Ny tid 12. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 3. Prestetenesta i Jerusalem vart eit stridens eple i den gresk-syriske tida og er det framleis. Men Kristus skipa ei ny presteteneste.

Biletet: Persia. I den persiske tida fekk Israelsfolket vende attende til landet sitt og bygge oppatt tempelet. Men  prestetenesta i Jerusalem vart eit stridens eple i den gresk-syriske tida og det er den visst enno, til tross for at den vart erstatta av noko betre, for Gud gjorde noko nytt, slik som han hadde lova for lenge sidan.

Innleiing, Jesus er Messias, han er den som har bruda.

I Høgsangen er det fortalt om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og hans brud, ho «lytelause reine», den er ei lovprising av kjærleiken mellom dei. Ho gjentok til Jerusalems døttre at dei ikkje måtte vekke kjærleiken fortidleg, før han sjølv vil. Dei måtte verne den unge jenta, når friarane kom. 

Sidan fall dei ifrå Herren og Jesajas profeterte om at dei kom til å verte bortførde til Babylonia, men også at dei skulle få komme attende til landet sitt, for han gjorde noko nytt.

Jes.43, Så seier Herren,

han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet, 

17 som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei.

Israelsfolket vart bortførde av babylonarane, men under persarane fekk dei komme attende til landet sitt, slik det var profetert. Det vart ei politisk konflikt og Daniel profeterte om at Herren streid mot persarkongen, tydeleg vis resulterte det i at dei omsider kom godt overeins med Persarane og fekk bygge oppatt tempelet. Men så profeterte Malakias om at prestetenesta deira ikkje lenger fungerte rett. Prestetenesta i Jerusalem vart eit stridens eple i den gresk-syriske tida, slik det var profetert allereie av Daniel.

Jesus sa han hadde større visdom enn Salomo, så hos han får vi den kjærleiken vi treng. Malakias profeterte om engelen for den nye pakta, Gud ville sende dei profeten «Elia» (Malakias 3-4). Det var Johannes døyparen. Han for kynte at Jesus er Messias, han har bruda og han er den som døyper med den Heilage Ande.

Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!  30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

Jesu blod talar betre enn Abels blod, soleis vitnar det om at den levittiske prestetenesta ikkje lengre fungerte rett. Jesus var Guds Lam som bar verda si synd, hans blod vart reinsingsblodet i den nye pakta.

Elia var ein mann under same kår som vi, han fekk oppleve at Gud høyrde bønene hans og jorde under. Så gøymde han seg i bergsprekka og vart teken opp til himmelen.

Profeten Elia var eit menneske under same kår som vi, han bad og fekk bønesvar.

Jak.5,16 Sanna då syndene for kvarandre og bed for kvarandre, så de kan verta lækte. Rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad.  17 Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad at det ikkje skulle regna, og det regnde ikkje i landet på tre år og seks månader.  18 Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.

Rom.11,1 No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.  2 Gud har ikkje støytt frå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel? 3 Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.  4 Men kva svar fekk han frå Gud? Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygt kne for Ba’al.  5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.  6 Men er det av nåde, er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden nåde.  

Fyrst bad Elia om at det ikkje skulle regne og så leia Gud han ut i øydemarka, der han fekk både vatn og mat. Som Guds profet gjekk han til ei enkje utanfor Israel, i Sidon og ho høyrde på han og vart berga.

1.Kong.17,1 Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.» 

2 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan! 4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.» 5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til. 6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.

Elia og enkja i Sarepta

7 Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: 9 «Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.» 

10 Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» 11 Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: «Ta med deg eit stykke brød til meg òg!» 12 Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy.»  13 Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia. 

Etter tre år, sende Gud han til kong Akab.

1.Kong.18,17 Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?» 18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og ætta di. For de har vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’al-gudane.  19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!» 20 Så sende Akab bod ikring til alle israelittane og stemnde profetane saman på Karmel-fjellet.

Desse «profetane» bad om regn, men fekk det ikkje. Så bad Elia og Gud svarde han med eld frå himmelen (lyn-nedslag) og så kom styrtregnet. Folket gav Elia rett i at Herren var Gud og så drap han desse falske profetane. Jesabel, kona til Akab, svor hevn og Elia flykta. Då var det han gøymde seg i berg-sprekka.

1.Kong.19,1 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.» 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet.  9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.

Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»  10 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»  11 Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet.  12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing.  13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.

Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»  14 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 15 Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!  16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.  17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»

Etter at Elia hadde salva Elisja til profet etter han, vart han teken opp til himmelen. 

Akab var konge i Israel 871-852 f.Kr. Josjaft var konge i Juda 868—847 f.Kr. Samaria fall i 722 f.Kr. Jerusalem fall i 587 f.Kr.

Persia, leoparden i Dan.7.

Babylonarkongen hærtok landet og folket vart bortførde som slavar, slik som var profetert, men etter 70 år skulle dei få vende attende, i år 510 f.Kr, altså. (Jeremia.25,12). Det skulle skje under persarkongen Kyros (559-529) og slik vart det med nabofolka deira også (Jesajas.44,28 & 45,1…. Esra.1,7). Det er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Men då ser det ikkje akkurat ut til at det gjekk så lenge som 70 år. 

I følgje Biblex sin kommentar til Esras bok, er der tre andre persarkongar som er nemnde i Bibelen, Dareios 1 (522-486 f.Kr, Esra 4 & 5), Xerxes 1 (486-465 f.Kr. Esra 4,6), Artaxerxes 1 (464-423 f.Kr. Esra 4,7-23 & /,1…). Eg reknar med at dette er dei fire hovuda på leoparden i Dan.7.

Dan.7,6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.  

Esra.1,1 I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen:  2 «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. 3 Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. 4 Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.»

Esra.4,1 Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.  2 Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.» 3 Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»

4 Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.  5 Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.

6 Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem.

7 Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk.

Aleksander den Store (336-323 f.Kr) kom nesten 100 år seinare, men persarkrigane er det profetert om i Dan.8.

Korleis gjekk det med den levittiske prestetenesta?

Det var no vel ei positiv overrasking at nabofolka påstod dei dyrka same Gud og ville vere med på å bygge tempelet?! Men jødane fekk beskjed om at dei ikkje skulle blande seg med dei andre folka, med inngifte, nettopp for at dei skulle halde seg heilhjarta til Herren, som motsetnad til gudane til heidningane. 

Men det var ikkje lenge før profeten Malakias refsa dei for at dei ikkje bar fram feilfrie offer. Kvifor var dette så viktig då? Dei representerte folket med å bere fram feilfrie offer for dei, dermed symboliserte det at dei sjølve skulle vere feilfrie, så Gud ville godta dei som sitt folk. Då skulle vel kona vere bra nok for mannen sin også og han vere bra nok for henne, så di var trufaste mot kvarandre, fordi dei var trufaste mot Herre (Malakias.1-3).

Elles kunne Djevelen føre klagemål mot dei, om at dei ikkje var bra nok. Det kunne fungere som argument for at ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt. Her samanliknar eg med platonismen, Platon konkluderte med at «uheldig vis» var folk så dumme og vonda at dei ikkje kunne styre seg sjølve i eit demokrati, derfor måtte ei lærd overklasse styre med diktatorisk makt. Men for den korrupte «lærde» overklassa var det heldig vis slik. Og i den gresk-syriske tida vart prestetenesat eit stridens eple i Midtausten og så veit vi korleis det gjekk.

Dei to tempelvitna. Den åndelege velsigninga vart til materiell velsigning ved at Gud gjorde under.

Når jødane kom attende til landet sitt, var det viktig for die å byrje å bygge på tempelet, for då ville Gud velsigne og den åndelege velsigninga vart til materiell velsigning ved at Gud gjorde under til samanlikning med undera han gjorde gjennom profetane Elia og Elisja.

Haggai.1, 1 I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så: 2 Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.» 3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4 Er det tid for dykk

til å bu i bordkledde hus

så lenge templet ligg i røys? 

5 No seier Herren, Allhærs Gud:

Legg merke til korleis det går dykk!

6 De sår mykje, men haustar lite;

de et, men vert ikkje mette;

de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;

de kler dykk, men vert ikkje varme;

og leigekaren får si løn

i ein botnlaus pung. 

7 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Legg merke til korleis det går dykk!

8 Far opp i fjellet og henta tømmer!

Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det

og visa min herlegdom der, seier Herren.

9 De ventar mykje, men sjå, det vert lite.

De får det i hus, men eg blæs det bort.

Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.

Fordi mitt tempel ligg i røys,

medan de har det annsamt

kvar med sitt eige hus.

10 Difor held himmelen dogga att,

og jorda gjev ikkje grøde. 

11 Eg har kalla turk

over jord og fjell,

over korn og vin og olje,

over alt som gror på marka,

ja, over folk og fe

og over alt arbeid som vert gjort.

Haggai.2,15  Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel, 16 korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue. 17 Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren. 

18 Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til  19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.

Frå i dag vil eg velsigna.

Serubabel og Josva var dei to oljegreinene i Sak.4 og vi møter dei igjen i Joh.Op.11, eg forstår det som funksjonen og tenestene deira, Gud gav dei makt over naturen til samanlikning med profetane Elia og Elisja.

Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!  2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.  3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.  5 Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten.  6 Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

42 månadar er tre og eit halvt år og det er 1277 dagar.

Jesus kom med eit nytt og betre offer og skipa dermed ei ny presteteneste.

Kristus såg det ikkje som så fundamentalt uheldig at folk var ulærde, han påstod ikkje at dei var så fundamentalt vonde av den grunn. Dei var syndarar og det var vondt, dei kunne vere utstøytte og hadde det vondt, men det var dei som hadde det vondt, som trengde lækjar. Han kom til dei med tilgjeving og som lækjar. Han kom til dei som det Guds Lam som bar verda si synd, han var Guds lytelause offerlam. Slik kom han med noko fundamentalt nytt. Så Gud openberra sin visdom for ulærde og umyndige.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Jesu blod talar betre enn Abels blod, det viser psykologien i det, at dei vart misunnelege på han til smanlikning med Kain som var misunneleg på Abel, fordi Abel bar fram eit betre offer og oppnådde dermed noko meir.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Klippe du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg.

Guds Ande gjer levande kva blodet har gitt meg.

I Israel og området rundt er tørke ein trussel, dei er treng regn i rett tid og det vert brukt som symbol på den åndelege velsigninga. Første prioritet er å påkalle Herrens nam til frelse og så be og den åndelege velsigninga.

Maranata søndag 14.6.09. Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde. 

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike. 

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Eg får sitje i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Men også som Elia i bergsprekka.

Eg får site i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Like vel er det også som Elia når han gøymde seg i bergsprekka etterpå. For Kristus er klippen som brast for meg, så eg får gøyme meg i han. Slik er det for meg! Men dette har også å gjere med å forstå den tida vi er i, vere var for Herrens sensongar.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.» 

I Israel og området rundt er tørke ein trussel, dei treng regn i rett tid og det vert brukt som symbol på den åndelege velsigninga. Første prioritet er å påkalle Herrens nam til frelse og så be og den åndelege velsigninga. Vi er vande til at slik skal vi be. Men her er det snakk om at Elia bad om at det ikkje skulle regne, der var ein sesong for det og dette vart heilt utanom det vanlege, for det skulle ikkje regne på tre år.

Profetisk bodskap ved ETS, 14.4.2024. (Møte i Lofoten); Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet. (Salomos Ordspråk 23:18 NB).

«Du er bundet av løfter til meg. Jeg vil gi deg mat i den rette tid. Stol på meg av hele ditt hjerte og sett ikke din lit til din egen forstand. Du vil aldri kunne se hele bilde for ditt liv som jeg gjør. Inviter meg inn i alle dine veier og jeg vil lede deg på de rette stier for ditt liv. Jeg vil rettlede deg! Jeg er med deg, ta min hånd og stol på meg. Veien min vil føre deg på stier du ikke hadde tenkt. I nye sesonger og steder du ikke så for deg. Jeg vil at du skal stole på at jeg leder deg på de rette veier, selv når det noen ganger går saktere enn du selv ønsker. Jeg har en plan og jeg ser hele ditt liv. Adlyd meg og ta min hånd og la meg lede deg. Du er trygg i min hånd. De rettferdiges sti er som det strålende lys, som skinner klarere og klarer til høylys dag. Jeg, Herren velsigner den rettferdige. Som et skjold omslutter jeg ham med favør. Jeg er den Gud som ser alle ting, alt er nakent og bart for meg. Jeg vil lønne deg som har levd et liv for meg. Jeg er trofast og min lønn er med meg. Jeg gjør godt mot de gode og mot den som er oppriktig av hjerte. Jeg ser deg som ber og gjør godt og ingen ting går meg forbi. Den som alltid går gråtende ut og bærer såkornet for å så, skal sannelig komme tilbake med jubel og bære sine kornbånd.« Salmenes bok 126:6 BGO I den rette din skal du høste bare du ikke mister motet. Sett deres håp til meg, Herren! For hos meg er det trofast kjærlighet og rikelig forløsning er hos meg. Har jeg ikke utfridd deg igjen og igjen. Har jeg ikke vist min trofasthet i ditt liv. Jeg vil igjen vise deg min storhet og makt. Jeg vil igjen svare deg. Du er ikke glemt av meg. Jeg er sannhet og kan ikke lyve. Jeg er den Gud som ser deg. Jeg er den levende og den allmektige. Den ene sanne Gud. Skaperen av alle ting. Jeg har skapt deg for meg selv og jeg er en nidkjær Gud. Jeg lengter etter tid med deg. Jeg dagdrømmer om deg. Du er min dyrebare skatt som jeg elsker inderlig. Jeg elsker den tiden vi har sammen. Den er dyrebar for meg. Du er sannelig sett og hørt og elsket av meg sier Herren. Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet.»

Jesus sa han ville gi meg mat i rette tid. Eg er pensjonist og «er ikkje sytande», eg har og får det eg treng. Det får meg til å tenke på korleis Gud gav Elia mat og drikke i denne vanskelege tida og så brukar eg det symbolsk om livets brød, Guds Ord. Då er desse bodskapane som ETL kjem med som mat i rette tid, for meg. Til samanlikning med ramnane og denne enka som kom med mat til Elia.


3 responses to “Ny tid 12. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 3. Prestetenesta i Jerusalem vart eit stridens eple i den gresk-syriske tida og er det framleis. Men Kristus skipa ei ny presteteneste.”

  1. Ny Tid 70. Endetidssyn 45. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 27. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny tid 7. Mi bønneteneste er ei presteteneste 1. Eg har snakka med han Jesus og teke vare på hans ord og han har teke vare på det eg har sagt og skrive. Dei fire vindane og tusenårsriket. Ny tid 8. Mi bønneteneste er ei presteteneste. 2. Det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Korleis gjekk det med den levittiske prestetenesta? Ny tid 12. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 3. Prestetenesta i Jerusalem vart … […]

    Like

  2. Ny Tid 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good foun Avatar

    […] Ny tid 7. Mi bønneteneste er ei presteteneste 1. Eg har snakka med han Jesus og teke vare på hans ord og han har teke vare på det eg har sagt og skrive. Dei fire vindane og tusenårsriket. Ny tid 8. Mi bønneteneste er ei presteteneste. 2. Det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Korleis gjekk det med den levittiske prestetenesta? Ny tid 12. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 3. Prestetenesta i Jerusalem vart … […]

    Like

  3. New Time 70. End Time Vision 45. The faith and hope, the dream and vision God gave us, God makes someone new, He puts it into action, while we are still in this world. 27. There was peace during Solomon’s reign, but he didn´t leave behind a good fo Avatar

    […] Ny tid 7. Mi bønneteneste er ei presteteneste 1. Eg har snakka med han Jesus og teke vare på hans ord og han har teke vare på det eg har sagt og skrive. Dei fire vindane og tusenårsriket. Ny tid 8. Mi bønneteneste er ei presteteneste. 2. Det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Korleis gjekk det med den levittiske prestetenesta? Ny tid 12. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 3. Prestetenesta i Jerusalem vart … […]

    Like

Leave a comment