Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18.

Draken, overengelen Mikael og Dyret i Johannes Openberring, ei oversikt.

Draken og Dyret liknar ved at dei har sju hovud og ti horn. Dei ti horna refererer til dei ti strategane i det greske riket. Dei sju hovuda refererer til romerske keisarar, det gjer sjølve dyret også.

Kven var keisar når apostelen Johannes var på Patmos?

I Joh.Op.17,10 var det den sjette kongen/keisaren som var då Johannes var på Patmos.

Nero var den femte keisaren (54-68), men då er ikkje Cæsar teken med. Keisarane frå Augustus til Nero vert kalla det julisk-claudiske keisardynastiet. Tek vi med Cæsar, blir Nero den sjette. Det høver med at Johannes vart berga frå martyrdøden ved at han var utsett på Patmos.

Det julo-claudiske keisar dynasti var: Augustus, Tiberius, Calicula, Claudius, Nero, fem keisarar. Tek vi med Cæsar, blir det 6. Den sjuande kongen står seg berre ei kort tid, då må vel det vere den første av dei fire keisarane i år 69, det var Galba (7 mnd. og sju dagar), Otho (3 mnd. Og ein dag), Vitellius (8 mnd.), Vespasian (10 år), i denne rekkefølge. Så vi reknar Vespasian som den åttande.

Så kjem Galba (68-69) som de sjuande, han står seg berre ei kort tid. I 69 kom to keisarar, Otho og Vitellius, så dei stod seg endå kortare. Så kom Vespasian (69-79). Eigentleg var det borgarkrig i eitt år, til Vespasian tok makta. Han stod seg forholdsvis lenge, så eg reknar Galba for å vere den som stod seg berre ei kort tid. Vespasian blir då den åttande og sjølve Dyret.

Så kom Titus (79-81), han var son til Vespasian, ein dugande hærførar som slo ned opprøret i Jødeland i år 70. Dometian (81-96) var også son til Vespasian. Dette var det flaviske dynasti.

Så korleis kunne Dyret samtidig vere ein av dei sju? Det måtte vere Cæsar, fordi «keisar» er avleia av Cæsar. Der var klassekamp i Romarriket og Cæsar grunnla makta si på klassekampen. Keisar Augustus førde ei forsonande linje, så det vart fred, men så såg vi korleis det gjekk. Med Vespasian kom der ein politikk som likna meir på Cæsars politikk.

Slik får vi to politiske linjer, ei i Joh.Op.13, med keisardyrking og ei i Joh.Op.17-18. Keisardyrkinga finn vi i Op.13, men i Op-17-18 er det ikkje sagt at menneska tilbad dette dyret, men avgudsdyrkinga er det «den Store Skjøkje» som står for. Begge dei to politiske linjene kan vi kjenne igjen i vår tid.

Sitat frå https://snl.no/Vespasian :

Vespasian var en romersk keiser i perioden 69–79… nedkjempet jødenes oppstand i Jerusalem i årene 67–69. … Vespasian overlot til sin sønn Titus å fullføre erobringen av Jerusalem … Vespasian hadde sin maktbasis i hæren, men han sørget også for å sikre sin legitimitet ved lover og knyttet seg til det julisk-claudiske dynastiet ved å ta navnene Augustus og Caesar.

Vespasian skal ha vært en enkel og arbeidsom mann, men han ble på sønnenes anbefaling og senatets tilslutning guddommeliggjort etter sin død. Han etablerte et nytt dynasti og ble som keiser etterfulgt av sine sønner Titus og Domitian i det som kalles «det flaviske keiserhus».

Draken.

Draken var raud og hadde kronene på horna. Han vart sett på himmelen, men var kasta ned på jorda og vart ståande på stranda ved havet.

Op.12,3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.

..

9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.

18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Mikael.

Her møter vi igjen Mikael som det er tale om i Daniels bok, men berre som engel.

Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Kva slags politisk filosofi og praktisk politikk det vil føre til i ei stormakt (jfr. Dan.12) får inntil vidare vere eit ope spørsmål.

Dyret 1 i Op.13.

Dyret i Op.13 liknar alle dei fire dyra i Dan.7. Dei fire himmelvindane sette storhavet i opprør og så steig dei opp av havet, det var løva, bjørnen, leoparden og dyret med 10 horn, alle desse steig opp or havet.

Sidan dette dyret liknar alle dei fire dyra minner det om biletstøtta i Dan.2, som også bestod av alle fire. Dette dyret hadde også kronene på horna.

Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Dyret 1, Op.13, politisk linje.

I Op.13 er det tale om keisardyrking. Eg tenker meg at klassekampen gav Dyret i Op.13 banesår, men det vart lækt, slik at keisardyrkinga kom i stand igjen, først ved keisar Augustus. Det fekk banesår ved at Kristus stod opp att fråd ei døde og ved at dei kristne nekta å tilbe keisaren som gud. Det fekk banesår ved at Nero vart misstenkt for å ha gitt ordre om å sette fyr på Roma, fordi han ville bygge opp att noko nytt. Men så klarde han å skulde det på dei kristne, så dei vart straffa for det i staden. Slik fekk dyret banesåret sitt lækt.

Det er psykologi og religion at herskaren treng nokon å skulde på, for sjølv å gå klar og samle styrkane. Det er som om der trengst eit syndeoffer, så når dei går bort ifrå evangeliet, treng dei ei erstattning. Og eg vil hevde at dette viser ei politisk metode som vi skal vakte på i vår tid. Den som ser den øydande styggedomen, han vakte på det. Legg merke til kor viktig det er å kunne skulde på dei kristne eller på jødar, for å samle folk om ein politikk, for å få makt. Både i det stille og etter terrorhandlingar. Då må vi vite å nytte oss av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Dyret 2, Op.13.

Dyret i Op.13 liknar alle dei fire dyra i Dan.7. Dei fire himmelvindane sette storhavet i opprør og så steig dei opp av havet, det var løva, bjørnen, leoparden og dyret med 10 horn, alle desse steig opp or havet.

Sidan dette dyret liknar alle dei fire dyra minner det om biletstøtta i Dan.2, som også bestod av alle fire. Dette dyret hadde også kronene på horna.

Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

Dyret og den falske profet.

Dyret 2 tente Dyret 1 som ein falsk profet.

Op.19, Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Dyret 3. Op.17.

«Dyret 3» i Op.17 var raudt som skarlag, det steig opp or avgrunnen. Det var, men ikkje på denne tida, når Johannes var på Patmos, sikkert fordi det kom til å føre ein heilt annan politikk. Det skulle stige opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Det hadde sju hovud, som var Roma-keisarar og ti horn, så det likna på det greske riket. Det er ikkje sagt noko om kroner på horna, dei hadde enno ikkje fått rike, så då hadde dei ikkje kroner enno.

Op.17, Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

Dyret 3, Op.17-18, profetert politisk linje.

I Op.17-18 er det ikkje tale om keisardyrking, her er det den Store Skjøkje som sit på Dyret, står for avgudsdyrkinga, ho dreiv hor med kongane på jorda og det betyr at ho dyrka dei som gudar. Sjølv om Dyret og dei ti horn streid mot dei heilage, så oppfyllte det Guds Ord og dei heilage vann over dei og så vart det sigersjubel.

Joh.Op.17, 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

At det her er tale om akkurat ti horn, har seg slik at det var akkurat ti strategar i det gamle Hellas, liksom det er tale om keisarar i det gamle Romarriket. Det viser tilbake på at Aleksander den Store fekk med seg dei greske statane i krigen mot Persia. No er han erstatta av Dyret med klassekampen i striden mot den gamle religionen.

Historia og politikken til Romarriket. Som Profetert!? Politikken til Dyret og dei ti horna.

Frå gresk til romersk dominans.

Dei ti horna refererer til dei ti strategane i antikkens Hellas, hellenistisk kultur med demokrati og lokalt sjølvstyre. Der kom ein reaksjon som betydde meir og meir makt til ein over-nasjonalitet. Aleksander den Store var tolerant, men når Antiokus 4. Epifanes tok makta i Selevkide-riket, vart diktaturet beinhardt, med krav om at alle skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Jødane gjorde opprør og det vart krig. Då gjorde dei avtale med Romarriket.

Romarriket som republikk. Klassekamp og imperialismen.

I Romarriket var det ein moderat klassekamp, inspirert at demokratiet i Hellas og denne moderate klassekampen vart ei viktig drivkraft i framveksten av Romarriket. Til tider vart klassekampen tilspissa konflikt, men i det store og heile måtte den sentrale makta baserer seg på underklassa og deira klassekamp, så det karakteriserer Romarriket.

Sør for Roma var latinarane, nord for byen var etruskarane og romarane måtte stadig forsvare seg, spesielt mot etruskarane. Dei måtte grunne tilværet på krig og i 509 f.Kr. fekk dei overtaket, kongedømet vart avskipa og det vart republikk, styrt av to konsular, valde for eitt år om gangen. Dei delte makta med folketinget og Senatet. Patrisiarane (aristokratane) hadde mest å seie, berre dei sat i Senatet og kunne verte embetsmenn. Folketinget valde embetsmenn og kunne godkjenne eller vrake lovframlegg, men ikkje komme med lovforslag. Dei hadde makta i folketinget også, for røysteretten var gradert etter eigedomen.

Plebeiane (allmugen) var så å seie rettslause, for der fanst ikkje skrivne lover og det var patrisiarane som dømde. Men dei var heilt avhengige av å kunne støtte seg på pleibeiane i striden mot ytre fiendar og dei viste å nytte seg av det for å tilkjempe seg større rettar. Den første store sigeren var folketribun-embetet. Folketribunen kunne legge ned veto mot lovforslag. Dernest fekk dei tvinga gjennom at lovene skulle skrivast ned. Forbodet mot ekteskap mellom plebeiane og patrisiarane vart avskipa og plebeiane kunne verte valde til embetsmenn også, så dei fekk tilgang til Senatet. Kring 300 f.Kr hadde plebeiane same politiske rettar som patrisiarane.

Roma auka makta si med krig, men statthaldarane var korrupte, bondestanden i sør-Italia miste eigedomane i krigens herjingar, dei vart utkonkurrerte av rike godseigarar som kunne leige arbeidarar eller ha slavar, så småbøndene enda opp som fattige proletarar. Folketribunen Tiberius Gracchus (133-123 f.Kr.) prøvde å gjere noko med det, men det vart opprør og bråk og han vart drepen. Folketribunen Gaius Graccus (123-121 f.Kr) prøvde også, men igjen vart det bråk og det vart lova ut dusør for å ta livet av han. Då tok han sitt eige liv. Graccusane var inspirerte av greske tankar om fridom og folkestyre, men vart rydja or vegen på liknande måte som Sokrates. Samanlikn også med 2.Tess.2,6. Folkepartiet vart ståande i striden mot senatspartiet, men dei lærde av korleis det gjekk med Graccusane, så no vart det borgarkrig.

Romarriket som keisardømme.

Julius Cæsar var ein av hærførarane og kom sigrande ut av borgarkrigen og vart eineherskar. Han gjennomførde mange av reformene som folketribunane hadde prøvt å få til. Han prøvde å forsone gamle fiendar, men kom ingen veg med dei mest ihuga republikanarane. Det viste seg at han trådde etter kongsmakt, men då stelte dei til ei samansverjing, så han vart drepen. Drapet vart hemna og så vart det keisardøme, der «keisar» er avleia av Cæsar. Den første var keisar Augustus. Han prøvde å føre ein endå meir forsonande politikk overfor aristokratane, som keisar skulle han vere øvste leiar for religionen. Det betydde også at han skulle dyrkast som ein gud.

Dei kristne kunne ikkje vere med på keisardyrkinga. Men i det keisaren fekk så stor makt, kunne han også verte ein konkurrent til dei gamle gudane. Så her spørst det kva slags politisk retning han legg seg på.

Hundrede år med borgarkrig.

Dei ti horna på Dyret refererer til dei ti strategane i det gamle Hellas. I Op.17 får dei politisk betydning og den betydninga viste seg i dei hundrede åra med borgarkrig, då generalane tok hærførarane til keisarar (180-285). Dette var ei vanskeleg tid for folket, for dei gamle sosiale institusjonane forfall, men mange fann redninga i den kristne kyrkja, så den vaks.

Dette er ein strategi, politikk og historie som har gjenteke seg seinare også og resultert i nasjonal frigjering og demokrati. Framleis er det spørsmål etter ei overnasjonal overbygning. Men hugs då på at den vesle steinen som knuste fotstøtta på statua som Nebukadnesar fekk sjå, så den gjekk i knas, den steinen voks til eit nytt verdsrike.

Etter at keisar Marc Aurel døde (180 e.Kr) kom hundrede år med uro og borgarkrig. Hærflokkane tok generalane sine til keisarar (soldat-keisarar). I aust truga partar-riket og sidan det nypersiske riket og i nord og nord-aust trengde germanarane på. Men så klarde soldatkeisaren Diokletian å samle all makt hos seg (285-305 e.Kr.). No hadde Senatet tapt all makt og gjekk over til å vere byråd i Roma. Italia mista no særrettane sine. Det vart eit fast embetsstyre med eineveldig keisar, han var ikkje lenger princeps (førstemann), men dominus (herre gud). Han innsåg at han klarde ikkje å styre åleine, så han fekk seg ein med-keisarar (augustus), som skulle styre den vestlege halvdelen av riket. Sjølv heldt han til i Vesleasia. Dei to keisarane tok seg kvar sine under-keisarar (cæsar), som skulle styre sin del av riket.

Etter Diokletian vart det strid mellom medkeisarane, sonen til ein av dei, Konstantin, vart keisar i 306 og einekeisar 324-337 e.Kr.

Romarane var tolerante overfor ulike religionar, men ikkje overfor kristendomen, sidan dei kristne ikkje ville tilbe keisaren som gud. Og Diokletian sette i verk ei fæl kristendomsforfølging, for å utrydde kristendomen, men fånyttes. Konstantin skjøna at kristendomen hadde framtida for seg og legaliserte den i 313. I 392 gjorde Teodosius den store kristendomen til statsreligion.

Renessansen, opplysning, demokrati og ei viss nasjonal frigjering, men med ein viss overnasjonal politikk.

Lengre fram i tid er det klart at det er profeti om renessansen, som betyr «gjenføding», gjenføding av antikk kultur. Det vart svært så fruktbart, først og fremst for vest-Europa, både med den nye naturvitskapen og dei store oppdagingane.

Det er tale om ti kongar som enno ikkje har fått rike, så det kan tyde på at det blir også akkurat ti kongar i ein framtidig krig, men det kan like gjerne verte eit utval av EU-land, Nato-land i EU. Men skal vi rekne med at det her er tale om akkurat ti kongar, så har eg størst tru på at det er nettopp i dei ti strategane/delstatane i Hellas. Så det reknestykket ha allereie gått topp. Dei ti horna viser tilbake på dei ti strategane i det gamle Hellas, så eg meinar dette fortel om renessansen, med den vart det vart folkeopplysing, demokratisering, nasjonal frigjering og sjølvstende. Slike kongar gjev makt til Dyret, så det med sin politikk, med ein moderat klassekamp, gjer revolusjon mot den Store Skjøkje.

Overengelen Mikael og englane hans. Kong Mikael.

Då er det venteleg slik den store kongen som er omtala i Daniels bok, kong Mikael, framstår som den som vernar folket til Daniel. Til samanlikning med Julius Cæsar, med klassekamp-politikken i Romarriket og Vespasian, til tross for at han la Jerusalem i ruin?! Men overengelen Mikael og englane hans er i Guds himmel og har verka saman med dei som har forkynt evangeliet, slik vi såg i Op.12. det har resultert i utvikling og framgang i menneska si tankeverd og ide-verd.

På 1200-talet kom Thomas Aquinas med ei syntese mellom kristendom og aristotelisme

(merk at Aleksander den Store var opplærd av Aristoteles). Dette vart filosofien til den Katolske kyrkja. Både Platon og Aristoteles heldt på det geosentriske verdsbildet og vi anar at maktinteressene i den gamle religionen låg bak, å dyrke himmelhæren som gudar.  

Men så postulerte Copernikus (1473-1543) det heliosentriske verdsbildet. Galilei (1564-1642) sa seg samd og gjorde eksperiment som avsanna Aristoteles si lære om at tunge lekamar fell fortare enn lette. Og så oppdaga gjennom kikert at planetane var kloder, til samanlikning med jorda. Galilei trudde på kristendomen og takka Gud for desse oppdagingane, men vart forfølgd av den katolske kyrkja, fordi dei avsanna aristotelismen.

Newtons lover definerer klassisk mekanikk. Oppdagingane til Galilei og Newtons mekanikk inspirerte til mykje nytenking. Slik som til dømes filosofien til rasjonalistane på 1600-talet, Descartes, Spinosa, Leibnitz og Pascal. Eg tek ikkje med Hobbes, men i staden tek eg med Newon, han også trudde på Gud og skreiv bok om Daniels bok og Johannes Openberring. Eg kan også ta med Galilei og dei andre pionerane i den nye naturvitskapen. Descartes, Leibnitz og Pascal var matematikarar og eg kan sikkert ta med fleire.

Rasjonalitet betyr forstand og det blir vesentleg å gjere klart at menneskets tenking og idear har sanning i seg og gir meining, både for den einskilde og i samfunnet. Slik skulle det verte for den einskilde, ved trua på Kristus.

I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Dyret i Op.17 og Gud dømmer den Store Skjøkje.

Slik er den store Skjøkje:

Op.17,1 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. 2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»

3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn. 4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. 5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

Ved nattverden seier vi at vi et Jesu lekam og drikk Jesu blod, som eit minne om han og at han døde i staden for oss. Men denne kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

I Joh.Op.17-18 er det sagt at Dyret og dei ti horna fører krig mot den Store Skjøkje og dømmer henne, slik fullfører dei Guds Ord. Dei som held seg trufast til Kristus, sigrar over dei saman med Kristus, fordi han er kongen over kongane og Herren over herrane. Guds folk skal gå ut av henne, så dei ikkje vert medskuldig i syndene hennar. Så vert det fortalt at det er Gud som dømmer henne.

Her er det tale om ein time.

Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.

Op.18,10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»

Op.18,17 På éin time er all denne rikdomen tapt.»

Op.18,19 Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.»

Dette Dyret dømde den Store Skjøkje og gjekk sin undergang i møte. Men så viste det seg at det var Gud som dømde henne. Hennar fall blir ei glede for himmelen og alle dei heilage.

Op.18, 20 Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.

21 Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast. 22 Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd. 23 Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte. 24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»


3 responses to “Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18.”

  1. Lovnad og profeti 20. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18. […]

    Like

  2. Kristendomen, Thom-ismen, Kant-ismen og realfag.1. – Faith and Entropy Avatar

    […] Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18. […]

    Like

  3. Lovnad, profeti og filosofihistorie 15. Vi får dei mest fundamentale menneskerettane ved å ta imot Guds rike som små born, ved gjenfødinga får vi sjå det og komme inn i det. Det er himmelriket, men det er også profetert om eit tusenårsrike. 7. Him Avatar

    […] og profeti 1. Frå Daniel til apostelen Johannes. Døyparen Johannes då? Lovnad og profeti 12. Dyret og den Store Skjøkje, Op.17-18. Lovnad og profeti 13. Dyret og den Falske profet 1, Op.13. Lovnad og profeti 14. Dyret og […]

    Like

Leave a reply to Lovnad og profeti 20. Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring. – Faith and Entropy Cancel reply