Antikken og Johannes Openberring.

Dei joniske byane.

Dei joniske byane på vestkysten av Tyrkia var det kulturelle senteret i Hellas. Her byrja gresk filosofi som naturfilosofi. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Tales_fra_Milet :

Tales fra Milet (født ca. 624 f.Kr, død ca. 548/545 f.Kr)[10][11] var en gresk filosof og matematiker. Han regnes for å være den første filosofen i gresk og vestlig filosofi som vi kjenner til. Han er også omtalt den første matematiker og som den første naturvitenskapsmann.

Milet var den mektigaste og rikaste av dei. 550 f.Kr. tok persarane desse byane. I 500 f. Kr. gjorde dei opprør med hjelp frå Athen. Opprøret vart slått ned og folket vart hardt straffa, Milet var brend og folket drepne eller selde som slavar.  

Dette var bakgrunnen for persarkrigane. I 490 sende persarkongen Dareios ein hær over havet mot Attika, men dei vart slegne ved Maraton. I 480 kom persarkongen Xerxes sjølv med ein stor hær og gjekk over Hellespont, gjennom Trakia og Makedonia, medan flåten følgde kysten. Dei sigra ved Termopylane, Athen og Akropolis vart herja og brent. Men ved Salamis tapte dei og persasarkongen vart redd og for heim att med ein liten hær. Resten av den store hæren vart slått året etter. Atenarane vann også eit stort sjøslag på Vest-kysten av Tyrkia. Dermed var dei joniske byane frie frå persar-åket.

Dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring.

Når Johannes var på Patmos, kom Jesus og openberra seg for han, det likna på korleis Herren openberra seg for Daniel og Esekiel. Han gjekk mellom sju lysestakar, det var sju kyrkjelydar og han hadde sju stjerner i si hand, det var englane for dei sju kyrkjelydane. Johannes skulle skrive eit brev til kvar av dei. Det var menneske som også var Guds englar, det betyr at dei var Guds bodberarar og det hadde seg slik at han hadde gitt dei sitt Ord og sin Ande, frå himmelen. Dei sju kyrkjelydane i Joh.3-4 låg ut mot vestkysten av Tyrkia.

Openberring av noko som skjedde i himmelen og på jorda.

Etter breva til dei sju kyrkjelydane steig Johannes opp i himmelen.

Op.4, 1 Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen.

Så fekk Daniel sjå at det skjedde mykje i himmelen som vart avgjerande for det som skjedde på jorda, det hang saman. Trua til dei som tilhøyrde Kristus var viktig for at dei skulle få oppleve at det gjekk slik som det var profetert, så dei fekk profetiane oppfyllt. Eg forstår det slik at med trua på han var han hovudet for dei og leia dei vidare, slik vart det utvikling og framgang. Dei fekk oppleve at Gud gjorde noko nytt, slik som det var profetert. Først er det noko som skjer både i himmelen og på jorda.

Det nye Jerusalem er Jesu brud og det vert bryllaup i himmelen. Som hans brud skal vi vente på at han kjem for å hente oss heim til seg, som hans brud, til bryllaupet i himmelen. Men det ser også ut til at bryllaupet er noko som skjer både i himmelen og på jorda (Op.19). Korleis skal vi forstå det? Så kjem der ein ny himmel og ei ny jord og det nye Jerusalem kjem ned på den nye jorda.

Himmelriket er som ein bonde som sår korn.

Jesus samanlikna himmelriket med ein bonde som sår korn i hjartets jord hos menneska. Då vert vi som såkorn som Gud sår ut i verda og det er noko som skjer i himmelen, som også skjer i verda.

Matt.13, 1 Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. 2 Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda. 3 Så tala han lenge til dei i likningar og sa:

«Ein mann gjekk ut og skulle så. 4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. 6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. 9 Den som har øyro, han høyre!»

Kvifor Jesus talar i likningar

10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?» 11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre. 12 For den som har, han skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 13 Difor talar eg til dei i likningar. For om dei ser, så ser dei ikkje; og om dei høyrer, så høyrer dei ikkje og skjønar ikkje. 14 På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja:

De skal høyra og høyra, men ikkje skjøna,

sjå og sjå, men ikkje skilja.

15 For hjarta åt dette folket er hardt;

tungt høyrer dei med øyro,

og augo har dei late att,

så dei ikkje ser med augo,

eller høyrer med øyro,

eller skjønar med hjarta

og vender om,

så eg får lækja dei.

16 Men sæle er de, for de har augo som ser og øyro som høyrer. 17 Sanneleg, det seier eg dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

Jesus forklarar likninga om såmannen

18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. 20 Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. 23 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.»

Ugraset i kveiten

24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes. 27 Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå? 28 Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei. 29 Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset. 30 Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»

Jesus forklarar likninga om ugraset

36 Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» 37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. 39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. 40 Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, 42 og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 43 Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

Ordet om Guds rike, himmelriket (v 19 & 24), er såkornet som Gud sår i hjertets jord, når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Livet er planta i oss ved Guds Ord.

Såkornet skal spire og vekse.

Når kornet er sått i jorda, er det om å gjere at det får vatning og sollys og at det får stå i ro og vekse. Då må vi framleis ta imot i tru og ta på oss Guds fulle rustning til vern mot grashoppene som vil ete opp grøda.

Vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.

7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:

Han steig opp i det høge

og førte bort fangar;

han gav menneska gåver.

9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Det gamle og det nye mennesket

17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, 18 vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. 19 Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20 Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21 De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

Dei som då tener etter lovens bokstav og spesielt med ei heil mengde menneskebod i tillegg, vert då som grashopper og gnagarar, som vil snylte ved å ete opp grøda, i staden for å la den vekse opp til hausten. Dei er som ugras i kveiteåkeren.

Joels bok.

Symbolikken ved sol, måne, stjerne og solformørking.

I Bibelen er det tale om solformørking som kunne ha andre årsaker enn at månen kom mellom jorda og sola, I Joels bok kunne det vere på grunn av ei sky av grashopper (Joel 2,1-3 & 2,10 & 3,4) som kom med vinden, i Johannes Openberring kunne det vere på grunn av røyk (Op.9,2-3).

Men det har også symbolsk tyding, sola er rettferdssola og stjernene er symbol på Guds englar og Guds folk, Israels-folket. Det ser vi tydeleg i Op.12, «Mor Israel» er kledd i rettferds-sola, så ho reflekterte sollyset og det gjorde månen som ho stod på også, då er månen symbol på Israels land. Ho fødde Kristus, Guds Son, han vart rykkt opp til himmelen, men ho fekk vengene til ørna, så ho kunne røme ut i øydemarka og få det ho trengde der i tre og ei halv tid.

Op.12,13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Sjå også Op.6,14-17.

Gud er ånd og eksisterer og hans rike er ein åndeleg røyndom, det er ikkje fysisk synleg, vi kan komme inn i det, merke det og oppleve det, men vi må bruke symbol for å tale om det.

Kornet, vinen og oljen.

Dei dyrka korn, vin og olje og hadde husdyr, men der var ein risko med det, ved at avlinga kunne vere oppeten av grashopper eller visne ned på grunn av tørke. Grashoppene vert nytta symbolsk for ein fiendehær, tørke vert nytta symbolsk på at Gud ikkje velsignar.

Kornet er symbol på Guds ord vert sått i hjertet, dersom det spirer og veks opp, vert også menneska som såkorn Gud sår i verda. Vinen er symbol på kjærleiken og no tenker eg spesielt på kjærleiken frå Gud, Det er viktig for oss at den er mellom oss, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, slik som vi ser i Høgsangen. Slik er Guds vingard, det er viktig for oss å dyrke den, slik at den ber god frukt. Oljen er symbol på den Heilage Ande.

Joel.1,4 Det åma leivde, åt grashoppa opp,

det grashoppa leivde, åt larva opp,

det larva leivde, åt gnagaren opp.

5 Vakna, de drukne, og gråt!

Klag, alle de som drikk vin,

over druesaft de ikkje fekk smaka!

6 For eit folk har drege opp mot mitt land,

sterkt og utan tal.

Tenner har dei som ei løve,

og kjeve som ei løvinne.

7 Dei la mine vintre aude

og braut ned fikentrea,

flekte borken, reiv lauvet av,

så greinene vart kvite.

Dommedag og frelse ved evangeliet.

Det vert profetert om ein dommedag, ein Herrens dag, der Herren mønstrar ein hær mot sitt eige folk, men han er sjølv redninga, ved at dei vender seg til han og audmjukar seg for han. Og vi ser at det var ved at han sende Son sin til dei, som sin Messias, slik som det var profetert. Det er oppfylt, då er også profetien om grashoppene og solformørkinga oppfylt. Ja, han kom for å oppfylle lova og profetane, men forstår vi det?

Hellenismen.

Antikk historie.

I Bibelen er det profetert om gresk historie og kultur og antikk filosofi er tydeleg inspirert av den jødiske kulturen. Antikk filosofi byrja som naturfilosofi, men sidan dei ikkje hadde metode til å finne ut kva som var rett og sant, tok sofistane over, med ein skeptisisme, at der ikkje fanst noko som var allmenngyldig godt og rett. Dei var journalistar, samfunnsvitarar og juristar, men vart tydeleg korrupte. Sokrates meinte at dygd og kunnskap utgjer ein einskap, integrert så den som har rett kunnskap vil også handle rett og vert også lykkeleg. Når den rette kunnskapen vert integrert i personen, vert den lykkeleg.

Etter persarkrigane hadde Aten styrka si økonomisk og politiske makt i forhold til dei andre delstatane. Aten med sitt demokratiske styre var eit «moderne» samfunn som dreiv industri, handel og sjøfart. Sparta var eit aristokratisk og konservativt jordbrukssamfunn som stod i motsetnad til Aten både i næringsliv, styremåte og livssyn.

Peloponneskrigden kom i 431 f.Kr. Sparta sende ein hær nord til Attika og beleira Aten i 404 f.Kr. tok dei byen. Denne krigen var ei økonomisk ulykke for Aten, men også for Sparta og heile Hellas. Dei greske statane vart øydelagde av borgarkrig og partistrid, demokratiet fungerte ikkje lengre altså.

Det greske storriket.

Kongeriket Makedonia var eit kongerike som vart grunnlagt på 600-talet f.Kr. Jorda var delvis eigd av eit sterkt aristokrati og delvis av frie bønder. Filip av Makedonia vart konge i 357 f.Kr. Han hadde fått gresk oppseding og kom med ein hær mot Hellas. Han tok tre delstatar og så kom det til forhandlingar, han ville ha med seg Hellas i ein krig mot Persia. Aten og dei andre delstatane, med unntak av Sparta, gjekk med på det, mot å få behalde eit visst lokalt sjølvstyre. Men det var son hans, Aleksander den Store, som gjennomførde det, i 334 f.Kr. gjekk han over Hellespont med ein stor hær. Slik som Daniel profeterte.

Aleksander var opplærd i antikk filosofi, han hadde hatt Aristoteles som lærar. og no vart antikk kultur spreidd til heile riket hans, det vert kalla hellenismen og den hellenistiske verda. Aleksander var tolerant, han forstod at det var viktig for å samle så mange folk i eitt rike.

Selevkide-riket.

Men etter han vart det delt i fire og i det nordlege Selevkide-riket klarde Antiokus 4. Epifanes å komme til makta på urett vis. Metodene hans var korrupsjon, lygn og svik, så han endåtil gav bort jord til dei som let seg bestikke.

Daniel.11,39 Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.

Maccabearane leia Israels-folket i motstandskamp og då gjorde dei avtale med Romarriket. Dei gjorde også avtale med Sparta, det hang saman med at dei oppdaga at folket i Sparta var ætta frå jødane. Dette kan vi lese om 1.Maccabearbok.

Antikk filosofi.

Alt gjekk i oppløysing og det vart vanleg å gje sofistane skulda, fordi dei hadde hjelpt til med å bryte ned moralen til ungdommen med læra si. Mange trudde eller lest tru at Sokrates var sofist og når han var 70 år vart han stilt for folkedomstolen, klaga for å øydelegge ungdomen og for ikkje å tru på dei offisielle gudane. Han vart dømd til døden, men det var justismord i stil med korrupsjonen hos sofistane. Som om dei ofra han som syndoffer altså. Slik likna det på «rettsoppgjeret» mot Kristus. Begge deler var justismord.

Etter dette trekte Platon seg attende og filosoferte, det vondes problem var vanskeleg, sidan folket kravde å få Sokrates hendretta, konkluderte han med at ei lærd overklasse måtte styre med diktatorisk makt. Men korleis skulle det gå til?

Platon tenkte seg ei ideverd, der ideane var det som eigentleg eksisterte, det vi ser og sansar er som skuggebilete av desse ideane. I hans «hulelikning» tenkte han seg at menneska kan ikkje sjå dei fysiske tinga slik dei eigentleg er, som ide, altså, dei ser berre skuggande av dei, som i eit skugge-teater. Ved at dei fysiske tinga skygga for sollyset. Det får meg til å tenke på profetien om solformørking.

Men Platons ide-lære høver ganske bra med trua på at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.11,2). Derfor er naturen forståeleg, så spørst det om vi klarar å lære å forstå oss på den. Med si idelære tenkte han matematisk og ved renessansen vart dette ein kjempesuksess ved utviklinga av den nye naturvitskapen og suksessen har halde fram også ved utvikling av moderne teknologi.

Platon tenkte seg at når eit menneske kom til verda, kom sjela frå ideverda og stupte ned i materien. Då miste den mykje av den innsikta den hadde i ideverda også innsikta i det godes ide. Men med lang opplæring kunne mennesket vinne igjen mykje av denne innsikta, slik at det lærde å dømme rett. Derfor måtte ei lære elite styre med diktatorisk makt.

På eit berømt maleri kan vi sjå Platon peike opp, men Aristoteles peika ned, han meinte det var viktig å undersøke og granske det materielle, det var då den fysiske og biologiske naturen som var reell og verkeleg. Han tenkte meir biologisk, men også logisk og vert rekna for logikkens far, men han gjorde den feilen at han brukte logikken på fysiske gjenstandar i staden for idear.

På 1200-talet kom Thomas Aquinas med ei syntese av kristendom og aristotelisme og det vart filosofien til den Katolske Kyrkje. Det vart også årsaka til at dei kjempa imot pionerane i den nye naturvitskapen, spesielt mot Galileo Galilei. At Aristoteles brukte logikken på fysiske gjenstandar i staden for idear, synest vere ein feil som gjentek seg, så det vel kan verte solformørking igjen.

Antikk mytologi og jødedomen.

I følgje antikk mytologi sprang gudane ut av kaos og etter ein kaoskamp vann dei herredøme på kvar sine område. Zevs var den mektigaste av dei. Men som reaksjon mot demokratiet i Aten fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at Zevs skulle regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. At ein gud som sprang ut av kaos skulle få så stor makt er eigentleg ei sjølvmotseiing, det betyr då at eigentleg er der ikkje kaos likevel.

Det vart grekarane sitt svar på jødane si tru på Gud den allmektige. Det var tydeleg inspirert av deira tru på Gud den allmektige, men sidan han regjerte så diktatorisk gjennom moralen, var der ikkje plass til trua, slik som i jødedommen. Kvar vart det av Abrahams tru, den levande trua, velsigninga, Guds kjærleik og omsorg, nåde og miskunn. Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd. Kvar vart det no av rettferdssola? Der kom noko som skygga for den. Den diktatoriske moralen var drepande for det åndelege livet i samfunn med Gud og dernest for det biologiske livet, det vart som grashopper som åt opp grøda.

Rare grashopper og hestar i Johannes Openberring.

Meir symbol-tenking i den nye pakt.

Når vi les i det gamle testamentet, ser vi at Gud gjorde mange synlege under, spesielt når Gud leia folket sitt ut frå Egypt, mot det lova landet. Like vel viste det seg at det var mange som ikkje trudde på han likevel. Å lese om dette får verdi for oss i våre eigne liv, ved at den Heilage Ande openberrar ei symbol-tolking. I Johannes Openberring får vi til dømes høyre om at vatn vart til blod, til samanlikning av ei landeplage i Egypt. No får det ei symboltolking, at det vart vanskeleg å finne det livgivande vatnet, livsens vatn.

Johannes steig opp i himmelen for å få profetiar, Guds Lam var slakta for vår skuld og var verdig til å bryte segla på profetboka, så vi fekk vite profetiane om det som skulle koma. Dei to tempelvitna gjorde store under, men vart drepne. Etter tre og ein halv dag vart det liv i dei igjen og så steig dei opp i himmelen. Dette fortel oss noko om betydninga av dåpen. I himmelen, i Andens verden, vår tankeverd, i vår tru og vår tanke har undera i den gamle pakt framleis verdi for oss. Det er ein logikk som er gyldig i Andens verden, i vår tankeverd, sjølv om den ikkje er gyldig i det materielle miljø rundt oss, slik som når under et skjedde.

Dei skulle til dømes grave grøft på grøft, for der skulle komme vatn utan at dei fekk vite kvar det kom ifrå (2.Kong.3,16). Jesus og Peter gjekk på vatnet, vi brukar det symbolsk om å gå i tru, gå ut på lovnadane og vente at Jesus er med oss og oppfyller dei. I tru på lovnadane skal vi gå inn i det lova landet og ta det i eige.

Moses slo på berge med staven og der kom ei kjelde med vatn så både folk og fe fekk drikke. Det er symbol på det levande vatnet, både vatn og luft er symbol på den Heilage Ande, for vi oppleve den på to måtar, som vatn å drikke og luft å puste inn.

I Joel 1,4-7 er det fortalt om grashopper, larver og gnagarar, om eit krigarfolk som  hadde tenner som løver og øydela fikentre og vintre, gnog av borken og reiv av lauvet. Så er det fortalt om tørke, så avlinga slår feil. Og i Joel 2,4… er det tale om eit krigarfolk som er som hestar.

I Op.9 er det tale om liknande grashopper og hestar. Først grashopper som liknar hestar og hadde halar som skorpionar. Så hestar som hadde tenner som løver og halar som ormar.

Farlege halar altså, til minne om at dei falske profetane var halar (Jes.9,14, 5.Mos.28,13 & 44).

Grashopper som likna hestar, hadde tenner som løver og halar som skorpionar og (Op.9,1-12).

Grashoppene som det er fortalt om i Joel 1-2 brukte å komme frå sør og aust. Dei vert brukt symbolsk om ein fiende frå nord. Grashoppene og gnagarane var snyltarar, det får meg til å tenke på den lærde overklassa og herskarane som kom med hellenismen. Mykje av denne lærdomen var moralfilosofi som var menneskebod, men hadde liten sans for symboltolkinga i Bibelen, så det vart som symboltolkinga av vinen, oljen og kornet vart oppeten av grashopper.

I Op.9,1-12 er det tale om grashopper som såg skræmande ut. Først er det fortalt grashopper som likna hestar og hadde tenner som løver og halar som skorpionar.

Op.9,1 Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen. 2 Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest. 3 Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda. 4 Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna. 5 Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske. 6 I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.

Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet. 8 Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner 9 og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid. 10 Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader. 11 Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.

12 Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.

Ei stjerne skal stå på himmelen og lyse, annleis er det med ei fallen stjerne, den lyser ikkje sjølv lenger. Jesus sa at auget er lyset i lekamen, då er det om å gjere å vere klarsynte. Så har vi lys og salt i oss sjølve, så er vi lys og salt i verda. Det er fordi vi vert overtyda av Guds Ord og Guds Ande. Det skjer ikkje ve hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4).

Korleis kunne dei vite kven som hadde Guds segl på panna og kven som ikkje hadde det? Dette får meg til å tenke på at når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, i 392 e.Kr, var det ved filosofien til Augustin, ei syntese mellom platonisme og kristendom. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere forbanna og gå fortapt. Det var ei svart-kvitt-tenking altså. Men var dette gjennomførbart i det verdslege samfunnet? Då var det også viktig for dei å få med seg alle som søkte Gud i einsemda, få dei med i klostersamskipnaden og den vart ein viktig kulturberar.

Dei hadde broddar som skorpionar, så dei kunne stikke dei som ikkje hadde Guds segl på panna og det resulterte i ei pine som varde i 5 månadar. Så eg tenker meg at det var den herskande overklassa i Romarriket når kristendomen vart statsreligion. Det var med læra til Augustin, ei syntese mellom kristendom og ny-platonisme. Han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere forbanna og det vil seie gå fortapt. Eg tenker meg at det smerta psykisk, til samanlikning med stikket frå ein skorpion, men korleis kunne det vere så smertefullt at folk søkte dauden utan å finne den? Tenk på læra i kyrkja om at dei som begår sjølvmord, går fortapt liksom Judas. Tenk også på at dei som kom til tru på Kristus, skulle sjå det slik at dei var krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han. Slik fann dei dauden på den måten at den verka befriande, dei vart frigjorde frå trældomen under lova og syndeskulda.

Desse grashoppene fekk ikkje lov til å ete verken gras, tre eller noko grønt, så dei fekk ikkje lenger snylte slik som grashoppene i Joel.1-2. Det måtte vel vere på grunn av den evangeliske forkynninga, så dei fekk ikkje snylte med lovlære og menneskebod. Og det gjaldt alle.

Eit skræmeleg kavaleri, hestar som har tenner som løver og halar som ormar.

Så er det tale om hestar som har tenner som løver og halar som ormar.

Op.9,13 Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn. 14 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!» 15 Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska. 16 Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet. 17 Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel. 18 Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane. 19 For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20 Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå. 21 Dei vende ikkje om frå sine mord og sine trolldomskunster, frå sitt horeliv og si steling.

Dersom det var blå røyk, får vi samen fargane på pusten til hestane som på brynja til ryttarane. Elden, røyken og svovelen var våpen til å drepe med. Vi kan tenke på ei moderne stridsvogn, ein tanks. Men kva med halen som var som ein orm, då? Her må vi tenke symbolsk og då blir det vel slik med elden, røyken og svovelen, at det er ånda og talen deira som er dømmande. Det fører til åndeleg død og dernest kan det føre til biologisk død.

Harmageddon, syndefallet og Gog-krigen.

Dette får meg til å tenke på at etter syndefallet sette Gud englar til å vakte vegen til livsens tre, så menneska skulle vere utestengde frå Edens hage, for dei var dømde til døden. Når desse englane vart løyste, vart dødsdomen handheva på denne måten. Ormen skulle hogge kvinna i hælen. Men her er dei halen på hestane. Det tyder på at dei var falske profetar, i følge Jes.9,14.

Kvifor var det akkurat ein tredjedel av menneska som vart drepne. Ein tredjedel møter vi att fleire plassar og eg tenker meg det har seg slik at den store byen vart delt i tre. Det var religionen i Romarriket som vart delt i tre, den Katolske Kyrkja, den Ortodokse Kyrkja og Islam.

Så her er det tale om den åndelege døden som kom med Islam. Dei praktiserer omskjering på heidningar med krav om at dei skal leve etter Mose-lova altså. Ikkje nok med Moselova, men ei heil mengde med menneskebod i tillegg, endåtil som erstatning. Det var nettopp dette Kristus kritiserte farisearane og dei skriftlærde for.

Mark.7,1 Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus. 2 Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med vanheilage, det vil seia uvaska hender. 3 For farisearane og alle andre jødar vaskar hendene med litt vatn før dei et. Dette er i samsvar med føresegnene frå dei gamle. 4 Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje før dei har vaska seg. Dei har òg mange andre skikkar, som dei har overteke og held fast på, så som å skylja koppar og krus og koparkjerald. 5 Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor fylgjer ikkje læresveinane dine dei føresegnene som vi har frå dei gamle, men et med vanheilage hender?» 6 Då sa Jesus: «Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive:

Dette folket ærar meg med lippene,

men hjarta deira er langt borte frå meg.

7 Dei dyrkar meg fåfengt,

for det dei lærer, er menneskebod.

8 De bryr dykk ikkje om Guds bod, men held fast på føresegner som er overtekne etter menneske.»

9 Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner. 10 Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy. 11 Men de lærer: Om ein mann seier til far sin eller mor si: Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ein korban – det er ei gåve til templet – 12 då lèt de han ikkje få lov til å hjelpa far sin eller mor si. 13 Såleis gjer de Guds ord om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke og gjev vidare. Og slikt gjer de mykje av.»

14 Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og skjøna det eg seier! 15 Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Men det som går ut or mennesket, det gjer mennesket ureint. 16 Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

Joh.6,62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

Vi kan samanlikne dette med

Op.16, 12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. – 15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» – 16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

I begge tilfelle er det noko som først skjer ved Eufrat og så er det noko som skjer i omlag same området. Harmageddon-krigen liknar på Gog-krigen (Op.20,8), det kan vere den same krigen eller ei liknande konflikt som blussar opp att seinare.

I Esekiel 38-39 er det fortalt at Gud drog Gog til å mønstre til krig mot Israel, det var også motivert av å rane og røve. Men i Op.20 er det sagt at det var Djevelen som forførde dei, slik som ved syndefallet altså!? Ja, for Israel er som fikentreet og Adam og Eva reiv av blad på det, får å skjule seg med.


6 responses to “Lovnad og profeti 29. Joels bok, Johannes Openberring og hellenismen.”

  1. Lovnad og profeti 31. Kjærleikens vingard 1. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 29. Joels bok, Johannes Openberring og hellenismen. […]

    Like

  2. Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 29. Joels bok, Johannes Openberring og hellenismen. […]

    Like

  3. Lovnad og profeti 37. Gjere større gjerningar ved å be i Jesu namn og be Faderen om å la riket sitt komme. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 29. Joels bok, Johannes Openberring og hellenismen. Lovnad og profeti 33. Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn. […]

    Like

Leave a reply to Ny Tid 40. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 15. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine l Cancel reply