Ny Tid 21. Gud har planar med meg. 5. Vi vart fødde inn i eit miljø og vart sosialiserte inn i det. Ved gjenfødinga får vi sjå Guds rike og vert frelste inn i det. Vi får oppleve at Gud gjer noko nytt og verte med på det, som hans medarbeidarar. Det gir meining med livet.

Mi bønneteneste er ei presteteneste.

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg, eg har aldrig fornekta han, men eg vedkjende for Gud og menneske at han er Sanninga som set oss fri. Han er min øvsteprest – min advokat og talsmann – hos Faderen. Han sende oss den Heilage Ande, ja, til meg også, den er min talsmann mellom dei heilage og vår talsmann på jorda.

Jesus sa at han er den som tek seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han, eg skulle sjå på han og snakke med han. Eg har teke vare på hans ord, både det som er skrive i Bibelen og det han har talt til meg og minna meg om ved sin Ande i kyrkjelyden, eg har opptak frå tyding av tungetale heilt tilbake til omlag 1990. Eg har sett det på grunnlag at det som står skrive i Bibelen. Og han har bønhøyrt meg og teke vare på det som eg har sagt og skrive og han vil framleis bønhøyre meg, han vil eg skal nytte høvet til å be om noko stort. 

Den Heilage Ande ber for meg og mange med meg og då er det om å gjere for meg å be med den Heilage Ande, så eg skal vere var på kva han legg på hjertet mitt å be om, ved den Heilage Ande, vere var på kva den minner meg om. Den minner meg om Jesus ord, både det som står skrive i Bibelen og det han har talt til meg som svar på mi bøn. 

Han han svart på mi bøn, så skulle eg vel ikkje trenge å be han om det igjen, som om eg ikkje trudde på det? Nei, eg må be med tru og dermed med tru på det svaret han har gitt meg. Den vonde prøver stadig å ta det frå meg, men Jesus har sigra over han, hans frelseverk er fullført og fullkome og eg kan og skal takke han for det. Den sanne og levande Gud bur i meg og han er større og sterkare enn han som er i verda. Det er og blir avgjerande.

Denne barnetrua og erkjenninga av Sanninga er enkel og fundamental, bøna er i samsvar med Guds vilje og den er viktig. Sjølvsagt lærer vi meir med tida, mykje som er meir avansert enn dette, så barnetrua kan verke dum samanlikna med det, men det betyr ikkje at den er feil eller uviktig, men at den er fundamental og rett,  som noko verdifullt å bygge vidare på. Sanninga vert ikkje avsanna, alternativet er lygn. 

Jesus krev Djevelen til rekneskap for det han har gjort mot meg.

Der er nok dei som meiner dei er så «vise» at dei hevdar alt dette er feil, så det motsette eller eit alternativ er det rett, dei står imot, så deira «bøn» vert det motsette eller eit alternativ til mi bøn. Men då blir det å be til ein annan gud, så dei forbannar i staden for å velsigne, svarar på velsigninga med forbanning. Det er så nifst at eg helst ikkje vil seie kva det betyr, men Jesus kjem til å krevje Djevelen til rekneskap for det han har gjort mot meg.

13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»

Eg har ikkje fasta ved å redusere etinga, men det er ikkje hovudsaka med å faste, det kan betyr å kivle, slik at den kroppslege aktiviteten vert redusert. Då vil det vere sunt å redusere etinga. I Jes.58 ser vi kva slags faste Gud vil ha. Eg tek med desse versa:

Jes.58,6 Nei, så er den faste som eg vil ha:

at du løyser dei som med urett er bundne,

sprengjer banda i åket

og friar ut dei som er trælka,

ja, knekkjer kvart åk, 

7 at du deler ditt brød med dei som svelt,

og lèt heimlause stakkarar koma i hus,

at du kler den nakne som du ser,

og ikkje sviktar dine eigne. 

8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,

snart skal dei lækjast og gro, dine sår.

Di rettferd skal gå føre deg

og Herrens herlegdom sist i ferda.

Vi vart fødde inn i eit miljø og vart sosialiserte inn i det. Ved gjenfødinga får vi sjå Guds rike og vert frelste inn i det. 

Vi var heldige som vart fødd inn i ein kristen familie og heim med kristne besteforeldre. Mor vår og besteforeldra bad for oss og etter kvart vart det klart at far vår også bad for oss. Naturleg nok vart barnet sosialisert inn i familien, slekta og lokalmiljøet, med sosialiseringa fekk det meir og meir opplæring, slik har det vore frå gammalt av. Det var både praktisk opplæring i arbeid og moralske retningslinjer kopla til religionen. Det ser vi i det Gamle Testamentet, spesielt i lærebøker som Salomos Ordtøke, Forkynnaren og Salomos Høgsong, dei vart opplærde i gudlegdom og då var det vesentleg å lære å tru på han og søke han av heile sitt hjarte. Mannen vart opplærde til å verte ein god ektemann og kvinna vart opplærde til å verte ei god kone, det tok sikte på ekteskap og det vart ei ny sosialisering for dei. Med ekteskap, heim og familieliv, skapte Gud eit nytt samfunn med ny sosialisering for dei. Vel var det dei som gjorde sitt verk, men dei måtte like vel sjå det slik at det var Gud som gjorde sitt verk med dei og ære og takke han for det, halde kviledagen heilag, så dei kvilte på grunnlag av det Gud hadde gjort. Og så måtte dei også heidera far sin og mor si for det som dei hadde gjort for dei.

Sidan dei var velsigna ved Abrahams tru, skulle dei sjå det slik at det var Gud som skapte noko nytt frå generasjon til generasjon og då måtte dei innstille seg på det ved å søke han av heile sitt hjarte og halde seg til han av heile sitt hjarte. Om dei skulle søke han og bøye seg for han eller prøve å vere meir sjølvstendige i forhold til han, vart ei konflikt mellom han og avgudane til nabofolka og mellom dei og nabofolka.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Og så sa han at vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt, av vatn (livsens vatn) og Guds Ande, for å sjå det og komme inn i det. Så vi vert fødde inni det også og så vert vi frelste inni det. Då må vi innstille oss på det også. Vi kan tenke på det som ei sosialisering der den einskilde må komme slik som han og ho er og finne sin plass, som høver for dei. Det er berre på grunnlag av at Jesus døde i staden for oss.

I det moderne samfunnet har vi fått offentleg skulegang, det har det vorte meir og meir av, ettersom vi har sett kor viktig dette vart for samfunnsoppbygginga, samfunnet vart meir og meir komplekst og avansert og trengde meir og meir utdanning. Ettersom det vert så mykje utdanning, trengst det også kritisk tenking for å vurdere kor mykje av dette som trengst eller er verdifullt på nokon måte. Eller om det er noko verdifullt som har vorte valt bort. Kven skal vurdere det om ikkje folket sjølv?

Kvar blir det av den mest fundamentale sosialiseringa som gav den mest fundamentale samfunnsoppbygginga, med ekteskap, heim og familieliv og så kyrkjelydsoppbygging? Guds rike er det mest fundamentale riket, å verte født inni det og sosialisert inni det, er den mest fundamentale sosialiseringa, å bygge på evangeliets grunnvoll er mest fundamentalt, som Guds medarbeidarar bygger vi med noko som har verdi for æva.

Velsigning og frelse.

Eg meiner barnedåpen fungerte som barnevelsigning, fordi foreldra, faderane og presten trudde på Kristus, så dei var velsigna i trua på han og vart til velsigning for barnet. Men dåpen symboliserer korleis Kristus frelser oss og det er noko som opplæringa må ta sikte på. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord. Ved å trua at Gud vekte Kristus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Sidan Kristus døde i staden for oss, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, ved Guds kraft.

1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?  

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,  10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.  11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda.  12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.  13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder.  14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen.  15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kol.3, 1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Ef.2, 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik,  5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg.  10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Skapinga og syndefallet, historia som gjentek seg.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Han planta ein hage i aust og der sette han mannen og sette han til å dyrke og verne den. Så skapte han kvinna av sidebeinet han og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Derfor skal mannen skilja med foreldra sine og halda seg hos kona si. Så soleis skaper Gud noko nytt frå generasjon til generasjon. Gud skapte noko fundamentalt nytt, menneska skulle berre halde hagen ved like, ved å dyrke og verne den, så den skulle vere produktiv altså, til næring og gagn for dei sjølve.  

Gud kvilte den sjuande dagen etter det verket han hadde gjord og lyste den heilag. Menneska var i Guds kvile, men ved syndefallet fall dei ut av den. Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho tok av frukta og åt og gav mannen sin med seg, så han også åt. Dette er framleis Djevelens strategi, han lokkar og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Sidan dei prøvde å gjer seg sjølve liksom Gud, prøvde dei å gjere Guds gjerning sjølve, i eiga kraft, det var som om det vart pålagt dei, men dei var ikkje i stand til det. Gud var ånd, men mannen var mold, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød til han for i molda igjen.

Sidan ser vi at Gud framleis skapte sivilisasjonar, men herskarane ovmoda seg ved å prøve å gjere seg liksom Gud, det viste seg ved at dei dyrka avgudar av stokk og stein. Då straffa han dei og riket deira gjekk under. Det var historia som gjentok seg.

Førstefødselsretten og den som Gud valde ut og velsigna for å skape noko nytt.

I ein familie hadde eldste sonen fyrstefødsels-retten og det betydde ei åndeleg velsigning framfor dei andre, så dei måtte innrette seg etter han, slik vart dei også velsigna. Ved jordbrukets revolusjon dyrka familien opp eit jordområde som vart deira og det var vanleg at eldste sonen arva det heile, så det også vart med i førstefødselsretten. Slike jordeigedomar var verdifulle og vart eit motiv for krig og herjing. Dei trong eit forsvar, så det vart med tida avgjerande for kven som eigde jorda. Slik vart det med tida religiøse og militante jordeigarar som med tida vart kalla aristokratar, medan dei som arbeidde med å dyrke den, vart slavar. Aristokratane forguda seg sjølve og det viste seg ved at dei laga seg avgudar av stokk og stein. Nokre av dei vart kongar, men sidan dei prøvde å gjere seg liksom Gud, straffa han dei, så riket deira gjekk under. Like vel var det Gud som gjorde det heile og det var historia som gjentok seg.

Slik vart opplæringa tradisjon, men nytenking og nyskaping vart det lite av, Gud ville skape noko nytt frå generasjon til generasjon, men det fekk motstand. Så av og til valde Gud ut ein yngre bror i ein søskenflokk, velsigna han og gjorde noko nytt ved han. Då hende det at den eldste vart misunneleg på han.

Kain og Abel.

Abel bar fram eit betre offer enn Kain og oppnådde noko meir. Derfor vart Kain misunneleg og slo han i hel. Sidan fekk Adam og Eva Set, han var heilt lik Abel. 

1.Mos.4,1 Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein gut av Herren.»  2 Sidan fekk ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjætar, Kain vart jordbrukar.

3 Då det leid av ei tid, hende det at Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka. 4 Abel bar fram offer, han òg; han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken sin og feittet deira. Herren såg med velvilje på Abel og hans offergåve,  5 men ansa ikkje Kain og gåva hans. Då vart Kain brennande harm og stirte nedfor seg.

6 Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg? 7 Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.»

8 Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel.

9 Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg vakta bror min?» 10 Då sa Herren: «Kva er det du har gjort? Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jorda!  11 No skal du vera bannlyst frå den jord som opna munnen og tok imot blodet åt bror din frå di hand. 12 Når du dyrkar marka, skal ho ikkje meir gje deg si grøde. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jorda.»

13 Då sa Kain til Herren: «Straffa mi er så stor at eg ikkje kan bera henne. 14 Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg og vera heimlaus og fredlaus på jorda, og den som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»  15 Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain, så ingen som møtte han, skulle drepa han.  16 Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austanfor Eden.

Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

Esau og Jakob.

Esau og Jakob var tvillingar, Esau var fødd først, men Jakob kom så tett etter at han heldt Esau i hælen. Dermed fekk Esau førstefødselsretten, men det var då meir rart at den skulle gjere så stor skilnad mellom tvillingar. Her vart det mykje anna som spelte inn og det er ei lang historie. Jakob kjøpte førstefødselsretten av Esau og lurte faren for å få velsigninga som følgde med, ved å seie at han var Esau. Sidan kjempa han med Herrens engel, for å få velsigninga. Engelen spurde etter namnet hans og då kunne han ikkje seie at han var Esau eller gi seg ut for å vere ein annan enn den han var, han måtte komme til Herren slik som han var og innrømme at han var Jakob. Då fekk han namnet Israel.

1.Mos.32,1 No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag.  25 Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest. 26 Og han sa: «Slepp meg, for no dagast det!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» 27 «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han. 28 Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.»  29 Då bad Jakob: «Kjære, sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

Hoseas.12,3 Herren fører sak med Juda,

han vil straffa Jakob for hans ferd,

gje han att for det han har gjort. 

4 I mors liv heldt han bror sin i hælen,

i sin manndom stridde han med Gud, 

5 han stridde med engelen og vann.

Han gret og bad om nåde.

I Betel møtte han Gud

– der talar han med oss. 

6 Herren, Allhærs Gud,

Herren er hans namn. 

7 Men du skal venda om til din Gud.

Hald fast på truskap og rett,

set alltid di von til din Gud!

Josef og brørne hans.

Josef fekk ein draum som han fortalde til brørne sine, dei tolka draumen rett og vart så misunnelege på han at dei ville slå han i hel, men Ruben og Juda overtalde dei, så det vart til at dei selde han som træl i staden. Slik vart det, men det var ein draum som Gud realiserte og det fekk stor betydning. 

1.Mos.37,3 Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han. 4 Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.

5 Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han. 6 Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt! 7 Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.» 8 Då sa brørne til han: «Vil du kan henda vera kongen vår og rå over oss?» Og så hata dei han endå meir for draumane og sogene hans. 9 Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» 10 Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?» 11 Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.

David og brørne hans og Saul.

David var den yngste av mange brør og det verka rart at Gud valde han ut før han var vaksen.

1.Sam.16,3 Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han. 4 Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.

5 Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han. 6 Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt! 7 Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.» 8 Då sa brørne til han: «Vil du kan henda vera kongen vår og rå over oss?» Og så hata dei han endå meir for draumane og sogene hans. 9 Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» 10 Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?» 11 Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.

Jakob sende Josef for å sjå etter brørne sine, men dei var så misunnelege på han at det gjekk han ikkje vel. Til samanlikning sende Isai David for å sjå etter brørne sine og då viste det seg at den eldste var misunneleg på han.

1.Sam.17,26 Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?»  27 Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få, den som feller kjempa. 28 Då Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om, vart han harm på David og sa: «Kva vil du her? Og kven har du fått til å gjæta den vesle saueflokken uti øydemarka? Eg kjenner dei store tankane dine og veit kor vond du er. Du er komen hit ned og vil sjå på slaget.» 29 «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.» 30 Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.

Gud hadde vraka Saul som konge og sende Samuel til å salva David til kone i staden for han. Det vart ein åndskamp. David sigra først over Goliat og heldt fram med å vinne sigrar, så folket æra han for det. Og Saul vart meir og meir sjalu på David og ville drepe han, så David flykta og samla ein liten flokk av krigarar som var med han. Klart at denne misunninga var mykje meir fundamental enn at Eliab vart misunneleg på David.

Jesus kom med den ekte visdomen frå himmelen, så folket fekk oppleve at Gud var deira Far og formyndar.

Folket vart umyndiggjorde og fornedra av lærdomen til dei «vise», men lærdomen deira var dårskap, endåtil i Israel. Men Jesus kom med den ekte visdomen frå sin Fader i himmelen, så folk fekk oppleve at han vart deira far og formyndar.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Jesus er Sanninga som set oss fri frå trældomen under  synda og avgudane.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna og Jesus kalla Djevelen for lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Faderen elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Dei som trur på han og velsignar han, vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanna.

Jesus gjekk ikring og forkynte evangeliet om Guds rike, han fekk med seg nokre disiplar som var med han, så dei fekk spesiell god opplæring. Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han og dei. Dette vart meir og meir tydeleg for folket, så fleire og fleire trudde på han og følgde han. Prestane, farisearane og dei skriftlærde vart misunnelege på han og såg på han som ein farleg konkurrent, derfor avviste dei han og prøvde å rydje han or vegen og det enda med at dei kravde å få han hendretta. Men då vart det slik at Jesu blod tala betre enn Abels blod.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.  26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.»  27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande.  28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Vi som trur på Jesus blir som Abel, men nyttar oss av at Jesus døde i staden for oss.

Vi som trur på Jesus, velsignar han og vert velsigna, tek imot han og får rett til å verte Guds born, tek imot den nåden Gud gir oss i han, erkjenner fot Gud og menneske at «han døde i staden for meg», soleis er hans syndeoffer, syndeofferet for meg, som eg nyttar meg av, soleis blir eg som Abel som bar fram eit godt offer. Men han vart då slått i hel. Ja, men Jesus døde i staden for meg, så det er det syndeofferet eg skal nytte meg av. Abel er soleis typisk for den nye naturen, Kain er typisk for den gamle naturen som vi skal legge bak oss. 

1.Joh.3, Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot. 5 Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd.  6 Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

7 Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig.  8 Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.  9 Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud.  10 Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud.

11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.  12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.  14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.  15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.  16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. 

17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?

Djevelen vil nok prøve å skape splid, fiendskap og hat mellom brør, for soleis å splitte familien. Men Guds Son er openberra for å gjere Djevelens verk til inkjes.

Den Lovlause som erstatning for den som er rettferdig ved trua på Kristus.

Paulus talte om den nye Kristus-naturen som kjem i staden for den gamle vonde naturen, til samanlikning med korleis Johannes talte om Kain-naturen og Abel-naturen. I 2.Tess.2 talte han om den Lovlause som står imot og kjem til å erstatte ein kvan, vi kan forstå det som ein reaksjon mot det nye ved at Kain slo i hel Abel. Det er ikkje avgrensa til å bruke fysisk vold eller betinga av det, men kan resultere i det.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.  10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.  12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Dyret med den Falske profet, som erstatning for Guds profet.

Gud hadde sagt at han ville gjere noko nytt.

Jes.43, Så seier Herren,

han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet, 

17 som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei. 

20 Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk kan få drikka. 

21 Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

Men i Op.13 er det fortalt at Draken gav Dyret sin kongsstol og stor makt.

Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Draken er Djevelen og hans strategi er å dåre og forføre menneske slik som ved syndefallet, for så å føre klagemål mot dei, for å få makt over dei både med forføringa og klagemålet. Han lokka dei til å prøve å forgude seg sjølve, så dei vart dei umyndiggjorde og fornedra under avgudane sine. Men her ser vi at han gir Dyret slik makt. Dette hovudet på Dyret meiner eg er keisar Nero, men det er også ei politisk linje langt fram i tid.

Så er det fortalt om Dyr til, som tente det fyrste Dyret. Det andre Dyret gjorde teikn som liknar på det teiknet Elia fekk makt til å gjere. Likevel var dette den Falske Profet, som soleis prøvde å erstatte profeten til den sanne og levande Gud.

Joh.Op.13,13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

Joh.Op.19,20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.  

Profetien til den Falske profet kan verke som noko radikalt nytt, som om det skulle vere det nye som Gud ville gjere, men eigentleg kjem det som erstatning for det. Med det resultat at menneska ikkje kjem inn i det ny som Gud ville gjere likevel og vert ikkje med på det like vel. Dei vert lurte, så dei vert verande i det gamle like vel.

Kristus eller Antikrist.

Avgudane laga av stokk og stein var Lygna og Djevelen var lygnaren. Men Kristus er Sanninga som set oss fri. Kven er då Lygnaren om ikkje han som fornektar Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.

1.Joh.3,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.  19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.  20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.  21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.  22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.  23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.  24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.  25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.


6 responses to “Ny Tid 21. Gud har planar med meg. 5. Vi vart fødde inn i eit miljø og vart sosialiserte inn i det. Ved gjenfødinga får vi sjå Guds rike og vert frelste inn i det. Vi får oppleve at Gud gjer noko nytt og verte med på det, som hans medarbeidarar. Det gir meining med livet.”

  1. Ny Tid 27. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 2. – Faith and Entropy Avatar

    […] Ny tid 17. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 1. Ny tid 18. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 2. Ny tid 19. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 3. Ny tid 19. Jesus har planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og han vil gjennomføre det. Han vil frelse min familie og gjere noko nytt med oss. 3. Ny Tid 21. Gud har planar med meg. 5. Vi vart fødde inn i eit miljø og vart sosialiserte inn i de… […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 26. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge. Men Jesus er den Gode Hyrdingen, som sette livet til for sauene, han er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 1. – Faith and Entropy Cancel reply