Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13.

Draken og Dyra i Johannes Openberring.

Den øydande styggedomen, den Lovlause, Antikrist, Draken og Dyra i Johannes Openberring.

Ordet Antikrist finn vi berre i apostelen Johannes sine brev, det er han som fornektar Faderen og Sonen. Den jødiske øvstepresten og dei andre jødiske prestane, farisearane og dei skriftlærde fornekta Faderen og Sonen, så det var Antikrist som var komen, endåtil i tempelet og synagogene.

Ettersom Antikrist er komen, er mange antikristar komne. Han talar om ei åndsmakt som ikkje er av Gud. Det må vi vere på vakt mot og vere var for. Eg meiner dette har si årsak i at prestetenesta vart øydelagd av den øydande styggedomen, slik heng det saman, dette har eg skrive om i «Lovnad og profeti 11». Det er ei åndsmakt vi kan få å stri imot i mange samanhengar. Om nokon tenker seg antikrist som ein verdsleg autoritet, som ein religiøs leiar eller ei statsmakt, så hugs då at Johannes sa at Antikrist allereie var komen.

  Draken i Op.12 er Djevelen, det er sjølvsagt ei åndsmakt som ikkje er av Gud og vi kan merke det som Antikrists ånd. Mikael og englane hans går til strid mot han og englane hans og kastar dei ned på jorda. Dette har eg skrive om i «lovnad og profeti 11&12».

I Op.13 og 17 vert det sagt at her trengst visdom og vit.

Op.13,18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Op.17,9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

 I «Lovnad og Profeti 12» har eg også skrive om politikken i Romarriket og om Dyret og den Store Skjøkje i Op.17-18 og om korleis vi finn oppfylling av profetien i historia. Her vil eg skrive om dei to dyra i Op.13, der eg ser det på grunnlag av det gamle testamentet.

Når var, er eller kjem trengselstida?

Matt.24.

I vers Matt.24,15 er det tale om den øydande styggedomen, kva er det? Sjå «Lovnad og Profeti 11».

Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! – 16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta. 22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Den er årsak til trengseltida, som ved at dei som er i Judea må røme til fjells. Ja, slik var det allereie når Vespasian og Titus la Jerusalem i ruin. Herodes hadde ei fjellborg på Massada. Omlag 1000 jødar rømde dit og heldt stand i 3 år. Så innsåg dei at romarane kom til å bryte seg inn dagen etterpå og då gjorde dei sjølvmord. Ei ung jente klarde å gøyme seg vekk og kunne fortelje om det. Dette er historia bak slagordet deira: «Aldri meir Massada».

Dyret 1 & 2 i Op.13.

Dyret i Op.13 liknar alle dei fire dyra i Dan.7. Dei fire himmelvindane sette storhavet i opprør og så steig dei opp av havet, det var løva, bjørnen, leoparden og dyret med 10 horn, alle desse steig opp or havet.

Sidan dette dyret liknar alle dei fire dyra minner det om biletstøtta i Dan.2, som også bestod av alle fire. Dette dyret hadde kronene på horna.

Dyret 2 tente Dyret 1 som ein falsk profet, vi finn dei igjen i Op.19.

Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Kven var keisar når apostelen Johannes var på Patmos?

I Joh.Op.17,10 var det den sjette kongen/keisaren som var då Johannes var på Patmos.

Nero var den femte keisaren (54-68), men då er ikkje Cæsar teken med. Keisarane frå Augustus til Nero vert kalla det julisk-claudiske keisardynastiet. Tek vi med Cæsar, blir Nero den sjette. Det høver med at Johannes vart berga frå martyrdøden ved at han var utsett på Patmos.

Det julo-claudiske keisar dynasti var: Augustus, Tiberius, Calicula, Claudius, Nero, fem keisarar. Tek vi med Cæsar, blir det 6. Den sjuande kongen står seg berre ei kort tid, då må vel det vere den første av dei fire keisarane i år 69, det var Galba (7 mnd. og sju dagar), Otho (3 mnd. Og ein dag), Vitellius (8 mnd.), Vespasian (10 år), i denne rekkefølge. Så vi reknar Vespasian som den åttande.

Så kjem Galba (68-69) som de sjuande, han står seg berre ei kort tid. I 69 kom to keisarar, Otho og Vitellius, så dei stod seg endå kortare. Så kom Vespasian (69-79). Eigentleg var det borgarkrig i eitt år, til Vespasian tok makta. Han stod seg forholdsvis lenge, så eg reknar Galba for å vere den som stod seg berre ei kort tid. Vespasian blir då den åttande og sjølve Dyret.

Så kom Titus (79-81), han var son til Vespasian, ein dugande hærførar som slo ned opprøret i Jødeland i år 70. Dometian (81-96) var også son til Vespasian. Dette var det flaviske dynasti.

Så korleis kunne Dyret samtidig vere ein av dei sju? Det måtte vere Cæsar, fordi «keisar» er avleia av Cæsar. Der var klassekamp i Romarriket og Cæsar grunnla makta si på klassekampen. Keisar Augustus førde ei forsonande linje, så det vart fred, men så såg vi korleis det gjekk. Med Vespasian kom der ein politikk som likna meir på Cæsars politikk.

Slik får vi to politiske linjer, ei i Joh.Op.13, med keisardyrking og ei i Joh.Op.17-18. Keisardyrkinga finn vi i Op.13, men i Op-17-18 er det ikkje sagt at menneska tilbad dette dyret, men avgudsdyrkinga er det «den Store Skjøkje» som står for. Begge dei to politiske linjene kan vi kjenne igjen i vår tid.

Sitat frå https://snl.no/Vespasian :

Vespasian var en romersk keiser i perioden 69–79… nedkjempet jødenes oppstand i Jerusalem i årene 67–69. … Vespasian overlot til sin sønn Titus å fullføre erobringen av Jerusalem … Vespasian hadde sin maktbasis i hæren, men han sørget også for å sikre sin legitimitet ved lover og knyttet seg til det julisk-claudiske dynastiet ved å ta navnene Augustus og Caesar.

Vespasian skal ha vært en enkel og arbeidsom mann, men han ble på sønnenes anbefaling og senatets tilslutning guddommeliggjort etter sin død. Han etablerte et nytt dynasti og ble som keiser etterfulgt av sine sønner Titus og Domitian i det som kalles «det flaviske keiserhus».

Dyret 1 i Op.13. Frå profeti til historie og politisk linje.

Dyret i Op.13 liknar alle dei fire dyra i Dan.7. Dei fire himmelvindane sette storhavet i opprør og så steig dei opp av havet, det var løva, bjørnen, leoparden og dyret med 10 horn, alle desse steig opp or havet.

Sidan dette dyret liknar alle dei fire dyra minner det om biletstøtta i Dan.2, som også bestod av alle fire. Dette dyret hadde også kronene på horna.

Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

I Op.13 er det tale om keisardyrking. Eg tenker meg at klassekampen gav Dyret i Op.13 banesår, men det vart lækt, slik at keisardyrkinga kom i stand igjen, først ved keisar Augustus. Det fekk banesår ved at Kristus stod opp att frå dei døde og ved at dei kristne nekta å tilbe keisaren som gud. Det fekk banesår ved at Nero vart mistenkt for å ha gitt ordre om å sette fyr på Roma, fordi han ville bygge opp att noko nytt. Men så klarde han å skulde det på dei kristne, så dei vart straffa for det i staden. Slik fekk dyret banesåret sitt lækt.

Det er psykologi og religion at herskaren treng nokon å skulde på, for sjølv å gå klar og samle styrkane. Det er som om der trengst eit syndeoffer, så når dei går bort ifrå evangeliet, treng dei ei erstattning. Og eg vil hevde at dette viser ei politisk metode som vi skal vakte på i vår tid. Den som ser den øydande styggedomen, han vakte på det. Legg merke til kor viktig det er å kunne skulde på dei kristne eller på jødar, for å samle folk om ein politikk, for å få makt. Både i det stille og etter terrorhandlingar. Då må vi vite å nytte oss av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Dyret 2, i Op.13, den falske profet. Frå profeti til historie og politikk.

Få på plass visdom og vit ved å referere til Bibelen.

Dette dyret hadde to horn og steig opp or jorda.

Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

Både i kapittel 13 og 17 i Johannes Openberring vart det sagt at her trengst visdom.

Op.13,18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

S.Ordt.9,10 Age for Herren er opphav til visdom,

å kjenna Den Heilage er vit.

Vi kan godt rekne litt på det, 666 = 6*(111) = 6*(1+10+100), men kva er poenget med det? Det får meg til å tenke på at det er sju dagar i ei veke, den siste er kviledagen. Dersom den ikkje er teken med, kjem vi berre til 6, så vi kjem ikkje inn til Guds kvile altså.

Vidare finn vi talet 666 andre plassar i Bibelen også.

2.Kong.10,14 Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

10 Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå. 11 Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.

12 Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo. (2.Krøn.9,13-14).

Korleis fekk Salomo inn 666 talentar gull i året? Vi kan vel kalle det skatt. I tillegg kom avgifter og her ei gave frå dronning Saba.

Aust-Romarriket og Vest-Romarriket vart samla til eitt rike ved keisar Augustus.

Dyret 2 fekk folk til å tilbe Dyret 1.

Op.13,14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

Her er det sagt at det var det hovudet som var såra med sverd, men livna til att. Igjen må det vere sikta til Cæsar, han vart stukken den i forbindelse med eit møte i senatet. Men dei som stod bak kom ikkje til makta, drapet vart hemna. Så ulivsåret til hovudet vart lækt ved at politikken hans vart vidareførd. Ved at Augustus tok over altså. Kven elles skulle det vere?  Caligula vart drepen i sitt eige slott, Claudius vart forgifta. Etter han kom Nero. Men keisardyrkinga var noko nytt som kom ved Augustus og det utarta seg ved Nero.

https://snl.no/Julius_Caesar :

Caesar lot seg utrope til diktator på livstid, og i denne stillingen reformerte han Romerriket, men opposisjonen mot ham økte. I forbindelse med et senatsmøte ble han 15. mars 44 fvt. overfalt og stukket ned av en gruppe sammensvorne republikanere, der en av lederne var Brutus. Mordet fikk likevel ikke det tilsiktede resultat, da republikanerne selv ble nedkjempet og Caesars adoptivsønn Octavian, som med navnet Augustus ble Romerrikets første keiser.

Sitat frå https://snl.no/Augustus_-_f%C3%B8rste_romerske_keiser :

Augustus var keiser av Romerriket fra 27 fvt. til 14 evt. Han regnes som Romerrikets første keiser.

Han het egentlig Gaius Octavius, men ble adoptert av Julius Caesar i hans testament som ble offentliggjort etter at han ble myrdet i 44 fvt., og overtok hans navn med tilnavnet Octavian. …. Vi regner normalt dette som begynnelsen på keiserdømmet og det innleder en periode med stabilitet og indre fred, hvor Octavian skifter navn til Augustus, «den opphøyde.»

Hans historiske betydning er at han etter generasjoners indre kamper skapte en ordning som i flere århundrer opprettholdt et stort sett velordnet Romerrike under en styreform som i dag kalles prinsipatet, ut fra den herskerideologien som gjør Caesar Augustus til «den første» (princeps) blant ellers like menn. Familienavnet Caesar ble til en keisertittel og har gitt oss vårt germanske ord for keiser (og det russiske tzar).

Ved sin død ble Augustus dyrket som en guddom og med ham ble en keiserkult etablert. Måneden Sextilis var blitt omdøpt til Augustus, noe den stadig heter, og nå ble presteskap og helligdommer for Augustus etablert. Kulten viste seg populær over hele riket, men støtte på problemer i det monoteistiske Judea. Det var også under Augustus’ regjering at Judea ble innlemmet som romersk provins. Befolkningen der ble skrevet inn i manntallet (census), og det var her Jesus fra Nasaret ble født.

Indre strid i kyrkja.

Frå kristendomsforfølging til legalisering av kristendomen til å gjere den til stats-religion.

I 313 e.Kr. legaliserte keisar Konstantin kristendomen. Han vart med på kyrkjemøtet i Nikea i 325 e.Kr. Der klarde biskop Athanasius å tilbakevise areanismen, så den vart dømd som vranglære. Var areanismen antikristeleg? Den hevda at statusen til Sonen var eit resultat av Faderens avgjerd og vilje. I det ligg vedkjenninga av Faderen og Sonen og det er ikkje antikristeleg. Likevel verkar det som antikristelege idear pressa på gjennom areanismen. Dette kan de lese meir om her https://snl.no/Jesus , eg siterer:

«Den arianske striden enda med at kyrkjemøta i Nikea i 325 og Konstantinopel i 381 vedtok ei vedkjenning som avviste arianismen, den nikenske truvedkjenninga. Den inngår i vedkjenningsgrunnlaget til dei fleste kyrkjer.»

Keisar Julian (361-363) byrja med kristendomsforfølging igjen, men ein av etterkommarane hans gav kristendomen religionsfridom igjen. I 392 gjorde Teodosius den store kristendomen til statsreligion. Han døydde i 395 og då delte han riket mellom dei to sønene sine. Slik vart riket delt i Aust-Romarriket  med ein keisar i hovudstaden Konstantinopel og Vest-Romarriket med ein keisar i hovudstaden i Roma. Sidan vart riket aldri samla igjen. Slik vart også kyrkja delt i den Gresk Ortodokse kyrkja med ein erkebiskop som overhovud i Konstantinopel og ei Romersk-Katolsk kyrkje med ein erkebiskop som over hovud i Roma.

Den Falske profet i kyrkja?

Eg tenker meg at desse to erkebiskopane og/eller keisarane svarar til det andre Dyret i Op.13. Men korleis kunne dei to erkebiskopane verte til falske profetar? Ved å tene Dyret som fekk ulivssåret lækt, ved å erstatte Jesu syndeoffer med noko anna. Dermed fungerte ikkje prestetenesta lenger slik som den skulle i den nye pakta. Dei to som var salva til teneste som prest og byggherre, skulle også vere profetar, men dei vart erstatta (Op.11).

Slik tenker eg og oppfordrar andre til å tenke over det, har det kanskje ikkje vist seg i historia? Gjer det kanskje ikkje det framleis?

Israels-folket kravde ein konge, men så ombestemte dei seg. Kva så?

Saul.

Josva førde Israels-folket inn i det lova landet, så dei kom til ro. Lenge hadde dei berre prestetenesta, for Herren var kongen deira. Men så kravde dei ein kong, slik som dei andre folka. Herren sa dei hadde vraka han med let dei likevel få det slik som dei ville. Profeten Samuel skulle først åtvare dei om at det kom til å verte dyrt for dei, kongen ville verte ei byrde for dei (1.Sam.8). Så salva han Saul til konge, så dei fekk ein slik konge som dei ville ha, men det vart med tida ein fiasko.

David.

Gud såg seg ut ein mann etter sitt hjarte, så han let Samuel salve David til konge for dei, så no fekk dei ein slik konge som Gud ville ha og det vart mykje betre. Han måtte stadig audmjuke seg for Gud og be om nåde, miskunn og hjelp og ta si tilflukt til han. Guds Messias var hans konge og frelsar, det var Kristus, han var allereie kongen deira, før dei kravde ein jordisk konge.

Og David sa at i dag om de høyrer hans røyst, så forherd ikkje hjarto dykkar, som om lovnaden om å få komme inn til Guds kvile enno ikkje var oppfylt, kviledagen låg framleis i framtida. Dette finn vi igjen i Heb.3-4.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk.

Salomo som ung.

Gud sa om Salomo at han skulle vere son hans og gav han ein visdom, når han var ung, som gjorde han visare enn alle.

1.Krøn.28, 2 Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa:

Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen åt vår Gud. Og eg tok til å førebu bygginga. 3 Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har rent ut blod.» 4 Herren, Israels Gud, har av heile farshuset mitt valt meg til å vera konge over Israel for alltid. For det var Juda han hadde kåra til å vera den leiande ætta, og innanfor Juda farshuset mitt. Og mellom sønene åt far min heldt han meg gjævast og gjorde meg til konge over heile Israel. 5 Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo til å sitja på Herrens kongsstol og råda over Israel. 6 Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera son min, og eg skal vera far for han. 7 Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han trufast held seg etter boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»

1.Kong.3, 4 Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: «Sei kva du vil at eg skal gje deg!» 6 Salomo svara: «Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10 Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

I Høgsangen ser vi den visdomen Gud gav han når han var ung og som gjorde han visare enn alle. Visdomen i Salomos Ordtøke og Forkynnaren ber meir preg av å vere visdom som han har fått frå far sin og samla frå dei gamle vise.

Salomo som gammal.

På sine gamle dagar var ikkje Salomo trufast og heilhjarta med Herren, for han hadde fått seg så mange utanlandske koner som dyrka avgudane og dei førde hjarte hans på avvegar.

1.Kong.11,9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

Rehabeam.

Når son til Salomo, Rehabeam, skulle ta over makta, sa folket at for hana hadde lagt ei tung bør på dei men no kravde dei at han skulle lette børa. Ja, hugs kva Samuel hadde sagt til dei då dei kravde ein konge.

1.Kong.12, 3 No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa: 4 «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.» 5 Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.

6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?» 7 Dei sa: «Høyrer du på folket i dag, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.» 8 Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han. 9 «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han.

……

12 Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» 13 Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han, 14 men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» 15 Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:

«Kva del har vi i David?

Vi har ingen lut i Isai-sonen.

Heim til telta dine, Israel!

Syt no, David, for ditt eige hus!»

Så fór israelittane heim att. 17 Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18 Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem. 19 Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

Jeroboam vert konge over dei ti ættene

20 Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.

Guds kvile?

Dette står i motsetnad til det David hadde sagt: «I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde». For han ville føre dei inn til si kvile. Men dei sa om Salomo at han dreiv dei med sveper og så ville Rehabeam drive dei endå hardare, med piggsveper. Derfor ville mesteparten av folket ikkje han ha til konge og slik fall dei ifrå Davids-ætta.

Profetane talte til både kongane og folket i begge rika, men det vart tydelegare og tydelegare at dei gjore hjarto sine hard og ikkje ville høyre.

Jesajas.29, 13 Herren sa: Fordi dette folket

held seg nær til meg med munnen

og ærar meg med lippene,

medan hjarta er langt borte frå meg,

og fordi deira age for meg

er menneskebod som dei har lært seg,

14 difor vil eg framleis fara underleg fram,

underleg og underfullt mot dette folket.

Då skal visdomen åt deira vismenn forgå

og klokskapen åt dei kloke kverva.

15 Ve dei som nede i det djupe

løyner for Herren det dei har føre!

Dei gjer sine gjerningar i mørkret

og seier: «Kven ser oss, kven veit om oss?»

16 Kor bakvendt de tenkjer!

Skal ikkje krusmakaren

aktast høgare enn leira?

Kan verket seia om handverkaren:

«Han har ikkje laga meg,»

og kjeraldet om krusmakaren:

«Han skjønar seg ikkje på slikt»?

Guds kone?

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born. Seinare profetar sa om Israelsfolket og at ho var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han stelte vel med Jerusalem og pynta henne, så ho kunne vere dronning. Han hadde omsorg for kona si og stelte vel med henne, men det skjøna ho ikkje og gav han ikkje æra for det. I staden vart ho ei hore som endåtil drap borna han fekk med henne. Derfor straffa han henne ved å ta frå henne omsorga si og dømde henne for hor og mord.

Dei komande storrika.

Gud ville bruke Israel til å gjere namnet sitt kjent mellom folka og slik vart det. Kong Salomo vart vidgjeten heilt til Saba og namnet på hans Gud også, han var då son hans.

I andre riker dyrka folka avgudane sine og kongane deira ovmoda seg med å prøve å gjere seg liksom Gud, men då dømde Gud dei. Det var som om skapinga, syndefallet og domen var historia som gjentok seg. Slik vart det også i Israel og i dei komande storrika, men dei kunne ikkje ha unngått å høyre om Israels Gud på David og Salomos tid. Var det nokon som hugsa på det då? Det var no tydeleg at det Gamle Hellas var påverka av jødedommen.

Evangeliet om Guds rike.

Platonismen talte om det vondes problem og det var problematisk. Kristus kom til jødane og forkynte evangeliet om Guds rike, dei måtte vende om og verte som born, ved å ta imot han skulle dei få rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik skulle dei få sjå Guds rike og komme inn i det. Han kom også med seg løysinga på det vondes problem. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, med det har han gjort dei fullkomne som vert helga. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud og verte helga.

Faderen var med Jesus og gjorde sitt verk, folket som fekk oppleve det takka Gud for det og takka Jesus for det og æra han som Guds Son. Slik sa dei at Gud var den han var, Jahve. Men dei jødiske, religiøse leiarane fornekta Faderen og Sonen og sa ikkje at Gud var den han var, men at han var ein annan en den han var. Dei påstod at Jesus prøvde å gjere seg sjølv liksom Gud, som ved syndefallet, altså og ville dømme han for det og til slutt fekk dei han hendretta. Men då var det han som  ofra seg sjølv som eit syndeoffer for all verda si synd. Den levande og sanne Gud gjorde han levande att og reiste han opp att frå dei døde og viste dermed både at offeret var godt nok og at han var Guds Son.

Når Jesus døde på korset sigar han over Djevelen og stilte dei vonde åndsmaktene openberra fram, til spott og spe. Syndefallet var historia som gjentok seg, så det hadde vorte tradisjon, så det endåtil vart kravt at slik skulle det vere, endåtil av jødane sine religiøse leiarar med øvstepresten i spissen. Slik viste det seg at jødedomen var infiltrert av Djevelen, alias Zevs.

Kol.2,12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Korleis den romerske keisaren dømde den religiøse leiinga til jødane og dermed jødane som deira tilhengarar.

Dei kristne kunne ikkje vere med på å dyrke keisaren som ein gud, derfor vart dei forfølgde og hendretta. Det rare var at dei jødiske religiøse leiarane gjekk i brodden for nettopp det. Men når dei sjølve møtte kravet om keisardyrking, vart det ein provokasjon som fekk dei til å gjere opprør. Men kva hadde dei då å stille opp med? Ved å avvise Kristus og læra hans, hadde dei fornekta Faderen og Sonen og avvist barnekåret hos Gud. Som om einaste moglegheita var å prøve å forgude seg sjølve med sin kunnskap, slik som ved syndefallet. Det var det alternativet dei sjølve sat igjen med og derfor vart dei dømde.

Sjølv om Vespasian let seg utrope til keisar, ser det ikkje ut til at han satsa på å få makt ved å prøve å gjere seg sjølv liksom Gud, for han satsa på andre metode. Sitat frå https://snl.no/Vespasian :

Da GalbaOtho og Vitellius i 69 etter Neros død bekjempet og etterfulgte hverandre som keisere, ble Vespasian selv utropt til keiser av sine legioner i den østlige delen av riket. Vespasian overlot til sin sønn Titus å fullføre erobringen av Jerusalem og Mucianus og overvinne motstanderne i Italia, før han selv ankom Roma og ble anerkjent som keiser av senatet.

….

Vespasian skal ha vært en enkel og arbeidsom mann, men han ble på sønnenes anbefaling og senatets tilslutning guddommeliggjort etter sin død. Han etablerte et nytt dynasti og ble som keiser etterfulgt av sine sønner Titus og Domitian i det som kalles «det flaviske keiserhus».

 Kven er som Dyret?

Kven er som Dyret vert det spurt om i vers 4.

Op.13,4 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Men la oss sjå om det er noko som liknar det som er sagt om desse dyra elles i Bibelen og om det er noko som liknar i denne siste tida.

Sidan eg samanlikna Dyret 2 med delinga av Romarriket, følgjer det at vi samanlikne med korleis både den Romersk-Katolske Kyrkja og den Gresk-Ortodokse Kyrkja utvikla seg. Men det vil eg ikkje skrive noko meir om her, det vert for mykje. I staden vil eg samanlikne med andre skriftstadar og samanlikne med seinare historie og samtid.

Samanlikning mellom Op.13 og andre bibelvers.

Sidan det andre dyret i Op.13 er den falske profet, prøver det sikkert å etterlikne noko som er skrive i Bibelen tidlegare, slike moglegheiter vil eg sjå etter her.

Vers 17, Dyrets merke.

2.Mos.13,11 Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, 12 då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til. 13 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. 14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. 15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg. 16 Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»

Vers 10. Den som skal i fangenskap, han gå i fangenskap.

Op.13,9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.

Jeremia.15,1 Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara! 2 Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:

Til døden med dei som er etla til å døy,

lat sverdet råka dei som skal falla for sverd,

og svolt dei som skal svelta i hel,

i fangenskap med dei som skal takast til fange!

3 På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda. 4 Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.

Vers.5, 42 månadar er tre og eit halvt år.

1.Kong.3,8 1 Så gjekk det ei lang tid. Tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Akab! Eg vil senda regn over jorda.» 2 Elia gjekk i veg og steig fram for Akab.

Luk.4,24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet.

5.Mos.11, 18 Så legg dykk då desse orda mine på hjarta og minne! Bind dei på handa til merke og ber dei på panna som ein minnesetel! 19 Lat borna læra dei på den måten at du talar om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 20 Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine! 21 Då skal de og borna dykkar få leva lenge i det landet Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

Eld frå himmelen.

Op.13,13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

1.Kong.18,36 Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kjent i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette! 37 Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende til deg!» 38 Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita. 39 Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» 40 Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

2.Kong.1,8 Då sa kongen: «Det var Elia frå Tisjbe!»

9 Så sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Han kom opp til profeten medan han sat på toppen av eit berg, og sa: «Gudsmann, kongen seier at du skal koma ned!» 10 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.

11 Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skunda deg og kom ned!» 12 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór Guds eld ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.

13 Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! 14 Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!»

15 Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen 16 og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» 17 Og det gjekk i oppfylling, det ordet frå Herren som Elia hadde tala. Akasja døydde, og Joram, bror hans, vart konge etter han; for han hadde ingen son. Dette hende i det andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda.

Matt.3, 7 Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma? 8 Så ber då frukt som svarar til omvendinga. 9 Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»

Luk.12, Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!

Samanlikning med seinare historie og samtid.

Eld frå himmelen, reelt eller symbolsk.

Op.13,13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

Bombefly som slepper bomber kan minne om dette, langtrekkande rakettar også. Dette er ikkje svindel, men det kan vere svindel og lureri som ligg bak politikken.

Eld frå himmelen kan ha ei symbolsk tyding, for Jesus skulle døype oss med den Heilage Ande og eld. Evangeliet er enkelt, sjølv dåren skal ikkje fare vill, Jesus er trufast og den Heilage Ande er Sanningens Ande. Kan nokon like vel verte lurte? Ja, ved at dei vert freista og forførde slik som ved syndefallet, så dei prøver å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap. Og ved at det daglege offeret vert teke bort. I den nye pakta er det daglege offeret at vi ber kroppen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Då ventar vi at Guds Ande og Guds eld skal falle på det offeret. At vi fysisk møter opp i kyrkjelyden blir soleis eit viktig kriterium på at vi søker sanning og at vi innstiller oss på å prate sanning med kvarandre. Så ikkje svik, lygn og baktale får ta overhand (1.Pet.2,1-10, 2.Tess.2,9-12).

Biletstøtte til ære for Dyret, det som var såra med sverd, men livna til att.

Menneska har laga statuer av menneske, helst personar som har hatt stor betydning. Det treng ikkje bety at det er forventa at nokon skal tilbe dei som gudar. Kanskje statuer av tsarane i Russland fekk den betydninga, tsar er avleia av Cæsar, men etter den russiske revolusjon vart det i alle fall tydeleg at statuene av dei sosialistiske leiarane vart som avgudar for folket.

Vi fekk levande film med tale og fjernsyn og det er klart at dette kan utnyttast slik vi ser i Op.13,15. Folk vert påverka av den mentaliteten og moralen som vert presentert på vanleg film også, sjølv om vi ikkje er klar over det. Slik vert vi uansett påverka av verda.

Humanisme.

Sidan 666 er talet for eit menneske, får det meg til å tenke på humanismen. Den oppstod i Italia rundt 1400 e.Kr og braut på mange måtar med middelalderens skolastikarar og deira fokus på naturen. Den sette mennesket i sentrum og fokuserte dermed på mennesket i staden. Sidan har den fått mange variantar og retningar, men i vår tid er det tydeleg at vi får merke dette som maktinteresser som strir mot både realfag og evangelisk kristendom. Sitat frå https://snl.no/humanisme :

Humanisme er en generell holdning og tankeretning som setter mennesket i fokus som selvstendig aktør, ser på mennesket som selv ansvarlig for å skaffe seg kunnskap på best mulig måte ved hjelp av sin kritiske fornuft og praksis, og tilskriver enkeltmennesket en ukrenkelig egenverdi og verdighet.

Humanismen kommer til uttrykk både politisk, kulturelt og kunstnerisk. Politisk og kulturelt legger humanismen stor vekt på dannelse gjennom vitenskap, menneskerettigheterdemokratiytringsfrihet og moralfilosofisk tenkning. Kunstnerisk legger humanismen stor vekt på det ekte og naturlige mennesket og dets livssituasjon. Fellesnevneren er at mennesket er i fokus og selv ansvarlig for kunnskapverdier og moral, at alt skal underlegges en grundig kritisk undersøkelse ved hjelp av fornuft og praksis, og at menneskets egenverdi og verdighet ikke bør krenkes.

Opprinnelse.

De første humanistene, eller representantene for det som senere ble kalt humanisme, dukket opp under renessansen i Italia, først og fremst i Firenze, i overgangen mellom 1300- og 1400-tallet. Dette kalles ofte renessansehumanismen. De brøt på mange måter med middelalderens skolastikere og deres fokus på naturfilosofi. De fikk en fornyet interesse for antikkens greske kunst, kultur og dannelsesidealer. De klassiske greske og romerske tekstene, blant annet Ciceros verker, ble studert med ny og kritisk interesse, med sterkt fokus på originaltekster og -kilder, og den klassiske greske kunsten ble forsøkt etterliknet og perfeksjonert.

Humanistiske fag

Både renessansehumanismen og humanistiske strømninger i dets kjølvann la stor vekt på dannelse av mennesket gjennom humanistiske fag. Humanismen er slik nært beslektet med dagens humanistiske fag, som historiefagene, språkfagene, litteraturfilosofi og etikk, som fikk sin samlebetegnelse humaniora på universiteter i Tyskland på 1800-tallet. De humanistiske fagene er først og fremst studier av mennesker og deres avtrykk, men bidrar også med de dannelsesidealer som strekker seg tilbake, via renessansen, til antikkens greske kultur, kunst og filosofi. Fellesnevneren er at mennesket står i fokus.

Humanisme og religion

Historisk sett har humanisme og religion vært nært knyttet sammen ved at de fleste humanistiske tenkere også har vært religiøse tenkere, men det kan og blir stadig vekk diskutert om humanisme, slik det forstås i dag, er forenlig med forskjellige former for religiøs tenkning, for eksempel kristendom og islam. Hvis Gud er den grunnleggende kilden til kunnskap og verdier, så vil noen hevde at det dermed oppstår en konflikt mellom humanisme og religion fordi mennesket da flyttes vekk som utgangspunkt og sentrum for kunnskap og verdier. Andre vil hevde at det allikevel er opp til mennesket å finne frem til verdiene og kunnskapen, og at mennesket allikevel har en ukrenkelig egenverdi, og at det ikke nødvendigvis er en konflikt mellom humanisme og religion.

Noen skiller derfor mellom en form for sekulær humanisme på den ene siden, og en religiøs form for humanisme på den andre siden.

Humanisme i Norge i dag

Human-Etisk Forbund er i dag både en nasjonal og internasjonal representant og forkjemper for humanismen, men da først og fremst en sekulær form for humanisme.

I tillegg til Human-Etisk Forbund er også Nansenskolen og Humanistforbundet offisielle representanter for humanismen i Norge i dag. Human-Etisk Forbund og Humanistforbundet definerer humanismen som et livssyn.

Humanismen er i dag en del av Norges offisielle verdigrunnlag, nedfelt i den norske grunnloven, hvor det står at «Verdigrunnlaget forblir vår kristne og humanistiske arv». I formålsparagrafen for norske skoler og barnehager står det at de «skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.»

Kommentar om humanisme.

Men er ikkje dette nettopp å prøve å forgude seg sjølv med sin kunnskap då? Det vi må vere særleg på vakt imot er om «mennesket i sentrum» får betydninga verte fanga i snara eller i garnet, kjem dei i fokus for å klage på dei for å få dei dømde? Om nokre menneske vert rekna for ukrenkelege, betyr det at dei vert forguda, medan andre vert forbanna og utstøytte?


9 responses to “Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13.”

  1. Lovnad og profeti 13 #2. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. – Faith and Entropy Avatar

    […] skreiv ferdig dokumentet om Dyra i Op.13 https://faith-and-entropy.com/2024/03/20/lovnad-og-profeti-13-dyret-og-den-falske-profet-op-13/ 18.3.2024. og la det ut på mi eiga fb-side og fb-sida til Maran-Ata Norge. Her vil eg skrive […]

    Like

  2. Lovnad og profeti 20. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  3. Lovnad og profeti 30. Nedtrakking av tempelplassen og den Lovlause. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. […]

    Like

  4. Lovnad og profeti 38. Prestetenesta i den nye pakt. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  5. Lovnad og profeti 48. Guds rike, Guds Son og bruda hans 2. Jesus er øvsteprest til evig tid etter Meleksedisk vis og kongars konge. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. […]

    Like

  6. Lovnad, profeti og filosofihistorie 15. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 7. Him Avatar

    […] Døyparen Johannes då? Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18. Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og den Falske profet 2. Op.13. Lovnad og profeti 19. Sakarjas […]

    Like

Leave a reply to Lovnad, profeti og filosofihistorie 15. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 7. Him Cancel reply