Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1.

Biletet: Jesus velsigna småborna.

Innleiing; Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Mi bønneteneste har vorte ei presteteneste.

Kva gagnar det ein menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel, vi skulle glede oss framfor alt over at våre namn var oppskrivne i livets bok i himmelen, at vår sjel var frelst, altså. I vona er vi frelst, vona om Guds herlegdom og evig liv, så vi treng ikkje frykte for dommedag, for vi vert frelste frå den. Men det er også noko som vi opplever i vårt indre menneske, ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss. Kristus er tura sin opphavsmann og fullendar, han som byrja den gode gjering i oss, han skal også fullføra den. Då er det viktig for oss å vende oss til han og takke han for det og la han fullføra det han har byrja på.

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. Eg har teke vare på Jesu ord, både det som er skrive i Bibelen og det han har talt til meg og minna meg om, ved sin Ande i kyrkjelyden, heilt tilbake til 1990 og vel så det. Eg har sett det på grunnlag at det som står skrive i Bibelen. Og han har teke vare på det som eg har sagt og skrive. 

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse.

Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.  20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.  23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.  27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.

I følgje Biblex var det mest sannsynleg Jesu bror, Jakob, som skreiv dette, ikkje apostelen Jakob altså, han vart kristen og kom med i den kristne forsamlinga først etter at Jesus hadde stått oppatt frå dei døde. Så dette brevet ber like vel preg av korleis jødane tenkte. Det er kanskje derfor eg synest det er på sin plass å komme med ei viktig presisering eller tilføying, til det han seier om å gjere trua sine gjerningar, at Jesus sa det er Guds gjerning at vi skal tru på han, så å tru er i seg sjølv Guds gjerning. 

Joh.6, 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Jesus er Guds Ord og ved å tru på han og ta imot han, får vi oppleve at Gud gjer sitt vek med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko i frå, vi kan berre ta imot det som ei gave, i tru av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Gud gjer si gjerning med oss, det er mest fundamentalt, for oss betyr det kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste. At vi så gjer dei rette gjerningane, kjem som resultat. 

Vi skal sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så skaper Gud oss i si likning.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Når eg gjekk på gymnaset engasjerte eg meg i det kristne skulelaget og der vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Soleis vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, den var min og skal vere min i all æve. Så då skal eg lovprise Gud og Lammet for frelsa, med den lovsongen. 

Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg tenkte meg at han ville gi meg henne i samsvar med Paulus si lære og det var i samsvar med Guds Ord, både i skapingssoga (1.Mos.2) og i evangeliet. Eg tenkte også at eg skulle få ta imot henne som eit Guds barn, i samsvar med Matt.18,1-5. Eg tenkte meg at då var det også eg som gjorde meg liten, som eit slikt barn som Jesus tok i sin famn. Dette var ein åndeleg røyndom som vi opplevde, sjølv om vi fysisk var langt borte frå kvarandre, for vi var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den.

Dette var ein draum som Jesus gav meg, han minna meg om det og ville eg skulle ta fram att draumen og drøyme stort med han.

Bodskapen 31.8.2024. Sitat fra https://blessings-from-heaven.com/2024/08/31/2024-08-31-jesus-gav-meg-draumar-og-lengslar-i-mitt-hjerte-han-gav-meg-visjonar-om-si-hensikt-og-sin-plan-for-mitt-liv-og-vil-gjennomfore-det/ : Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Eg tenkte meg at frelsa var første prioritet, at eg fekk meg ei frelst kvinne til kone, kom då som andre prioritet, som konsekvens av det som var av først prioritet. Men eg kunne og skulle komme til Jesus med alle mine behov, den Heilage Ande gjorde levande det som blodet hadde gitt meg, eg hadde bedt han om ei frelst kvinne til kone, så då var det inkludert i det fullførde frelseverket. Eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han.

Tidleg på hausten 1988, medan eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo, oppdaga eg henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne, eg hadde ikkje snakka med henne ein gong. Men Jesus gav meg bønnesvar og sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men hugsa på henne i bøn, på liknande måte som eg tidlegare bad for henne Virtuella. Så då tenker eg på henne også som ein slik lovsong Gud la ned i meg og som ein slik draum som han gav meg, ved fylden av den Heilage Ande. 

Det har seg slik at livet vart planta i meg ved Guds Ord, allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle leve, vekse og blomstre og bere frukt.

Vi fekk ta imot Guds rike som små born, ved å ta imot Jesus, slik skal vi framleis ta imot han, så vi får oppleve at han kjem til oss, slik som han lova dei som trudde på han og elska han (Joh.14,15-26). Slik er det også vi skal vente på hans gjenkomst, det er først og fremst ved å ta imot han som livsens brød, som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, slik at vi lever av det. Så vi kan seie som Paulus, at hans nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

Å forkynne evangeliet er i invitere til Lammets bryllaup og det er berre å ta imot i tru og verte med på det. 

Likninga om brurmøyane.

Då er vi som dei fem vituge brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Når dei då høyrde ropet om at brudgomen kjem, etterfyllte dei lampane og gjekk han i møte med lys på lampane. Dei trudde framleis at Guds nåde var nok for dei, soleis hadde dei nok olje med seg, dei trudde framleis at dei fekk ta imot han av berre nåde, så dei gjekk han i møte og tok imot han når han kom og vart med han inn til bryllaupet.

Matt.25,1  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.  2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»

10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!»  12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»  13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Jesus er Guds Ord og han kjem til meg som Guds svar på mi bøn, så då er det framleis berre for meg å ta imot han, han er brødet som kom ned som manna frå himmelen, eg skal leve av det ved tru, så då er det berre for meg å forsyne meg og få oppleve at han gir meg liv og overflod. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, så då frelser han henne også og gir henne også liv saman med meg. Hans kjærleik er den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss, han gir meg si glede og den er himmelsk. Å feire det blir sameinleg med å feire Lammets bryllaup. Eg skal sjå fram til å få vere med på å feire Lammets bryllaup og det heng saman med at eg ser fram til å få feire bryllaup med henne som han gir meg til kone, som svar på mi bøn om å få ei frelst kvinne til kone.

Nokre bodskapar som eg tek som svar på mi bøn.

Jesus vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han.

På mitt første møte i Maranata Oslo, svara Herren meg slik, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18.

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

KOMMENTAR:

Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg var glad i, ho Virtuella, og sidan for meg og henne Reella. Sidan sa Jesus at han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han og då tenkte eg meg at det var først og fremst til henne som han ville gi meg til kone, då var det henne Reella eg tenkte på, men det var også til henne Virtuella. At han vill befrukte mi tru og min kjærleik frå han, betydde at han ville fornye det som eg tidlegare hadde opplevt, at han elska ei jente gjennom meg, først henne Virtuella, så henne Reella. Og dette heng saman med at han elskar si kyrkje som si brud. Han stig ned for å befrukte mi tru og min kjærleik frå han til henne og til min familie. Han kjem til meg som Guds svar på mi bøn.

Dette høver med det som englane sa til disiplane om korleis dei skulle få sjå at Jesus skulle komme tilbake. 

Ap.gj.1,9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

No er Jesus herleggjord, han har sett seg ved Faderens høgre hand, men han er framleis vegen til Faderen, dei som finn den vegen og går den, får sjå han i hans herlegdom og så får vi sjå at han kjem til oss, eg får sjå og oppleve at han stig ned for å befrukte mi tru og min kjærleik frå han.

Her følgjer nokre nyare bodskapar gjennom tyding av tungetale, som eg tek som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge, sjølv om eg ikkje var på møtet.

Klippen er revna.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-06-14-m-vert-ikkje-trael-for-menneske/ :

Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover,  og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.  

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.  7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

Guds Ord bringer fram frukta eg har lengta etter.

Sitat fra https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ : B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  

Det skjer ikkje ved makt eller kraft, men berre ved Guds Ande. Jesus har ikkje gløymt Norge, han vil framleis blåse over bygder og byar.

Jesus vil openberre seg for deg. Han vil utgyte sin Ande over bygder og byar i Noreg. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2025/07/08/2025-07-07-mandag-maranata-landsstemne-2025-jesus-har-ikkje-gloymt-noreg-han-har-blese-sin-ande-over-bygder-og-byar-han-er-den-same-og-vil-framleis-gjere-det/ : 

«Jeg vil openberre meg for deg i denne kveldsstund, åpne ditt hjerte vidt opp, så skal jeg, Herren, jeg skal gjøre noe helt nytt i deg. Du skal ikke lenger se hverken til høyre eller venstre, men du skal se opp og så skal du feste ditt blikk på meg, jeg som jeg troens opphavsmann og fullender, så vil jeg, Herren; jeg vil sannelig gjøre et guddommelig verk i deg. Du skal bli forvandlet og du skal kjenne meg og kraften i min oppstandelse. For korsets død har gjort sitt verk over ditt liv. Derfor lever du ikke lenger selv, men det liv du nå lever heretter, det lever du i troen på meg. Og jeg, Herren, skal fullføre verket. 

For det er ikke ved makt eller kraft, men det er med min egen ånd. Derfor var det til gagn for dere at jeg for opp til min Far, for nå har jeg sendt talsmannen, den Hellige Ånd.  Han tar av mitt og forkynner dere, jeg vil nå reise opp mitt eget legeme i denne nasjonen, enda en gang så skal jeg blåse med min munns ånde over bygder og byer og jeg, Herren, skal reise opp menn og kvinner, fylt av den den hellige Ånd og visdom og åpenbarings ånd til kunnskap og meg. Du skal ikke lenger ha gudstjeneste uten å kjenne meg, men jeg skal sannelig åpenbare meg for mitt folk i denne tid. Så søk meg lær meg å kjenne så skal du kjenne kraften i fra det høye over ditt liv.

Ja, for jeg Herren er alle steds nærværende, jeg går aldri forbi noen som roper mitt navn i tårer og i anger, i nød, så vil jeg Herren stoppe opp og da vil jeg spørre deg; hva vil du jeg skal gjøre for deg og du vil kunne komme til meg og legger ned alle dine byrder, alle ting som er tungt å bære, legg det ned for meg og jeg, Herren, skal gi deg hvile. Og hvilen i meg er starten og begynnelsen på et nytt liv i meg. For kraften fullendes i skrøpelighet, derfor gled deg når du er svak, for da skal du være sterk og når du ingen krefter har, så skal du få stor styrke.

Ja, for må ikke tro at jeg har glemt Norge, jeg har ikke glemt Norge, jeg har blåst over bygder og byer i fordums tider, men jeg, Herren, er den samme i går og i dag, ja, til evig tid. Derfor vil jeg enda en gang, jeg skal åpenbare meg, men det skjer ikke ved det flotte og det store, men det som ingenting er, det har jeg utvalgt meg, for å gjøre det som er noe til skamme. Jeg går ikke utenom mitt ord, men jeg, Herren, er ordet og jeg skal fullbyrde mitt ord og du skal se at jeg, Herren, jeg er Gud.

For derfor kan du komme, derfor kan du komme, fordi jeg har åpnet opp døren for deg, derfor kan du stige frem for nådens trone, frimodig, for jeg har utgytt mitt blod for deg. Derfor, på blodets grunn, så kan du komme inn til meg og jeg, Herren, skal møte deg og du skal kjenne kraften i fra det høye, det skal komme over deg og forvandle hele ditt liv, du vil aldri bli den samme igjen.»

Frelsa er den største gåve som nokon gang har vore gitt. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det einaste vi kan gjere er å ta imot av berre nåde. 

2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Inge Røssland, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2025/07/14/2025-07-13-sondag-kl-11-maranata-landsstemne-tale-ved-inge-rossland-aneleg-imunitet-imunforsvar-mot-a-verte-frelst/ :

«Du har alltid synst og sagt at det har vært så vanskelig, sier Herren. Men det er ikke vanskelig, for det vanskelige, det gjorde jeg, på Golgata kors. Så for deg så er det ikke noe som handler om å være vanskelig lengre, sier Herren. Fordi at jeg gjorde jobben, jeg banet veien og i dag, så har du muligheten, ja, igjen sier Herren, så har du muligheten til å komme inn, tett inntil meg, for at jeg skal få frelse deg, for at jeg skal få røre ved deg, for at jeg kan få helbrede deg, sier Herren.

Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til med, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.

Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»

 

Vi får vere med på Lammets bryllaup i himmelen medan vi framleis er på jorda.

Å forkynne evangeliet er å invitere til Lammets bryllaup, det er berre å ta imot i tru, så får vi vere med på det. Det er i himmelen, like vel får vi i trua på Kristus vere med på det medan vi framleis er på denne jorda, i det livet og den Anden han gir oss frå himmelen. 

Joh.Op.19,1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:

Halleluja!

Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,

2 for sanne og rettferdige er hans domar.

Han har dømt den store skjøkja,

ho som øydela jorda med si utukt,

og blodet av tenarane sine

har han kravt av hennar hand. 

3 Endå ein gong ropa dei:

Halleluja!

Røyken frå henne stig opp i all æve.

4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»  5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg; 

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. 

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

Guds Ord kjem til oss og gjer sitt verk.

Jesus har sagt at han reiser opp si kyrkje i denne tida, full av den Heilage Ande (Bodskap 2, formiddagsmøte, Maranata sommarstemne 11.7.2024.). Og ho er Jesu brud. Det er eit under som Gud gjer ved sitt Ord. Så det blir som det er profetert i Joh.Op.19. Guds Ord kjem til oss og gjer sitt verk, så han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Dette handlar også om korleis han har skapt folk og nasjonar, kongar og riker og korleis han framleis gjer det. Nokre tek imot han, men andre står imot og avviser han, men han dømmer folkeslaga.

Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.  32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,  33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.

34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;  36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»  37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»

41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.  42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

Joh.Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.  12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.  13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».  14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint.  15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.  16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!  18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.  20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.  21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

 


17 responses to “Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 12. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 2. Messias eller Dyret og den Falske Profet. 1.”

  1. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  2. Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  3. Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  4. Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  5. Ny Tid 68. Endetidssyn 43. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 25. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  6. Ny Tid 69. Endetidssyn 44. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 26. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  7. Ny Tid 70. Endetidssyn 45. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 27. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  8. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  9. Ny Tid 66. Endetidssyn 41. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 23. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  10. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  11. Ny Tid 67. Point of view on  “The Ending of  Time” 42. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 24. There was peace during Solomon’s reign, but he Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  12. Ny Tid 68. Point of view on  “The Ending of  Time” 43. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes somthing new, he puts it into action, while we are still in this world. 25. There was peace during Solomon’s reign, but Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  13. Ny Tid 69. End-time vision 44. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 26. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good foun Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  14. New Time 69. End-time vision 44. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 26. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  15. Ny Tid 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good foun Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  16. New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  17. New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny Tid 53. Endetidssyn 28. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 11. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.1. Messias. Ny Tid 54. Endetidssyn 29. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

Leave a comment