Hauste korn og druer, materielt og som symbol for det åndelege livet med Gud, verte frelst for æva og få evig liv ved trua på Guds Son.
Joh.4, 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»
2011.06.13. Maranata. No er stordomstida til Jesu kyrkje.
Jesus kjem og hentar henne. Då vert det ei trengseltid på jorda.
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
Del1:
«Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 7000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du på få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.»
Del2:
«Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, bli oppmuntra, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.»
Tore Kristiansen talte.
Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
B.Del1:
«Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri. Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.»
B.Del 2:
«Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?). … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til. Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.»
Profetisk bodskap ved ei kvinne:
…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte. … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.
Relevante Bibelvers.
1KG 19,1 – 1KG 19,18 {ELIA PÅ HOREB} Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: “Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.” 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. “No er det nok,” sa han, “ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.” [gyvelbusk: busk som veks i øydemarka, og gjev ring skugge av di han er bladlaus. Beduinane lagar kol av han (Sal 120, 4) og et røtene (Job 30, 4).] 5 Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: “Stå opp og et!” 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: “Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.” 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta. Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola. Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.”
Matt.24,37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
1.Kor.15,51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.
2.Pet.3,3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
Joh.Op.21,11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. 12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.
Kommentar.
Dette er det vi skal sjå fram til og vente på. Men kvar i Johannes Openberring er det tale om dette? I kapittel 11 er det tale om dei to tempelvitna som steig opp i himmelen. Det er dei to olivengreine, det kan vere heile oljetreet, heile Jesu kyrkje altså og eg har forstått det slik at det er hushaldningslæra. Kanskje mi tolking og denne tolkinga begge deler vere rett?
I fylgje Paulus skal det skje når den siste lurer ljomar (1.Kor.15,51). Vi kan vel gå ut ifrå at den siste luren er den sjuande basunen i Johannes Openberring og den får vi høyre om allereie i kapittel 10 og 11, det kjem etter at det vart sagt at dei to tempelvitna steig opp til himmelen, den sjuande basunen kjem etter den sjette, så då skulle ikkje der vere overlapping i tid. At dei to tempelvitna steig opp i himmelen tek nok sikte på bortrykkinga, men eg trur det er mest for å gjere Jesu kyrkje i stand til å forkynne det himmelske for menneske på jorda, så dei skal fatte von om evig liv, finne vegen til Gud og komme inn på den.
Når Peter sa at elementa skulle komme i brann og løysast opp (2.Pet.3,10), så refererte han tydeleg vis til Demokrits atommodell. Dette liknar på ein atomkrig, men kan også vere eit astroide-nedslag. Vi veit at dinosaurane vart utrydda ved eit astroide-nedslag, vitskapsfolk reknar det ikkje for å vere det siste, spørsmålet for dei er ikkje så mykje om det skjer igjen, men når det skjer igjen. Langt om lenge vil sola byrje å forbrenne helium i stadne for hydrogen, då vil den ese opp, så den når ut til Mercur og Venus, kanskje endåtil jorda. Då vert det ikkje leveleg her lengre.
I vers 13 ser vi tydeleg at vi skal vente på Jesu gjenkomst med von om ein ny himmel og ei ny jord. Sidan det vert referert til syndefloda og den verda og himlane som var før den, så kan det høyrast ut som himlane var som atmosfæra og det var som om denne jorda og desse himlane kom etterpå, men det er spart til elden. Då kan ein lure på om den nye jorda er den same kloda, men i slutten av Joh.Op.20 vert det fortalt at den kvarv.
I følgje hushaldningslæra kjem Jesus fyrst for å hente si brud og då kjem den fyrste oppstoda i følje 1.Kor.15,52. Så kjem han att for gjere slutt på trengseltida, tyne den Lovlause og opprette tusenårsriket. Då kjem den fyrste oppstoda i følgje Johannes Openberring, men dei som då står opp, vert verande på jorda, dei skal vere Gud og Kristi prestar og råde med han i tusen år.
Paulus profeterte om Herrens dag, om at Jesu skal koma i herlegdom og tyna den Lovlause med pusten frå sin munn (2.Tess.2). Men her er det eigentleg ikkje sagt noko om oppstoda frå dei døde.
Parallelle linjer i Johannes Openberring.
Der er parallelle linjer, overlapping i tid. Først er der ei bok med sju segl, kap.5-8, så sju basunar, kap.8-11 og det er mykje som vert fortalt etter den sjuande basunen, før det kjem sju vreideskåler, kap.16. Det kan verke som dei sju segla, dei sju basunane og dei sju skålene er parallelle linjer, overlapping i tid og det kan ha seg slik at det er ulike områder på jorda.
Joh.Op.10,7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
Joh.Op.11,15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:
Vår Herre og hans salvevigde
har fått herredøme,
og han skal vera konge i all æve.
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud 17 og sa:
Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har teke di store makt
og vorte konge.
18 Heidningfolka vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømast.
Då skal du løna tenarane dine
profetane, dei heilage
og dei som har age for ditt namn,
små og store,
og øyda dei som øyder jorda.
19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.
Joh.Op.11,15-19 har tydeleg overlapping med Joh.Op.17-19, men Op.17-18 fortel spesielt om Vest-Europa, i Joh.Op.19 er det fortalt at Jesus, står fram som brudgomen som kjem og møter si brud og ho har gjort seg klar til å møte han, som han brud, så det vert bryllaup i himmelen, samtidig har det å gjere med at han har vorte konge på jorda, og så kjem han som Guds Ord og kongars konge, saman med sine heilage. Her står ikkje noko om at Messias skal komme på oljeberget og gjenopprette riket for Israel (Sak.14), den profetien oppfylte han då han døde på korset, vart gravlagd og stod oppatt.
Den fyrste oppstoda, ved oppretting av tusenårsriket.
I Joh.Op.20 vert det profetert at ein engel stig ned frå himmelen og bind Djevelen for tusen år og kastar han i avgrunnen.
Joh.Op.20,1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.
4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
I følgje 1.Kor.15,51-58 kjem Jesus att for å hente dei som tilhøyrer han, er dei døde, så vekker han dei opp og hentar han dei som si brud, heim til himmelen. Men i Johannes openberring kjem den første oppstoda ved oppretting av tusenårsriket (Joh.Op.20,4-6). Det ser ut til å vere spesielt for dei som har lide martyrdøden på grunn av at dei var trugne mot Kristus. Dei skal vere prestar for Gud og Lammet og råda med han i tusen år. I begge tilfelle er det tale om den fyrste oppstoda, her skal det resultere i at dei skal råde på jorda, men i 1.Kor.15 vert dei tekne bort herifrå. Det ser ut som to ulike hendingar altså, men tusenårsriket kjem med prestetenesta i den nye pakt og den vert då utført i det nye tempelet, som er Jesu kyrkje og hans brud. Så korleis hengd dette ihop?
Den fyrste oppstoda i vers 4 må vi sjå på bakgrunn av Esekiels profeti om dei fire vindane som for inn i landet og bles på dei tørre beina, så vart kjøt og hud på dei og dei liva til att.
Esekiel.37,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»
7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.
11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.
Eg meiner denne profetien har vidar betydning enn det vi ser i Joh.Op.20,4-6, men den er nødvendig for dei som blir med i den fyrste oppstoda og då gjeld det ikkje berre Israels-folket. Dette har eg skrive om her:
Innhaustinga, hauste korn og druer, materielt og som symbol for det åndelege og evige livet med Gud.
Jesus brukte kornet som symbol på Guds Ord som han sådde i verda og i menneskehjarta, så menneska skulle verte grøde som han ville hauste inn og Jesus sende ut disiplane sine for å hauste inn grøda. Det var fredeleg, men ein stor jobb, så dei skulle be Faderen sende ut arbeidarar for å hauste den inn.
Matt.9,37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. 38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
I nokre Bibel-tekstar ser det ut til å vere tale om både den fysiske hausten og den åndelege symbolske tydinga og då er det ikkje bestandig så fredeleg.
Jak.5,1 Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk! 2 Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne; 3 gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom. 4 Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot. 5 I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen. 6 Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.
Vent på Herren med tolmod!
7 Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle. 8 Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart. 9 Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra. 10 Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt. 11 Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.
12 Men framfor alt, brør, må de ikkje sverja, korkje ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under domen!
5.Mos.11,10 Det landet du no går inn i og legg under deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som de fór ifrå. Der laut du, liksom i ein grønsakhage, bruka foten når jorda skulle vatnast, kvar gong du hadde sått. 11 Men det landet de no fer over til og skal ta i eige, er eit land med fjell og dalar, som får si væte av regnet frå himmelen. 12 Det er eit land som Herren din Gud har omsut for, og alltid kviler augo hans på det, frå året byrjar til det endar.
13 Dersom de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug, 14 skal eg la landet få regn i rette tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn kornet og vinen og oljen.
Sidan får vi vite at kornet, vinen og oljen vert brukt symbols, vinen vert brukt symbolsk om kjærleiken og vinen vert brukt symbolsk om den Heilage Ande.
Jesu skal komme på skya og hauste inn sine.
Joh.Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.
Dette er det siste som skjer etter at den sjuande engelen bles i basunen. Så kjem dei sju vreidskålene. Så spørst det kor mykje overlapping i tid der er mellom dei sju basunane og dei sju skålene. Desse innhaustingane er dramatiske. Der har vorte profetert om liknande innhaustingar tidlegare og dei er ikkje bestandig så dramatiske. Til dømes sende Jesus disiplane sine ut for å hauste inn grøda og det starta fredeleg, men så vart det dramatisk, det er det profetert om i Joel.3.
Joel.3,17 Folkeslaga skal ta ut
og fara til Josjafat-dalen.
For der vil eg sitja til doms
over folk frå alle kantar.
18 Sving sigden, for grøda er mogen!
Kom og trakk, for vinpressa er full,
pressekummane fløymer over!
For vondskapen åt folka er stor.
19 Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,
Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.
20 Sol og måne svartnar,
og stjernene misser sin glans.
Amos.9,8 Sjå, Herren Gud har augo vende
mot det syndige riket:
No vil eg rydja folket ut or landet.
Men eg vil ikkje heilt
gjera ende på Jakobs ætt, seier Herren.
9 For sjå, eg gjev påbod,
og så rister eg Israels ætt
mellom alle folkeslaga,
som når ein rister korn i såld,
og ikkje ein stein fell til jorda.
10 For sverdet skal dei døy,
alle syndarane i mitt folk,
dei som seier: «Ulukka når oss ikkje,
ho kjem aldri over oss.»
Atterreising og sæle tider
11 Den dagen reiser eg opp att
Davids falne hytte.
Eg murar att rivnene
og reiser det som ligg i røys;
eg byggjer henne som i gamle dagar.
12 Så kan dei ta resten av Edom i eige
og alle dei andre folkeslaga
som er nemnde med mitt namn,
lyder ordet frå Herren,
som fullfører dette.
13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då dei tek til å pløya før skurden er slutt,
og trakkar druer til kornet skal såast.
Druesafta skal drypa frå fjell
og fløyma i alle bakkar.
14 Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk.
Nedrivne byar skal dei byggja og bu i;
vingardar skal dei planta og sjølve drikka vinen,
hagar skal dei stella til og sjølve eta frukta.
15 Eg plantar dei atter i eiga jord;
aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land,
som eg har gjeve dei,
seier Herren din Gud.
Jesaja.63,1 Kven er han som kjem frå Edom,
frå Bosra i blodraude klede,
han som er så briken i sin bunad,
og skrid fram i si store kraft?
«Det er eg, eg som talar i rettferd,
eg som har makt til å frelsa.»
2 Kvifor er din bunad så raud,
lik kleda åt ein som trakkar druer?
3 «Åleine trødde eg i vinpressa,
ingen av folka var med meg.
Eg trødde på dei i vreide
og trakka dei ned i harme.
Då skvatt deira blod på kleda mine,
heile min klednad vart tilsølt.
4 For ein straffedag hadde eg i tankar,
mitt utløysingsår var kome.
5 Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,
eg vart forfærd, men fekk inga støtte.
Då kom min arm meg til hjelp,
min harme stødde meg.
6 Eg trakka folkeslag ned i min vreide
og knuste dei i min harme;
deira blod lét eg renna til jorda.»

