Kornet, vinen og oljen.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og gav henne korn, vin og olje. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Derfor vart landet hærteke og folket bortførde, Dei skulle få komme attende og då ville han tale venleg til henne, som i ungdomstida, så ho skulle få att kornet, vinen og oljen. Det var ein profeti om evangeliet om Kristus. Han kom som arving for å hente frukta frå vingarden. Han kom for å hauste inn kornet, til Faderen, han som eigde grøda. Men både kornet, vinen og oljen var noko som han hadde gitt kona si, så korleis heng dette i hop? Heng det ihop, skal det forståast slik? Dersom ho tilhøyrde han, som kona hans, så tilhøyrde det like vel han, ho skulle ha det i livet saman med han. Men då viste det seg at der kom andre eigarinteresser inn i biletet, frå avgudane som ho dreiv hor med.
No er Sions Dotter Jesu brud og han gir henne kornet, vinen, olje og det fine linet. Då er det viktig for oss å ta imot han og det han gir oss og ha det for han ettersom vi tilhøyrer han, som hans brud.
Kornet.
Jesus fortalde likningar om såkornet (Matt.13) og sende disiplane sin ut for å hauste grøda.
Luk.10,1 Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. 2 Og han sa til dei:
Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.
….
Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
Faderen og Sonen
21 I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
Vinen.
Matt.21,33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.
34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei. 36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. 38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.
40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» 42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til. 44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»
45 Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til. 46 Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket som meinte at han var ein profet.
Oljen.
Rom.11,1 No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein. 2 Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3 Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet. 4 Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al. 5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut. 6 Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde.
……..
24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:
Frå Sion skal bergingsmannen koma,
han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,
27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei
når eg tek bort syndene deira.
28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle.
33 Å, for eit djup av rikdom
og visdom og skjøn hjå Gud!
Kor uransakelege hans domar er,
og kor ufattelege hans vegar!
34 Kven kjende Herrens tankar,
eller kven var rådgjevaren hans?
35 Kven gav han noko fyrst,
så han skulle få vederlag?
36 Av han og ved han og til han er alle ting.
Han skal ha ære i all æve! Amen.
Ja, Israelsfolket var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og borna hennar, men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Ho skjøna ikkje at det var han som gav henne kornet, vinen, oljen og det fine linet. Det viste seg også når han sende Son sin, Jesus Kristus til henne. Men Gud gjorde Sions Dotter til Jesu brud og det gjeld for heidningane også.
Guds rike vart teke frå jødane og gitt til andre folk. Heidningane si tid og nådetida, parallelle linjer.
Heidningane trakka ned føregarden til Guds tempel og så vart heile Jerusalem nedtrakka av heidningane. Samtidig kom der ei nådetid ved forkynninga av evangeliet om Guds rike. Slik er der to parallelle linjer i historia til samanlikning med parallelle linjer i Johannes Openberring.
Jesus kom og forkynte Guds rike for jødane, men dei tok ikkje imot han, derfor vart Guds rike teke frå dei og gitt til andre. Heidningane si tid var at jødedomen var infiltrert av heidenskap, som av trua på Zevs, så dei med heidenskapen trakka ned føregarden. Den øydande styggedomen stod på heilag grunn. Det varde til dess Jerusalem vart lagt i grus og tempelet vart nedrive.
Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.»
42 månadar er tre og eit halvt år og det er 1277 dagar.
Sidan vart byen nedtrakka av heidningane i mange hundrede år.
Luk.21,24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.
Så når er tida til folkeslaga ute? Evangeliet om Kristus skulle forkynnast for alle folkeslag og det er eit evig evangelium. Den levittiske prestetenesta fungerte ikkje skikkeleg lengre, den vart ei byrde for Gud, som han var trøytt av å bere. Slik er det ikkje med prestetenesta i den nye pakta, med den har han gjort oss til sitt folk og han vert ikkje lei av å sjå oss i sine føregardar.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Den øydande Styggedomen og dei to tempelvitna.
Den øydande styggedomen.
Dan.8&12.
Daniel profeterte om ein bukk med to horn, det var det Persiske Riket. Så profeterte han om ein bukk med eit stort horn i skallen, det var det Greske Riket og det store hornet var Aleksander den Store. Den vann over veren, men så fall hornet av og det voks opp fire andre horn. Aleksander den Store døde forholdsvis ung og riket hans vart delt mellom fire av generalane hans. Frå eitt av dess horna voks det opp eit lite horn som vart større og større.
Dan.8,8 Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane. 9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet. 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei. 11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.
13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» 14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»
Dan.12,9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
Dette siste hornet var Antiokus 4.Epifanes, han kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud, så han ville erstatte øvstepresten i Jerusalem med ein øvsteprest som dyrka Zevs. Det kunne ikkje jødane gå med på, så det vart krig og dei gjorde avtale med Romarriket. Dei klarde å frigjere seg og få på plass den levittiske prestetenesta igjen. Dette kan vi lese om i 1.Maccabearbok.
Men prestetenesta i Jerusalem fungerte ikkje lengre rett, den var infiltrert av heidenskapen. Det viste seg når Jesus kom til jødane og forkynte evangeliet om Guds rike. Han talte om prestetenesta i Jerusalem som den øydande styggedomen som stod på heilag grunn, kva elles kunne det vere?
Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
Striden som det er tale om i Dan.8,9-12 møter vi igjen i Joh.Op.12.
Dan.9.
Profetane profeterte om at Jerusalem skulle leggast i grus og folket verte bortførde til Babylonia. Det skjedde 587 f.Kr. Jesajas profeterte også at dei skulle få komme attende under persarkongen Kyros og det skjedde 538 f.Kr. Men Jeremias profeterte at det skulle gå 70 år. Daniel sjekka dette og så bygja han å be om at dei måtte få komme attende, om at det måtte verte slik som det var profetert, men det ser ut til at det er noko som ikkje stemmer her, for det gjekk 49 år. Her må vi vere førebudde på tallmystikk med 7-talet.Gud kvilte sjuande dagen etter alt sitt verk, derfor har vi sjudagars veke med kviledagen til slutt. Israelsfolket hadde også sabbatsår, men dei heldt seg ikkje etter det, så dei vart bortførde frå landet sitt så det kunne ta tilbake sabbatsåra sine. 7×7=49, 7×70=490. Jesus sa vi må tilgi 7×70 gangar.
Dan.9,1 I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket – 2 i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år. 3 Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.
……
20 Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell, 21 ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram. 22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn. 23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!
24 Sytti veker er fastsette
for ditt folk og din heilage by
før vondskapen har nått sitt mål,
før synda tek slutt.
Då vert skulda utstroken,
det kjem ei evig rettferd,
det profetane såg, vert stadfest,
og Det høgheilage vert salva.
25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. 26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.
Byen og heilagdomen skal øydeleggjast
av hæren åt ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegging
skal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,
midt i veka gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På styggedoms venger
kjem det ein som herjar,
heilt til den fastsette øydelegging
strøymer ned over øydaren sjølv.»
Jesajas profeterte om at Gud salva persarkongen til konge, så han let Israelsfolket fare heim att til landet sitt, det same gjaldt dei andre folka. Slik vart han førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Dersom det gjekk ut eit bod om at byens skulle byggast oppatt allereie når han vart nedriven, så måtte vel det bodet vere frå Gud, då kan vers 25 vere profeti om Kyros, om vi går ut ifrå at ein dag symboliserer eit år, altså.
Av samanhengen forstår vi at vers 27 er ein profeti om at Antiokus 4. Epifanes vanhelga tempelet og avskaffa offertenesta i 167 f.Kr. Maccabearane var prestesøner som leia jødane i motstandskrig, til dei fekk ta tilbake prestetenesta. Dei regjerte i Judea 150-37 f.Kr. Palestina kom under romersk herredøme i 63 f.Kr, under feltherren Pompeius. Herodes den Store herska i Palestina 37-4 f.Kr, så vart Herodes-riket delt.
Vi har eigentleg ikkje fått noko skikkeleg forklaring på dei 70 åra og dei 70 vekene, dersom dei 70 vekene er 70 sabbatsår, så vert det 490 år, då er vi komne til år 97 f.Kr, men det ser ikkje akkurat ut til å vere ein merkedag i jødane si historie. Men dersom vi reknar med 70 frå Jesu fødsel, så kjem vi til det året då Jerusalem vart lagt i grus og tempelet nedrive. Så slik vart det slutt på den øydande styggedomen, altså.
Prestetenesta i den nye pakta er ei åndeleg gudsteneste.
Jesus sende disiplane sine til å forkynne evangeliet om Guds rike til alle folkeslag, det er eit evig evangelium og eit evig rike. Det evige, åndelege og fullkomne er evig og prestetenesta i den nye pakta er åndeleg.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.
…….
12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Dei to tempelvitna og Dyret som steig opp or avgrunnen.
Dei to tempelvitna er det profetert om i Sak.3-4, øvstepresten Josva og byggherren Serubabel. Det er dei to olivengreinene, her er oljen symbol på den Heilage Ande. Det fortel om korleis den levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta og bygginga av tempelet er førebilete på bygginga av Jesu kyrkje, det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Dette finn vi igjen i Joh.Op.11.
Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. 5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.
7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
Dei fire dyra som er omtala i Daniels bok, steig opp or havet og det gjorde det fyrste Dyret i Op.13, det likna alle dei fire dyra i Daniels bok, slik var Romarriket, ja. Det andre Dyret i Joh.Op.13 steig opp or jorda. Dyret i Joh.Op.17 steig opp or avgrunnen (v.8), så det må vere det dyret som er omtala i kapittel 11 også.
Dette er etter at Jesus var krossfesta, gravlagd og stått opp frå dei døde og teken opp til himmelen. Det er etter at han sende den Heilage Ande til disiplane sine på pinsedag, den Heilage Ande er då symbol på oljen i oljegreinene. Sidan vi ved trua er forsona med Gud ved at Kristus døde i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Vi får kjenne og oppleve kreftene av hans oppstode frå dei døde. Dei stod framfor herren over jorda for fekk ein slik Ande og kraft som Elia hadde.
Dyret som steig opp or avgrunnen skulle føre strid mot dei og drepe dei, så lika deira vart liggande i tre og ein halv dag, utan at dei vart gravlagde. Det minner like vel om at Jesus stod oppatt tredje dagen, og dei fekk kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Derfor kom det livsande frå Gud i dei, så dei reiste seg opp og stod på føtene og så vart dei tekne opp til himmelen. Dei tre og ein halv dagane minner også om at Elia bad om at det ikkje skulle regne på jorda i tre og eit halvt år. Så ein dag svarar altså til eit år. Og romarane beleira Jerusalem i omlag tre og eit halvt år, før byen fall i år 70. Det starta med herføraren Vespasian, så tok son hans, Titus over og Vespasian vart keisar i Roma, så det vart ein revolusjon.
Jerusalem vert kalla Sodoma og Egypt, Sodoma står for synd som er avspora seksualitet og Egypt står for avgudsdyrking.
I 1.Mos.18 er det fortalt at Abraham fekk besøk av tre menn og han audmjuka seg for dei med ein gong og kalla dei herre. Han bad om å få gi dei mat og for heim til kona si, Sara og fekk henne til å lage mat til dei, som han gjekk ut og gav dei og dei åt, som vanlege menneske, altså. Og det viste seg at det var Herren og to av englane hans. Den eine av dei sa at om eit år skulle kona hans, Sara, få ein son, dei var ikkje lengre unna enn at Sara høyrde det frå teltdøra. Dette var etter at dei hadde vorte så gamle at dei av naturen var for gamle til det, så dei fekk sonen Isak som eit Guds under.
Når dei skulle gå vidare, følgde Abraham dei på vegen og så ville Herren fortelje han meir om kva han hadde tenkt å gjere, så han fortalde at han hadde høyrt klagerop om Sodoma og Gomorra og ville undersøke saka, før han straffa dei. Abraham bad for Sodoma og Gomorra og Herren høyrde på han, medan mennene gjekk vidare. Men det var berre to av dei som kom til Sodoma, så det verkar som Herren var den tredje mannen. Dei såg ut som vanlege folk, altså, men Abraham merka at Herren var med dei, så han audmjuka seg for Herren og tok vel imot dei, med respekt for det heilage, altså. Men mennene i Sodoma reagerte på ein heilt annan måte, som om dei ville voldta dei, det viste at dei var så ugudlege, at deira syndige lyst resulterte i slik maktutøving.
Israels-folket var i Egypt i 450 år, men vart trælar. Så Gud sende Moses for å frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og føre dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Når Israelsfolket sidan fall ifrå Herren, kalla profetane dei for eit Sodoma-land og her vert Jerusalem kalla Sodoma og Egypt. I Rom.1 seier Paulus at avgudsdyrking fører til slik avspora seksualitet.
Det er som om vi møter igjen Herren og dei to englane i Joh.Op.11, der dei to englane svarar til dei to tempelvitna. Dei vart drepne med ei liknande maktutøving. Men sidan Jesu hadde gitt dei sin Ande, kunne dei reise seg oppatt og stige opp i himmelen. Så prestetenesta i den nye pakt kunne halde fram, fordi den var åndeleg.
Slik får vi framleis motstand frå den Lovlause i kristne, evangeliske kyrkjelydar, som politisk makt-interesse som strir imot Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Men Kristus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Dyret som stig opp or avgrunnen og den Store Skjøkje. Kristus og hans brud.
Dei ti horna på dyret refererer til dei ti strategane i antikkens Hellas, slik er dette ein profeti om renessansen i Europa, med demokrati og nasjonal frigjering. Israels-folket var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born, men ved fråfallet vart ho ei hore, så landet vart hærteke og folket bortførde til Babylonia. Dei skulle få kome attende til landet sitt og då skulle han tale venleg til henne, som i ungdomsdagane og ta henne til ekte igjen. Slik vart Jesu kyrkje hans brud, som Sions dotter. Men her er det tale om den Store Skjøkje, som dreiv hor med kongane rundt om på jorda, så ho forfølgde dei heilage. Men Dyret og dei ti horna gjer revolusjon mot henne og dømmer henne og oppfyller med det Guds ord. Men dei som er trufaste mot Kristus har då allereie sigra over dei og Gud har kalla folket sitt ut av henne så dei ikkje skal verte medskuldige i syndene hennar (Joh.Op.18).
Gud har sett inn sin konge på Sion (Salme.2) og det er som hovud for si kyrkje (Joh.Op.19).
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Daniel.7,13 Så såg eg i nattsynene mine:
Sjå, med himmelens skyer
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
14 Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne.

