Jesus og hans 12 apostlar forkynte evangeliet om Guds rike.

Bildet: Romersk triumfbuepanelkopi fra Beth Hatefutsoth, som viser byttet fra Jerusalem tempel 81 e.Kr.

Jesus hadde større visdom enn Salomo, sjølv om han levde her på jorda som ein vanleg mann, men Gud Fader var med han og gjorde sitt verk gjennom han. Synda skilde menneska frå Gud, synda si løn er dauden (1.Mos.3). Men Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd og døde på eit kors i staden for oss, for å sone all vår synd. Med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Med sitt blod betalte han vår syndeskuld, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud.

Han stod oppatt frå dei døde og gav disiplane sine misjons-befalinga:

Matt.28, 16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Deretter vart han teken opp til himmelen og sende disiplane sine den Heilage Ande, slik som han lova. Sidan openberra han seg for Paulus frå himmelen og kall han og valde han ut til apostel, i staden for Judas. Det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig farisear hadde teke så feil at han hadde forfølgt Jesus og hans kyrkje. Han forklarde det med at synda i kjøtet nytta Moselova til å dåre og forføre han og drepe han, til tross for at lova var rett og god. Han tala om ein åndeleg død, fordi han var kjøteleg, men lova var då åndeleg. Han forklarde det også med at han var seld til træl under synda og lova. Men han visste og forstod det ikkje. Så han hadde to forklaringar altså.

Men Jesus openberra seg for han og valde han til apostel og då valde han ein som var seld utan å vite det i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Paulus forkynte at av kjøtet var Jesus av Davids ætt, men av herlegdoms Ande var han Guds veldige Son, slik det viste seg då han stod oppatt frå dei døde. Ved å tru på det vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelste.

På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er Paulus si lære.

Vente på Jesu gjenkomst.

Paulus skreiv om at når Jesus kjem att, skal dei som døde i trua på han stå opp får dei døde og så skal dei som lever i trua på han, saman med dei vert omskapte og verte teke bort frå jorda, han hentar dei alle heim til seg, som si brud, så då blir det bryllaup i himmelen.

Og i slutten av Johannes Openberring er Jesu brud kalla det Nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda. Vi som trur på han skal sjå framover mot dette i von og lengsel og det betyr også at vi skal vende hugen opp til han og ta imot det livet og den Anden han gir oss frå himmelen.

Det gir innhald og meining med våre liv her på jorda, vi velsignar han og vert velsigna og vert til velsigning i vårt lokalmiljø, derfor seier vi velsigninga.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Motstand frå «den Lovlause».

Paulus talte om oppstoda ved Jesu gjenkomst og sa at først må fråfallet koma, ved at den Lovlause står imot og opphøgjer seg og set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud. Der er ein som held att og han må rydjast bort først, for at det skal skje.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Mange kristne meiner at han som held att er Jesus kyrkje, den vert teken bort ved Jesu gjenkomst. Slik vert også den Heilage Ande teken bort, for den kom på pinsedag og det var fødselsdagen til Jesu kyrkje. Men det er ei sjølvmotseiing her, for det var nettopp det Paulus sa i byrjinga, at den Lovlause skulle stå fram før Jesu gjenkomst.

 

Den jødiske øvstepresten og keisaren.

Moses sa til folket at ved påskefeiringa skulle dei hugse at han førde dei ut av Egypt og dei skulle elske han av heile sitt hjerte.

2.Mos.13,11 Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, 12 då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til. 13 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. 14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. 15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. 16 Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»

5.Mos.6, 4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel 9 og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

At dei skulle elske Herren sin Gud av heile sitt hjarte, hadde også med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, slik som vi ser i Høgsangen. Malakias var profet sannsynleg vis omlag 80 år etter Haggai og Sakarja, 460-430 f.Kr og prøvde å tale dei til rettes i nettopp dette, at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skulle ha med Gud å gjere. Som jødar skulle kona ynskje seg born som var Guds born og mannen skulle vere trufast mot henne (Malaki 2). Og så profeterte han om Herren ville sende dei ein profet som skulle bane vegen for hans sjølv. Det var Johannes Døyparen, alias Elia.

Maccabearane leia jødane i motstandskampen mot regimet til Antiokus 4. Epifanes og då gjorde dei avtale med romarane og klarde å frigjere seg (164 f.Kr). Folket vart samde om at etterkomarar etter Simeon Maccabee skulle vere øvsteprest og hovding inntil det stod fram ein ny profet, så han vart som ein småkonge. Men kva med det som tidlegaren profetar hadde sagt då? Som Esekiel, Sakarja, Malakias? I følgje Esekiel 46 skal kongen og øvstepresten ha to ulike oppgåver i tempelet.

Johannes døyparen forkynte at alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Han er Messias, han er den som har bruda og han døyper med den Heilage Ande. Jesus vart kalla Immanuel og det betyr «Gud med oss» og slik var han, Faderen var med han og gjorde Guds verk. Då var det viktig for folket å ære og takke Gud for det. I følgje Moses og profetane skulle dei elske Herren sin Gud av heile sitt hjarte, så det skulle dei gjer ei kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også.

Då blir det tydeleg at årsaka til at prestane og dei skriftlærde stod han i mot, var at øvstepresten ville gjere seg lik som Gud og sette seg inn i tempelet som «den Lovlause». Det vart som om dei kravde at folket skulle elske dei i staden for å elske Herren sin Gud av heile sitt hjerte. Som om presten kravde at ein mann skulle elske han i staden for å få seg ei kone og elske henne som kona si. Esekiel sa at Jerusalem hadde gjort verre synd enn Sodoma og Jesus sa at på dommedag skulle det gå Sodoma betre enn Israel.

Matt.10,14 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene. 15 Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.

Matt.11,20 Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om: 21 «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. 22 Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. 23 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag. 24 Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»

Dei hadde gjort avtale med romarane, men som gudar fekk dei konkurranse med den romerske keisaren, liksom dei andre gudane. Slik vart også keisar Nero «den Lovlause», så det talar om keisardyrkinga. Men når Vespasian og Titus la Jerusalem i grus, kom det som oppfylling av profetien i 2.Tess.2,11-12.

I Op.11 vert Jerusalem kalla Egypt og Sodoma, eg tenker meg at Egypt står for avgudsdyrkinga og Sodoma for synda, spesielt avspora seksualitet. Det høver med Freuds påstand om at religiøsitet er avspora seksualitet.

I Op.11 er det sagt at heidningane trekka ned føregarden i 3 og eit halvt år. Men Titus og Vespasian kriga mot Israel og beleira byen i 3 og eit halvt år, då var Nero keisar inntil Vespasian for til Roma og tok over makta. Her er det fortalt om Dyret som steig opp or avgrunnen, same dyret som i Op.17, altså. Det stemmer med at Titus og Vespasian la byen i grus. Det er det ikkje sagt noko om her, berre at Dyret drap dei to tempelvitna. Etter tre og ein halv dag livna dei til at og steig opp i himmelen. Då kom det eit jordskjelv som la ein tiande-del av byen vart lagt i grus og 7000 vart drepne. Men i den første jødisk-romerske krigen vart 1,1 millionar jødar drepne i Jerusalem, 100 000 i Galilea og 97000 vart selde som slavar.

https://no.wikipedia.org/wiki/Den_f%C3%B8rste_j%C3%B8disk-romerske_krig

Omskjeringa.

Eg forstår det slik at den som først og fremst måtte takast bort var Paulus sjølv, Paulus forkynte evangeliet om Kristus og hans fullførde og fullkomne frelseverk, både til jødar og heidningar. Så det var berre å ta imot i tru og verte frelst, av berre nåde. Dei fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde og vart hjerteomskorne i den Heilage Ande. Han betalte prisen for dei med sitt eige blod, for å kjøpe dei tilbake til den sanne og levande Gud, så dei skulle tilhøyre han. Dei fekk den Heilage Ande som eit segl på si panne, som viste at dei tilhøyrde han. Då trengde ikkje heidningane som var komne til tru å omskjere seg, dei skulle heller ikkje. Jødane var allereie omskorne, men når dei kom til tru på Jesus så vart dei også hjerteomskorne. Det hadde endåtil Moses profetert om.

For dei jødiske, religiøse leiarane var heidningane «syndarar av heidningætt» sidan dei var uomskorne. Skulle då omskjeringa gjere den store skilnaden for dei? Kva med dei sjølve som var omskorne, men som like vel vende seg bort frå Herren? Det var då nettopp derfor dei trengde hjerteomskjeringa. Men i staden stod dei imot Paulus fordi han forkynte evangeliet om Kristus for jødane og endå meir fordi han forkynte det for heidningane, endåtil utan å krevje at dei skulle omskjerast, men tvert om kravde at dei ikkje skulle omskjere seg.

Islam.

I følgje antikk mytologi sprang gudane ut av kaos og fekk makta på ulike område. Zevs var den mektigaste av dei og som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Eigentleg var det ei sjølvmotseiing mellom dette og kaos, men det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige.

På liknande vis vart Islam eit svar på kristendomen og Alla vart arabarane sitt svar på Bibelens Gud. Det skal liksom bygge vidare på profetiane i Bibelen, men det blir slik at profetien til Muhammed skal erstatte dei alle og den er skriven i Koranen. Då må vel han vere «den Falske Profet»? Men eg har ikkje høyrt om at han påstod at han gjorde noko under og i Islam er der ikkje profetar som gjer verken ekte eller falske under. Korleis klarer dei då å fornye seg med tida og halde opp verksemda? Ved at prestane driv politikk, så dei vert som kongar og gudar for folket. Det var då som Babylon, den Store Skjøkje som dreiv hor med kongane rundt om på jorda.

Muhammed er den siste profeten og kven veit kva som er essensen i den profetien? Betyr det at ingen får lov til å ha åndelege openberringar lenger? I så fall betyr det åndeleg død. Dei trur ikkje at Kristus stod oppatt frå dei døde, så dei erstattar både han og bodskapen til han og disiplane hans. Så det er den Lovlause som set seg inn i Guds hus, som på tempelplassen i Jerusalem og i den store kyrkja i Istambul.

Det vert visst hevda at dei har Abrahams tru, så dei trur på eit liv etter døden. Når Abraham viste at han var villig til å ofre son sin, Isak, så viste han at han trudde Gud var mektig nok til å vekke han opp att frå dei døde. Men han fekk ofre ein ver i staden. Og Gud gav han store lovnadar.

1.Mos.22,15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.» 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Dette vart førebilete på at Gud sende Son sin til vår jord og let han vere det Guds Lam som bar verda si synd og døde for å sone den. Denne lovnaden fekk vi oppfylt i Kristus. Dette trur dei ikkje på, til tross for alle vitnemåla om det. Korleis kan dei då tru på eit liv etter døden?

Og så praktiserer dei omskjering, endåtil på kvinner. Så det ikkje skal kunne seiast om dei at dei er syndarar av heidning-ætt. Slik prøver dei å framstille seg som noko betre enn andre folk. Dei er ikkje jødar heller. Kva er dei då?

Op.3,9 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

Det ville vere rart om vi ikkje fann noko om Islam i Johannes Openberring, men det gjer vi. Dette har eg skrive om her:

Dyra i Op.13.

Det første Dyret (Dyr1) i Op.13 er den romerske keisaren, det er tale om keisardyrkinga. Det hovudet som fekk ulivssåret sitt lækt, meiner eg er keisar Nero.

Den kristne kyrkja voks og kristendomen vart legalisert og i 392 e.Kr. gjorde Teodosius den store kristendomen statsreligion i Romarriket. Då fekk også jødane ro i Jerusalem. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8deoppr%C3%B8rene

«Jødeopprøret (132-135) ble ledet av Simon Bar Kochba («stjernesønnen») som anså seg selv som den jødiske Messias som skulle frelse Israels barn. Opprøret kom da den ellers måteholdne keiser Hadrian begynte å bygge et tempel for Jupiter på tempelplassen i Jerusalem, og samtidig forbød jødene å omskjære guttebarn. Opprøret endte nok en gang med romersk seier og førte til at alle jødiske innbyggere i Jerusalem ble fordrevet. Utenfor byen fikk mange av jødene fortsatt lov til å bli værende, men da kristendommen ble romersk statsreligion, ble de enten kristnet, forble jøder eller gikk i landflyktighet.»

Det var med læra til Augustin, ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere forbanna, det vil seia t dei skulle gå fortapt. Platonismen går også ut på å utdanne ei herskande elite. Mange søkte Gud i einsemda, men kyrkja prøvde å få dei med i klostersamskipnaden, som vart ei viktig kulturberar.

I 395 delte han det mellom dei to sønene sine. Slik vart kyrkja også delt, med ein erkebiskop i Roma og ein i Konstantinopel. Eg tenker meg at det svarar til dei to horna på det andre dyret i Op.13, for det viste seg med tida at dei veik av frå den kristne læra. I Roma vart erkebiskopen kalla pave og prestane vedtok at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå gjennom prestane og paven og helgenane. Og paven og prestane måtte leve i sølibat. Slik skulle dei vere ei elite altså.

Det minner om påstanden om at dei var syndarar av heidningætt og derfor skulle dei ikkje vert godtekne i samfunnet med Gud. Det var visse folk jødane ikkje skulle gifte seg med, for ikkje å verte dregne med i avgudsdyrkinga, men halde seg heilhjarta til Herren. Og Malakias minna dei om det. Det var på grunnlag av det fundamentale klagemålet mot mennesket, på grunn av syndefallet. Og Ormen grunnla makta si på det, med forføringa og klagemålet klarde han å gjere seg til denne verda sin gud. Derfor vart mennesket dømt til døden. Men Kristus døde i staden for oss og det gjaldt både for jøde og grekar. På det grunnlaget fekk menneska komme inn att i samfunnet med Gud, så han igjen vart kjærleiken i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Men no vart dette ikkje lenger godteke i den Katolske Kyrkja og jødane hadde for lengst avvist det. Dermed fekk barnedåpen ei anna betydning enn den kristne dåpen. Det kan samanliknast med omskjering av guteborn og at jødane skulle hugse på at Gud førde dei ut or Egypt og di skulle elske han av heile sitt hjarte. Det skulle vere som eit minne-merke på panna og på handa og på dørkarmen, det var også poenget med påskefeiringa.

Ved barnedåpen les prestane om at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle late dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne må verte som born for å komme inni det. Dersom foreldra, fadderane og prestane trur på Jesus, så dei er velsigna, så tru eg barnedåpen fungerer som barnevelsigning og då må det også følgast opp med opplæring.

Men korleis går det når dei kjem opp i den alderen at dei merkar kjærleiken mellom mann og kvinne, så sviktar opplæringa. Ein gut kan verte forelska i ei jente og ei jente verte forelska i ein gut allereie når dei er 9-10 år og då treng dei den forklaringa at Gud er kjærleiken mellom dei, dei kan stole på han som eit barn stolar på sin far og komme til han med det, komme til Kristus med det, for han er brudgomen som har bruda.

Men i staden vert det med opplæringa forventa eit syndefall, til samanlikning med Adam og Eva og eit fråfall til samanlikning med Israel. Og barnedåpen blir som avtala mellom øvstepresten og keisaren. Ved barnedåpen ausa presten opp vatn på barnets panne tre gongar, det blir som merket på handa og på panna, tre 6-tal, 666.

Den Duglause Hyrdingen.

Dette verkar stikk i strid med det Moses sa om at dei skulle vere Guds born og Malakias sa om eit jødisk ektepar, at borna deira skulle vere Guds born. I staden vart det som Joel profeterte, at dei gav ein gut for ei hore og selde ei jente for vin og drakk.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

Den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane og så selde han Kristus for 30 sølvpengar (Sak.11). Men då døde han i staden for oss og betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skulle tilhøyre han. Like vel vart paven med avlatshandelen ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen.

Erstatte Paulus og mannen som Kristus er hovudet for.

Paulus sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

1.Tess.2, 1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Malakias spurde om det jødiske ekteparet, kva er det kona vil ha, born som høyrer Gud til, så dei skulle vere hans born også. Det gjorde ho rett i å be om. Og mannen skulle vere trufast mot henne. Slik skal det også vere mellom dei kristne, så ei ung kristen kvinne gjer rett i å be slik. Derfor skal mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging og gjer rett i å be slik. Og så vert dei helga ved Guds Ord og Guds Ande. då skal ikkje nokon prøve å lure han (v6).

Paven og prestane i den Katolske Kyrkje skulle liksom be for folket, men det vart til at dei bad i staden for folket, så det vart systematisk lureri. Paven og prestane kom til erstatning for Kristus og mannen som han er hovudet for, så han vart lurte på heile greia.

Dette problemt er ikkje avgrensa til den Katolske Kyrkja. Men med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære, har det vorte slik i den Norske Kyrkja og det norske samfunnet. Ei avgrensing av mannens fridom, så han ikkje får tale si eiga sak, spesielt når han vil fri til ei kvinne. Då får han heller ikkje tale hennar sak. Men det er mange som vil tale i staden for både han og henne. Men det blir ikkje rett, det er og blir lygnarisk, som om det er ein annan som vil tale si sak i staden. Slik blir samfunnet korrupt og demokratiet verkar ikkje lengre slik som det skulle. Det er uretten sett i system (2.Tess.2,11-12).

Dei som er komne før Kristus er tjuvar og røvarar.

Jesus sa at dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar. Slik også med den Lovlause og den Duglause Hyrdingen.

Joh.10, Eg er døra

1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

Jesus skal tyne den Lovlause med sin Ande.

Slik også med den Lovlause, han er komen før Kristus, men når Kristus kjem att, skal han tyne han med pusten frå sin munn. Jesus pusta på disiplane sine og sa at dei skulle ta imot den Heilage Ande.

Joh.20, 17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» 18 Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Jesus syner seg for læresveinane

19 Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»

Tvilaren Tomas

24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

26 Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» 28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. 29 Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»

I det vi vender hugen opp til han og tek imot det livet og den Anden han gir oss frå himmelen, vert vi fylte av den Heilage Ande. Han Andar på oss så vi vert fylt av hans Ande og slik tyner han den Lovlause med pusten av sin Ande, i sin kyrkjelyd. Då er det noko som skjer både i himmelen og på jorda og det er dette vi ser i Op.19-20. I det vi soleis vender hugen og blikket opp til han, ventar vi på hans gjenkomst, som om det kan skje kva tid som helst. Det paradoksale er at slik vert vi utrusta til å gi noko til denne verda medan vi framleis er her.

Maria fekk ikkje røre han, fordi han enno ikkje var herleggjorde. Det var tydeleg vis også fordi ho var kvinne og ho elska han som sin kjæraste og brudgom. Men når Kristus for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand og fekk den herlegdomen han hadde hatt frå før verda vart skapt, så sende han den Heilage Ande til disiplane sine. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Vi vert alle tiltrekt av hans herlegdom, så vi vert oppløfta. Eg tenker meg at det vert litt spesielt for ei kvinne, ved at ho vert tiltrekt av han som hans brud. Han elskar henne som si brud og ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Sions dotter er Jesu brud og det er identiteten til hans kyrkje og det gjeld sjølvsagt for jødane også.

I Op.18 ser vi at det blir bryllaup i himmelen, men det ser også ut til at det samtidig er noko som skjer på jorda. Ja, det verkar då som Jesus vil regjere på jorda gjennom si brud. Så kjem han att som kongars konge og Dyret og den Falske Profet vert kasta i eldsjøen. Eg trur og meiner det heng samen med at evangeliet vert forkynt for alle folkeslag, i tråd med misjonsbefalinga, slik at det er noko som skjer på jorda, samtidig som det er noko som skjer i himmelen. Slik tyner Kristus den lovlause med pusten frå sin munn. Men det er tydeleg at det også vert krig.

Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

 Så stig ein engel ned og bind Draken for 1000 år (Op.20).


3 responses to “Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.”

  1. Lp 34 Fader vår, du som er i himmelen 1. Lat namnet ditt helgast. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. […]

    Like

  2. Lovnad og profeti 36. Fader vår, du som er i himmelen 3. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. […]

    Like

  3. Lovnad og profeti 37. Gjere større gjerningar ved å be i Jesu namn og be Faderen om å la riket sitt komme. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 29. Joels bok, Johannes Openberring og hellenismen. Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. […]

    Like

Leave a reply to Lovnad og profeti 37. Gjere større gjerningar ved å be i Jesu namn og be Faderen om å la riket sitt komme. – Faith and Entropy Cancel reply