Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13.

FOR DET FYRSTE VIL EG YNSKJE DYKK ALLE EI GOD PÅSKE. DETTE HANDLAR OM PÅSKEFEIRINGA HEILT IFRÅ DEN VAR Å FEIRE AT GUD FRIGJORDE FOLKET SITT FRÅ TRÆLDOMEN I EGYPT OG LEIA DEI VED MOSES TIL DET LOVA LANDET. MEN KUNNE DEN I STADEN VERTE TIL DYRETS MERKE?

Lovnad og profeti.

Eg skreiv ferdig dokumentet om Dyra i Op.13 https://faith-and-entropy.com/2024/03/20/lovnad-og-profeti-13-dyret-og-den-falske-profet-op-13/ 18.3.2024. og la det ut på mi eiga fb-side og fb-sida til Maran-Ata Norge. Her vil eg skrive vidare på same tema.

Same dagen kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap som ho la ut på youtube. Eg oppdaga det dagen etterpå og igjen tek eg imot det som ein bodskap til meg. Dette har eg skrive om her: https://blessings-from-heaven.com/2024/03/20/eg-vil-styrke-di-trotte-sjel-og-gi-deg-skattar-i-morket-profetisk-bodskap-ved-elin-therese-slotten-7-3-2024/.

Mykje av profetiane i Bibelen er lovnadar til oss som trur, ja, det er det sentrale poenget med profetiane, så det er viktig for oss å ha den innstillinga at vi vil få lovnadane oppfylt, så slik får vi meir og meir innsikt i det profetiske ord. Slik blir desse profetiske bodskapane og tyding av tungetale viktige.

Kunne påskefeiringa verte til Dyrets merke?

Feiring av påske, som minnesmerke på panna og på handa.

Sidan det andre dyret i Op.13 er den falske profet, prøver det sikkert å etterlikne noko som er skrive i Bibelen tidlegare, slike moglegheiter vil eg sjå etter her.

Vers 17, Dyrets merke.

2.Mos.13 1 Herren sa til Moses: 2 «Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.»

3 Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i. 4 I dag tek de ut, i abib månad. 5 Når så Herren fører deg inn i landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, det som han lova fedrane dine å gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudsteneste på dette viset i denne månaden. 6 I sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren. 7 Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når. 8 Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt. 9 Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt. 10 Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»

11 Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, 12 då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til. 13 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. 14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. 15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. 16 Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»

Jødane si avtale med romarane. Kva med Kristus og dei kristne?

Maccabearane leia jødane i motstandskampen mot Antiokus 4. Epifanes, for å verne prestetenesta si slik som den skulle vere etter deira heilage skrifter. Då gjorde dei avtale med romarane. Såg dei mogleheita for at dei gjennom den avtala kunne påverke politikken i Romarriket? Men når dei avviste Kristus og sveik han, så viste dei jødiske religiøse leiarane at prestetenesta deira likevel var infiltrert av politikken og religionen til Antiokus 4. Epifanes, dyrkinga av Zevs.

Men det var Kristus og hans disiplar som vidareførde jødedomen, inkludert avtala med romarane, som om dei venta seg at der skulle Mikael, den store kongen stå fram, han som verna folket deira. Det kan svare til ein politikk og ei stormakt heilt fram til vår tid, no verkar det som om det er først og fremst USA som fungerer slik.

Økonomien.

Egyptarane bygde svære pyramider som gravkammer for Faraoane og svære sfingsar til minne om dei (2600-1600 f.Kr.). Og jødane var i Egypt frå 1700 til 1250 f.Kr. Josefs økonomiske råd til Farao gjorde sikkert inntrykk, det var då mykje lurare å spare opp noko verdifullt enn å bygge pyramider. Det er poenget med kapitalisme, men dette var også eit døme på det som i seinare tid har vorte kalla Keynes økonomiske filosofi og politikk. Hitler brukte det med stor suksess, så lenge det varte. Det gjorde også Arbeidarpartiet frå og med andre verdskrig. Slik var også Marshall-hjelpa etter andre verdskrig og den vart ein kjempesuksess.

Kong Salomo samla på gull, men når dei skulle bygge oppatt tempelet, sa Herren at gulle tilhøyrde han.

Haggai.2,1 For så sier Herren, hærskarenes Gud: Ennu én gang, om en liten stund, vil jeg ryste himmelen og jorden og havet og det tørre land.

7 Og jeg vil ryste alle folkene, og alle folkenes kostelige skatter skal komme hit, og jeg vil fylle dette hus med herlighet, sier Herren, hærskarenes Gud.

8 Mig hører sølvet, og mig hører gullet til, sier Herren, hærskarenes Gud.

9 Dette siste hus skal bli herligere enn det første, sier Herren, hærskarenes Gud; og på dette sted vil jeg gi fred, sier Herren, hærskarenes Gud.

Gullet er verbestandig, det rotnar ikkje og rustar ikkje, så det har varig verdi. Det har ikkje mykje praktisk nytte, men vert brukt til pynt. Men det vert brukt som mål for verdiar som også kan vere av praktisk nytte. Det er den opparbeidde ordenen som gjer at noko får verdi for oss, slik også med trua. Entropi er eit mål for uorden, dette er poenget med namnet på bloggesida mi: trua og entropien.

Israelsfolket skulle vere Guds born.

Moses sa til jødane at dei skulle vere Guds born, men føresåg korleis det kom til å gå.

5.Mos.32, 1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,

høyr orda frå min munn, du jord!

2 Lat læra mi risla som regn,

talen min drypa som dogg,

som regnskurer på grøne graset,

som regndropar over det som gror.

3 Herrens namn vil eg forkynna,

og de skal gje vår Gud ære.

4 Han er Berget,

fullkome er hans verk,

rettferdige er alle hans vegar.

Ein trufast Gud, utan svik,

rettferdig og rettvis er han.

5 Dei som ikkje er hans born,

sveik honom med si vonde ferd,

ei svikefull og rangsnudd ætt.

6 Er det så de løner Herren,

du fåvise og uvituge folk?

Er ikkje han din far og skapar,

han som skapte deg og rusta deg ut?

Han sa om kong Salomo at han skulle vere son hans og gav han ein visdom i hjertet medan han var ung, som gjorde han visare enn alle. Men på sine gamle dagar fekk Salomo så mange utanlandske koner, som dyrk avgudane og dei vende hjarta hans på avvegar.

1.Kong.11, Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

Jeroboam vart konge over mesteparten av Israels-folket, men han heldt fram med å føre dei i fråfall.

1.Kong.12, 26 Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta. 27 Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.» 28 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.» 29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. 30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. 31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.

Dei fall ifrå både Gud og Davids-ætta og sidan vart Davids-ætta også med i fråfallet, eigentleg byrja det faktisk allereie med Salomo og det er det som er mest ubegripeleg.

Dermed kan vi forklare det utifrå strategien til Balak og Bileam Beorson.

Mika.6, 5 Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,

Balak, kongen i Moab,

og hugs det svaret han fekk

av Bileam, son til Beor,

på vegen frå Sjittim til Gilgal,

så du kan skjøna

Herrens frelsesgjerningar.

4.Mos.31,13 Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren. 14 Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann. 15 Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene? 16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk. 17 No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn. 18 Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

Judas.1,4 For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som etter skriftene for lenge sidan er etla til dom. Dei misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv, og dei fornektar vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus.

5 Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. 6 Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. 7 Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld.

8 Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. 9 Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!» 10 Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.

11 Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne. 12 Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan blygsle et og drikk. Dei er hyrdingar som berre syter for seg sjølve, vasslause skyer som driv med vinden. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, to gonger døde, ja, rivne opp med rot. 13 Dei er ville havbylgjer, skummande opp si eiga skam, vegville stjerner som det evige nattmørkret ventar på.

Bileam var i byrjinga ein Guds profet, som profeterte for han, utan å verte korrupt ved å ta imot betalinga frå Balak. Men så prøvde han seg likevel med list og vart dømde for det, som ein falsk profet. Kva var då den falske profetien? Han prøvde å få kvinner til å lokke israelittiske menne til hor og klarde det. Som om det var ein profeti som gjekk i oppfylling? Likevel var det ein falsk profeti. Han og Balak prøvde å få makt gjennom ein falsk profeti, som var å prøve å freiste dei. Men Guds dom ramma både freistarane og dei som vart freista. Det vart først eit oppgjer i den israelittiske leiren og så gjekk dei til krig og vann og då tapte både Balak og Bileam.

Men der kom ikkje til eit slikt oppgjer i Israel med «arven» etter Salomo. I staden vart det som om det som var feil vart godteke, slik var det og slik skulle det vere. Og sidan vart det berre verre.

Den Falske profet i kyrkja?

Kristendomen vart statsreligion i Romarriket og så vart det delt.

I 392 gjorde Teodosius den store kristendomen til statsreligion. Han døydde i 395 og då delte han riket mellom dei to sønene sine. Slik vart riket delt i Aust-Romarriket  med ein keisar i hovudstaden Konstantinopel og Vest-Romarriket med ein keisar i hovudstaden i Roma. Sidan vart riket aldri samla igjen. Slik vart også kyrkja delt i den Gresk Ortodokse kyrkja med ein erkebiskop som overhovud i Konstantinopel og ei Romersk-Katolsk kyrkje med ein erkebiskop som over hovud i Roma.

Eg tenker meg at desse to erkebiskopane og/eller keisarane svarar til det andre Dyret i Op.13. Men korleis kunne dei to erkebiskopane verte til falske profetar? Ved å tene Dyret som fekk ulivssåret lækt, ved å erstatte Jesu syndeoffer med noko anna. Dermed fungerte ikkje prestetenesta lenger slik som den skulle i den nye pakta. Dei to som var salva til teneste som prest og byggherre, skulle også vere profetar, men dei vart erstatta (Op.11).

Kyrkjefader Augustin.

Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, var det ved ei syntese mellom platonisme og kristendom, ved «kyrkjefaderen» Augustin. Det går godt an å forstå evangeliet som Guds svar på platonismen, den påpeikte det vondes problem og det var vanskeleg. Men evangeliet gir oss løysinga. Det går an å halde ei lang tale om det, men konklusjonen må verte to regiment, eitt i kyrkja og eitt i staten, slik makta var delt i den gamle pakt også. Men no er Kristus både øvsteprest etter Melkesediks vis og kongars konge.  

Men Augustin godtok også ei lære om at det er berre gjennom kyrkja menneske kan verte frelst. Dei som står utanfor skal vere forbanna, det vil seie at dei skal gå fortapt. Korleis kunne dei fullføre misjonsbefalinga med ei slik innstilling, det verkar då som ei sjølvmotseiing. Det var mange som søkte Gud i einsemda og dei prøvde å inkludere dei gjennom kloster-samskipnaden. I filosofihistoria vert det verdsett, ved at klostera tok vare på god lærdom og med tida viste det seg at der vart god lærdom utvikla vidare.

Men for å vise kor gale denne bannlysinga var, vil eg minne om David som var salva til kone, men likevel måtte ta røminga og leve som ein som bar bannlyst og utstøytt. Lenge etter at han hadde vorte kong, måtte han like vel ta røminga og i Salme 109 tala han om den som likar så godt å forbanne. Seinare levde profeten Elia og profeten Elisja som om dei var bannlyste og utstøytte frå samfunnet.

Ikkje nok med det, men seinare påstod leiinga i den Katolske Kyrkja at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, det betyr no eigentleg å bannlyse dei som er innafor også. Så kva er feilen eigentleg?

Kan barnedåpen fungere som Dyrets merke?

Ved barnedåpen talar presten fagert om at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å komme inn i det. Så gjer dei avtale om at barnet skal oppsedast i den kristne trua og så døyper presten barnet til Faderen, sonen og den Heilage Ande. i det minste påstår at han gjere det, for dei er klar over at det  kjem an på kva opplæring barnet får sidan. Og får det den rette opplæringa då? Det gjorde tydeleg vis ikkje det, når den Katolske Kyrkje konkluderte med at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte. Dei måtte gå via paven, prestane og helgenane i staden. Som om dei var døypte til paven i staden altså. Som om dåpen i kyrkja er Dyrets merke.

Presten ausar opp vatn med handa tre gangar på barnets hovud, til minne om påskebodskapen? Eller er det som tre 6-tal etter kvarandre først på handa og så på panna, til minne om noko anna, som erstatning for påskebodskapen?

Lovnaden og profetien om å få komme inn til Guds kvile. Vert den erstatta av ein falsk profeti?

Det kan vere mange falske profetiar, frå mange falske profetar, men kva er essensen her, i profetien til den falske profet? La oss heller først spørje kva som var og er den rette profetien? Det var at Gud kvilte den sjuande dagen og lyste den heilage, så ved tru skulle vi skulle få komme inn til hans kvile.

Heb.4, 1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.

Jesus frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får vi kvile, det er ved å tru på han. Dette får vi forklart i Hebrearbrevet.

Det står att ein kviledag for Guds folk og det er den sjuande dagen. Så vi kan tenke oss at 6-talet i 666 betyr at vi kjem berre til sjette dagen. Så poenget med den falske profetien, essensen i det, vert å finne på noko som erstatning for at vi skulle få komme inn til Guds kvile.

Den «Lovlause».

Det kan også bety at den som er kalla og utvalt til noko, vert erstatta av ein annan, slik vi ser i 2.Tess.2. Korleis skulle dei elles få Guds eld til å falle ned på jorda rett framfor augo på folk? Ein kan tenke seg at det er filmtriks. Eg tenker meg også at der kan vere ein som vert fjerna, slik vert det daglege offeret teke bort. Det skulle vel eigentleg komme som svar på bønna til den som ber fram lekamen som eit levande heilagt offer. Men lureriet vert då at dei fjernar han, så folk får inntrykk av at Guds eld fell ned på jorda rett framfor augo på dei.

Paulus sa at mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging. Då må ikkje andre prøve å lure han.

1.Tess.4,2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Men det kan vere nettopp det dei gjer, så både han og offeret hans vert teke bort og der ligg så mykje maktinteresse i det at det vert som om dei erstattar Paulus også og bodskapen han. Med kva, med kven? Den Duglause Hyrdingen, alias Judas (Sak.11).

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

Lovløysa og uretten ligg viser seg i dette at dei uttalar seg på vegne av ein kvan annan, utan at vedkommande sjølv får rett til å svare for seg. Er det ikkje nettopp det som er løyndomen i justismordet då? Korleis kan det ha gått til. Til dømes ved at den Katolske Kyrkja påstod at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte. Derfor må dei gå via paven, prestane og helgenane.

Kven vart de «liksom» døypte til?

Når det vart strid i kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei vart døypte til. Det talar for seg sjølv.

1.Kor.1, 10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

Guds visdom og menneskevisdom

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

1.Kor.10,1 Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus. 5 Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka. 6 Desse hendingane peikar fram mot vår tid; dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, liksom dei hadde. 7 De må heller ikkje verta avgudsdyrkarar liksom nokre av dei. For det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. 8 Lat oss heller ikkje driva hor liksom nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag. 9 Heller ikkje må vi setja Herren på prøve, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av ormane. 10 Og de må ikkje vera misnøgde og klaga, liksom nokre av dei gjorde, dei som vart drepne av tyningsengelen. 11 Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne. 12 Difor må den som trur at han står, sjå til at han ikkje fell. 13 De har ikkje møtt noka freisting som menneske ikkje kan stå imot. Og Gud er trufast; han skal ikkje la dykk verta freista over evne; men han skal gjera både freistinga og utgangen slik at de kan halda det ut.

14 Difor, mine kjære, hald dykk frå avgudsdyrking! 15 Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! 16 Velsignings-kalken som vi velsignar, gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? 17 Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet. 18 Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? 19 Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko? 20 Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder. 21 De kan ikkje drikka både Herrens kalk og kalken åt vonde ånder. De kan ikkje vera med ved Herrens bord og ved bordet åt vonde ånder. 22 Eller torer vi eggja Herren til harme? Er vi sterkare enn han?

Islam.

Islam nektar for at Jesus er Guds Son og at han stod oppatt frå dei døde, kalla Alla for den einaste sanne og allmektige gud og hevdar at Mohammed er profeten hans til erstatning for alle dei tidlegare profetane som det er skrive om i Bibelen og har fått den endelege openberringa. Det var då som Babylon, den Store Skjøkje og den Falske Profet, bortsett frå at han har vel ikkje klart å gjere noko falske under heller? Jihad betyr heilag krig, så målet helgar middelet, om ein mann ofrar livet i jihad, ventar lønna etter døden, ei mengde med jomfruer. Men i følgje Bibelen er det ein falsk profeti.

Joh.Op.18,24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»

Den seier ikkje at Gud er den han er, JAHVE, men at han er ein annan en den han er. Fornektar Faderen og Sonen, Antikrist altså.

Dersom dei hadde Abraham si tru, så skulle dei liksom han trua at Gud kunne vekke Isak opp frå dei døde og dermed trua på bodskapen om at Gud vekte Kristus oppatt frå dei døde. I det dei avviser forsoninga ved den syndeofferet som Jesus bar fram for oss alle, kjem kravet om eit anna offer i staden. Til samanlikning med korleis Dyret i Op.13 fekk ulivssåret lækt.

Sitat frå https://snl.no/islam :

Islam er den yngste av verdensreligionene og ble til på Den arabiske halvøy på 600-tallet evt. Islam har anslagsvis 1,7 milliarder tilhengere (2017) og er dermed den nest største av verdensreligionene (etter kristendommen).

Islam er en aktivt misjonerende religion og i sterk vekst. I likhet med kristendom og jødedom er islam en monoteistisk religion, der det bare finnes én Gud (Allah). Troen på Koranen som Guds ord, og Muhammad som Guds største og siste profet, er grunnleggende i islam.

Det kan synast som Alla er eit nytt namn på Zevs. Han var den største og mektigaste av dei greske gudane og så fann diktaren og krigaren Aiskhylos på at han skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Det kom som reaksjon mot demokratiet i Aten og som grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige.

Selevkide-kongen Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Dette kunne ikkje jødane gå med på så maccabearane leia dei i ein motstandskamp. Zevs svarar til draken i Johannes Openberring.

På liknande vis verkar det som Alla er arabarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige og brukar liknande metode som Antiokus 4. Epifanes, så dei prøver å infiltrere og erstatte både jødedomen og kristendomen.

Når kristendomen breidde om seg, var der mange med jødisk opphav i dei kristne kyrkjene og mange av dei meinte at kristen av heidensk opphav skulle omskjere seg. Men Paulus sa at det var feil.

Men islam lærer at heidningane skal omskjere seg. Dette kalla Paulus sundskjering og skamskjering. I følgje Islam skal kvinner også omskjere seg, det må i alle fall kallast sundskjering, bokstaveleg tala. Denne læra er bokstaven som slår i hel. Dei gir seg ut for å vere jødar utan å vere det og det er dei som er Satans synagoge. For som resultat av syndefallet, vert det slutt på menneska sitt åndelege liv i samfunn med Gud som er ånd, bokstaven slår det i hel.

Parallelle linjer i profetiane og i historia.

Vi har parallelle linjer i Op.13 og Op.17-18 og Op.11-12. Op.19,19 tek oppatt tråden frå Op.13.  I Op.11 ser vi at den nytestamentlege prestetenesta møtte på eit stort problem, men i tusenårsriket kjem den til sin rett, så Op.19 tek oppatt tråden frå Op.11.

Er der fleire parallelle linjer? Ja, det er tydeleg at dei sju skålene (Op.16) er parallell til englane med dei sju basunane (Op.8,7 – 9,13 & 11,15). Den sjuande basunen vert nemnd også i Op.10,7.

Op.10,5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen 6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute. 7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»

8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» 9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.»

Jfr.Op.17,17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt.


5 responses to “Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13.”

  1. Lovnad og profeti 20. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  2. Lovnad og profeti 38. Prestetenesta i den nye pakt. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  3. Lovnad og profeti 48. Guds rike, Guds Son og bruda hans 2. Jesus er øvsteprest til evig tid etter Meleksedisk vis og kongars konge. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  4. Lovnad, profeti og filosofihistorie 15. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 7. Him Avatar

    […] Store Skjøkje, Op.17-18. Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. Lovnad og profeti 19. Sakarjas bok og Johannes […]

    Like

Leave a reply to Lovnad og profeti 20: Kva er erstatnings-teologi? Kven kjem «den Lovlause» som erstatning for? – Faith and Entropy Cancel reply