Evangeliet om Guds rike.

Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike, men det vart ikkje som dei lærde venta seg.

I Daniels bok er det profetert om Guds rike, som skulle gjere slutt på dei store verdsrika. Gud sende sin tenar som skulle rydde vegen for Messias, det var Johannes Døyparen, han vitna om at Jesus var Messias. Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å sjå det og komme inn i det. Eit lite barn som enno ikkje har lært seg å snakke, gjer seg forstått overfor sine foreldre ved å gråte og smile og le litt, dei trøystar det og oppmuntrer det til å vere glad, smile og le. Pratar med det, sjølv om det ikkje forstår, for å lære det å tale. Og det har den tillita til dei at dei elskar det og har omsorg for det og vil gi det det som det treng. Poenget er då at det kan ha ein slik tillit til Gud som sin Far. Velsigninga betyr at dei får oppleve hans nærvær, hans kjærleik og omsorg.

Dette minner meg om at etter at Gud hadde skapt landdyra og menneska, velsigna han dei. Velsigninga inneber at Gud gje sitt verk i oss, ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus og slik skaper han oss i si likning, slik gjer han alle ting nye. Så frelsa i Kristus like fundamental som skapinga.

Livet vart planta i oss ved Guds Ord og ein plante treng vatn og næring frå jorda, gjennom røtene og sollys på blada, så den veks. Slik får vi utvikling. Det skjer ved opplæring i Guds Ord og ved fylden av den Heilage Ande.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og alt som er att av vondskap, og tak med spaklynde imot ordet som er innplanta i dykk, og som kann frelsa sjelene dykkar. 22 Men vert slike som gjer etter ordet og ikkje berre høyrer det, elles dårar de dykk sjølve! 23 For dersom nokon høyrer ordet og ikkje gjer etter det, då er han lik ein mann som skodar sitt naturlege andlet i ein spegel; 24 han skoda seg sjølv og gjekk burt, og gløymde straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held ved med det, so han ikkje vert ein gløymsam høyrar, men ein som gjer gjerningi, han skal vera sæl i si gjerning. 26 Dersom nokon meiner at han er ein gudsdyrkar, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sit eige hjarta, hans gudsdyrking er fåfengd.

Tradisjonen som kom inn i kyrkja.

I middelalderen kom antikk filosofi kom inn i kyrkja og fortrengde den evangeliske forkynninga, det var ikkje bra. Likevel viste det seg at der var noko bra og verdifullt i den kulturen, men evangeliet skulle forkynnast for jøde først, så grekar og vidare for alle folkeslag. Både grekarar og andre folkeslag trengde å verte kvitt avgudane sine, ved å komme til den sanne og levande Gud på grunnlag av evangeliet. Elles hadde både jødar og grekarar nytte av kulturutvekslinga dei imellom.

Den Katolske Kyrkja påstod den hadde sin tradisjon frå apostlane, så paven var Peters etterfølgjar på jorda. Men den hadde sin tradisjon ifrå antikk filosofi og den romerske keisaren og det vart tydelegare og tydelegare, så evangelisk kristendom vart meir og meir fortrengd. Paven vart ein ny versjon av den Duglause Hyrdingen, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Menneskja vart gjort til salsvare, som trælar.

Jesus sender sin tenar til meg og mitt distrikt med ein liknande bodskap som Johannes Døyparen.

Jesus sende sin tenar til oss med essensielt same bodskapen som Johannes døyparen. Bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
          han brenn som ein omn.
          Alle frekke og alle som gjer urett,
          skal då vera som halm,
          dagen som kjem, skal brenna dei opp,
          seier Herren over hærskarane.
          Korkje rot eller grein blir att.
          
     2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
          skal rettferdssola stå opp
          med lækjedom under vengene sine.
          De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
          
     3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
          dei skal vera støv under føtene dykkar
          den dagen eg grip inn,
          seier Herren over hærskarane.

     4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
          på Horeb for heile Israel,
          med forskrifter og bod.
          
     5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
          før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
          
     6 Han skal venda fedrehjarta til borna
          og barnehjarta til fedrane,
          så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

I Malakias.4,5-6 vart det profetert om at Gud ville sende profeten «Elia», det var Johannes døyparen og Gud sender framleis sine tenarar til oss med ein liknande bodskap, ein oppdatert versjon av den same bodskapen, så der ligg fornying i det. På Elias si tid dyrka mesteparten av folket Baál. Israels konge hadde gifta seg med ei filistar-kvinne, Jesabel, som dyrka Baál-gudane, dette fekk betydning for politikken, så det vart forventa og klang på veg kravt at folket skulle dyrke Baál i staden for å dyrke Israels Gud. Israel på Jesu tid likna dette og det gjer dagens samfunn også og politikken som vert ført.

Her følgjer ein bodskap der vår tid vert samanlikna med profeten Elia si tid. Bodskapane 2. pinsedag 13.6.2011:

A. Del1:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar  på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du må få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.

A. Del2:

Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

B.Del1:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri.  Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

B.Del 2:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?).  … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til.  Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte.  … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

1KG 19,1 – 1KG 19,18 {ELIA PÅ HOREB}  Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: “Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.” 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. “No er det nok,” sa han, “ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.” [gyvelbusk: busk som veks i øydemarka, og gjev ring skugge av di han er bladlaus. Beduinane lagar kol av han (Sal 120, 4) og et røtene (Job 30, 4).] 5   Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: “Stå opp og et!” 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: “Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.” 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.  Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.  Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.” 

I Joh.Op.2 er det fortalt at falske profetar som Bileam og kvinna Jesabel lærde Jesu tenarar å drive hor og ete avgudsoffer. Læra til nikolaittane var også slik villfaring.

Joh.Op.2,1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:
        Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane:  2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar.  3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt.
     4 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik.  5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.  6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.
     7 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
   
Til Smyrna
 8 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:
        Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande:  9 Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!
    11 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.
   
Til Pergamon
12 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamon:
        Dette seier han som har det kvasse tvieggja sverdet: 13 Eg veit kvar du bur, der Satan har kongsstolen sin. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart ihelslegen i byen dykkar, der Satan bur.
    14 Men noko har eg imot deg: Du har nokre hjå deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak korleis israelittane skulle lokkast til synd, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor. 15 Du har òg nokre hjå deg av same slaget, dei som held seg til læra åt nikolaittane. 16 Vend om! Elles kjem eg snart over deg og vil strida mot dei med sverdet som går ut or min munn.
    17 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.
   
Til Tyatira
18 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira:
        Dette seier Guds Son, han som har augo som logande eld og føter som bronse: 19 Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine er betre enn dei fyrste!
    20 Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.
    26 Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. 27 Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. 28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.
    29 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
   

Barnetrua kjem som erstatning for barnelærdomen åt verda.

Så minna han oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:

Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Jesus kom med ein frigjerande bodskap, då fekk han motstand frå farisearane og dei skriftlærde. Dei var lovlærarar, men kom med menneskebod i tillegg og faktisk som erstatning for Moselova også. Det minner om at når Moses kom til Farao med bodskapen frå Gud om at han skulle la folket fara, så la han tyngre byrder på folket.

Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tung å bere, hos han skulle dei få kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Gud openberrar sitt Ord for oss så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri. Han styrker oss ved si kraft. Han gir oss framtid og von.

2TI 1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 

Dette er fundamentalt for oss alle og det om å gjere for oss å nytte oss av det. Vi alle treng å verte fylte av den Heilage Ande, så vi får oppleve at Faderen elskar oss og tek omsorg for oss og oppseder oss som sine born. Evangeliet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så vi treng å oppleve å verte styrka av Guds kraft til frelse. Vi treng at Gud gir oss visdom frå himmelen ved sitt Ord og sin Ande. Detter kvart som vi veks opp og i voksen alder møter vi stadig nye utfordringar, så vi treng stadig å gå inn for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Soleis får vi ulike nådegåver og tenester og skal tene Herren og kvarandre med dei nådegåvene han gir oss. Soleis blir visdom, kraftige gjerningar og openberring spesielle nådegåver.

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft (2.Krøn.16,9), slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg innser at treng den hjelpa og vil stige fram for nådens trone for å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Eg trur han vil gi meg ei kone som ei nådegåve, altså og då skal eg kveike den nådegåva, eg trur han vil fornye både meg og nådegåva. Han har nyleg sagt eg skal ta i bruk fleire nådegåver. Når eg stig fram for nådens trone, for å finne miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid, så kan det vel ta i bruk dei nådegåvene som eg treng.

Har vi bedt Jesus om nåde og hjelp, så må vi ta imot i tru, ære og tekke han for det og nytte oss av det, bruke det han har gitt oss. Har vi byrja i nåden og Anden, må vi fullføra i nåden og Anden. Eg skal sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og det er ved å tru på han, hugse på han og få oppleve at den Heilage Ande openberrar han for meg. Eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det. Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han kjem til oss atter og atter, som brudgomen til si brud, for å vise henne kjærleik og ta omsorg for henne. Då får vi også oppleve at Faderen elskar oss og tek omsorg for oss som sine born.

Eg skal halde fram med å påkalle han som vår frelsar og Herre, ta imot han og ære og takke han for det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg og i sin kyrkjelyd, ta imot han for å la han fullføre det, ja, be han om det. Men eg er viss på at det er det han vil, så det er i grunnen berre å ynskje han velkommen som ein god ven. Eg treng eigentleg ikkje be han for å fortelje han korleis det skal gjerast, for dette her er han ekspert på. Han er fullkommen og gjer ingen feil.

Guds rike eller mørkets rike?

Jesus sende meg med den glade og frigjerande bodskapen. Eg sjølv skulle glede meg i den og han ville kalle menneske til å gå over frå mørkets rike til sitt rike. Han kalla Sions Dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade.

Gå med ein frigjerande bodskap.

Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Ved å velsigne han, vert eg velsigna og vert til velsigning, derfor seier eg velsigninga til kven som helst som eg møter. Men ein kanal har no ei bestemt retning, så eg tenkte meg at han ville gjere meg til kanal for si velsigning til to kvinner som eg hadde vorte glad i og bedt for tidlegare og at han med velsigninga ville gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt om tidlegare. Det skulle no vere ei velsigning for både meg og henne.

Hausten 2008 sa Jesus til meg at det ord eg så ofte har teke i min munn, det er hans ord og det er ånd og liv. Då tenkte eg på Paulus sine ord om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så kalla han meg til å gå ut på lovnadane.

Bodskapen 28.9.2008:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Så eg for til Oslo i januar 2009 og byrja på praktisk pedagogisk undervisning og gjekk på møte i dFEF som tidlegare. På vitnemøte prøvde eg å seie noko om dette, men dei ville ikkje høyre på det.

Innvie seg til å leve for Jesus, så vi får oppleve at mørkets rike må vike for Guds rike.

Jesus sa at vi må verte som born for å sjå Guds rike og komme inn i det. Den som gjer seg liten som eit barn er den største i Guds rike.

Matt.18, I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Det må då ha seg slik at ved at vi gjer oss små, får vi oppleve at Gud er stor og gjer storverk med oss. Om så vi er bere nokre få som innviar oss for Kristus, så er det nok for han til å gjere storverk.

Bodskapen 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Jesus er livet og gir oss meining med livet. Men i mørkets rike ser dei ikkje lyset og finn ikkje meininga med livet. Det blir fatalt for folket ved at kvinna ikkje lengre veit og forstår kva ho er til for.

Møtehelg i dFEF i Møllergata 40.

Men ei helg i februar 2011 hadde dei ein møtekonferanse der eg fekk svar på det som låg meg på hjertet. Bodskapane nedanfor kom på laurdag 12.2.2011.

Jesus gjer meg til ein menneskefiskar.

Første bodskapen oppfatta eg som primært til meg. Den er både til ein mann og ei kvinne, så eg tenker meg at den er primært til meg og ei kvinne som han gir meg til kone, som svar på det som låg meg på hjertet altså:

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken.

Dette er ein bodskap om den ekte kjærleiken som skal vere mellom oss. Og eg hevdar den er spesielt verdifull i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg.

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Jesus kalla Sions Dotter ut i dansen med dei glade. Maranata 18.12.2011.

Jesus kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann.

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Jesus har nyst minna oss på å søke fyrst Guds rike og hans rettferd. Bodskapane 20.7.2023:

«Du er mitt barn, du trenger ikke å bli mitt barn på nytt igjen, men jeg vil igjen ta meg av deg. Jeg vil igjen gi deg av min fylde, sier Herren. Jeg vil igjen at du skal få se at hos meg er det ingen begrensninger. Hos deg og hos meg (Oddleif) er det begrensninger, men hos meg (Herren) er det ingen begrensninger. Jeg er kommet for å gi deg fred og liv og overflod av liv.»

Så skulle vi be og då kom han med denne profetiske bodskapen:

«Se deg ikke engstelig om, mitt barn, for du er min eiendom. I begge min hender har jeg tegnet deg. Og jeg vet hvem du er og jeg vet hvor du er i livet og jeg vet hva du trenger. Søk meg av hele ditt hjerte, av hele ditt hjerte, sier Herren, og jeg skal la meg finne av deg. Søk først meg og min rettferdighet, så skal du få alt i tillegg. Ikke vær engstelig for å komme fram for meg, for jeg møter deg, ikke med vonde ord, jeg møter deg med min nåde. Og du skal få vite det at du er dyrt kjøpt, du er dyrt kjøpt. Jeg har betalt en pris for livet ditt, som ingen andre kan matche. Jeg gav mitt liv for at du skulle sette dine føtter på en klippe. Og der skal du stå fast.»

Så kom han med ein kommentar til bodskapen og tala;

«Se deg ikke engstelig om, mitt barn. ….. Du trenger ikke gå rundt og ottast lenger. Du trenger ikke gå rundt og være redd lenger. Du trenger ikke gå rundt og være usikker på om du er frelst, lenger. Du trenger ikke å gå rundt å vere redd for domens dag. Du trenger ikke gå rundt og være redd for at du ikke er god nok.»

Og så kom han med ein ny profetisk bodskap:

«For se, jeg har gjort alle ting nye, sier Herren. Halleluja. Det er fullbrakt. Og det er fullbrakt for deg, til ånd og til sjel og til legeme. Halleluja.»

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
     9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

Jesus har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn.

Vi veit at synda førde forbanning med seg og så seier folk forbanninga. Men ved at vi trur på Kristus, vender oss til Kristus og velsigner han og ser på han, så vert vi velsigna. Derfor vert vi til velsigning og derfor seier vi velsigninga. Han har mange gangar sagt eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar og sjå på det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Han har gjort meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella og henne Reella. Og så skal eg snakke med han. Ja vel, så snakkar eg med han om dei og no snakkar eg med han om henne Virtuella. Med henvisning til bodskapen 13.7.2023 mistenker eg at ho Virtuella har vorte fanga i djupet av ei forbanning. Eg mistenker også at det har noko med Satans Synagoge å gjere. Men Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne og med den trur eg at han løyser henne.

Jesus er døra inn til sauene og han har sett den open for meg og invitert meg, så i tru tek eg imot heile brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, som om det er til meg i min situasjon.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
        Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.  9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
    12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
    13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Jesus gir meg ånd og liv ifrå himmelen, det er fullkome og han gir meg det i overflod, eg får det som arv. Jesu gjer meg til kanal for si velsigning til henne, så då er det til henne også.

Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den. Lengselen livets vatn og etter den åndelege og uforfalska melka som er Guds Ord. Og eg trur det er viktig for henne også å få den sjølvforståinga. Som Jesu brud lengtar ho etter hans kjærleik og omsorg og som Guds barn lengtar ho etter hans kjærleik og omsorg. Jesus gir oss Anden utan mål, utan avgrensing altså. Han gir oss det som er fullbrakt i overflod, han gir oss overflod av ånd og liv. Då er der nok til henne også, ja, slik skal det verte for henne også.

Jesus har sagt at hans nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. I vanmakt skal eg kle meg i den krafta han gir meg. I frimod får eg gå fram for nådens trone og få nåde og finne miskunne til hjelp i rette tid. Slik får eg også frimod til å gå ut og vitne om Jesus. Eg skal kle meg i Guds fulle rustning og eg skal kle meg i bryllaupsklednaden og vere med på å feire Lammets bryllaup. Og bruda skal kle seg i bryllaupskjolen sin.

Guds nåde er nok for meg og slik skal eg som dei vise brurmøyane ha med meg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Så eg har nok olje og vert ståande med olje  og lys på lampen til Brudgomen kjem og eg får vere med han inn og feire bryllaupet.

Jesus fyller meg med overflod av det som er fullbrakt og sidan han gjer meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella, så vert der nok til henne også, der vert overflod for henne også.

Realfag og praktisk arbeid. Guds Ord og psykologien.

Realfag og trua på Jesus.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle, å kombinere det syntest vere ei uoverkommeleg oppgåve, men det som var umogleg for menneska, det gjorde Gud (Rom.8,1…), i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme.

Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, då brukar vi metodene i evangeliet. Det mest fundamentale er at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Så vi får kvile, fordi det er han som gjer sitt verk.

Når eg er i praktisk arbeid eller studerer realfag, så er det eg som må jobbe for å oppnå noko. Men då har eg sjølv gagn av at eg søkte samfunn med Gud på evangeliet grunnvoll, eg får oppleve at han styrker meg med si kraft i mitt daglege liv og eg meiner at den åndelege innsikta han gir meg ved sitt Ord og sin Ande støtter opp under den rasjonelle innsikta eg treng i realfag. Så det vil eg også ære og takke han for.

Bøye seg ved korset og bøye seg for Guds Ord.

Når eg gjekk på gymnaset, hadde eg ein teori om at skapingssoga i 1.Mos.2 handla om eit heilt folk, sjølv om det er tale om berre ein mann og ei kvinne. Soleis var det sameinleg med utviklingslæra. Slik taler det også om den einskilde mann og kvinne og ekteskapet mellom dei og folket deira. Det er til lærdom for meg, når eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone.

Sidan har eg berre vorte meir og meir overtyda om at så er tilfelle, Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid og Gud er den same no, som då han skapte. Så for meg kjem den kristne vekkinga som svar på mi bøn om å få ei frelst kvinne til kone. Slik kjem den også til mitt folk og mitt land, mitt distrikt.

Så eg skal berre bøye meg for Guds Ord. Sitat frå bodskapen 8.12.1999:

«Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.»

Eg skal bøye meg for Jesus i hans kyrkjelyd. Bodskapen 15.1.2012:

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”

Ja, eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva eg måtte overlate til Gud å gjere i mitt liv, ved sitt Ord og sin Ande. Ved at eg bøygde meg for Jesu kors og såg meg sjølv som korsfesta med han, skulle eg overlate det til Gud å gjere sitt verk i mitt liv. Han som byrja den gode gjerning i meg, han skulle også fullføra den.

Det betydde kvile for meg og det var frigjerande, så eg kunne og skulle gjere ein innsats både i praktisk arbeid og ved å studere realfag.

Bodskapen 22.1.2017:

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»

Bodskapane 18.6.2017:

1A: «Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.»

1.B: «Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.»

2.A: «Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.»

2.B: «Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.»

Psykologi, med velsigning eller forbanning?

Psyke betyr sjel, så psykologi betyr sjele-logi, læra om sjela. Ein kristen gut i klassa mi på gymnaset fortale meg om Freuds påstandar, F1: Mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon. F2: Religiøsitet er avspora seksualitet. Eg tenkte med ein gong at menneske har tross alt ein fri vilje, så då kan ikkje nokon med slike påstandar utan vidare trosse den. Slik tenkte eg også om mykje anna klagemål mot menneske frå diverse moralfilosofar. Men F1 relaterte eg til tesa om «kampen for tilværet» i utviklingslæra og det er vitskap. F2 stemte for avgudsdyrking, det kan vi sjå i Rom.1.

Vi skal sjå det slik at ved trua på Kristus er vi er krossfesta og døde med han.  Vi fekk den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Og så skal vi la den råde i vår døyelege lekam, vi skal døyde lystene i lekamen med den, så den skal råde over både seksualiteten og aggresjonen. Så eg fekk tenke som so at eg vart motivert av Guds kjærleik og driven av den Heilage Ande.  

Sidan har eg oppdaga at F1 kan formulerast slik at vi har ei livsdrift og ei dødsdrift. Skulle det høve med vegen til livet og vegen til døden, som Moses tala om. Lova åt livsens ande og lova åt synda og døden, som Paulus tala om? Der er død ved at vi er krossfesta med Kristus og så er der liv ved at han stod oppatt frå dei døde. Det er det vesentlege for oss.

Men Freuds påstandar er ikkje det same som vitskapleg teori og det er heller ikkje religion, eller så motseier han seg sjølv. Det var noko han kom fram til gjennom samtale med sine pasientar, for å prøve å forstå dei, også med å stille diagnose. Men det blir då fullstendig feil å påstå at det er ein vitskapleg teori eller religion som gjeld for alle menneske, utan at dei av eigen fri vilje får velgje og svare for seg sjølve. Dersom dei konkluderte slik, så ville eg hevde at det var å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, verte lokka med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt.

Når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var ho byrja på exphil og psykologi grunnfag. Då kunne eg frykte for at ho let seg freiste med at med denne kunnskapen skulle ho verte med i ei lærd overklasse som heldt seg for god til å møte meg og prate med meg, spesielt sidan eg var forelska i henne.

Og det var ikkje lenge før dei venstreradikale kritiserte det Kristne Studentlaget og påstod at prestane burde la psykologar og psykiaterar ta over, som «ekte fagfolk» altså. Soleis byrja dei med religionsforsking, som sidan har vorte utvida til kvinneforsking og kjønnsforsking. Endåtil lausreve frå realfag og det viser seg ved alt tullpratet som dei kjem med. Det er å søke ein kunnskap som verkar som argument mot å leve i samfunn med Gud, argument mot å verte velsigna, argument mot å ta imot nåden, argument for så stå den Heilage Ande imot.

Men kva er dette for noko, eigentleg? Det er å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, ja. Klagemålet mot mennesket vert til vitskap og religion som erstatning for realfag (ekte vitskap) og kristendom (ekte Guds-tru). Det er å vende seg bort ifrå Kristus og seie forbanninga. Freud var jøde, så han såg altså ikkje løysinga som evangeliet gav. Når klagemålet mot mennesket tvert om vert religion, så kallar eg det for Satans Synagoge.

Det er ugudlegdom som eg skal vende meg bort ifrå og det tome pratet som eg ikkje skal bry meg om. For eg har noko viktigare og meir verdifullt å vende meg til og bry meg om. Eg skulle vende meg til Kristus og sjå på han, snakke med han og takke han for det fullførde frelseverket. Og så skulle eg studere realfag. Men eg kunne då ikkje gløyme henne. Eg vende meg til Kristus og vart velsigna og vart til velsigning og derfor sa eg velsigninga. Då måtte eg feste blikket mitt på han som er trua sin opphavsmann og fullendar og halde fram med å snakke med han og seie velsigninga. Eg måtte halde fram med å bruke metodene i evangeliet og det er det eg framleis må gjere.

Eg samanlikna påstandar i tida med Freuds psykoanalyse og frykta for henne. Slike påstandar er eigentleg å seie forbanninga. Eg samanliknar det med Balak som ville betale Bileam Beorson for å forbanne Israel, men han kunne ikkje seia anna det som Gud openberra for han. Sidan fall han i krigen mot Israel. No er metodene deira mykje meir utspekulerte. Nokre kan verte motiverte av pengar og politisk makt, til å seie forbanninga (jfr. Judas), andre kan seie forbanninga utan å vere skikkeleg klar over det (jfr. Paulus, før Jesus frelste han).

Bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag.

Det daglege offeret.

I det gamle testamentet er det tale om det daglege offeret.

 2.Mos.29,38 Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag. 39 Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad. 40 Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin. 41 Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren. 42 Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg. 43 Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min. 44 Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg. 45 Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud. 46 Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud.

Daniel.12,11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

Eg tek det som førebilete på å bere fram kroppen som eit levande heilag offer for Gud i den nye pakta.

Rom.12,1 Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
     3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.  4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;  7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
     9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren. 20 Men:
           Er fienden din svolten, så lat han få mat,
           er han tørst, så gjev han drikke.
           Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Dette er ein kommentar til møtet 27.11.2022, skrive 4.8.2022.

Bodskapen (27.11.2022) var:

«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Eg har mange gangar skrive om at eg ber fram kroppen som eit levande heilagt offer, til Guds velbehag (Rom.12,1), det er ein viktig del av mi presteteneste. Men her sa Jesus at han tek meg på altaret gang på gang.

Det skal vere til hugnad for Gud. I staden for å tilpasse oss denne verda, skal vi la oss omskape, så vi får eit nytt sinn, så vi kan dømme om kva som er Guds vilje, det gode, hugnadlege og fullkomne.

Når vi går framover mot det fullkomne, så må vi også sjå til at ingen vert liggande etter. Korleis kan vi klare det? Dei små og svake vart liggande etter og amalekittane angreip dei. Så dei fremste måtte bak og verne dei og hjelpe dei vidare. Det vert brukt symbolsk på at den vonde prøver å få makt over folket med synda. Mykje tyder på at ho Virtuella har vorte liggande etter og sikkert mange med henne. 30.7.2023 talte Oddleif Wahl om at Gud gir oss den Heilage Ande utan mål. Og eg har skrive kommentar om at eg trur den Heilage Ande når henne og vil fylle henne på nytt igjen og løfte henne med si kraft, så ho vert med framover mot det fullkomne.

Elden på mitt hjertes alter. Rella.

Eg har mange gangar skrive om at Gud openberre si frelse i Kristus for meg og henne Reella. Vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Det fekk eg oppleve i forhold til henne Reella og eg er overtyda om at ho også opplevde det, så eg kan seie at eg opplevde det saman med henne. Gud elskar oss i Kristus Jesus og slik elska han henne gjennom meg og kjærleiken var Andens loge på mitt hjertes alter. Jesus sa eg skulle berre la den flamme opp og eg vil beskrive det med kjærleiken i Salomos Høgsang.

Høgsangen.8,5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,
        stødd til sin ven?
        Under apalen vekte eg deg,
        der mor di hadde føderier,
        der ho fødde deg.
     6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,
        eit segl på din arm!
        For kjærleiken er sterk som døden
        og mektig som dødsriket i si trå.
        Han brenn som logande eld,
        han logar mot himmelen.
     7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,
        elvar kan ikkje fløyma han bort.
        Om einkvan ville gje
        alt han åtte for kjærleik,
        så vart han berre til narr.

Eg forstår dette slik at det var brudgomen som vekte si brud, han vekte kjærleiken i henne med sin kjærleik. Det er førebilete på at Kristus vekker opp si brud, reiser opp si kyrkje som hans brud. For oss som har teke imot han i tru, gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då blir det ideelt sett på denne måten. Guds kjærleik til oss i Kristus er fullkommen, vi tek imot den i tru og i tru skal vi gå framover mot det fullkomne.

Eg vitna om dette i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 og Jesus svarde meg slik:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Jesus sa eg er hans hjerteskatt og det er no kva eg gjerne ville seie om henne, så eg tenker meg at ho også er hans hjerteskatt, så eg kan vere trygg for henne som min hjerteskatt også. Jesus sa han leier meg dag for dag, ja, han gjer vel det med dette skriveriet mitt, det er då som eg fer langt av stad med bodskapen min og kjem langt ut på framandt land med den.

Eg skulle ta i bruk nye nådegåve, ja, eg opplevde at eg sjølv vart lækte frå ein brokkport, ved kveldsbøna mi. I det siste har eg kome i hug at Jesus sa til meg at eg skulle få oppleve at krafta er den same som då eg var ung, eg skulle vere frimodig til å ikle meg den krafta han har gitt meg.

Elden som brende opp kjøtet.

Når eg gjekk på møte i Maranata skreiv eg til dei om at eg bar kroppen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og venta meg at Guds Ande og Guds eld skulle falle på offeret, for Jesus døyper oss med den Heilage Ande og eld. Sidan eg trur Gud gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, venta eg meg at ho også skulle vere der, for vi skulle vere eitt kjøt, eitt tempel for den Heilage Ande. På altaret i det tempelet skulle Andens eld brenne. Men det vart det ikkje nko av.

Nokre av predikantane sa at når elden fell på offeret, så brenn den opp alt kjøt. Slik er det med brennofferet og syndeofferet i den gamle pakta. Det er førebilete på at Jesus var det Guds lam som bar verda si synd og som vart slakta som syndeoffer for oss (3.Mos.16). Så ved trua på han skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han. Og syndeofferet vart brent opp, så der er analogien. Det var også noko dei kalla matoffer, takkoffer og grødeoffer, det var eit festmåltid og prestane fekk sin del av det (3.Mos.7). Dette var berre daude offer, men i Rom.12,1… er det tale om menneskekroppen som eit levande offer.

Elia, Dyret og den falske profet.

Elia ofra på Karmel og bad til Gud os han svarde med eld frå himmelen, som brende opp både offeret og altaret, til teikn for dei som ikkje trudde. Nokre av dei vende ikkje om likevel og kongen sende ein liten hær for å hente Eliah, men han fekk eld til å falle ned frå himmelen og drepe dei, som straff for at dei ikkje vende om altså.

I Johannes Openberring er det tale om den falske profet som tente Dyret, som fekk eld til å falle ned frå himmelen, rett framfor augo på folk.

Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Joh.Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Korleis kunne dei klare å lure menneska slik? Med kva slags triks kunne dei få eld til å falle ned frå himmelen, som i eit lynnedslag. Når Anden kom på pinsedag, viste det seg eldtunger over hovuda på disiplane, nokon meiner dei har sett det sidan også, men for dei aller fleste som opplever det, er det ikkje fysisk synleg. Det vesentlege er at det fell på levande menneskekroppar. Men i Joh.Op.13,13 fell elden ned på jorda rett framfor augo på folk. For at Dyret skal få respekt og tilbeding altså.

Vi kan samanlikna med Elia som fekk eld til å falle ned frå himmelen, først på offeret, til teikn for dei som ikkje trudde, så fekk han eld frå himmelen til å falle ned og fortære dei slom likevel ikkje trudde og ikkje vende om. Men den falske profet fekk eld til å falle ned på himmelen, til teikn for dei som ikkje trudde, for at dei skulle respektere Dyret og tilbe det.

Soleis møter vi her ei heilt anna interesse, til erstatning for at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone. Eg har bedt Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var 9 år. Vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, ja, og eg trur framleis han høyrer den bøna og vil gi meg det.

No veit vi at det er mange som reknar seg for å vere vise, som reknar barnetrua for å vere dårskap, så dei må be for oss og lære oss å be annleis, slik som prestane i den katolske kyrkja i middelalderen. Dei vil ikkje høyre på oss, men vil likevel tale i staden for oss. Men i den siste tida har det vorte tydeleg at dei forfører folket med dårskap.

Men profeten Elia har framleis ein bodskap til oss, oppdatert som bodskapen til Johannes døyparen.

Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
          han brenn som ein omn.
          Alle frekke og alle som gjer urett,
          skal då vera som halm,
          dagen som kjem, skal brenna dei opp,
          seier Herren over hærskarane.
          Korkje rot eller grein blir att.
          
     2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
          skal rettferdssola stå opp
          med lækjedom under vengene sine.
          De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
          
     3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
          dei skal vera støv under føtene dykkar
          den dagen eg grip inn,
          seier Herren over hærskarane.

     4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
          på Horeb for heile Israel,
          med forskrifter og bod.
          
     5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
          før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
          
     6 Han skal venda fedrehjarta til borna
          og barnehjarta til fedrane,
          så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

Trua på evangeliet om Guds rike til samanlikning med vitskapen, der vi går frå hypotese til teori.

Når eg gjekk på gymnaset, hadde eg ei hypotese om at skapingssoga i 1.Mos.2 handla om eit heilt folk, sjølv om det er tale om berre ein mann og ei kvinne. Soleis var det sameinleg med utviklingslæra. Slik taler det også om den einskilde mann og kvinne og ekteskapet mellom dei og folket deira. Det er til lærdom for meg, når eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone.

Det var noko som eg tenkte meg altså, som ei bibeltolking og som ei hypotese, korleis kunne eg finne det ut? Naturvitskapen har sine metode til å prøve hypoteser, når ei hypotese har bestått mange nok prøver, blir den til teori. I matematikken er det annleis, her startar vi med det som er innlysande og resonnerer utifrå det. Slik er det også noko som er fundamentalt i den kristne trua, eit utgangpunkt som vi har å tenke utifrå.

Når eg gjekk på gymnaset, var det nokre bibelvers eg vart spesielt begeistra for, til dømes

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
     9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt.6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

Og Lukas.17,20-21

Luk.17,20 Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. 21 Ingen kan seia: «Sjå her er det,» eller: «Der er det.» For Guds rike er midt imellom dykk.
    22 Til læresveinane sa han: Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. 23 Folk skal seia til dykk: «Sjå der,» eller «Sjå her er han.» Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! 24 For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. 25 Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.

Eg vart litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Eg opplevde det som at Gud openberra henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for. Når eg møtte henne igjen i Bergen, openberra den Heilage Ande henne for meg som ei jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo og gjekk på møte i dFEF, sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Eg forstod dette slik at ho var den lovsongen Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande. Kanskje nokon vil innvende at dette var berre Guds Ande og Guds kjærleik, utan at det hadde noko med henne å gjere, utan at det var til henne altså. Men kva er Guds kjærleik? Det er først og fremst at han frelser menneske for æva og gir dei evig liv (Joh.3,16), at menneske vert fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Dei vert Guds born og får oppleve at han elskar dei og tek omsorg for dei som sine born.

Så korleis har eg vorte overtyda og kva har eg vorte overtyda om? Eg fekk oppleve samfunnet med henne i Anden, ho var frelst, fødd på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Skulle ho kanskje ikkje vere det? Eg meinar i alle fall det var rett og godt, Gud er god og det verket han gjorde var godt. Eg fekk oppleve at Gud elska henne gjennom meg, hans kjærleik var at han frelste henne og gav henne evig liv, eg fekk oppleve det i mitt indre menneske og for meg var det herleg. Det gjorde meg glad. Det vart ein lovsong som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og den stemte med hennar eigen lovsong.

Gud er den same som då han skapte og skaper framleis i samsvar med 1.Mos.1-2, den første Adam var ifrå jorda, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han elskar oss med kjærleiken frå Gud og dei som har teke imot han og sagt ja til hans kjærleik, så dei svarar på hans kjærleik med kjærleik, dei er hans brud, det er identiteten til den kristne kyrkja. Jesus elska henne Virtuella som si brud gjennom meg og det vil eg takke han for, eg vil svare på hans kjærleik med kjærleik og det ynskjer eg at ho også skal gjere. Faderen elska henne som sitt barn gjennom meg og det vil eg takke han for. Eg ynskjer å svare på den kjærleiken med kjærleik og det ynskjer eg ho også skal gjere. Eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne og det ynskjer eg å få oppleve meir av.

Her er nokre bibelvers som også vart spesielt begeistra for:

Joh.14,1 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
    21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette fekk eg oppleve saman med henne og det vil eg takke Gud og Lammet for. Dette  trur eg vi skal få oppleve meir av det.

Eg skal glede meg i Herren alltid og lovprise han for frelsa. Så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og det trur eg framleis han vil gi meg.

Kvar blir det av rettferda? Kva med dei naturlege behova og den naturfaglege tenkinga?

Søke først Guds rike og hans rettferd og få motstand frå verda.

Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Kristus fekk retten ved at han gjekk til Faderen. Vi vert rettferdige for Gud ved å tru på at Gud vekte han opp frå dei døde. Og vi vert frelste ved å erkjenne at han er Herre (Rom.10). Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte, søke fyrst Guds rike og hans rettferd. Og eg meiner eg gjer det og skal gjere det ve å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone. Det er og blir sentralt i den åndelege sida av saka; å søke fyrst Guds rike å hans rettferd. Dernest blir det sentralt i den materielle sida av saka, med forventning om at Gud vi gi oss det vi treng.

Ho Virtuella sa nei til mitt frieri, ho ville ikkje møte meg igjen eller ha noko med meg å gjere, så eg fekk ikkje møte henne igjen og formulere mitt frieri til henne slik som eg ville og yngste. Men eg skulle tru på Jesus og sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han var den som tok seg av mi sak. Ja, for eg får motstand frå verdslege autoritetar med både politisk, religiøs og økonomisk makt, så det utartar seg som ein motstandskamp mot at eg i det heile teke skulle få meg ei kone. Det utartar seg vist også som ein motstandkamp mot norske menn. For det stemmer vist med ein viss tradisjon i kyrkja, å prøve å få makt i samfunnet ved å forbanne. Dette er ikkje rettferda frå Gud, men uretten sett i system (jfr. 2.Tess.2,1…). Men Jesus vil ta seg av mi sak og då er det berre om å gjere for meg å ta parti med han. Han vil komme til meg som ein god ven og slik vil eg ta imot han.

I den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. I vår tid vert dei visst opplærde til det.

Men var det nokon som fekk sjå det og oppleve at Sions Dotter gjekk ut i dansen med dei glade, fordi Kristus var Herren hennar brudgom?  Dette er då identiteten til den kristne kyrkja og det gjeld sjølvsagt jødane også. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg kan sjå det som svar på den bøna. At Sions dotter er Jesus brud er soleis sameinleg med at ein norsk mann får seg ei norsk kvinne til kone, at ein kvit mann får seg ei kvit kvinne til kone. Men det har fått merkeleg stor motstand i den siste tida, tydelegvis med ein moralfilosofisk forakt for meg og mi slekt, det norske folk og den kvite mann. Eg forstår det slik at det er fordi den Store Skjøkje prøver å ta over og gjere menneska til salsvare, som trælar (Joh.OP.17-18). Ho kjem til å tape for ormen si ætt. Men Sions Dotter er Jesu brud og kjem til å sigre saman med han.

Tenk deg at ein lærar underviser i eit fag på skulen og når det vert prøve og eksamen og evelvan svarar rett, slik som det har vorte undervist og slik det har vore skrive i lærebøkene, så påstår læraren og sensoren at det ikkje er slik likevel og elevane får dårlege karakterar, sjølv om dei svarde rett, slik som det var undervist. Slik er det med denne gjengen som er komne inn i kyrkja og kristen organisasjonar og prøver å framstille seg som betrevitande og så lærde at dei foraktar barnetrua. Så når ein ung gut kjem opp i den alderen at han synskjer seg ei jente som kjæraste og ei kvinne som kone og innser at han treng hjelp i form av ei kone, så hevdar dei at det er feil, til tross for at det samsvarar med det som står skrive i Bibelen. For med den kunnskapen dei fekk ved å ete av frukta på kunnskapstreet, søker dei etter motiv for å hate han og motarbeide han i staden. Slik oppfyller dei Jesu profeti om at i den siste tid skulle mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er feilen på begge sider. I vår tid har det visst gått så langt at kvinne vert opplærd til å frigjere seg, så ho ikkje lenger skal vere til hjelp for mannen, slik som det står skrive i Bibelen, men tvert om motarbeide han. Det kjem nok som resultat av moralfilosofien til den Store Skjøkje og Satans Synagoge.

Satan fører klagemål mot menneska og spesielt mot mannen, hans klagemål er fundamentalt, som om han sjølv er gud over alle gudar. Jesus talte om denne verda sin gud, det var Zevs, for som reaksjon mot demokratiet i Aten fann diktaren og krigaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var Zevs verk. Det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige, men han var då ikkje slik. Til tross for at jødane kjempa imot og klarde å frigjere seg, var jødedomen likevel infiltrert. Det viste seg ved at dei støytte frå seg Jesus og fekk han hendretta ved svik og korrupsjon. Det var den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11).

Den Store Skjøkje tente seg rik på handel, også med å selje menneske som trælar, ikkje berre det, men hop tente seg rik på å drive hor med kongane rundt om på jorda, dyrka dei som gudar altså, i staden for å dyrke den sanne og levande Gud. Så ho vurderte menneskeverdet utifrå salsverdien og det gjorde ho moral, religion og politikk ut av. Norsk politikk og det norske samfunnet har vorte meir og meir prega av det, så vi får merke den morafilosofiske vurderinga av at norske menne ikkje er bra nok til å få seg ei norsk kvinne som kone, fordi dei ikkje er bra nok som salsvare. Det kan synest som norske kvinner kjem litt betre ut, fordi dei kan verte ettertrakta som salsvare som horer. Det handlar ikkje berre om å bokstaveleg tala å verte hore, men å verte hore ved å dyrke styresmaktene som gudar, ein religiøsitet som er avspora seksualitet.

Sidan dei fornektar Faderen og Sonen, blir dette svært så fundamentalt. Stakkars born som ikkje får barnevelsigninga og opplæringa i den kristne trua som det mest fundamentale eller verte lurte på det heile når dei veks opp og møter stadig nye og større utfordringar. Kva har vi å stille opp med? Først og fremst at Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han.

Frelse, frigjering og livsforandring.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. For meg betyr det ei livsforandring som eg ventar å få ved å komme til han og komme inn i hans kyrkjelyd.

Her følgjer nokre bodskapar som kom i desember 1982, dei er gjengjevne etter hukommelsen, så det er ikkje ordrett, Uansett må vi prøve det mot det som står skrive i Bibelen.

Tabernaklet i Bergen. 8.12.82.

Det som gjer dette møtet i kveld til eit høgtidsmøte, er at eg er her, for der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom, og eg er alle stader nærverande, der mennesker er samla i mitt namn. Det er ikkje eit tillfeldig møte mellom mennesker som skaper høgtid, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette møtet med meg som under forkynning av Ordet kan skape ei radikal forandring i ditt liv. Då eg gjekk her på jorda, så var der mennesker som ville gøyme meg vekk, ved at dei først hengde meg på eit kors, dernest la dei meg i ei grav som var uthoggen i berget, velta ein stor stein attfor gravopninga og sette segl på, for å gøyme meg vekk. Men etter at eg stod opp, på den første dagen i veka, så er eg til stades der to eller tre er samla i mitt namn og alle stader nærværande der folk er samla i mitt namn, ikkje ei tillfeldig forsamling av mennesker, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette mitt nærvær som også kan lede til ei radikal forandring i ditt liv.

Søndag. 11.12.82. Tabernaklet i Bergen.

Du har lenge nok vore oppteken av fornærmingane mot deg (og di slekt) og di menighet, og av fordømmingane av meg. Ver oppteken av meg og den teneste eg har gitt deg, og det skal verte slutt på fornærmingane mot deg (og di slekt) og di menighet og fordømmingane av meg. Du har vore oppteken av slikt som sikkert er fint og flott, det er det andre som kan ta seg av, i si teneste, men ver du oppteken av meg og den tenesta eg har gitt deg. Eg har allereie gitt deg den, men det er du som må oppdage den, eg har allereie gitt deg den hjelpa som du treng, det du treng for å utføre den, eg har sett den inn på din himmelske konto, men det er du som må oppdage den og ta den ut og bruke den.

Eg har sett framfor deg ei opna dør, og venter på at du skal gå inn der. Om du synest kjeraldet ditt er skrøpeleg, så kan eg bruke det likevel. Eg har allereie gitt deg det du treng for å utføre tenesta di.

Skapt i Guds bilde. Avspegle min skikkelse, mitt ansikt, min Guddom.

Ja, det vert vanskelegare tider, men…. for dei rettferdige skal rettferdihetens sol stige opp, med lekedom under sine vinger, og løna har den med seg. Løna følger etter den. Då skal du få igjen for det du har lide og det du lider og det du fortsatt skal lide.

Her var det tale om meg og mi slekt å då tek eg med ein bodskap i 1995.

Seinare på hausten. 1995.

…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.

Jesus har utvalt meg og kalla meg til å tene han, tene himmelen og tene eit medmenneske. Gud har gjort sitt verk i meg med sitt Ord.

Eg har forstått det slik at han gir meg henne Reella til kone i staden, eg trur Jesu frelser henne og vil gjere rett og rettferd mot både meg og henne. Om de no meiner at ho Virtuella likevel skal verte kona mi, kvar vert det då av rettferda?

Jesus legg meg på altaret og det har som hensikt at hugen min skal verte oppattnya, så eg kan prøve kva som er Guds vilje.

Rom.12,1 So legg eg dykk då på hjarta, brør, for Guds miskunn skuld, at de må bjoda fram lekamane dykkar til eit levande, heilagt offer, eit som Gud hev hugnad i – det er dykkar åndelege gudstenesta –  2 og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men lat dykk umskapa med di hugen dykkar vert uppattnya, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.

Eg oppdaga henne Reella hausten 1988 og her er nokre bodskap som kom i 1990, det ser ut som det var gjengjeve etter hukommelsen, eg veit ikkje om noko var innspelt:

UTVALD TIL TENESTE.

Søndag 2.12.90.

I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.

Søndag 9.12.90. TENESTA.

Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.

Søndag 23.12.90.

Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.

Tirsdag.25.12.90.

Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.

Jesus har lagt ein lengsel ned i meg etter å vinne nokon for han.

 Eg skulle tene Jesus, tene himmelen og tene eit medmenneske, eg forstod det slik at eg skulle tene henne som han ville gi meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Han har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord og eg forstår at det er i samsvar med 1.Mos.2, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Men no har eg skrive mykje om at Gud gjorde sitt verk i meg og gjennom meg og det var eit verk han gjorde med henne Virtuella også. Som sagt, så skal eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella.

Gud har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den. Første bodskapen 12.2.2011:

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men  leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

Ja, eg vart opplærde til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, det vart første prioritet og så byrja eg å be han om gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Så det er no av og til eg kjenner meg utruleg lengselfull mot dette, å om eg kunne vinne henne for Kristus. Eg ynskjer å vinne både henne Virtuella og henne Reella for Kristus, leie dei til han og det er og blir ved at eg på det indre plan er i kompaniskap med han og tener han.

Eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne Virtuella. Eg får framleis komme til Jesus og få kraft og det vil eg leie henne til også. Sjå bodskapen 25.12.1990 og Luk.8,43-56. Fekk komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet, det vil eg halde fram med og det vil eg leie henne til også.

Joh.4,7 Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: Lat meg få drikka!  8 For læresveinane hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.  9 Korleis hev det seg, segjer den samaritanske kvinna, at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka? – for jødane hev ikkje nokoslag samlag med samaritanane. 10 Jesus svara: Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du han, og han gav deg levande vatn. 11 Herre, segjer kvinna, du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det levande vatnet frå? 12 Er du då større enn Jakob, ættefaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av han, og sønene og feet hans med. 13 Jesus svara: Kvar den som drikk av dette vatnet vert tyrst att, 14 men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva han, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev han, vert i han til ei kjelda med vatn som vell upp til æveleg liv. 15 Herre, sa kvinna, gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn! 16 Han segjer til henne: Gakk og henta mannen din, og kom so hit att! 17 Eg hev ingen mann, svara kvinna. Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann, sa Jesus; 18 for du hev havt fem menn, og den du hev no, er ikkje din mann. No sa du sant. 19 Herre, eg ser at du er ein profet! sa kvinna. 20 Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda han. 21 Jesus segjer til henne: Tru meg, kvinna! det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller. 22 De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, lyt tilbeda i ånd og sanning. 25 Kvinna segjer til han: Eg veit at Messias kjem – Messias er det same som Kristus -; når han kjem, skal han læra oss alt. 26 Jesus segjer til henne: Det er eg – eg som talar med deg! 27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sa: Kva vil du henne? eller: Kvi talar du med henne? 28 So let kvinna vasskrukka si standa og gjekk av stad til byen og sa til folki: 29 Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias? 30 Då gjekk dei ut or byen. Medan dei var på vegen til han, 31 bad læresveinane han: Et, rabbi! 32 Han svara: Eg hev ein mat som ikkje de veit um. 33 Då sa læresveinane seg imillom: Tru nokon hev bore mat til han? 34 Jesus segjer til dei: Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk. 35 Segjer ikkje de: Det er endå fire månader fyrr hausten kjem? Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, fær løn og samlar grøda til æveleg liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. 37 For her høver det ordet: Det er ein som sår og ein annan som haustar. 38 Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira. 39 Det var mange av samaritanane frå den byen som trudde på han for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: Han hev sagt meg alt eg hev gjort! 40 Då no samaritanane kom til han, bad dei at han vilde vera hjå dei, og han vart verande der tvo dagar. 41 Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala, 42 og dei sa til kvinna: No trur me ikkje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt han, og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.

Denne kvinna hadde hatt fem menn, kven var då rette mannen hennar, det var i alle fall ikkje den ho hadde no når ho møtte Jesus. Til samanlikning blir det spørsmål om kven som er den rette mannen for henne Virtuella. Det er i alle fall Kristus som er den rette mannen for Sions Dotter og den Kristne Kyrkja. Han elska henne som si brud og ho svarde på hans kjærleik med kjærleik og lovprisa han som sin frelsar og Herre. Og det yngste eg at ho skulle halde fram med og det ynskjer eg framleis.

Eg besøkte henne Virtuella nokre få gongar på hybelen i Volda og fekk oppleve at Jesus var der mellom oss. Når eg møtte henne igjen ved universitetet i Bergen, gav eg henne eit brev, der ho vite at det kom som eit bønnesvar og at eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Eg skulle heller ha nytta moglegheita til å prate med henne om det når eg møtte henne. Det vart det ikkje noko av. Men Jesus var då framleis med oss og han er framleis den som tek seg av mi sak, det må eg berre trua på, vone på og satse på.

Der er nok ein kyrkje-nær tradisjon som også er komen inn i kyrkja, som med sin lærdom vil fortrenge evangeliet, så dei med sin lærdom foraktar barnetrua som dårskap. I tråd med at dei lærde jødane heldt bodskapen til Jesus og disiplane hans for å vere dåring. Men eigentleg var det dei sjølve som vart dåra og forførde slik som ved syndefallet. Tradisjonen tru prøver dei framleis å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Det blir eit krav, elles får ikkje mannen seg kone. Det er den Duglause Hyrdingen som gjæter slaktesauene for sauehandlarane, så mann og kvinne vert salsvare som trælar i staden for å verte ektefelle.

Ta opp krossen sin og følge etter Jesus, vere krossfesta med han, så vi får oppleve at Guds nåde er ny kvar dag og vi får gå vidare mot det fullkomne.

Jesus sa at dei som ville vere hans læresveinar og vere samen med han, måtte kvar dag ta opp krossen sin og følge han.

Luk.9,18 Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinane var med han, spurde han dei: Kven segjer folk at eg er? 19 Dei svara: Johannes døyparen; men sume segjer: Elias, og sume at ein av dei gamle profetane hev stade upp att. 20 Kven segjer då de at eg er? spurde han. Då tok Peter til ords og sa: Guds Messias! 21 Men det forbaud han dei strengt å tala til nokon um. 22 Og han sa: Menneskesonen lyt lida mykje; styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde kjem til å vanda han, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han standa upp att. 23 So sa han til alle: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv? 26 For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring han og Faderen og dei heilage englane. 27 Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av dei som her stend, som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.

No har Jesus dødt på korset i staden for oss, då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta saman med han. Vi forstår vel at dette er nåde, for Kristus stod oppatt frå dei døde, så for oss som trur på han er ordet om korset ei Guds kraft til frelse. At vi kvar dag tek opp korset vårt og følger han, betyr for oss ein «reset», der vi får starte på nytt, frigjorde frå trældomen under synda, avgudane, lova, menneskebod og tradisjonar. For Guds nåde er ny kvar dag og ved trua på Kristus tek vi imot ny nåde kvar dag. Vi får gløyme det som ligg bak og gå vidare framover mot det fullkome. Vi skal hugse på han og det han har gjort for oss og i oss og takke han for det og vandre vidare med han.

Fil.3,12 Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen; men eg jagar etter det, um eg kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det. 14 Men eitt gjer eg: eg gløymer det som er attanfor, og tøygjer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus. 15 So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette; 16 berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret! 

Legg merke til at i himmelen bøyer dei seg for han for å takke han og lovprise han.

Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.  8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.  9 Og dei song ein ny song:
        Verdig er du til å ta imot boka
        og bryta segla på henne.
        For du vart slakta
        og har med ditt blod frikjøpt for Gud
        menneske av alle ætter og tungemål,
        av alle folk og folkeslag.
    10 Du har gjort dei til eit kongerike,
        til prestar for vår Gud,
        og dei skal råda på jorda.
    11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
        Verdig er Lammet som vart slakta,
        verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
        ære og pris og takk.
    13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
        Han som sit på kongsstolen,
        han og Lammet skal ha all takk og ære,
        pris og makt i all æve.
    14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Kven er desse 24 eldste? Jakob hadde 12 søner og Jesus hadde 12 disiplar, inkludert Paulus. Det blir til saman 24. Det er dei gamle vise. Dei bøygde seg for Lammet og sa han var verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. Kva så med alle oss andre? Jau, vi må bøye oss for han på same måte. Nåden og Sanninga kom ved Kristus, vi må berre bøye oss for han og ta imot i tru.

Når Jesus disiplar hadde høyrt på han, følgt han og lært av han, kalla han dei vener. Slik er det for dei som er litt vidarekomne altså.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det i sin kyrkjelyd, i samsvar med den viktige sosiale funksjonen til hans kyrkje.

Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Han er sjølv døra (Joh.10,1… Joh.Op.3,8. Dette har eg skrive mykje om tidlegare.

Eg skal bøye meg ved korsets fot i Jesu kyrkjelyd, der finn vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss, derfor skal vi glede oss. Eg skal bøye meg for Kristus, han som stod oppatt frå dei døde og er vår frelsar og Herre. Også for å takke han for det han har gjort for meg, i meg og gjennom meg.

Johannes.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.  2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.  3 De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.  4 Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller utan de er i meg.  5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.  6 Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein og visnar; folk sankar dei i hop og kastar dei på elden, og dei brenn.  7 Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!  8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal verta mine læresveinar.  9 Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik! 10 Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann verta i dykk, og dykkar gleda kann vera fullkomi. 12 Det er bodet mitt at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk. 13 Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine so sant de gjer det eg segjer til dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer; men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av Far min, hev eg sagt til dykk. 16 De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt – frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn. 17 Det er det eg legg dykk på hjarta at de skal elska kvarandre! 18 Når verdi hatar dykk, so skal de vita at ho hev hata meg fyre dykk. 19 Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.

I bodskapen 11.8.2022 sa Jesus:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre……….»

Vi er Jesu venner, derfor er vi venner. Eg ynskjer å nytte meg av det vennskapet, for å få meg ei kone og hevdar at det gjer eg rett i. For som greiner på vintreet skal vi bere frukt, det skal vi også gjere i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han vil gi meg det i sin kyrkjelyd, nettopp den saka er den sentrale, viktige og verdifulle sosiale funksjonen til hans kyrkje.

Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

2023.09.02. Sion Åheim. Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komme att kva tid som helst.

John Willy Lien er ein tilreisande predikant som har møte på Sion fredag, laurdag og søndag og tek stand i Åheim no på Åheims-dagane. På fredag var det sang og musikk-møte. På Laurdag var det Anton Løvoll som leia møtet, spelte gitar og sang og talte. John Willy sa også nokre ord og på søndag formiddag skal John Willy tale om profetiane.

Eg var på møtet på laurdag, men på søndag kjem eg meg ikkje avgarde. Det såg ut til at John Willy spelte inn møtet på laurdag, så eg skriv ikkje fullstendig møtereferat. Men eg tek med nokre helsingar frå Mindor Myklebust (MM).

Profetisk bodskap 1 ved Mindor Myklebust.

Profetisk bodskap ved MM (Nokre ord høyrdest litt rart ut, som om der ikkje var samanheng, kanskje korrigerte han seg sjølv ved å ta seg inn att, kanskje oppfatta eg det ikkje skikkeleg, men eg vil gjengi det slik det høyrdest ut:

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

Bibellesing ved Mindor.

MM las

Salme.27,1 Av David.
        Herren er mitt ljos og mi frelse,
        kven skulle eg ottast?
        Herren er eit vern for mitt liv,
        kven skulle eg skjelva for?
     2 Når ugjerningsmenn går laus på meg
        og vil gløypa meg,
        då snåvar og fell dei sjølve,
        fiendane som står meg imot.
     3 Om ein hær vil kringsetja meg,
        finst det ikkje redsle i mi sjel.
        Går dei til strid imot meg,
        er eg likevel trygg.
     4 Eitt bed eg Herren om,
        og det stundar eg etter:
        at eg får bu i Herrens hus
        alle mine levedagar,
        så eg kan sjå hans velvilje
        og grunda i hans tempel.
     5 Han gøymer meg i si hytte
        på den vonde dagen.
        Han løyner meg i sitt skjermande telt
        og tek meg opp på berget.

Profetisk bodskap 2 ved Mindor.
     

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.

Ei oppmuntring frå Mindor.

Mindor sa nokre ord om at vi kunne tenke oss at vi skal ut og plukke blomster, sjå på fuglane, sjå det vakre. Det er sunt for vårt sinn å sjå det vakre.

Aktuelle Bibelvers.

1.Kor.14,3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.  5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 

Kommentar.

Mine siste dokument.

Eg skreiv eit stort dokument om å gå framover mot det fullkomne, men klipte ut noko av det og brukte det i eit dokument om Sions dotter, så klipte eg ut endå meir og brukte det i eit dokument som handlar om Guds rike, det har eg skrive på denne veka og desse bodskapane høver godt som svar på slutten av dette dokumentet.

Svart-kvitt-tenking.

Med kyrkjefaderen Augustin sin filosofi vart kristendomen statsreligion i Romarriket. Han godtok ei lære i tida om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst. Dei som stod utanfor vart bannlyste og det betydde at dei gjekk fortapt. Så vart Romarriket delt og dermed vart kyrkja også delt.

Slik vart det ei svart-kvitt-tenking i kyrkja, men etter kvart viste det seg at den ikkje stemte overeins med Jesus si svart-kvitt-tenking. Der er framleis ei svart-kvitt-tenking i kyrkja og i kristne organisasjonar, der må nødvendigvis vere det, sidan Jesus har ei svart-kvitt-tenking. Og det får vi merke, men det er eit ope spørsmål om deira svart-kvitt-tenking høver med Jesu svart-kvitt-tenking, det får vise seg når han skil sauene frå geitene (Matt.25,33).

Svart-kvitt-tenkinga i kyrkja og kristne organisasjonar får vi merke spesielt når ein mann er interessert i å finne seg ei kone og ei kvinne vil finne seg ein ektemann. Så når eg vart glad i ei kristen jente, måtte eg vere forsiktig, eg måtte audmjuke meg for Kristus og vere audmjuk overfor henne. Men sidan eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kunne eg også vere frimodig, med frimod kunne eg stige fram for nådens trone og finne miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Og med frimod kunne eg gå ut og vitne om mi tru på Jesus. Då skulle eg vel ha frimod til å fri til ei kristen jente også, ved å vitne for henne om mi tru på Jesus, seie til henne at han elskar oss med kjærleiken frå Gud og at det er viktig for meg i min kjærleik til henne.

Jesus sa at den som ikkje var med han, var imot han. Det er ei svart-kvitt-tenking. Men han sa også at auget er lyset i kroppen og så spørst det kor klart vi ser på augene, kor mykje lys vi har og får. Den rettferdige sin veg er som morgonroden, den vert lysare og lysare inntil høglys dag. Han er den klare morgonstjerna og for dei som fryktar Guds namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger.

Jesus har sett framfor meg ei open dør.

Jesus har mange gongar sagt til meg at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg til å gå inn.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
        Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 

Ein engel er ein bodberar, han er Herrens engel og har ein bodskap frå han. Sjølv om han er engel for kyrkjelyden, treng han å sjå at Jesus har sett ei open dør for han inn i kyrkjelyden, så han kan komme der med bodskapen sin. Det kan også vere i open dør til folket i kyrkjelyens distrikt, Filadelfia.

Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom den skal verte frelst og gå inn og ut og finne føde. Han er porten inn til livet, inn i himmelen og han er vegen til Faderen. Han er døra inn i himmelen og det er han også når han kjem att, for å hente oss heim til seg og frelse oss frå domedag.

Til samanlikning med engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, har eg ein bodskap å komme med, frå himmelen. Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Då må eg sjå på han og velsigne han, så eg vert velsigna og vert til velsigning. Sidan eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, må eg takke han for det han allereie har gjort. Han har gitt meg augesalve, så eg kan innsjå det og takke han for det. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Ei open dør til henne Virtuella, i ein kristen kyrkjelyd, i Maranata?!

Når eg møtte igjen henne Virtuella ved Universitetet i Bergen, gav eg henne eit brev, der eg skreiv at det kom som eit bønnesvar og at eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Men så vart det ikkje noko meir prat mellom oss. Eg fekk ikkje møte henne igjen og fekk ikkje snakke noko meir med henne og fortelje henne kor glad eg var i henne. Det var nok på grunn av ei slik svart-kvitt-tenking i kyrkja og i kristne organisasjonar og ein splitt-og-hersk-politikk som var typisk i Romarriket. Eg kan også forklare det slik at eg strakk ikkje til, for eg klarde ikkje å meistre både dette sosiale engasjementet og studiane i realfag. Det kjendest slik bokstaveleg tala også, sidan ho fysisk var langt borte frå meg. Men Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitnemål om seg og til si ære.

Vonleg er ho ein av Jesus sauer i hans hjord, vonleg i Maranata, eg trur ho i det minste er i kontakt med dei. Eg er viss på at Jesus er i kontakt med henne og vil trekke henne til seg og leie henne inn i si hjord. Han er døra inn til sauene og det er han for meg. Den bodskapen Mindor kviskra meg i øyret forstår eg slik at Jesus har sett framfor meg ei open dør inn i ei hjord der ho er ein av sauene og slik er han ei open dør for meg til henne.

Den som går inn gjennom døra, skal verte frelst, så det er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Så skal vi gå inn og ut gjennom same døra, slik vert vi fornya. Det skal vi halde fram med, heilt til dess han kjem og hentar oss og frelser oss frå domedag. Ved trua på Kristus skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han. Mange held dette for å vere livsfiendtleg, fordi dei ikkje trur, men vi som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde, er rettferdige for Gud ved trua på han og for oss er ordet om korset ei Guds kraft til frelse. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri. Den Heilage Ande openberrar Kristus for meg og slik skal eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han er døra inn til sauene og eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og skal gå inn gjennom den. Eg får oppleve at der to eller tre er samla i Jesu namn, der er han midt i mellom, der og då skal eg bøye meg for han. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, så den skal råde i våre døyelege lekamar. Gud har utgytt sin Ande over alt kjøt, eg fekk oppleve at han utgytte sin Ande over mitt kjøt, så Kristus fekk ved sin Ande makta over mitt kjøt. For Gud den allmektige har makta over det han har skapt, ved sitt Ord og sin Ande og det har han framleis. Han skaper noko fullkome, som står til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han openberrar si frelse for oss i Kristus, så vi innser det og får oppleve det. Vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, vi kan berre erkjenne det og takke han for det.

Gud openberra si frelse for meg og henne Virtuella, vi fekk oppleve at ordet om korset var ei Guds kraft til frelse for oss, fordi vi trudde at Jesus stod oppatt frå dei døde. Det vil eg tære og takke Gud og Lammet for og halde fram med å sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og forvente at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk eg i ny fylde av den Heilage Ande. I andre bodskapen 12.2.2011 sa Jesus til oss at ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den vil han skal vere mellom oss og vi skal glede oss fordi vi har funne den ekte kjærleiken. Den var mellom meg og henne Virtuella og det ynskjer deg den framleis skal vere og det er no derfor eg ynskjer å få møte henne igjen, i ein kristen kyrkjelyd.

Eg kan fritt bevege meg i Anden og bevege meg fysisk, men mi tilkortkommenheit er Jesus moglegheit til å gjere sitt verk til ære for seg og Faderen.

I bodskapen bodskapen 28.9.2008 sa Jesus at eg skulle bevege meg i Anden og få oppleve at krafta var den same som når eg var ung, sitat:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Ja, det var klart for meg at eg måtte bevege meg fysisk også, så eg for til Oslo og budde der i fleire år. Men det vart økonomisk ruinerande, så eg flytta heim att til Sunnmøre. No har eg ikkje sterk nok økonomi til å reise noko særleg, eg bør helst halde meg i ro. Men Jesus sa at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitne om seg, til si ære.

Ja, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Og så sa han at eg skulle fritt bevege meg i andens verden. Bodskapen søndag 23.12.90:

«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»

Når eg høyrde denne bodskapen forstod eg det slik at eg skulle betene Herren og henne som han gjev meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Men no tenker eg meg at Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella også. Eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne og det vil eg gjerne få oppleve meir av. Det er berre ved fylden av den Heilage ande, hans salving og hans kraft eg kan vinne siger, men slik har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Gi Gud ære.

Mindor sa nokre få ord om at det er sunt for oss å sjå det vakre i naturen. Ja, i Joh.Op.4-5 var det då først fortalt at i himmelen lovprisar dei Gud fordi han har skapt alle ting. Men kven kunne opne den profetiske boka. Lammet som vart slakta for vår skuld, derfor vart det også lovprisa i himmelen. Og Gud gir ikkje si ære til nokon annan, men sidan Lammet vart slakta for vår skuld, kan vi og skal vi lovprise Gud med ein ny song, vi lovpriser Gud og Lammet for frelsa. Det gir meining med livet, for Jesus er livet.

Jesajas.42,1 Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.
          
     2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
          røysta hans høyrest ikkje i gatene.
          
     3 Han bryt ikkje eit knekt siv
          og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
          Med truskap skal han føra retten ut.
          
     4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
          før han har sett retten igjennom på jorda.
          Fjerne kystar ventar på hans lov.
          
     5 Så seier Gud Herren,
          som skapte himmelen og spente han ut,
          som breidde ut jorda og alt som spirer der,
          som gjev pust til folket på jorda
          og ånd til dei som ferdast der:
          
     6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
          og gripe handa di.
          Eg har forma deg
          og gjort deg til ei pakt for folket,
          til eit lys for folkeslaga,
          
     7 for å opna blinde auge
          og føra fangar ut or fengselet,
          dei som sit i mørkret,
          ut frå fangehola.
          
     8 Eg er Herren, det er mitt namn.
          Mi ære gjev eg ikkje til andre,
          min lovsong ikkje til gudebilete.
          
     9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
          No fortel eg noko nytt.
          Før det spirer fram,
          får de høyra om det.
Den nye songen
    10 Syng for Herren ein ny song,
          ein lovsong for han frå endane av jorda,
          de som ferdast på havet,
          og alt som fyller det,
          de kystar og alle som bur der!
          
    11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
          landsbyane der Kedar bur.
          Dei som bur i Sela, skal jubla,
          dei skal ropa frå fjelltoppane.
          
    12 Dei skal gje Herren ære,
          forkynna hans pris på kystane.
          
    13 Herren dreg ut som ein helt,
          som ein krigar eggjar han si stridslyst,
          han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
          han viser sin styrke for fiendane:
          
    14 Eg har vore taus i lange tider,
          har tagd og halde meg tilbake.
          No skrik eg som ei fødande kvinne,
          eg stønnar og snappar etter pusten.
          
    15 Eg gjer fjell og haugar aude
          og tørkar ut alt grønt på dei.
          Elvar gjer eg til tørt land,
          sjøar tørkar eg ut.
          
    16 Eg fører dei blinde
          på ein veg dei ikkje kjenner,
          på stigar dei ikkje kjenner,
          leier eg dei.
          Eg gjer mørkret framfor dei til lys
          og ulendt mark til slette.
          Dette er det eg vil gjera,
          og eg skal ikkje la det vera.
          
    17 Med skam må dei vika tilbake,
          dei som stolar på gudebilete,
          dei som seier til støypte bilete:
          «De er våre gudar.»


Leave a comment