Lovnad og profeti 10. Realfag og teologi.

Falske Messiasar, krig og jordskjelv. Realfag og teologi. Gud talte og det skjedde, det gjer han framleis. Noko vert rysta, som teikn på at det skal skiftast ut.

Biletet er frå krydderhagen ved Biologibygget ved Universitetet i Oslo.

Jesus har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere. Jesus er Guds Ord, også profetordet. I han er liv og det er lyset for menneska, det er også det profetiske lyset vi treng i denne tida.

2.Pet.1, For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.» 18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet.

19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør.

Eg er oppvoksen i statskyrkja og vart tidleg med på bedehuset og eg vart opplærd til å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var omlag 9-10 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det og med tida gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg bad slik, merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, eg følte eg vart kjend med han som min beste ven. Livet var planta i meg ved Guds ord og det skulle vekse (Jak.1).

På gymnaset byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Eg skulle takke han for at hans frelseverk var fullført og fullkome. Slik har fortsett å tale til meg også i pinsekyrkjene og i Maranata og eg forstår det slik at alt eg har å be om, får eg på grunnlag av forsoninga i Kristus, eg har fått barnekår med arverett. Han sa han hadde sett fram for meg ei open dør og inviterte meg inn, så eg nytta eit høve til frie vitnemål, til å gå inn med mi bøn og min bodskap og mi takke bøn. Igjen svarde han meg at eg skulle takke han for frelsa. Og så skal vi glede oss til at han kjem for å hente si blodkjøpte brud.

bodskapen om den opne døra finn vi her:

Joh.Op.3, Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

Det tyder på at det eg har å vone på, for å komme vidare, er at nokon frå Satans Synagoge skjønar og erkjenner at Gud har elska meg. Vers 9 tyder på at det har noko med makt å gjere, for Gud er kjærleik, han elskar oss i Kristus og han elskar gjennom meg. Vi vert frelste ved å erkjenne at Kristus er Herre.

Gå over frå mørkets rike til Guds rike.

Det som har skjett i denne siste tida, kanskje spesielt dei siste 15 åra, er at mørkets rike har vorte akseptert i staden for Guds rike, det verkar som det har skjett over hovudet på folk, stikk i strid med demokratiske reglar og den bodskapen som skulle forkynnast i ei kristen kyrkje.  Då treng menneske å bryte opp frå dette riket og gå over i Guds rike. Som han sa til oss gjennom tyding av tungetale på mitt første møte i Maranata Oslo, 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Gud har ikkje forkasta folket sitt.

Jes.49, 14 Men Sion seier:

«Herren har forlate meg,

min Gud har gløymt meg.»

15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,

har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?

Og om ei mor kan gløyma,

så gløymer ikkje eg deg.

16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,

dine murar har eg alltid for auga.

17 Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,

og dei som reiv ned og la deg i øyde,

fer bort ifrå deg.

Han sende Son sin til dei og han forkynte den glade bodskapen om Guds rike, dei måtte vende om og verte som born, ta imot han og verte fødde på nytt, for å sjå det og komme inn i det. Men dei tok ikkje imot det. Kristus døde på korset for oss alle, så disiplane hans skulle forkynne den glade bodskapen for både jødar og heidningar. Med det vart fiendskapen borte (Ef.2,14..), så med gjenfødinga gjer han dei to til eitt folk. Likevel kjem der framleis til å vere ulike folk og nasjonar, men på dommedag vert der ei todeling (Matt.25,33…).

Kyrkjefader? Augustin?

Apostlane leid nok martyrdøden, med unntak av Johannes, som profetert. Til tross for kristendomsforfølging voks kyrkja, kristendomen var legalisert og då var det ikkje lenge før den vart gjort til statsreligion, litt før 400 e.Kr. det hang saman med at med Augustin kom der ei syntese mellom nyplatonisme og kristendom. Han vert kalla «kyrkjefader», men det er farleg, for det verkar som om det definerer kva kyrkja er for noko. For Jesus betalte prisen for si kyrkje med sitt eige blod og gav henne den Heilage Ande, så den skulle vere fødd av den Heilage Ande.

Men kva kom no. Bibelen var tolka utifrå platonismen og seinare utifrå aristotelisme og ved motstanden mot den nye naturvitskapen viste det seg at antikk mytologi også låg bak, at dei dyrka himmelhæren som gudar.

Så dette var heilt feil, det viste seg at Paulus hadde rett i at denne verda sin visdom var dårskap for Gud. Dei skulle forkynne evangeliet for jødar først, så for grekarar. Det er tydeleg at antikk filosofi var inspirert av jødedommen, så det rett ville framleis vere å vurdere antikk mytologi utifrå Bibelen og forkynne evangeliet både for jødar og grekarar.

Dei sju kyrkjelydane i Joh.Op.2-3 var nær vestkysten av Tyrkia. Det var det kulturelle senteret i Hellas, der antikk filosofi starta som naturfilosofi og vert dermed rekna som naturvitskapens vogge. Persia gjorde krav på området, dei prøvde å frigjere seg men det enda med ruin. Dette området vart stridens eple i persarkrigane, som Aleksander den Store gjekk sigrande ut av.

Sidan vart prestetenesta i Jerusalem eit stidens eple i den gresk-syriske tida, som profetert. Slik oppstod problemet med den øydande styggedomen som både Daniel og Jesus profeterte om.

Ei ny «lærd» overklasse til erstatning for Paven, dei katolske prestane og helgenane? Så dei med politikken sin vil lære oss både å be og gi oss «bønnesvar»?

Den Katolske Kyrkja vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte. Derfor må dei gå via paven, prestane og helgenane og så kom avlatshandelen. Til erstatning for at Jesus betalte for oss med sitt eige blod. Og med deira bøner i staden for at menneske i barnekåret hos Gud får komme til han sjølve og få oppleve at den Heilage Ande hjelper dei i sitt bønneliv.

Til samanlikning har ein stor del av kvinnerørsla og mange med den protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinne og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik vert det lagt opp til å vrake både Kristus og apostlane hans og erstatte kyrkja hans med noko anna. Bønene til Guds born, som var i samsvar med Gud ord og som den Heilage Ande hjelpte oss med, vert ignorerte og så erstattar de det med politikk.

I følge Paulus skal ein mann vite å vinne seg si eiga kone i helging, så då må det vel vere riktig for han å påkalle Kristus som sin frelsar og Herre, be han frelse menneska frå å vere forførde slik som ved syndefallet og så be han om å gi han ei frelst kvinne til kone. Same enten det blir som ein bortkomen son som vender heim til Faderhuset eller det er som ein heimeverande son.

Men de som held dykk for å vere så lærde at de reknar barnekåret hos Gud for å verd barnsleg og dumt, de vil vel berre avvise det då og så kjem de med kvinnepolitikken dykkar som om de skal be i staden for paven, prestane og prøver å mane fram daudningar for å snakke med dei i staden for å snakke med levande menn. Når det snakkar så mykje om likestilling, kven er det då ho skal likestille seg med? Går det kanskje ikkje ut på å love henne at dersom ho et av kunnskapstreet, så skal ho verte liksom gud og kjenne godt og vondt. Men kva for ein gud er i så fall det?

Den levande og sanne Gud er ånd, men menneske er laga av mold og kan aldri verte slik som han.

Vi skal vende hugen til det som er der oppe hos Jesus. Det gir von og meining både for tid og æve.

Evangeliet skulle forkynnast for jødar først, så for grekarar, så vi kan godt forstå det som Guds svar på platonismen. Jesus velsign a småborna og sa at Guds rike høyrer slik til, vi må verte som barn for å komme inn i det. Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, med det har ha gjort dei fullkomne som vert helga. Slik er kristendomen uerstatteleg.

Sentralt i denne helginga er at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Då blir det som eit barn som kjem til sin Far med den saka, samen enten han kjem som den bortkomne sonen eller den heimeverande sonen, uansett er det ved å ta imot Kristus, for det er det som gir oss rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då blir det slik at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han elskar henne og har omsorg for henne som so brud og det heng saman med at han elskar kvinna gjennom mannen. Som Jesu brud som er forelska i sin brudgom, likar ho å vende seg til han og sjå på han og svarar på hans kjærleik med kjærleik. Slik skal både mannen og kvinna vende seg til Kristus og sjå på han i tru og med von om evig liv om å få komme inn i det Nye Jerusalem på den nye jorda, men også med von for dette livet, om ekteskap og familieliv og alt det som tilhøyrer. Det er ved at den Heilage Ande openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre (2.Kor11,2-3 Heb.12,1..). Ved å sjå på han får vi oppleve at Gud skaper oss i si likning, så vi går frå herlegdom til herlegdom ved Gud Ande (2.Kor.2,17-18). Vi får merke det allereie no at Jesus lever i oss, vinn skikkelse i oss og vert openberra i oss og vi vert openberra i herlegdom, saman med han. Så det er berre om å gjere form oss å få oppleve dette sterkare og sterkare, inntil han hentar oss som si blodkjøpte brud (Rom 8,19 Kol 3,4).

Kol.3, 1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Å vende hugen opp til han gir meining også for dette livet, for han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63).

Gud har gitt meg ein ny song som eg skal lovsynge han med og han gir ikkje si ære til nokon annan.

Det er så mykje snakk om erstatningsteologi. Men det fundamentale spørsmålet er om de vil prøve å erstatte Gud med noko anna, om de vil prøve å gi hans ære til andre. Då kan eg fortelje dykk at det går han ikkje med på og det er eg berre glad for.

Han har planta det evige livet i meg ved sitt Ord og lagt den nye songen ned i meg ved den Heilage Ande og den vil eg lovsynge han med.

Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Falske Messiasar, krig og jordskjelv.

Jesus profeterte om at det skal komme mange falske Messiasar.

Matt.24, 4 Jesus tok til ords og sa:

Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.

Newton grunnla mekanikken og den vart grunnleggande for mange store filosofar, så vi kan tale om eit mekanistisk verdsbilde. Nokre gjekk så langt at dei meinte mekanikkens reglar gjeld for tenkinga vår også, så nokre av dei avviste trua på Gud, andre sat igjen med deisme, sitat frå https://snl.no/deisme :

Deisme var en rasjonalistisk teologisk retning på 1600- og 1700-tallet i Vest-Europa. Deistene hevdet at en monoteistisk gudstro måtte bygge på fornuft, og de fleste avviste guddommelig åpenbaring i form av Bibelen eller Jesus Kristus som guddom. Gud er verdens skaper, men griper ikke aktivt inn i historiens gang.

Men Newton trudde på kristendomen og skreiv bok om Daniels bok og Johannes Openberring. Og sidan har vi fått kvantemekanikken og då kjem den mellom mekanikken og Gud., slik kjem den mellom oss og Gud. No forklarar vi jordskjelv med radioaktivitet i jorda, som igjen er forklart med kvantemekanikken.

Gud talar til oss og rører ved oss med sin Ande. Det blir lettare å forstå og godta om vi tenker oss at kvantemekanikken kjem mellom mekanikken og Gud. At han taler så det blir jordskjelv, må vi først og fremst forstå symbolsk. Men i Apostelgjerningane er det også fortalt at han svara på deira bøn så huset riste. Uansett varsler det om at det er noko som skal skiftast ut.

Heb.12, 25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Eg skal ta vare på den fagre skatten Gud har gitt meg. Den vonde prøver stadig å røve det frå meg.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland, Maranata 16.9.2013:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev.  9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
    13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

Gud talte og det skjedde. Slik vil ryste denne byen.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland, Maranata 8.12.2013.

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

Då må vel kona mi snart stå der.

Livet, vekkinga, fornyinga og overfloda skal vere i Jesu kyrkjelyd.

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen, Maranata Oslo 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Mykje av denne artikkelen har eg brukt som kommentarar her:

ENDETIDSSYN:

Debatt om endetidssyn er ikkje noko nytt her i landet, men no har det fått ein ny vri, skriv Johannes Kleppa.

 Foto: Adobe Stock

Endetidssyn med ny vri

Debatt

Johannes KleppaBergen

Publisert: 11.03.2024 09:06Sist oppdatert: 09:19

Debatt om endetidssyn er ikkje noko nytt her i landet, men no har det fått ein ny vri. Det er særleg knytt til eit endetidssyn som vert kalla preterisme eller eit preteristisk syn.

Det er eit heller nytt syn her på berget, men det liknar nokså mykje på det vi kallar erstatningsteologi, der kyrkja enkelt sagt har overteke lovnadene til Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er særleg i pinsekarismatiske krinsar det nye synet har oppstått, og det har skapt nokså stor debatt i pinserørsla, naturleg nok, fordi det bryt radikalt med det pinsevenner flest har lært og tenkt.

Eg skal ikkje her gå djupt inn i preterismen, men meir setja dette synet i forhold til andre syn. Det som karakteriserer eit preteristisk syn, er at ein reknar praktisk talt alt som Bibelen seier skal skje i endetida, for oppfylt. Det skjedde primært ved øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 70 og dei store forfylgingane tidleg i oldkyrkja.

Det er altså ikkje snakk om ein antikrist som skal stiga fram ein gong i dei siste tider, om ei stor trengsel, om bortrykking, eit framtidig tusenårsriket, eller at Israel har ein spesiell plass med tanke på endetida. Alt dette høyrer historia til, og det som står att, er Herrens komme til dom og frelse. Dette kan kombinerast med ei forståing av at apostel- og profettenesta vert eller er gjennomretta, og at det fører med seg stor åndskraft, store vekkingar og store positive endringar på jorda før Jesus kjem att.

Dette er nokså forskjellig frå det som tradisjonelt har vore forkynt rundt om på bedehusa og i frikyrkjelege samanhengar. Rett nok samstavar ein del av det med det som gjerne har vorte kalla «eit gammalluthersk syn», som seier vi er i tusenårsriket no, men som like fullt held fast på ei negativ utvikling med Antikrist og stor trengsle. Ved at dette synet som oftast seier at lovnadene i GT til Israel er overførte til kyrkja, slik at jødefolket sin plass i frelseshistoria er over, kallar vi dette for erstatningsteologi.

Med tanke på debatten om endetidssyn har det etter mitt skjønn vore ei forenkling. Det har sin grunn i at preterismen og «det gammallutherske synet» har vorte slått saman som erstatningsteologi, og opp mot det har ein sett dispensjonalismen som einaste alternativ. Det er misvisande. Det er rett på det viset at ein med det får fram at det skal framstå eit tusenårsrike før den endelege dommen og at lovnadene til Israel står ved lag og skal oppfyllast. Poenget er at det ikkje berre er dispensjonalismen som lærer dette.

Det dispensjonalistiske synet vert gjerne ført tilbake til 1830-åra, sjølv om det var tendensar til dette synet også før. Det karakteristiske i dette synet er at ein skil sterkt mellom Israel som Guds folk og kyrkja som Guds folk, og at Gud handlar delvis ulikt med desse to folka.

Det vert sett saman med at ein deler (frelses)historia i ulike tidsepokar, ikkje berre i den gamle og den nye pakta. Som del av dette lærer ein at kyrkja (menigheten) skal rykkjast bort til Guds himmel før den store trengsla, men som jødefolket må gjennom. Etter trengsla kjem Herren med sine tilbake til jorda for å regjera her i 1.000 år. Då har Israel komme til omvending og får ein sentral plass i ei rik freds- og misjonstid.

LES OGSÅ

Endetidsteologi: Det finnes andre og bedre alternativ

Poenget her er at ein ikkje treng å tenkja slik om jødefolket, bortrykkinga og trengsla for å tru på eit framtid tusenårsrike, der Israel og verdsmisjon er sentralt. I den første kristne tida trudde ein på eit framtidig tusenårsrike, og det var til trøyst i forfylgingstider, og ein heldt fast på lovnadene til Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då kyrkja gjekk frå forfylging til å verta statsreligion, vaks det fram ei forståing som sa at tusenårsriket er kyrkja si tid, og at kyrkja har overteke lovnadene til Israel. Ved pietismen frå slutten av 1600-talet greip ein tilbake til læra frå oldkyrkja om eit framtidig tusenårsrike og at lovnadene til Israel står ved lag. Dette vart då eit syn i opposisjon til «det gammallutherske», som alle reformatorane stod for.

Læra om eit framtidig tusenårsrike og at lovnadene til Israel står fast, kom altså ikkje med dispensasjonalismen. Det spesielle med denne var forståinga av forhold mellom Israel og kyrkja, og læra om bortrykking før den store trengsla.

LES OGSÅ

Hva mener egentlig Lauvås?

Underteikna har forkynt og undervist nokså mykje om endetida, særleg ut frå Daniels bok og Johannes openberring. Eg er sterkt overtydd om at lovnadene til Israel står fast og at tusenårsriket er eit framtidig fredsrike der Israel har ein sentral funksjon og der det er ei rik misjonstid, men eg trur at alle, inkludert kyrkja, skal gjennom den store trengsla ved Antikrist og at bortrykkinga og Israels omvending skjer som avslutning av denne.

For min del har eg altså ei nokså sterk overtyding i endetidsspørsmålet, men eg vil vera svært varsam med å karakterisera andre sitt syn som vranglære eller villfaring. Det har ofte vore usemje på dette området, og det har aldri vorte rekna som vedkjennings- eller frelsesspørsmål.

Det eg finn mest problematisk, er når lovnadene til Israel vert overførte på kyrkja, fordi det har med forståinga av Guds lovnader og Guds pakt å gjera. Eg er også uroleg over konsekvensane av læra om bortrykking før den store trengsla.

Innlegget har stått på heimesida til Misjon Sarepta.

………….


One response to “Lovnad og profeti 10. Realfag og teologi.”

Leave a reply to Lovnad og profeti 23. Kva er globalt i Bibelen og i vår tid? – Faith and Entropy Cancel reply