han til hjelp og vern det fyrste året medaren Dareios styrte.  2 No vil eg kunngjera sanninga for deg.»

Verdsrika og det heilage folket

Endå skal det koma tre kongar i Persia. Den fjerde skal samla seg større rikdom enn alle dei andre, og når rikdomen har gjort han mektig, skal han eggja alle til strid mot det greske riket. 3 Så kjem det ein krigarkonge. Han skal få stort velde og gjera som han sjølv vil.  4 Men så snart han har stått fram, skal riket hans bryta saman og delast i fire, etter himmelretningane. Det skal ikkje gå over til etterkomarane hans og ikkje vera så mektig som då han sjølv styrte. For riket skal bryta saman og gå over til andre. 

Herren stod attmed hovdingen Mikael medan medaren Dareios styrte.

Her kan vi referere til 

Dan.5,30 Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.

Dan.6,1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.

Etter Kyros skulle det komme tre kongar til, dette må vere dei fire hovuda på leoparden i Dan.7,6. Dette må då vere dei fire persiske kongane som er nemnde i Bibelen, Kyros, Dareios 1, Xerxes 1 og Artaxerxes 1. Ikkje alle kongane er nemnde, Kamyses var konge etter Kyros (530-522 e.Kr) og så kom der kongar etter Artaxerxes 1.

I følgje Biblex var det eigentleg Nabonid (556-539 f.Kr) som var Babylonias siste konge, men han for tilbake til Arabia og let sonen Belsasar fungere som konge. Det er derfor Daniel berre kunne verte den tredje i riket (v16). Dette var i 539, 23 år etter Nebukadnesars død. Dette høyrest svært så rart ut, for i Bibelen er det sagt at Nerbukadnesar var far hans.

Dan.5,10 Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen og tok til ords: «Kongen leve evig! Lat ikkje tankane skræma deg, og bleikna ikkje! 11 I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I den tid far din rådde, synte det seg at han hadde opplysning og skjøn og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,  12 fordi det hjå Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og skjøn, evne til å tyda draumar, løysa gåter og greia ut vanskelege spørsmål. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg kva skrifta tyder.»

13 Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte judearane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda! 14 Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har synt at du har opplysning, skjøn og makelaus visdom. 

…….

18 Konge, Den Høgste Gud gav Nebukadnesar, far din, kongedøme og makt, ære og herlegdom.  19 Og fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og ætter med ulike språk for han og var redde. Kven han ville, drap han, og kven han ville, lét han leva; kven han ville, gjorde han stor, og kven han ville, gjorde han liten. 20 Men då han vart stor i eigne tankar, og hugen hans vart stolt og hovmodig, vart han støytt ned frå kongsstolen sin, og æra hans vart teken frå han.  21 Han vart utstøytt frå menneska, og hjarta hans vart som eit dyrehjarta. Han heldt til mellom villesla og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess han sanna at Den Høgste Gud rår over kongedømet blant menneska og kan gje det til kven han vil.

22 Men du, Belsasar, son hans, har ikkje audmykt deg, endå du visste alt dette. 23 Du har opphøgt deg mot herren over himmelen; kara frå huset hans har dei kome til deg med, og du og stormennene dine, konene og fylgjekonene dine har drukke vin or dei. Du prisa gudane dine av sølv og gull, kopar og jern, tre og stein, dei som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har ditt liv i si hand, og som rår for heile din lagnad, han har du ikkje æra.  24 Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven. 25 Dette er det som vart skrive: mene, mene, tekel ufarsin. 26 Og såleis skal orda tydast: Mene – ‘talt’ har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det. 27 Tekel – ‘vegen’ er du på vekta og funnen for lett. 28 Peres – ‘delt’ er riket ditt og gjeve til medarane og persarane.»

29 Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.  30 Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.

Det første riket var Babylonia, men når Daniel tyda draumen hans, sa han også at det var han, soleis vert riket hans omtala som eit dynasti, så det er son hans som tok over for han også.

Dan.2,1 I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

Slik er det også med det fjerde riket, det var Filip av Makedonia og son hans, Aleksander den Store. Kamyses var son til Kyros, dermed kan vi kalle det eit dynasti. Deretter vart det mykje opprør, inntil Dareios 1 tok makta. Xerxes 1 var son hans og han fekk mange søner, så det vart tronstrid, inntil Artaxerxes  1 (2 i følge snl) tok makta. Eg trur vi kan slå oss til ro med å rekne med at dei fire hovuda er dei fire persarkomngane som er nemnde i Bibelen.

I Dan.8-12 er det profetert om den øydande styggedomen, dette har eg tidlegare skrive om her:

Dei 70 vekene i Dan.9 har eg skrive om her:


Leave a comment