Renessanse og opplysningstid. Kristendom realfag og liberalisme. 1.

Fridomen og menneskerettane i kristendomen.

I opphavet var Ordet hos Gud og det var Gud. I han var liv og livet var lyset til menneska. Det opplyser oss.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Vi får rett til å verte Guds born og det inneber fridom og grunnleggande mennesekrettar.

Rom.8, 12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

…..

16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Kristus er sanninga som set oss fri.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Joh.14, 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

At sanninga set oss fri, finn vi hos mange andre filosofar også, som Sokrates, Platon og rasjonalisten Spinoza.

Gud og hans rike er mest fundamentalt, den sanninga, fridomen og menneskerettane han gir oss er mest fundamentalt. Gud veit at menneska treng det og har sett oss til å gi dei det.

Den glade bodskapen vart forkynt for jøde først, så grekar, sa Paulus, og soleis til alle heidningar altså. Filosofihistoria og kyrkjehistoria er ei søking etter sanning, meir eller mindre ærleg. Renessansen, den nye naturvitskapen, liberalismen og opplysningstida har ideal som sanning, fridom, menneskerettar og å verte opplyst av sann og god kunnskap og innsikt. Alt dette har vi i kristendomen og det er viktig for oss å ta imot det og bringe det til verda. Men vi skal løfte hovudet og vende hugen opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, slik får vi noko verdifullt å tilføye.

Skolastikken.

I middelalderen søkte folk sanning i teologi og filosofi, denne skuleringa vert kalla skolastikken.

Sitat frå https://snl.no/skolastikk :

Skolastikk er en systemskapende, metodisk, autoritets- og tradisjonsbunden retning innen filosofien som blant annet søkte å forene gresk filosofi, særlig Platon og Aristoteles, med den kristne læren. Den ble først og fremst dyrket ved katedral– og klosterskoler i Europa fra 1100- til 1500-tallet.

Skolastikken utviklet et raffinert teknisk begrepsapparat og en tilsvarende terminologi. Dens tenkning er basert på deduksjon fra bestemte premisser (for eksempel Aristoteles’ metafysikk og Bibelen) mer enn på induksjon og erfaring.

Disputasjonsformen ble karakteristisk for skolastikken. Man gikk ut fra en oppstilt tese eller et spørsmål, argumenterte for og mot etter strengt oppstilte regler, ofte med sitater fra Bibelen og andre autoriteter, fremsatte så i hoveddelen konklusjonen og gav til slutt svar på motargumentene.

Historikk

Skolastikkens grunnlag ble lagt av Augustin på 300-tallet. Videre ble den forberedt av blant andre Eriugena på 800-tallet og andre filosofer, som for det meste var påvirket av platonismen eller nyplatonismen. Særlig stor betydning hadde Anselm av Canterbury på 1000-tallet, som mente at han var en viderefører av Augustins filosofi og teologi.

Skolastikken kulminerte med gjenoppdagelsen av Aristoteles på 1200-tallet. Høyskolastikkens store navn er dominikaneren Thomas Aquinas og fransiskaneren Bonaventura.

Senskolastikkens viktigste navn er fransiskanerne Duns Scotus og William Ockham. Med sistnevnte utviklet skolastikken seg i retning av en empiristisknominalistisk og innen kirken meget omstridt filosofi. Skolastikkens mest betydningsfulle og kjente debatt var universaliestriden. Fra annen halvdel av 1300-tallet stivnet skolastikken i en lite fruktbar, spekulativ og spissfindig, ofte ordkløverisk tradisjon.

Den nyere tids filosofi og vitenskap (Galileo GalileiRené DescartesFrancis Bacon og mange andre) tok avstand fra skolastikken og representerte en bevisst opposisjon mot den. Senere har man imidlertid forstått at den på sitt beste leverte filosofi og teologi av høy klasse, og at kjennskap til skolastikken, som kanskje er middelalderens mest særpregede bidrag til vår åndshistorie, er vesentlig for vår kulturhistoriske forståelse.

I mellomalderen var der dei som hevda at universalia er «ante res», (før tingen), sett frå Guds synsstad, sidan han har skapt alt etter sine tankar, men at universalia er «in rebud» (i tinga), sett utifrå tinga slik som dei er. Samtidig er universalia «post res» (etter tinga) utifrå menneskeleg erkjenning, som her vert forstått som ein prosess som tek utgangspunkt i vår sanseerfaring av dei einskilde tinga.

Thomas Aquinas hadde eit slikt syn. Men dette liknar mistenkeleg på å dyrke avgudar laga av stokk og stein. Nettopp på Aquinas tid var paven på høgda av si makt, med skriftestolar og avlatshandel. Med renessansen og reformasjonen kom det til eit oppgjer med denne pavamakta.

Så kom liberalismen. Kant kom seinare, som reaksjon mot liberalismen, han gav starten til den venstre-liberale retninga Kant-Hegel-Marx…Trua på Bibelens Gud høver med Kants analytisk apriori kunnskap/påstand. Han meinte matematikken var syntetisk apriori, men eg og mange andre meiner den er analytisk apriori.

Ein kan påstå nokså dogmatisk at trua på Gud og matematikken er dei sikraste universalia for alle ting, men kor mykje forstod vanlege folk av det? Eg har nyst skrive tre dokument om thomismen og kantismen der eg viser at thomismen høver bra med den kristne trua, dersom universalia før tingen er Gud og hans Ord. Dersom tingen er eit menneske som trur på Kristus, får vi universalia i tingen og etter tingen. Kristus gjer Faderen kjend for oss, så vi kan vite kva dette universalia er. Vi kan ha universalia i tingen elles også, men då vert det vanskelegare å vite kva det er og erkjenne det.

Thomas Aquinas meinte der var ei fornufts-forordning ved Guds forsyn for all skapningen. Alt er underlagt Guds forsyn, derfor har alle ting del i den evige lov. Nedslaget av den evige lov i fornuftige skapningar er den evige lov. Slik er det for både kristne og heidningar, vi kan erkjenne kva som er godt og vondt uavhengig av openberring, den naturlege lov er objektiv og allmenngyldig, den eksisterer. Slik gav han naturrettstanken ein teologisk versjon. Den forrangen kristne har, framfor ikkje-kristne, er at dei kjenner den gudommelege lov ved openberring, men den gjeld spesielt for frelsa.

Renessansen og den nye naturvitskapen.

Den nye naturvitskapen er ein sensasjon i verdens-historia, så det har vorte filosofert over kvifor det starta akkurat på 1400-1500-talet. Det vert kalla renessansen på grunn av gjenføding av antikk kultur. Ved Aust-Romarriket fall (1453) reiste mange intelektuell vestover og tok med seg fornya kjennskap til den gamle greske filosofien, spesielt Platon, liksom arabarane 200 år tidlegare hadde teke med seg Aristoteles. På den eine sida hadde folk ei teoretisk skulering i skolastikken og så fekk dei adekvate begrep og teoriar frå gresk filosofi. På den andre side var der ei nyvekt interesse av å utnytte og kontrollere verda, ei sekularisering av interessene som er så typisk for renessansen. For i seinmellomalderen fekk vi ein overgang frå begrepsrealisme til nominalisme, som gjorde at dei vende merksemda meir mot dei konkrete tinga, dette kan ha fremja den eksperimentelle naturvitskapen, men truleg var dei greske teoriane viktigare, Demokrits mekanistiske atommodell og den begrepsrealistiske nyplatonske talmystikken.

14-1500-talet var prega av kampen om metoden og vart ei forvirra tid, så renessansen var ikkje lyset som kom, men lyset som nesten gjekk ut. Nokre meinte at rasjonalismen var rett, andre meinte at empirismen var rett, inntil det vart nokolunde semje om at den nye naturvitskapen var ei syntese av begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Samtidig med dette kom reformasjonen og her var det også mykje som var uklart.

Det mekanistiske verdsbildet og det fysikalistiske menneskesynet.

Den klassiske mekanikken er ein vitskapleg teori. Vi kan tenke teologisk og filosofisk i tillegg til den. Det gjorde både Galilei, Newton og rasjonalistane Descartes, Leibnitz, Spinoza, Pascal. I følge Descartes  er naturen (res extensa) slik dei mekanistiske og materialistiske begrep seier, men sjelene (res cogitans) er annanleis. Det vert kalla ein psyko-fysisk dualisme.

Men det mekanistiske verdsbildet er også filosofisk teori. Hobbes meinte til dømes at kvalitetar og sjelelege fenomen i grunnen var materielle og mekaniske (materialistisk monisme).

Seinare har Demokrits atomteori vorte til naturvitskap, Newtons mekanikk vert brukt på atom og molekyl og vert brukt til å forklare lydsignal. Seinare kom Maxwells elektromagnetisme, det er usynlege elektriske felt rundt elektrisk ladde atom, når dei er i rørsle kjem der også eit magnetisk felt. Men då har vi allereie ein usynleg røyndom i tillegg til partikkelen. Slik er det også med gravitasjonskrafta.

I celleveggen er der proton som funger som porer som slepp gjennom små ion (ladde atom). Det er så selektivt at cella vert negativt ladd innvendig. Over celleveggen i ei nervecelle blir der eit kvile-potensial på -60 til -80 mV. Ei nervecelle har mange små trådar og så ein lang tråd som vert kalla axon. På ein eller annan måte kan celleveggen verte stimulert slik at der lokalt blir eit «aksjonspotensial» på omlag +35 mV. Ein skilnad på 0,1V altså. Då blir det ein elektrisk puls som går langs aksonet til synapsen, der er det proton-porerer som slepp gjennom ion, slik vert signalet sendt vidare til ein annan nervetråd. Dersom det er noko vi lærer godt, vert det sett inn fleire proton-porer i synapsen. Dermed kan vi seie at det fungerer som eit minne. Det kan også verte bygt nye nervetrådar. Dette vert kalla nevroplastisi.

Dette har resultert i det fysikalistiske menneskesynet, det er ikkje heilt det same som det mekanistiske verdsbildet, for felt-teorien har kome i tillegg. Når massen vart sett lik null i Maxwelles likningar, fekk vi dei elektromagnetiske likningane for lys, så det vart klart at det var lysbølger.

Men kva med kvante-mekanikken? Den har gjort det klart at lys også er masselause partiklar og at partiklar med masse også har ei bølgerørsle, vi kallar det bølgefunksjonen. Dermed har vi ein dualisme mellom partikkelnatur og bølgefunksjonen og den er ein usynleg ide. Den inngår i Schrødingers bølgelikning, vi kjenner løysinga på den i heilt spesielle tilfelle, slik har dei funne atomorbitalane.

No spekulerer dei i kva bevisstheita vår er, kanskje den er bølgefunksjonen. Eg meiner dette skulle høve bra med at ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.11,3). Derfor er naturen forståeleg.

Hobbes.  

Thomas Hobbes (1588-1679) levde i England i ei uroleg tid, den engelske revolusjon kom midt på 1600-talet. Sitat frå https://snl.no/Den_engelske_revolusjon :

Siden reformasjonen på 1500-tallet hadde England vært preget av sterke religiøse motsetninger mellom katolikkeranglikanske protestanter og protestantiske puritanereMaria den blodiges katolske herredømme (1553–1558) og Oliver Cromwells puritanske diktatur (1653–1658) skapte en forestilling om katolikker og puritanere som politisk og religiøst ekstreme. Men da Karl 2 kom til makten i England etter restaurasjonen i 1660, sto han i takknemlighetsgjeld til det katolske Frankrike som hadde støttet kongefamilien etter Karl 1s henrettelse i 1649. Karl ønsket derfor religiøs toleranse både for katolikker og puritanere.

I striden mellom kongen og parlamentet støtta han eineveldet, for å sikre ro og orden, men den ideologiske stønaden var tvetydig. Hans politiske teori er ekstremt individualistisk og absolutistisk, sosial atomisering og despoti går hand i hand, når menneska ikkje er knytt til kvarandre med indre menneskelege band, blir det nødvendig å bruke ytre press for å hindre anarki.

Menneska er som atom som kolliderer mot kvarandre, slik kommuniserer dei. Dei er autonome, sjølvstendige, slik er dei fri og så vert dei drivne av behov for sjølvoppretthalding, sjølv om dei er egoistiske, innser dei at dei har nytte av andre, denne gjensidige forståinga vert til avtaler, sjølv om det ikkje er bevisst, formulert munnleg eller skriftleg. Men kan bli det. Slik blir der ei samfunnskontrakt.

For å analysere samfunnet tenkte han på det som eit pendelur som han demonterte for å sjå på delane og finne ut korleis det verka, for så å skrue det saman igjen. Metoden er analyse og syntese. Med læra om naturtilstanden prøver Hobbes å klarlegge kva det vil seie å leve utan stat. Naturtilstanden er ein tenkt alle sin krig mot alle, men då ville alle kjenne seg utrygge. Derfor vert «menneske-atomet» drive av frykt og sjølvbergingsdrift, det vert årsak til sosiale fenomen som solidaritet, samhandling og fridom etc. Han rekna med tre kjelder for motiv og konflikt: frykt, konkurranse og ære. Samfunnskontrakta går ut på at alle avgir fridom til eit statsorgan. Loddet i pendeluret er å likne med sjølvbergingsdrifta, det er naturkrafta, pendelen er å likne med herskaren, den disiplinerer, styrer og held orden. Staten er tufta på kontrakt og vert halden oppe ved fysisk makt, det er grunnleggande for alle sosiale fenomen. Dei samfunnsmessige banda vert konstituert av opplyste eigeninteresser, formidla gjennom, staten. Dette som motsetnad til Platon og Aristoteles, der mennesket vart sett på som eit sosialt vesen med naturlege evne for fellesskap, staten og samfunnet var eit med menneskets vesen. Men for Hobbes er individa asosiale og samfunnet er noko sekundært for dei.

Kristendomen og det mekanistiske verdsbildet.

Steinen som kom ramlande og knuste biletstøtta. 

Om der kjem ein stein ramlande og treff ein annan stein så den vert flytta, kan vi bruke mekanikken til å forklare det som skje, ja, rekne det ut på førehand. Det mekanistiske verdsbildet kan bruke dette symbolsk, til dømes om ein som går til krig mot ein annan. Når menneska brukar språket til å kommunisere, vert det endå meir symbolsk, ved symbolikken som ligg i språket.

Bibelen brukar det også symbolsk.

Jesaja.51,1 Høyr på meg,

de som jagar etter rettferd,

de som søkjer Herren!

Sjå på det fjellet de er hogne utor,

det steinbrotet de er tekne frå!

2 Sjå på Abraham, far dykkar,

og på Sara, som fødde dykk!

Han var berre éin då eg kalla han,

men eg velsigna han

og gav han ei talrik ætt.

3 Ja, Herren skal trøysta Sion,

trøysta alle hennar aude tufter.

Han gjer hennar øydemark lik Eden,

hennar aude hei lik Herrens hage.

Der skal fryd og glede råda,

der skal takkesong og jubeltonar lyda.

Daniel.2, 28 Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.

29 Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda. 30 Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.

31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. 32 Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; 33 leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder. 37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære! 38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. 39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. 40 Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre. 41 Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire. 42 At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. 43 Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire. 44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. 45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

Korleis kunne denne steinen verte til eit stort og mektig fjell som fylte heile jorda? Jesus og disiplane hans gjekk ut og møtte vanlege menneske, han møtte einskild-menneske og han tala til store menneske mengder, men han prioriterte å gå til den ulærde underklassa og dei som kjende seg utstøytte frå samfunnet, fordi det var dei som var sjuke som trengde lækjar, dei var dei som var fangar som trengde den frigjerande bodskapen mest. Der vart også skilnaden mellom det gamle og det ny tydlegast, til ære for Faderen og Sonen.

Atomistisk samfunnssyn med openberring ved Guds Ande.

Då kan vi trygt seie at dette var allereie eit atomistisk samfunnssyn og det heilt ned til dei lavaste samfunns-laga og Faderen var med dei og gjorde sitt verk. Når Jesus stod oppatt frå dei døde, gav han dei misjonsbefalinga og sa dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Men først skulle dei vente i Jerusalem til dess han sende dei den Heilage Ande frå himmelen. Når dei då gjekk ut og forkynte evangeliet, kan vi godt seie at det framleis var i samsvar med eit atomistisk samfunnssyn, ved at dei gjekk ut som einskildmenneske og møtte einskildmenneske, men så fekk dei også oppleve at den Heilage Ande gjorde sitt verk gjennom dei og med dei, den openberra Kristus for dei, så dei fekk i sanning sjå at han var med dei.

La oss samanlikne dette med Hegels dialektikk, Han meinte at når eit menneske møter eit anna menneske, blir det ofte til at den eine definerer seg sjølv som herre og så vert den andre definert som knekt. Men så vert der ei gjensidig omforming av herre og knekt. Men slik er det og blir det ikkje her, for Kristus er vår frelsar og Herre, han er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

Demokrits atommodell i Peters profeti.

Peter profeterte om Jesu gjekomst og dommedag, at då skal elementa komme i brann. Det høver ikkje med Aristoteles si lære, at der var fire element, luft, vatn, jord og eld, for eld kjem ikkje i brann, den brenner allereie. Nei, dette høver betre med Demokrits atommodell.

2.Pet.3, 1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om 2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.

3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.

8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14 Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. 15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse.

Denne dommedagen kan vere eit astroide-nedslag, til samanlikning med at dinosaurane vart utrydda av eit astroidenedslag. Eg trur Gud refererte til det, når han dømde  ormen til å måtte skride på buken, det gjorde han i grunnen allereie, fordi dei krypdyra som kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken, var dinosaurane, som allereie var utrydda. Men dermed er det også ein profeti om ein liknande dommedag.

Det kan også vere ein dommedag med atomkrig, atombombene eksploderer med ei eksplosiv kraft som har si årsak i spalting av atomkjernene, så elementa vert bokstaveleg tala oppløyste. I vår tid er ein atomkrig ein overhengande trussel, den kan komme brått og uventa.

Thales; alt er vatn.

Thales vert rekna som den første vestlege vitskapsmann og filosof. Sitat frå https://snl.no/Thales_fra_Milet :

Thales fra Milet var en gresk filosof fra Milet i Lilleasia som var grunnlegger av den joniske naturfilosofi.

Han regnes som den vestlige kulturs første vitenskapsmann og filosof fordi han synes å være den første som søker og foreslår naturlige forklaringer på naturprosessene, dette i motsetning til for eksempel Homers mytologisk-religiøse beretninger. Thales skal ha ment at vann er alle tings egentlige urstoff eller grunnstoff, kanskje også at alt er levende og besjelet. Han var etter tradisjonen også forretningsmann og politiker og fikk status som en av Hellas‘ sju vise. Thales tidfestes etter sin forutsigelse av en solformørkelse, som man nå regner fant sted 585 fvt.

….

Ja, kva meite han med at alt er vatn? Eg tenker meg at han var inspirert av trua på Israels Gud, at han var kjelda med det levande vatnet. Korleis kunne han elles finne på å seie noko slikt?

I moderne naturvitskap har vi funne ut at masse er eit mål for energi, i ein fisjon av tunge atomkjerner vil til dømes litt av massen gå over i rørsleenergi, det vert nytta som sprengkraft i atombomber.

Soleis høver dette faktisk med Demokrits atommodell.

Gud vil renne ut vatn over det tørre og tørste.

Jes.44,1 Men høyr no, Jakob, min tenar,

du Israel, som eg har valt ut!

2 Så seier Herren,

han som har skapt deg og laga deg

og hjelpt deg alt frå mors liv:

Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

Jesjurun, som eg har valt ut!

3 For eg vil renna vatn over det tyrste

og straumar over det turre.

Min Ande vil eg renna ut over di ætt

og mi velsigning over dine etterkomarar.

4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,

som poplar attmed bekkefar.

5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,

ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.

Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,

og Israel skal han få til ærenamn.

Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt.

Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt og kjøtet har sin natur bestemt av DNA-molekyl, kompliserte spiralforma molekyl.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/3-2-2024-det-eg-har-for-deg-er-det-du-lengtar-etter-i-djupet-av-ditt-hjarte-det-er-skrive-i-ditt-dna-det-eg-har-for-deg-er-heilt-unikt-og-ingen-kan-erstatte-deg-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-s/ :

Ho fekk dette bibelverset:

Sak.4,6 b Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for degt, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.