Lovnad og profeti 43. Innvie seg for Herren og få noko frå himmelen 1. Bruke det i teneste  for han, himmelen og eit medmenneske.

Bildet: Abraham skulle ofre son sin og viste dermed at han trudde Gud kunne vekke han opp att frå dei døde. Men han fekk ofre eit lam i staden.

Fest blikket på Jesus og vent på byen med dei faste grunnvollane.

Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Heb11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

 4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

 ….

 8 I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. 9 I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. 10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

 Innviing til å tene Jesus, tene himmelen og tene eit medmennske.

Møter i den Frie Evangelisk Forsamling i Oslo, 1990-91.

Eg gjekk på møte i dFEF M40 i Oslo og i 1990 sa han at eg skulle innvie meg til å tene himmelen og tene han.

Søndag 2.12.90.

«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»

Søndag 9.12.90. TENESTA.

«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»

Søndag 23.12.90.

«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»

Tirsdag.25.12.90.

«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»

23.12.1990 sa han at eg skulle tene han og tene eit medmenneske og eg forstod det slik at det var henne som han ville gi meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg skal tene han og tene himmelen, sjølv om eg ikkje ser verken han eller denne himmelen fysisk, det er e in åndeleg røyndom, det er greit nok, men så skal eg tene henne også og det sjølv om eg ikkje ser henne fysisk. Kvifor skal eg ikkje få sjå henne då? Det høyrest urimeleg ut, einaste rimelege forklaring på det må vere at eg skal prioritere å få sjå og oppleve henne som ein åndeleg og himmelsk skapning, ja, han kall meg då inn på vegen til det Nye Jerusalem, Jesu brud. Det er å gå framover på vegen mot det fullkomne.

Dette høver med

Malaki.2,15 Er det ikkje éin som har skapt henne

både med lekam og ånd?

Og kva vil så den eine ha?

Born som høyrer Gud til.

Så akta dykk vel i sjel og hug!

Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.

31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»

Mitt første møte i Maranata.

På mitt første møte i Maranata sa Jesus at sjølv om vi var berre ein liten flokk som innvia oss for han, så var det nok for han til å gjere storverk.

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18.

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande) Mp3-opptak):

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er symbolisert i nattverden.

Vere til hjelp og vegleiing for andre, med den hjelpa Jesus gir oss frå himmelen.

Onsdag. 15.05.91. Gå med lækjedomsstraum til dei som har det vondt og glede ut til dei som gret.

«Også jeg, Herren, ønsker at du i alle deler skal ha det godt, likesom din sjel har det godt, ja, også at du skal være ved god helse. For se, mitt fullbrakte verk løste ikke bare verdens syndeproblem, men se, også all din pine og all din straff, og alt som rettmessig skulle ha hvilt over slekten, se, det rammet meg, som stedfortrederen. Derfor er synden sonet, gjelden betalt, og se, fremdeles dryper det lekedom ifra mine sår. Og se, denne lekedoms-strøm vil jeg at du som bærer mitt namn og min bekjennelse, at du skal føre denne strøm ut til mennesker som blør i hjertet og som verker i kroppen. Du skal få oppleve det at mitt frelsesverk, det gjelder i dag, og det er virkekraftig i dag.

Se, jeg vil klarne dine øyne, så du bedre kan se og forstå, for se jeg har plan med ditt liv, og du skal ikke la oppgittheten ta overhånd, for se, sammen, sammen skal min menighet fullbyrde den plan, som jeg fra evighet av, har lagt for verdens frelse. Derfor skal du ikke la deg gripe av motløshetens ånd, men du skal fylle deg med mitt ord, og min Hellige Ånd skal begeistre ditt hjerte og gjøre ordet mitt levende for deg, slik at du kan være glad i troen, og bære denne gleden ut til de som gråter både med øynenes tårer og som gråter i hjertets stille dyp. Se, du har mottatt av meg, forsoningen, forlikelsens budskap. Og se, jeg har sendt deg for å bringe det videre, sier Herren.»

2021.07.11. Filadelfia Ulsteinvik. Vitnemøte. Kjelda med det levande vatnet.

Roger Penrose vann nobelprisen i fysikk for å ha vore med på å oppdage svarte hol. Han er matematikar med særleg interesse for teoretisk fysikk. Han vart gratulerte på nettstaden «Closer to truth» ved at dei la ut eit interjuv med han. Eg og mange andre la inn kommentar med gratulasjon. Det var ein sensasjon at han som var så teoretisk vann denne prisen, mange heldt det for å vere kontroversielt. Eg tok del i diskusjonen om det faglege og det gjekk over i diskusjon om metode, der eg forsvarte metoden. Sidan det var så teoretisk, var det tydeleg at der også var moralfilosofiske og politiske interesser, så det vart eit lagleg høve for meg til å vitne om mi tru på Jesus. Mykje seinare kom der ein erklært ateist og ville ha eit ord med i laget, han meinte han var svært så intelligent, men det han kom med var kort og godt for dumt. Endå seinare var der ein som fortalde meg at høgsterett i Storbritannina hadde vedteke at ateismen er ein religion. Ikkje vitskap, slik som mange har hevda altså.

Her er det:

Eg var oppløfta over kva eg hadde fått utretta her og fortalde om det i Filadelfia Ulsteinvik. 11.7.2021 var der vitnemøte og eg var fram og sa nokre ord.

Mitt innlegg.

Jesus gir oss det levande vatnet og det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Frå den som trur på han, skal det som skrifta seier renne straumar av levande vatn. Joh.4,14 & Joh.7,27-39. Kvar står det skrive?

Salomos Ordtøke 4, 23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.

Salomos Ordtøke 5,15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Korleis kunne kona hans vere ei slik kjelde med vatn for han? Det måtte no vere ved at ho sjølv hadde fått innlagt vatn, for det er no Gud som er kjelda med det levande vatnet. Men det som står skrive her er at vi skal ikkje la kjelda vår fløyme på gater og torg. Så kvar står det skrive at frå våre liv skal det renna straumar av levande vatn?

I Esekiel 47 les vi om livets flod som sildra ut under dørstokken i tempelet. Profeten kunne vade ut i floda og då vart den djupare og djupare inntil han flaut. Så kan vi lese korelis det gjekk vidare:

Esekiel 47,8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt.  9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»

Dette er ein profeti om evangeliet og det talar om ei framtid. Der er utvilsomt mykje symbolbruk i dette, med åndeleg tyding. Men eg trur også at det fortel oss at det resulterte i økonomisk aktivitet i området.

Livets flod sildrar nok ut under dørstokken her også og så kan vi tenke på vårt eige distrikt, det har ei slik betydning for den økonomiske aktiviteten i vårt distrikt også. Så det har vorte mykje økonomisk aktivitet i denne regionen, ikkje minst i Ulsteinvik.

Livets flod sildra ut ved inngangen, under dørstokken, slik er det med den evangeliske forkynninga. Paulus sa at han ville ikkje vite av noko anna hos dei enn Kristus og han krossfest. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Det er Kristus som gir oss det levande vatnet, så det må vi ære og takke han for.

Tyding av tungetale.

Ei kvinne var fram og sa nokre ord, så kom ho med tungetale og ei anna kvinne kom fram og tyda det:

«Jeg ser deg og jeg vet om deg. Og jeg fryder meg over deg, jeg gleder meg over deg. Du er mitt barn og jeg elsker deg. Jeg har store planer for deg, jeg vil bruke deg, du er min tener og du er min venn og du er mitt barn. Du er min medarbeider i Guds rikes sak. Du er den som jeg sender ut for å fortelle til andre hva jeg har gjort. Du er min og du er kostbar i mine øyne. Du er dyrebar, jeg elsker deg, mitt barn. Og du kan tene meg fordi jeg elsker deg. Ikke fordi du må og ikke fordi det er plikt, men fordi du elsker meg, så kan du gi gjensvar med å si ja til kallet, si ja til det jeg kaller deg til, gå når jeg ber deg gå, tale når jeg ber deg tale, gjøre en god gjerning når jeg minner deg på det. Men gjør det fordi du er glad i meg, gjør det av kjærlighet, gjør dette som gjensvar på min kjærlighet til deg. Og da kan jeg fryde meg enda mer over deg.

Mitt hjerte blør for dem som ikke tar imot. Jeg er lei for alle de som bare forkaster mitt Ord. Det er en så stor høst som venter på å bli høsta inn. Det er så mange som lider, det er så mange som lengter, men ikke finner veien, det er så mange som søker på feil plass. Du må være med å veilede dem, du må være med å vise vei. Du må være med å kalle inn til mitt rike. Du må være med å frelse dem fra fortapelsen. Du må være med å gi dem håp og trøst og godhet, for menneskene trenger det i denne tid, enda mer før, de trenger min godhet, de trenger min kjærlighet. Og du skal bringe den, du skal gi det, du skal vise vei, du skal være den som veileder, du skal være den som blir brukt av meg til dette.»

Kommentar 16.6.2024. Leve av kjelda med det levande vatnet og få liv og liv i overflod.

Jesus sa at eg er den som han sender ut for å fortelje andre om kva han har gjort og då skulle eg gå fordi han elska meg, ikkje av tvang, men fordi eg elskar han, fordi han elska meg først.

Han elskar meg med kjærleiken frå Gud, den ekte kjærleiken og eg må først og fremst innvie meg for han og ta imot den, så eg får oppleve den, det må eg stadig gjere, ved å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for han, så eg får oppleve at han utgyt sin Ande over mitt kjøt. Eg elskar han fordi han elska meg først, då har eg også kjærleik frå han til andre menneske og han har sagt at han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han.

Eg skulle betene han og betene eit medmenneske, henne som han gir meg til kone altså. Så vidt som eg kan forstå må det vere ho Reella. Eg sa til han at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne og han svarde meg på det og det har han gjort sidan også. Et trur og vonar at han frelser henne og det er svært så viktig for meg, ja, som om han frelser henne som kona mi.

 Då må eg vere trugen mot henne i sinn og tanke, slik vi såg i Malaki.2,15 og S.Ordt.5,15, ved at eg med mi tru på Jesus er trugen mot han i sinn og tanke, vender hugen opp til han og tek imot det som han gir meg frå himmelen. Han gir meg liv og liv i overflod, så det vert til henne også og til kyrkjelyden.

Eg er oppvoksen i kyrkja og har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ein gutunge. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han tilte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, han sa til meg at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru, ta imot og takk for det. Slik har han helde fram med å tale til meg sidan også, alt eg har å be om er inkludert i hans fullførde frelseverk. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, då er det han som frelser henne, som første prioritet, så ho først og fremst blir hans brud, som hans kyrkje og dernest blir ho mi brud, som mi kone.

Er eg oppreist med Kristus, så skal eg vende hugen opp til han og ta imot det som han gir meg frå himmelen og det er først og fremst seg sjølv, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, slik det er symbolisert i nattverden, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Hos han fekk eg drikke av kjelda med det levande vatnet og det skal eg halde fram med. I det eg ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, skal eg huglegge henne på den måten at eg lengtar etter det levande vatnet, kjem til Kristus og får drikke av det og det skal eg halde fram med. Sidan vi begge er frelste, har vi begge fått «innlagt vatn», det levande vatnet har vorte ei kjelde i oss begge, så eg er ei kjelde for henne og ikkje for andre i staden og ho er ei kjelde for meg og ikkje for andre i staden. Det ser vi av desse skriftstadane:

Malaki.2,15 Er det ikkje éin som har skapt henne

både med lekam og ånd?

Og kva vil så den eine ha?

Born som høyrer Gud til.

Så akta dykk vel i sjel og hug!

Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!

Salomos Ordtøke 4, 23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.

Salomos Ordtøke 5,15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Joh.4,6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.

7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» 8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. 10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Jesus og samaritanane

27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne. 28 Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29 «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?» 30 Då gjekk dei ut or byen og kom til han.

31 I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!» 32 Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33 Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk. 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»

39 Mange av samaritanane frå den byen trudde på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40 Då no samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hjå seg, og han vart verande der to dagar. 41 Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.»

Ho bad han om å få av det levande vatnet og då svarde han at ho skulle hente mannen hennar. Som om han ville gi henne det gjennom han altså. Så svara ho at ho ikkje hadde nokon mann og han sa at ho hadde hatt fem menn og den ho hadde no, var ikkje hennar. Vi tenker kanskje at ein av dei fire andre var rette mannen hennar, men ho sa at ho ikkje hadde nokon mann og han gav henne rett i det. Korleis kunne ho då finne ut av kven som var rette mannen for henne? Ved å drikke av kjelda med det levande vatnet og halde fram med det, leve ved den og leve av den. Slik er det for ei kvar kvinne og for ein kvar mann også, når han vil finne seg ei kone.

Korleis skal vi då forstå vers 20-25 samanlikna med Esekiel 47? Messias kom og stod på tempelberget og det «klovna» ved at han døde, vart gravlagd og stod oppatt (Sak.14,2-8) og når han for opp til himmelen, vart det løfta opp (Jes.2,2….. Mika4,1…. Heb.12,22….).

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Då må eg berre løfte hugen opp til han og ta imot det han gir meg frå det høge, vere trugen mot han, soleis skal eg vere trugen mot henne som han gir meg til kone og då er det framleis henne Reella eg tenker på. Så i det Jesus gir meg og henne liv og liv i overflod, skal vi ha meir å gi vidare til andre. Men dette skal ikkje komme til erstatning for at eg er ei kjelde for henne og ho er ei kjelde for meg. Det som eg og ho har til andre er den kjelda som veller ut under dørstokken i tempelet og frå tempelberget, men då er det altså oppløfta, så vi får oppleve det kvar som helst, endåtil som ei flod som er så djup at eg får gå ut i den og flotne og flyte avstad.

Midt i Jesu kyrkjelyd skal Livet vere.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Det trengst vatning, av det levande vatnet, næring frå Guds Ord, Guds Ande og lys frå rettferdssola.

I ungdomstida kom eg med i den kristne og karismatisk vekkinga og fekk oppleve at Guds kjærleik vart utrent i mitt hjarte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Den herleggjorde og openberra Kristus for oss som vår frelsar og Herre, så eg og vi fekk oppleve at han og Faderen kom til oss og tok bustad hos oss.

På møte i dFEF i M40 i Oslo hausten 1985 sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

På møte i Maranata 29.3.2015. sa Jesus at han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Det har ikkje vorte noko synleg resultat av denne vekkinga enno, men den er på gang og kjem nok til å bryte laus, så møtelokalet vert fylt opp. Vi får motstand frå den Lovlause, men fienden er til for å overvinnast, ved at vi kler oss i Guds fulle rustning. Det er berre å vake og be og vente  med tolmod som dei vituge brurmøyane, i det vi ventar på hans gjenkomst, ventar vi også at han kjem til sin kyrkjelyden, som brudgomen som kjem til si brud.

Eg er hans medarbeidar og som vi såg i bodskapen 11.7.2021 er det meg han vil bruke som «vekkingspredikant». Men eg brukar nye metode og der ligg fornying i det. Det er ei ny tid som ligg framfor meg og han vil hjelpe meg inn i den, som han sa på dette møtet:

 Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik vonar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Då må eg vere trugen mot henne i hjerte sinn og tanke i samsvar med Malaki.2,15 og S.Ordt.4,23 & 5,15…. Kven er det då? Eg har bedt og han har svart meg, det må eg tru på og takke han for og sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Slik skal eg vere trufast mot han.

Bodskapen 29.3.2015 er ein lovnad til både meg og kyrkjelyden og det er rart at det enno ikkje har vorte noko meir av det. Kva kan eg gjere med det?

Hoseas, Malakias og Johannes døyparen.

Hoseas.

Hoseas var profet medan Isrelsfolket var i fråfall, han forklarde det slik at dei var Guds kone, så barna hennar skulle ver Guds born. Han hadde omsorg for henne, men det skjøna ho ikkje, så ho æra han ikkje, ho vart ei hore ved at ho dyrka dei og æra dei i staden. Då tok han bort si omsorg for henne og då gjekk det henne ikkje vel. Når ho då hadde fått seg ein dyr lærepenge, ville han miskunne seg over henne og ta henne til ekte igjen.

Hoseas skulle demonstrere dette ved at han skulle gå og kjøpe seg ei hore og ta henne heim til seg, så ho skulle verte kona hans.

Hoseas.1,2 Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: «Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.» 3 Då gjekk han og tok Gomer, dotter åt Diblajim, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son. 4 Herren sa til han: «Kall han Jisre’el! For om kort tid vil eg straffa Jehus ætt for blodet som rann i Jisre’el, og gjera ende på kongedømet i Israel. 5 Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre’el-sletta.»

Jisre`el var ein by allereie når dei tok landet (Josva15,56). Kong Akab og Jesabel budde i Jisre’el (2.Kong.9,30). Jisre’el-dalen ligg 36 km sør-aust for Haifa. Arkeologane har funne der ei borg, dalen har namn etter borga;

https://no.wikipedia.org/wiki/Jisre%E2%80%99el

Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

Malakias og Johannes døyparen.

Når dei var komne attende til landet sitt, skulle ho vel ha lært av sitt fråfall og straffa ho fekk og då sa Malakias at mannen skulle vere trufast mot sin ungdoms kone (Malaki.2,15). Så profeterte han om at Johannes døyparen, alias Elia, skulle komme, han skulle rydje vegen for Herren og han sa at alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Han er Messias, han er den som døyper med den Heilage Ande og som har bruda (Joh.1,29-34 Joh.3,27-36).

I Høgsongen8 er det tale om ei ung jente som enno ikkje er kjønnsmoden, så brørne hennar vil verne henne mot friarane. Men etter bodskapen til Johannes døyparen og Jesus, skal både ho og dei unge gutane vere Guds born, friarane også, altså. Ho er og skal vere Jesu brud allereie før dei frir til henne og ho skal halde fram med å vere Jesu brud og Jesu kone, når dei vert vaksne nok og ho seier ja til ein av friarane og blir hans brud og hans kone. Dette er på det individuelle plan og kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er identiteten til kyrkja som er hans brud, dette er hovudsaka til hans kyrkje. Men Guds folk har spora av i forhold til dette, sitat frå bodskapen i Maranata 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, …..»

Min situasjon og mi sak til samanlikning med Hoseas eller Johannes døyparen?

 

Ein kunne godt tenke seg at ein ungkar gjekk ut på byen og forkynte evangeliet og kom i prat med ei hore, han forkynte evangeliet for henne for å få henne til å vende om frå dette syndige livet og ta imot nåden Gud hadde til henne i Kristus. Men ho hadde dårleg økonomi så det var lettare sagt enn gjort å komme ut av det og komme inn i eit anstendig liv. Men så fridde han til henne og ville betale for henne, ikkje for å få henne til hore, men for å få henne med seg heim som kona si, slik som Hoseas gjorde. Då gjorde han vel ei velgjerning med verdi for æva med sitt frieri!?

Ja, men dette er ikkje min situasjon, eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne og trur han gir meg det. Då må eg berre vende hugen opp til han og ta imot det som han gir meg frå himmelen, slik skal eg vere trufast mot han og soleis vere trufast mot henne som han gir meg til kone.

Då skal vi få noko som vi skal gi vidare til verda, fordi den treng det, dei som henger etter, skal vi hjelpe vidare på vegen mot himmelen og dei som er på avvegar skal vi rettleie så dei kjem seg inn på denne vegen. Men det skal ikkje vere på den måten at eg frir til ei anna kvinne i staden for henne og slett ikkje som når Hoseas fann seg ei hore og let henne verte kona hans.


2 responses to “Lovnad og profeti 43. Innvie seg for Herren og få noko frå himmelen 1. Bruke det i teneste  for han, himmelen og eit medmenneske.”

  1. 2024.06.08 & 06.18. Bruk Guds Ord som sverd, trua som skjold og sanninga som belte. Profeti ved ETS. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad og profeti 43. Innvie seg for Herren og få noko frå himmelen 1. Bruke det i teneste  for h… […]

    Like

  2. 2024.6.18. Ikkje noko ureint kjem inn i Guds himmel. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] Lovnad og profeti 43. Innvie seg for Herren og få noko frå himmelen 1. Bruke det i teneste  for h… Lovnad og profeti 44. Innvie seg for Herren, få noko frå himmelen 2. Evangeliet og skapingssoga. […]

    Like

Leave a comment