Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 1.

Førstefødselsretten og den som Gud valde ut og velsigna for å skape noko nytt.

Menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, det vart historia som gjentok seg og det viste seg ved at dei laga seg avgudar av stokk og stein. Kongerike oppstod, med kongar som prøvde å gjere seg liksom Gud med sine avgudar. Men Gud straffa dei for det, så riket deira gjekk under og så påstod han at det var han som gjorde det heile, det var historia som gjentok seg, altså.

Tradisjonelt har ei «lærd» og herskande overklasse rekna vanlege folk for å vere ulærde og utilreknelege. Nokre av dei innrømma at uheldig vis var det slik og prøvde å gjere noko med det, ved å gi det betre opplæring, kanskje innsåg dei at då trong dei sjølve betre opplæring også. Andre meinte at heldig vis var det slik, for då vart det lettare for dei å herske over dei, kanskje endåtil ved å lure dei og forføre dei, så dei vart så dumme og vonde at det var nødvendig å kue dei.

I ein familie hadde eldste sonen fyrstefødsels-retten og det betydde ei åndeleg velsigning framfor dei andre, så dei måtte innrette seg etter han, slik vart dei også velsigna. Ved jordbrukets revolusjon dyrka familien opp eit jordområde som vart deira og det var vanleg at eldste sonen arva det heile, så det også vart med i førstefødselsretten. Slike jordeigedomar var verdifulle og vart eit motiv for krig og herjing. Dei trong eit forsvar, så det vart med tida avgjerande for kven som eigde jorda, så det vart religiøse og militante jordeigarar som gjerne vart kalla aristokratar, medan dei som arbeidde med å dyrke den, vart slavar. Som jordeigarar fekk dei dess større makt, trældomen vart hardare, spesielt ved hjelp av avgudane. Tradisjonelt har denne verda sine herrar og kongar herska over folket med denne verda sin visdom, med den har dei rekna den ulærde underklassa for å vere utilreknelege, dumme og vonde, så dei trengde nokon til å herske over dei, enten for deira eigen del eller for andre sin del eller begge deler. Slik vart opplæringa tradisjon, men nytenking og nyskaping vart det lite av. Gud ville skape noko nytt frå generasjon til generasjon, men det fekk motstand. Så av og til valde Gud ut ein yngre bror i ein søskenflokk, velsigna han og gjorde noko nytt ved han. Då hende det at den eldste vart misunneleg på han. Det ser vi gang på gang i Bibelen, 

I det Gamle Testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Jesus sa at Djevelen var Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. 

Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.  37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.  38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.  40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.  41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.  43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.  45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?  47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

Jesus set oss fri frå trældomen under lova også. Paulus forklarer det for oss. Ved nåden i Kristus får vi den Heilage Ande, den openberrar Guds Ord for oss og fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri. Vi skal bøye oss for Kristus og la han ved sitt Ord og sin Ande råde i vår døyelege lekam. Han er vegen som fører oss heim til Faderhuset, så vi får oppleve han kjærleik og omsorg, vi oppleve å vere Guds arvingar og Kristi medarvingar, med Kristus som vår frelsar og Herre og under Faderens formyndarskap.

Dette kjem i motsetnad til den Lovlause (2.Tess.2) og Antikrist. Kven er Lygnaren om ikkje han som nektar at Jesus er Messias, han er Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen. Dette har eg skrive om her:

I Rom.8 og Gal.4 forklarar Paulus skilnaden mellom trælekåret og barnekåret. Foreldra er formyndarar for barnet heile tida, men under oppveksten kan det få andre formyndarar i tillegg. Men det skal vekse opp og få opplæring så det vert sjølvstendig i forhold til desse formyndarane. Sonen skal då ta over og arve, men trælen vert verande træl.

 Gal.4,1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda.  4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova.  5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår.  6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»  7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

Paulus har omsut for galatarane

8 Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar.  9 Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei?  10 De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år.  11 Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.

12 Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett.  13 De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk. 14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15 Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg. 16 Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?  17 Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18 Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode. 19 Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!  20 Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk.

 

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Abel bar fram eit betre offer enn Kain, og fekk velvilje hos Gud. Derfor vart Abel misunneleg på han og slo han i hel. Slik talar Jesu blod betre enn Abels blod. Slik er det mange som er misunnelege på Jesus og dei som har teke imot han i tru. På grunnlag av Jesu blod, har Gud gitt oss barnekår hos seg, med arven og alt det den inneber. Guds Ande gjer levande det som blodet har gitt oss. Slik er Jesus komen for å gi oss liv og overflod.

Djevelen prøver tydeleg vis på å få menneske til å verte misunnelege på oss, slik som Kain vart misunneleg på Abel, så dei skal verte motiverte av sjalusi og smålegheit, slik er han komen for å stele, slakte og øydelegge. Men Kristus har sigar over han og vi skal sigre saman med han.

Det rette endetidssynet.

Jesus har sagt at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Heb.12,1…) og snakke med han, eg skal gå vidare framover mot det fullkomne, slik har eg det rette endetidssynet. På eit møte på Sion Åheim 28.9.2008 vitna eg og las ifrå Fork.3 om at Gud skaper noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Og så las eg ifrå 1.Kor.3 om at vi er Guds medarbeidarar, då er det om å gjere å bygge på grunnvollen med gull, sølv og dyre steinar, noko som er varig og verdifullt altså og det er berre Gud som kan skape noko som står til evig tid. Då svara Jesus meg gjennom tyding av tungetale og kalla meg til å gå inn på lovnadane og eg skulle få oppleve at eg på det indre plan i kompaniskap med han.  Eg skulle fritt bevege meg i Andens verden og gå i ferdiglagde gjerningar, då måtte eg bevege meg fysisk også, så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning. 

Finn-Arne Lauvås har forkynt at vi skal vekse opp til han som er hovudet for kyrkjelyden, det sa han også gjennom tyding av tungetale, i bodskapen 19.2.1997: «…. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt.»

  På eit årsmøte i Maranata minna han om at Gud sa til Ormen at han skulle ete mold og til mannen sa han at han var mold og til molda skulle han attende. Men når Gud fyller oss med sin Ande, er det som om den et opp alt, den et opp kjøtet og ørkenen rundt oss. Så der blir ikkje igjen noko for ormen å ete. Igjen kom der bodskap gjennom tyding av tungetale som stadfesta det han sa.

Dette har eg nyst skrive om her:

Ja, vi må ha det klart for oss at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den og det er ved fylden av den Heilage Ande. 

Sak.3, Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Bryllaupet til kongssonen.

Å forkynne evangeliet er som å invitere til bryllaupet til kongssonen.

Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.  3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.  7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.  12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!  14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Å komme til ein slik gledesfest skulle vel då vere av første prioritet og så innstille seg på å vere med på festen ved å få på seg bryllaupsklednaden. Men dei som først var inviterte, Israels-folket, gjorde ei omprioritering, som gjorde at dei eigentleg sa nei. Men eg vart opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse mine, be han frelse menneske, det var av første prioritet og så be han om å gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Eg følte eg kom ingen veg med det og opplevde kravet om ein arbeidsmoral som om det vart kravt at eg skulle gjere i omprioritering, sjølv om eg ikkje yngste det, så det vart til at eg la lok på den draumen som Jesu ein gang gav meg. Det kunne verke som å sette lyset sitt under eit kar, i staden for å sette det i staken. Men det var Gud som gjorde sitt verk i mitt hjerte, ved sitt Ord og sin Ande, så det kunne eg stole på, samtidig som eg hadde mitt å gjere i min kvardag. Han sa eg skulle ta fram att gleda og ta fram att draumen han gav meg og drøyme stort med han. Eg hadde bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og kan stole på at han gjer det, han tek seg av mi sak og eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Då blir det slik at han elskar henne som si brud gjennom meg og slik gir ham meg si glede. Slik kler eg meg i bryllaupsklednaden og slik kler ho seg i bryllaupsklednaden og så vert det bryllaupsfest, Lammets bryllaupsfest vert bryllaupsfest for meg og henne, fordi han døde i staden for oss. Ved Kristi kors finn vi den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss, derfor skal vi glede oss.

Dette har eg skrive meir om her: https://faith-and-entropy.com/2025/06/10/ny-tid-24-eg-bad-jesus-gi-meg-ei-frelst-kvinne-til-kone-og-det-var-ein-lovsong-og-ein-draum-han-gav-meg-ved-gjenfodinga-og-han-vil-eg-skal-ta-den-fram-att-og-droyme-stort-med-han-han-er-mektig-til-a/ 

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss, derfor skal vi glede oss, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Bodskap 2, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

« (eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

I vers 11-13 er det tale om ein som ikkje er bryllaupskledd og kongen spør korleis han kunne vere komen inn der utan å vere bryllaupskledd, men han tagde. Då sa kongen at dei skulle binde han på hender og føter og kaste han ut. Det kunne vel tyde på at han hadde brukt voldelege metode for å komme seg inn og dei kunne  frykte for at han ville halde fram med å bruke voldelege metode. Han var ikkje utvald til å vere der og passa ikkje inn i det selskapet, det var då tydeleg, sidan han ikkje var bryllaupskledd.

Samanlikn med Joh.Op.20,1-3 & 10.

Gå med ein profetisk bodskap.

20.3.2022. Sion Åheim. Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Magnor Myklebust.

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Malaki.4,5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk

før Herrens dag kjem, den store og skræmande.  

6 Han skal venda fedrehjarto til borna

og barnehjarto til fedrane,

så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Dette var bodskapen til Johannes Døyparen og den er framleis aktuell. Det minna meg både om å ta imot denne bodskapen og verte fornya ved den og at det er den bodskapen eg sjølv har å bringe vidare. 

Eg skreiv ein lang kommentar til dette møtet og her er eit utklipp:

Bodskapen hausten 1995:

            «…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.»

Eg trur Jesus vil gi meg ei kone, så ho vert til hjelp for meg, både i kyrkjelyden, i familien, i forholdet til mine søsken og min omgangskrets elles.

Verte som born for å komme inn i Guds rike og frå oppleve at den Heilage Ande ber for oss.

Jesus minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:

Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Eg forstod det slik at Jesus ville møte henne Virtuella i mitt hjerte og opna meg meir for det. Den hausten skreiv eg meir om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og venta meg at han ville gi meg mrir augesalve, så eg fekk sjå meir av det. Eg hugsa eg fekk oppleve at den Heilage Ande bad for henne i mitt hjerte og opna meg meir for å la den gjere det. Slik fekk eg oppleve at den lækte meg for ein brokkport.

2.9.2023. Sion Åheim. Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.
     

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.

Eg hadde vorte invitert til ei ein boklandserings-fest på biologibygget ved Universitetet i Oslo og tenkte på å fare og gå på møte i Maranata søndagen etterpå. Eg tok dette som svar og for. Boka heitt «To kjønn» og var skriven av evolusjonsbiologen Glenn Peter Sætre. På boklandseringa var det høve å stille spørsmål og eg nytta eg høvet til å komme med ei forklaring på tankar i tida og forklare det utifrå biologien. På møtet i Maranata prata eg litt med dei som sat att i kaffipausa etter møtet og viste dei denne boka. Men det var ikkje akkurat noko slikt dei var instillte på. Ein av dei sa at vi skal vere innvia og det er no bra.

Komme med bodskapen på Facebook.

Profetisk tale vart det smått med. Men på facebook og bloggesida mi skreiv eg meir om kommentaren min på boklandseringa. Boka var brennaktuell som svar på tankar i tida om at der er meir enn to kjønn og trenden med liksom å skifte kjønn ved operasjon. For menneska er kjønnet genetisk bestemt og kan ikkje endrast ved operasjon. For nokre få artar er det bestemt av miljøet og nokre skifter kjønn med alderen. Dei fleste blomstrane er tvekjønn, kvart individ har begge kjønn. Eincella individ kan formeire seg ved celledeling, men for dei fleirscella individa formeirer seg ved to kjønn. Der er unntak, ved at ein art for ei periode kan formeire seg einkjønna, men så er det tilbake til normalen med to kjønn. Sætre forklarte tokjønna formeiring som ein suksess i evolusjonshistoria.

I innlegget mitt nemnde eg at i tidlegare tider levde gjerne ein konge med sitt harem i eit slott. For å sikre at han fekk ha haremet sitt i fred, kunne han krevje at mannlege slotts-tenarar skulle vere gjeldingar (evenukkar). Vi kan samanlikne det med eit hanndyr som markerer sitt revir i paringstida. I ein ulveflokk er det eit alfa-par som formeirer seg, dei andre har ikkje lov til det. Om der då er ein annan ho-ulv som gir frå seg lukt som fortel at den er i ferd med å verte klart for paring, så vert ho straffa. Eg såg ein naturfilm om ein ulveflokk i ein inhegning/reservar, ho-ulven som gav frå seg slik lukt prøvde å røme, men gjerde stoppe henne frå det, så ho var ikkje godt komen. Så eg påstår at dette er den eigentlege forklaringa på at somme vel å skifte kjønn, det kjem som resultat av krav om tilpassing som ikkje høver med naturen. 

Det har seg slik at politiske parti heng fast i ein forelda tankegang, der herskaren er som kongen i eit slott, som krev at dei mannlege slotts-tenarane skal vere gjeldingar. Men no går denne herskartrongen vidare enn til slottet og kongsgarden og ut i samfunnet. Så menn opplever kravet om tilpassing som eit krav om å verte gjeldingar, alternativt skifte kjønn. I ein ulveflokk er det eit alfapar, så då kan kvinna også oppleve det slik.

På boklandserings-festen formulerte eg dette som ei hypotest og spurte kva han syntest om det og han sende spørsmålet vidare til ein kvinneleg psykolog. Ho reiste seg og sa noko om det, men snakka så lavt at det var ikkje godt å få med seg alt, men ho sa noko om å vere voldeleg. Når eg kommenterte dette på facebook, skreiv eg at kristendomens metode er fredeleg og det er metodene i realfag også, vi vert overtyda ved fredelege metode. Men psykologien har fått problem med desse metodene, som om dei ikkje anerkjenner dei og prøver seg med andre slags metode, kva det no er? Så grip dei til forklaringa at du er voldeleg, som om dei ikkje klarer seg utan den forklaringa. Men då blir konklusjonen at psykologien brukar voldelege metode, som om den ikkje klarer seg utan.

Den Gode Hyrdingen.

Når eg skreiv på Facebook tenkte eg meg at det var til realfag ved Universitetet i Oslo og til Maranat og det heldt eg fram med når eg sidan skreiv om profetiane, men først og fremst tenkte eg meg at det var til Kristus, for eg skal sjå på han og snakke med han. Eg skreiv dokument som eg kalla «lovnadane og profetiane #», der ´#´ er nummeret. For når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, så vi får oppleve lovnaden som oppfylling av profetien.

Vidare forklarde eg dette utifrå Jesu ord om at han er den Gode Hyrdingen.

Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,  15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene.  16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.  18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

Salme 21, 1 Ein Davids-salme.

Herren er min hyrding,

det vantar meg ingen ting.

2 Han lèt meg liggja i grøne enger;

han fører meg til vatn der eg finn kvile,

3 og gjev meg ny kraft.

Han leier meg på dei rette stigar

for sitt namn skuld.

4 Om eg så går i dødsskuggens dal,

ottast eg ikkje for noko vondt.

For du er med meg.

Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 

5 Du dukar bord åt meg

framfor augo på mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje;

mitt staup fløder over. 

6 Berre godleik og miskunn

skal fylgja meg alle mine dagar,

og eg skal bu i Herrens hus

i lange tider.

Eg fekk komme til Jesus slik som eg var og er framleis unik.

3.2.2024. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Sak.4,6b Ho fekk dette bibelverset:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn. 

2025.02.06. Torsdag. Profetisk bodskap ved ETS: «Ikkje samanlikn din prosess med andre. Du er heilt unik.» Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Ho var ute og køyrde bil og då fekk ho ein bodskap frå Herren, han sa ho skulle stoppe bilen og seie bodskapen, så ho las den inn på telefonen, så har ho lagt ut videoen på youtube seinare, den er redigert med teksting. Det vesentlege var nok at ho tok imot den når den kom, sa bodskapen og lagra den og brakte den vidare til andre seinare. Det vart litt oppstykka, også ved at ho gjentek det same, så eg skal gjengi det ved å vise til tidspunkt i videoen:

0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk desse ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.

 Eg har vist at Jesus har talt til meg gjennom Finn-Arne Lauvås:

Og eg skal feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.


9 responses to “Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 1.”

  1. Ny Tid 29. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 4. No er frelsens dag.  – Faith and Entropy Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  2. Ny Tid 41. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 14. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  3. Ny Tid 41. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 16. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  4. Ny Tid 42. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 17. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  5. Ny Tid 41. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 16. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  6. Ny Tid 42. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 17. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  7. 2025.07.07. Måndag. Maranata Landsstemne 2025. Jesus har ikkje gløymt Noreg. Han har blese sin Ande over bygder og byar, han er den same og vil framleis gjere det. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  8. 2025.07.07. Måndag. Maranata Landsstemne 2025. Tale ved Håkon Martinsen. Jesus har ikkje gløymt Noreg. Han har blese sin Ande over bygder og byar, han er den same og vil framleis gjere det. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

  9. 2025.07.07. Måndag, kl 19;30. Maranata Landsstemne 2025. Tale ved Håkon Martinsen. Jesus har ikkje gløymt Noreg. Han har blese sin Ande over bygder og byar, han er den same og vil framleis gjere det. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Ny Tid 25. Den glade bodskapen er at Gud sende sin einborne Son for å frelse oss. Tek vi imot i tru, får vi ei himmelsk glede, så vi med glede bringer den vidare til andre.  Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrding… […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 29. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 4. No er frelsens dag.  – Faith and Entropy Cancel reply