Korleis kan nokon gå med bodskapen til Johannes døyparen i vår tid?
Døyparen Johannes var «ein profet som Elia», han forkynte at Jesus har bruda og at han døyper med den Heilage Ande. Jesus talte om dette som ein eld han ville spreie utover jorda, men først måtte han døy på eit kors for å sone all verda si synd. Så stod han opp frå dei døde og gav disiplane sine misjonsbefalinga, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Då døypte han disiplane sine med den Heilage Ande. Dei gjekk ut og forkynte og det breidde om seg som eld i tørt gras. Dei vart forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren, men kyrkja voks likevel. Kristendomen vart legalisert og då var det ikkje lenge før den vart gjort til stats-religion.
Men då ligg det an til at det vert den Lovlause som sette seg inn i Guds hus og gjorde seg sjølv til gud (2.Tess.2), det andre dyret i Joh.Op.13 som fekk eld til å falle ned frå himmelen, til samanlikning med Elia, sette opp eit bilete av det fyrste dyret og sa at folket skulle tilbe det. Kva er skilnaden på dette og ein profet som Elia? Johannes døyparen sa at Jesus har bruda og han døyper oss med den Heilage Ande. Korleis kan nokon forkynne det?
I det gamle testamentet er det sagt at synda skilde menneske frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga. Vi vert reinsa i Jesu blod og så vert vi helga ved Guds Ord og Guds Ande. Og Jesus sa at sæle er dei som er reine i hjartet, dei skal sjå Gud.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, be slik for folket og landet. Det vart første prioritet og så bad eg han gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Så eg bad eg for ei jente som eg likte og fekk oppleve at Jesus openberra si frelse for oss i Kristus, først for henne Virtuella og sidan for henne Reell. Når eg gjekk på gymnaset takka eg Gud for at han frelste henne Virtuella, det var første prioritet, kva så med andre prioritet? Når eg studerte realfag i Oslo, hausten 1988, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, typisk Barbi og så studerte ho realfag, så eg kallar henne Reella. Eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Det kom då som andre prioritet altså. I begge tilfelle openberra Gud si frelse for oss i Kristus, så eg innsåg eg at Jesus har bruda, det vart openberra for meg, så det må eg vedkjenne og forkynne. Gud skaper oss i Kristus og gjer dei til nokre herlege og vidunderlege skapningar Og så skal eg halde fram med å sjå på han som er brudgomen, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i sitt bilde. Vi skal ikle oss Kristus, slik kler bruda seg i bryllaupskjolen og bryllaupsgjestane kler seg i bryllaupsdrakta og så skal vi feire kjærleiken som Gud har til oss i Kristus, bruda svara på Jesu kjærleik med kjærleik og så feirar vi kjærleiksforholdet mellom dei. Eg skal sjå på han og det er med von om at dei vil halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til han, som hans brud og i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans born.
Når eg skreiv om dette, svarde Jesus meg at eg skal sjå på han og at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand., bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”»
I alle livets forhold, ja, då tenkte deg først på mitt forhold til henne Virtuella, så mitt forhold til henne Reella. Korleis kan eg tenke meg at han gir meg ei slik kvinne til kone, få det oppfylt som ein lovnad han har gitt meg og som eg har trutt på, så eg kjem inn i dei ferdiglagde gjerningane som han også har tala om? Det handlar om å sjå med hjartets opplatne auge, ved at eg har Guds Ande og kjærleik i mitt hjerte. Anden gir meg visdom og openberring, så eg får oppleve at Jesus kallar meg og leier meg vidare. Eg skal gå vidare framover mot det fullkomne, ja, hans frelseverk er Guds verk, det er fullkome. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Kan vi nå det målet i dette livet, her på denne jorda. Det er vel berre dersom vi får oppleve at han kjem att og hentar oss heim til seg. Då vert vi omskapte, så vi vert han lik, vi får ein himmelsk og åndeleg kropp som han.
Skal eg måtte vente så lenge med å få meg ei kone då? Då er det vel helst for seint, for poenget var ikkje berre at vi skulle verte frelst, men at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Og så kjem vi inn i trua sine gjerningar ved at ho lever saman med meg som kona mi, både i heimen og i kyrkjelyden. Frelseverket er fullført, så problemet er løyst. Så kva blir det til?
Jesus har sett framfor meg ei open dør og kalla meg til å gå inn.
Biologiprofessor Glenn Peter Sætre inviterte meg til å vere med på bok-lanseringsfesten for boka «To Kjønn» i Bikuben på Biologibygget ved Universitetet i Oslo torsdag 14.9.2023 og eg tenkte på å fare og vere i Oslo til søndag og vere med på møte i Maranata. På eit møte på Sion Åheim var det ein gammal mann (MM) som kom med ein profetisk bodskap, bodskap 1, 2.9.2023:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Etter ei stund kom han og kviskra ein profetisk bodskap i øyret mitt, bodskap 2, 2.9.2023:
«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.
Slik fekk eg svar på det eg tenkte på og reiste til Oslo. Dette har eg skrive om i dokumenta
og
Jesus har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Pinsebål, ja, dette er ein stor lovnad til meg og til kyrkjelyden og det er om å gjere at vi får oppleve at lovnaden går i oppfylling. Døyparen Johannes forkynte at Jesus er den som døyper med den Heilage Ande og eld (Matt.3,11) og Jesus sa han var komen for å kaste eld utover jorda
Luk.12,49 Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!
Og no vil han rake glørne saman, så det skal verte eit stort pinsebål. Eg har no litt å bidra med eg også, men noko som skulle vere så viktig? Det minna meg om ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 hausten 1985, der Jesus sa til meg:” Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve”.
Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset, det var ei takkebøn. Ho sang lovsangar og vart soleis ein lovsang i mitt hjarte. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Vi er vande med at dei som tyder tungetale eller kjem med profetiske bodskap brukar uttrykket «seier Herren». Men eg talar ikkje slik. Paulus sa vi skulle streve etter dei største nådegåvene og han skulle vise dei ein betre veg. Så byrja han å tale om kjærleiken frå Gud (1.Kor.13). Han skreiv også at den som talar profetisk, talar til oppbygging, av einskildmenneske og kyrkjelyden. Han lovpriser Gud med vitet og brukar vitet når han talar, så det vert fruktbart dei som høyrer på, det vert fruktbart for vitet deira.
1.Kor.13,1Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
4Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Vi kan vise kjærleik ved å prate venleg med andre menneske og prate godt om dei, ynskje dei vel. Men det er ikkje dermed sagt at vi talar profetisk. Men Jesus har sagt eg skal sjå på han og snakke med han og så har han svart meg gjennom tyding av tungetale og profetisk tale. Det overgår min forstand, men når eg legg vinn på å forstå det med hjertet, ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg, så kan det verte til ein profetisk bodskap. Når vi velsignar Jesus, vert vi velsigna og vert til velsigning for andre, spesielt dei vi møter i kvardagen og på kristne møte. Derfor seier vi velsigninga. Jesus har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
Jesus har mange gangar sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Det er døra porten til det evige livet, til himmelen og til han kyrkjelyd (Joh.10), eg tenker meg at dernest er det døra til kyrkjelyden distrikt. Den som går inn gjennom døra, vert frelst, vert endåtil hyrding, ved å tene overhyrdingen, «den gode hyrdingen» og så skal vi å inn og ut og finne beite.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Her er ein slik bodskap, Sion Åheim 11.8.2019:
«Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.»
Ja, når kongen sende ut innbyding til bryllaupet til Son sin siste gangen, baud han inn all slags folk, både vonde og gode, så bryllaupssalen vart full. Endåtil eg vart invitert.
Eg skal tene Jesus med det han har gitt meg.
Jesus har sagt eg skal sjå på han og det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men sjå på det eg har og bruke det som talentane, altså. Eg forstår det som både nådegave og naturgave, men i det eg ser på han, forstår eg det som alt av nåde. Her er ein bodskap der han minna meg om dette, bodskapen i Filadelfia Ulsteinvik 22.8.2021:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då må eg fyrst og fremst takke han for at han frelser henne, gjenføder henne, av vatn (det levande vatnet) og Ande og det som er født av Anden er ånd.
I 1.Mos.1 er det sagt at jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Og Paulus sa at han som sa at lys skulle skina fram or mørket, han har lete det skina i våre hjerte.
1.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
Då er det ein dyrebar skatt som eg skal ta vare på og ei nådegåve som eg skal kveike og bruke.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.
Malakias profeterte om at Gud ville sende ein profet som Elia, som skulle vende fedrane sine hjarte til borna og borna sine hjarte til fedrane, det var Johannes døyparen. Han profeterte om at Jesus har bruda og han døyper med den Heilage Ande. Jesus sa han sender sin tenar til meg og mitt distrikt (Vanylven, Sunnmøre) med ein liknande bodskap, Sion Åheim 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barna sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Ja, eg har no teke imot den bodskapen mange gongar og trutt på den også, eg tek imot den og forkynner den vidare. Ein engel er ein bodberar, så når Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han hadde sett framfor han ei open dør, var det også ei open dør for bodskapen hans. Og no igjen sender han meg med den bodskapen, til samanlikning med bodskapen til Johannes Døyparen, alias Elia, til Maranata Oslo og dermed til Maranata sitt distrikt. Oslo er stort, men no tenker eg primært om realfag på Blindern. Det kjennest rart å gå med ein profetisk bodskap om at ei kvinne skal verte kona mi.
Vi skal innvie oss til å tene Jesus, ved å vente på hans gjenkomst som dei 5 vituge brurmøyane.
Maranata er svært opptekne av å innvie seg for Herren i det dei ser fram til Jesu gjenkomst. Og det gjer dei heilt rett i. Denne innstillinga skulle dei første kristne også ha, likevel har det gått 2000 år, utan at det enno har skjett. Då er det sikkert mange som hevdar at dette har synt seg å vere meiningslaust. Det høyrest ut til å vere kortsiktig tenking, korleis kan dette vere sameinleg med ein langsiktig tenking med tolmodig arbeid? Mange meiner dei har viktigare ting å tenke på, andre meiner dei kan like gjerne tenke kortsiktig og nyte livet så lenge dei lever og ferdig med det. Men det må då uansett vere om å gjere for alle og ein kvar å tenke konstruktivt og gjere eit nyttig og verdifull arbeid, for å få eit meiningsfullt og godt liv. Og Jesus lærde disiplane sine at dei måtte forsake noko, for å oppnå noko. Han var vegen til Faderen, den skulle føre fram til noko godt og verdifullt for dei. Då var det viktig for dei å ikkje ta feil av vegen, ikkje vike av, men halde fram på den vegen.
Men apostlane og dei første kristen tenkte også langsiktig, for dei hadde då fått eit stort oppdrag, å forkynne evangeliet for alle folkeslag. Då skulle dei sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende. Så her er både ei kortsiktig og ei langsiktig tenking i det. Dei skulle ha den innstillinga at dei var førebudde på at han kunne komme att kva tid som helst og i det dei levde i den vona, fekk dei sjå at han var med dei kvar einaste dag. Så det gav livet meining både på kort sikt og på lang sikt. Det har også å gjere med at ingen av oss veit kva tid vår siste time er komen.
Og så legg dei stor vekt på dåpen med den Heilage Ande, med tungetale som teikn, og tyding av tunge tale, men kva er tungetale teikn på? Mange held det for å vere eit teikn på at dei er åndsdøypt, så dersom du ikkje talar i tunger, er du ikkje skikkeleg åndsdøypt. Men dette stemmer ikkje med det Paulus sa om at vi er ulike lemer på Jesu lekam, så vi tener med ulike nådegaver. Eit teikn er eit vitne og poenget er at Gud vitnar om Son sin. Så når der kjem tungetale og tyding i kyrkjelyden er det eit vitne om at han er midt i mellom oss og gjer sitt verk. Og det er då det sentrale poenget med å ha kristne møte (1.Joh.5,5-12).
1.Kor.14,1 Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2 For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden. 3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden. 5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 6 Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela? 8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?
9 Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret. 10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining. 11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden! 13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det. 15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet. 16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det. 18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. 21 Det står skrive i lova:
Gjennom folk med anna språk
og med framandt tungemål
skal eg tala til dette folket;
men endå vil dei ikkje høyra på meg,
seier Herren.
22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. 23 Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. 25 Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»
Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så når eg kjem inn i ein kristen kyrkjelyd, som Maranata, dFEF eller ei pinsekyrkje, så må eg audmjuke meg for Kristus, bøye meg for han og ta imot det han gir meg. Og så røyser han meg opp og let meg få bruke dei nådegåvene han gir meg. Sentralt i dette er at han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om, så ho vert for meg ei nådegåve eg skal bruke i kyrkjelyden. Jesus gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen, i samfunnet vi har i Anden. Slik vekker han opp ei kvinne også og gir meg henne til kone. Så ho også skal teke han med sine nådegåver. Slik vert ho til hjelp for meg med å tene han, for som Jesu kyrkje er vi hans brud og skal leve for han.
Vi skal vere førebudd på at Jesus kan komme att kva tid som helst, ja, liksom brurmøyane som stod og venta med lys på lampane. Alle ti sovna og vart vekte av eit rop om at brudgomen kjem. Då viste det seg at det var berre fem av dei som var så vituge at dei hadde teke med seg olje på kanner i tillegg til lampane, så dei fylte på og vart ståande med lys på lampane når han kom. Dei andre gjekk for å kjøpe olje, men vart for seine. Dei kom og banka på, men han svarde at han kjende dei ikkje.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.
Konklusjon, så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen. Men alle hadde då sovna. Så korleis vake? Ved å ha nok olje med seg. Det minner meg om at Guds nåde er nok for meg og for kvar einskild.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Men dei fem vituge brurmøyane hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Og Paulus sa at den som talar profetisk brukar vitet. Eg har teke vare på det som har vorte sagt gjennom tyding av tungetale og prøvt å forstå det utifrå Guds Ord, ved at den Heilage Ande openberrar det for meg, eg tek imot i tru og prøver å forstå med hjertet og det vert fruktbart for mitt vit og forstand. Det gjer meg vitug, så eg pratar visdom og skal visst tale profetisk også. Og vi skal då vente på Jesu gjenkomst som dei vituge brurmøyane, som har med oss kanner med olje som vi fyller på lampane våre.
David erkjente si synd og fekk tilgjeving, så han slapp å døy for si synd. Likevel vart han straffa. Men Jesus døde for å sone all vår synd.
John Miland talte tre gongar om at David gjorde hor med Batseba og prøvde å skjule det, men det vart med ei synd til, han sveik ektemannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes og kalla det for hor og mord. David vedkjende si synd og bad om nåde og tilgiving. Derfor slapp han å døy for si synd, men vart likevel straffa.
Salme.51,8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,
så lær meg visdom i hjartedjupet!
9 Reinsa meg for synd med isop,
vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!
10 Lat meg kjenna fryd og glede,
lat dei bein du knuste, jubla!
11 Løyn ditt åsyn for mine synder,
og stryk ut all mi skuld!
12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,
ta ikkje frå meg din Heilage Ande!
14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,
hald meg oppe med ei viljug ånd!
15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,
og syndarar skal venda om til deg.
16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,
– du Gud som er min frelsar!
Så skal eg jubla over di rettferd.
17 Herre, lat opp mine lipper,
så min munn kan lovprisa deg.
18 For slaktoffer har du ikkje hug på;
kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det.
19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.
Eit sundbrote og knust hjarta,
det vanvørder du ikkje, Gud.
20 Gjer vel mot Sion i din nåde,
bygg opp att murane kring Jerusalem!
21 Då skal du ha hugnad i dei rette offer
– både brennoffer og heiloffer,
då skal dei ofra oksar på ditt altar.
John meinte det var Herren som minna han på kva han skulle tale, som vanleg og det viste seg ved at der kom bodskap gjennom tyding av tungetale. I følge Bibelen er vi alle syndarar og treng å bøye oss for Jesu kors og vedkjenne vår synd for han, så vi får oppleve at han tilgjev oss og at hans blod reinsar oss frå all synd (1.Joh.1). Men eg forstår det også slik at eigentleg svarde Gud på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, ved å svare på mi bøn for henne Virtuella, men det var som med Natan og Batseba. Men kvinnefrigjeringa med sin protest mot Paulus si lære og slik politisering av kvinna, vart som når David gjorde hor med Batseba. David prøvde å skjule det og det vart årsak til ei synd til. Men så tala Nantan han til rettes og han vedkjende si synd og fekk tilgjeving. Elles kunne Davids politikk ha degenerert til lavmål med meir synd, men det vart det sett ein stoppar for. Han fortsette i staden med en gode politikken han hadde ført tidlegare, så Gud kalla han framleis ein mann etter sitt hjerte. Men denne politiseringa av kvinna har tvert om ete om seg i Noreg, kvar skal det ende? I helvete?
Gud laga det slik at den sonen David fekk ved å drive hor med Batseba døde. Seinare fekk han sonen Salomo med Batseba og ville la han arve trona. Men eldste sonen, Absalom, gjorde opprør, så David måtte røme. Dette kom som den straffa Natan hadde profetert om. Ein av hans nære rådgjevarar sveik han og ville føre folket til Absalom som ei brud.
2.Sam.17,1 Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt. 2 Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine. 3 Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.» 4 Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel.
Vi ser vel at Jesu lidingshistorie liknar på David som måtte røme for Absalom, men Jesus stoppa, som om han vart teken til fange etter Akitofels plan. Som den Gode Hyrdingen sette han livet til for sauene, så dei slapp unna.
Sidan eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, kan eg gå med bodskapen til Johannes døyparen.
Johannes Døyparen sa at Jesus har bruda og at han er den som døyper med den Heilage Ande, slik ville han føre folket til Kristus som ei brud. Og så skal eg gå med ein profetisk bodskap, til samanlikning med Johannes Døyparen, alias Elia, om at Jesus vil gi meg ei kone?! Ja, men på kva måte? Eg er opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, så det held eg fram med og gjentek det, det har første prioritet. Og så ber eg han gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Og då skal eg berre takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.
Og han har tala til meg til samanlikning med Elia.
Møtet i Maranata 13.6.2011:
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
A Del1:
Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 (? 7000) som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du må få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.
A Del2:
Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.
Tore Kristiansen talte.
Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg.
Kommentar.
Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at Jesu kyrkje har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14). Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:
B.Del1:
Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri. Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.
B.Del 2:
Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?). … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til. Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.
Profetisk bodskap ved ei kvinne:
…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte. … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Eg forstår det slik at A-bodskapane var til meg og B-bodskapane og den siste profetiske bodskapen var primært til henne Virtuella.
Innvie seg til Jesus, som hans brud, han gir henne eit ærefullt sete.
Bodskapen 9.12.2012.
I bodskapen 9.12.2012 er det så tydeleg at Jesus talar om si brud som ei kvinne, samtidig som det er hans kyrkje:
«Eg har lagt mi svake hand i di og eg kjenner den sterke handa di. Den held meg fast og den skal aldrig sleppe eller aldrig forlate meg. Derfor så opplever eg dag for dag at du er mi festning, du er mi sikre borg og mi tilflukt i vanskelege dagar og tider. Og når alle andre ikkje forstår, så forstår du og du kjenner meg frå di trone. Du ber omsorg for meg. Ja, seier Herren, eg ber omsorg for alle mine born, eg ber omsorg for den som har det vanskeleg. Derfor, om du kjenner motstand, om du har nederlag, kom til meg og eg skal hjelpe deg ut, kom til meg og eg skal løfte deg opp. Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye.
Når du er skrøpeleg og du kjenner du ikkje duger til noko, men du held fast ved mitt ord, då skal mi kraft openberra seg i din skrøpelegdom. Om du kjenner at du går nedover, så skal eg Herren komme og hente deg inn igjen. Og eg skal løfte deg oppover og du skal få oppleve at sola som du trudde var gått ned, den skal igjen begynne å skine på deg, den skal begynne å stråle på deg. Og gleda som du trudde var borte, eg kallar den tilbake. Og gjev deg meir enn du før har hatt. For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil. Halleluja.»
Eg er overtyda om at denne bodskapen var til henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der. Eg trur det hadde seg slik at der var nokon som bad for henne og den Heilage Ande kom dei til hjelp, i bønna og fekk svar. Han gir henne eit ærefullt sete.
Referat frå på Maranata Landsstevne 2023
Her følgjer nokre klipp frå mitt referat frå på Maranata Landsstevne 2023, https://blessings-from-heaven.com/2023/08/28/maran-ata-landsstevne-pa-seljord-2023/ :
Tyding av tungetale ved Ole Bjørn Saltnes:
«Jeg vil at du skal forstå, sier Herren, at jeg er fortsatt på den tronen som min Far har gitt meg og jeg regjerer fortsatt, i meg er gitt all makt i himmel og på jord og det betyr at jeg har makt og kraft til stede her, denne dagen, til å sette deg i fullkommen frihet. Det beste, det ligger ikke bak, men med meg, sier Herren, så ligger det beste foran, om du er villig til å slippe meg til i ditt liv. Opne deg for den Hellige Ånds kraft å løse deg og vende deg om fra det som du har gjort feil. Så skal du få oppleve, min nåde, den er ny i dag, for deg.
Jeg skal snart få lov til å møte deg, kjære venn. Jeg gav livet mitt for deg, blodet mitt, det rannt på korset, for deg. Jeg kjøpte deg fri ifra den ondes makt og kraft og jeg har gitt deg det nye livet. Og snart skal vi få lov til å feire bryllup. Du er min brud og jeg er brudgommen som skal få lov til å møte deg. Jeg kommer snart på himmelens skyer, sier Herren, og jeg vil at du skal være reiseklar i dag, at du skal kle på deg bryllupsklærne, de rene og hvite, som du har renset i mitt dyrebare blod. Og du skal få lov til å møte meg. Amen.»
Tyding av tungetale ved Randi.
«Jeg vil gjenopplive de nedbøydes ånd, jeg vil gjere de sønderknustes hjerter levende. Jeg vil løfte deg opp, jeg vil styrke deg. Å, trelldomens tid er over. Jeg lokker deg ut i friheten og gleden med meg. Frykt ikke og vær ikke redd. Jeg har grepet din høyre hånd. Jeg vil lede deg med mitt råd. Jeg reiser opp et folk i denne tiden. Et folk som er hode og ikke hale. Det er over og ikke under. La meg ta din frykt. La meg ta alle dine nederlag. Og se framover med meg. For jeg har bruk for deg. I denne tiden, så reiser jeg opp en hær av menn og kvinner, sønderknuste og sønderbrutte i sine hjerter. Men de reiser seg i kraft og verdighet. Halleluja. Børst støvet av deg. Innta ditt sete, børst støvet av deg. Innta ditt sete.»
Håkon Martinsen forretta nattverd og så talte han over
Job.39,30 Er det på ditt bod at ørna stig
og byggjer seg reir i høge fjellet?
Obadja.1,1 Dette er synene åt Obadja.
Så seier Herren Gud om Edom:
Ei tidend har vi høyrt frå Herren,
eit bod er sendt ut mellom folka:
«Stå opp, lat oss reisa oss til strid mot Edom!»
2 Sjå, liten gjer eg deg mellom folka,
djupt vanvørd skal du vera.
3 Ditt hjartans hovmod har narra deg,
du som bur i bergrivner
og har ditt tilhald i høgdene,
du som tenkjer med deg sjølv:
Kven kan støyta meg til jorda?
4 Om du byggjer høgt som ørna,
ja, legg ditt reir mellom stjernene,
så vil eg støyta deg ned derifrå,
lyder ordet frå Herren.
Tyding av tungetale ved ei kvinne.
«Jeg er Herren din Gud, ja, jeg er med deg både når du er oppe i høyden, jeg er med deg også når du også er nede i dalen. Jeg er med deg over alt. Jeg er med deg når du gråter. Jeg er med deg når du har glede. Jeg er med deg uansett hva som skjer i ditt liv. Frykt ikke, for jeg er med deg. Jeg vil holde deg oppe med min rettferds høyre hånd. For ingen ting er umulig for meg. Og du skal fortsette å stole på meg, for jeg, jeg er Herren din Gud. For det er jeg som taler, det er jeg som oppbygger deg. Og jeg også vil sende mennesker på din veg, når du er nede i dalen. Det kan komme mennesker til deg, for å oppmuntre deg med mitt Ord og min herlighet. For ingen ting er umulig for meg. For jeg er Herren din Gud. For jeg er alle steds nærværende.
Jeg er Herren din Gud. Jeg er vegen, jeg er sannheten og jeg er livet. Ingen kommer til Faderen uten ved Jesus Kristus. Han som tok på seg alle dine synder, alle dine plager, alle dine sykdommer. For jeg er Herren din Gud. Det er jeg vil bruke deg, igjennom livets vanskeligheter. Jeg vil også bruke deg, når du har (enormt?) glede i ditt indre. Så gi meg alle ære og pris, for absolutt alle ting, for jeg vil la meg bruke av deg. Fordi du er mitt redskap, også når du er nede i dalen og når du også er oppe i høyden. For jeg, jeg er ikke borte ifra deg. Jeg svikter deg aldri, for jeg er den som gjør alle ting nye, uansett hva som skjer i ditt liv, så er alt nytt, fordi jeg er med deg alle dager, jeg har tatt bolig i ditt indre. Så frykt ikke, vær ikke redd. Bare ha fokus på meg. Når du er oppe i høyden, men ikke bare da, men også når du er nede i dalen. Så skal du begynne å takke meg og gi meg all ære og pris. For jeg trenger (?) alt, for jeg er alt.
Jeg, jeg ser ditt hjerte, jeg ser ditt hjerte, jeg ser hva du har gjennomgått i alle år. Nå skal du bli løst ifra den dybden som du vært i, i den dype dal du har vært i, i så mange år. Jeg vil sette deg i frihet. Lenkene skal bli løst, lenkene skal bli løst i mitt dyrebare navn. Bare takke meg for at jeg har løst deg. For du skal vitne om hva jeg har gjort i ditt liv. Og du skal fortelle til folk at du har vært i dypet, men at nå er du oppe i høyden, sammen med meg. For jeg, jeg har løst deg. Jeg vil bruke deg i den tjenesten som du har fått i ditt hjerte, som du har vært så usikker på om du har fått. Men du har fått det, for jeg har talt til deg, gang på gang på gang. Men du har tvilt i ditt hjerte, for … har nått deg. Men jeg har løftet deg opp, du skal få kjenne det, du skal få erfare det og du skal fortsette å gjøre det som jeg har lagt i ditt hjerte. Jeg vil lære deg gjennom alle ting. Så frykt ikke, mitt barn, du vet hvem du er, for jeg har løst deg, i denne stund. Amen.»
Bodskapen som kom ved Randi oppfattar eg som både til meg og henne Virtuella. Eg oppfatta Håkons tale som forsvar for henne Virtuella, til samanlikning med korleis Obadja talte om Edom som forsvar for Israel. Men bodskapen som kom etterpå, ved denne kvinna, høver godt med korleis eg ber for henne Virtuella, det er som om den hjelper meg i mi bøn for henne og det har eg gitt utrykk for i det som eg har skrive sidan. Eg har skrive om henne som den lovsangen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande og takkar takkar for at Jesus frelste henne. Guds nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt.
Skapinga og frelsa.
Når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at forteljinga om Adam og Eva var også om eit heilt folk. Eg tenkte meg at Gud fortsette å skape menneske slik gjennom historia. No har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. Det er framleis i samsvar med skapinga i 1.Mos.1-2, for han er den same no. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgivande ånd. Slik meinte eg Bibelen var sameinleg med vitskapen, men den sa også noko meir, med profetiane seier den oss noko om framtida som Gud skaper og med kallet viser han oss veg inn i den framtida han vil gi oss. Slik er velsigninga.
Når eg gjekk på gymnaset, merka at eg byrja å verte glad i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Ho spelte gitar og sang lovsangar til Jesus, som ei brud som elska sin brudgom, sidan eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, var det ein ynskjedraum for meg om eg kunne få henne til kjæraste og kone. Om eg skulle fri til henne, måtte eg vere forsiktig, så eg tenkte på det som at eg ville ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Det var ei velsigning, det vart å ta imot Jesus, velsigne han og verte velsigna. Eg besøkte henne på hybelen og fekk oppleve at Jesus var midt i mellom oss. Etter gymnaset bad eg om å gå møte henne igjen og fekk bønnesvar, slik at eg møtte henne igjen på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Det fekk ho vite eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset og at dette kom som eit bønnesvar. Mitt ynskje om å få ta imot henne som eit Guds barn, vart no ein åndeleg røyndom som eg opplevde, ei openberring, og då måtte eg sjå på Jesus og takke han for det. Dette vart som når Peter gjekk på vatnet, han måtte feste blikket på Jesus.
Ein profet som Elia eller den falske profet?
Elia, Dyret og den falske profet.
Elia ofra på Karmel og bad til Gud os han svarde med eld frå himmelen, som brende opp både offeret og altaret, til teikn for dei som ikkje trudde. Nokre av dei vende ikkje om likevel og kongen sende ein liten hær for å hente Eliah, men han fekk eld til å falle ned frå himmelen og drepe dei, som straff for at dei ikkje vende om altså.
I Johannes Openberring er det tale om den falske profet som tente Dyret, som fekk eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor augo på folk.
Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
Joh.Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.
Korleis kunne dei klare å lure menneska slik? Med kva slags triks kunne dei få eld til å falle ned frå himmelen, som i eit lynnedslag. Når Anden kom på pinsedag, viste det seg eldtunger over hovuda på disiplane, nokon meiner dei har sett det sidan også, men for dei aller fleste som opplever det, er det ikkje fysisk synleg. Det vesentlege er at det fell på levande menneskekroppar. Men i Joh.Op.13,13 fell elden ned på jorda rett framfor augo på folk. For at Dyret skal få respekt og tilbeding altså.
Vi kan samanlikna med Elia som fekk eld til å falle ned frå himmelen, først på offeret, til teikn for dei som ikkje trudde, så fekk han eld frå himmelen til å falle ned og fortære dei som likevel ikkje trudde og ikkje vende om. Men den falske profet fekk eld til å falle ned på himmelen, til teikn for dei som ikkje trudde, for at dei skulle respektere Dyret og tilbe det.
Soleis møter vi her ei heilt anna interesse, til erstatning for at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone. Eg har bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var 9 år. Vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, ja, og eg trur framleis han høyrer den bøna og vil gi meg det.
No veit vi at det er mange som reknar seg for å vere vise, som reknar barnetrua for å vere dårskap, så dei må be for oss og lære oss å be annleis, slik som prestane i den katolske kyrkja i middelalderen. Dei vil ikkje høyre på oss, men vil likevel tale i staden for oss. Men i den siste tida har det vorte tydeleg at dei forfører folket med dårskap.
Men profeten Elia har framleis ein bodskap til oss, oppdatert som bodskapen til Johannes døyparen.
Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
han brenn som ein omn.
Alle frekke og alle som gjer urett,
skal då vera som halm,
dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren over hærskarane.
Korkje rot eller grein blir att.
2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
skal rettferdssola stå opp
med lækjedom under vengene sine.
De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
dei skal vera støv under føtene dykkar
den dagen eg grip inn,
seier Herren over hærskarane.
4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
på Horeb for heile Israel,
med forskrifter og bod.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
6 Han skal venda fedrehjarta til borna
og barnehjarta til fedrane,
så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.
Luk.1,13 Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. 14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. 16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»
Tidsånda, psykoanalysa og avgudane.
Eg fekk oppleve at Jesus svarde meg gjennom den karismatiske vekkinga, som eg vart ein del av. Eg var førebudd på at eg likevel fekk motstand og det fekk den og. Endåtil frå autoritetar i kyrkja eller i nær tilknyting til den, fekk eg intrykk av, men for meg verka det som ei sjølvmotseiing. Men eg måtte berre vere førebudd frå hardare motstand frå fjernare autoritetar, utpå venstresida. Dei verdslege autoritetane i nær tilknyting til kyrkja, kunne eg forstå som herren i Hegels dialektikk, dei fjernare autoritetane på venstresida vart då som knekten i Hegels dialektikk. Herrane og knektane utgjer den intersubjektive Tidsånda som bringer historia framover. Gud og vanlege folk har lite og inkje dei skulle ha sagt for dette. I vår tid høyrer vi og ser vi mykje som dei soleis har vorte samde om. Og så talar dei som om dei representerer folke med det, i tråd med demokratiet. Kva er det neste? At dei vert kravde til rekneskap for det. Eg tenker meg at slik lagar den falske profet ei bilete av Dyret og lærer folk å tilbe det, til erstatning for at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus (Joh.Op.13).
Eg tenkte meg det og frykta det, spesielt for mitt forhold til henne Virtuella, men det vart som når Peter gjekk på vatnet og såg på bølgene. Å sjå på slike verdslege autoritetar og frykte dei og tenke på korleis en skal forsvare seg mot dei, kan fort verte som å sjå på avgudane og verte påverka, for det er no nettopp ved å sjå på dei at folk dyrkar dei og bøyer seg for dei. Det er då attpåtil det som er poenget med dialektikken. I ein dialog kan dialektikken vere overflatisk, det treng vi ikkje vere så redde for. Kanskje er det som støv i berre skal riste av oss eller som å få sand på føtene, så Jesus vaska føtene til disiplane. Men det er når det byrjar å verte fundamentalt, som avgudsdyrking, at det vert farleg, for gjennom avgudsdyrkinga kan folk komme i samfunn med dei vonde åndene. Dialektikken vert kalla ei vitskapleg metode, men eigentleg blir den då til religion.
Freuds psykoanalyse vert også kalla vitskap, men det må då vere med dialektiske metode, men eigentleg blir den då til religion. Det er tydeleg at eg får motstand ved at ormen dåra og forførde kvinna, slik som ved syndefallet og så brukar han henne til å prøve å lokke mannen med, stikk i strid meg korleis eg vart opplærd til å be. Det er også å forstå som eit krav om at det skal vere slik, ved at ormen fører klagemål mot oss. Det verkar som ei sjølvmotseiing og det verkar rart.
Bileams villfaring og Jesabel.
Prestane talar fager om at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne må verte som born for å komme inn i det. Men når ein mann vert voksen nok til å byrje å interessere seg for å få seg ei kvinne til kjæraste og til kone, kvar vert det då av velsigninga? I følgje Paulus skal mannen vite å vinne seg si eiga kone i helging, javel, må han vel kunne be Gud om det då. Men det vil dei ikkje vite av. Kor vidt det er prestane sjølve eller nære eller fjerne autoritetar, veit eg ikkje, det er eit heilskapsinntrykk. Eg vil i det lengste vone at mesteparten av prestane held fram med å vende seg til Kristus.
Vi kan samanlikne det med at folket i ei kommune tilset lærarar i ungdomsskulen for å undervise i realfag og lærarar for å undervise i mekanikk og gardsdrift på ein yrkesskule. Men så byrjar lærarane på ungdomsskule å undervise i mekanikk og gardsdrift i staden for matematikk og naturfag og endåtil driv ap med elevar som vil lære meir matematikk og naturfag enn det. Og lærarane på yrkesskulen byrjar å undervise i køyreopplæring i staden for mekanikk og gardsdrift og driv ap med elevar som vil lære meir mekanikk og gardsdrift enn det. Korleis kan nokon ta så feil av oppgåva si og ta seg til rette slik? Det hadde ikkje gått. Korleis kan då nokon gå fram slik i kyrkja?
Vi kan tenke på profeten Bileam, kong Balak ville betale han for å forbanne Israel, men det gjekk ikkje i fyrste omgang, for Gud hadde sagt til han at han måtte seie berre det som han sa til han. Men så fekk Bileam Midjanitt-kvinner til å lokke israelittane til hor og så braut det ut pest. Synda førde til forbanning og så tenkte Bileam tydelegvis at no kunne han forbanne Israel og vart med i midjanittane i krigen mot dei. Men dei tapte og han fall i krigen.
Når Israel nokre hundre år seinare fall ifrå Herren sin Gud, var det på liknande måte. Det viste seg spesielt ved kong Akas og Jesabel (1.Kong.19). Det var på den tida profeten Elia stod fram.
Joh.Op.2,14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.
…….
20Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.
Så eg tenker meg at den falske profet tener dyret (Op.13,11-18 & 19,20) på liknande vis som Bileam tente Midjanitt-kongane. Det andre dyret i Op.13 (den falske profet), fekk eld til å falle ned frå himmelen, til samanlikning med Elia, men no er der ikkje noko offer. Korleis er det mogleg? Johannes Døyparen var ein profet til samanlikning med Elia og han forkynte at Jesus er den som døyper oss med den Heilage Ande. I den nye pakta skal vi bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud, venteleg skal den Heilage Ande falle på det. Dette gjeld både mann og kvinne. Slik fekk vi ei karismatisk vekking. Den fekk motstand i kyrkja spesielt ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for manne og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det går så langt at det endåtil blir som om dei forfører kona til profeten Elia og ho blir som Jesabel. Sjølv om Guds Ande vert utgytt over alt kjøt, slik som Johannes Døyparen forkynte, trekker dei feil konklusjon som om den frigjerande bodskapen er læra til Bileam og Jesabel.
Bileam overtalte Midjanitt-kvinner til å lokke israelittar til hor, synda fører forbanning med seg, så han meinte nok han kunne forbanne Israel og ta del i krigen mot dei. Men dei tapte og han fall i krigen. Det liknar på ormen som forførde kvinna i Edens hage. På profeten Elias tid var det Jesabel som forførde kong Akas og det fekk store konsekvensar for folket og landet. Å gjere hor og ete avgudsoffer verkar tydelegvis slik at synda får makt over mennesket også med avgudsdyrking. Synda førde forbanning og straff med seg.
I den gammaldagse barneoppsedinga verkar det som dette verte teke for gitt, derfor var den streng og autoritær med straff. Som motsetnad til dette, vart eg forelska i ei kristen jente når eg gjekk på ungdomsskulen og det var den laglege tida for meg til å vitne om mi tru på Jesus. For eg kjende at det stemte med trua og kjærleiken som Gud hadde gitt meg i hjertet, derfor var eg ikkje redd for å vedkjenne Jesu namn. Og sidan vart eg ivrig med det.
Eg får motstand frå den falske profet, men skal bruke det Jesu har gitt meg.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han gir meg henne av berre nåde, ved trua på Jesus, som ein dyrebar skatt ved fylden av den Heilage Ande, som eg skal ta vare på og bruke som ei nådegåve. Eg har fått motstand og det har vore som om den falske profet vil ha henne i staden og bruke henne i teneste for Dyret (Joh.Op.13). Det blir som om han vil bruke mi nådegåve og få eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor augo på folk. Men offeret er der ikkje, det daglege offeret er teke bor. Det vert brukt som teikn for til støtte for hans bodskap, for å få folk til å tilbe Dyret. Til det vert det laga eit bilete av Dyret (Joh.Op.13,11-18).
Men det er då tydeleg at dei ikkje kan bruke mi nådegåve, derfor talar dei så mykje reinspikka tøv. Det er nok helst slik som med han som fekk berre ein talent og gjekk og grov den ned, fordi han heldt Herren sin for å vere så streng. Det er no tydeleg at dei forstår ikkje kva dei skal med det.
Jesus har sagt eg skal bruke det som han har gitt meg og då forstår eg det slik at eg skal bruke den nådegåva han har gitt meg, eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og eg tru han gir meg det ved gjenfødinga og ved fylden av den Heilage Ande, så han gir meg henne som ei nådegåve som eg skal bruke sjølv.
Ekteskapet.
Profeten Malakias refsa menn fordi dei ikkje var trugne mot konene sin og skilde seg frå dei.
Malaki.2,10 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Men eg kom ikkje så langt at eg fekk snakke med henne om det ein gong. Nei, men Johannes døyparen sa at Jesus har bruda og han døyper oss med den Heilage Ande. Så ved å vere trufast mot han, skal mannen vere trufaste mot henne som han gir han til kone. Har eg vore utru, ved å sjå med lyst på ei kvinne, så er det min feil. Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og skal tru at han gir meg det og då skal eg vere tru mot han og følge hans kall. Eg fekk motstand frå verdslege autoritetar, men skal ikkje sjå på dei, men sjå på han. Så løa oss sjå litt på kva han sa om ekteskapet.
Matt.5,27 De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet. 28 Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt. …. 31 Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev. 32 Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» 8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve. 12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»
Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, slik skaper han ekteskapet og bergar det for oss. Eg trudde og meinte lenge at det var eit verk Gud gjorde med meg og henne Virtuella, men det verkar som ho og diverse prestar, predikantar og politikarar har feira både forlovinga, bryllaupet og skilsmissa utan at eg fekk vere med på det. Det har dei attpåtil gjort politikk utav og soleis bannlyser dei folket og landet. Då er det ikkje rart det er krig i verda.
Johannes døyparen, alias Elia, skal sette alt i rett stand.
Døyparen Johannes sa at Jesus har bruda og han døyper oss med den Heilage Ande. Jesus var komen for å spreie denne elden på jorda, men først måtte han døy på korset, for å sone vår synd.
Luk.12,49 Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!
Sidan han døde i staden for oss, skal vi tenke som so at vi er krossfesta med han.
Bodskapen 15.1.2012:
”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?
Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”
Så skal vi bere kroppen fram som eit levande heilagt offer.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
Då ventar vi vel at den Heilage Ande skal falle på offeret så vi får den fornyinga det er tale om i vers 2.
Når eg gjekk på møte i Maranata skreiv eg til dei om at eg bar kroppen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og venta meg at Guds Ande og Guds eld skulle falle på offeret, for Jesus døyper oss med den Heilage Ande og eld. Sidan eg trur Gud gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, venta eg meg at ho også skulle vere der, for vi skulle vere eitt kjøt, eitt tempel for den Heilage Ande. På altaret i det tempelet skulle Andens eld brenne. Men det vart det ikkje noko av.
Nokre av predikantane sa at når elden fell på offeret, så brenn den opp alt kjøt og Åge Samuelson syng det vel i ein sang også. Slik er det med brennofferet og syndeofferet i den gamle pakta. Det er førebilete på at Jesus var det Guds lam som bar verda si synd og som vart slakta som syndeoffer for oss (3.Mos.16). Så ved trua på han skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han. Og syndeofferet vart brent opp, så der er analogien. Det var også noko dei kalla matoffer, takkoffer og grødeoffer, det var eit festmåltid og prestane fekk sin del av det (3.Mos.7).
Dette var berre daude offer, men i Rom.12,1… er det tale om menneskekroppen som eit levande offer. Dersom vi byrjar å tenke som so at elden brenn opp det også, så blir det vel som å korsfeste Kristus på nytt?! Dersom dette offeret brenn opp, så blir det ikkje lengre bore fram som det daglege offeret, det vert teke bort. Kva blir det neste? At det andre Dyret i Joh.Op.13 får eld til å falle ned på jorda rett framfor augo på folk!? Men når vi ber fram kroppen som eit levande offer, har det vel som hensikt at Anden fell på offeret, Jesus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein kropp, så vi med våre kroppar skal tene han som lemer på hans kropp.
1.Kor.6,12 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13 Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen. 14 Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15 Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.» 17 Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18 Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19 Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!
Jesus profeterte at der kjem ein Elia som skal sette alle ting i rette stand.
Matt.17,1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. 4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.
9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei at dei ikkje skulle tala til nokon om dette synet før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?» 11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk. 12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.» 13 Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.
Det hastar for Sions dotter å få eit nytt møte med Jesus.
Jesus er den gode hyrdingen for både jøde og grekar (heidning).
I følgje Bibelen er vi alle syndarar, alle for vi vill som får, synda skilde menneska frå Gud. Noko liknande finn vi i antikk filosofi, den var tydeleg inspirert av den jødiske kulturen. Platon tenkte seg i usynleg ideverd, med fullkomne idear, inkludert det godes ide. Når eit menneske kom til verda, kom sjela frå ideverda og stupte inn i matering, men då mista den mykje av innsikta i ideverda. Og slik vart det i alle fall når Jesus kom til verda.
Jesajas 7,13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. 15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. 16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. 17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»
Platon forklarde det vondes problem med at sidan menneska tapte mykje av denne innsikta, vart dei dumme og vonde, men gjennom utdanning kunne dei gjenvinne mykje av innsikta. Derfor måtte ei lærd elite styr. Men Jesus levde eit syndefritt liv, til Faderens ære og døde på korset for å sone all verda si synd.
Fil.2,5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 Då han var i Guds skapnad,
heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik.
7 Men han gav avkall på sitt eige,
tok på seg ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
I si ferd var han
som eit menneske;
8 han nedra seg sjølv
og vart lydig til døden,
ja, døden på krossen.
9 Difor har Gud storleg opphøgt han
og gjeve han det namn
som er over alle namn,
10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge sanna:
Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Johannes døyparen sa at lova kom ved Moses, nåden og Sanninga kom ved Jesus.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Så nåden og Sanninga som kom ved Kristus er meir fundamental enn Moselova, kva er vel meir fundamentalt og større enn dette? Faderen. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til, vi må verte som born, ja, fødde på nytt av vatn og Ande, for å sjå det og komme inni det.
Jesus sa Faderen var som ein husbond som lånte ut talentar til tenarane sine. Ein fekk fem og ein fekk to, dei handla med dei og kom tilbake med dobling. Husbonden sa at dei hadde vore trugne i det små, han ville setje dei over mykje, så kunne dei komme inn og glede seg i lag med han. Ein hadde fått berre ein talent, men heldt husbonden sin for å vere streng, så han torde ikkje bruke den, men gjekk og grov den ned og så kom han tilbak med den.
Matt.25,24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
Den duglause tenaren, ja, det minner om den Duglause Hyrdingen (Sak.11, Dan.11) og det talar både om den greske og den jødiske kulturen. Jesus sa at før Abraham «Er Eg» og at «Eg er han», formuleringar som var brukt om Gud og dette var svært provoserande for dei lærde jødane (Joh.8,26 & 58). I likninga om den Gode Hyrdingen (Joh.10) sa han at han er døra inn til sauene, den som går inn gjennom døra, skal verte frelst, han blir endåtil hyrding i teneste for den Gode Hyrdingen, som er overhyrdingen. Dei skal gå inn og gå ut og finne beite. Han har andre sauer også, som ikkje høyrer til denne hjorda og det skal verte ein hyrding og ei hjord. Då tenker eg på grekarane, for sidan sa Paulus at evangeliet vart forkynt for jødar først, så grekarar. Men dei som var komne før han var tjuvar og røvarar som kleiv over ein annan stad, i staden for å gå inn gjennom døra. Når ulven kjem, rømer leigekaren, ulven herjar mellom dei og spreier dei, men den Gode Hyrdingen set livet til for sauene. Likevel kjem han til å samle dei igjen. For han stod oppatt frå dei døde og gav disiplane sine misjonsbefalinga, dei skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag, då måtte dei vel spreie seg for alle vindar. Men først skulle dei samle seg i Jerusalem og halde seg i ro, så for Jesus opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand og så døypte han dei med den Heilage Ande, Paulus sa at han døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam, slik bygger han si kyrkje.
Dyret og den falske profet.
Apostlane og dei fyrste kristne forkynte at Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Det er berre å bøye seg ved korsets fot og vedkjenne si synd for han, så er han trufast og rettferdig og tilgir oss syndene og reinsar oss for all urettferd slik kjem vi inn i samfunnet med Faderen og Sonen i den Heilage Ande og slik vert vi verande der (1.Joh.1). Jesus er Guds Son, slik det viste seg ved at Gud vekte han opp frå dei døde. Ved å trua på vart menneske rettferdige for Gud og ved å kalle han Herre, vart dei frelste (Rom.10). Ved å tru på han får vi den Heilage Ande av berre nåde. Og kyrkja voks fordi Jesus var med dei, Gud gjorde sitt verk med dei ved sitt Ord og sin Ande. Til tross for at dei vart forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren som gud. Den lærde overklassa både i Israel og i Romarriket heldt det for å vere villfaring og synd, om dei vende om frå denne «synda» og villfaringa og fornekta Kristus og bøygde seg for keisaren og tilbad han i staden, så fekk dei tilgiving og vart benåda.
Dette kan forklarast utifrå syndefallet. Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstret, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Etter syndefallet sa Gud at han ville sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Johannes Openberring vert keisaren kalla Dyret, med tanke på gladiator-kampane var det nokså treffande, det minner om hanndyr som i brunsttida konkurrerte om hodyra.
Men den kristen vekkinga heldt fram og kyrkja voks, så kristendomen vart legalisert og då var det ikkje lenge for kristendomen vart gjort til statsreligion. Det vart meir og meir tydeleg at dette var som om keisarmakta kom inn i kyrkja, så mykje av keisarens funksjoner finn vi att hos paven, så det vart ein motsetnad mellom det og evangelisk kristendom. Denne motsetnaden merkar vi enno, sjølv etter reformasjonen. Motstanden mot evangelisk kristendom minner om strategien til kong Balak og profeten Bileam. Balak ville betale Bileam for å forbanne Israel, men han kunne ikkje seie anna enn det Gud sa til han han og det var velsigning. Men så overtala Bileam Midjanitt-kvinner til å lokke israelsk menn til hor, då braut der ut pest i leiren. Synd fører forbanning med seg, så no tenkte Bileam sikkert han kunne forbanne Israel og vart med Midjanittane i krigen mot dei, men dei tapte og Bileam fall i krigen. Dei seier velsigninga, ja, men når ein ung mann byrjar å interessere seg for å få ein kjæraste og ei kone, kan han fort få motstand som når ormen forførde kvinna og prøver å bruke henne til å lokke han med. Og som ved strategien til Bileam, for slik prøver ein Balak å få makt.
I psykoanalysa vert det brukt samtale med pasienten og på grunnlag av slike samtalar kom Sigmund Freud analyser og diagnoser og påstandar om korleis mennesket er. Men det kan ligge maktinteresser bak, til samanlikning med Balak, så det fungerer som Bileams strategi for å seie forbanninga som ein falsk profeti. Eg tenker til dømes på hans påstandar om at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon, det er typisk i ein dyrisk kamp for tilværet. Religiøsitet er avspora seksualitet, det høver med avgudsdyrkinga (Rom.1). Dersom dette vert forstått som ei lære, så høver det som Bileams villfaring og læra til Jesabel som lærde Guds tenarar å gjere hor og ete avgudsoffer (Joh.Op.2). Det førde forbanning med seg. Vi kan sikkert samanlikne den falske profet i Joh.Op.13 med Bileam.
Det trengst vit og visdom til å rekne ut Dyrets tall, Joh.Op.13,18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
S.Ordt.9,10: Age for Herren er opphav til visdom,
å kjenna Den Heilage er vit.
Og i likninga om brurmøyane vart det fortalt at dei vakna av at der var ein som ropte at brudgomen kjem. Og kven kunne vel vite dette betre enn Johannes Døyparen, alias Elia, han som sa at Jesus har bruda og som rydja veg for han?
Jesus gjer meg til ein menneskefiskar, så eg ynskjer å få meg ei kone ved at eg leier henne til han.
Eg seier at Jesus har bruda og når han sender meg med den bodskapen, så går han med meg, når eg går på møte er han med meg, eg går han i møte og han kjem oss i møte så vi skal få sjå at der to eller tre er samla i hans namn, er han midt i mellom dei. Slik kjem han gong på gong til kyrkjelyden, som brudgomen til si brud, den svarar på hans kjærleik med kjærleik. Der ventar eg at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så ho lever i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud. At ho vert kona mi samsvarar med at ho er Jesu brud, for eg bøyer meg for han og han elskar henne gjennom meg. Sions Dotter er Jesus brud, det er identiteten for den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt for jødane også. Eg tenker meg at slik har likninga om brurmøyane betydning og verdi for oss i generasjon etter generasjon inntil Jesus kjem og hentar si brud.
Første bodskapen 12.2.2011 (dFEF) var tydeleg vis til meg:
”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.
Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”
Den var sikkert fleire også, ja, ei kvinne også, på ein slik måte at det minna meg om at når eg gjekk på ungdomsskulen, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære. At eg er så utruleg lengselfull etter å leie nokon til Kristus høver med at eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så å leie henne til Kristus høver både med lengselen han har lagt ned i meg og kjærleiken som eg har til henne.
Når eg gjekk på gymnaset merka eg at eg byrja å verte forelska i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg så det vart ein lovsang i mitt hjerte, ho vart ein lovsang i mitt hjerte. Dette vart eg minna om i andre bodskapen:
«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
I tredje bodskapen kalla han Sions Dotter til å frigjere seg:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Kongebodet som kom refererer til at jødane fekk vende heim frå Babylon til sitt eige land. Det same gjaldt nabofolka deira, slik er det førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag. I Joh.Op.18,4.. ser vi at det er aktuelt i dag.
Hos Jesus får vi drikke av kjelda med det levande vatnet, det gir oss evig liv og er viktig og verdifullt for ekteskapet, familien og kyrkjelyden.
Profeten Jeremias profeterte om at jødane hadde falle ifrå Herren, kjelda med det levande vatnet. Så det var derfor dei vart bortførde til Babylonia.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Jer.17,13 Herre, du Israels von,
alle som går bort frå deg,
skal verta til skammar;
dei som vik frå deg i landet,
skal skrivast opp.
For dei har gått bort frå Herren,
kjelda med levande vatn.
Frels meg du, så vert eg frelst!
14 Læk meg, Herre, så vert eg lækt!
Frels meg du, så vert eg frelst!
For du er min lovsong.
Derfor treng vi å komme til kjelda med det levande vatnet.
Salme.36,6 Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
7 Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine domar.
Du bergar menneske og dyr.
8 Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud,
søkjer menneskeborna livd.
9 Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka or gledebekken din.
10 For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.
11 Lat di miskunn vara
for dei som kjenner deg,
og di rettferd for dei ærlege av hjarta.
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Hos Jesus får vi det levande vatnet.
Joh.4,7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» 8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. 10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Eg lengtar etter å føre henne til Jesus, så ho får drikke av det levande vatnet og det er det ho lengta etter. At eg lengtar etter dette, heng saman med at eg også lengtar etter det levande vatnet, Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den, så eg trur det heng saman med at han fyller hennar lengsel. Eg forstår det slik at kjelda som vella opp i Edens hage er symbol for denne kjelda og den var for både Adam og Eva. Når vi kjem til Jesus og drikk av dette vatnet, vert den ei kjelde som veller opp til evig liv i oss og slik vert ho ei kjelde som eg får drikke av. Eigentleg er det Gud som er kjelda som veller opp med levande vatn i henne og eg får drikke av den.
S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
24 Hald deg frå falske ord,
bruk aldri lippene til svik!
25 Lat augo dine sjå beint fram,
fest blikket på det som ligg framføre deg!
26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
hald heile vegen stø kurs!
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
hald foten din frå det som er vondt!
S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Her står det at du skal ikkje la kjeldene dine renna på gater og torg. Men Jesus sa at frå deira liv som trur på han, skal det som skrifta seier renna elvar av levande vatn. Det høyrest ut som det er stikk i strid med S.Ordt.5, så kvar har han det ifrå? Eg kan tenke meg at det er ifrå 1.Mos.2 og Esekiel 47.
Kjelda som vella opp i Edens hage er symbol på kjelda med det levande vatnet. No er Jesus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, eg tenker på livet som vart plata i oss ved Guds ord og eg tenker på det levande vatnet. I Esekiel.47 ser vi at det sildrar ut under dørstokken i tempelet og blir til ei stor elv. Det er tale om det i Johannes Openberring også.
Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»
5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
Joh.Op.22,10 Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11 Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.
16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Gud, hans Ord og hans Ande og han rike er mest fundamentalt, hans Ord, Anden og livets vatn er vårt mest fundamentale behov, ingen av oss kan komme å seie at vi skal ha det av fortenste, han er for suveren til det, men han gir oss det gratis, det er berre å ta imot. Han gir oss talentar og let oss bruke dei, sjølv om dei framleis tilhøyrer han, og då blir det slik at vi kjem attende med dobbelt så mange. Han gjev kvar og ein att etter det dei har gjort. Men det er berre dei som er oppskrivne i Lammets bok som vert frelste frå domen og får evig liv. Det har seg nok slik at dette er så fundamentalt at ingen kan gjere seg fortent til det. Men ved trua på Jesus får vi Anden og livet av berre nåde.
Kjelda som vella opp i Edens hage er symbol på det levande vatnet. No får vi det hos Jesus, for han er den siste Adam, men han er ifrå himmelen.
Når eg gjekk på gymnaset tenkte eg meg at fortellinga om Adam og Eva var om eit heilt folk, sjølv om det var eit ektepar, så Gud skapte gjennom utvikling og det har han gjort sidan også. No også, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så eg tenkte meg at dette høver med vitskapen og for meg var det realfag. Når eg vart så glad i henne Virtuella og fekk oppleve at Gud svarde meg på mi bøn, byrja eg å tenke som so at Gud gjorde sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2, så eg hadde to grunnar til at eg gjerne ville snakke med henne om det, for det første fordi eg var forelska i henne, for det andre fordi det ville vere fruktbart sett frå eit vitskapleg synspunkt, det ville vere fruktbart for vår åndelege og intellektuelle utvikling. Korleis kunne eg finne dei rette orda?
Eg tenkte meg at eg yngste å ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 m handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Eg yngste å omfamne henne og gi henne ein klem og tenkte på det som ei velsigning, ved å tenke på det som at eg også tok imot Jesus. Så eg skulle sjå på han. Når eg møtte henne igjen i Bergen, fekk ho vite at det kom som eit bønnesvar og at eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset. Eg skreiv også noko om at eg meinte Gud ville gi meg henne til kone. Då opplevde eg det som ei åndeleg openberring at eg fekk omfamne henne slik. Då måtte eg sjå på Jesus og takke han for det, det var han som løfta henne opp, som eit lite barn (Matt.18,2) og let meg få ta imot henne. Sidan eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, var dette rett metoda og eg måtte berre feste blikket mitt på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det vart som når Peter gjekk på vatnet, han byrja å sjå på bølgene og byrja å synke, men måtte berre vende seg mot Kristus.
I følgje Paulus opponerer lysta mot Anden og det heng saman med trældom under lovens bokstav. Eg tenkte meg at slik kunne høgresida representer lovens bokstav og venstresida kjøtets lyst som opponerer mot både lova og Anden. Eg tenkte meg at eg kom til å få motstand frå verdslege autoritetar som ville prøve å forføre henne, som meinte at dersom eg ville fri til henne, så ville det verte som freiste henne og forføre henne eller så kom ein kvan annan til å gjere det i staden. Eg innser no at det kanskje best kan forklarast med ein Balak som trengde ein Bileam og strategien hans.
Eg måtte berre halde fram med å vend meg til Jesus, sjå på han og snakke med han, halde fast på hans ord, det eg har lært og lære meir. Det verka som eg kom til kort og det var frustrerande, men han sa at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk til vitne om seg. I 1980-81 gjekk eg på møte i pinsekyrkja Tabernaklet i Marken i Bergen og Jesus sa til meg, gjennom tyding av tungetale, at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk, at dersom du ikkje kjem no, vert du riven bort ifra meg. Så legg henne under deg, sa han. Eg er ikkje sikker på om det var same bodskapen, men eg trur helst det. Eg forstod det slik at eg skulle legge henne Virtuella under meg og slik skulle eg legge verda under meg. Det var ved at eg trudde på Kristus og bøygde meg for han. Vi er då rettferdige for Gud ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst. Eg forstod det utifrå Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Derfor tok eg kontakt med leiinga i Tabernaklet om denne saka, eg sa noko om korleis eg hadde bedt for henne og korleis eg meinte Jesus svarde meg.
Eg byrja å studere realfag i Oslo i 1984, eg gjekk på møte dFEF i M40 og hausten 1985, sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Eg forstår det slik at det var ho Virtuella, sidan ho var fødd på nytt, av vatn og Ande. Ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og ved gjenfødinga vart ho ein lovsang som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. For meg kom dette som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, eg måtte berre tru på han, sjå på han og stole på han og gi meg heilt til han. Eg skreiv om at eg yngste at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og derfor yngste g å få henne til kone og Jesus svarde meg med bodskapen 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Paulus sa han hadde fått høge openberringar, men for at han ikkje skulle ovmode seg over det, hadde han fått ein torn i kjøtet. Han bad om å få den fjerna, men Jesus sa at hans nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. For meg har visst tornen forårsaka ein verkebyll, som om denne lovsangen har vorte til ein verkebyll som eg helst vil verte kvitt. Men Guds nåde er nok for meg og slik skal også dei vituge brurmøyane ha med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei har nok. Det skal også vere nok for bruda, til å svare ja på hans frieri og kle seg i bryllaupskjolen, ved å gjere trua sine gjerningar. Det skal vere nok for at ei kvinne som svarar han slik også innser at det er sameinleg med at ho vert kona mi, så ho soleis svarar ja på mitt frieri også. Eg skal gi meg heilt til han så det vert tydeleg, så trompeten i 1.Kor.14,8 gir klar lyd. Eg vedkjenner Jesu namn og seier kva han er for meg, han nåde er nok for meg, den er nok til at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Så spørst det om ho Virtuella vil konkludere med at hennar ja til Kristus, som hans brud er sameinleg med å verte kona mi.
Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og forstår dette som hans svar, det var ei gjerning han byrja på og ville fullføre, så eg skulle sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Når eg hugsar på dette er det som nattverden for meg, det har å gjere med at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Sidan han tek seg av mi sak, forstår eg det slik at han frir til henne, som si brud og då frir han for meg også. Som hans brud, må ho vite og forstå det, så ho svarar ja på hans frieri og så må ho sjølv vite og forstå om det betyr ja til mitt frieri. Jesus har sagt til oss at han gir si brud eit ærefullt sete, korleis kan ho sette seg der? Fyrst og fremst ved at ho kjennest ved han som sin brudgom, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik og gjer trua sine gjerningar, slik kler ho seg i bryllaupskjolen.
La oss sjå på bodskapen 27.11.2022 ein gong til:
«….Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg ….»
Ein dag var der ein på ein måte som eg ikkje hadde venta, då tenkte eg på henne Reell. Sidan har eg også tenkt på henne Poly-Ester, det kom no endå meir uventa på. Det var på grunnkurset i Biologi og det var sikkert det Reella også holdt på med, når eg oppdaga henne, første hausten på universitetet altså. Jesus svarde meg på mi bøn for dei begge. Mi bøn for henne Reella var eit ynskje om å få henne til kone, når han svarde meg på den bøna, så skal eg tru på det. Han tek meg gang på gang på altaret og det har ei hensikt.
Rom.12,1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.
Det har hensikta vi ser i vers 2 og det er ved at den Heilage Ande fell på offeret og openberrar Ordet for oss. Eg skal sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han er fullkommen og vi skal vandre mot det fullkomne.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Mørkets rike.
På Humaniora/Historisk-Filosofisk fakultet ved Universitetet i Oslo har dei drive med religionsforsking, kvinneforsking og kjønnsforsking, lausrive frå realfag. Tydeleg vis ved at dialektikken har vorte godteke som forskingsmetode. På realfag er det ikkje godteke, det er som å fuske i faget, forfalske eit eksperiment ved å påvirke resultatet. Dessutan er det ei sirkeltenking som bryt med matematisk logikk, det er det vi kallar logikk på realfag, noko anna er ikkje logisk. Starten på dette var motstanden mot den karismatiske vekkinga i kyrkja, spesielt hos dei venstreradikale, med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, slik skal kvinna vere ei hjelp for mannen. Paulus grunngav det både utifrå skapingssoga og evangeliet om Kristus. Protesten mot dette er som når ormen forførde kvinna og brukte henne til å lokke mannen med. Så fører han klagemål mot dei med krav om at slik skal det vere, klagemål mot mannen om at han skal døy. Det er som strategien til Balak, Bileam og Jesabel. Bruke kvinna til å lokke mannen til å gjere hor med henne og så ete avgudsoffer, slik vert dei trælar under synda og avgudane. Det er avgudsdyrking som fører til avspora seksualitet og så ligg der politiske maktinteresser bak, altså. Som om dette er hensikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og seksualiteten. Det strir då så opplagt mot både kristendomen og biologien.
Det kan forklarast som ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt. Krypdyra har ikkje kjønnskromosom slik som pattedyra, kjønnet kan verte avgjort av temperaturen egget er i til dess det vert klekt. Men der er likevel to kjønn. Dei kallar seg radikale og meiner dei skal stå for det nye, men eigentleg er dei tilbakesette med 300 millionar år, då pattedyra og krypdyra vart to artar.
Satire:
Anakonda-hoa glir på buken med god bakkekontakt og får mykje empirisk erfaring gjennom huda. Ho er mykje større enn hannen, når ho kjem i brunst luktar hannane det langan veg og kjem til henne og omfamnar henne, så det vert som eit nøste med mange hovud stikkande ut. Dei held på i fleire veker med å pare seg med henne, når det er slutt kan ho finne på å ete ein av dei som eit forsinka bryllaupsmåltid.
Til samanlikning meiner fru Anna Conda at empirisk erfaring er svært så viktig for at du skal kunne erkjenne og vite noko. Du må ha seksuelle erfaring med henne for å vite kva seksualitet er og korleis det fungerer, elles har du ikkje rett til å uttale deg og slik vert ytringsfridomen avgrensa. Dersom du har fått seksuell erfaring eller dersom du uttalar det om seksualitet, så risikerer du ho drep deg og et deg. Den interessa har vist seg i «mee-too-aksjonen». Så endåtil når ein biolog uttalar seg om seksualitet, vil ho hevde at han ikkje har greie på kva han snakkar om, for han har ikkje erfaring og derfor har han ikkje rett til å uttale seg. (Jfr. Joh.Op.18,21-24).
I følge biologien er hensikta med seksualiteten formeiringa. Men for samfunnsvitarane er hensikta med det noko heilt anna. Det nærast dei kjem ei biologisk forklaring er at eit hanndyr markerer sitt revir og samlar seg eit harem i sitt revir. Til samanlikning med den romerske keisaren, alias Dyret i Johannes Openberring.
Vi må gå så lenge vi har lyset.
Jesus sa at vi må gå medan det er lys, der kjem ei natt då ingen kan arbeide. Det minner meg om dei sju lysdagane i skapingssoga. Jorda var mørk og aude, men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Og han som sa at lys skulle skina fram or mørket, har lete det skina i våre hjarte. Det er åndeleg lys, men så verkar det som det er fysisk lys også og dette begriper vi ikkje.
Joh.9,4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.»
Mark.15,33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 34 Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.» 37 Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38 Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned. 39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Kvar den som kallar på Herrens namn skal verta frelst, så slik bergar dei seg. Men då har dei også sagt ja til kallet. Mellom dei er det nokon som Herren kallar, det må vel vere til teneste då. I slutten av likninga om bryllaupet til kongssonen vert det sagt at mange er kalla, men få er utvalde. Så kvar einskild må vite og skjøne kva Jesus har kalla og utvalt han til og seie ja til det, slik må gjestane kle seg i bryllaupsdrakta og slik må bruda kle seg i bryllaupskjolen.
I likninga om talentane har eg ofte lurt på kva som er skilnaden på å få to talentar og å få fem. Kanskje vi ser det her, alle som har berga seg får to talentar, men det har seg no slik at dei har fått kallet mellom dei er det nokon som Herren kallar, då treng dei tre talentar til, så dei kan utføre det han kallar dei til. Ingen må gjere seg høgre tankar om seg sjølv enn han bør, men vere visleg og sindig og halde seg til det mål av tru som Jesus har gitt han. Nokon fekk to talentar, andre fekk fem. Eg tenker meg at den som fekk fem talentar var kalla og utvalt til ei større oppgåve enn den som fekk to talentar, derfor trengde han fleire talentar. Han trengde større nåde. Paulus var kalla til ei stor oppgåve, derfor trengde han dess meir nåde, Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vart fullenda i vanmakt.
Jesus vil komme ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han og sette alle ting i stand.
Vi merka motstanden frå mørkets rike, men sjølv om vi var berre nokre få som samla oss i Maranata og innvia oss for Herren, så var det nok for han til å gjere storverk. Bodskapen 10.5.2009:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Så det beste mottiltaket mot mørkets rike med sin «mørkemanns-filosofi» er å innvie seg for Herren, så vi gleder oss i Herren og hans frelse, så vi med glede auser or frelseskjelda, kjem til Jesus og får drikke av det levande vatnet.
Jesus vil komme ned og byrje å befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Ja, han hadde då sagt han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg tenkte meg at det var både til henne Virtuella og henne Reella. Så skal eg få sjå at han er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Jesus profeterte om at ein profet som Johannes Døyparen, alias Elia, skulle komme og setje alle ting i rette stand og Johannes Døyparen forkynte at Jesus er den som har bruda og han døyper med den Heilage Ande. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg var glad i og likte, først for henne Virtuella, så for henne Reella, så eg innsåg at han hadde bruda. Derfor seier eg det og forkynner det som ei velsigning og ein profeti, ved at eg fester blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Apostelen Johannes kalla seg den disippelen som Jesus elska, det kan eg også og så påstå at han elskar si brud gjennom meg, både henne Virtuella og henne Reella. Eg skal innvie meg for han, ved å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag. Så ventar eg at han vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Min kjærleik frå han til henne Virtuella treng den befruktinga og fornyinga, ho treng eit nytt møte med han, slik det vart sagt i tredje bodskapen 13.6.2011. Gud la ein lovsang ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, den har vorte til ein verkebyll, men Guds nåde er nok for meg. Han legg meg på altaret og når han stig ned frå himmelen og befruktar min kjærleik frå han, til henne, så kan det verte så mektig at vi opplever det som at han gjer oss til nye skapningar.
Be til Faderen i løynkammeret, så vi får oppleve at han løner oss opp i dagen.
Jesus sa vi skulle gå inn i løynkammeret og be til Faderen, så ville han løne oss opp i dagen.
Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.
7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød. 12 Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
Her er ein bodskap der han fortel om korleis han sjølv opplevde det, til eksempel og lærdom for oss, bodskapen 13.5.2013:
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same, eg har ikkje forandra meg. Sjå, når eg gjekk her nede på jorda og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Sjå, då gjekk eg inn i gjerningar som min Far hadde lagt ferdige for meg. Og eg kunne gå inn i dei og eg utførde det etter Guds vilje, seier Herren. Og sjå, eg var åleine i bønn, eg var aleine i løynkammeret. Men når eg kom ut, så hadde eg fått openberringar ifrå min Far og han kunne fortelje meg kva eg skulle gjere. Og eg hadde sett det i mitt indre kva som ville møte meg når dagen byrja. Derfor utførte eg teikn, under og mirakel og folket undra seg kvar eg hadde denne krafta ifrå. For sjå, seier Herren, eg var ikledd den Høgste si kraft. Og sjå, den krafta, den er tilgjengeleg for deg i dag, seier Herren. Dersom du vil søke meg i løynkammeret og innvie ditt liv for meg, så skal eg utruste deg, seier Herren. Og du skal få oppleve å gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Eg vil ikkje at du mitt barn, skal vere uverksam, men eg vil at du skal komme inn i Andens atmosfære, du skal høyre kva Anden seier i denne tida, og så skal du lytte etter det og så skal du gjere det rette, seier Herren. Ikkje snu deg om til høgre eller venstre, men gå den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. For sjå, då skal velsigninga kvile over deg.
Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg Herren skal reinse, eg skal lutre dei. Og eg skal fylle dei med den Heilage Ande og eld, seier Herren. Og eg skal sende dei ut, eg skal stille dei opp på muren. Og dei skal forkynne mitt Ord, reint og klart. Dei skal ikkje legge noko til eller trekke noko ifrå. Men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse, for det har eg befalt dei, seier Herren. Når dei forkynner heile mitt råd til frelse og ikkje tek omsyn til menneskelege bod og reglar, men forkynner kva eg har sagt i mitt Ord, for det er det som betyr noko, seier Herren, det er det som er sanning, seier Herren. Derfor, mitt barn, ver ikkje tilbakehalden i denne tida, men haldt fram mitt Ord og sei kva mitt Ord seier. Og du skal få oppleve å verte velsigna og salva av meg, seier Herren. Amen.»
Der har i lang tid kome slike bodskap i kyrkjelyden, som eg oppfattar som svar på mine bøner i løynkammeret, at han løner meg opp i dagen. Kva skal til for å komme vidare, så vi får oppleve at lovnadane vert oppfylte. Det var dette med offeret då, eg skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud. Gjer han sitt verk med meg, med min kropp, ved sitt Ord og sin Ande, så ventar eg at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Eg tenkte meg at han gav meg henne Virtuella til kone i samsvar med 1.Mos.2. Faderen og Sonen, Guds Ande og Guds rike er ein åndeleg røyndom som eg får oppleve i løynkammerbøna og i kyrkjelyden, han gir meg ei kone ved at han frelser henne og gjenføder henne, i samsvar med den symbolske tolkinga av 1.Mos.2, venteleg får det som konsekvens at eg får møte henne fysisk og ho vert med meg, som kona mi, både i heimen og i kyrkjelyden.
Mi bøn for henne Virtuella var ei takkebøn, eg vedkjende at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til han og ei jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Paulus lærde oss at sidan Jesus vart krossfesta og døde i staden for oss, så skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han. I dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ta imot det han gir oss frå himmelen. Så når han openberrar henne som si brud, får eg hug på henne som mi brud og slik skal eg gi meg heilt til han, bøye meg for han og underkaste meg han. Eg får oppleve det slik at han elskar henne gjennom meg. Eg skal ikkje ha dårleg samvit for det, fordi eg vil at ho skal halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til han som hans brud, det er første prioritet. Om han så gir meg henne til kone, får komme som andre prioritet. Men eg er i god tru og kan stole på at han soleis vil gi meg ei frelst kvinne til kone.
Jesus er den siste Adam og hans kyrkje er hans brud.
Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga og frelseverket. Det var då som Adam i Paradis. Gud talte og det skjedde, slik skapte han, slik skapte han Adam og Eva også. Han skapte Adam først, av mold frå marka, så talte han til han og så gjorde han slik at han sovna, då skapte han kvinna også, av sidebeinet hans. Kva betydning hadde det? Han kjende henne og sa noko om henne, han tala vel om henne. Og når ormen kom og talte til kvinna, visste ho kva Gud hadde sagt til mannen. Når kvinna så kom og sa noko til mannen sin, skulle han ikkje høyre på henne.
Jesus har sagt eg skal sjå på han og snakke med han. Han svarar meg i sin kyrkjelyd, då er det både til meg og til kyrkjelyden. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, så det samsvarar både med frelseverket og skapinga, men no skaper Gud oss i Kristus, for han er den siste Adam og han er ifrå himmelen og har for oss vorte ei livgivande ånd. Då kan eg vel vone på at han frelser henne og at Gud skaper henne i Kristus, i kyrkjelyden. At ho høyrer på kva Kristus seier til meg og sin kyrkjelyd og at ho høyrer på kva eg seier også, når eg snakkar med Kristus. For meg er det gjennomtenkt og verdifullt, ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg. Og det meiner eg er verdifullt for henne også. Ved at ho høyrer og lærer gir Gud henne eit ærefullt sete og det vert til ære for meg også, for Paulus sa at mannen er Kristi ære og kvinna er mannens ære. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning, så vi skal ære Gud og Lammet for skapinga og frelsa.
Ved å sjå på Jesus og snakke med han, skal eg gå framover mot det fullkomne. Det gir mål og meining både for æva og for dette livet.
Jesus openberrar sin herlegdom, sine løysingar og sin standard for meg, bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Jesus er Guds Son og han kjem til meg som ein god ven.
Jesus sa at vi skulle tur på han og elske han og ta vare på hans ord og elske kvarandre, så ville han komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen ville komme å ta bustad hos oss. Han har sagt at der to eller tre er samla i hans namn, er han midt i mellom dei, men vi får også oppleve det som at han kjem til å igjen og igjen og det har ei hensikt, han kjem til oss med ny velsigning frå himmelen. På møtet 11.8.2022 sa han at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
At han står for døra og bankar på, refererer til bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Laodikea (Joh.Op.3), der var det stusseleg, han trudde han var rik, men eigentleg var han fattig og blind, så Jesus rådde han til å kjøpe augesalve av ha, så han kunne sjå. 23.10.2022 sa Jesus til meg at han hadde gitt meg augesalve og kunne be om meir. Det er for å få openberring altså. Så no har eg skrive mykje om dei openberringane han har gitt meg og også om korleis eg ber om å få meir.
Det minna meg om at eg var opplærd til å påkalle han som min frelsar og Herre og be han frelse menneske. Det var første prioritet. Når eg var 9 år byrja eg også å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Då merka eg at han stod meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg betre kjend med han og han vart min beste venn.
Eg forstod at dette handla om mitt forhold til henne Virtuella. Når eg gjekk på gymnaset, vart eg med i det kristne skulelaget og gjekk litt NKUF også. Jesu disiplar tente han og lærde av han, så då byrja han å kalle dei vener i staden for tenarar, for dei lærde og forstod og vart etter kvart i stand til å forstå kva som var hans vilje. Vi var Jesu venner og derfor var vi venner. Eg vart litt kjend med henne Virtuella og merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Den openberra henne for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Eg fekk sjå henne ovanfrå, meir frå Guds synsvinkel og eg vart så glad i henne. Så eg yngste å verte endå betre venn med henne. Eg tenkte på henne som eit barn som Jesus velsigna og sette mellom oss.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Mitt ynskje om å få ta imot henne slik og gi henne ein klem og tenkte på det som ei velsigning, ved å sjå på Jesus og sjå det slik at det også var å velsigne han og ta imot han, med ny velsigning. Etter gymnaset møtte eg henne igjen ved Universitetet i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar, fordi eg var glad i henne. Det kom som eit bønnesvar, eit møte der eg fekk sjå at Jesus var med meg og eg forstår det slik at han vil fornye det møtet.
Då opplevde eg dette som ei åndeleg openberring og ein åndeleg røyndom, eg trur det var Jesus som løfta henne opp, så eg fekk ta imot henne. Då gjorde eg rett i å ta imot henne og forstå det slik at eg tok imot Jesus med den nye velsigninga han kom med og så halde fram med å sjå på han. Nattverden skulle vere til minne om han og soleis hugsar eg på dette. Som ved nattverden vil eg halde fram med å ta imot han som min beste venn, så eg i god tru kunne be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, sidan han døde i staden for meg, er han ein slik god ven for meg, då døde han for henne også og er ein slik god ven for henne også. Slik døde han for si kyrkje, så den skulle vere hans brud, då gjer ho rett i å ta imot han som sin brudgom og sin beste venn og svare på hans kjærleik med kjærleik.
Jesus er menneskesonen og Guds Son og har fått makta over alt som menneske heiter. Gud har som skapar makt over det han har skapt og det har hans Ord og hans Ande også. Vi skal la Anden råde i våre døyelege lekamar og den herleggjer og openberrar Kristus for oss som Guds Son, vår frelsar og Herre, brudgomen som har bruda.
Sidan eg har bedt han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, bøyer eg meg for han og ærar og takkar han for at han frelste henne, så ho vart hans brud, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, skal ho sjølvsagt fortsette med å vere hans brud og hans kone.
Eg forstår det slik, utifrå bodskapar som har kome i Maranata, ikkje minst på Landsstevnet deira i sommar, at Jesus vil løfte henne opp igjen og gi henne eit ærefullt sete. I mitt første møte i Maranata sa Jesus at han ville komme ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han og no tenker eg på hans kjærleik gjennom meg til henne Virtuella, slik vil han gi henne eit ærefullt sete.
I Johannes Openberring såg vi at Anden og bruda seier kom, kvar den som vil, han ta no av livets vatn, uforskyldt. Jesu brud kjem til den siste Adam og drikk av livets vatn, til samanlikning med kjelda i 1.Mos.2. det gir henne i stand til å forkynne saman med Anden at kvar den som tørstar, kam komme og drikke av livets vatn gratis. Slik trur eg Jesus vil gi henne eit ærefullt sete. Så dette trur eg han kallar henne Virtuella til.
Offeret er eit forsøk på å få velsigning og svar frå himmelens Gud. Samanlikning med eksperimentet.
Dei som trur på Jesus får evig liv, dei som ikkje trur er allereie dømde.
Vi kjenner godt til Joh.3,16, men lat oss no sjå det i samanheng.
Joh.3,12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
I det gamle testamentet er det fortalt at Gud tok Enok og profeten Elia opp til himmelen, korleis kan då Jesus seie at ingen har stege opp til himmelen utan han som steig ned, som om han er den einaste som steig ned også? Vi kan tenke på årsak og verknad, ingen kunne gjere det utan at han gjorde det, det er årsaka, fordi han døde i staden for oss. Han sa også at han var i himmelen framleis, han brakte den med seg altså og det er poenget. Som Gud son hadde han ein evig eksistens og det får vi også, ved gjenfødinga. Så her er det berre å ta imot i tru, komme inn i himmelen og verte med opp.
Vi prioriterer vers 16 og det gjer vi rett i, for vi skal først og fremst gjere som det står her, å tru på han og så skal vi forkynne dette som den glade bodskapen. Jesus og disiplane hans prioriterte å forkynne den glade bodskapen for dei som trengde det mest. Det var dei sjuke som trengde lækjar, fangane som trengde å verte frigjorde. Men korleis kunne han seie at dei som ikkje trudde allereie var dømde? Den som ikkje trur Gud, har gjort han til ein løgnar. Korleis då? Ved å erstatte profetien med ein falsk profeti?
1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Så er det tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Fortsettinga i Joh.3 fortel meir om kvifor det er så viktig å tru på han, med åtvaring mot å ikkje tru og grunngjevinga er god, den står for seg sjølv og den står for ein støyt. Jesus sa også at det er Guds gjerning at vi skal, tru på han.
Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
Kva med vitskapen, skal vi ikkje tru på den då? Det spørst kva vi meinar med å tru og å vite, for meg er vitskap realfag og det kom seinare. Evangeliet om Guds rike fortel korleis vi kan få samfunn med Gud og då vert det fundamentalt i samfunnet mellom menneske. Og slik hevdar eg det har vore fundamentalt for utviklinga av vitskapen.
Ved tru skjønar vi at Gud skapte verda med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege.
Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.
Derfor er naturen forståeleg og det har vist seg ved utviklinga av realfag. Trua har gitt oss rasjonell (forstandig) innsikt og ved å bruke rasjonaliteten, har vi lært og forstått meir. Det var då som å bruke talentane, handle med dei og få dobling.
I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Så kjem dei seks lysdagane, først tredje dagen skapte han plantelivet på marka. I følgje vitskapen byrja livet i havet, men det står ikkje noko om her. Femte dagen sa han at det skulle yre av liv i havet, så skapte han fuglane og sjødyra og alt dyrelivet i havet. Sjette dagen skapte han landdyra og menneska. Rekkefølgja høver med utviklingslæra, men den tek med mykje meir og fortel at livet byrja som eincella individ i havet. Det fortel ikkje Bibelen noko om, men det betyr ikkje at den nektar for det, den seier ikkje at det er feil. I staden fortel den noko som natur-vitskapen ikkje fortel og som er meir fundamentalt.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
2.Kor.4, 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Evangeliet, samfunn og realfag.
Når kristendomen vart legalisert i Romarriket, var det ikkje lenge før den vart statsreligion. Herskarane og den lærde overklassa tenkte seg at kristendomen var sameinleg med nyplatonismen. Og så veit vi korleis det gjekk.
Eg tenker meg i staden at realfag er sameinleg med evangelisk kristendom, slik som eg nyst har forklart. Men Bibelen fortel oss noko i tillegg til realfag, profetiane, kallet og frelsa kjem i tillegg og er i grunnen meir fundamentalt, for Gud, hans Ord, hans Ande og hans rike er meir fundamentalt enn det han har skapt. Ved å velsigne Kristus, blir vi velsigna, vi kjem inn i samfunn med Gud, han openberrar for oss kva framtid han kallar oss til og frelser oss inn i, for tid og æva.
Evangeliet og realfag med moderne teknologi har vorte grunnleggande for vårt samfunn. Det er mykje tankebygningar som har vorte bygde på det grunnlaget, det har vorte utvikla pedagogiske og filosofiske metode for å gjere det, som konstruktivisme og sosialdarwinisme. Og det er mange som byrjar å tenke på dette som om det er mest fundamentalt, så dei vert dåra og forførde, slik som ved syndefallet og prøvar å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Bibelen fortel om mange sivilisasjonar og mektige kongerike som oppstod og gjekk til grunne, nettopp fordi dei dyrka avgudane og kongane prøvde å gjere seg liksom Gud med sin kunnskap.
Jesus gjorde mange under og teikn, som vitna om at han var Messias, Guds Son, det var Faderen som vitna om Son sin. Likevel spurde jødane etter eit teikn, så dei kunne tru på han, sikkert fordi dei venta seg Messias som ein mektig herskar. Då sa han at dei ikkje skulle få anna teikn enn Jonas-teiknet. For liksom Jonas var i buken på fisken, skulle menneskesonen vere under jorda i tre dagar. Så tredje dagen stod han oppatt frå dei døde. Det var til vitnemål om at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son.
Gud kalla Jonas til å gå til Ninive meg bodskap om at Gud ville straffe dei for deira ugudlegdom ved å øydelegge byen. Men hav ville ikkje og tok røminga med eit skip. Det kom i havsnaud i eit uver og han vart kasta overbord, enn om uveret då ville gje seg. Ein fisk slukte han og spytta han opp på land etter tre dagar. Då gjekk han med domedagsbodskapen sin til Ninive. Men då kledde folket seg i sekk og aske og vende om til Gud med bøn om nåde. Og Gud høyrde dei og sparde byen.
Men slik er det ikkje med profetiane i Johannes Openberring, domedagen kjem, eigentleg ser det ut til å vere fleire domedagar, ein av dei er domen over Babylon, den Store Skjøkje, ho som dreiv hor med kongane rundt om på jorda (Joh.Op.18). Ho sit på Dyret med ti horn, men det dømmer henne. Men dei som trur på Jesus sigrar Dyret og dei ti horna. Gud kalla folket sitt til å gå ut av henne, så dei ikkje skulle verte medskuldige i syndene hennar.
Skapinga og entropien.
I følgje entropilova vert det meir og meir og meir uorden totalt sett, sjølv om det lokalt kan verte meir orden. Dette er eit godt argument for at Gud har skapt det heile, så der har vorte orden. Dette har eg skrive mykje om på bloggesida mi https://faith-and-entropy.com/ .
Kong Salomo skreiv om at samfunn vert oppbygde og går til grunne, men Gud skaper likevel noko som står til evig tid.
Fork.3,1 Kva vinning har den som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
Så Gud skaper og bygg opp noko evig i meg og i si kyrkje.
Bodskapen onsdag 5. juli 1995:
«Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.
Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.
Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.»
Svare for seg sjølv? Med sanning?
Samuel salva David til konge når han var ein ung gut og det vart ein lang og vanskeleg veg for han, før han kunne setje seg på tone. Med ein liten hær vart han mest som ein landstrykar, fordi Saul framleis var konge og forfølgde han med ein stor hær. Men David søkte tilflukt hos Gud og fekk hjelp og råd og han skreiv om det som ugudlege menneske som prøvde å legge feller for han og fange han i snara. Og så takka han Gud for at han kunne ta tilflukt hos han og at han leia han, fria han ut og frelste han frå fienden.
Jesus vart stilt for retten og undra seg kvifor ikkje noko stilte opp og sa noko til hans forsvar. Men han sa ikkje noko sjølv til sitt forsvar.
Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa,
og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.
2 Nei, det er skulda
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner andletet hans
så han ikkje høyrer dykk.
12 Våre mange brot er framfor deg,
våre synder vitnar imot oss.
For vi veit om våre brot,
og vi kjenner vår skuld.
13 Vi har gjort opprør
og fornekta Herren,
snudd oss bort frå vår Gud,
tala om undertrykking og fråfall
og brumma usanne ord
som vi unnfanga i hjartet.
14 Retten er driven tilbake,
rettferda står langt borte.
For sanninga har snubla på torget,
og det som er rett, kjem ingen veg.
15 Sanninga er borte,
den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
for det fanst ingen rett.
16 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
han undra seg over at ingen greip inn.
Men hans arm gav han siger,
hans rettferd støtta han.
17 Han kledde seg i rettferd som brynje
og sette frelses hjelm på hovudet.
Han kledde seg i hemnens drakt
og sveipte om seg
lidenskapens kappe.
18 Som gjerninga er, slik gjengjelder han:
harme mot motstandarar,
gjengjeld mot fiendar,
mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
19 Dei skal frykta
Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
Herrens ande driv han fram.
20 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
til dei hos Jakob som vender om frå synd,
seier Herren.
21 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
Min Ande som er over deg,
og mine ord som eg har lagt i din munn,
skal ikkje vika frå din munn
og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
seier Herren,
frå no og til evig tid.
Synda skilde menneska frå Gud , men han tok den bort med sitt offer ein gong for alle. Han var uskuldig, men vart dømt likevel, då døde han i staden for oss alle, for å sone all vår synd. Då stilte han seg i posisjonen til ein som ikkje kunne svare for seg same enten han fekk moglegheit til det eller ikkje, ein liten unge som enno ikkje kunne svare for seg, ein som vart fanga av bandittar, så det ikkje var hjelp i å seie noko eller ein som hadde gjort så mykje gale at han ikkje hadde noko å seie til sitt forsvar. Og som heller ikkje hadde nokon advokat som svarte for han og talte hans sak. Då gjeld det sjølvsagt for kvinna også.
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som bor, ja fødast på nytt av vatn og Ande, for å sjå det og komme inni det. Som Guds born får vi komme til Faderen og snakke med han. Jesus sa dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørde ein av hans minste små, for englane deira ser alltid Faderens åsyn (Matt.18,10-11). Eg tenker meg at det er ånda deira eller at den er i kontakt med englane, dei er bodberarar mellom Gud og menneske.
Matt.18,6 Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
7 Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden. 9 Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.
Sauen som gjekk seg vill
10 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. 11 *For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.•
12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, ho han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud står bak sitt Ord og står bak desse lovnadane ved at han Son sin døy på eit kors i staden for oss. Han vart gravlagd, men tredje dagen vekte Faderen han opp frå dei døde, han samla disiplane sine att og gav dei misjonsbefalinga, så tok Faderen han opp til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen. Han er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og han sende disiplane sine den Heilage Ande, så den er vår talsmann på jorda. Dette treng vi i vårt daglege liv, når vi møter andre menneske og spesielt når det vert kravt at vi skal svare for oss overfor styresmaktene.
I det gamle testamentet er avgudane kalla Lygna, som motsetnad til detter er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Jesus kalla den Heilage Ande for Sannings-Anden, den openberrar Guds Ord for oss så vi innser at Kristus er Sanninga.
Den som forbannar Kristus er forbanna, så bønene hans vert rekna for synd.
I Salme 109 tala David om den som lika så godt å forbanna, det fekk han oppleve når han vart jaga frå trona, Akitofel sveik han og Shimi forbanna han (2.Sam.15,31 & 16,5).
Salme 109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Eg lovsyng deg, Gud, tei ikkje!
2 For lovlause og svikefulle opnar sin munn mot meg.
Dei talar til meg med løgn på tunga,
3 omringar meg med hatefulle ord
og strider mot meg utan grunn.
4 Elskar eg, svarar dei med klagemål.
Likevel bed eg.
5 Dei gjev meg vondt for godt,
hat for kjærleik.
6 Send ein lovlaus mot han,
lat ein klagar stå fram ved hans høgre side!
7 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn bli halden for synd!
8 Lat hans dagar bli få
og ein annan overta hans oppdrag!
Dette tala profetisk om at Judas sveik Jesus. Han vart prototypen for den Duglause Hyrdingen (Sak.11) og det fortel også noko om øvstepresten med profeti om at han skulle bu seg atter som ein Duglaus Hyrding. Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, var det ved si syntese mellom kristendom og nyplatonisme ved «kyrkjefaderen» Augustin og han godtok ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, dei som stod utanfor skulle vere forbanna. Slik kom keisarmakta inn i kyrkja og vart meir og meir representert ved paven. I middelalderen vedtok den Katolske Kyrkja at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven og prestane og dei skulle leve i sølibat. Forklaringa ligg tydeleg vis i David sine ord om den som lika så godt å forbanne, bønene hans skulle reknast for synd, så då var det ikkje hjelp i. Men det var då paven og prestane som hadde teke på seg oppgåva med å lære folk å be, men dei dugde ikkje til det altså, det var då som den Duglause Hyrdingen.
Israel fall ifrå, Gud talte til dei gjennom sine profetar, men det vart til lita nytte.
Når Salomo vart konge, bad han Gud gi han visdom til å styre og Gud gav han ein visdom som gjorde han visare enn alle. Denne spesielle visdomen viser seg spesielt i Salomos Høgsang. Han fekk fred med nabofolka, bygde tempelt og når han innvia det, bad han til himmelens Gud som ikkje trenge eit hus laga av menneske til å bu i, han var alt for stor til det, men han bad om at hans namn skulle bu der så alle kunne vende seg dit for å vende seg til han. Det gjaldt nabofolka også.
Detter kvart fekk han seg eit kjempedigert harem og det var ikkje berre bra.
1.Kong.11,1 Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar. 4 Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore. 5 Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane. 6 Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kemosj, den motbydelege guden til moabittane, på den høgda som ligg midt imot Jerusalem, og ein for Molok, den motbydelege guden til ammonittane. 8 Dette gjorde han for alle dei framande konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjartet sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og gjeve han det bodet at han ikkje skulle følgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste. 12 Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ein stamme vil eg gje han for min tenar Davids skuld og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
Tusen koner alt i alt. Kva skulle han med så mange? Den naturlege hensikta med ekteskapet er formeiringa, men han kunne då umogleg klare å betene så mange som ektemannen deira. Menneska har behov for Gud også, men med mange av desse utanlandske konene vart det avgudsdyrking.
Årleg fekk Salomo inn 666 talentar gull, det er då det same som Dyrets tal i Joh.Op.13, så vi kann godt saman likne dei to «systema».
1.Kong.11,1 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.
Når son til Salomo, Rehabeam, skulle overta makta, klarde Jeroboam å få med seg folket, så han overtok makta i «nord-riket», Israel, Rehabeam sat igjen som konge i Jerusalem, over sør-riket, «Juda». Jeroboam laga ein to gullkalvar og sette dei opp i Betel og Dan og sa at det var guden til folket, den skulle dei tilbe.
Sidan gjekk det nord og ned med Israel og Juda på grunn av desse offerhaugane som Salomo hadde bygt, om nokon av kongane vende om til Herren, så var det eit framsteg, likevel vart ikkje desse offerhaugane nedlagde. Om det vart eitt steg fram, så vart det gjerne to steg tilbake, inntil babylonarane hertok heile landet og dei vart bortførde til Babylonia.
Profetane sa at Israels folket var Guds kone og han stelte vel med henne, så ho vart dronning. Men det forstod ho ikkje og byrja å drive hor med gudane til nabofolka. Då tok han bort omsorga si for henne og då kom dei og gjorde krav på henne og tok henne med makt, så det vart gru og grav (Jesajas.3,16-26 Hoseas.2 Esek.23).
Nord-riket vert gjerne kalla Efraim også, etter ein son til Josef, men profeten karakteriserte det som ei ustyrleg ku og ei kvige, ja, for dei dyrka då gullkalven.
Hoseas.4,16 For Israel er trassig som ei ustyrleg ku.
Skal då Herren la dei beita
som lam på vide marker?
17 Efraim er bunden til gudebilete
– lat han berre fara!
18 Når deira drikkelag er slutt,
går dei bort og driv utukt.
Dei elskar skamma åt dei skamlause.
19 Ein storm skal gripa dei med sine venger,
dei skal verta til skammar med sine offer.
Hoseas.10,11 Efraim var lik ei tamd kvige
som gjerne ville treskja.
Men eg la åk på hennar fagre hals.
Eg spente Efraim føre,
Juda pløgde, og Jakob horva.
12 Så rettferds sæde,
og hausta truskaps frukt,
bryt dykk nybrot!
For no er det tid til å søkja Herren,
før han kjem
og lèt rettferd regna over dykk.
13 De har pløgt ned vondskap og hausta urett,
og den frukta de et, er lygn.
For du sette lit til di ferd
og til alle dine krigarar.
Jeremias sa at Israelsfolket hadde gjort opprør mot Herren sin Gud og samanlikna det med ei kamelhoppe eller eit villesel som var i brunst, det tenkte berre på å finne hanndyret altså.
Jer.2,20 Frå fyrste stund har du brote åket
og slite sund lekkjene dine.
Du sa: «Eg vil ikkje tena deg lenger.»
På alle høge haugar
og under kvart grønt tre
la du deg ned og dreiv utukt.
21 Eg planta deg som eit edelt vintre,
ei heilt igjennom ekte plante.
Korleis har du då vorte omskapt
til villskot, eit uekte vintre?
22 Om du vaskar deg i lut
og øydslar med såpe,
ser eg likevel di skitne skuld,
lyder ordet frå Herren Gud.
23 Korleis kan du seia:
«Eg er ikkje urein,
eg har ikkje sprunge etter Ba’al-gudane»?
Sjå kva du dreiv med nede i dalen,
og skjøn kva du har gjort!
Du liknar ei lettføtt kamelhoppe
som renner hit og dit,
24 eit villesel, kjent på steppa.
Ho syp etter anden i sin brunst;
kven kan døyva hennar trå?
Dei som leitar etter henne,
treng aldri springa seg trøytte;
i paringstida finn dei henne lett.
25 Lat ikkje foten din verta berr,
og spar strupen din for torste!
Men du svarar:
«Nei, det er nyttelaust,
for eg elskar dei framande, dei vil eg fylgja.»
26 Som ein tjuv må skjemmast når han vert gripen,
såleis skal israelittane skjemmast,
både dei sjølve og kongane deira,
hovdingane, prestane og profetane deira.
27 Dei seier til treet: «Du er far min,»
og til steinen: «Du har født meg.»
Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet;
men når ulukka kjem, seier dei:
«Reis deg og hjelp oss!»
28 Kvar er då gudane som du laga deg?
Lat dei reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!
For du har like mange gudar
som du har byar, Juda.
29 Kvifor ligg de i strid med meg?
De har alle gjort opprør mot meg,
lyder ordet frå Herren.
30 Til fånyttes slo eg sønene dykkar;
dei lét seg ikkje aga.
Som ei herjande løve
tynte dykkar sverd profetane.
31 De som høyrer denne ætta til,
akta på Herrens ord!
Har eg vore som ei øydemark for Israel
eller som eit kolmørkt land?
Kvifor seier folket mitt:
«Vi spring dit vi vil,
vi kjem aldri meir til deg»?
32 Kan ei ungjente gløyma sin prydnad
eller ei brur sitt belte?
Men mitt folk har gløymt meg
i uminnelege tider.
33 Kor vel du veit å finna vegen
når du trår etter elskhug!
Difor har du òg lært deg
å gå på vonde vegar.
34 Ja, på kappesnippane har du blod
av skuldlause fattigfolk,
som du ikkje har gripe i innbrot.
35 Likevel seier du:
«Eg er skuldlaus,
vreiden hans har vendt seg frå meg.»
No stemner eg deg for retten,
for du seier: «Eg har ikkje synda.»
36 Å, kor lett du tek det
med å velja ein annan veg!
Men Egypt kjem òg til å verta eit vonbrot for deg,
like eins som Assur vart det.
37 Jamvel derifrå må du gå
med hendene over hovudet.
For Herren har vraka
dei du set di lit til.
Du får inga nytte av dei.
Dei finn henne lett, ja (v 24). For når paringstida kjem for hjortedyra, markerer hanndyret sitt revir og samlar seg eit harem, dei kjem i brunst og i brunstkampen prøver hanndyret å forsvare sitt revir og sitt harem.
Her passar det å minne om Sigmund Freuds berømte påstandar, mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon, dei er dyriske altså. Religiøsitet er avspora seksualitet. Så spørst det om dette vert forstått som ei syndserkjenning og diagnose, noko som vi treng å få forandring på eller om det vert forstått som ei lære om at slik skal det vere, i siste tilfelle høver det med bodskapen til den falske profet, alias Bileam.
Humaniora (Historisk Filosofisk fakultet) ved Universitetet i Oslo er som harem av kyr, dei samlast om oksar for å prate bullshit, politiseringa av kvinna har vorte til religiøsitet som er avspora seksualitet. Vitskap er det i alle fall ikkje.
Vende tilbake frå Babylonia og komme i gang med prestetenesta, for å få velsigninga.
Når tida var inne kom gledesbodet om at dei kunne vende heim att frå Babylonia, då vart hjerta deira tent i brann. Dei andre folka fekk også vende heim og dette er førebilde på evangeliet om Kristus. Då var det viktig for dei å komme i gang med prestetenesta, så dei fekk velsigninga.
David hadde sagt dette om den som likka så godt å forbanne:
Salme 109 6 Send ein lovlaus mot han,
lat ein klagar stå fram ved hans høgre side!
7 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn bli halden for synd!
Men no vart det ståande ein klagar ved sida av øvstepresten.
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.
Det hadde å gjere med den politiske situasjonen; nokre av nabofolka deira sende klage til storkongen i Persia for å prøve å stoppe bygginga av tempelet og bymuren, for dei påstod at dette hadde vore ein opprørsk by frå gammalt av. Men kva var eigentleg opprøret frå gammalt av, dei gjorde opprør mot Gud og mot Davids-ætta. Davids-ætta beheldt Sør-riket, men så gjorde kongane der også opprør mot Gud. Gud gav dei over til Babylonarane, men då gjorde dei opprør mot dei også og dess verre gjekk det.
Men engelen i Sak.3 heldt fram med å profetere om at Messias skulle komme og han er som kjent av kjøtet etter Davids ætt, slik vert det påstått, ja, sjølv om det var ved jomfrufødsel.
Frelsa i Kristus.
Ja, kva skulle til dømes kong Salomo med så mange koner? Det var religiøsitet som var avspora seksualitet. Og gladiatorkampane i Romarriket var som brunstkampar på liv og død, men sjølv om ein gladiator vann, var det ikkje sikkert at han berga livet like vel. For keisaren var den suverene vinnaren uansett. Men han trengde tross alt ikkje så stort harem som kong Salomo, så han kunne godt la andre menn også få overleve, få seg kone og born og få eit normalt familieliv.
Som motsetnad til dette sa døyparen Johannes at Jesus har bruda (jfr. Høgsangen 8) og at han er den som døyper oss med den Heilage Ande og Jesus sa om seg sjølv at hos han var det større visdom enn hos Salomo, større visdom enn den Salomo fekk av Gud når han var ung, altså. Han sa at vi må verte som born, ja fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inni det. Dei som vil vere hans læresveinar, må kvar dag ta opp korset sitt og følge etter han. Dette betyr at når menneske vert vaksne treng dei ikkje komme i brunst og oppleve livet som ein brunstkamp, for å få seg ektefelle. For korset betyr død for den gamle dyriske naturen. Han døde på korset i staden for oss, då skal vi ved trua på han sjå det slik at vi er krossfesta og døde saman med han og i dåpen gravlagde med han. Der ver vi også oppreiste med han. Då skal vi vende hugen opp til han og slik skal mannen vite å vinne si eiga kone i helging.
1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.
Det er sikkert mange som hevdar og meinar at å ta opp korset sitt å følge etter Jesus er einstydande med å verte den fødde tapar, slik kan det nok verke også, det var som å tape livet sitt i denne verda, for Kristus, men Jesus lov at den som gjer det, skal likevel vinne det og få evig liv. Han sigra over verda og denne verda sin gud med sin død på korset og sigra over døden med si oppstode. Vi som trur på han skal sjå det slik at vi blir med han i hans krossfesting, død og oppstoda og skal sigre saman med han.
Kjennast ved Jesu namn for menneska, så vil han kjennast ved oss for Guds englar. Det må no vere viktig når han kjem med Guds englar.
Når eg byrja på Ungdomsskulen eller allereie i sjette klasse kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år eg vart meir bevisst på det og at mitt val var å ta imot Jesus, det gav meg rett til å vere Guds barn. Eg visste det var viktig å vedkjenne mi tru på han for menneska, men det torde eg ikkje, ev ved kjende det til Jesus i bøn og bad han sette meg fri få den menneskefrykta. I 8-9 klasse vart eg forelska i ei kristen jente, det var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for henne altså. No var eg ikkje redd for det, for eg opplevde det som at det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg opplevde det som at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande. Når eg gjekk på gymnaset, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4.
I bodskapen 10.5.2009 sa Jesus at han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han og eg forstår det slik at det er kjærleik til ei kvinne som han gir meg til kjæraste og kone. Første bodskapen 12.2.2011 forstod eg som den var til meg og ei kvinne som han ville gi meg til kjæraste og kone. Så spørst det om ho, som Sions Dotter vil vedkjenne Jesus som sin frelsar og Herren, som set henne fri og komme ut i dansen med dei glade fordi han er Herren hennar brudgom. Soleis frelser og frigjer han ei kvinne og gir meg henne til kone, slik som eg har bedt han om.
Når vi kjennest ved Jesus for menneska, så vil han kjennast ved oss for englane.
Heb.12,22 Men de er komne til Sions fjell og den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, og til dei mange tusund englar, 23 til høgtidsstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren, som er Gud for alle, og til åndene åt dei fullenda rettferdige, 24 og til Jesus, millommannen for ei ny pakt, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod. 25 Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk han som talar! For når hine ikkje slapp undan, dei som viste ifrå seg han som tala på jordi, kor mykje mindre skal då me sleppa undan um me vender oss ifrå han som talar frå himmelen! 26 Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med. 27 Men det ordet: Endå ein gong, syner at dei ting som vert riste, skal umskiftast, av di det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved. 28 Lat difor oss som fær eit uruggeleg rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad, med blygd og otte! 29 For vår Gud er ein øydande eld.
Sigre over Dyret med ti horn og gå ut av den Store Skjøkje.
I tredje bodskapen 12.2.2012 kalla han Sions dotter til å frigjere seg, som om det framleis er å vende heim frå Babylonia.
Dette viser til at jødane kunne vende heim frå Babylonia, til samanlikning vert dei i Johannes Openberring kalla til å gå ut av den Store Skjøkje. Dette gjeld dei kristne også. Ho sit på Dyret med ti horn, men dei kristne sigrar over det.
Joh.Op.17, 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»
Dyret med ti horn dømmer henne og det er i samsvar med Guds Ord, så det også er Gud som dømmer henne. Derfor er det viktig for alt Guds folk å gå ut av henne.
Joh.Op.18,1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»
4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.» 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.
Salige er dei som er reine i hjartet, dei skal sjå Gud. Salige er dei tolmodige, dei skal arve jorda.
I Bergpreika sa Jesus:
Matt.5,2 Då tok han til ords og lærte dei:
3 Sæle dei som er fattige i seg sjølve,
himmelriket er deira.
4 Sæle dei som syrgjer,
dei skal verta trøysta.
5 Sæle dei tolsame,
dei skal arva jorda.
6 Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda,
dei skal verta metta.
7 Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
8 Sæle dei som er reine i hjarta,
dei skal sjå Gud.
9 Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
10 Sæle dei som vert forfylgde for rettferd,
himmelriket er deira.
11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.
Og engelen for kyrkjelyden i Filadelfia hadde teke vare på hans ord om tolmod.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Eg vil samanlikne dette med metodene i realfag. Gud gjer sitt verk med meg, med sitt Ord og sin Ande, slik får eg åndelege og forstandig innsikt og det hevdar eg høver med rasjonaliteten i realfag, Gud er ånd og han eksisterer og det høver med filosofien til rasjonalistane, Descart, Leibnitz, Spinoza, Pascal. Denne filosofien høver med rasjonaliteten i realfag. For meg blir det vesentleg å halde meg heilhjarta til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik vonar eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Vi må vere tolmodige, så vi får arve jorda, det skulle då svare til erfaringa, empirien i realfag, likevel blir det på den måten at vi med tru og von ser fram til at Gud gjer alle ting nye, han skaper ei ny jord, der rettferd bur.
Jesus kalla meg inn på vegen til det Nye Jerusalem.
Bodskapen 2.12.1990:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Det nye Jerusalem er Jesu brud og kjem ned på den nye jorda. Ved trua på Jesus får vi evig liv. Han kjem og hentar brudeskaren, så det vert bryllaup i himmelen og så kjem bruda ned på den nye jorda. Vi får evig liv i himmelen og får komme til det nye Jerusalem på den nye jorda. Men Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og døyper oss med den Heilage Ande til å vere lemer på hans lekam, som er hans kyrkje, hans brud. Då er det for oss som om det Nye Jerusalem kjem ned på denne jorda, som ein åndeleg røyndom (Heb.12,22). Ja, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde og kreftene av den nye verda allereie her og no.
Samanlikning mellom offeret og eit eksperiment.
Det andre Dyret i Joh.Op.13 (alias den falske profet) fekk eld til å falle end frå himmelen, til samanlikning med Elia, men Elia bar fram eit offer som elden fall på, det ser vi ikkje her. Johannes Døyparen bar fram offer ved at han døypte og så sa han at Jesus har bruda og at det er han som døyper med den Heilage Ande. Så det er den vesentlege skilnaden på han og den falske profet.
Offera i det gamle testamentet var for å få godvilje og svar frå Gud, men så virka det ikkje lengre. Øvstepresten Josva og embetsbrørne hans var varselmenn om det som skulle komme (Sak.3-4), der var ein symbolikk i ofringane, det som trongst var at Jesus var det Guds lam som bar synda og vart ofra som eit syndeoffer, får å ta den bort, ein gong for alle. Johannes døyparen profeterte om det og slik gjekk det. Det var eit lytelaust lam og hans frelseverk er fullført og fullkome.
Om vi samanlikna ofringane med eit naturvitskapleg eksperiment, er den vesentlege skilnaden at det er ikkje repeterbart, for det vi ynskjer å sjå og oppleve er at Gud gjer sitt verk og talar til oss, og det er ikkje repeterbart, for ingen er som Gud og kan gjere som han.
Vi skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud, så eg vil samanlikne det med eit naturvitskapleg eksperiment. Du skal ikkje påverke resultatet av eksperimentet, i visse tilfelle kan det vere vanskeleg å unngå, men alle slike påverknadar skal du ta med i vurdering av feilkjeldene. Ved trua på Kristus, skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han. Men blir ikkje dette som å tale til gravsteinen? Nei, for Gud vekte Kristus opp frå dei døde, så i dåpen er vi også oppreiste med han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.
Når vi ber fram kroppen som eit levande offer, vert vi då ikkje påverka av lystene og av verda, gjennom dialektikken? Det er det vi skal unngå ved denne tenkemåten og når vi merkar vi vert påverka av det, kallar vi det feilkjelder. Spørsmålet vert korleis vi kan redusere feilkjeldene og få dei vekk. Det er og blir ved å feste blikket på Jesus, påkalle han som vår frelsar og Herre, han lever og er fullkommen og kjem oss i møte, Gud skaper oss i han og slik skaper han oss i si likning, slik vert vi fornya.
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, så vi skal feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det vi ynskjer å oppnå med «eksperimentet» er å få oppleve meir av denne openberringa og få snakke meir med han, få nye svar på våre bøner.
Dette er då svært så subjektivt, samanlikna med det naturvitskaplege eksperimentet som er repeterbar og gir objektiv kunnskap. Ja, det er også eit viktig sannings-kriterium at den einskilde får høve til å svare for seg sjølv. Vel er det slik at vi vert gjort i stand til det ved at Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og den Heilage Ande er vår advokat og talsmann på jorda. Det er eg innforstått med og hevdar og opplever det som at nettopp slik får eg svare for meg, eg fekk komme til Jesus slik som eg var og let han ta seg av mi sak. Vel er det slik at Gud skaper meg i Kristus og gjer meg til ein ny skapning, men det er framleis eg som får svare for meg sjølv. Som Guds born får vi då komme til han og snakke med han.
Når Jesus gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, trur eg ho også vi oppleve det slik. Guds kjærleik er mellom oss og det er den ekte kjærleiken. Med denne bøna ber eg fram kroppen som eit levande offer. Jesus har bruda og det ynskjer eg å få sjå og oppleve ved at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så det er han som elskar henne som si brud gjennom meg.
Den Heilage Ande verkar kraft, kjærleik og visdom.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse, både i meg og i den kristne kyrkjelyden.
Jesus openberrar seg for oss, han og Faderen tek bustad ho oss.
Jesus sa han bankar på hjertets dør og yngste å få komme inn som ein god ven og så minna han oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike (Bodskapen 11.8.2022). Ja, sidan vi har høyrt på han og lært, er vi ikkje berre tenarane hans men venene hans og det minna meg om mitt vennskap med henne Virtuella og andre kristne, eg opplevde det som at det gjaldt nettopp mitt forhold til henne. Vi skal tru på han, elske han og ta vare på hans ord og elske kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil komme å ta bustad hos oss.
Dette fekk eg oppleve i mitt forhold til henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk i ny fylde av den Heilage Ande. Eg fekk oppleve i mitt hjerte at Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn i mitt hjarte og det vart openberra for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Gud har byrja ei god gjerning i meg og oss og han vil fullføra den. Eg skal feste blikket på Jesus, hans om er trua sin opphavsmann og fullendar.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, utpå nyåret 1977 altså, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.
Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, som første prioritet og når eg var 9 år byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og eg merka at han var meg nær som ein skugge ved mi høgre hand, eg opplevde det som eg vart kjend med han som min beste venn. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, det var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus, for det stemte med tura og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet, så eg var ikkje redd for det. Eg opplevde det som at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande. Seinare oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og Heb.3-4.
Jesus vil stige ned for å befrukte mi tru og min kjærleik frå han. Og det hastar for ei Sions Dotter å få eit nytt møte med han.
På mitt første møte i Maranata 10.5.2009 sa Jesus at han ville stige ned og befrukte mi trua og min kjærleik frå han og då er det nærliggande for meg å tenke på henne som han gir meg til kone, det stemmer bra med første bodskapen 12.2.2011. I tredje og siste bodskapen kalla han Sions dotter til å frigjere seg, det hasta for henne å få eit nytt møte med han, eg trur det har å gjere med at han kallar henne Virtuella til eit nytt møte med seg og der er sikkert mange av same typen og eg trur dette møtet vert ved at Jesus stig ned og befruktar mi tru og min kjærleik frå han. I Maranata 20.9.2015 sa Jesus at han har bestemt at i hans kyrkjelyd, der skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet.
Ein plante veks av seg sjølv, berre den står i god jord, får vatn og sollys.
Det evige livet er som ein plante som er planta i oss og som skal vekse. Den veks av seg sjølv, så det treng vi ikkje bekymre oss for, berre den står i god jord, får vatning og sollys. Jesus talte om vår økonomi også, som ein plante som veks av seg sjølv, så vi skulle ikkje bekymre oss.
Matt.6,25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
Jesus gir oss kvile, openberringa gjer alt så mykje lettare for oss.
Gud ville føre folket sitt inn til si kvile, då måtte dei tru på han og stole på han. Dette kjem som motsetnad til den kampen for tilværet vi les om i det Gamle Testamentet, det kjem i motsetnad til brunstkampen og pubertetstrassen og til Freuds påstandar om at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon og ein religiøsitet som er avspora seksualitet. Eg vil hevde det er ikkje naturleg at menneska skal oppleve livet slik, endåtil frå dei er born. Det er ein god grunn til av voksne treng å vende om og verte som born. Det er ein god grunn til å sjå det slik at vi tek oppkorset vårt og følger etter Kristus og tenker som at ved trua på han er vi krossfesta og døde med han. I eit normalt menneskeliv trengst det ingen brunstkamp. Livet veks av seg sjølv, så det er berre for oss å la det vekse, i tru og tillit til vår skapar. Gud har gitt oss sitt Ord, så det er berre å tru det, ta imot det og tale det og bruke det i kommunikasjonen oss i mellom.
Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Faderen og Sonen openberrar noko for oss og det må vi vite å nytte oss av. Jesu gjer Faderen kjend for oss, det evige livet er å kjenne Faderen og Sonen (Joh.17,3). Så dette skal gjere livet enklare for oss. Vi slepp å drasse på ei heil mengde med tunge byrder, vi slepp unna ei heil mengde med problem eller dei vert løyste for oss.
Ordet om korset er frigjerande og ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Bodskapen om at vi må ta opp korset og følge etter Kristus og sjå oss som krossfesta og døde med han gjer nok at mange reknar kristendomen for å vere livsfiendtleg, men eigentleg er det frigjerande, mange reknar det for å vere dårskap, men eigentleg gjer det oss vise. Når lyst opponerer mot Anden, resulterer det i at den opponerer mot vitet og forstanden også, slik er dåringa og den fører til død. Men når vi ser det slik at vi er krossfesta med Kristus vert vi ferdige med det og får noko nytt og betre i staden.
1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
Bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag.
Eg skreiv om at eg yngste ho Virtuella skulle fortsette å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og det var derfor eg yngste å få møte henne igjen, vere saman med henne og det var derfor eg yngste å få henne til kone. Jesus svarde meg at han yngste eg skulle gi meg heil til han og at han legg meg gang på gang på alteret. Eg forstår det slik at eg har gjort felles sak med han, så han gir meg ei frelst kvinne til kone, ho lever i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud og det er sameinleg med at ho vert kona mi, eg skal berre gi meg heilt til han. Han legg meg gang på gang på altaret og det, så eg vert fornya altså.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Vi skal sjå det slik at vi er krossfesta og døde med Kristus, kroppen er død, korleis kan vi då bere kroppen fram som eit levande offer? Vi vert levandegjorde ved Anden.
Rom.8,6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Korleis høver dette med det Jesus sa om naturen, livet er som ein plante som veks? Gud er ånd og han skapte menneska for at dei skulle leve i samfunn med han, slik var det opphavleg og det var slik det skulle vere, det var eigentleg det som var naturleg for menneska. Naturen treng ingen gud seier dei, den treng i alle fall ingen avgud. Men den sanne og levande Gud vil ta omsorg for sine born og sine henders verk, det er det som trengst.
Eg får seie som Paulus at Guds nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte fødde på nytt av vatne og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik kler vi oss i den nye naturen.
Den Heilage Ande verkar kraft, kjærleik og visdom.
Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Då må vi også ære og takke han for det og lære å forstå korleis den verkar i våre liv og oss i mellom. Den verkar kraft, kjærleik og visdom. Kjærleiken er at Gud elska oss først, så vi elskar fordi han elska oss først.
Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Eg skal ikle meg den krafta Gud har gitt meg.
Ved fylden av den Heilage Ande fekk eg oppleve Guds kraft saman med henne Virtuella, kroppen er eit tempel for den Heilage Ande og eg fekk oppleve den krafta i kroppen min. Då må eg ha klart for meg at det er ikkje mi eiga kraft, men Guds kraft og ære og takke han for det. Han har sagt eg skal få kjenne at krafta er den same som når eg var ung, eg skal vere frimodig og ikle meg den.
Bodskapen 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Eg seier eg noko om kvinner som går over hovudet på dei, men som er ei velsigning, til samanlikning med Adam, når han vakna or svevnen og sa noko om Eva.
Det var sjølvsagt viktig for meg å få møte igjen henne Virtuella og få snakke med henne og eg syntest det var rart eg ikkje skulle få lov til det. Generelt meiner eg vi skal legge vinne på å snakke med kvarandre i staden for å berre snakke om kvarandre, for vi skal ikkje fare med sladder og baktale. Men vi velsignar Kristus og blir velsigna og blir til velsigning, derfor seier vi velsigninga, når vi ber og får bønnesvar som er velsigning, det takkar vi for og så seier vi velsigninga. Slik også når eg seier eg opplevde Guds kraft saman med henne. Eg tenker meg at det er som når Adam vakna or svevnen og sa om Eva at det var kjøt og bein av hans kjøt og bein, derfor skulle ho kallast kvinne. Eg forstår det slik at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, så mannen skal høyre på Kristus og kvinna skal høyre på mannen sin.
Kle seg til å vere med på å feire Lammets bryllaup.
Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal feste blikket på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Det er meir som trengs å verte gjort, ja, men eg skal ikkje prøve å legge til noko, ikkje prøve med eiga kraft. Eg skal berre glede meg i Herren og takke han for frelsa og verte meir og meir fylt av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft.
Guds nåde er nok for meg, for han kraft vert fullenda i vanmakt. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Korset gjer det klart for meg at det er ikkje av eiga kraft, men det er Guds kraft og den er til frelse, det ærar og takkar vi Jesus for, på påkallar han som frelsar og Herre og kallar han Herre. Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så kvinna får og skal leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, det er identiteten til den kristne kyrkja.
Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå alt er blitt nytt. Vi får det av berre nåde, så av berre nåde skal vi ikle oss den nye naturen. Vi er Gud verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som han har lagt ferdige, så vi skal vandre i dei. Eg skal få oppleve at krafta er den same som når eg var ung og skal vere frimodig og ikle meg krafta. Sidan eg opplevde krafta saman med henne Virtuella, tenker eg meg at det gjeld henne også, ho skal kle seg i bryllaupskjolen som Jesu brud og eg skal ikle meg bryllaupsdrakta som ein bryllaupsgjest.
Eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone, han har sagt eg skal gi meg heilt til han, eg forstår det slik at han gir meg det eg har bedt han om, ei frelst kvinne til kone og då blir det slik at han elskar henne som si brud gjennom meg.
19.11.2023, svarde Jesus meg slik:
Tungetale ved Inge-Lill, tyding ved John-Willy.
«Jeg har talt til deg, sier Herren, og du har hørt min røst i kveld. Du sitter og kjemper med deg selv og du lurer på om du er frelst. For det er så mange ting i ditt tidligere liv, som du synst er galt og ikke fullkomment og du har syndet. Men hør, min venn, da du bad om frelse i Golgata kors, så gjorde jeg deg ren, jeg vasket deg i mitt dyrebare blod. Når jeg ropte, det er fullbrakt, på korset, så blei det komplett, det er fullendt. Og jeg har dekket all din synd, all din gjeld, alle dine sår er skjult under mitt blod og du er ren i kraft av Golgata blod.
Hør, min venn, som har lyttet til budskapet i kveld. Det er bare en vei, det er bare en plass du kan finne frelse ved, og det er ved Golgata kors. Der er ingen mennesker, der er ingen mellommann mellom menn og kvinne, det er ingen ting du kan prestere selv, for å bli frelst og komme til himmelen. Derfor så kom jeg ned, det ble laget et legeme for meg og jeg kom ned og vandret omkring og gjorde vel. Og jeg steg opp på Golgata kors, fordi at det er den eneste frelse til himmelen, da jeg ropte det er fullbrakt og gav mitt dyrebare blod for deg.»
Dette kan de lese meir om her:

