Ny Tid 36. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 11. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine linet. Korleis blir det då med innhaustinga? 1.

Matt.9, 35 Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse.  36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding.  37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få.  38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.» 

Det viktigaste i livet er gratis, lufta du pustar og vatnet du drikk. Slik er det med Guds nåde, Anden og livet Gud gir oss frå himmelen er gratis.

Kjelda med det levande vatnet.

I 1.Mos.2 var det først tale om ein tørr ørken, der vella det det opp ei kjelde som vatna heile jorda, som ei oase i ørkenen og slik var det i menneska sitt opphav i Afrika. Så er det fortalt at Gud hadde planta ein hage aust i Eden, dette fortel om elvekulturen i Mesopotamia. Ein forholdsvis høgtståande kultur og storsamfunn. Jesus sa vi skulle søke Gud i einsemda, då er det heilt klart at det er eit personleg Guds-forhold og det som om det veller opp ei kjelde i ørkenen og der vert ei oase.

Israelsfolket var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne som si kone, men det skjøna ho ikkje og vart ei hore og borna hennar gjorde opprør mot han. Dei fall ifrå Herren, kjelda med det levande vatnet, men den var då fundamentalt viktig for deira liv.

Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Jer.17,13 Herre, du Israels von,

alle som går bort frå deg,

skal verta til skammar;

dei som vik frå deg i landet,

skal skrivast opp.

For dei har gått bort frå Herren,

kjelda med levande vatn.

Jesus lærer oss å be, han gir oss fyst og fremst det mest fundamentale.

Matt.6,5 Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.  6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

Fadervår

7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.  8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10 Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. 

11 Gjev oss i dag vårt daglege brød. 

12 Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlèt våre skuldmenn. 

13 Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra i all æve.

Amen.  

14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg.  15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.

…..

24 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel.  20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.  21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!

24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

……

33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

Det viktigaste i livet er gratis, lufta du pustar og vatnet du drikk. Slik er det også med Anden og livet Jesus gir oss frå himmelen, få får det av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, ved å tru på han, det er berre å vende seg til han og ta imot, som eit barn som kjem til sin far og får gode gaver. Kjelda som vella opp i Edens hage er symbol på det levande vatnet, lufta som du pustar inn er symbol på Guds Ande, det er berre å komme til Kristus og drikke av kjelda med det levande vatnet, vende seg til han og la han puste på deg, puste inn og puste ut, slik får du hans Ande. Og så snakkar du med han, han er Guds Ord, det gir deg visdom og det gir deg gode svar.

Joh.20, 21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»  22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.

 

Jesus sa til oss at det beste i livet er gratis, lufta vi pustar inn, vatnet vi drikk. Slik er det med det som Gud gir oss. Sidan Gud er den først, er det ingen som kan gi han noko først, som betaling, for å få noko tilbake. Vi har ingen ting, om ikkje Gud har gitt oss det først. Dette er vesentleg for å verte frigjorde frå trældomen under Mammon og kva meir? Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ : 

«Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Sions dotter er Jesu brud.

Israels-folket vart bortførde til Babylonia, men fekk komme attende til landet slik, slik som det var profetert. Då var det viktig for dei å komme i gang med å bygge tempelet og komme i gang med prestetenesta, for då ville Gud velsigne, så det skulle verte tydeleg som synleg og materiell velsigning (Haggai,1…). Dette skjønar vi ikkje, eg trur vi må ta med den åndelege velsigninga for å begripe det og då trengst det symboltolking. Gud ville samle Israel og Juda under ein felles hovding og ta «Mor Israel» i nåde igjen og tale venleg til henne som i ungdomsdagane og ta omsorg for henne igjen. Dette talar lengre fram i tid, for denne hovdingen er Kristus og då kan vi vel kalle henne Sions Dotter.

Hoseas.1,2 Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: «Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.»  3 Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4 Herren sa til han: «Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel. 5 Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.»

….

Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «borna åt den levande Gud».  11 Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag. Dei skal ta landet i eige. Ja, stor er Jisre’els dag.

Hoseas.2,1 De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

2 Før klagemål mot mor dykkar,

før klagemål mot henne!

For ho er ikkje kona mi,

og eg er ikkje mannen hennar.

Lat henne få horemina bort frå andletet

og horemerket frå barmen!  

3 Elles skal eg kle henne naken

og stella henne fram som ho var

den dagen ho vart fødd.

Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,

og la henne døy av torste. 

4 Borna hennar vil eg ikkje miskunna,

for dei er horeborn.

5 For mor deira var utru,

ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.

Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,

som gjev meg brød og vatn,

ull og lin, olje og vin.»

6 Sjå, difor vil eg stengja

vegen for henne med klunger.

Eg reiser ein mur framføre henne,

så ho ikkje finn sine stigar. 

7 Når ho renner etter sine elskarar,

skal ho ikkje nå dei att;

når ho leitar etter dei,

skal ho ikkje finna dei.

Då skal ho seia: «Eg vil attende

til min fyrste mann,

for eg hadde det betre då enn no.»

8 Ho skjøna ikkje at det var eg

som gav henne kornet, vinen og oljen,

som gav henne sølv og gull i mengd,

som dei bruka når dei dyrka Ba’al. 

9 Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,

og vinen min, når tida er komen.

Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,

som skulle løyna hennar nakne kropp.

10 No vil eg kle henne naken

beint for augo på hennar elskarar,

og ingen skal fria henne ut or mi hand.

11 Eg gjer ende på all hennar glede,

hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,

alle hennar høgtider.

12 Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.

Om dei har ho sagt: «Dei er mi løn,

som mine elskarar gav meg.»

Eg gjer dei til villskog,

og dyra på marka skal eta dei. 

13 Eg krev henne til rekneskap for dei dagar

då ho brende offer for Ba’al-gudane,

pynta seg med ringar og kjeder

og gjekk etter sine elskarar,

men gløymde meg,

lyder ordet frå Herren. 

Gud tek Israel til nåde att

14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.  15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt.  19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn.  20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Symboltolking av kornet, vinen, oljen og det fine linet.

Kornet.

Kornet er Guds Ord, som han sår i menneskehjarta og i verda. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Då blir vi som korn som Gud sår ut i verda (v. 23). Då venta han seg avling og Jesus sende disiplane sine ut for å hauste. 

Matt.9, 35 Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse.  36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding.  37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få.  38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Vinen.

 Salomo var ung når han tok over makta i Israel, men Gud ville vere Far for han. I Høgsongen er det fortalt om kjærleiksforholdet mellom Salomo og hans brud, som han kalla «den Lytelause Reine», så vi kan kalle henne for Sions Dotter. Her er vinen symbol på kjærleiken mellom dei og det hadde opplagt med Gud å gjere. Det er tale om ein vingard som vi godt kan kalle kjærleikens vingard. Men Salomo leigde den vekk.

Høgs.8, Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.

Den gav han til vaktmenn,

og kvar skulle gje han

tusen sekel sølv for frukta.  

12 Eg har min eigen vingard.

Dei tusen sekel er dine, Salomo,

to hundre er til dei som vaktar frukta.

Seinare sa Gud om vingardens in at den bar beisk frukt, så han tok bort gjerde rundt den, så den vart avbeitt og rasert.

Jesaja.5,1 Eg vil syngja ein song om min ven,

songen åt min ven om hans vingard.

Ein vingard hadde min ven

i ein grøderik bakke.  

2 Han hakka han opp og reinsa han for stein

og planta han til med gode vintre.

Han bygde eit vakttårn i hagen

og hogg ut ei vinpresse der.

Så venta han ein haust av gode druer,

men beisk var den frukta han fekk.

3 Og no, de Jerusalems-buar

og Juda-menn:

Døm mellom meg og min vingard!

4 Kva meir var det å gjera med hagen

enn det eg alt hadde gjort?

Kvifor bar han så beisk ei frukt,

når eg venta meg gode druer?

5 No skal eg seia dykk

kva eg vil gjera med vingarden min.

Eg tek bort gjerdet, så han vert avbeitt,

riv ned muren, så han vert nedtrakka. 

6 Eg gjer han til ei øydemark.

Han skal ikkje skjerast og hakkast meir,

men torn og tistel skal gro der.

Og skyene byd eg

at dei ikkje skal senda regn over han. 

7 For vingarden åt Herren, Allhærs Gud,

det er Israels hus,

og folket i Juda er hagen

som han hadde hugnad i.

Han venta rett,

men sjå, det vart blodig urett!

Han venta rettferd,

men høyr, det vart skrik!

Gud sende sine tenarar for å hente frukt ifrå hagen, men det gjekk dei ikkje vel, til sist sende han son sin for å få frukta. 

Matt.21,33 Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

34 Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga. 35 Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.  36 Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei. 37 Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for. 38 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.  39 Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.

40 Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?» 41 «Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.» 42 Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.

Det er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre augo.

43 Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.  44 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

45 Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til. 46 Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket som meinte at han var ein profet.

Oljen.

Oljen fekk dei av oliventreet og den er symbol på den Heilage Ande.

Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.  3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»  4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

9 Serubabels hender har tufta dette huset,

og hans hender skal fullføra det.

Då skal du sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 

10 Ja, alle som har vanvørdt

den dagen då det tok til i det små,

skal gleda seg når dei får sjå

blyloddet i Serubabels hand.

– Dei sju, det er Herrens augo

som fer over heile jorda.

11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»

Dette finn vi igjen i Joh.Op.11.

Linet.

Linet er trua sine gjerningar og då er det ikkje berre våre gjerningar, men dei gjerningane Gud gjer gjennom oss ved sitt Ord og sin Ande.

Joh.14,11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.  12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Joh.Op.19, Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg; 

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. 

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»  10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

Dei fire vindane.

De (du) er dei fire vindane.

Eg var på kibbutz Ayelet Hashachar i øvre Galilea i Israel i eitt år, 1983/84, frå sommar til sommar, bortsett frå omlag ein månad om vinteren, då eg var i ein kibbuz nærare Jerusalem, der var karismatiske møter i Jerusalem som eg gjerne ville vere på. Men på eitt av møta kom der tyding av tungetale, der Herren sa at det var viktig for oss å gå ut i landet, han sa: «de er dei fire vindane, så gå inn i landet og blås på dei beina». Det var til oss alle, men eg tok det spesielt som eit svar til meg og for tilbake til Ayelet Haschachar.

Dei fire vindane har ei stor og fundamental oppgåve, det er berre ved gjenfødinga og fylden av den Heilage Ande vi kan utføre den, dess viktigare er det for oss å nytte oss av det, verte fylt av den Heilage Ande og la den drive oss.

Joh.3,5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»  

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Forføringar og freistingar

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Israelsfolket vart spreidde for heimsens fire vindar, men etter 70 år skulle dei dei fire vindane skal blåse liv i dei igjen.

Jerusalem fall i år 587 f.Kr. I følgje Jeremias skulle både Israelsfolket og nabofolka trælke under Babylonar-kongen i 70 år.

Jeremias.25,8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære.  10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos.  11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år. 

12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. 14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

Når det hadde gått nesten 70 år, vann persarkongen ein total siger over Babylonia. Der var eit anna stort rike også, Media, det andre av dei fire store rika, men det var ikkje så sterkt som desse to rika. Persia vart då det tredje av dei fire store rika, det greske riket var det fjerde. Sitat frå https://snl.no/Dareios_1 :

Dareios 1. var konge av Persia fra cirka 521 til 485 fvt. Både som kriger og statsmann regnes Dareios 1 som en av det gamle Midtøstens betydeligste herskere. Han førte krig mot forskjellige opprørere, blant annet i Babylon. Etter å ha nedkjempet opprøret la han under seg hele det akemenidiske imperiet, som strakk seg fra Det gamle Egypttil Indus.

Dareios 1. tilhørte en annen gren av akemenidenes slekt enn forgjengerne Kambyses 2. og Kyros 2., og var ikke den mest naturlige tronfølgeren. Beretningen om hvordan han kom til makten er hugget inn i en klippe i Behistun på veien mellom Babylon og Hamadan. Historien har også funnet veien inn i den greske historieskriveren Herodots verk «Historien».

Dareios valgte den gamle elamittiske byen Susa som sin nye hovedstad og lot bygge et nytt stort palass der. Han bygget også store byggverk i andre byer, ikke minst i Persepolis.

SITAT SLUTT.

Både Daniel og Sakarja profeterte om Israel og Jerusalem på denne tida når Dareios 1 var konge.

Daniel.9,1 I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –  2 i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år.  3 Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.

……

Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell, 21 ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram.  22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.  23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva.

Sak.1,7 Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:

8 Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar. 9 Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»  10 Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.» 11 Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.» 12 Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?» 

Sak.2,1 Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn. 2 Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»

3 Så lét Herren meg sjå fire smedar. 4 Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

Mannen med mælesnora

5 Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.  6 Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7 Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han 8 og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:

Jerusalem skal liggja utan murar,

så mykje folk og buskap skal det vera der.

9 Sjølv skal eg vera ein eldmur kring byen,

lyder ordet frå Herren,

og midt i han vil eg syna min herlegdom.

10 Ve, ve! Røm frå landet i nord!

lyder ordet frå Herren.

Eg har spreitt dykk for heimsens fire vindar,

lyder ordet frå Herren. 

11 Ve deg, Sion, som bur hjå Babels dotter!

Berg deg unna! 

12 For så seier Herren, Allhærs Gud,

den herlege, som har sendt meg,

om dei folka som plyndra dykk:

Den som rører dykk,

rører ved min augnestein. 

13 For sjå, eg lyfter handa mot dei,

og dei vert til hærfang

for dei som no er trælane deira.

Då skal de sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg. 

14 Gled deg storleg, Sions dotter!

For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,

lyder ordet frå Herren.  

15 Den dagen skal mange folkeslag

gje seg til Herren.

Dei skal verta mitt folk,

og eg vil bu hjå deg.

Då skal du sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg. 

16 Herren skal ta Juda i eige

som sin arvelut på heilag jord

og endå ein gong velja ut Jerusalem. 

17 Ver still for Herren, kvar levande skapning!

For han har teke ut frå sin heilage bustad.

Esekiel 37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.  2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.  6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

(Joh.Op.11,11).

At dei fekk kome heim att til landet sitt og byrje å bygge opp att tempelet og muren rundt Jerusalem er eit førebilete på evangeliet om Kristus. Dei andre folka også fekk vende heim at, så skal også evangeliet forkynnast for alle folkeslag.

Dei fire vindane skulle spreie elamittane, men sidan ville Gud vende lagnaden deira.

Israels nabofolk vart spreidde og samla igjen på liknande vis som Israels-folket. Dei fire vindane skulle spreie elamittane, men sidan ville Gud vende lagnaden deira.

Jeremias.49,34 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:

35 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, eg vil bryta bogen for elamittane,

det sterkaste våpenet deira.

36 Mot Elam sender eg fire vindar

frå dei fire himmelhjørna

og spreier dei for alle desse vindane.

Det skal ikkje vera eit land

der det ikkje finst folk

som er bortdrivne frå Elam.

37 Eg gjer elamittane redde

for fiendane deira,

for alle som står dei etter livet.

Eg lèt ulukke koma over dei,

min brennande vreide, seier Herren.

Eg sender sverdet etter dei

til eg får gjort ende på dei.

38 Så set eg kongsstolen min i Elam

og rydjar ut konge og hovdingar der,

lyder ordet frå Herren.

39 Men til sist, i dagar som kjem,

vender eg lagnaden for Elam,

lyder ordet frå Herren.

Sitat frå https://snl.no/Elam :

Elam var et viktig oldtidsrike i det gamle Midtøsten. Det lå sørøst for Babylonia, i dagens Khusistan i Iran. Elam opptrer for første gang i historien rundt 3200 fvt. og eksisterte med varierende grenser i ca. 3000 år.

SITAT SLUTT.

Vi såg nettopp at Dareios 1 valde hovudstaden i Elam, Susa, som hovudstad i storriket Persia.

Dei fire vindane bles over storhavet, så der steig opp fire store dyr.

Dan.7,2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.  

Dette var dei fire store rika som Daniel profeterte om.

Tusenårsriket.

Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus døde på korset i staden for oss. I det vi tek imot i tru og let oss forsone med han på dette grunnlaget, skal vi tenke som so at vi er krossfesta og døde saman med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, ved Guds kraft som vekte han opp frå dei døde. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. På dette grunnlaget får vi oppleve at Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, det er dei fire vindane. 

I Esekiel.37 ser vi resultatet av det hos jødane og i Joh.Op.20 ser vi resultatet av det hos dei andre folka også. 

Joh.Op.20, Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje.  2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.  3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år.  5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Her er det tale om prestetenesta i den nye pakt og den er for oss alle. Nokon kan innvende at her er det tale om den først oppstoda og den er lekamleg, men den gjeld berre for dei som har lete seg forsone med Gud slik som eg nyst har sagt. Når Jesus kjem att og hentar sine, skal dei som døde i trua på han stå opp frå dei døde, det er den fyrste oppstoda, han hentar dei saman med dei som lever i trua på han og ventar på han. Det er i alle fall ei lekamleg oppstode. Men her er det ikkje tala om at han kjem og hentar dei, i staden skal dei regjere med han som prestar for Gud og Lammet. Og det er framleis med fredelege metode, derfor vert det også fred i tusen år. I kapittel 19 såg vi at Jesus, Guds Ord, kom som kongars konge, då er der også kongar (styresmakter) som har godteke hans overherredøme. Dei har framleis våpen dei kan bruk, i det minste til å truge med, men sidan han kjem som kongars konge og dei godtek hans overherredøme, vert dei også samde om å halde fred og slik får vi eit tusenårig fredsrike.


6 responses to “Ny Tid 36. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 11. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine linet. Korleis blir det då med innhaustinga? 1.”

Leave a comment