Dei fire vindane.

«De er dei fire vindane.»

Sommaren 1983 reiste eg til Israel og var på kibbutzen Ayelet Hashachar i eitt år, bortsett frå ei kort periode, då eg var på ein kibbutz nær Jerusalem, for eg ville gå på møte i ei pinsekyrkje der. Men på eit møte kom der tungetale med tyding, der Jesus sa vi skulle gå ut i landet, han sa «You are the four winds, so go into the land and blow upon those bones». «You are» betyr både du er og de er og i denne samanheng er begge deler rett oversetting, så eg for tilbake til Ayelet Hashachar.

Vi skal prøve det på Bibelen, ja, så det er berre å slå opp i

Joh.3,5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Er vi fødde på nytt, så skaper Gud oss i Kristus og eg trudde at då skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, så eg trudde og von at han soleis ville gi meg ei frelst kvinne til kone. Dette har eg vorte sikrare på seinare.

Det vart ein åndskamp og det får vi forklaring på i Johannes Openberring. Vi skal kle oss i Guds fulle rustning og gå sigrande ut av kampen og gå sigrande ut av denne verda.

Jeremias 49

Dei fire vindane får vi høyre om fyrst hos profeten Jeremias, han var profet rett før og medan Israels-folket vart bortførde, det same gjaldt nabo-folka deira. Her vert det sagt at dei kjem mot Elam og spreier folket for dei fire vindane.

Jer.49, 34 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:

35 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, eg vil bryta bogen for elamittane,

det sterkaste våpenet deira.

36 Mot Elam sender eg fire vindar

frå dei fire himmelhjørna

og spreier dei for alle desse vindane.

Det skal ikkje vera eit land

der det ikkje finst folk

som er bortdrivne frå Elam.

37 Eg gjer elamittane redde

for fiendane deira,

for alle som står dei etter livet.

Eg lèt ulukke koma over dei,

min brennande vreide, seier Herren.

Eg sender sverdet etter dei

til eg får gjort ende på dei.

38 Så set eg kongsstolen min i Elam

og rydjar ut konge og hovdingar der,

lyder ordet frå Herren.

39 Men til sist, i dagar som kjem,

vender eg lagnaden for Elam,

lyder ordet frå Herren.

Esekiel 37.

Esekiel var profet medan Israels-folket var bortførde. Då profeterte han om at Gud ville gjere dei levande igjen og føre dei attende til landet sitt, så no ville dei fire vindane verke slik altså.

Esekiel.37,11 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

Så dei fire vindane er livsanden som det er tale om allereie i 1.Mos.2,7, det er Guds Ande.

Daniel 7.

I Dan.7, ser vi at dei fire vindane sette storhavet i opprør, så det kom fire store dyr opp av havet. Kva var storhavet i opprør mot? Israel? Ja, for det første storriket hærtok Israel og bortførde folket.

Daniel.7,2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.

Sakarja.6.

I Sak.6 vert dei fire vindane omtala som fire hestar med vogner.

Sak.6, 1 Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar. 2 For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar; 3 for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar. 4 Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?» 5 Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda. 6 Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.» 7 Då fór dei raude ut, og dei var ihuga etter å koma i veg og fara ut over jorda. Då sa han: «Av stad og far ut over jorda!» Så fór dei av stad ut over jorda. 8 Då ropa han til meg: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, skal la min Ande finna ro der nord.»

I Norsk Bibel 1994 er «flekkete raude hestar» i vers 3 erstatta av «flekkete, sterke hestar». I vers 7 er «dei raude» erstatta av «dei sterkaste hestane». Men dette må då vere dei raude hestane som var spente for den første vogna, så her er ikkje Norsk Bibel konsekvent med oversettinga. Det må opplagt vere feil, for det er tale om korleis hestane såg ut, kva farge dei hadde og då er det rart å byrje å tale om at nokre av dei var sterkare, i staden for at dei var raude. Det er utruleg at dei endåtil presterer å vere inkonsekvente, så dei motseier seg sjølve.

Sidan dei fire vindane er Guds Ande, må dette vere den kristne og karismatiske vekkinga, at Guds ande skulle utgytast over alt kjøt.

Joh.Op.7.

I Joh.Op.7 er det tale om fire englar som heldt dei fire vindane. Dette er etter at Lammet hadde brote det sjette seglet.

Dei 7 segla.

Ei forsegla bok vart opna.

Daniel fekk sjå mykje i profetboka, men så fekk han ikkje sjå meir, resten var forsegla, ja det kunne v erke som det han hadde sett også var forsegla, for det var ikkje lett å forstå seg på.

Daniel.12, Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.

……

9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida.

……

13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

Einaste Lammet som var slakta var verdig til å bryte segla på boka.

Joh.Op.5, 7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda.

Det som er sagt i vers 10 finn vi att i tusenårsriket, eg forstår det slik at det kjem som resultat av at Jesus frelseverk er fullført og fullkome.

Joh.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Dei første fire segla.

Først kom der ein hest for kvart dei fire første segla som vart brote. Dette minner om dei 4 hestane i Sak.6, men er det ikkje. Berre den første hesten kan tenkast å ha ei liknande oppgåve, men om det akkurat var å forkynne evangeliet, skulle ein tru ryttaren skulle vere væpna med sverd og skjold.

Den kvite hesten.

Joh.Op.6,1 I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!» 2 Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

Kyros var væpna med både boge og sverd (Jes.41,2) og han var eit førebilete på Kristus og han er det tale om i Jes.49

Jes.49,1 Høyr på meg,

de øyar og strender,

lyd etter, de folk langt borte!

Frå mors liv har Herren kalla meg,

frå mors fang har han nemnt mitt namn.

2 Han har gjort min munn til eit kvast sverd

og løynt meg i skuggen av si hand.

Han har gjort meg til ei kvass pil

og gøymt meg i sitt pilehus.

3 Han sa til meg:

«Du er Israel, min tenar,

på deg vil eg syna min herlegdom.»

4 Men eg sa:

«Til fåfengs har eg streva,

til unyttes har eg øydt mi kraft.

Min rett er likevel hjå Herren,

mi løn er hjå min Gud.»

5 «Og no,» seier Herren,

som frå mors liv

har skapt meg til sin tenar,

til å føra Jakob attende til han

og samla Israel hjå han

– eg er gjæv i Herrens augo,

og min Gud har vorte min styrke,

6 «det er for lite at du er min tenar

som skal reisa opp att Jakobs ætter

og føra heim att den frelste flokken av Israel.

Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,

så mi frelse kan nå til heimsens ende.»

Gud gjore Jesu munn til eit kvast sverd og gøymde han i skuggen av si hand. Han gjorde han til ei kvass pil og gøymde han i sitt kogger. Kristus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Men så vart han hendretta og gøymd i ei grav, for å verte gløymd. Men den levande Gud gjorde han levande og vekte han opp att frå dei døde. Han gav disiplane sine misjonsbefalinga, så tok Gud han til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen. Slik gøymde Gud han under si hand og som ei pil i sitt kogger.

Denne ryttaren er væpna med ein boge, mest truleg for å skyte denne pila og slik sigrar han. Jau, dette er nok forkynninga av evangeliet.

Den raude hesten.

Joh.Op.6,3 Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!» 4 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.

Med keisar Augustus kom der ei fredeleg tid i Romarriket. Dei kristne opponerte ikkje på annan måte enn at dei ikkje ville dyrke keisaren som ein gud. Var der nokon annan aktuell måte å opponere på, som kunne ta freden bort frå jorda? Klassekampen og det har vist seg seinare. Sosialistane brukar også raude flagg, så det høver med at hesten er raud.

Dette synest vere ei enkel forklaring, kanskje for enkel, men det er den beste forklaringa eg har.

Den svarte hesten.

Joh.Op.6,5 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa. 6 Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»

I Norsk Bibel 1994 er dagløn erstatta av denar.

Her er det tale om handel, verdien på ei vare vert målt i pengar. Vi kan tenke på kapitalisme. Kveite er tre gangar så dyr som bygg. Men så vert det sagt: «Men oljen og vinen må du ikkje skada.» vart kveiten og bygget skada av prisen som vart sett på det då? Her må vi tydeleg vis tenke symbolsk. Vinen er symbol på kjærleiken og spesielt på kjærleiken frå Gud. Oljen er symbol på salvinga av den Heilage Ande. Kan kornet også vere symbol på noko. Ja, kveiten er symbol på Guds Ord. Når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, vert vi som såkorn som Gud sår i verda (Matt.13,23 & 30).

Den gulbleike hesten.

Joh.Op.6,7 Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!» 8 Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda.

Dette får meg til å tenke på at døden kom som straff for syndefallet. Men desse dødsårsakene er nemnde som Guds måte å dømme og straffe menneska i det gamle testamentet.

Jer.27,12 Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva. 13 Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.

Esekiel.14, 21 Ja, så seier Herren Gud: Når eg sender dei fire harde straffene mine, sverd, svolt, villdyr og pest, mot Jerusalem for å rydja ut både folk og fe i byen, 22 då skal ein rest sleppa unna og få med seg søner og døtrer.

Det verkar rart at nokon skulle få ein slik makt, kven kunne det vere? Han som sat på hesten vart kalla døden, er døden ein person då? Den personifiserte døden. Han og dødsriket fekk makt over ein fjerdedel av jorda.

Femte seglet.

Joh.Op.5,9 Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde. 10 Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og straffar dei som bur på jorda, fordi dei rende ut blodet vårt?» 11 Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til det var fullt, talet på medtenarane og brørne deira, dei som skulle verta ihelslegne liksom dei sjølve.

I Joh.Op.20 er det igjen tale om dei som har vorte halshogne på grunn av at dei trur på Jesus.

Joh.Op.20, 4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

Dette er den første oppstoda og i følgje Paulus skulle den komme ved Jesu gjenkomst, slik at dei som då venta på han, vert henta saman med dei, til å verte med på å feire Lammets bryllaup i himmelen.

1.Tess.4, 13 Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. 14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda!

Men det bryllaupet var allereie i kapittel 19 og dette  er då den fyrste oppstoda! Ei mogleg forklaring kan vere at den første oppstoda skjedde først for dei som døydde i trua på Jesus før han kom og henta si brud, så dei vart med på bryllaupet i himmelen. Sidan skjedde den fyrst oppstoda også for dei som sidan leid martyrdøden i trua på han.

At dei fekk kvite kapper, tyder på at dei vert ikledde den Heilage Ande, ikledde Kristus, betydde det ei åndeleg oppstode? Kvifor var dei under altaret og skulle halde seg i ro der? Eg kan tenke meg at det var fordi dei venta på den lekamlege oppstoda og då skulle dei bere fram kroppen som eit levande offer på altaret.

Sjette seglet.

Himmel og jord.

Joh.Op. 6,12 Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod, 13 og stjernene på himmelen fall ned på jorda liksom umogne frukter drys frå eit fikentre i storm. 14 Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytte frå sin stad. 15 Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar træl og kvar fri mann, alle gøymde seg i holer og mellom berghamrar. 16 Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for han som sit på kongsstolen, og for vreiden åt Lammet. 17 For den store dagen er komen, vreidedagen, og kven kan stå seg då?»

Her kan vi referere til tidlegare profetiar:

Mark.13,24 Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. 25 Stjernene skal falla ned frå himmelen, og kreftene i himmelrømda skal skakast. 26 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom. 27 Han skal senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hjørne, frå ytste enden av jorda til ytste enden av himmelen.

2.Pet.3, Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.

8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Her tenker eg fyrst og fremst symbolsk, for sola, månen og stjernene hadde ei symbolsk tyding i jødedommen og i antikk mytologi var det gudar. Men Galilei oppdaga kva det verkeleg var for noko, så den gamle forståinga av det vart som ein bokrull som vart samanrulla, for å verte kasta og utskifta. Om ikkje dette handla om tankeverda, om det var fysisk røyndom, korleis kunne då kongane og folka i det heile teke overleve? Var det ikkje først og fremst tankane deira på kva som kunne skje, som gjorde at dei i det heile teke hadde moglegheit til å vere redde? For dersom dei opplevde det, så hadde det allereie vore slutt med dei.

I den nye naturvitskapen vert det forstått at fjell og øyar flyttar på seg over lang tid. Galaksane er som himlar som vert rulla saman. Astroidenedslag kan verte som stjerner som fell ned.

Vidare ser det ut som jorda sin undergang, slik vi les om i slutten av Joh.Op.20. Igjen har vi ei linje som når heilt fram til enden, i parallell med andre linjer. Eg forstår det slik at her er Joh.Op.18-20 komprimert. For folka fekk sjå at Jesus kom på skya og som Guds Ord kom han på den kvite hesten, eg tenker meg at begge deler er symbol på den Heilage Ande, det er ein åndeleg røyndom som ikkje er fysisk synleg. Dei heilage får sjå det likevel, ved at den Heilag Ande openberrar han for oss. Og eg trur og vonar at det vil føre til at fleire og fleire erkjenner det og oppdagar det i tide, så dei audmjukar seg og bøyer seg for han. Så mange folk og deira styresmakter vil ta parti med han (Matt.25,31-46). Dei andre vert dømde.

Det er tydeleg at det endar med noko som vert fysisk synleg for alle, men når skjer det?

Matt.24,23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje! 24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd. 25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.

144 000 jødar merkte med segl.

Joh.Op.7, 1 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea. 2 Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet: 3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»

4 Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket.

5 Av Juda-ætta var det 12 000 med segl ….

Dei fire englane hadde fått makt til å skade jorda og havet, tydeleg vis ved å sleppe laus dei fire vindane. Deet høyrest rart ut, skulle det verte resultatet av den kristne og karismatiske vekkinga? Eg tenker meg at det kunne komme som ein biverknad.

Ein biverknad kunne vere at Israels-folket miste sin identitet og vart oppløyst som folk. Men desse fekk Guds segl og det er ved at dei fekk den Heilage Ande som segl.

2.Kor.1,20 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære. 21 Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud. 22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.

Det får som konsekvens at heller ikkje dei andre folka skal verte oppløyste og miste naturlege identitet, for Israel er eksempel for dei andre. Når Gud vende lagande deira og let dei komme heim att il landet sitt, gjaldt det dei andre folke også, det er førebilete på den glade bodskapen om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Her er nokre bibelvers som underbygger dette: 5.Mos.32,8 og Jes.41,4.

5.Mos.32,1 1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,

høyr orda frå min munn, du jord!

2 Lat læra mi risla som regn,

talen min drypa som dogg,

som regnskurer på grøne graset,

som regndropar over det som gror.

3 Herrens namn vil eg forkynna,

og de skal gje vår Gud ære.

4 Han er Berget,

fullkome er hans verk,

rettferdige er alle hans vegar.

Ein trufast Gud, utan svik,

rettferdig og rettvis er han.

5 Dei som ikkje er hans born,

sveik honom med si vonde ferd,

ei svikefull og rangsnudd ætt.

6 Er det så de løner Herren,

du fåvise og uvituge folk?

Er ikkje han din far og skapar,

han som skapte deg og rusta deg ut?

7 Kom framfarne dagar i hug,

gjev akt på åra frå ætt til ætt!

Spør far din, han fortel deg,

dei gamle, dei gjev deg svar.

8 Då Den Høgste gav folkeslaga land

og skilde menneska frå kvarandre,

sette han grenser mellom folka

etter talet på Israels søner.

9 Herrens del vart hans eige folk,

Jakob vart hans arvelut.

10 Herren fann han i øydemarka,

i tome audna med ulande lydar.

Han verna han og sytte for han

og vakta han som sin augnestein.

11 Som ei ørn sviv over ungane sine

når ho lèt dei flyga frå reiret,

så breidde han ut sine vengefjører,

tok og bar han på sine venger.

I vers 6 ser vi at Gud skulle vere både deira Far og deira skapar.

Jesaja.41,1 Ver stille, de øyar og strender,

og høyr på meg,

lat folka samla nye krefter!

Lat dei koma og tala si sak,

lat oss saman gå fram for retten!

2 Kven har vekt den mannen frå aust

som sigeren møter kvar han set foten?

Kven gjev folkeslag i hans makt

og lèt han råda over kongar?

Med sverdet gjer han dei lik støv,

med bogen lik fykande halmstrå.

3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,

er berre så vidt nedpå vegen med foten.

4 Kven var det som sette dette i verk?

Han som frå opphavet kalla ættene fram.

Eg, Herren, er den fyrste,

og eg skal vera hjå dei siste.

5 Øyar og strender ser det og reddast,

heimsens endar skjelv.

Dei stimar i hop og kjem.

Den store kvite skaren.

Men etter dette skulle vel dei fire vindane verte slepte lause då og fare over heile jorda, så det resulterte i at den store kvite skaren vart samla framfor kongsstolen i himmelen.

Joh.Op.7,9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene. 10 Og dei ropa med høg røyst:

Sigeren tilhøyrer vår Gud,

han som sit på kongsstolen, og Lammet.

11 Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud 12 og sa:

Amen.

All lov og pris og visdom,

takk og ære, makt og velde

høyrer vår Gud til i all æve.

Amen.

13 Då tok ein av dei eldste til ords og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei og kvar kjem dei frå?» 14 «Herre,» svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla og har vaska kleda sine og gjort dei kvite i Lammets blod. 15 Difor står dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på kongsstolen, skal reisa sin bustad over dei. 16 Dei skal ikkje lenger svelta eller tyrsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete. 17 For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal turka kvar tåre frå augo deira.»

Dei kjem ut av den store trengselen, kva var det då. Først var det ei trengsletid når det fjerde seglet vart brote og så kom der ei trengsletid når det sjette seglet vart brote.

Når det femte seglet vart brote vart det tala om dei som allereie då hadde vorte ihælslegne, dei fekk kvite kapper og så måtte dei berre halde seg i ro til talet på martyrar vart fullt.

Det sjuande seglet.

Joh.Op.8,1 Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.

Det var då som den sjuande dagen, kviledagen, alle kvilte middag ein halv time.

Dei sju basunane.

Førebuing med bønene frå dei heilage.

Joh.Op.8,2 Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar. 3 Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen. 4 Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage. 5 Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.

6 Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.

Bønene frå dei heilage verkar slik som det er sagt her, dei vert forsterka av den røykjelsen som denne engelen legg til. Elden som engelen kasta på jorda, reknar eg for å vere den kristne vekkinga.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias. 16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Luk.12, Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!

Dei fire fyrste basunane.

Joh.Op.8, 7 Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset.

8 Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod, 9 og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under.

10 Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene. 11 Namnet på stjerna er Malurt, og tredjeparten av vatnet vart til malurt; og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.

12 Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins.

13 Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.»

Noko som verkar rart her, er at det stadig er tale om ein tredjepart. Finst der noko i historia som kan skildrast så dramatisk? Det må i så fall vere dei to verdenskrigane. Hagl og eld kan vere kuleregn og bomber, det kan vere brennande fly som styrter. Mange skip gjekk under. Men kva var så det brennande fjellet? Det minner om å ha tru som kan flytte fjell.

Matt.17, 19 Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 20 «Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk. 21 Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

Sak.4, 6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

7 Kven er vel du, du mektige fjell?

Framfor Serubabel skal du verta ei slette.

Han skal føra fram toppsteinen,

medan dei ropar:

«Nåde, nåde vere med han!»

Då er vi i alle fall over på symbolsk tenking, slik også når det gjeld stjerna Malurt. Men kva betydning får det då at tredjeparten av vatnet vart til malurt og vart giftig? I 1.Mos.2 er ei oppkome med grunnvatn symbol på det levande vatnet. Slik skal det vere når evangeliet om Kristus vert forkynt, at vi får livets vatn av berre nåde. At vatnet vart forgifta kan bety at evangeliet vart forfalska og erstatta av noko anna. At tredjeparten av sola, månene og stjernene vart råka, kan bety ei åndeleg formørking. Det er tale om rettferdssola altså.

Malakias.4, Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.

Alle frekke og gudlause

skal då vera som halm,

og dagen som kjem, skal brenna dei opp,

seier Herren, Allhærs Gud,

så korkje rot eller grein vert att.

2 Men for dykk som har age for mitt namn,

skal rettferdssola renna

med lækjedom under sine venger.

De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar

når dei slepp or fjøset.

Den femte og sjette basun.

Joh.Op.9,1 Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen. 2 Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest.

Joh.Op.9,13 Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn. 14 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!» 15 Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska.

Eg tenker meg at det var dei englane som var sett til å stenge vegen til Edens hage.

1.Mos.3,24 Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Kvifor var dei bundne då? Var det fordi dei var bundne til den oppgåva akkurat der? Men når evangeliet vert forkynt for alle folkeslag, så kjem menneska seg inn overalt. Endå til ved Eufrat, så kanskje det var slik dei hadde vorte bundne. Dei drap tredjeparten av menneska. Igjen er det tale om ein tredjedel.

Den sjuande basunen.

I følgje Paulus kjem Jesus att og hentar sine når den siste luren ljomar.

1.Kor.15,51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.

1.Tess.4,13 Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von. 14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna. 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda!

Men i Johannes Openberring ser det ut til å verte ein lang prosess som kjem når den sjuande basunen lyder.

Joh.Op.10, Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen 6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute. 7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»

8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» 9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» 10 Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen. 11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»

Guds plan møter vi igjen i

Joh.Op.17, 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Men allereie i Joh.Op.11 er det fortalt at den sjuande engelen bles i basun.

Joh.Op.11,15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:

Vår Herre og hans salvevigde

har fått herredøme,

og han skal vera konge i all æve.

16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud 17 og sa:

Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,

du som er og som var,

fordi du har teke di store makt

og vorte konge.

18 Heidningfolka vart harme,

men no er din vreidedag komen,

og tida då dei døde skal dømast.

Då skal du løna tenarane dine

profetane, dei heilage

og dei som har age for ditt namn,

små og store,

og øyda dei som øyder jorda.

19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

Dei sju skålene.

Det som er sagt om skål 2-6 liknar på det som er sagt om basun 2-6, det kan vere historia som gjentek seg, men ikkje heilt likt.

Førebuing.

Nokre har allereie sigra over Dyret med merket og dei lovprisar Gud og syng songen til Moses og Lammet.

Songen for Lammet

Joh.Op. 15,1 Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført. 2 Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene 3 og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet:

Store og underfulle er dine gjerningar,

Herre Gud, du Allmektige.

Rettferdige og sanne er dine vegar,

du konge over alle folkeslag.

4 Kven skulle ikkje ottast deg, Herre,

og æra ditt namn?

For einast du er heilag.

Alle folkeslag skal koma

og tilbe for ditt åsyn,

fordi dine rettferdige domar har vorte openberre.

Dei sju siste plagene

5 Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna. 6 Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa. 7 Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve. 8 Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

Dei fem første skålene.

Joh.Op.16,1 Så høyrde eg ei høg røyst frå templet som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!» 2 Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3 Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død, og alt liv i havet døydde.

4 Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod. 5 Og eg høyrde engelen over vatnet seia: «Rettferdig er du som dømer slik, du som er og som var, du heilage. 6 For dei har rent ut blod frå heilage menn og profetar, og du har gjeve dei blod å drikka. Det har dei fortent.» 7 Og eg høyrde altaret seia: «Ja, Herre Gud, du Allmektige, sanne og rettferdige er dine domar.»

8 Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld, 9 og menneska vart brende i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.

10 Den femte engelen tømde si skål ut over kongsstolen åt dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pinsle. 11 Men pinslene og svullane deira gjorde at dei spotta Gud i himmelen, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.

Heldig vis har vi ikkje erfaring av noko som liknar dette, havet vart til blod, så alt livet i havet døde. Det som vert sagt her liknar det som vart sagt då englane bles i 2-4 basun (Op.8,8-12), eg veit ikkje anna råd enn å bruke same symbolikken, men då var det tale om ein tredjedel. Sola vart formørka, men her skin ho så sterkt at ho svir menneska.

Den sjette skåla.

Joh.Op.16,12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. – 15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» – 16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

Eufrat er symbol på kjelda med det levande vatnet, det får vi av berre nåde ved trua på Jesus. At vatnet tørka ut kom då som konsekvens av at evangeliet ikkje vart forkynt og motteke i tru. Dette er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet. Det resulterte i død og derfor vert det også krig.

Vatnet tørka ut så det vart bana veg frå kongane frå Austerland og der kom vonde ånder frå Draken, Dyret og den Falske Profet. Dette er ein åndskamp altså.

Her er det berre for oss å vake og vente på Jesu gjenkomst, at vi skal få vere med på å feire Lammets bryllaup, kle oss i bryllaupsklednaden og i Guds fulle rustning.

Den sjuande skåla.

Joh.Op.16,17 Den sjuande engelen tømde si skål i lufta. Då høyrdest det frå kongsstolen i templet ei veldig røyst som sa: «Det har hendt!» 18 Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levt menneske på jorda – så kraftig var det. 19 Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folka vart lagde i grus. Gud kom i hug det store Babylon, og det laut ta imot staupet med hans harme- og vreidevin. 20 Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir. 21 Svære hagl på hundre pund fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for den plaga som haglet var, for plaga var fælsleg.

Dette liknar mest på det som skjedde når det sjette seglet vart brote. Babylon, den store byen vart kløyvd i tre delar. Då tenker eg på religionen i Romarriket, sjølv om kristendomen hadde vorte til stats-religion. Den vart først delt i den Romersk-Katolske og den Gresk-Ortodokse kyrkje. Sidan kom Islam også, men den skil seg vesentleg frå desse to kristne kyrkjene. Eg tenker meg at det er derfor det er så mykje snakk om ein tredjedel når basunane lyder. For Islam er nådelaus.

Her er det tale om hagl på hundrede pund. Ja, det er sikkert ei fin vekt på ei bombe frå eit bombefly.

Kva så med reformasjonen og den protestantiske kyrkja? Eg forstår dette slik at Dyret og dei ti horna i Joh.Op.17-18 gjer opprør mot den Store Skjøkje, men dei som trur på Jesus sigrar over dei (Joh.17,14).

 

 

 

 

 

 

 

 

 


4 responses to “Lovnad og profeti 15. 4 vindar, 4 hestar, 7 segl, 7 basunar og 7 skåler.”

  1. 2024.04.03. ETS. Ver ikkje redd, mitt barn, eg er med deg. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. Avatar

    […] 2.3.2024 gjorde eg ferdig dokumentet https://faith-and-entropy.com/2024/04/02/4-vindar-4-hestar-7-segl-7-basunar-og-7-skaler/ om profetiane i Johannes Openberring 8-12 og 14-16. I dag, onsdag 3.4.2024 har eg tenkt på om eg […]

    Like

  2. Lovnad og profeti 20. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 15. 4 vindar, 4 hestar, 7 segl, 7 basunar og 7 skåler. […]

    Like

Leave a reply to Lovnad, profeti og filosofihistorie 9. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born. Ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 1. &#82 Cancel reply