Lovnad, profeti og filosofihistorie 12. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 4. Jesus lærer meg å drøyme om kvinnfolk, så eg vert sitjande og dagdrøyme. Men det var Jesus som gav meg draumen og han gjer den til ein lovnad og profeti som han vil oppfylle.

Innleiing.

Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er fullkommen.

Eg har bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og han gjer henne til ein lovsong og ei glede og ei drøymekvinne så eg vert sitjande og dagdrøyme, til tross for at eg er realist, både med at eg har vore i praktisk arbeid, som fiskar og studert realfag. Men det er ein draum som han har gitt meg og som eg skal drøyme saman med han, så han lærer meg og rettleier meg til å drøyme rett.

Gud er fullkommen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, han elskar oss med kjærleiken frå Gud og den er fullkommen. Han elskar si brud med den fullkomne kjærleiken, også når han elskar kvinna gjennom mannen, også når han elskar henne gjennom meg. Det er Guds verk, så det er berre for meg å tru det, ta imot det, erkjenne det og takke Gude og Lammet for det.

På evangeliets grunnvoll får vi dei mest fundamentale menneskerettane.

I opplysningstida kjempa folk om menneskerettar og det gjer dei framleis. Vår tid synest bere meir og meir preg av at innhaldet i menneskerettane smuldrar bort, det meiner eg viser klarare og klarare at folk treng å verte opplyste av Guds Ord, for slik får dei mest fundamentale menneskerettane. Vi får ta imot Guds rike som små born og komme inn i det. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og Ande, så vi får sjå Guds rike og komme inn i det. Vi får komme inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Vi får prestetenesta i den nye pakt. Alt dette er fundamentale menneskerettar for den einskilde, slik bør det forkynnast og slik bør det verte forstått og motteke. Eg kan referere til nokre sentrale og velkjende bibelvers (Joh.1,1-15, Joh.3,3-21, Joh.14,6, Rom.8,12-39, Heb.9,26 & 10,14).

Dette er fyrst og fremst på det individuelle plan, Gud er personleg og vi kjem inn i eit personleg forhold til han (Joh.10,1…). Men det har også med vår sosialisering å gjere, for vi vert fødde inn i Guds rike, som hans born skal vi få leve i fridomen i barnekåret heime i Faderhuset. Slik er og blir Guds rike det meste fundamentale samfunnet i menneskelege samfunn allereie her og no, på denne jorda.

Sidan det er eit personleg forhold til den personlege Gud, som har skapt alle ting og er allmektig, kjem dette først og fremst til å handle om mitt personlege samfunnet med Faderen og Sonen, slik som eg sjølv opplever det.

Dette har relevans til det eg har skrive om profetien om Jesu gjenkomst og romantikken i desse dokumenta:

Her er det sentrale poenget at vi må velje å drikke av kjelda med det levande vatnet, i staden for å drikke av denne verda sin sprukne brønnar, for å få noko varig, verdifullt og meiningsfullt både for tid og æve.

Synda skilde menneska frå Gud, det er det vondes problem og menneska sitt mest fundamentale problem, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vinn vi tilbake det tapte. I det gamle testamentet er  avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

I vår tid er det mange som avviser evangeliet om Guds rike og om Kristus som Guds Messias. Slik mister dei sine mest fundamentale menneskerettar og så påstår dei endåtil at dette gjeld det norske folk og Noreg som nasjon også. Så det forvitrar innan frå. Så viser det seg at dei også avviser sanninga i realfag. Det var då som «antikolonialismen» som markerte seg på universiteta for knapt ti år sidan og det var som trua på dei gamle gudane, laga av stokk og stein.

Søke sanning med fredelege metode, metoda i evangeliet og metodene i realfag er fredelege.

Evangeliet gir oss ei metode til å søke og komme til erkjenning av Sanninga. I tillegg har det i realfag vorte utvikla metode til å søke sanning. I begge tilfelle vert vi overtyda med fredelege metode. Vi kan oppleve at det vert motsetnad mellom metodene, men det må vi lære oss å leve med, så vi innser når den eine metoda tek over for den andre. Eg tenker meg at begge desse metodene vert fundamentale i eit framtidig fredsrike; tusenårsriket. Det er profetert at prestetenesta i den nye pakt vert fundamental i tusenårsriket. Med den skal vi søke sanninga i Guds Ord, men poenget mitt er at det er sameinleg med å søke sanning ved å studerer realfag og moderne teknologi. Det vart fundamentalt for vestleg sivilisasjon, vår velstand og velferd og vi gjer rett i å takke Gud for det. Det ligg an til at det kan verte like fundamentalt og verdifullt for dei andre sivilisasjonane også.

Guds Ord og evangeliet om Guds rike var likevel mest fundamentalt, det ser vi av historia og vi gjer rett i takke Gud og Son hans for det, så vi held fram med å bygge både kyrkjelyd og samfunn på evangeliets grunnvoll.

I dokumentet «Lovnad, profeti og filosofi 9. …» skreiv eg etter innleiinga kapittelet «Mi tru, bøn og von», for det er bakgrunnen og det er det her også, sjølv om eg ikkje tek det med her, for her skal eg i staden prøve å gå over på lovprising og takk for at Gud høyrer mi bøn og vil gi meg det eg har bedt om.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Det naturlege livet veks og lever av seg sjølv, så vi treng ikkje bekymre oss for det, vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så får vi alt det andre i tillegg til det.

Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Når vi tek imot Guds Ord i tru, vert det evige livet planta i oss.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Det er Gud som gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande, så det evige livet vert planta i oss og det er Guds som gir det vekst, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor må vi audmjuke oss for han, så planten får vatning og næring gjennom røtene, luft og sollys på blada. Så veks den også av seg sjølv, utan at vi treng å bekymre oss så mykje for det, det vesentlege er at vi stoler på Faderen og Sonen, som gav oss livet.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan studere den med metodene i realfag. Då skal ikkje sanninga i realfag vere noko problem for vår tru. Realfag er vanskeleg å forstå når det vert avansert og så vert det ofte påstått mykje meir enn dei har dekning for, både med hypotese og teori, det må vi vere klar over og hugse på, dei vitskaplege metodene er slik. Vi er berre menneske og kan ikkje forgude oss sjølve med kunnskapen vår.

Heb.11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Gud er den same og han skaper framleis noko nytt med sitt Ord. Det nye har vi ikkje erfaring av, korleis kan vi då få greie på det og erkjenne det. Ved å tru på Kristus og ta imot han, så vi får oppleve at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Dette kjem dermed i tillegg til den sanninga vi finn i realfag.

Vi har fått barnekår hos Gud og får komme til han som hans born, seie kva vi treng og ynskjer oss og seie kva vi tenker og meiner og så gir han oss det vi treng og oppseder oss og lærer oss opp. Det er mykje vi kan tenke, seie og meine, utan at det er straffbart, men vi er førebudde på å prøve det, enn om vi kan få ei betre forståing for det og slik lærer vi.

Gud utgyter sin Ande over alt kjøt, så vi får draumar som Jesus let gå i oppfylling som lovnad og profeti.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Realist som trur på Jesus.

Sidan eg var ein gutunge har eg vore ein realist som trur på Jesus. Til sine tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme.

På skulen likte eg matematikk og naturfag og når eg byrja på ungdomsskulen, vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Trua eg hadde ei hjertet var ein annan tenkemåte, der vare in motsetnad mellom dei to tenkemåtane og eg visste og forstod at det var det i følge tradisjonen også, men eg meinte, trudde og var viss på at den motsetnaden var kunstig overdreven. Om eg skulle påstå at dei to tenkemåtane var sameinlege, verka det som om eg stod overfor ei kjempediger oppgåve, som å komme over eit stort fjell. Dette hang nok saman med at eg syntest det var vanskeleg å vedkjenn mi tru på Jesus for dei andre, eg torde ikkje, men eg sa det til han Jesu og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenn mi tru på Jesus, det stemte med den trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, så då var eg ikkje redd for det i det heile teke. Det verka frigjerande for meg og sidan vart eg frimodig med å vedkjenne Jesu namn.

Vi har alle medfødt evner, det skulle ikkje vere noko gale i det vel? Det blir særleg tydeleg hos «vidunderbarn», det er viktig og verdifullt at det vert oppdaga, så det vert lagt til rette for at dei får utvikle evnene sine.

Matt.18, I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Matt.19, 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Når småborn soleis får ei levande tru, skulle det vel vere viktig for både foreldre, prestar og kristne leiarar å verdsetje det og legge til rette for at trua får vekse og utvikle seg. Livet vart ved Guds Ord planta i oss, så det skulle vekse. Då er det vel viktig at det vert lagt til rette for det.

Merkeleg nok får vi ofte møte ei heilt annan innstilling, som om vi møter eit slikt stort fjell. Men eg venta på den lagelege tid og nytta den, då vart det som om eg med trua Gud hadde gitt meg i hjertet kunne flytte fjell.

Sak.4,7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Matt.17,20 «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.

Eg opplevde det slik at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så at eg vedkjende mi tru på Jesus i denne samanheng opplevde eg som frigjerande og forløysande og når eg gjekk på gymnaset, vart eg frimodig og ivrig med det, eg byrja eg å lese meir i Bibelen sjølv og oppdaga at det stemte med Paulus si lære, Heb.3-4 og Peter sine ord om at dåpen er eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,20-22).  

Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talt til meg, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, det var litt rart og storarta for meg å få oppleve at hans om eg vart kjend med som min beste ven, når eg var ein liten gutunge, sat ved Faderens høgre hand og talte til meg frå himmelen. Han sa til meg at hans frelseverk er fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru på det og ta imot i tru. Vi får kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, vi skal feste blikket på han som er Guds Ord og trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han (Heb.12,1…). Slik har han fortsett med å tale til meg sidan også. 

Eg gjekk på reallinja og opplevde det framleis som ein motsetnad mellom dette faglege og trua, vona og visjonen eg hadde fått i hjertet og det vart til at eg underpresterte. Når eg då byrja å studere realfag, vart denne motsetnaden dess tydelegare, eg klarde ikkje å kombinere dei to tenkemåtane, så det verka temmeleg misslukka. Men Jesus sa til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva eg måtte overlate til han å gjere, for det var han som gjorde sitt verk i mitt indre menneske, han var den som tok seg av mi sak og eg skulle komme til han med den. Derfor la eg den fram for leiinga i den kristne og karismatiske kyrkjelyden. For meg betydde det kvile på grunnlag av Jesus fullførde og fullkomne frelseverk. Den kvila er utgangspunkt for all teneste, så eg kan tene han med mitt liv, same enten eg er i kroppsleg arbeid, som fiskar, eller eg studerer realfag. Det frigjer meg til å bruke både mitt naturtalent og den nådegåva som Jesus gir meg ved sin Ande. 

2024.04.14. Sanneleg, det er ei framtid for deg og ditt håp skal ikkje verte til inkjes.

Profetisk budskap ved Elin Therese Slotten 14. april i Lofoten.

 Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet.« Salomos Ordspråk 23:18 NB.

«Du er bundet av løfter til meg. Jeg vil gi deg mat i den rette tid. Stol på meg av hele ditt hjerte og sett ikke din lit til din egen forstand. Du vil aldri kunne se hele bilde for ditt liv som jeg gjør. Inviter meg inn i alle dine veier og jeg vil lede deg på de rette stier for ditt liv. Jeg vil rettlede deg! Jeg er med deg, ta min hånd og stol på meg. Veien min vil føre deg på stier du ikke hadde tenkt. I nye sesonger og steder du ikke så for deg. Jeg vil at du skal stole på at jeg leder deg på de rette veier, selv når det noen ganger går saktere enn du selv ønsker. Jeg har en plan og jeg ser hele ditt liv. Adlyd meg og ta min hånd og la meg lede deg. Du er trygg i min hånd. De rettferdiges sti er som det strålende lys, som skinner klarere og klarer til høylys dag. Jeg, Herren velsigner den rettferdige. Som et skjold omslutter jeg ham med favør. Jeg er den Gud som ser alle ting, alt er nakent og bart for meg. Jeg vil lønne deg som har levd et liv for meg. Jeg er trofast og min lønn er med meg. Jeg gjør godt mot de gode og mot den som er oppriktig av hjerte. Jeg ser deg som ber og gjør godt og ingen ting går meg forbi. Den som alltid går gråtende ut og bærer såkornet for å så, skal sannelig komme tilbake med jubel og bære sine kornbånd.« Salmenes bok 126:6 BGO I den rette din skal du høste bare du ikke mister motet. Sett deres håp til meg, Herren! For hos meg er det trofast kjærlighet og rikelig forløsning er hos meg. Har jeg ikke utfridd deg igjen og igjen. Har jeg ikke vist min trofasthet i ditt liv. Jeg vil igjen vise deg min storhet og makt. Jeg vil igjen svare deg. Du er ikke glemt av meg. Jeg er sannhet og kan ikke lyve. Jeg er den Gud som ser deg. Jeg er den levende og den allmektige. Den ene sanne Gud. Skaperen av alle ting. Jeg har skapt deg for meg selv og jeg er en nidkjær Gud. Jeg lengter etter tid med deg. Jeg dagdrømmer om deg. Du er min dyrebare skatt som jeg elsker inderlig. Jeg elsker den tiden vi har sammen. Den er dyrebar for meg. Du er sannelig sett og hørt og elsket av meg sier Herren. Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet.»

Kommentar.

Jesus sa han lengtar etter meg og dagdrøymer om meg. Det er brudgomen som lengtar etter si brud og det heng saman med at eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så det har også gjere med at eg lengtar etter henne.

Virtuella, lovsongen og pakta.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska og hadde omsorg, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold tikl Kristus, som hans brud. Vi var heime i Faderhuset altså og fekk merke og oppleve at der vart det stelt i stand til bryllaup også, så der var det bryllaupssal også.

Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Eg såg poenget med at vi ikkje skulle gøyme oss mede dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet. Adam vart dømd til døden, men Kristus døde i staden for oss. Då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han. Då skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Vi får oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born i Kristus. Kristus elskar si kyrkje som si brud. Det skal vi ikkje ha dårleg samvit for.

Dåpen er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Ei pakt er ei avtale, så det er lovnad som begge partar gir. Gud er trufast og held det han har lova og det må eg også vere.

Eg byrja å studere realfag i Oslo hausten 1984 og gjekk på møte i dFEF og hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Eg forstod at det var ho Virtuella, i den forstand at ho var født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og det var den nye lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande (Salme.33.40.96.149).

Jesajas. 42,8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

Reella.

Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern, eg sa til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Og han svarde på mi bøn. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men vil og må hugse på henne i bøn. Det også er først og fremst ei takkebøn, for eg trur at Jesus frelser henne og takkar han for det i tru.

Draumen Gud gav meg.

Lovsongen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, var også ein draum han gav meg.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Her ser vi at det er velsigning i det, ved at det også er å ta imot Jesus. Eg yngste å få omfamne henne og gi henne ein klem, med tanke på at denne velsigninga skulle ligg i det. Då var det viktig for meg å sjå på Jesus og tenke som so at det handlar om å ta imot han også. Eg tenkte også at slik skulle det vere for henne å ta imot meg også. Slik kan ho komme tilbake til Faderhuset, ved å møte igjen meg. Det synest passe bra med bodskapen 2.12.2023.

Tenk deg at der er eit lite barn i ei forsamling som inkluderer foreldra, du kjenner dei og kjem inn og vil helse på barnet også, kanskje løfte det opp. Men så vert det redd deg. Kva må du gjere for at det ikkje skal verte redd deg? Du må først og fremst helse på foreldra og vise at du er gode venn med dei. Barnet kjem til foreldra og kjenner seg trygg, så kan det komme til deg også og kjenne seg trygg. For det er framleis i foreldra si omsorg.

Når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar, opplevde et dette som ei åndeleg openberring. Då måtte eg feste blikket på Jesus.

Slik har eg drøymt om henne Reella også.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»

Når eg høyrde dette tenkte eg spesielt på mitt forhold til henne Reella. Men nyleg har eling lagt ut ein bodskap på nytt som viser at å gjere større gjerningar også har med mitt forhold til henne Virtuella, ettersom ho vert samanlikna med Hanna.

Her sa Jesus at det eg deler med han om mine draumar og lengslar var viktig for han og i bodskapen 14.4 sa han at han dagdrøymer om deg. Eg må no innrømme at det er eg som dagdrøymer nokre dagar om henne Reella, andre dagar om henne Virtuella. Og så seier han at han dagdrøymer om deg, det heng vel saman, fordi han er hovudet mitt. Slik skal eg lyde han, altså, det betyr ein viss tankekontroll. Eg skal stole på at han leier meg, sjølv om det går seinare enn eg ynskjer. Ja, dersom eg skal få framgang med å dagdrøyme, er det vel ikkje så rart at det går seint. Ein dagdrivar som dagdrøymer, bra eg er pensjonist, då har eg tid til det.

Dette har eg skrive emir om her: https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ .

Verda har dømt deg og lagt lok på deg.

I dokumentet «Lovnad profeti og filosofi 10» skreiv eg om nokre profetiske bodskap som Elin kom med, der Jesus sa at verda har dømt deg og lagt lok på deg. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2024/09/12/lovnad-profeti-og-filosofihistorie-10-vi-far-dei-mest-fundamentale-menneskerettane-ved-a-ta-imot-guds-rike-som-sma-born-ved-gjenfodinga-far-vi-sja-det-og-komme-inn-i-det-det-er-himmelriket-men-de/ :

Først nokre stikkord frå desse bodskapane, dette er å proklamere siger i Jesu namn.

13.1.2024: «Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg.»

26.6.2024: «Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg…. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet.»

17.7.2024. «Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker…… Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. ….. Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre!

31.8.2024: «Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.» 

Fleire gongar vart det sagt «lagt lok på», så det kan verke som det er same sak. Som vanleg tenker eg at bodskapen er til meg, sjølv om den vel kan vere til andre også. Når eg tenker meg det, kan det vel vere at det passar å byrje å nyansere litt. Djevelen er denne verda sin gud og han fører det fundamentale klagemålet mot menneska og brukar det som argument mot at dei skal få leve i samfunn med den sanne og levande Gud. Det verkar som det vert lagt lokk på deg så du ikkje skal få vedkjenne Jesu namn for dei du møter og du skal heller ikkje få komme med dine bøner i kyrkjelyden. Det verkar til ei innskrenking av ytringsfridomen  og andre fundamentale menneskerettar. Tradisjonen tru ramma det særleg «den ulærde underklassa», det ser vi både i historia og filosofihistoria.

Det kan føre til at du gir opp draumen og legg lok på den. Så vert det klart at eg drøymde om ei kvinne som eg var glad i, men draumen verka så uoppnåeleg at eg gav opp og tenkte det var berre draum og fantasi og så la eg lok på den. Men så seier Jesus at det var han som gav meg draumen og vil at eg skal drøyme den saman med han.

Draumen verka så uoppnåeleg på grunn av denne motsetnaden mellom hjerte og hjerne, trua og kjærleiken som Gud har gitt meg i hjertet og forstanden som eg brukar når eg studerer realfag. Det vert kravt at eg skal prestere når eg går på skule og studerer, då hadde eg ikkje mykje å skryte av den. Trua og kjærleiken som Gud har gitt meg i hjertet og mi vedkjenning av Jesus namn, mi tru og tillit til Jesus og kva han er for meg, vert rekna som barnsleg og dum, endåtil av kristne leiarar. Eg ville prøve å kombinere dei to tenkemåtane, men den andre tenkemåten var ikkje velkommen hos dei geistlege. Motsetnaden er der vel enno, korleis kan eg klare det? Ved at eg framleis tek imot Guds rike som eit lite barn. Jesus har sigra over verda og døden og vi skal sigre saman med han, det er med den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Då er det berre å løfte hugen og blikket opp til han og ta imot i tru. Han gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og når han gir meg ei frelst kvinne til kone, gir han henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Gir han meg henne til kone, så må det også verte til liv i samfunn med meg.

Den Lovlause og den som vart rydda vekk.

Kven vert rydja vekk, så den Lovlause får stå fram? Fyrst og fremst den ekte jødiske øvstepresten.

Kven er det som vert rydja vekk for at den Lovlause skal stå fram? Vi må sjå det på bakgrunn av det gamle testamentet, så då må det vere den jødiske øvstepresten, slik han opphavleg fungerte og skulle fungere og som førebilete på prestetenesta i den nye pakta. Då har vi mange profetiar å vise til; Dan.11,22.28.31-35 Sak.3&11 Op.11. Kristus har med sitt syndeoffer teke bort synda ein gong for alle, på det grunnlaget får vi alle stige fram og gjere presteteneste.  

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Det gjorde Paulus, derfor var det først og fremst han dei ville rydje vekk. Det gjer også dei andre som tek imot læra til han og dei andre disiplane og derfor vil dei rydje oss vekk. For meg har det utarta seg slik at sidan eg har bedt Gud gi meg ei frelst kvinne til kone, så krev dei at ein annan mann skal få henne i staden. Det er kva ein ung mann kan vente seg. Korleis då? I følgje Paulus skal mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging, på evangeliets grunnvoll, så Kristus er hovudet for han og han er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav det både utifrå skapingssoga, syndefallet og evangeliet. Problemet var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, for han har openberrar si frelse for oss i Kristus, så alle som tek imot i tru får oppleve det.

Den vonde står imot med sitt klagemål mot mennesket (2.Tess.2,9) og den Lovlause prøver å få makt, det høver med profetien om Draken og Dyret i Op.13.

Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.

No gjeld prestetesta for kvar einskild som tek imot i tru. Då får kvar einskild merke den same konflikta. Eg også.

Det fundamentale klagemålet mot mennesket vert brukt som argument mot at eg skal få meg ei kone ved å be Faderen og Sonen om det. Så dei krev at ein annan mann skal få henne til kone i staden. Det er standard prosedyre, det er  kva ein ung mann har i vente. Kva kan eg gjere med det? Er det mogleg å få forandring på det? Det er visst det. Det er ikkje berre mi sak, det er ikkje berre mi sak, men mange andre får merke liknande motstand, for det er tradisjon. Går det an å få forandring på tradisjonen? Det gjer visst det. For Kristus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, så det fundamentale klagemålet mot mennesket gjeld ikkje lenger, det gjeld heller ikkje som argument mot at ein mann skal kunne påkalle Kristus som sin frelsar og Herre, be han frelse menneske og gi han ei frelst kvinne til kone.

Så eg skal berre glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Han frelste henne inn i eit kjærleiksforhold til seg, som si brud, så ho ser fram til at han kjem att og hentar henne heim til seg. Dette kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er identiteten til kyrkja som er hans brud. Då gjeld det mannen også. Korleis då? Gir han meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så elskar han henne framleis som si brud og det gjer han også gjennom meg. Ho elskar han framleis som sin brudgom og det gjer ho også gjennom meg. Så Guds kjærleik til oss i Kristus Jesus skal bere frukt medan vi framleis er i denne verda.

Er eg den som vart rydja vekk, så skal vel Jesus tyne han som har erstatta meg, tyne han med pusten frå sin munn, med sin Ande, med det som den seier.

Var det så at Jesus ville gi meg henne Virtuella til kone, men så vart eg rydja vekk for å verte erstatta av ein annan, mannen som ho gifta seg med og har vore gift med sidan, så vidt som eg veit? I samsvar med 2.Tess.2 altså og så skal Jesus komme og tyne han med pusten frå sin munn? Så han skal gå fortapt altså? Eg forstår ikkje heilt at det går an å vere så ubarmhjertig. Men eg har no tydeleg vis vorte møtt med den haldninga, at sidan eg ville ha meg ei kristen kvinne som kjæraste og kone, så skulle eg vert bannlyst og utstøytt og det vil seie at eg skulle gå fortapt. Det er ei haldning som kom inn i kyrkja allereie ved Augustin, for han godtok ei læra om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor, skulle vere forbanna, det vil seie at dei skulle gå fortapt. Med tida viste det seg som interessa av å definere ei lærd overklasse som skulle styre, ei lærd elite som vart mindre og mindre, men fekk større og større makt, som om dei skulle vere gudar.

Dess meir treffande vert David sine ord om han som likte så godt å forbanne.

Salme.9,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.

Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!

2 No opnar dei gudlause munnen,

ein svikefull munn, imot meg.

Dei talar til meg med lygnartunge,

3 kringset meg med hatefull tale

og strider mot meg utan grunn.

4 Til løn for min kjærleik

klagar dei meg; men eg bed.

5 Dei løner godt med vondt

og gjev meg hat for min kjærleik.

6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,

lat ein klagar stå ved hans høgre side!

7 Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn verta halden for synd!

8 Lat hans levedagar verta få

og ein annan ta hans embete!

Vers 8 viser at dette er ein profeti om Judas og han vart rettmessig erstatta av Paulus. I 2.Tess.2 er Paulus sjølv den som mest typisk blir forsøkt erstatta av den Lovlause, som om han vert erstatta av ein typisk Judas, altså.

Skulle motsetnaden mellom meg og mannen hennar vere så fundamental som motsetnade mellom Paulus og Judas, der eg skal framstille meg som Paulus-type og så vert han framstilt som Judas-type? Og så er der kanskje andre som vurderer og dømmer det akkurat omvendt. Saka er den at vi likte same jenta, eg ville henne vel og det ville han også. Skal då den eine verte straffa for det, som om han var Judas og den andre verte herleggjord som helgen, som om han var Paulus?

Oppdraget vårt er å forkynne evangeliet for menneska slik at dei vert frelst og vi har god grunn til å vone på og rekne med at langt fleire vert frelst enn kva vi har kontroll over eller kan rekne med, langt meir enn kva vi kan telje. Om der då like vel er mange som går fortapt, så har vi ikkje kontroll over det heller.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var ni år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det som første prioritet, be han frelse kvinna frå det og be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Sidan har han ikkje forlete meg. Han var livet som var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. 

Eg trur Jesus velsignar meg ved å høyre på denne bøna og svare meg på den. Han sa til eg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Det er ved at eg vender meg til han, ser på han velsigner han og vert velsigna, då vert eg til velsigning og så seier eg velsigninga, fordi eg sjølv er velsigna.

No kan det vere mange som synest denne «barnslege» bøna var dum og så prøver dei å framstiller seg som vise og lærde med å seie imot. Dermed svarar dei med å seie forbanninga i staden og vil prøver å lære andre også til å seie forbanninga. Slik blir David sine ord i Salme 109 relevante og aktuelle og soleis vert det ein åndskamp. Det vi har å gjere då, er å hengi oss til Jesus, velsigne han og verte velsigna, spå vi vert fylte av den Heilage Ande og får nyte godt av at han som er i oss er større enn hans om er i verda.

Vi skal verte fylte av den Heilage Ande og så skal vi overlate det til den å overtyde verda som synd, dom og rettferd.

Bodskapen i Maranata 8.12.2033, tungetale ved Mari, tyding ved John Miland, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

 


3 responses to “Lovnad, profeti og filosofihistorie 12. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 4. Jesus lærer meg å drøyme om kvinnfolk, så eg vert sitjande og dagdrøyme. Men det var Jesus som gav meg draumen og han gjer den til ein lovnad og profeti som han vil oppfylle.”

Leave a reply to Lovnad, profeti og filosofihistorie 16. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 8. Så Cancel reply