Lovnad og profeti 35. Fader vår, du som er i himmelen 2. Lat riket ditt koma. Tusenårsriket.

Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

Prestetenesta i den nye pakta.

Den levande steinen og det heilage folket

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Stige fram for nådens kongsstol

I den nye pakt får vi alle stige fram for nådens trone, slik er prestetenesta i den nye pakt.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Bere fram kroppen som eit levande offer.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

Bere fram lovprisingsoffer.

Dette har han kalla meg også til og slik vil eg innvie meg for han i tru og von om at han kjem meg i møte og gjer sitt verk i meg og gjennom meg og gjennom si kyrkje. Då må eg feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Heb.12,1….). Ja, så då vil eg og må eg ære og takke han for det verk han allereie har gjort, fortsette å tru på han i von om at han vil fullføre det. Sjølvsagt er det mykje anna vi ser i denne verda, det kan vi ikkje sjå bort ifrå, vi kan velje kva vi vil sjå på, men dersom du til dømes køyrer bil, kan du ikkje sjå bort ifrå vegen særleg lenge. Men Jesus er vegen til himmelen og vi må sjå på den vegen også for å gå den. Vi skal feste blikket på han, slik at vi ærar og takkar han for det han har gjort, for han gir ikkje si ære til nokon annan (Salme.96). Dei som ærar Kristus som Guds Son, ærar Faderen også.

Heb.13,13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. 16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.

Jesaja.42, Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Jesus vil vere min munn.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/17/2000-10-22-m40-jesus-vil-leve-gjennom-meg/

Møte i dFEF M40. 22.10.2000.

Profetisk bodskap ved forstandar Kjell Arve Tolås.

Kanskje ikkje heil ordrett:

«Ja, eg vil leve i deg og eg vil leve gjennom deg. Jeg vil leve…»

Minidisk-opptak:

«… ut gjennom dine hender og dine føter.  Og det er eg som begynner, det er eg som fortsetter, og det er eg som fullfører. Eg vil virka i deg til å villa og virka til mitt behag. Eg vil skua nøden gjennom dine øyne, eg vil vera dine øre som kan høra sukken om hjelp. Og eg vil også vera din munn, slik at du kan gi de evangelium, som bringer håp, både til ånd og til sjel og til legem. Du er min medarbeidar. Ver open for meg, eg har kraften som trengst, eg har utrustningen som, som trengst, og eg vil at du skal få kjenna dette som en glede. Og at du fyrst og fremst har sett det eg har gjort for deg. Eg satte mitt liv til, eg lot mitt blod flyta,  for å løfta deg inn i min nærhet, inn til fars hjertet. Og så vil eg også bevirke og utføre at det sinn som er i mitt hjerte også kan få prega ditt hjerte. Så skal du få kjenna at det er godt, det er godt å følga meg. Mine fotspor drypper av fedme. Løft blikket, markene er hvite til høsten. Det er mange som trenger hjelp. Og eg vil gi de hjelp, gjennom min menighet. Gjennom mitt folk. Følg meg, sier Herren, du skal få kjenna gleden og velsignelse, vella tilbake over ditt eget hode. Amen. Amen.»

Det er mange som treng hjelp og Gud vil gi dei hjelp, for han er dei ei dyrebar grøde som han vil hauste inn.

Eg er Jesu hender og munn.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/

Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

Livsanden bles på dei tørre beina.

Esekiel fekk eit syn der han såg ein dal med mykje tørre bein. Så skulle han tale profetiske til dei og så kom livsanden og gjorde dei levande.

Esekiel 37 Dei daude beina som livnar opp att

1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

Så livsanden er dei fire vindane som vi høyrde om i Daniels bok, dei sette storhavet i opprør, så fire dyr steig opp or det, det var dei fire store rika. Det første av dei var Babylonia og no var Israel-folket bortførde dit og dei var som tørre bein i ein dal. Men så skulle Esekiel tale profetisk til dei og så tale profetisk til livsanden at den skulle komme og blåse på dei, så dei livna oppatt. Gud ville gi dei sin Ande og så ville han føre dei attende til landet sitt.

De er dei fire vindane.

Sommaren 1984 reiste eg til Israel og var på kibbutzen Ayelet HaShahar i øvre Galilea i eitt år, bortsett frå ei kortare periode på ein Kibbutz nærare Jerusalem. Eg hadde vore på pinsemøte i Jerusalem og tenkte at dersom eg budde nærare Jerusalem, så kunne eg komme på slike møte oftare. Men når eg då kom på møte der igjen, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale om at vi måtte gå ut i landet, eg merka meg spesielt setninga: «You are the four winds, so go into the land an blow upon those bones». Hugs at «You» betyr både «du» og «de». Så eg pitla meg tilbake til Ayele HaShahar så fort eg kunne. Slike utlendingar som eg vart kalla «Volunteers», frivillige. Der var mykje skandinavar, mest danske, så norske, svenske og finske. Eg vedkjende mi tru på Jesus for nokre av dei, men sa elles ikkje mykje om det, eg prøvde meg ikkje på å evangelisere. Men eg hadde Guds Ande og kor mykje dei merka av det, veit eg ikkje, det hende nokre gangar det vart tydeleg for meg.

Det har seg slik at det som er født av Anden er ånd, då er vi som vinden, vi ser den ikkje men vi merkar den likevel og vi har samfunn med kvarandre i den Heilage Ande (1.Joh.1). Ved trua har Ordet smelta saman med oss, derfor får vi komme inn til Guds kvile, slik skal vi gå inn i det lova landet og ta det i eige. Det gjeld både Israel og det landet vi kom ifrå. Når vi soleis går inn i Israel og bles på tørre beina, så skal dei også få Guds Ande og verte levande for han. Ja, slik skal vi også vere for dei jødane vi møter i våre eigne heimland.

Tusenårsriket.

Finn vi noko liknande som Esekiel 37 i Johannes Openberring? Det i må i så fall vere ved opprettinga av Tusenårs-riket.

Op.20, Dei tusen år

1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Ved trua på Kristus, at han døde i staden for oss, skal vi tenke som so at vi er krossfesta med han, at kjøtet med si kjøtlege lyst er krossfesta med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste ved Guds kraft, den same krafta som reiste Kristus opp frå dei døde, vi får kjenne den og oppleve den i våre liv. Det er i alle fall den oppstoda det er tale om både i Op.11 og her, det er først og fremst oppstoda i dåpen, vi får kjenne kreftene av Kristi oppstode frå dei døde og det er den som også skal vekke opp dei døde når han kjem att og hentar si brud, den føraste oppstoda altså. Men dette er den første oppstoda og det utan at det er tale om at dei vert henta bort frå denne jorda. Det kan vere fordi Jesus allereie har henta si brud, så då kom den første oppstoda for dei. No kom den første oppstoda for dei som leid martyrdøden i den trengselstida som då kom.

Det verkar litt rart at det er tale om halshogging, sidan der alltid har vore mange andre måtar å ta livet av folk, no er dette ei gammaldags metode, det ver vel berre muslimar som framleis brukar den. Ligg der noko symbolsk i dette? At folk ikkje får lov til å bruke hovudet sitt, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. At dei ikkje får lov til å bruke forstanden, rasjonaliteten fekk faktisk motstand i filosofihistoria, ved at det vart påstått at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fanst.

Dei skal vere Guds og Kristi prestar og råde med han i tusen år. Betyr det at kvar og ein av dei vert tusen år? Dei første menneska vart visst svært så gamle, Adam vart 930 år. Det kan ha noko med genane å gjere. Korleis vil det vere for samfunnet om der var nokre som vart så gamle? Dersom dei var sunne, friske og åndsfriske, kunne dei tileigne seg svært så mykje kunnskap og visdom som ville vere verdifullt for samfunnet.

For Gud er ein dag som tusen år og tusen år som ein dag. Men sidan Satan vart bunden, skulle det ligge an til at det vart stabile og fredelege forhold i lang tid. Jesus hadde allereie vunne over han og bunde han. Han vann den avgjerande sigeren når han døde på korset.

Luk.11, Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: «Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.» 16 Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell. 18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. 19 Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

24 Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.» 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no.

27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.» 28 Men Jesus svara: «Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Likevel er det her ein engel som stig ned frå himmelen og har med seg nøkkelen til avgrunnen og ei stor lekke som han batt djevelen med og kasta han ned i avgrunnen og låste att.

I Op.11 såg vi at dei to tempelvitna vart drepne og lika vart liggande utan å verte gravlagde i tre og ein halv dag, utan å verte gravlagde, omlag like lenge som det gjekk før Jesus stod opp frå dei døde, altså. Men så livna dei oppatt og steig opp i himmelen. Det fortel oss noko om betydninga av dåpen for desse to tenestene. Dei kunne gjere sine tenester i himmelen, i den åndelege verda, i tankeverda og ideverda, men utan at det fekk konsekvensar i den fysiske verda, ved at dei gjorde under og teikn. Men at prestetenesta fungerer slik mellom dei som trur på Jesus og samlast i hans namn, er nok for han til å vekke opp kyrkjelyden som hans brud, slik at han råder gjennom henne. Så vi kan seie med Paulus at hans nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt.

Då er det likevel litt rart at det ikkje står tre dagar, kvifor akkurat tre og ein halv? Kvar elles er det tale om tre og ein halv.

Når evangeliet vert forkynt for alle folkeslag og nasjonar, får det venteleg som konsekvens at han reiser opp si kyrkje i dei alle, gjennom den kjem prestetenesta og Guds rike til dei alle. Og den prestetenesta kjem til å verte essensiell i tusenårsriket. Dei skal vere Guds og Kristi prestar og då har dei sjølvsagt som hensikt at menneske skal verte frelst for æva og få evig liv, Kristus er vegen til Faderen, dei skal gå den og leie andre den vegen. Den fører til Sion, det himmelske Jerusalem (Heb.12,22-29) og dermed til den Nye Jerusalem, på den nye jorda. Ormen er bunden og har ikkje noko makt på jorda lenger. Då må vel mange verte frelst og få sine namn skrivne i livets bok i himmelen og då får dei også komme inn i det Nye Jerusalem på den nye jorda. Då er dei Jesu brud, sjølv om dei framleis er på denne jorda. Men var ikkje den teken bort for godt då?

Når Jesus kjem att og hentar si brud, vert det eit mektig vitnemål for heile verda. Likevel går den inn i ei trengsletid med mykje kristendomsforfølging. Men etter krig og rettsoppgjer, kjem der eit tusenårsrike, slik har eg i alle fall forstått forkynninga i pinserørsla.

Når vi ber: «Fader vår, du som er i himmelen, lat namnet ditt helgast, lat rike ditt koma», så tenker vi vel fyrst og fremst på å ta imot Guds rike som små born, i heimen og i kyrkjelyden. Og når det gjeld nasjonane, inkludert Israel, så blir det tusenårsriket. Slik kan vi tenke og arbeide med å forkynne evangeliet til alle folkeslag og nasjonar, utan å bry oss om at det vert krig. Der det kanskje noko vi kan eller skal gjere med det? Nei, i staden skal vi halde fram med å forkynne evangeliet for alle folkeslag og løfte hovudet i forventning til at Jesus kjem att. Same enten vi får oppleve det i vår levetid eller ikkje, så skal det vert fruktbart for oss sjølve og våre liv, så vi ber frukt i denne verda i den tida vi lever i.

Luk.21,25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.

Lær av fikentreet!

29 Så fortalde han dei ei likning:

Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Vak og bed!

34 Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk 35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. 36 Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.

Eg tenker symbolsk om vers 25-28, men det er symbol på ein åndeleg røyndom, som får konsekvensar for denne verda, så «hav og brotsjøar» blir også symbol på politisk uro. Når vi ser at knoppane på fikentreet sprett, sommaren er nær, det vert brukt symbolsk på at Guds rike er nær. Då må det vel vere tusenårs-riket han talar om. Han kjem for å dømme nasjonane og vi må vi vake og be, så vi passar på å stå på rett side (Matt.25,31-46).Vi skal vake og be om styrke, så vi kjem velberga frå det og kan stå oss for menneskesonen. Amen.

1.Kor.4,20 For Guds rike er ikkje ord, men kraft.

Drikk av kjelda med det levande vatnet.

Profeten Jeremias sa at Israels-folket hadde vendt seg bort frå Herren, kjelda med det levande vatnet.

Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Jer.17,13 Herre, du Israels von,

alle som går bort frå deg,

skal verta til skammar;

dei som vik frå deg i landet,

skal skrivast opp.

For dei har gått bort frå Herren,

kjelda med levande vatn.

Kjelda med det levande vatnet var fundamentalt viktig også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det kan de lese om her 1.Mos.2, S.Ordt.4,23 & 5,15-19. Slik også når Jesus kom og sa at hos han fekk vi drikke av det levande vatnet.

Joh.4,6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.

7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» 8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane.

10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

…..

21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Dette blir også tydeleg ut i slutten av Johannes Openberring:

Joh.Op.22, Kom, Herre Jesus!

6 Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda. 7 Sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»

8 Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene på den engelen som hadde synt meg det; eg ville tilbe han. 9 Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og dine brør profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»

10 Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11 Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.

16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Her er det tale om det Nye Jerusalem, som er Jesu brud og som kjem ned på den nye jorda. Det er ein by med faste grunnvollar, ein by som aldrig vert lagt i grus. Den kjem ned på den nye jorda. Anden og bruda sjølv seier «Kom» og den som høyrer det skal seie: «Kom!» Den som tyrstar og den som vil, skal få livets vatn for inkje. Einaste føresetnaden er at du tyrstar og at du vil, så då er det berre å byrje å drikke. Dette er menneskets mest fundamentale behov; Guds Ande, som også er det levande vatnet. Desverre er det mange som ikkje innser det. Anden seier kom og bruda seier kom, tydeleg vis fordi kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud har å gjere med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, fordi Gud har skapt oss slik.

Etter den endelege domen over denne jorda, skulle ein tru at det ikkje fanst ugudlegdom på den nye jorda, den var utestengd frå den nye jorda. Slik tenkte eg første gangane eg las det, men når eg seinare las det, måtte eg innrømme at det ser faktisk ut som ugudlegdomen er på den nye jorda også og det kan ha seg slik at den er like naturleg, fysisk, kjemisk og biologisk som denne jorda, men den vesentlege skilnaden er at ugudlegdomen kjem ikkje inn i det Nye Jerusalem og det regjerer over heile den nye jorda. Og dersom nokon av oss som lever på denne jorda, skal komme over på den nye jorda, så må det vere på den måten at vi vert fødde på nytt av vatn (livets vatn) og Ande, så vi kjem inn i det Nye Jerusalem, byen med dei faste grunnvollane. Mange alkoholikarar har byrja å drikke av dette vatnet og vorte «vatnlikarar» i staden. Halleluja.


3 responses to “Lovnad og profeti 35. Fader vår, du som er i himmelen 2. Lat riket ditt koma. Tusenårsriket.”

Leave a reply to Lovnad, profeti og filosofihistorie 18. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 10. Je Cancel reply