Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Eg har fortalt om korleis eg var opplærd til å be får eg var ein liten gutunge, å be slik er det sentrale med prestetenesta både i den gamle og den nye pakt. No er eg i den nye pakt og får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande.
Jesus sa eg skulle sjå han har sett fram for meg ei open dør (Joh.Op.3,7) og yngste meg velkommen inn.
Jesus sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei opna dør som ingen kan lukke igjen og han inviterte meg inn. Det er døra inn i himmelen og det er døra inn i Jesu kyrkje. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, derfor er det ingen som kan lukke den for meg.
På eit møte på Sion Åheim var det gitt høve til frie vitnemål, eg såg det som ei slik opna dør som Jesus sette fram for meg og inviterte meg inn, så eg gjekk fram og vitna først om at Jesus hadde minna meg om dette bibelverset:
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Deretter vitna eg om korleis eg vart opplærde i den kristne trua:
Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min Arvid, som er vel eitt år eldre. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag (På storeskulen vart det også nokre dagar lengre borte, på ein annan skule). Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. (Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt).
I storeskule vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria (men fyrst og fremst utifrå kristendomsforfølgjingane og det ser vi framleis). På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.
Eg måtte runde av, for der var fleire som ville sleppe til og så kom Ingelin med tungetale og preikanten, John Willy, tyda det:
«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»
Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»
Guds arm er ikkje for kort til å frelse, men synda skilde menneska frå han, det var menneska sitt problem, det var det vondes problem. Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gone for alle og med det har han for evig og alltid gjort dei fullkomne som vert helga. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud og får oppleve at han elskar oss i Kristus. Gud er kjærleik, han eksister og vi kjem i kontakt med han og opplever det slik at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Det gjer oss glade og derfor skal vi glede oss.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Gud forsona verda med seg ved at Jesus døde i staden for oss, medan vi enno var syndarar, ja, lenge før vi vart fødde. Det er grunnvollen som vi har å bygge på. Jesu frelseverk er fullført og fullkome og det er berre for oss å ta imot i tru. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Med det livet han gir oss frå himmelen, får vi eit nytt liv å leve, ved den utrustninga han gir oss med den Heilage Ande, vert vi i stand til å tene Gud på ein ny måte.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Ein Herrens engel er ein Herrens bodberar, slik også med engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, eg tenker meg at det er ein mann som har fått den Heilage Ande og soleis fått ei teneste med å bringe ein bodskap til kyrkjelyden og må innsjå at Jesus har sett fram for han ei opne dør for han og bodskapen hans. Gjennom kyrkjelyden er det også ein bodskap til distriktet Filadelfia, slik også kan det vere ei open dør. Men fyrst og fremst er det døra inn i himmelriket, vi må gå inn der og få noko fundamentalt nytt og bringe det til verda, men det er og blir på den måten at vi skal vende oss til Kristus og feste blikket på han og få sjå at han er med oss alle dagar, inntil verda sin ende. Slik tenker eg meg at denne bodskapen er til meg. Så la oss ta med heile dette brevet.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Gud elskar meg i Kristus og eg elskar fordi han elska meg først. Jesus har gitt meg ei nådegåve som eg skal bruke og ei teneste som eg skal utføre.
Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Maranata 17.6.2012, tyding av tungetale:
Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.
La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du fåoppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja
Eg skal sjå til at eg bidreg i kyrkjelyden, med det Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen i Maranata 29.3.2015:
“Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.”
PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013.
Tale ved John Miland.
John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.
2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Kommentar.
Davids hus og Israels-folket hadde falle ifrå Herren, då sende han dei profeten Elia, for han såg det ut til at heile folket hadde falle ifrå, men så hadde Guds spart ein liten rest. Elisja tok over som profet etter Elia. Han kom til denne enka og fekk oppleve at Gud gjorde under for å berge henne og sønene hennar.
Denne oljen vert brukt som symbol for den Heilage Ande, slik vi ser i denne bodskapen, det er typisk at slike konkrete og synlege under i den gamle pakta vert brukt symbolsk for utgytinga av den Heilage Ande i den nye pakta. Det er om å gjere for oss å komme til Herren med alle våre behov, som dei tome kara som denne enka sette fram for han og fekk oppleve at han velsigna henne med å fylle alle kara med olje. Så kunne ho gå og selje oljen og betale gjelda og leve av det som var att.
Men i den nye pakta er det Jesus som har betalt prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Det er det vi må nytte oss av, for å verte løyste ut av trældomens åk og då er det trældomen under synda og avgudane det er tale om, trældomen under Mose-lova også.
Denne fortellinga om enka med oljekoppen er svært så talande for korleis mor mi bad kveldsbøna i lag med meg og bror min og lærde oss korleis vi skulle be. Å be slik har for meg vorte ei presteteneste, men no altså i den nye pakta.
Komme til Kristus og få kvile.
Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk vende attende skulle dei verte omskorne på hjertet. Slik kan vi forstå Sak.3-4. Øvstepresten Josva skulle sjå fram til at Guds tenar, Renning, skulle komme. Til det trongst profetisk innsikt, openberring ved Guds Ande, altså. Dei skulle bygge oppatt tempelet, men fekk motstand, då vart det sagt til byggherren Serubabel at det skulle ikkje skje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Så slik var hjerteomskjeringa i Anden.
Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike, han velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrde slike til, vi må verte som born, ja fødast på nytt av vatn (livsens vatn) og Guds Ande, for å sjå det og komme inn i det. Og der var dei som fekk oppleve det. Det var for det meste ulærde folk og der var mange som meite dei var så vise at dei ikkje ville høyre på dei. Men han sende dei ut for å forkynne evangeliet om Guds rike, først og fremst til Israels-folket, men profeterte om at dei sidan skulle verte sende til heidningane også. I Matt.10,1…. er det tale om dei 12 disiplane og i Luk.10,1…. er det tale om 70 disiplar. Han varsla dei om at dei kom til å verte forfølgde. Når dei kom attende til han, takka han Faderen for det han gjorde med dei og gjennom dei.
Luk.10,17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»
21 I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje. 22 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23 Då han var åleine med læresveinane, sa han til dei: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24 For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
Matt.10, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Jesus er den gode hyrdingen, han kom for å gi oss liv og overflod, ulven kom berre for å slakte og øyde.
Jesus er den gode hyrdingen, han kom for at vi skulle få liv og overflod. Ulven kom berre for å slakte og øydelegge.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
Når Jesus sende ut disiplane sine, var det som å sleppe ut sauene mellom ulvar.
Matt.10,16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! 17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. 18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
23 Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. 24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26 Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. 27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.
28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. 29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. 30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 Eg er komen for å setja skilje:
Son står mot far,
dotter mot mor,
sonekone mot vermor,
36 og ein manns husfolk er hans fiendar.
37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!
Matt.24,9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
Eg får gå inn i Guds rike og det er himmelriket. Det er ved at eg bøyer meg for Kristus og så får eg vere med på å lovprise Gud og Lammet for frelsa.
Jesus sa eg til meg at eg skulle sjå på han og snakke med han og så skulle eg sjå at han hadde sett fram for meg ei opna dør, som ingen kunne lukke, og yngste meg velkommen inn. Hans frelseverk er fullført og fullkome, derfor kan ingen lukke den døra, utan han sjølv, for det er han sjølv som er døra, som den oppståtte Guds Son og Messias. Å gå inn gjennom døra er først og fremst å gå inn i Guds rike og det er himmelriket. Eg kan sjå den opne døra når eg er på kristne møte, så eg innser den moglegheita han gir meg der til å gå inn og får noko frå himmelen og bidra med noko som han har gitt meg frå himmelen. Det kan også bety å sjå moglegheiter som han gir meg i kvardagen elles, så eg får gå i ferdiglagde gjerningar.
Eg kan få motstand ved at menneske ikkje vil høyre på meg eller ha noko med meg å gjere, er svikeriske, slik som dei var mot Jesus og disiplane hans. Kanskje meiner dei endåtil at dei er så lærde at dei vil ta seg til rette med å erstatte deg eg vil ha sagt og det svaret Gud gir meg ved sitt Ord og sin Ande. Men det er å misbruke Guds namn, det er slik menneska har laga seg avgudar og det er slik dei dyrkar styresmaktene som gudar (Joh.Op.17-18).
Men Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke, det er himmeldøra og det er berre for meg å gå inn. Om dei med si verdslege makt har prøvt å avsanne det som eg har sagt i mi bøn til Jesus og det svaret han har gitt meg, så tel ikkje den makta lengre, for Jesus har sigra over djevelen og døden ein gong for alle og sidan eg trur på Jesus, skal eg sigre saman med han. Eg har teke vare på hans ord og han har teke vare på det eg har sagt og skrive. Så det er det som tel i lengda, ja, til evig tid.
Sitat frå profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. ……»
Så eg tenker meg at eg bøyer meg for Kristus slik som Johannes i Joh.Op.1 og er med på å bøye meg for Guds og Lammet, takke Gud som vår skapar og lovprise Gud og Lammet for frelsa, slik som vi ser i Joh.Op.5.
Joh.Op.1,10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. 11 Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.
Joh.Op.5,6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Prestetenesta i den nye pakta og dei fire vindane.
Herrens tempelberg og Lammet brud.
Herrens tempelberg skulle løfte seg over alle fjell, det skjedde når Kristus steig opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Dei to tempelvitna steig også opp til himmelen, ja, Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og så har han sett oss i himmelen saman med han, vi er komne til Sionfjellet, det himmelske Jerusalem og har møter med han der oppe. Vi har allereie fest i Faderhuset og bryllaupssalen der vi feirar Lammets bryllaup (Joh.Op.19,7). Då blir eg vel som preterist kritisert for å åndeleggjere heile greia, kva med den konkrete bortrykkinga. Då kan eg svare at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande, så ved fylden av Anden opplever eg det allereie her og no og førebur meg på den konkrete hendinga. Jesus pustar Guds Ande på oss, vi pustar den inn og pustar den ut på andre. Jesu tyner den Lovlause med pusten får sin munn (2.Tess.2,8). Ved fylden av Anden kler eg meg i bryllaupsklednaden og innstiller meg på å vere med på å feire det. Det har verdi for meg her og no og får endå større verdi når han hentar oss heim til seg.
I den nye pakt får vi alle stige inn i den himmelske heilagdomen, etter førebilete av den levittiske øvstepresten, for no er Kristus vår øvsteprest.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Vi har møte med Jesus på «Sionfjellet», både når vi er heime med oss sjølve og når vi er i den kristne kyrkjelyden. Som engelen for kyrkjelyden i Filadelfia får eg sjå at Jesus har sett framfor meg ei opna dør som ingen kan lukke, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Det er døra inn i himmelen og det er døra inn i kyrkjelyden. Som engelen for kyrkjelyden i Laodikea får eg sjå at han kjem til meg og oss, så det er berre å opne opp for han og la han komme inn, som ein god ven. Det er berre å bøye seg for han, så får vi oppleve at han bur i det høge og heilage og hos den som audmjukar seg for han.
Jes.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
I tredje bodskapen 12.2.2011 sa Jesus til Sions dotter at det hast for henne å få eit nytt møte med han, sitat:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Så kvar skal ho gå for å få eit nytt møte med han? Kvar stemner han henne til møte? Er kanskje ikkje denne møteplassen god nok? Må ho fare opp til himmelen for å hente han ned eller ned i dødsriket for å hente han opp? Må ho fare til Jerusalem og stå og vente på oljeberget eller må ho fare til Samaria for å drage oppå vatn frå ein brønn? Er ikkje møtelokalet til dFEF eller Maranata i Oslo bra nok for henne eller må det vere eit stort og flott kyrkjebygg?
Matt.24,1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
Trengslene tek til
3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4 Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor
………
23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.
Det er sjølvsagt ikkje møtelokalet det står i, men så sant vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så skal der vere vekking, slik at menneske får møte Jesus der. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Dei to tempelvitna, dei fire vindane og tusenårs-riket.
Vi kan også oppleve det som dei to oljegreinene i Joh.Op.11, at dei steig opp til himmelen. Uansett har Jesus gjort oss til eit kongeleg presteskap, i Guds rike altså og tusenårsriket er Guds rike (Joh.Op.20,6).
1.Pet.2,9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Eg var på kibbutz i Israel i eitt år, 1983/84 og når eg var på eit kristent møte i Jerusalem kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale det Jesus sa at du er dei fire vindane, så gå inn i landet og blås på dei beina. Den var til oss som var samla på dette møtet, men spesielt til meg, for eg hadde flytta til ein kibbutz nær Jerusalem, for lettare å komme meg på slike møte. No vart det til at eg flytta tilbake til kibbutz Ayelet Hashachar i øvre Galilea.
Esekiel.37,7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.
Då kan eg vel som preterist verte kritisert for å åndeleggjere heile greia. I Op.20 er det då tale om den fyrste oppstoda og det må då vere i konkret hending.
Joh.Op.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Ja vel, men uansett skjer det ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Gud er ånd og gjer sitt verk, soleis er det han som åndeleggjer heile greia.

