Ny Tid 46. Endetidssyn 21. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 4. Dommartida og tusenårriket. Sabbatsåra.

 

Trakke ned føregarden og selje folket som slavar? Eller verte Guds eigedomsfolk, fordi Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi ber dei fruktene som høyrer Guds rike til. Vi vert eit heilagt presteskap og vi spirer og blomstrar i Guds føregardar.

Det var først og fremst jødane sjølve som trakka ned føregarden, så kom dei andre folkeslaga etter. Slik var det på Jesajas si tid og slik var det på Jesu tid. Men no vart det skikkeleg rettargang i Josjafat-dalen (Joel.3). Då viste det seg at det var den «levittiske» øvstepresten som selde jødane som slavar, han var den duglause hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Så nedtrakkinga av føregarden varde til dess Jerusalem og tempelet vart lagt i grus, slik som Jesus profeterte. Men då var det allereie kome eit nytt folk som bar dei fruktene som høyrde Guds rike til. Guds auge fær framleis utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Han ser etter dei som vil spire og blomstre i hans føregardar. Korleis då? Der var det vel berre steingrunn som endåtil vart trakka ned, det var den fysiske realiteten, ja. Men her må vi forstå den symbolske tydinga av at kornet, vintreet og oljetreet skulle spire og gro. Spiren av Isai-stuven skulle då også spire og gro.

Jesus sa han var døra inn til sauene, men dei som var komne før han, hadde klatra over ein annan stad og var tjuvar og røvarar. Men det første Jesus då gjorde, var å sleppe dei ut. Ulven kom for å stele, slakte og lyde, men han var den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene. Sidan samla han dei igjen og leia dei vidare. Han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så ingen kan hindre meg i å gå den, same enten eg er heime med meg sjølv, ute mellom andre. Han har sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke. Han har invitert meg, så eg kan gå inn der, same enten eg er heime med meg sjølv eller ute mellom andre. Han er med meg når eg går ut, så der eg møter andre menneske, kan han også møte dei og der er han i stand til å bygge si kyrkje, sjølv om den ikkje er fysisk synleg. Eg kan så ut Guds Ord til kven som helst. Eg ikkje hindre at fienden sår ugras som veks opp for å kjøve det.

Der er framleis ein motsetnad mellom å spire og gro i Guds føregardar og å trakke dei ned. Men no er eg heime i kjellarstova i gamlehuset på Sunnmøre og søker Gud i einsemda, til samanlikning med Elia som gjekk ut i øydemarka for å be om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Då er det ikkje så lett å komme etter meg for å trakke ned det som spirer og gror i Guds føregardar.

Profetisk bodskap ved Eling Therese Slotten, 3.2.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/ :

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn. 

Fork.11,1 Kast brødet ditt på vatnet;

for med tida finn du det att. 

2 Del det du har med sju eller åtte;

for du veit ikkje kva for ulukker

som kan henda på jorda.

3 Når skyene vert fulle av regn,

auser dei det ut over jorda.

Fell eit tre, mot sør eller nord,

vert det liggjande der det fall.

4 Den som aktar på vinden, får ikkje så,

den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.

5 Likså lite som du veit

kva veg vinden blæs,

eller korleis beina vert til

hjå fosteret i mors liv,

likså lite kan du vita

korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk. 

6 Så ditt sæde om morgonen,

og lat ikkje handa kvila om kvelden.

Du veit då ikkje kva som vil lukkast,

anten det eine eller det andre,

eller om alt er like godt.

Det verkar meininglaust å kaste brødet på vatnet, men det er såkornet som treng vatn for å gro. Den som sår veit ikkje kva som vil lukkast av det, men tida får vise det. Men det er då klart at det er viktig å prøve å unngå at der er noko som systematisk gjer at det vert mislukka, ved at det ikkje vet sått i det heile teke. Den som støtt aktar på ver og vind kjem aldri til å så, den som støtt kikar på skyene kjem aldri til å hauste.

Moses si avskilstale. 

Velsigninga, ei anbefaling.

Når det gjekk mot slutten med Moses og han skulle overlate «stafettpinnen» til Josva, heldt han ei avskilstale til folket:

5.Mos.32,1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,

høyr orda frå min munn, du jord! 

2 Lat læra mi risla som regn,

talen min drypa som dogg,

som regnskurer på grøne graset,

som regndropar over det som gror.

3 Herrens namn vil eg forkynna,

og de skal gje vår Gud ære. 

4 Han er Berget,

fullkome er hans verk,

rettferdige er alle hans vegar.

Ein trufast Gud, utan svik,

rettferdig og rettvis er han.  

5 Dei som ikkje er hans born,

sveik honom med si vonde ferd,

ei svikefull og rangsnudd ætt. 

6 Er det så de løner Herren,

du fåvise og uvituge folk?

Er ikkje han din far og skapar,

han som skapte deg og rusta deg ut? 

7 Kom framfarne dagar i hug,

gjev akt på åra frå ætt til ætt!

Spør far din, han fortel deg,

dei gamle, dei gjev deg svar.

8 Då Den Høgste gav folkeslaga land

og skilde menneska frå kvarandre,

sette han grenser mellom folka

etter talet på Israels søner.

9 Herrens del vart hans eige folk,

Jakob vart hans arvelut.

10 Herren fann han i øydemarka,

i tome audna med ulande lydar.

Han verna han og sytte for han

og vakta han som sin augnestein. 

11 Som ei ørn sviv over ungane sine

når ho lèt dei flyga frå reiret,

så breidde han ut sine vengefjører,

tok og bar han på sine venger. 

12 Einast Herren førte han,

ingen framand gud var med han.

13 Han lét han fara over høgdene i landet

og eta av grøda på marka.

Han lét han suga honning or berget

og olje or harde fjellet.

14 Han gav han rjome frå buskapen,

mjølk av småfe og feitt av lam,

av Basan-verar og bukkar,

og den feitaste mergen av kveiten.

Drueblod drakk du, skummande vin.

Forbanninga, ei åtvaring.

Israelsfolket skulle vere Guds born, men dei gjorde opprør, Moses hadde allereie opplevt det og han profeterte om det. Jesjurun er eit poetisk ord for Israel og det betyr truleg «elskede», men her vert det brukt ironisk og så profeterer han om deira fråfall. 

5.Mos.32,15 Jesjurun vart feit og spente bakut;

du vart feit og tjukk og stinn.

Han vraka Gud som hadde skapt han,

og viste vanvørdnad for sitt frelsande berg.

16 Dei eggja han med framande gudar

og harma han med styggedom.

17 Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,

til guddomar dei ikkje kjende,

nye og nyst oppkomne,

gudar som fedrane ikkje visste om. 

18 Berget, ditt opphav, ansa du ikkje,

du gløymde Gud som fødde deg.

19 Då Herren såg det, støytte han dei bort,

for hans søner og døtrer hadde krenkt han.

20 Han sa: Eg vil løyna mitt åsyn for dei

og sjå korleis det går dei til sist;

for dei er ei rangsnudd ætt,

born som ein aldri kan lita på. 

21 Dei eggja meg med sine avgudar,

med gagnlause gudar harma dei meg.

Så vil eg eggja dei med eit ufolk,

krenkja dei med eit uvitug folk.  

22 For i min vreide har eg kveikt ein eld,

han brenn til djupaste dødsriket.

Han øyder jorda og hennar grøde

og set grunnvollen under fjella i brann.

23 Eg hopar opp ulukker over dei

og brukar alle mine piler mot dei. 

24 Kraftlause vert dei av svolt,

dei tærest av pest og farleg sott.

Så sender eg mot dei villdyrtenner

og eiter av ormar som kryp på jorda. 

25 Sverdet skal herja på gata,

redsle inne i kammera.

Gutar og jenter vert rivne bort,

spedbarn og gråhåra mann.

26 Eg tenkte eg skulle knusa dei,

rydja ut deira minne mellom folk.

27 Men eg ottast at fiendane skulle krenkja meg,

at deira motstandarar ville mistyda det og seia:

«Det er vår hand som er sterk;

det var ikkje Herren som gjorde dette.» 

28 Dei er eit folk utan råd som duger,

og dei har inkje skjøn.

29 Var dei vise, fekk dei tak i dette,

då visste dei kvar det bar av.

30 Korleis kan ein mann forfylgja tusen

og to slå ti tusen på flòg,

om ikkje deira berg har selt dei,

om ikkje Herren har gjeve dei opp?  

31 For deira berg er ikkje som vårt,

det kan våre fiendar døma om.

32 Deira vintre er runne av Sodomas vintre,

det kjem frå Gomorras vingardar.

Druene deira er giftige bær

og drueklasane beiske. 

33 Vinen deira er ormegift,

grufullt ormeeiter.

34 Alt dette er gøymt hjå meg,

forsegla i mitt forrådskammer

35 til dagen som kjem med hemn og attergjeld,

den tid då foten deira vert ustø.

Ja, deira ulukkedag er nær;

snart kjem det som ventar dei. 

36 Men Herren vil syta for

at hans folk får sin rett,

og ha medkjensle med sine tenarar;

for han ser at deira makt er borte,

det er ute både med træl og fri.

37 Så spør han: Kvar er no deira gudar,

berget dei leit på,

38 som åt feittet av deira slaktoffer

og drakk vinen dei ofra som drikkoffer?

Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,

lat dei gje dykk livd og vern! 

39 Sjå no, berre eg er Gud,

det finst ingen annan gud enn eg.

Eg tek liv, og eg gjev liv,

eg sårar, og eg lækjer;

og ingen kan berga or mi hand. 

40 Eg lyfter mi hand mot himmelen og seier:

Så sant eg lever evig,

41 når eg kvesser mitt lynande sverd

og retter ut mi hand til doms,

då tek eg hemn over mine fiendar,

gjev mine motstandarar det dei fortener.

42 Eg gjer mine piler drukne av blod,

blodet av falne og fangar,

og lèt mitt sverd eta kjøt,

hovud av fiendens hovdingar.

43 Pris hans folk, de folkeslag,

for han hemner blodet åt sine tenarar.

Han tek hemn over sine fiendar

og gjer soning for sitt land og folk. 

44 Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på. 45 Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel, 46 sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei. 47 For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.»

Legg merke til at i vers 32 er det sagt at vingardane deira kom til å bere dårleg frukt, endåtil giftig frukt. Dersom folk vert alkoholikarar, så vert vinen som gift for dei. Men det har sjølvsagt symbolsk tyding. Vinen vart servert ved festmåltid, då skulle dei feire at Israels Gud var deira Gud og dei var hans folk og slik fekk vinen ei symbolsk tyding, som kjærleiken frå Gud. Men så forstod dei seg ikkje lengre på det og dyrka avgudane i staden, så den symbolske tydinga vart forgifta.

Profetiar ved Israels fråfall.

Og det gjekk slik som Moses profeterte, sjølv om det var ei årvaring. Ved Israels fråfall sa profetane til dei at «Mor Israel» var Guds kone, han hadde omsorg for henne og gav henne kornet, vinen, oljen og det fine linet som ho hadde å kle seg med. Men ho skjøns det ikkje og vart ei hore. Då tok han bort omsorga si for henne og landet vart hærteke av babylonarane og folket vart bortførde til Babylonia. Men dei skulle få komme attende til landet sitt og då ville han tale til henne som i ungdoms-dagane, ta henne i ekte igjen og la henne få att kornet, vinen og oljen og det fine linet til å kle seg med (Hoseas.2). 

Jødane fekk komme attende til landet sitt, som profetert, då var det viktig for dei å komme i gang med å bygge oppatt tempelet, for då ville Herren velsigne. Øvstepresten Josva og byggherren Serubabel var dei «to oljegreinene), dei var salva til å gjere to Guds-tenester. I Joh.Op.11, møter vi igjen desse to teneste som to profetar, som Jesus frelser og tek opp i himmelen. Soleis fungerer desse to tenestene framleis i den nye pakta. Så Jesu kyrkje vert oppbygd som eit åndeleg tempel der vi gjer presteteneste. For Jesu gjekk inn i den himmelske heilagdomen og bana vegen for oss, så på grunnlag av hans forsoningsverk på Golgata kors, får vi komme etter.

Soleis er Sions Dotter Jesu brud, så denne lovnaden og velsigninga er til alle folkeslag, det spørst berre om dei vil ta imot i tru. Han har omsorg for henne som si brud og det må vi lære å skjøne, han gir henne kornet, vinen, oljen og det fine linet, så vi må skjøne den symbolske tydinga av det. For det er tid for å hauste.  

Dommartida og tusenårsriket.

Gud let Josva føre folket inn i det lova landet, då fekk dei ro på alle kantar for ei tid. Ja, Gud ville då føre dei inn til si kvile. Dei hadde prestetenesta i møteteltet. Det hadde eit forheng som skilte det høgheilagt romet lengst framme, frå resten av heilagdomen. Men dei hadde ingen konge, inga styresmakt og ingen hær. Då var det vel ikkje så rart at det stadig kom framande folk inn i landet og fortrengde dei, men då påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort ifrå han, så dei måtte vende om til han og be om nåde og hjelp. Då reiste Gud opp ein dommar som leia dei i kampen mot fienden. 

Tusenårsriket liknar på dette, men der vart det fred i tusen år. Skal vi ta det bokstavleg, kvifor akkurat tusen år? For Gud er ein dag som tusen år og tusen år som ein dag, i følgje Peter. Han sa dette når han talte om å vente på Jesu gjenkomst og han talte om det som ein domedag som er denne verda din undergang. Men då kan vel dommedagen også vere tusen år?! Først kjem der ein dommedag, så vert tusenårsriket oppretta. Deretter kjem det ein dommedag til og det ser ut til å verte verda sin undergang. Når det her er sagt tusen år, så må det i alle fall bety at det varer lenge. Guds rike er evig og eg tenker meg at tusenårsriket kjem ved at Guds rike kjem til oss.

Joh.Op.20,1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje.  2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.  3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Tempelet vart bygt med møteteltet som modell, men no er begge deler borte. Men møteteltet vart bygt etter ei openberring Moses fekk på fjellet, så vi kan tenke oss at den himmelske heilagdomen er slik, der gjekk Jesus inn med sitt blod og bane med det vegen for oss alle inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen. Så vi kan gå inn der og stige fram for nådens trone og be om nåde og hjelp. Der møter vi Kristus som vår frelsar og Herre.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.  5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.  9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.  11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.

12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar.  13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Dyrke jorda og dyrke Gud med prestetenesta. Studere realfag.

Folket skulle dyrke jorda, det skulle då vere eit land som fløymde av melk og honning og det skulle verte som ein velvatna hage. Men prestane skulle dyrke Gud og då skulle dei ofre noko av grøda til Gud. Ikkje alt gjekk opp i røyk, mykje av dette vart til mat for prestane. Ofringane hadde ei symbolsk betydning. Dei som dyrka jorda levde nær naturen og kunne vel lære av det. Gud er ånd og Guds rike er åndeleg, prestane som tente han måtte vel då vere åndelege og få åndeleg innsikt, så dei kunne sjå Guds rike.

Når eg studerte realfag, var det vesentleg å lære matematikk, det var ei rasjonell innsikt i ideverda, til samanlikning med åndeleg innsikt. Så var det viktig å underbygge teoriane med erfaring, til samanlikning med å leve nær naturen. Samtidig las eg i Bibelen og søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll heime med meg sjølv og i kyrkjelyden. Slik fekk eg åndeleg oppleving og åndeleg innsikt, det handla om å sjå Guds rike og komme inni det. Då vart det klart at eg skulle gå den vegen som Jesus hadde bana for meg inn i den himmelske heilagdomen og stige fram for nådens trone.

Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga i Gud Ord og den set oss fri. Vi erkjenner at han er sanninga og kallar han frelsar og Herre. For meg er dette sameinleg med å søke sanninga i realfag. Men når eg går inn i det høgheilage og stig fram for nådens trone, så blir det heilt klart at Jesus gjer sitt merk med meg og det er eit stort under, Gud skaper noko fullkome som står til evig tid, eg kan ikkje legge til noko eller ta noko i frå. Eg kan berre kjennast ved han og gi han æra.

Sabbats-år.

Når dei hausta, skulle dei ikkje ta kantslått, men det skulle stå att til dei fattige i landet. Kvart sjuande år skulle det vere sabbatsår, då skulle dei verken så eller hauste. Dette er ubegripeleg. Men vi veit at jordbrukets revolusjon førde til at mange artar vart utrydda. Ei slik avgrensing av jordbruket ville då vere naturvern, som hindra utrydding av artar. Men dei kunne då legge ein åkerlapp brakk i gangen, så dei heile tida hadde noko å leve av. Men alt på ein gang?! Han lova dei at dei skulle få nok avling det sjette året til dei to neste åra. Det minner om dei fem feite åra og dei fem magre åra i Egypt og dermed om Keynes økonomiske politikk. Men her var dei altså heilt avhengige av at Gud skulle gjere eit under sjette året, før kvart sabbatsår eller så måtte d ei dyrke opp ekstra mykje jord det sjette året.

3.Mos.23,22 Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

3.Mos.25,1 Herren tala til Moses på Sinai-fjellet og sa: 2 Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet ha ei sabbatskvild for Herren. 3 Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vintrea dine og samla inn grøda i landet.  4 Men i det sjuande året skal det vera full kvile for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller stella vintrea dine.

5 Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet. 6 Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg. 7 Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der.

8 Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år. 9 Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.  10 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt.  11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka.

13 I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom. 14 Når du sel jord til landsmannen din eller kjøper jord av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre. 15 Du skal betala han, alt etter kor mange år det har gått sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på dei åra du kan hausta grøda. 16 Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg. 17 De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.

18 Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.  19 Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt.  20 Og dersom de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året, når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» – 21 då skal de vita at eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år. 22 Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til grøda kjem det niande året, skal de ha gamalt korn å eta.

Velsigninga.

Dersom dei ville gjer slik som han sa, ville han velsigne dei, så dei skulle ha overflod, så dei også fekk råd til å ha sabbatsår.

3.Mos.26,1 De skal ikkje laga dykk avgudar, ikkje reisa gudebilete eller steinstøtter og ikkje setja biletsteinar i landet dykkar og tilbe dei. For eg er Herren dykkar Gud.  2 Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren.

3 Dersom de lever etter føresegnene mine og gjev akt på boda mine og held dei,  4 vil eg senda dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt.  5 Treskjetida skal vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet vert sått. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar.  6 Eg vil gje fred i landet. De skal få liggja i ro, og ingen skal skræma dykk. Udyra vil eg rydja ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar.  7 De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar. 8 Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar.  9 Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk. 10 De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye. 11 Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk. 12 Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.  13 Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake.

Gud ville utrydde «udyra», rovdyra altså, tek vi det bokstavleg, så høver det dårleg med naturvern, for då skal der vere ein økologisk balanse. Ja vel, men då er mennesket også eit dyr som har andre dyre-artar som konkurrent. Menneska skal råde over dyra, men då skal det vel ikkje utrydde andre artar heilt, for det er då Gud som har skapt dei også.

Forbanninga.

Dersom dei fall ifrå han og ikkje lydde han, men dyrk andre gudar i staden, ville han straffe dei, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde frå det. Straffedomen han truga med var fæl. Dei skulle vere bortførde til dess landet fekk ta att sabbatsåra sine. Kvifor skulle det vere så viktig då? Det kunne verke som ei freding av planteartar som var i ferd med å verte utrydda, slik at bestanden fekk ta seg oppatt. 

3.Mos.16,27 Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg, 28 vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. 29 Då vert de nøydde til å eta kjøtet av sønene og døtrene dykkar.  30 Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei stygge, livlause avgudane dykkar; for de byd meg imot.  31 Eg gjer byane dykkar til ei øydemark og legg heilagdomane i røys og bryr meg ikkje om angen som stig opp frå offera dykkar. 32 Eg gjer landet så audt at fiendane som bur der, vert fælne.  33 Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta ei øydemark og byane ein grushaug.  34 Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra sine.  35 Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der. 36 Og dei av dykk som er att, vil eg gjera så redde der ute i fiendelandet at lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal røma som ein rømer for sverdet, og falla om ingen er etter dei. 37 I redsle for sverdet skal dei snåva og falla, den eine over den andre, endå ingen forfylgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,  38 men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal gjera ende på dykk. 39 Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

40 Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg.  41 Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine.  42 Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug.  43 Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine. 44 Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud. 45 Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.


2 responses to “Ny Tid 46. Endetidssyn 21. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 4. Dommartida og tusenårriket. Sabbatsåra.”

  1. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 46. Endetidssyn 21. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 46. Endetidssyn 21. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  2. Ny Tid 61. Endetidssyn 36. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 18. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 46. Endetidssyn 21. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 47. Endetidssyn 22. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 5. 70 sabbatsår i Daniel.9? Historia om det andre tempelet. […]

    Like

Leave a comment