Gud signe vårt dyre fedreland, Vanylven, Sunnmøre.
Ein av våre fedrelandssangar byrjar slik: « Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma». Kva er samanhengen mellom Gud og landet då? Når vi ser på landet, så forstår vi det ganske rett med fysikk, kjemi og biologi. Vi arbeider med å dyrke marka, så det skal vekse plantar som er fruktbare og er til ernæring og nytte for oss. Velsigninga har allereie gjort det fruktbart gjennom opplæringa i realfag og teknologi. Men forstår vi det? Gir vi Gud ære for det?
Gud dyrkar vårt hjertes jord ved at han talar sitt Ord til oss, det er som såkorn han sår i hjertets jord, då treng den å verte vatna ved fylden av den Heilage Ande. Så veks det av seg sjølv. Vi treng å høyre forkynninga og ta imot i bønn og takk. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i hjertet, blir vi som såkorn han sår ut i landet. Så veks det også av seg sjølv.
Oddleif Wahl byrja som forstandar i pinsekyrkja Sion Åheim og han sa noko om «Bygdedyret», bygdesladderen, vi skal ikkje fare med sladder. Når vi samtalte om dette sa eg at vi må no kunne snakke om andre menneske, men vere forsiktige med kva vi seier. Det som er så skadeleg er at baktale blir til forbanning og det endåtil utan at den som det er snakk om får høve til å svare for seg. Men for oss er det om å gjere å få snakke med dei, så dei får høve til å svare for seg sjølve. Så må vi vere forsiktig med kva vi seier, vi kan snakke med Jesus om alt, men det er om å gjere å snakke med han om det som er viktig for oss, for han er då vår konge. Vi kan seie mykje om han, men det er om å gjere å få snakke med han. Eg velsignar han og blir velsigna og slik blir eg til velsigning. Så eg seier velsigninga til andre og den inneber eit ynskje om at det skal gå oss godt, ved at vi tek imot den velsigna Gud gir oss frå himmelen ved at han sende Son sin til vår jord.
På eit møte Oddleif var her og talte kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale: «Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.» (Bodskapen 20.3.2022).
Oddleif talte også på møtet på Salen Fiskå 11.8.2022 og då kom desse bodskapane,
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Dette minna meg om korleis eg vart opplærd til å be frå eg var ein liten gutunge, påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste, be for folket og landet. Eg merka at han var meg nær, som min beste venn. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Eg forstod at der fekk eg motstand og at slik fekk den karismatiske rørsla motstand også.
Og så minna det meg om korleis eg bad for henne Virtualla når eg gjekk på gymnaset. Seinare på hausten ramla eg og skada meg, så eg fekk ein brokk-port. Det fekk meg til å tenke på at når eg møtte henne Virtuella igjen i Bergen, merka eg at den Heilage Ande bad for henne og no opna eg meg for å la den be for henne i mitt hjerte og sikkert fleire med henne. Dette var om kvelden, når eg hadde lagt meg og seinare kjende eg ikkje att brokkporten. Når eg vart undersøkte igjen, var den vekk.
Når eg gjekk på gymnaset hende det at eg besøkte henne Virtuella på hybelen og eg merka sterkt at Jesus var mellom oss. Eg hadde eit ynskje om å omfamne henne og gi henne ein klem og fortelje henne at eg var glad i henne, men korleis få sagt det, eg måtte vel byrje med det. Eg tenkte på det slik som vi ser i
Matt.18,1: «I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Ja, eg yngste at eg og ho skulle ta imot kvarandre slik,. Så vi fekk oppleve at Jesus var midt i mellom oss. Den karismatiske rørsla forkynte at Gud rende ut den Heilage Ande over alt kjøt, den var utrent over vårt kjøt, så Jesus rådde over lyta i våre kroppar ved sin Ande, slik rådde han over kjønnslysta, så då kunne eg vel med godt samvit seie til henne at eg var glad i henne, Guds kjærleik var mellom oss og vi kunne med godt samvit snakke om det, som gode venner. Om eg sa det til henne vona eg på at det ville glede henne og vennskapet mellom oss uansett verte betre og sterkare. Med den oppfatninga og meininga inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesus oppstode frå dei døde. Dette var siste året på gymnaset. Eg tenkte meg at den gode samvits pakt med Gud gjorde det klart for meg og oss at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er Guds sak, som han har med å gjere, så eg kan med godt samvit be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone.
Når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen og fekk ho vite at det kom som eit bønnesvar, for eg var forelska i henne og yngste å få henne til kone. Eg var førebudd på å få motstand, men Jesus har sagt til meg mange gangar at han er den som tek seg av mi sak og no vil han altså at eg skal opne meg for han og ynskje han velkommen som ein god ven som vil ta seg av den saka for meg altså. Han lovar å fornye dette møtet, der eg får sjå at han er med meg alle dagar. Som når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, til dømes, fornye mitt møte med henne!? Som om det er eit nært føreståande steg på vegen, for komme vidare, ved at Jesus viser meg vegen og leier meg vidare.
Når eg møtte henne igjen i Bergen yngste eg å få møte henne og ta imot henne slik eg eg trur eg fekk oppleve det i Andens verden, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg, eg opplevde det som om eg fekk omfamne henne slik. Jesus var mellom oss og då måtte eg sjå på han, vi tilhøyrde han og skulle leve for han, han var målet og hensikta, han er fullkomen og gjer oss fullkomne med sitt offer.
Han har mange gangar sagt at eg skal sjå på han og glede meg i han og takka han for frelsa, det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, så slik takkar eg Gud og Lammet for den. Så slik ynskjer eg framleis å velsigne henne og ta imot henne.
Jesus har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så då har eg tenkt meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning både til henne Reella og henne Virtuella. Eg skulle sjå på han i alle livets samanhengar, så eg tenkte meg at det skulle eg gjere både i forhold til henne Reella og henne Virtuella. Det er no ved at han utgyter sin Ande over mitt kjøt, vårt kjøt og det har eg no fått oppleve meir av i mitt forhold til henne Virtuella.
Når Oddleif kom heim att etter si siste periode som predikant her i haust, fekk han hjerneslag. Han går litt med ei krykke, elles brukar han visst rullestol. Så eg byrja å tenke meir på at vi tek imot han både som ein Herrens sendebod til meg, oss og vårt distrikt (Bodskapen 20.3.2022) og som eit Guds barn (Bodskapen 11.8.2022). I von om at Gud ville lækje han. Det har ikkje kome som noko Guds under enno, men Jesus er no med han og oss og han følgjer sikker både medisineringa og opptreningsprogrammet frå lækjarane og helsesektoren.
Han talte på Sion Åheim 21.5.2023. og då kom han med denne profetiske bodskapen:
«Sjå deg ikkje engsteleg om, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min eigedom, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg engsteleg om, du skal ikkje bekymre deg, du skal ikkje tenke på kva som ligg bak i livet ditt, for eg har gjort deg til ein ny skapning og du er ikkje definert utifra kva du gjorde før. Men du er definert utfra det eg har gjort og vil gjere i ditt liv, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg tilbake, du skal ikkje sjå deg engsteleg om. Men eg har kalla deg ved namn og du er min eigedom.»
Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere og sa at hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Det fundamentale problemet var at synd skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesu bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunnet med Gud og får oppleve at han openberrar si frelse for oss i Kristus ved sitt Ord og sin Ande. Då er det berre for oss å feste blikket vårt på han. Han er Guds Ord og når det ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. For det er Gud som gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Vi velsignar han og blir velsigna og blir til velsigning.
Ekte kristendom!? Alt kjøts Gud.
Skapingssoga og velsigninga.
Når eg gjekk på gymnaset byrja eg å tenke som so at skapingssoga i 1.Mos.2 handla om eit heilt folk, sjølv om det er tale om berre ein mann og kona hans. Det har eg sidan vorte sikker på, for seinare i Bibelen er eit folk ofte omtala slik, oftast som ættefaren, i dei tilfelle det er tale om ei kvinne, så kjem det seinare. Til samanlikning er der ei historie før kvinna vert omtala i 1.Mos.2, historia er svært så komprimert i denne skapingssoga.
Barnevelsigninga skjer før barnet har lært å snakke, for Jesus sa at vi skulle la småborna komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Og så sa han at dei vaksne må verte som born for å komme inn i det. Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, den lovnaden får vi oppfylt i Kristus, ved å velsigne han vert både born og vaksne velsigna. Gud, hans Ord, hans Ande og hans rike er mest fundamentalt, så dette er fundamentalt som i skapinga. Han har openberra si frelse for oss i Kristus og det inneber at han gjer alle ting nye.
Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han gir liv til vår sjel og ånd i vårt hjerte og i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han er vegen til Faderen, på den vegen kjem vi inn i samfunnet med han og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss og oppseder oss som sine born, slik har han omsorg for sine henders verk.
Prestetenesta og studiane.
Eg har hatt trua på Jesus i mitt hjerte, samtidig som eg har vore interessert i realfag. Til tider har eg kjent det som motstridande interesser, gå eg gjorde ikkje særleg god innsats når eg gjekk på gymnaset og eg kjende fortsatt på dei motstridande interessene når eg byrja å studere realfag. Men etter kvart vart eg viss på at det faktisk var det Jesus kall meg til, så her var det berre å «legge seg i selen».
Sidan vart det klart for meg at det var ei preste-teneste han hadde gitt meg og kalla meg til, prestetenesta i den nye pakta, han gjer oss til eit kongeleg presteskap. For Jesus har med sitt blod bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi alle får komme etter og stige fram for nådens trone og det er ei presteteneste. Det er vårt først kall, ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss.
Det er altså av berre nåde, på grunnlag av det fullførde frelseverket. Når Ordet ved trua smaltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Den kvila er utgangspunkt for all teneste. Så det er ikkje slik at eg studerer for å verte prest. Jesus har gitt meg preste-tenesta av berre nåde, så det er heller slik at eg studerer fordi eg allereie har fått prestetenesta og det endåtil når eg studerer realfag. Men då skulle det vere på denne måten:
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.
Eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. For det første at han frelste m eg for min eigen del og henne for hennar del og dernest at eg fekk henne til kjæraste og kone. Eg innsåg også at det var den hjelpa eg trengde, så eg bad han om den og det høver då med Matt.11,25-30.
Då låg det an til konflikt og det vart det, for der var så mange verdslege, økonomiske, politiske og religiøse maktinteresser som ville gjere krav på henne og bruke henne på sin måte, som motsetnad til mine interesser, så dei ville tvert om bruke henne til å motarbeide meg. Det er eit motsetnings-forhold det er skrive om og forklart mange plassar i Bibelen, så eg treng ikkje krydre det med «superlativ».
Det handlar om mi sak, om mannen si sak og det handlar om striden om prestetenesta.
Skap i meg eit reint hjarte.
Eg for tilbake til Oslo i 2009 og så byrja eg å gå på møte i Maranata Oslo.
John Miland talte i Maranata om David som gjorde hor med Batseba og som prøvde å skjule det, men som då gjorde ei synd til. Det var bra at profeten Natan kom. Og tala han til rettes, så han vedkjende si synd for Gud og bad om nåde og tilgjeving og bad Gud skape i han eit reint hjarte.
SLM 51,12 – SLM 51,14 Gud, skap i meg eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd! 13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn, ta ikkje frå meg din Heilage Ande! 14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse, hald meg oppe med ei viljug ånd!
Så veit vi korleis det gjekk, han slapp å døy for si synd, men sidan fekk han lide for det likevel.
Om vi har skjult synd i våre liv, så må vi komme til Jesus med det, bøye oss for korsets fot og vedkjenne vår synd for han.
1.Joh.1,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Og så må vi halde fram med å bøye oss for han.
Davids synd braut med den rettferda han tidlegare hadde stått for, så om han i staden hadde fortsett slik, hadde ikkje politikken hans vore rettferdig slik som før. Og slik er det med den såkalla kvinnefrigjeringa, protesten mot Paulus si lære og politisering av kvinna. På slutten av 1980-talet forkynte kvinnerørsla mannshat, så denne politikken er organisert hat mot den einskilde mann, utan at han får høve til å svare for seg. Det viser seg no tydeleg i Pride-demonstrasjonane.
Det er fundamentalt altså. Klassekampen var kamp om materielle verdiar, men dette er kamp om mennesket, som om det skulle vere handelsvare. Som om verdslege institusjonar konkurrerer med mannen når han vil ha seg ei kone. Kven har gitt dei det oppdraget? Det var ikkje slik eg venta meg at demokratiet skulle fungere, nei.
Men eg kan og skal halde fram med å søke Herren av heile mitt hjerte, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Lækjedom ved bøn. Vår Gud er alt kjøts Gud, alt er mogleg for han.
Mor mi hadde lært meg å be når eg var ein liten gutunge, dette var ekte kristendom. Ho vart sjuk av helveteseld og lungebetening, men vi bad for henne i Maranata.
Sitat frå møterapporten 30.9.2012:
Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:
” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.” Det høyrest ut som svaret var til meg, men det var no til henne og, ho vart lækt fordi Jesus tok bort synda med sitt offer.
Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.
John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.
Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.
Helveteselden forsvann veka etterpå, men lungebetenninga fortsette, så etter to veker bad vi for henne igjen, eg innleia og fortalde korleis det hadde gått med henne og når eg la fram det bønnebehovet, let eg det skine gjennom at eg også kom med mi bøn om ei frelst kvinne til kone, sidan det var i tråd med korleis ho hadde lært meg å be sidan eg var ein liten gutunge. så er Israels Gud vår Gud, han er alt kjøts Gud og ingen ting er umogleg for han.
Sitat frå møtereferat 14.10.2012:
John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.
Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[1], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette, at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester?
Så sa han at dersom Gud har kalla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.
Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”
Ho hadde vorte send til Volda Sjukehus tidlegare på dag, eg køyrde dit med natta og kom inn i visittida kl 12, men då skulle dei til på sende henne heim att.
Sidan snakka eg med fastlækjaren hennar på telefonen og fortalde at vi hadde bedt for henne, så vi meinte ho var lækt ved bønn. Då sa han at det trudde dei også.
Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjartet.
I 2015 skreiv eg til leiinga for kyrkjelyden om korleis eg var opplærd til å be frå eg var ein liten gutunge og om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og seinare også. 29.3.2015 kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Drikk av frelseskjelda og la den vere di gledeskjelde.
Her er litt av mitt referat frå møtet i Maranata 19.4.2015:
John fortalde at under krigen fekk dei ikkje skikkeleg kaffi, men noko surrogatkaffi, den var å få kjøpt som eit rimeleg alternativ tett etter krigen også, og hans mormor tok til takke med det ei sund. Men så kom ho på besøk og fekk skikkeleg kaffi og kaker og når ho då kom heim att kaste ho surrogatkaffien og kjøpte seg skikkeleg kaffi.
I vår tid vert det presentert surrogat som erstattning for ekte kristendom og mange kristne tek til takke med det. Men vi vil ha ekte vare, den gamle gode vinen. Han tala om det som ny og gammal vin og sa at vi vil ha ekte vare, den gode gamle vinden. Eg tenkte på vinen i Høgsongen og nattverdsvinen. Men når han tala om ny og gammal vin, så tenkte eg også på Jesu ord om ny vin i nye skinnsekkar og då er det no den nye vinen vi vil ha.
Innleiingsvis kommenterte Tore Kristiansen Ole Hallesby og ein del andre teologar si forkynning av den evige fortapinga i helvetes eld og det oppstyret som det førde til, med avisskriveri på 1950-talet. Tore sa at helvetes eld er førebudd for Djevelen og englane hans. Men Gud vil frelse menneska og det er den glade bodskapen vi har å forkynne for dei. Han vil frelse menneska så ikkje dei også skal hamne i den evige elden.
GLT 1,6 – GLT 1,9 {BERRE EITT EVANGELIUM} Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!
Tre sentrale poeng i kristendomen, at Kristus vart krossfest, gravlagd og stod oppatt.
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:
«Eg har sagt til mine barn, bli sterke i Herren og hans veldige kraft. Eg har sagt til mine barn, bli fyllt av min Heilage Ande. Eg har sagt til mine born, kom og drikk av kjelda og du skal få lov til å ause med glede av denne kjelde og du skal få kjenne fryden og gleda skal velte fram ifrå eit forløyst hjerte. For det er blodet som har forløyst deg, det er korset som har sett skiljepunkt mellom det gamle og det nye. Og når du opplever at eg openberrar meg, så skal du vite, at døden har ikkje lenger noko makt over meg. Eg lever, eg er oppstått, eg ynskjer å openberre meg i ditt liv, så ditt hjerte kan flyte over av takkseiing.
Du skal ikkje vere nedbøygd, du behøver ikkje å gå omkring gråtande. Eg er ved di side, eg ynskjer å møte deg. Og eg har framleis forløysingsmakt til å bryte band og lenker og setje plaga i fridom. Eg har framleis makt til å la sola gå opp med lækjedom under sine venger. Eg har framleis makt til å løfte mitt folk opp på eit plan der dei skal sjå kongen i hans skjønnheit, der dei skal få oppleve at landet flyt med melk og med honning. Du skal igjen gå ut i dansen med dei glade og fryde deg med dei som har fått si sjel frelst. For du er ikkje på veg mot fortaping, men du er på veg imot frelsa sin rikdom. Du er ikkje på veg mot øydelegging, men du er på veg mot fullending. Og du er ein del av Guds rike. Derfor fryd deg og gled deg og rop av strupen og spar ikkje, for eg Herren har sett framfor deg ei opna dør.
Bry deg aldri om røystene som er i tida. Bry deg aldri om menneska rundt omkring deg. Men sett meg framfor deg, så skal eg, Herren, gjere dine trinn faste. Sjå opp på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar og den store skaren av vitne rundt omkring deg. Og når du ser på meg og skaren av vitne rundt omkring deg, så skal du aldri bli motlaus og om du blir sliten og om du blir trøytt, så skal eg gi den trøytte kraft og den som ingen krefter har, skal eg gje stor styrke. Derfor løft blikket frå den stad der du står og du skal få oppleve at du skal sjå at heile landet høyrer deg til. Takk og lov. Halleluja.»
Konklusjon: slik som eg var opplærd til å be fra eg var ein liten gutunge og korleis det bønnelivet utvikla seg, fram til eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og korleis ho då bad og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, det var ekte kristendom. Det er det framleis og eg skal sjå til å bidra med det i den kristne forsamlinga, så vi får fornying og vekking.
Vår Gud er alt kjøts Gud, ikkje nokon er umogleg for han.
Sitat frå møtereferat 19.6.2016:
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:
«Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over. Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.
Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til å be meg om. Amen.
Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik. Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.»
Eg forstår dette som Guds svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone.
I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:
«Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.»
Barnevelsigning og dåp.
Barnevelsigning.
Barnedåpen er ei samanblanding av to seremoniar, barnevelsigning og dåp, desverre fører den samanblandinga til at folk ikkje helt forstår betydninga av noko av seremoniane. Mor mi bar meg til barnedåpen og eg er viss på at eg vart barne-velsigna av både mor og far, fadderar og prest mm. Det var føre eg kunne å snakke og forstod meg ikkje på kva som skjedde, så korleis kunne det ha betydning for meg. Fordi dei var velsigna ved trua på Jesus og var til velsigning for meg og sa velsigninga. Korleis kan det vere mogleg? Fordi Gud er ånd og han har skapt alle ting ved sitt Ord, det er mest fundamentalt, Gud, hans Ord og hans Ande og hans rike er mest fundamentalt.
Foreldra mine tok meg med i kyrkje og bedehus, besteforeldra tok meg med på husmøte og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, slik vart eg velsigna når eg var ein liten gutunge, eg vart kjend med Jesus og han vart min beste ven.
Allereie frå born er 9 år kan dei oppleve at ein gut vert forelska i ei jente og ei jente vert forelska i ein gud, lenge før dei er kjønnsmodne altså, men dei opplever det som viktig og verdifullt for dei. Så korleis kan dei kommunisere seg i mellom slik at dei vert lukkelege i det? Med barnevelsigninga! Forelskinga betyr for han at han ynskjer å omfamne henne og gi henne ein klem og for henne at ho ynskjer han skal gjere det, kvifor, kva betydning har det for dei? Velsigninga! Ta imot kvarandre som born og tenke som so at slik tok Jesus imot dei og slik tek dei imot kvarandre og slik tek dei framleis imot Jesus også (Matt.18,1…). Så dersom eg var i den alderen no og fekk oppleve at ei lita jente vart glad i meg og/eller eg vart glad i henne, så ville eg sjå etter høve til å få snakke med henne og så vedkjenne mi tru på Jesus for henne og seie til henne at han elskar meg og han elskar henne også, Gud elskar oss gjennom han og hans kjærleik er mellom oss. Eg er velsigna ved trua på han og ynskjer å velsigne henne, om eg får omfamne henne og gi henne ein klem og legge eg den betydninga i det. Velsigninga betyr at Gud førebestemmer oss til noko godt. Velsigninga er verdifull for dei der og då, slik også med seinare kjærleiksforhold, inntil det vert fast følge og ekteskap. Jesus er Guds Ord og det er viktig for oss å bruke det nettopp i kommunikasjonen mellom mann og kvinne, med tanke på ekteskap og familieliv. For Jesus lever og er med oss.
Familien som «særgruppe» i kyrkjelyden, kyrkja sin identitet og dåpen.
Ekteskap og familieliv er den mest fundamentale sosiale eining i samfunnet og det er då naturleg. Når den sosiale eininga forvitrar, går i oppløysing og forsvinn, så tyder det på at samfunnet er i ferd med å gå i oppløysing.
Men Paulus lærer oss at Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen, mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er han er identiteten til si kyrkje, ho får hans identiteten som hans brud. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi oppleve at det gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, slik får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Slik blir ekteskap og familieliv ei særgruppe i kyrkjelyden og det er fundamentalt som Guds verk og det er naturleg. Slik har Gud omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk.
Når det vart strid i kyrkjelyden om kva for ein læremeister dei skulle halde seg til, spurde Paulus om dei visste kven dei var døypte til.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke. 11 For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan. 17 For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.
Når det vart slik splid i kyrkjelyden, takka Paulus Gud for at han ikkje hadde døypt dei aller fleste av dei. Og så skriv han faktisk at Kristus sende hen ikkje ut for å døypa, men for å forkynne evangeliet, ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal miste si kraft. Dette til tross for at han var den mest lærde av disiplane. Han forkynte evangeliet om Kristus, det er mest fundamentalt og slik la han grunnvoll som ein vis byggmeister.
Ved barnedåpen veit ikkje borna kven dei liksom vert døypte til. Dei skal opplærast i den kristne trua, ja. Kva då med alle lærestridane som har vore i kyrkja, som endåtil har resultert i krig og som framleis gjer det. Veit dei enno ikkje kven dei var døypte til. Beklageleg vis viser det seg at når borna vert eldre fungerer ikkje barnedåpen lenger, verken som velsigning eller som dåp. Men eg er «heldig» som kan påstå at for meg har det fungert som velsigning sidan eg var ein gutunge og det gjer det framleis, til tross for alle problema eg har møtt på og alle stridane eg har vore gjennom.
Paulus sa at trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, så det er det første altså og soleis mest fundamentalt. Dernest forkynte han visdomen frå Gud, som noko nytt frå himmelen og som denne verda sine vist tidlegare ikkje visste om.
1.Kor.2,6 Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men som det står skrive:
Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,
alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud.
Og han forkynte dåpen slik at det verkar pedagogisk, den gjer det klar for oss at vi legg bak oss det gamle, den gamle naturen og den gamle verda, for å ta imot det nye frå himmelen, Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og slik som Paulus forkynte dåpen, går det ut på å ta imot den nye frå himmelen. Ved trua på Kristus tek vi imot den nåden Gud har gitt oss i han og då er og blir det som om vi er krossfesta og døde med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han.
Kol.2,6 Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han, 7 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus. 9 For i hans kropp bur heile guddomsfylden, 10 og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden. 11 I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. 14 Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 15 Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
Peter sa at dåpen er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesus oppstode frå dei døde, så eg forstår det slik at vi skal ikkje gøyme oss for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet, ,men vi skal la det vere Guds sak som han tek seg av.
1.Pet.3,18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi; 19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt, 20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få – åtte sjeler – vart frelste gjenom vatn, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, 22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.
Så mannen kan seie som so at Jesus elskar meg med kjærleiken frå Gud og han elskar kvinna gjennom meg. Kjærleiken frå Gud er at han frelser oss for æva og gir oss evig liv, så eg tur og vonar han vil gi meg ei frelst kvinne til kone.
Eg veit at min gjenløysar lever, som den siste skal han stå fram på støvet.
I haust fekk Oddleif hjerneslag og han meiner det var eit angrep frå den vonde. Men det kunne uansett ikkje ha skjett om ikkje Gud tillet det. Vi kan samanlikne det med korleis Djevelen førde klagemål mot Job overfor Gud, utan at Job visste det og slik fekk han høve til å prøve han. Men Job visste at hans gjenløysar levde og som den siste skulle han stå fram på støvet og han fekk oppleve det.
Job.19, 25 Men eg – eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han standa fram på moldi. 26 Og etter denne hudi mi er øydelagd, skal eg ut frå mitt kjøt få skoda Gud, 27 han som eg skal få skoda, meg til hjelp, som mine augo skal få sjå og ingen framand – å, nyro tærest burt i livet mitt!
I Sak.3 såg vi at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men han skulle sjå framover til at Guds tenar «Renning» skulle koma. Daniel profeterte om Aleksander den Store og Antiokus 4. Epifanes, når den øydande styggedomen skulle setjast opp. Sakarja profeterte om det det same som den Duglause Hyrdingen (Sak.3), fordi Gud ikkje ville vise dei nåde lengre.
Det er tydeleg at den antikke filosofien var inspirert av kulturen i Israel og deira tru på Gud. Så som reaksjon mot demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Med bakgrunn i trua på at desse gudane sprang ut av kaos, verkar dette som ei sjølvmotseiing. Men dette vart deira svar på jødane sin Gud den allmektige og med den ville dei overta guds-dyrkinga i Jerusalem. Jødane kjempa imot med dødsforakt og klarde å drive dei attende. Men så viste det seg at trua på Zevs likevel infiltrerte religionen deira, så dei avviste Kristus, sveik han, selde han og fekk han hendretta. Men då stilte Jesus seg i posisjonen til den einskilde som leid urett og døde i staden for han og henne, han betalte prise for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Jesus stod opp att frå dei døde og gav disiplane sine misjonsbefalinga. Gud var med dei og gjorde sitt verk og hans rike gjekk fram, sjølv om dei vart forfølgde.
Dette er det fortalt om i Johannes Openberring 11-12. Dei to tempelvitna i kapittel 11 er den nytestamentlege versjonen av Josva og Serubabel i Sak.3-4.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Ormen dårar og forfører menneska slik som ved syndefallet, han forfører kvinna og brukar henne til å lokke mannen med, så fører han klagemål mot dei, for å gjere dei til trælar under synda og avgudane. Så det vert til forbanning og så er det mange som seier forbanninga.
Eg tenker meg at ormen kunne vere tidleg ute med å føre klagemål mot menneska fordi han var skapt før dei, derfor kunne han føre klagemål mot dei utan at dei visste det og fekk høve til å svare for seg. Derfor kunne han også gjere seg klar til å sluke dette menneskebarnet, men det vart rykt opp til himmelen rett framfor nasa på han. For Kristus var Guds Son frå før verda var skapt, så det var mest fundamentalt. Han kom frå himmelen og vart teken oppatt dit.
I vår tid ser og høyrer vi at maktpersonar i samfunnet føre klagemål mot menneske og er så tidleg ute og tenker så fundamentalt at menneske ikkje får høve til å svar for seg. Det var då som Fan. Men med trua på Kristus har vi fått ein glade bodskap som er meir fundamental, så klagemålet vert sett ut av kraft (v.7-11).
Prestetenesta i den nye pakta får vi på grunnlag av at Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, så han er vår øvsteprest hos Faderen. Vår presteteneste er å bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, så vi får fornying ved at Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen (Rom.12.1-3). Og det er framleis av berre nåde.
Kristus skal styre alle folkeslag med jernstav.
Kristus skal styre alle folkeslag med jernstav, han skal knuse dei som leirkar.
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Det høyrest brutalt ut, men hugs at han vart knust for våre brot, så når vi tek imot den nåden det gir oss, så blir det som om våre hjerte blir knust, for å ta imot det nye livet han gir oss oss av berre nåde.
Jesajas.53,5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
Jesajea.57,15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Korleis unngå at «pubertets-trass» vert til avgudsdyrking og forbanning?
«Mor Israel» var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born. Og han stelte vel med henne, men ho skjøna det ikkje så ho dreiv hor med gudane til folka rundt henne. Ho endåtil drap born han fekk med henne og borna hennar gjorde opprør mot han. Då tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille (Hoseas 2, Esek.23).
Jesaja.1,2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3 Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.
Ve det syndige folket!
4 Ve det syndige folket,
det skuldtyngde folket,
ætlingar av illgjerdsmenn,
søner som ber seg ille åt!
Dei har gått bort frå Herren,
vanvørdt Israels Heilage
og snutt ryggen til han.
5 Kvi vil de ha endå meir slag,
sidan de atter og atter fell frå?
Kvart hovud er sårt,
og kvart hjarta er sjukt.
6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt,
berre flengjer og flerrer og nyhogne sår,
som ikkje er reinsa og fetla
og ikkje bløytte med olje.
7 Landet er ei øydemark,
byane er brende,
og framande et opp jorda
beint framfor augo på dykk.
Alt ligg i øyde,
som når framande har herja.
8 Berre Sions dotter er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktarskjol på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
9 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,
late nokre av oss sleppa unna,
då var vi som Sodoma,
vi såg ut som Gomorra.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
20 Frå fyrste stund har du brote åket
og slite sund lekkjene dine.
Du sa: «Eg vil ikkje tena deg lenger.»
På alle høge haugar
og under kvart grønt tre
la du deg ned og dreiv utukt.
Desse profetane profeterte at Babylonarkongen skulle hærta landet og sa dei skulle berre overgi seg, for å verte redda, men dei lydde han ikkje og dess verre gjekk det. Etter at det hadde skjett, gjorde Nebukanesar avtale med Sidkia, men han gjorde opprør og det gjekk heller ikkje vel.
2.Krøn.36,9 Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. 10 Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem.
11 Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. 12 Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn.
13 Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stridlyndt og hard i hugen og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. 14 Alle leiarane i Juda og prestane og folket vart òg meir og meir trulause og gjorde dei same stygge tinga som andre folkeslag. Og dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. 15 Herren, deira fedrars Gud, åtvara dei både seint og tidleg gjennom utsendingane sine; for han hadde medkjensle med folket sitt og bustaden sin. 16 Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir.
17 Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender. 18 Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon. 19 Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde. 20 Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.
Når dei var komne attende til landet sitt og var godt i gang med å bygge oppatt muren kring Jerusalem og tempelet, var der nokre landsherrar i eit naboland som skriv klagebrev til Persar-kongen med klagemål mot byen, om at den hadde vore vond og opprørsk (Esra.4,12…). Slik fekk dei stansa arbeidet ei tid. Det synet som Sakarja fekk i Sak.3 var tydelegvis den åndelege sida av saka, at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva.
Seinare kravde Antiokus 4. Epifanes å innføre eit religiøst diktartur, med krav om at alle skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Då gjorde dei opprør og vann fram med det. Då gjorde dei avtale med Romarane. Seinare kom Kristus til dei, men då gjorde dei opprør mot han og sidan gjorde dei opprør mot Romarane, men det gjekk ikkje vel. Dei tapte tre gongar.
Så la oss sette bodskapen til Johannes døyparen (Alias Elia) inn i denne historiske samanhengen.
Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.
Alle frekke og gudlause
skal då vera som halm,
og dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren, Allhærs Gud,
så korkje rot eller grein vert att.
2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
3 Då skal de trakka ned dei gudlause,
dei skal vera som støv under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
den eg gav han på Horeb for heile Israel,
både føresegner og domsreglar.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Det høyrest litt brutalt ut at dei gudlause skal verte nedtrakka, vi også er støv og Gud er ånd, men vi har bøygt oss for han i von om at han vil stige inn på støvet, så vi får oppleve at han tek bustad i oss. Når vi då går ut og møter andre menneske, kan det vel vere dei får merke at Guds Ande er suveren over støvet og soleis føler dei at dei vert trakka på. Men disiplane lækte då sjuke, så dei tvert om vart reist opp. Men her er det tale om dei frekke og gudlause, dei vert til skamme med avgudane sine og slik kan det vel vere at dei føler seg trakka på.
Dei fekk tid til å vende om, sidan dei ikkje gjorde det, så vart det krig der dei vart som halm som vart oppbrend. Dei gjorde opprør mot Romarriket, men tapte. Så det er i denne samanheng vi må sjå bodskapen til Elia (Johannes døyparen). Han skulle vende fedrehjarto til borna og barnhjarto til fedrane. Så dei ikkje skulle gjere opprør slik som når Elia var profet. Men kva skulle dei gjere? Bodskapen til Johannes døyparen finn vi allereie i Joh.1.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,1 Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi påkallar Kristus som vår frelsar og Herre, han gir liv til vår sjel og og ånd i vårt hjerte og vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så snakkar vi med han og Faderen. Vi er fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. I denne Anden får vi komme til Faderen og be til han som hans barn å få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han oppseder oss og oppfostrar oss som sine born. Vi har samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande og slik har vi samfunn med kvarandre. Slik vert våre sjelelege og sosial eigenskapar utvikla.
Johannes døyparen profeterte om fornying av jødedomen, det hadde Guds profetar forkynt tidlegare, Moses var den første til å profetere om den fornyinga og profetien gjeld sjølvsagt den kristne kyrkja også.
Vedkjenne Jesu namn og få hjelp.
Vedkjenne Jesu namn.
Når eg var eit lite barn vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og be for folket og fedrelandet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg meinar at han kom til meg og slik vart eg kjend med han, så eg vedkjende i mitt hjerte at han var min beste ven. Eg trudde på han og visste at det var viktig for meg å kjennast ved han for mine medmenneske, men det var eg redd for. Så eg bad han frigjere meg frå den menneskefrykta.
Matt.10,1 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar.
Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg vart forelska i ei kristen jente og skreiv eit kjærleiksbrev til henne. Hos skreiv tilbake at ho følte ikkje noko for meg og at ho var ikkje kristen likevel. Men ho var no syvding då og slo lag med ein kav syvding og gjekk og klina oppetter veggane i skulen, rett framfor nasa på både meg og andre, så det verka som ein demonstrasjon mot meg. Eg skreiv tilbake og vedkjende mi tru på Kristus og at eg syntest eg såg henne for meg, ho var i mørke, men ho passa ikkje inn der. Om dette var ei openberring eller berre noko eg tenkte meg, er eg ikkje sikker på, eg trur eigentleg det var begge deler. Ho skreiv tilbake at ho syntest det var heilt utruleg at eg var kristen og var imponert over vitnemålet mitt. Jau, ho var kristen likevel og slutta med denne klining og byrja å gå på skule-andaktene igjen. Ei kristen jente i klassa mi vart også overraska, ho hadde ikkje tenkt seg noko slikt om meg. Men dette vart altså det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Slik fekk eg frimod til det og når eg gjekk på gymnaset vart eg ivrig med å vitne om mi tru på han.
Når eg gjekk på gymnaset, merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så eg opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Dess meir yngste eg å ta imot henne slik og prate med henne. Så etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Likevel vart det ikkje noko meir prat mellom oss. Men eg opplevde at den Heilage Ande openberra henne for meg slik. Då måtte eg sjå på Jesus, feste blikket mitt på han. Det må eg framleis i det eg framleis erkjenner at dette var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Frå eg var gutunge bad eg Gud gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og då blir det på den måten.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og eg har fortalt korleis eg bad for henne og fekk bønnesvar. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og kom til at eg gjorde rett i å be for dei begge og det med takkebøn, så eg i tru og med von skulle takke Gud for at han frelste dei begge.
Komme til Jesus og få kvile og hjelp.
Når eg byrja på ungdomsskulen, vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og eg likte naturfag og gjorde det bra. Samtidig hadde eg tru på Jesus i mitt hjerte og meinte det var sameinleg. Eg skjønte at der var ein motsetnad, men meinte at den var kunstig. Det verka som eg med det synet og den meininga kom til å få motstand, som om eg stod overfor ei oppgåve som var som eit digert fjell eg måtte komme over. Men med tru skulle eg vel berre kunne seie til det at det skulle kaste seg i havet.
Matt.17,19 Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 20 «Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk. 21 Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
Eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei frelst vennine, kjæraste og kone og det høvde no med korleis eg var opplærd til å be frå eg var ein gutunge og det høver med Jesu ord i
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande og det er det eg må nytte meg av, ved å sjå på han, velsigne han og verte velsigna og verte til velsigning, for han gjer meg til kanal for si velsigning. Eg velsignar han og vert velsigna og derfor seier eg velsigninga til kven som helst som eg møter på min vei.
For å behalde harmonien mellom hjarte og hjerne, innsåg eg at eg trengde eg hjelp ved å be Jesus om å frelse ei kvinne og gi meg henne til kjæraste og kone. Gud svarde meg ved å openberre si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg vart glad i, først for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Soleis trengde eg den openberringa og så halde fram med å sjå på han, for min eigen del og halde fram med å kjennast ved han for menneska. Gjere bruk av den, ved å takke Gud og Lammet for den, heime med meg sjølv og i den kristne kyrkjelyden, der eg fann ei open dør for det. Og så gjere bruk av den når eg vedkjende Jesu namn for dei der ute også.
Ja, kvifor ikkje? Gud er ånd og har skapt alle ting, han er allmektig og fullkommen og har openberra si frelse for meg i Kristus, han er fullkommen og hans frelseverk er fullkome, så eg ser ingen grunn til at eg ikkje skal ta imot det og heller ingen grunn til at eg ikkje skal bringe det vidare til andre. Det gir meg ei åndeleg og rasjonell innsikt i det evige og fullkomne og eg hevdar det høver med den rasjonell innsikta eg treng når eg studerer realfag, så det blir til hjelp for meg slik også.
Soleis hadde eg som hensikt å halde fram med å leve i barnekåret hos Gud, når eg vart voksen og det var det eg trengde også. Her passar det å referere til møtet 30.1.2022, med kommentarar. Eg tek også med referat frå møtet 21.5.2023, men kuttar litt i kommentarane, for ikkje å gjenta det same.
2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye.
Tale ved Oddleif Wahl. Nattverd.
Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
So.Ordt.18, 21 Tunga har makt over død og liv,
og dei som gjerne brukar henne,
får nyta hennar frukt.
Jak.3,1 Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom. 2 Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen.
3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. 4 Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. 5 Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann! 6 Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete. 7 Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar. 8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift. 9 Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. 10 Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør! 11 Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda? 12 Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
Jesu blod reinser oss frå all urettferd (1.Joh.1,9).
Når isralesfolket skulle innta Jeriko, leia Josva dei til å gå rundt byen kvar dag, i sju dagar og då skulle dei ikkje seie noko før. Slik unngjekk dei at nokon sa noko som spreidde ei negativ innstillling. Siste dagen skulle dei gå sju gongar rundt og på hans ordre skulle dei sette i krigsropet.
Det vart sett ut rykte om Jesus, så slik også vart evangeliet spreidt.
Ord til nattverden.
1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
Tungetale ved Ingelin, tyding ved Oddleif.
«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.
Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»
Aktuelle bibelvers.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Joh.Op.21,5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
Esekiel.11,19 Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. 20 Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
Matt.5,43 De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. 44 Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk, 45 så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.
Joh.15,18 Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23 Den som hatar meg, hatar Far min òg. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26 Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. 27 Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste.
Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
2.Kor.5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.
Gal.6,14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!
Kommentar.
Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord (1.Mos.1), han gjer alle ting nye og då byrjar han med mennesket (1.Mos.2), han gjer oss til nye skapningar i Kristus.
I sommar og i haust kom der bodskap gjennom tyding av tungetale som eg tolka slik at Gud ville gi meg ei kone og eg kunne forstå det slik at han allereie hadde gitt meg henne og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg kunne tenke på henne som kjelda med det levande vatnet (S.Ordt.4-5). Eg trengde hjelp i form av ei kone og ville bruke henne slik, ved at ho også snakka med han Jesus. Eg kan forstå det slik at det er ei nådegåve Gud har gitt meg og som eg skal kveike og fornye og bruke. Men då er det også på den måten at Kristus brukar henne, som lem på sin lekam.
Jesus sa eg skulle bruke det han har gitt meg. Korleis kan eg bruke henne som nådegåve, som kona mi, når ho ikkje er her som kona mi? Han sa også eg skulle bruke det eg er god på. Ja, eg har no nyst fortalt at når eg byrja på ungdomsskule vart det klart at eg hadde gode evner i matematikk. Sidan eg trudde på Kristus, trudde eg på det fullkomne. Så dette høver bra med Descartes filosofi og dei andre rasjonalistane.
Bodskapen 22.8.2021:
«Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Så eg tenkte på å ta oppatt studiane, i først omgang berre ta fram att lærebøkene og kike i dei her heime med meg sjølv og rekne litt. Men førebels har det vore berre å bruke dei som oppslagsverk.
Bodskapen 11.9.2021:
«…. Du skal få ta oppatt igjen din vandring med meg. Jeg har ikkje forlatt deg, sier Herren, jeg går ved din side, jeg vil gå der og jeg har lovt å være med alle dager. Du synst det har vore vanskelig, men vit jeg …. gikk gjennom de vanskelige tider. Men vit, mitt barn, du skal få lov til å gå med meg. Jeg har ikkje fordømt deg for at ikkje du har gjort ditt og gjort datt. Du har vore gjennom mange ting, men så har du ikkje klart det og så ser du på deg sjølv, du klarar ikkje det. Men vit, mitt barn, du klarar alt i meg. Ta oppatt igjen vandringa med meg og du skal få se, jeg skal sette deg over større ting. Det som du synst det var lite, men du skal få oppleve eg vil velsigne det du har fått. Og vandre med meg, se deg ikke tilbake, se deg ikke til side, men se framover, jeg vil gå foran deg, mitt barn. Ja, vit, jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og du skal få lov til å se tilbake, når dette her året er omme, om ikkje jeg har kommt og henta deg, mitt barn, så skal du få se, du skal få sjå merkesteinar i ditt liv. Og du skal få sjå, du skal få gjere erfaring med meg. Ja, mitt barn, begynt på vandringa igjen og du skal få se, du skal få oppleve ei herleg tid, saman med meg. Ja, sier Herren, prøvelser vil komme, men vit og stol på mine løfter og berre hold mine bod, sier Herren og du skal få se det er den riktige veien. Amen.
Når året var omme, skulle eg få sjå merkesteinar i mitt liv. Det tyder vel på at det var noko viktig som skjedde dette siste halvåret. Då tenker eg først og fremst på at Gud vil gi meg ei frelst kvinne til kone og då er det henne Reella eg tenker på. Og så at eg skal ta opp att mi vandring med han, vandre vidare med han. Men det er no først og fremst å gå vegen til Faderen, gå den vegen han bana for oss gjennom forhenget i det himmelske tempelet. Forhenget er symbol på hans kropp som døde for oss. Det er først og fremst å gå gjennom den døra han har opna for meg.
Eg trur på han og elskar han og har teke vare på hans ord, eg elskar fordi han elska meg først. Så eg får oppleve at han gjer seg til kjenne for meg og openberrar seg for meg, slik gjer han Gud kjend for meg. Slik skal eg sjå på han. Då blir det til at eg snakkar om han. Ja, så vi forkynner han, ikkje oss sjølve. Slik skal eg også vite å vinne meg mi eiga kone i helging. Jesus lever i meg og det blir som om han frir til henne på mine vegne. Og eg frir til henne på hans vegne. For han elskar både meg og henne og eg ynskjer å få oppleve at han elskar henne gjennom meg. Liksom Faderen er han kjærleik og det kjennest som kjærleik at han rører ved oss.
Når vi går gjennom døra, så kjem vi inn i ein åndeleg røyndom som er ny i forhold til denne verda. Vi får oppleve at Gud gjer alle ting nye og då byrjar han med oss, med våre hjarto. Menneska har ikkje moglegheit til å komme fram til dette ved å granske denne verda. Sjølv om vi ikkje er av denne verda, har vi likevel moglegheit til å granske den, som ved å studere realfag og teknologi. Eg forstår det slik at det tome pratet som det var tale om her, er for dumt til å verte inkludert i realfag og teknologi, det manglar rasjonalitet (forstand).
2023.05.21. Sion Åheim. Som ein ny skapning i Kristus er eg definert utifrå kva han har gjort for meg og vil gjere i mitt liv. Eg er hans eigedom.
Innleiing ved Oddleif og Ellen Wahl.
Oddleif oppfordra oss til å helse den som sat ved sida av oss med at Djevelen er ein løgnar, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og liv i overflod.
Ellen helsa oss med
1.Pet.5,7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.
Ho vart bekymra då Oddleif fekk hjerneslag, men om natta kom ho i hug dette bibelverset.
Forbønn for ei kvinne som hadde fått helveteseld.
Tale ved Oddleif.
Salme 23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Det sentrale poenget for Oddelif var vers 5 og han innrømma at om det var noko vers han ville omskrive, så var det dette, for han yngste ikkje det skulle vere for augo på hans fiendar, han ville ikkje ha dei der. Men slik er det altså, til dømes når Jesus gjekk avsides med sine disiplar, då kom der 5000 mann med kvinner og born og han gjorde eit matunder og metta dei.
Men vi må passe på at fienden ikkje får sete på dei tome stolane, sjølv om dei framleis er tome, som tankar vi ber med oss. Ikkje la bekymring sette seg på dei tome stolane. Til dømes ved at du får spørsmålet om korleis du har det og så svarar du kanskje med «fakta». Men nåden og sanninga står over dette. Ikkje fornekt fakta, men legg Sanninga frå står over fakta og kan forandre den, til dømes ved at du får lækjedom. Ved Jesu sår har vi fått lækjedom.
Mark.2,1 Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime, 2 samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei. 3 Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han. 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på. 5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6 Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg: 7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?» 8 Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta? 9 Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå? 10 Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame – 11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12 Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»
Luk.13, 10 Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» 13 Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. 14 Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
Lækjedom er ikkje arbeid (v 15).
Oddleif fortalde han hadde fått ein sms med ein link der han kunne laste ned eit dokument på 300 sider om korleis han kunne verte lækt. Men han har ikkje orka å laste det ned, han har ikkje orka den jobben. For Herren sende sitt Ord og det gjorde sitt verk, slik vart folk lækt.
Ikkje la bekymring sette seg på «dei tome stolane» i våre liv, ta heller å kast ut desse stolane.
Oddleif oppforda oss til å be for kvarandre.
Mitt vitnemål.
Når det gjaldt det Oddleif sa om dei tome stolane, så kom eg til å tenke på Paulus sine ord om atvåre møte er som å site ved Herrens nattverdsbord, då kan vi ikkje dele bord med dei som dyrkar avgudane. Herren dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar. Det kan vi ikkje hindre han i å gjere, men då må fiendane innså at dei har tapt.
Rom.8, 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Då var det på denne måten, eg var ikkje oppteken av å be om denne saka der, men eg tenkte som so at eg skal berre opne meg for at eg skal la den Heilage Ande be for meg og oss og då var det spesielt for eit medmenneske som eg tenkte på då, så eg tenkte meg at den Heilage Ande skulle få be for henne og mange med henne. Det var når eg la meg om natta og sidan merka eg ikkje igjen den brokkporten. Når eg vart undersøkte, så var den vekk. Eg er innstilt på å halde fram med å be på den måten, la den Heilage Ande be for oss og slik tenker eg om deg (Oddleif) også.
Oddleif fortsette og kom med ein profetisk bodskap.
Takk skal du ha, Torbjørn. Herren går i forbøn for deg før du veit kva du skal be om.
Rom.14,17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.
Så det er ikkje farleg å opne seg for den Heilage Ande.
Eg trur eg har ei helsing (profetisk bodskap) til ein kvan her: «Sjå deg ikkje engsteleg om, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min eigedom, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg engsteleg om, du skal ikkje bekymre deg, du skal ikkje tenke på kva som ligg bak i livet ditt, for eg har gjort deg til ein ny skapning og du er ikkje definert utifra kva du gjorde før. Men du er definert utfra det eg har gjort og vil gjere i ditt liv, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg tilbake, du skal ikkje sjå deg engsteleg om. Men eg har kalla deg ved namn og du er min eigedom.»
Der var fleire som vitna og kom med bønnebehov, bønn om lækjedom for sjuke menneske som ikkje var der.
Aktuelle bibelvers.
Jesajas.53,1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Jesajas.49,14 Men Sion seier:
«Herren har forlate meg,
min Gud har gløymt meg.»
15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
Og om ei mor kan gløyma,
så gløymer ikkje eg deg.
16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
dine murar har eg alltid for auga.
17 Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,
og dei som reiv ned og la deg i øyde,
fer bort ifrå deg.
18 Lyft augo og sjå deg ikring!
Dei samlar seg alle og kjem til deg.
Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren,
du skal ta dei på deg som eit smykke,
og binda dei om deg som eit brurebelte.
Kommentar 1.
Innleiande kommentar.
Eg annonserte dette møtet på FB slik:
Søndag 21. mai skal Oddleif Wahl tale på Sion Åheim kl 18 og han blir her og skal halde møte i pinsehelga også. På eit tidlegare møte, når han skulle tale, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale som fekk meg til å sjå litt stort på det, bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
At det vart sagt «endå ein gong» fekk meg til å tenke litt bakover i tid og no får det meg til å tenke på Hans Nilsen Hauge. Han kom frå Rolvsøy ved Fredrikstad og Oddleif kjem frå Mysen, 54 km frå Rolvsøy.
Så fortsette eg å skrive meir om mine forventningar til det, der eg såg øvstepresten Josva i Sak.3 som førebilete på mi presteteneste og han tente som Herrens engel. I haust vart eg lækte frå ein brokkport, men han fekk hjerneslag og meiner det var eit angrep frå den vonde.
På møtet 11.8.2022 minna Herren oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, der to eller tre er samla i hans namn, der er han midt i mellom. Den som tek imot eit barn som han velsignar tek imot han, ja, når vi tek imot kvarandre slik, så tek vi imot han, så han er midt i mellom oss. Ja, så då vil vi ta imot han slik. Han er Herrens tenar som bringer bud til oss frå himmelen, men då er det han som talar, vi skal vende oss til han og sjå på han (Heb.1,2 12,2).
For Kristus tok bort synda med sitt offer, med det offeret gjorde han oss som vert helga fullkomne og det skal vi innsjå gjennom helging, ved å sjå på han.
I dette møtet brukte eg lydopptakaren på telefonen gjennom mesteparten av møtet og det fungerte bra.
Verte som småborn for å komme inn i Guds rike.
I det siste har eg tenkt på bodskapane som kom 11.8.2022, tyding av tungetale:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Så profetisk bodskap:
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Dette opplevde eg sterkast ved at eg vart forelska i ei kristen jente. Og kvifor det?
Det minna meg om at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, så eg yngste å få ta imot henne slik som vi ser i Matt.18,5.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Matt.19,1 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.
Jesaja.44,1 Høyr no, Jakob, tenaren min,
og Israel, som eg har valt ut!
2 Så seier Herren,
som laga deg og forma deg i mors liv,
han som hjelper deg:
Ver ikkje redd, min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3 Eg auser vatn over det tørste
og bekker over det tørre.
Eg auser min Ande over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
Så dette er meir fundamentalt enn dei klagemåla den vonde kjem med. Det er berre for oss å vende om til Herren, så innser vi det og får oppleve det.
….
Herren dekkar bord for oss rett framfor augo på våre fiendar.
Vi kan ikkje hindre Herren i å dekke bord for oss rett framfor augo på våre fiendar. Det gjorde han endåtil når han innvia nattverden. Då var der ein som innsåg at det var ikkje til han, så han gjekk derifrå. Dei andre forstod ikkje kva som skjedde, kanskje ikkje før han kom i lag med med soldatane i Getsemane.
Matt.26, 26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» 27 Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»
11.8.2022 kom han og banka på og yngste å få komme inn og halde nattverd med meg og oss. Men då er det vel allereie ei oppfylling av det han sa i Matt.26,29 at han drikk av denne frukta av vintreet saman med oss i riket åt Faderen, i himmelriket altså. Og fienden kjem seg ikkje dit og kan ikkje hindre oss i det.
Jesus profeterte at i den siste tida skulle mange falle ifrå og svike og hate kvarandre og då er det kanskje ikkje lett å vite kven som sveik først. For dei kristne er det ikkje lett å vite kven som svik dei. Men han valde Paulus til apostel i staden for Judas og då valde han ein som var seld utan å vite det i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Paulus vart ivrig i tenesta, men var forfølgde og fekk merke og profeterte om at kyrkja vart infiltrert av grådige ulvar. Så her på jorda ser det framleis ut til at Kristus dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar, men då må dei innsjå at dei har tapt. Så eg ser det slik at han dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar, nettopp fordi det er der vi treng det mest. Gud gjer noko nytt, ved nattverden vert vi med på det og ein del av det og det nye sigrar over det gamle.
Oddleif fekk hjerneslag og meiner det var eit angrep frå den vonde. Vi kan samanlikne det med Job, han ana ikkje kvifor ulykka ramma han. Ormen var skapt lenge før menneska, så Djevelen steig fram for Gud og føre klagemål mot Job og fekk makt til å prøve han.
Joh.Op.3,10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
Det var mange som i tru såg framover til det som var lova, men døde utan å ha fått det, fordi fleire skulle verte med på det. Dei leid mykje vondt, men sigra over verda i tru.
Heb.11,39 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. 40 For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.
Vi som trur på Jesus har fått oppleve det, likevel ser vi fram til at Jesus skal kome att. Mange generasjonar har gått utan at dei har opplevt det. Likevel gjorde dei heilt rett i å leve i trua og vona. Mange har døytt utan å oppleve det, fordi det framleis er fleire som skal få del i det. Jesus sa då at den som trur på han skal leve om så han døyr, for ved trua på han fekk han evig liv.
2.Pet.3,9 Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.
Når vi lever i trua og vona, så er det verdifullt for oss likevel.
Rom.5,1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp. 5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne. 7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv! 11 Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Kommentar 2. Frimod for Gud og menneske.
Korleis eg vart frimodig med å vitne om mi tru på Jesus.
Eg var opplærd til å påkalle KriMatt.18,5. så korleis finne dei rette orda til å seie at eg var glad i henne? Mykje tyder på at det gjekk slik som eg frykta, stikk i strid med kva eg vona. Djevelen prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, slik er fråfallet som er kome inn i kyrkja. Han prøvde å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver han å lokke meg og slik prøver han å gjere krav på meg. Men eg er Jesu eigedom.
Eg har fortalt korleis eg har bedt for henne Virtuella, det var først og fremst ei takkebøn, med godt samvit, på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, på grunnlag av hans oppstode frå dei døde. Den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Ho sa nei, så ho og dei har ikkje nokon rett til å komme å gjere krav på meg på nokon annan måte, ikkje ved å komme og krevje at ho skal verte kona mi no så lenge etterpå og ikkje på nokon annan måte heller. Eg trudde og meinte og forventa at vi som to frelste, frigjorde og sjølvstendige menneske og som gode vener kunne møtast i det fri og prate om det på ein god og konstruktiv måte og vi kunne møtast i den kristne kyrkjelyden og søke råd hos Herren, få oppleve at han bad for oss og at den Heilage Ande bad for oss. Då fekk eg motstand og eg forstår at det var nettopp slik den karismatiske rørsla fekk motstand. Dei ville ikkje godta at vekkinga skulle ha noko med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, det meinte visst det var umoralsk. Men pass då på, for då er det nærliggande at det vert eit krav om at slik skal det vere. Som om Jesu frelseverk ikkje er bra nok for oss? Korleis kan det ha seg? Det er eigentleg eit moralsk vurdering utifrå interessa av å gjere oss til salsvare.
Men når eg var glad i ei jente og bad for henne fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Den Heilage Ande openberra henne for meg som det vidunerlege barnet han fødde henne til, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg konkluderte med at då er ho i alle fall bra nok til å verte kona mi.
Sidan har Jesus minna meg på det og oppmuntra meg til å verte like ivrig med det.
Dette minner meg om at når Jesus las ifrå Jesajas bok og sa at denne profetien gjekk i oppfylling, då så avslutta han brått lesinga for å seie det og las ikkje meir, det verka som farisearane vanta nok han skulle lese og seie noko meir. Noko som dei kom til å like.
Jesajas.61,1 Herrens Ande er over meg;
for Herren Gud har salva meg.
Han har sendt meg til å forkynna
ein gledebodskap for armingar,
til å lækja dei som har eit knust hjarta,
til å ropa ut fridom for fangar
og frigjering for dei bundne.
2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
ein dag med straff frå vår Gud.
Men då sa han noko som dei ikkje likte, så dei jaga han. Til samanlikning vert det ofte ein brå slutt når nokon vedkjenner Jesu namn slik som eg har gjort her. Og eg trur der er ein samanheng på grunn av interessa av å gjere guten og jenta til salsvare (Joel3). Men då har vi lovnaden om at dei som vedkjenner Jesu namn for folka, vil han kjennast ved for Faderen og englane og det er det vi må vite og lære å nytte oss av.
Sitat frå referat av møte i Maranata 18.6.2017:
Surrogat-kaffi og surrogat-kristendom?
Til slutt fortalde han om at under krigen fekk dei ikkje lenger skikkeleg kaffi i butikkane, men det vart selt noko som vart kalla surrogatkaffi i staden. Etter krigen kom der skikkeleg kaffi i butikkane igjen, men surrogatkaffien var framleis til sals og ei kvinne fortsette å kjøpe den, sidan den var billigare. Men så vart ho invitert i eit selskap der det vart servert ekte kaffi, så ho fekk smaken på den igjen. Når ho då kom heim att, kasta ho surrogatkaffien og kjøpte skikkeleg kaffi.
Til samanlikning vert det i vår tid presentert mykje surrogatkristendom, men vi vil ha ekte kristendom.
Tungetale ved Karl, tyding ved John.
1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.
1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.
2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.
Maranata Oslo 18.3.2018. Jesus gjer som han har sagt og han vil forsørgje meg, så eg kan seie «alt ditt er mitt».
Eg har etter kvart fått ein god del utdanning og grundig opplæring i Guds Ord. Økonomien er dårleg, men Jesus har sagt han vil forsørgje meg.
Bodskap i Maranata Oslo 18.3.2018:
For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.
Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen, og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.
Aktuelle bibelvers.
Ef.2, 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Heb.16,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Salme.27,13 Eg trur for visst at eg skal få sjå
Herrens godhug her i livsens land.
14 Venta på Herren,
ver frimodig og sterk!
Ja, venta på Herren!
Apgj.23,11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»
Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. 5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:
Du er son min,
eg har født deg i dag?
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far hans,
og han skal vera son min.
Heb.2,1 Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det. 2 For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff. 3 Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. 4 Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.
5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. 6 Om dette er det ein som har vitna ein stad:
Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,
ein menneskeson, sidan du tek deg av han?
7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
Så krona du han med herlegdom og ære.
8 Alt la du under hans føter.
Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Sion Åheim 20.3.2022. Jesus sa til meg at han sende sin tenar til vårt distrikt med den gamle bodskapen.
Jesus sa han sende sin tenar til oss:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Men i haust fekk han hjerneslag og han meiner det var eit åtak frå den vonde. Likevel kunne det ikkje ha skjett utan at Herren tillet det. Kom i hug Job, han fekk lide, men sa likeve at hans gjenløyser lever, som den siste skal han stå fram på støvet. Og han fekk oppleve det og vart lækt.
Det kan vere eit angrep for å erstatte han og kanskje meg også, til samanlikning med korleis den Duglause Hyrdingen rydda vekk tre hyrdingar.
Sak.11,7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. – 8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.
Jesus kalla og vel ut menneske til å tene han. Då må dei ta imot den utrstninga han gir dei og vite kva oppgåve dei går til.
I politikken og økonomien seier dei gjerne at ingen er uerstatteleg og det har vorte populært å vise at menn kan erstatte kvinner. Men det går ikkje her. Judas prøvde sikkert å erstatte nokon, så endåtil Herren vart seld. Judas såg økonomiske interesser i det. Men Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod. Judas vart erstatta. Jesus visste sjølv kven han hadde valt ut. Endåtil ved bryllaupet i himmelen kjem der til å vere ein som ikkje er utvald, det viseer seg ved at han ikkje er bryllaupskledd.
I Sak.3 ser vi at prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men engelen sa til han gjev Herren må tale deg til rettes. Så tala han til Josva, han skulle sjå fram til at Guds tenar Renning skulle kome. Eg tenker meg Oddleif (og andre predikantar som talar som han), som engelen som talar slik til meg. På grunnlag av at Jesus tok bort synda med sitt offer, får eg vere hans tenar i den himmelske heilagdomen. Og desse predikantane seier eg skal sjå på Jesus og kva han har gjort for meg og sjå fram til at han skap komme att.
I august i fjord sa Jesus til oss at vi skulle sjå at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven. Og så sa han at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Der to eller tre er samla i hans namn, er han midt i mellom dei. Det minna meg om at han tok eit barn og sette mellom dei og sa at den som gjer seg liten som eit slikt barn er den minste i himmeleriket. Den som tok imot det, tok imot han. Og så sa han at englane til hans minste små ser Faderens åsyn (Matt.18,1..). Han kjem til oss med ein bodskap frå Herren, som ein Herrens engel, eg og vi tek imot han. Men då er det også Jesus som kjem til oss og vi tek imot han også. Vi tok imot han i tru og det held vi fram med.
Sidan eg var ung har eg bedt Jesus frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Det hadde seg slik at eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei kvinne, som kjæraste og kone, men innstillinnga og strategien til dei kristne i kyrkje og bedehus synest tvert om å ha vore at eg skulle vere forbanna på grunn av syndefallet, noko anna moglegheit ville dei ikkje tillate. Så i staden for at eg skulle få hjelp i form av ei kone, har dei brukt den saka til å motarbeide meg som mine fiendar, livsfiendar. Skal ho no komme og verte til hjelp for meg som kjæraste og kone, så er ho neppe i stand til det. Når eg gjekk på gymnaset erkjente eg at ho Virtuella ville vere den rett hjelpa for meg. Men når ho og dei ikkje ville, eller var i stand til å gi meg den hjelpa eg trengde då, så er dei ikkje i stand til eller kompetente til det no. Dei har sakka akterut på vegen og treng hjelp av meg og oss til å komme vidare.
Eg skal bidra med det Jesus har gitt meg.
Jesus sa at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:
Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.
Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, om lovangen Gud soleis la ned i meg og om korleis eg bad for henne Reella når eg suderte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å sudere realfag i Bergen, talta Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skla vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.
No må no eg innrømme eg meinar mi gudsteneste er noko meir enn dette. Eg har ikkje tent meg rik på den er ikkje i stand til å hjele andre særleg mykje økonomisk. Det synest heller som eg er avhengig av at Herren skal forsørgje meg om eg skal klare å utføre den.
Men når eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be han frelse folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å vere dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det og gje meg ei frelst kvinne til kone. Eg meiner at slik vart eg kjend med han i mitt hjerte, så eg erkjente at han var min beste ven. Jesus er det evige livet og det vart planta i mitt hjerte. Eg opplever at det også er i den kristne kyrkjelyden. Så eg kan bidra ved å ete av denne frukta og dele med dei andre i kyrkjelyden. Vi har samfunn med kvarandre ved at vi et av same treet.
Sidan eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, vonar eg å få dele denne frukta med henne. Då er det henne Reella eg tenker på. Eg skal bøye meg for Kristus og vende hugen og blikket opp til han. Og den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg.
Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Så den kristne vekkinga er slik at han vekker ånda og hjertet til liv og då har det også å gjere med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Jesus har sagt eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men på det eg har og bruke det. Bodskapen 22.8.2021:
«Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Kommentar 3.
Ledige stolar.
Oddleif tenke seg ledige stolar i møtelokalet vart i tankelivet vårt stolar som til dømes missmodet sette seg på, men då må vi kaste ut stolane. I Maranata var vi berre ein liten gjeng, men Jesus sa til oss at sjølv om vi er berre nokre få som er innvia til han, så er det nok for han til å gjere storverk. Dei hadde opplevt vekking der det var kø for å komme inn og nokre predikantar sa vi må sjå på dei tome stolane som moglegheiter for at menneske skal komme inn og verte frelste. Predikanten John Miland minna oss om å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Først får vi den åndelege velsigninga som kjem den materielle også. Med den åndelege velsigninga kjem åndeleg vekking, derfor kjem folket og då kjem pengane med. Men no er John Miland død, dei har måtta selje lokalet og held møte i eit mindre lokale.
Ved fylden av den Heilage Ande skal eg vinne siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.
Jesus minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande, slik skal eg vinne siger.
Bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
Eg kjende meg tiltrekt av ei jente som eg kalla PolyEster, eg sa det til Jesus og då svarde han meg slik. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte, så ville han komme meg til hjelp med si kraft, slik venta eg at han ville gi meg hjelp i form av ei kone. Eg fann at eg måtte takke Herren for korleis han hadde svart meg på mi bøn både for henne Reella og henne Virtuella for soleis å søke Herren av heile mitt hjarte. Så då skal eg ikkje utelukke at han gir meg dei begge til kone, at han gir meg to kone, til samanlikning med Jakob. Han måtte trælke for dei, sju år for kvar. Men eg har bedt Jesus om noko og han gir meg det gratis.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
9 Han har frelst oss
og kalla oss med eit heilagt kall,
ikkje på grunn av gjerningane våre,
men etter sin eigen vilje og nåde,
den som er gjeven oss i Kristus Jesus
frå evige tider,
10 og som no har vorte openberra
då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
Han har gjort ende på døden
og ført udødeleg liv
fram i lyset ved evangeliet.
1.Joh.4,4 Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
Gangen i det er som før reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Mottiltaka frå den vonde er å føre klagemål mot oss. Så i tråd med syndefallet søker dei ein kunnskap som dei kan bruke som argument mot at menneske skal leve i samfunn med Gud. Men Jesus har sigra over verda, synda, Djevelen og døden. Så ved trua på han skal vi sigre saman med han.
Eg let Jesus få komme inn som ein god ven og ta bustad i meg med heile si fylde og slik tek Faderens bustad hos meg også, så eg får oppleve at han tek omsorg for oss som sine born og tek omsorg for si kyrkje som si brud. Eg meiner eg får oppleve at han soleis tek omsorg for henne Virtuella også. Eg skreiv at den Heilage Ande openberra henne for meg som Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til han og ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg yngste ho skulle halde fram med det og det var derfor eg yngste å få henne til kone. Og Jesus svarde meg at eg skal ikkje gå med noko anklage gjennom kvardagen.
Bodskapen. 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Har vi teke imot den, så tilhøyrer vi han og er frelst. Gud utgyt sin Ande over vårt kjøt, så vi får oppleve at den råder over lysta i lekamen. Den Heilage Ande openberrar Sanninga for oss, så vi får oppleve at den set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.
Så når eg skal takke han for frelsa, inneber det at eg skal lovprise han som min frelsar og Herre, takke han for at han utgytte sin Ande over alt kjøt, også over mitt kjøt, takke han for at han ved sin Ande har fått makta over lysta i kroppn. Ved trua på at Krisstus stod opp att frå dei døde, vert vi erklærte rettferdige for Gud. Og ved å vedkjenne at han er Herre, vert vi frelste.
Når vi ærer og takkar Gud og Kristus for frelsa, så gjer han oss til si ære ved sin Ande. Slik vert vi også til ære for våre foreldre. Bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Jesus har kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade.
Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Jesus gir si kyrkje eit ærefullt sete.
Bodskapen 9.12.12:
«Eg har lagt mi svake hand i di og eg kjenner den sterke handa di. Den held meg fast og den skal aldrig sleppe eller aldrig forlate meg. Derfor så opplever eg dag for dag at du er mi festning, du er mi sikre borg og mi tilflukt i vanskelege dagar og tider. Og når alle andre ikkje forstår, så forstår du og du kjenner meg frå di trone. Du ber omsorg for meg. Ja, seier Herren, eg ber omsorg for alle mine born, eg ber omsorg for den som har det vanskeleg. Derfor, om du kjenner motstand, om du har nederlag, kom til meg og eg skal hjelpe deg ut, kom til meg og eg skal løfte deg opp. Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye.
Når du er skrøpeleg og du kjenner du ikkje duger til noko, men du held fast ved mitt ord, då skal mi kraft openberra seg i din skrøpelegdom. Om du kjenner at du går nedover, så skal eg Herren komme og hente deg inn igjen. Og eg skal løfte deg oppover og du skal få oppleve at sola som du trudde var gått ned, den skal igjen begynne å skine på deg, den skal begynne å stråle på deg. Og gleda som du trudde var borte, eg kallar den tilbake. Og gjev deg meir enn du før har hatt. For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil. Halleluja.»
Bodskapen 1.9.2013:
«Å, Herre, eg vil berre prise deg for ditt frelsesverk. Takk at du har teke meg ut av verda og sett meg inn i din elska Sons rike. Du min Herre og min Gud. Eg stolar på deg, du som har høyrt mi bønn, du som har redda mitt liv ifrå grava. Eg vil opphøye deg og prise deg for frelsa. Du er det einaste som eg har. Du er den einaste som eg …. , du den evige Gud og frelsar Jesus Kristus. Eg takkar deg for ditt dyrebare ord og vitne …….»
Eg oppfatta desse bodskapane slik at det var den Heilage Ande som bad for henne Virtuella og mange med henne. Det har eg merka og skrive som kommentar til andre bodskapar også, men der var vel grense for kor mykje eg kunne spekulere også. Men i haust opna eg meg endå meir for fylden av den Heilage Ande, ved å la den be for henne og sikker mange med henne. Eg hadde fått ein brokkport og den trigga det og eg vart lækt frå den skaden. Det vil eg takke Jesus for.
17. mai og pinse, 2023. Innlegg på Facebook
Oddleif Wahl, Guds utsendig til oss, som Hans Nilsen Hauge, Johannes døyparen og engelen i Sakarja3.
Som Hans Nilsen Hauge.
Søndag 21. mai skal Oddleif Wahl tale på Sion Åheim kl 18 og han blir her og skal halde møte i pinsehelga også. På eit tidlegare møte, når han skulle tale, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale som fekk meg til å sjå litt stort på det, bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
At det vart sagt «endå ein gong» fekk meg til å tenke litt bakover i tid og no får det meg til å tenke på Hans Nilsen Hauge. Han kom frå Rolvsøy ved Fredrikstad og Oddleif kjem frå Mysen, 54 km frå Rolvsøy.
Jesus sender han til mitt distrikt, som om eg skal ta imot han som representant for mitt distrikt? Som om eg skal representere mitt distrikt. Korleis kan eg det? Gud har gjort oss til eit kongeleg presteskap, ved at Kristus er vår øvsteprest hos Faderen og ved at han er kongars konge. Så då skal både prest og konge representere folket overfor Kristus. Men korleis kan vanlege folk som eg og oss gjere det? Det er berre på grunnlag av den nåde vi får i Kristus, vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, slik innvier vi oss til å tene han og han utruster oss til det ved å lære oss om med sitt Ord og ved den utrustninga vi får ved den Heilage Ande.
Gratulere med 17. mai. Her er ei lita 17.mai-tale med støtte på ein video av Ola Honningdal Grytten.
Hans Nilsen Hauge starta ei kristen vekking og folkeopplysning som vart viktig for folket og landet når det vart sjølvstendig og fekk si grunnlov i 1814. Han vart forfølgd og fengsla og det vart tydeleg at det var dei utanlandske maktinteressene som stod bak, ja, så vart han også benåda når Noreg vart sjølvstendig. Ein liknande motsetnad er framleis relevant i forhold til utanlandske makter.
Hans Nilsen Hauge klarde å tenke både med hjertet og med hjerna og han tenkte konstruktivt til gagn både for seg sjølv, folket og landet og vart med det ein betydninsfull person for norsk næringsliv.
Han forkynte også ved å skrive bøker og tente seg rik på det, eit godt døme på at den åndelege velsigning kom først, så den materielle. Og så oppmoda han folk til å starte opp bedrifter og var med på å investere for å få dei i gang, så folk fekk seg arbeid. Det er ein vesentleg grunn til at næringslivet kom så godt i gang på Sunnmøre.
Vi tenker på ein måte med hjertet (ryggmargsforlenginga og den delen av storehjerna som ligg inntil den) og på ein annan måte med forstanden (resten av storehjerna, hjernebarken er den ytre overflata men hos menneska er den er folda, så den er mykje større enn den innvendige sida av kraniet), det kan verte ein motsetnad som ofte kan verke kunstig, sikkert på grunn av diverse maktinteresser, men eg meiner det går an å tenke på begge måtane. I praksis kan det verke vanskeleg, då må vi insjå at det er kvart til sitt bruk. Vi klarar ikkje å tenke med hjertet slik som med hjerna. Men når kristendomen vart forkynnt for oss så vart vi oppfordra til å ta imot Ordet i tru, så Ordet smelta saman med oss oss i hjertet. Slik skulle vi få komme inn til Guds kvile. Vi skulle tru på Kristus med hjertet og med den trua fekk vi den Heilage Ande, slik fekk vi visdom og kjærleik frå Gud i hjertet. Det går godt an å ha samtidig som vi brukar forstanden.
Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider han eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje var heilt komfortabel med. Men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Ved trua på Jesus har eg fått oppleve at han har gitt meg ånd og liv i hjertet, slik har eg fått visdom og kjærleik frå Gud i hjertet og eg meinar det fungerer godt samtidig som eg studerer realfag eller er i praktisk arbeid. Då må eg sjølvsagt bruke forstanden. Det gjer meg meir kompetent til å diskutere og medan eg brukar forstanden i diskusjonen, kan det hende eg opplever at sjølv om resonnementet var forstandig og soleis syntest rett, så stemmer det likevel ikkje med visdomen eg har i hjertet, så eg konkluderer med at den likevel er rettast, det er som om den har større autoritet. Men i mange tilfelle så viser det seg at dei som tydelegvis tenker med hjertet, tek feil, spesielt i miljøpolitikken, det har vist seg gang på gang. Dei som i staden brukar forstanden får rett. Og det er eigentleg ikkje så rart, for vi treng naturfag for å drive naturvern og vi treng matematikk både i naturfag og økonomi.
0:00 / 16:45
NLA Høgskolen
tndesropSo122uc1tu22g13690r0a3b70ugg 3ac5g6207fg3ai0ea1 i.rf ·
Ifølge professor Ola Honningdal Grytten (NHH) er Hans Nielsen Hauge norgeshistoriens største serie-gründer – kommersielt og ideelt! Se hele miniforelesningen her
Som engelen i Sak.3.
Øvstepresten skulle ein gong i året bere fram eit syndeoffer for seg sjølv og så eit syndeoffer for folket og då skulle han gå inn i det høgheilage med blodet. Likevel skilde synda dei frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Kristus bort synda ein gong for alle, slik vart han øvsteprest på ein ny måte, til evig tid. Han gjekk inn i den himmelske heilagdomen med sitt blod og då bana han vegen for oss. Så no han vi alle gå inn i den himmelske heilagdomen og slik er vår presteteneste, vi kan stige fram for nådens trone og få misskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Så den levittiske prestetenesta er førebilete på dette. Dette vert forklart i Hebrearbrevet. Eg tenker meg at liksom øvstepresten bar fram eit syndeoffer for seg sjølv først og så for folket, så kan eg stige fram for nådens trone først og fremst for meg sjølv og så for folket.
Dette vart det profetert om i Sakarja3.
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Dei var varselmenn om det som skulle kome, den levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, men no trengst det ikkje å bere fram syndeoffer lengre. Soleis ser eg Josva som førebilete på mi presteteneste, han skulle sjå fram til at Renning (Jesus) skulle komme og no skal eg sjå på det frelseverket han fullførde for meg og oss då han kom og døde i staden for oss på korset. Han stod oppatt og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand og så sende han oss den Heilage Ande. Den openberrar han for oss og slik får eg sjå at han kjem til oss ved sin Ande.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Eg tenker meg at Gud sender sin tenar for å tale til meg og oss som engelen i Sak.3 og det viser seg til dømes ved at der kjem bodskapar gjennom tyding av tungetale.
Som Johannes døyparen.
Malakias profeterte om at Gud ville sende dei ein profet som skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.
Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.
Alle frekke og gudlause
skal då vera som halm,
og dagen som kjem, skal brenna dei opp,
seier Herren, Allhærs Gud,
så korkje rot eller grein vert att.
2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
3 Då skal de trakka ned dei gudlause,
dei skal vera som støv under sólane dykkar
den dagen eg gjer mitt verk,
seier Herren, Allhærs Gud.
4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
den eg gav han på Horeb for heile Israel,
både føresegner og domsreglar.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Dette var døyparen Johannes.
2022.03.20. Sion Åheim. Gud vil vende fedrehjerta til borna og bornehjerta til fedrane.
Det tyder på at der var ein motsetnad mellom generasjonane, men han skulle løyse det, ved å minne om læra til forfedrane, Moselova!? Dei ti boda seier kva du ikkje skal gjere, kun to av dei seier kva du skal gjere og då er hovudpoenget likevel noko som andre har gjort. Du skal halde kviledagen heilag, for du skal kvile på grunnlag av det som Gud allereie har gjort og det han gjer. Du skal heidra far din og mor di, så det går deg godt og du får leve lenge i landet. Korleis høver det med bodskapen til Johannes Døyparen.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
For det første: «12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.» Og likevel vert det til ære for både Gud og foreldra. Korleis då? Sjå Rom.8.
Pinse-bodskapen.
Mange reknar Romarbrevet for å vere det viktigaste brevet til Paulus, sikkert fordi det var stila til kyrkjelyden i hovudstaden i Romarriket. Det han skriv om Moselova og korleis den verka kan også brukast på lov-læra i Romarriket og moralfilosofien elles, «barnelærdomen» til verda. Det vart eit tankekors for Paulus at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Jesus og dei som tilhøyrde han, korleis kunne han ha teke så feil? Han forklarde det på to måtar. For det første så brukte synda i lekam brukte lova til å dåre han og drepe han. Det var då som syndefallet. For det andre var han seld utan å vite det. Men Jesus kalla han og valde han til apostel i staden for Judas, så då valde han ein som var seld utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kav han gjorde.
Det var som om han var levande død. Han var ikkje levande for Gud og forstod ikkje kva han gjorde, til tross for at han var ein ivrig farisear. Men Kristus døde i staden for han, så ved trua på han såg han det slik at han var krossfesta med han og i dåpen var han gravlagd med han. Det er det han lærer oss. Poenget er at Jesus stod oppatt frå dei døde, derfor får vi noko nytt i staden, ein ny identitet og eit nytt liv. Dersom Kristus ikkje var oppstått frå dei døde, så er vi dei skrøpelegaste av alle menneske og slik kan vi ofte føle oss svake, men no er Kristus oppstått og det gjer skilnaden.
Dette forklarer han for oss til dømes i Rom.8 og det er ofte rekna som det viktigaste kapittelet i Romarbrevet. Det byrjar slik:
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Her er noko som gjer det litt vanskeleg å forstå, for det verkar som han talar om kroppen og naturen på to måtar, på den eine side er kroppen og naturen vond og har feil, den skal døy på korset saman med Kristus. I andre samanhenger er naturen det rette og vi skal tene Gud i denne kroppen, bere den fram som eit levande offer for Gud (Rom.12). Den er eit tempel for den Heilage Ande.
Det verkar også som ei sjølvmotseiing når han sa at det var ikkje lenger han som levde men Kristus som levde i han og det livet han no lever i kjøtet, lever han i trua på Guds Son. Som om han likevel lever i kjøtet altså.
Gal.2,19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, så ved å tru på han er vi i han, vi er i den Anden han gav oss frå himmelen. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, eg tenker meg at han gir ånd til vårt hjerte og i vår kropp og liv til vår sjel, så sjela er i Anden og den er i kroppen. Så Anden råder over kjøtet. Det er ikkje menneskeverk, men det er Guds som gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande.
…….
Ja, vi skal snart feire pinse, den er fundamentalt viktig både for den einskilde og for kyrkja. Johannes døyparen sa at Jesus skal døype oss med den Heilage Ande (Joh.1,31-34) og Paulus lærer oss at han døyper oss til å vere ein lekam og slik utruster han oss med nådegåver som vi skal tene han med og tene kvarandre med, som lemene på hans lekam. Pinserørsla og anna karismatisk vekking legg spesielt stor vekt på dette og refererer gjerne til Joel.3,1-2. Eg tek med noko meir.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Der låg mykje økonomiske interesse og politisk makt i å selje dei som trælar, så endåtil Jesus vart seld for 30 sølvpengar. Han stilte seg sjølv i posisjonen til den einskilde som leid urett og vart seld og døde i staden for han og henne. Slik betalte han prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han. Ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den vert som eit segl på at vi tilhøyrer han. Slik er vår frelse og det er frigjerande.
Lovsangen som vart til ein verkebyll, men som skal verte til lovsang igjen, ved at Guds Ande vert utgytt igjen, over mitt kjøt, over vårt kjøt, overslekta og folket.
No i haust vart eg minna om å opne meg igjen for denne fylden av den Heilage Ande, slik at eg let den be for henne Virtuella og sikkert fleire med henne, ja, meg sjølv også. Eg opplevde det som at slik svarde eg på Jesu kjærleik med kjærleik. Det hang saman med at eg tenkte på at eg hadde fått ein brokkport og no vart eg lækt for den, sjølv om det ikkje var hovudsaka i mi bønn, altså. Så det takkar eg Jesus for og erkjenner at det var ved at han døypte meg med den Heilage Ande, eg fekk oppleve at den vart utrent over mitt kjøt.
Hausten 1985 studerte eg realfag i Oslo og gjekk på møte i dFEF og ein gong kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale der Jesus sa til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Det minna meg om henne Virtuella og mitt forhold til henne, hennar sjels frelse var ein lovsang Gud hadde lagt ned i meg ved den Heilage Ande og som eg har skrive, så meiner eg det framleis er rett og det vert fornya ved at Jesus framleis gir oss ånd og liv frå himmelen. Deet er også ein nådegåve Gud har gitt meg ved den Heilage Ande og eg skal kveike den og tene han med den i hans kyrkjelyd.
Hausten 1988 oppdaga eg på Blindern ei jente som eg syntest var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sidan leia han meg slik at eg møtte på henne og då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Og eg er overtyda om at ho opplevde det. Eg kallar henne Reella, for ho studerte tydelegvis realfag, for eg såg henne igjen mange gangar på Biologibygget. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Eg finn det rett å hugse på både henne Virtuella og henne Reella, slik som eg bad for dei og fekk oppleve at Gud svarde meg og openberra si frelse for oss i Kristus. Mi bøn for henne Virtuella var eigentleg ei takkebønn, mi bønne for henne Reella var ei bøn om ei kone.
På møte i Filadelfia Ulsteinvik 27.11.2022 kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Det minner meg om Augustins lære om at det er kun gjennom kyrkja menneske kan verte frelste, dei som står utanfor er forbanna og det betyr at dei skal gå fortapt. Så dersom ein mann vert glad i ei kristen jente og vil fri til henne, så må han vere førebudd på å få avslag med den forbanninga altså. Men det er då Kristus som er vegen til Faderen, han er ved Faderens høgre hand i himmelen og er vår frelsar og Herre og er ikkje avhengig av noko jordisk tempel eller kyrkjebygg.
Det som er sagt om verkebyll minner og det Paulus sa om tornen i kjøtet, så eg tenker meg at det er den som lagar verkebyll.
2.Kor.12,7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Eg opplever det som om mitt forhold til henne Virtuella har vorte som ein verkebyll, som om lovsangen har vorte som ein verkebyll!? Det var då ikkje hensikta med den!? Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi tok imot i tru og fekk oppleve at den vart utgytt over vårt kjøt, så vi fekk oppleve at den rådde over lysta i kjøtet. Eg erkjente for Gud at den vart utgytt over mitt kjøt og takka han for det, eg fekk oppleve at den rådde over lysta i mitt kjøt og takka Gud for det. I tråd med dette fekk eg oppleve at Gud la lovsangen ned i mitt hjerte ved den Heilage Ande. Eg skal ikkje gå med dårleg samvit gjennom dagen, men vende meg til Kristus og takke han for at han gav meg den Heilage Ande, for at den vart utgytt over mitt kjøt og for at han la lovangen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.
I denne bodskapen sa han også: «Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig». Dette minna meg om mitt møte med henne Reella. Eg har enno ikkje snakka med henne, men eg har snakka med Jesus om henne og han svarde meg at slik som han har vore mot meg, vil han vere mot den eg ber for. Han har snakka med meg og han vil snakke med henne også og det gleder meg.
Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, denne lovnaden får vi oppfyllt i Kristus. Evangeliet om han skulle forkynnast for alle folkeslag, Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Slik er han Gud for alle folkeslag, han er alt kjøts Gud. Hans Ande vart utgytt over mitt kjøt, slik er han Gud for mitt kjøt, mi slekt og mitt folk. Han er Gud for den kvite mann og kvinne og eg ventar meg at han vil gje meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Og då er det henne Reella eg tenker på.
Med mi presteteneste tek eg imot den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen, slik vert eg og vi fornya og velsigna.
Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande, eg tenker meg at sjela er i Anden og den er i kroppen og råder over den og slik gjer den kroppen levande. Eg tenker meg at då gjer sjela presteteneste i kroppen. Kroppen er også eit levande, heilagt offer som vi skal bere fram for Gud, det er ei gudsteneste, ei presteteneste, for det er då prestane som ber fram offer.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Kristus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Ja, dei som vert helga har han gjort fullkomne med sitt offer (Heb.7,27 9,28 10,12-14).
Vi må verte helga ved Guds Ord og Guds Ande, for å innsjå det og det har å gjere med at Gud skaper oss i si likning.
2.Kor.3, 7 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullkome og fullført. Vi skal feste blikket på han og følge han og slik gå framover mot det fullkomne.
Fil.3. 12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
Legg merke til korleis dette løyser det vondes problem i Platons filosofi.
Når eg studerte realfag, såg eg det som ei presteteneste, både ved å gå inn i den himmelske heilagdomen og stige fram for nådens trone og bed å bere fram kroppen som eit levande offer for Gud. Og 27.11.2022 sa Jesus at han legg meg på altaret gong på gong. Ja, slik skal eg innvie meg til å tene han, eigentleg er det å tene han, eg forventar meg at den Heilage Ande fell på offeret, eg vert fylt av den Heilage Ande, den openberrar Ordet for meg, den openberrar Kristus for meg. Slik vert eg fornya og omskapt.
Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så at eg vart forelska i ei kristen jente, var rette høvet for meg til å vedkjenne mi tru på han. Ho Virtuella spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det høvde med den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, ho vart openberra for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg trur Gud vil fornye den openberringa ved ny fylde av den Heilage Ande, så eg skal og vil opne meg for den med tanke på å la den Heilage Ande be for henne og sikkert mange med henne. Vona om Gud herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Og så svarar vi på hans kjærleik med kjærleik, ved å la den Heilage Ande be for oss og hjelpe oss i vårt bønneliv også med vår takkebønn. Den vil hjelpe henne til å svare på Jesu kjærleik med kjærleik, som hans brud og svare på Guds kjærleik med kjærleik, som hans barn. Då vert det bryllaupsfest, så la oss kle oss til festen ved fylden av den Heilage Ande.
Det same gjeld for mitt forhold til henne Reella, men mi første bøn for henne var at eg ville ha henne til kone og Gud svarde på den ved å openberre si frelse for oss i Kristus. Og eg vil fortsette med å be han gi meg ei frelst kvinne til kone, frelse ei kone til meg og då er det henne eg tenker på.
På dette møtet https://blessings-from-heaven.com/2022/03/13/2688/ sa Jesus til oss: “Se, jeg gjør noe nytt, sier Herren, nå skal det spire fram og skal du ikke oppleve det? Det er en lengsel i deres hjerter, sier Herren og jeg ser deres lengsel etter fornyelse og forfriskning. Og vit at deres hjelp kommer fra Herren, himmelen og jordens skaper. Og jeg har bøyd meg ned for å lytte til ditt rop, jeg har bøyd meg ned for å høre hva du hvisker og hva du roper, når ingen andre hører. Jeg har bøyd meg ned for å høre din desperate bønn om hjelp og jeg har kommet for å lytte, men jeg er også kommet for å gjøre, sier Herren. Og du skal vite det at dine bønner er ikke bedt forgjeves, dine rop er ikke ropt forgjeves, men jeg har hørt dem og jeg vil svare, sier Herren. Derfor skal du fortsette holde blikket festa på meg. Du skal fortsette å være fokusert, midt i en urolig tid. Hold blikket på det som er der oppe, der hvor Jesus siter ved Faderens høyre hånd. Og du skal vite at jeg som har begynt et verk i dere, jeg skal fullføre det, sier Herren. Jeg skal fullføre det, for jeg begynner ikke med noe og avslutter det før tiden. Men jeg skal fullføre det verket jeg har begynt og du skal få være en del av det, sier Herren. Amen.
Se deg ikkje engstelig omkring når hav og brenning bruser. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om krig og rykter om krig. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om jordskjelv og pest og alt det vonde som skjer på jorden, men se forbi dette, se hen til meg, jeg som har kjøpt deg fri fra syndens og dødens forbannelse. Jeg vil at du skal se forbi alt dette og vite at du har et ankerfeste som er trygt og som er sikkert og som når inn i det aller helligste. Du er ikke bare en borger på jorda, men du er en borger av himmelen og ditt ankerfeste er hos meg, sier Herren. Derfor skal du ikke bare se på det som skjer og bli engstelig og forferdet, men løft ditt blikk, for forløsningen stunder til. Og jeg ser deg og jeg hører deg og jeg skal gi deg fred, sier Herren, min fred, ikke den fred som verden gir, men min fred som overgår all forstand. Den skal innta og bevare ditt hjerte, slik at du kan bli bevart og stå imot det vonde, midt i denne tiden, så skal ditt hjerte bevares, for jeg gir deg av min fred, sier Herren. Amen.”
Den gamle vonde naturen gjer motstand mot prestetenesta i den nye pakta.
Dyret som strir mot dei to tempelvitna.
I Joh.Op.11 er det tale om dei «to tempelvitna», det refererer til øvstepresten Josva og byggherren Serubabel i Sak.3-4, men vi er i nytestamentleg tid, altså handlar det om prestetenesta i den kristne kyrkjelyden. Vi kan også sjå det på bakgrunn av striden om prestetenesta i den gresk-syriske tida (Daniel.11 og Sak.11).
Joh.OP.11,3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda. 5 Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten. 6 Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.
7 Men når dei er ferdige med å vitna, skal dyret som stig opp frå avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda seg og jubla over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære.
Her står Egypt for trældomen under avgudane og Sodoma står for trældomen under synda, slik som i Sodoma, spesielt homoseksualitet altså, det vite seg når dei to englane var på besøk hos Job. Då kom der menne og kravde å få sin vilje med dei. Men dei redda Job og borna hans ut av Sodoma før byen vart lagt i ruinar.
Kristus vart drepen i denne store byen, Jerusalem altså. Kristus sa om byar i Israel og byar som ikkje ville ta imot hans sendebod, at på dommedag skulle det gå Sodomalandet likare enn dei.
Antikrist gjer motstand mot trua på Faderen og Sonen.
Denne motsetnaden kjem også til uttrykk når empirismen og liberalismen opponerer mot den kristne rasjonaliteten og rasjonalistane. Det er lysta som opponerer mot Anden. For der er ein verdsleg autoritet som vil sette seg i staden for Kristus. Krev og ventar seg at vi skal elske han i staden for Kristus altså. Då er det vel ikkje så rart at det er religiøsitet som er avspora seksualitet, slik som Freud sa og slik som vi ser i Rom.1.
Det er Antikrist som fornektar Faderen og Sonen, for å så å gjere seg sjølv til gud (2.tess.2). Det er avgudsdyrking som fører til avspora seksualitet (Rom.1). Men Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for Kyrkja som er hans brud. Han er verdige til det, fordi han tok bort synda med sitt offer.
Joh.Op.5,8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta,
og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
menneske av alle stammar og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal herska som kongar på jorda.
11 Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt
og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:
Han som sit på trona,
han og Lammet vere takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Dersom nokon underviser i eit fag, så kan dei sjå det i relasjon til andre fag, men dei kan ikkje byrje å undervise i det i staden, som om det er same faget. Om nokon underviser i fysikk, så kan dei ta døme frå biltrafikk, men dei kan ikkje halde fram med køyreopplæring som om det er same faget. Men det var noko liknande som skjedde når antikk filosofi kom inn i kyrkja. Den var kopla til antikk mytologi, trua på at planetane var gudar. Derfor fekk den nye naturvitskapen motstand, men den viste at planetane ikkje var gudar, men kloder. Sidan har dette vorte brukt som argument mot det som står skrive i Bibelen, men det er usakleg, det vart tvert om stadfesta, for profetane hadde for lengst sagt at dei ikkje er gudar.
Likevel vert menneske spotta fordi det framleis held seg til barnetrua, til tross for at Jesus sa vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Så den skal ikkje erstattast, men det livet som vart planta i oss ved Guds Ord skal vekse, ved at vi framleis tek imot Ordet, så det ver trua smeltar saman med oss i hjertet og ved at hjertets jord vert vatna ved den Heilage Ande. Samtidig som vi vert opplærde i mange andre fag i tillegg.
Ødipus-syndromet.
Men der er altså framleis dei som meiner det skal erstattast og då er det helst med psykologi og psykiatri. For mange er visst det vitskapen som skal erstatte trua, men det er då heilt feil. Freud samtala med pasientar og prøvde å forstå dei og stille diagnose. Det er ei psykologisk og psykiatrisk behandlingsform. Men det blir då heilt feil å gjere diagnosene til vitskapleg teori og religion. Då motseier han seg sjølv, det blir til religion som er avspora seksualitet. Igjen blir det som å ete av kunnskapstreet.
Prestane supplerer gjerne med psykologi og psykiatri, spesielt psykoanalyse, har eg fått inntrykk av og tek gjerne kontakt med fagfolk. Det kan samanliknast med å ta kontakt med ein doktor. Freud samtalte med pasienten og stilte diagnose. Men det er ikkje det same som ei vitskapleg hypotese eller teori. Det kan brukast saman med evangeliet som metode, men vi på passe på at det ikkje vert til erstatning for evangeliet. Men mykje tyder på at det er nettopp det som for ein stor del har skjett i denne siste tida, til samanlikning med korleis evangeliet vart fortrengt i middelalderen. No tenker eg også på fortrengning som eit omgrep i psykoanalysa.
Freud definerte ødipus-komplekset på grunnlag av ei myte i antikken. Det handla om at når ein gutunge nettopp er avvend, kunne han komme til å oppleve faren som ein konkurrent om mora og det kunne visst verte så pass alvorleg at han diagnostiserte det som ødipus-komplekset. Eg har vanskeleg for å forestille meg at dette skulle verte eit problem i ein kristen familie. Kanskje det med tida kunne verte til pubertetstrass?
Når ein ung mann kjem opp i den alderen at han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, kan han komme til å oppfatte Kristus som ein konkurrent, så kanskje han då også oppfattar Faderen som ein konkurrent. Men eg hevdar det beror i så fall på ei missforståing, for Kristus døde i staden for oss, så vi skulle få barnekår hos Gud. Så kva det er problemet eigentleg består i? Det er at presten konkurrerer med mannen om kvinna, frå han er eit lite barn, ein ungdom og når han er ein voksen mann. Men då viser det seg at han også konkurrerer med Kristus og Faderen om kyrkja. Det er eigenteleg ikkje berre presten, men han representerer soleis den tradisjonelle, lærde herskarklassa. Dette er ikkje alltid så lett å sortere i og verte klok på, så eg kallar det ødipus-syndromet.
Eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll samtidig som eg studerte realfag og medan eg dreiv tråling. Eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så det var hans sak som han tok seg av, for meg var det viktig å tru på det og stole på det, så eg kunne konsentrere meg om studiane. Der er sterke økonomiske og maktpolitiske interesser som strir mot dette og eg karakteriserer det som ødipus-syndromet, for dei opptrer som konkurrentar til meg, når eg vil finne meg ei kone. Freud definerte ødipus-syndromet ved at gutebarnet som nyst var avvend oppfatta faren som ein konkurrent, med det viser seg at det er rettare og meir fundamentalt å definere eit «ødipus-syndrom» ved at dei vil konkurrere med mannen om kona hans og ved at dei vil konkurrere med sonen, når han vil verte venn med ei jente og få henne til kjæraste, når han vil fri til henne, for å få henne til kone.
Slik vart dei med sitt «fag», psykologi, psykiatri, filosofi, humaniora eller kva det no er for noko, konkurrentar til kristendomen og kyrkja og konkurrentar til det faget eg studerte, matematikk, fysikk og det faget eg sidan studerte, biologi. Det framstår som ein postmoderne humansime som motsetnad til både kristendom og realfag. Det minner om korleis «filosofien» i kyrkja streid mot både evangelisk kristendom og den nye naturvitskapen, men vart tilbakevist. Og det minner om korleis filosofien i Stalintida (Lysenko-fadesa) streid mot utviklingslæra og genetikken, men vart tilbakevist. Slik strir det framleis mot realfag og det går verst ut over biologien.
Den nye naturen er som Abel, den gamle er som Kain, som vart misunneleg på han og slo han i hel.
Til samanlikning med Paulus sine ord om den gamle vonde naturen og den nye, tala apostelen Johannes om Kain-naturen og Abel-naturen.
Abel bar fram eit betre offer enn Kain og vart velsigna. Derfor vart Kain misunneleg på han og slo han i hel.
Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.
Heb.12, 22 Men de er komne til Sions fjell og den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, og til dei mange tusund englar, 23 til høgtidsstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren, som er Gud for alle, og til åndene åt dei fullenda rettferdige, 24 og til Jesus, millommannen for ei ny pakt, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod. 25 Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk han som talar! For når hine ikkje slapp undan, dei som viste ifrå seg han som tala på jordi, kor mykje mindre skal då me sleppa undan um me vender oss ifrå han som talar frå himmelen! 26 Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med. 27 Men det ordet: Endå ein gong, syner at dei ting som vert riste, skal umskiftast, av di det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved. 28 Lat difor oss som fær eit uruggeleg rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad, med blygd og otte! 29 For vår Gud er ein øydande eld.
Apostelen Johannes taler om Guds born som den nye naturen og om Kain-naturen som den gamle vonde naturen.
1.Joh.3,4 Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova. 5 Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd. 6 Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han. 7 Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig. 8 Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. 9 Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud. 10 Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud. 11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige. 13 De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre. 17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Når vi les dette må vi vel innrømme at vi får merke striden mellom dei to naturane i oss, slik som Paulus skriv om. Då er det vesentleg for oss at den nye naturen får næring, så den veks og modnast. Den nye naturen kan vi kalle Abel-naturen, han bar fram eit betre offer og vi skal nytte oss av det offeret som Jesus bar fram for oss, slik at det er vårt synde-offer.
[1] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at Dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og desse dansegruppene må berre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.
Folketalet i Vanylven har gått ned siste 50 åra, typisk for i utkant-kommune. Det er problemet.
Vanylven Arbeidarparti brukar eit slagord om at dei skal støtte næringslivet. Men Arbeidarpartiet tek del i Pride-demonstrasjonane og demonstrerer dermed den haldninga som er årsak til at folketalet i utkantane har gått ned. Dette er å avvise den bodskapen eg talar om, for tvert om å bannlyse norske menn.
Eg kommenterte det på FB, det vart ein interessant debatt og eg tek med det meste her.
Denne linken høvde i grunnen bra:
TS (Eg).
Bra slagord, for næringslivet er det indre økonomiske livet i kommuna som både folket og kommuna lever av.
SBG.
AP er det siste partiet jeg kommer til å stemme på som ikke ønsker å bygge og vedlikeholde veier og som raner næringslivet langs kysten og gir pengene deres til Oslo og som fjerna fritt behandlingsvalg som gjør at tusenvis innen rus og psykiatri nå ikke lenger har noe tilbud da AP er mer opptatt av ideologiske kjepphester enn velferd for enkeltmennesket
EG.
Dette er lokalpolitikk, den er køyrt i gjørma og stått i stamping. Her trengst fornying og dersom Frp skal leve opp til namnet sitt, så bør dei prøve å bidra til framsteg i staden for å verte eit bakstrevarparti.
SBG.
tullprat frp gjorde mye bra for landet de som dette rødgrønne vanstyret vi har nå holder på å rive ned med kutt kutt kutt og atter kutt og en aggressiv skatte og avgiftspolitikk som sender folket til slumstasjonen og næringslivet utenlands AP burde skifta navn til UP undergangspartiet
TS.
Det er rikspolitikk, lokalpolitikk er ei anna sak. Skal vi få fornying og ein betre politikk, bør det helst starte lokalt.
SBG.
ja det har du rett i men AP sin politikk er ikke egnet til fornying vekst og utvikling av hverken kommune eller stat
TS
Her har Frp vorte eit bakstrevarparti på linje med V og Sp. Men så dukka INP opp, så vi kan vone det blir ei brukbar erstatning.
Dette er lokalpolitikk, den er køyrt i gjørma og stått i stamping. Her trengst fornying. Han kan håpe på støtte frå H og INP. Kva med Frp? Dersom Frp skal leve opp til namnet sitt, så bør dei prøve å bidra til framsteg, dei også, i staden for å verte eit bakstrevarparti.
SB.
Men: Og ikke for å være nedlatende eller sarkastisk: Detsom han skal være pådriver og støttespiller for næringslivet, er vel det andre partier enn AP som (i dag) passer bedre?
TS.
Folketalet i kommuna har gått ned siste tiåra og det er på tide vi alle innser at det er det indre økonomiske livet I kommuna som først og fremst kan motvirke det. Det er bra at AP innser det og går for det. Det er lokalpolitikk og dermed spesielt for kommunen og Keynes økonomiske politikk har eigentleg AP gode erfaringer med på nasjonalt plan også. Jau, andre parti også, som H og INP og eg hadde venta meg Frp også. Vanylven er ei jordbruks-kommune der V og SP står sterkt. At vi lever av det økonomiske liver i kommuna er noko vi alle burde forstå og erkjenne. Jordbruket slit og vert samanslått til stordrift, forstår godt frustrasjonen. Men kva med innovasjon og nytenking? Står fram for utfordringer, ja.
TS
Oppfattar deg ikkje som nedlatande eller sarkastisk, nei, no worry.
SB.
Ja, men det blir spennende å se!
For poenget mitt er at AP har tradisjonelt vært – men har beveget seg nå dessverre langt fra – et industriparti og tatt vare på norske arbeidsplasser.
Nå er det sentralt kampen mot privat helsevesen (men Støre gikk jo selv til Volvat da han ble syk) og innførelse av et tredje kjønnspronomen som er de store sakene.
Det blir spennende å se dersom det er et grasrot/distriktsopprør mot AP sentralt, der andre verdier blir satt i fokus.
TS.
Gerhardsen førde ein økonomisk politikk i semje med ei arbeidarrørsle med ein moderat klassekamp og det samsvara både med marxismen og Keynes økonomiske politikk. Men med “68-generasjonen” og AKP-ml, vart dei venstre-radikale dogmatiske, så den økonomiske filosofien vart til religion. Marx tenkte seg dette kom til å komme på slutten av kapitalismen, men med leninismen vart både kapitalismen og marxismen avstumpa, dermed også den økonomiske utviklinga Marx venta seg. Når økonomien og politikken soleis vart religion, så var det fordummande avgudsdyrking. I følgje Rom.1 fører det til avspora seksualitet. Og det ser vi i vår tid. I følgje naturvitskapen har menneska to kjønn og å postulere eit tredje kjønn strir mot naturvitskapen.
SB.
Ingen trang til å slå inn åpne dører. Ja, det finnes to kjønn, ikke noe annet. Så en liten sånn fin en forleden: Om du tar 100 kvinner og 50 menn til en øde øy, vil du etter 100 år få et fint samfunn med både kvinner, menn og barn.
Men om du tar hundre transer og 50 menn vil du etter 100 år finne 150 mannlige skjelett.
SB.
Og for å si det sånn, så er vi relativt på nøyaktig samme bølgelengde, til tross for religiøs uenighet.
TS.
Konklusjon; det er ein inhuman, livsfiendtleg og øydeleggande mørkemanns-moral som ligg bak.
TS.
I dag er Njål på bygdepride i Volda, sjå på fb-sida hans eller fb-sida til Vanylven Arbeidarparti. Om nokon er interessert i kva han meiner med dette, så får de ta det opp der. Men det interesserer meg ikkje og vil helst ikkje skrive noko om det, eg meiner eg må få lov til å velje og prioritere noko viktigare.
TS.
Arbeidsløysa i Møre og Romsdal har gått ned siste åra og er lav (2,8%) og i Vanylven er den spesielt lav (1,1%). https://www.kommuneprofilen.no/…/DinR…/ledig_mnd_region.aspx https://www.nrk.no/…/arbeidsliv-i-more-og-romsdal-1.13493578 . Så det er ikkje det store problemet då. Men å oppretthalde folketalet handlar sjølvsagt først og fremst om det indre biologiske livet i kommuna, skal vi oppretthalde folketalet og kanskje endåtil få det til å stige, så må vi formeire oss, det er biologi, det er som før gjennom det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne. Så spørsmålet vert då korleis tenke konstruktivt og få ei konstruktiv samtale mellom mann og kvinne, for å få ekteskap og familieliv, slik som tidlegare. Mykje tyder på at det har vorte vanskelegare, så kva gjer det vanskelegare og kvifor? Kva kan gjere det lettare og betre?
Arbeidsløysa i Møre og Romsdal har gått ned siste åra og er lav (2,8%) og i Vanylven er den spesielt lav (1,1%). https://www.kommuneprofilen.no/…/DinR…/ledig_mnd_region.aspx https://www.nrk.no/…/arbeidsliv-i-more-og-romsdal-1.13493578 . Så det er ikkje det store problemet då. Men å oppretthalde folketalet handlar sjølvsagt først og fremst om det indre biologiske livet i kommuna, skal vi oppretthalde folketalet og kanskje endåtil få det til å stige, så må vi formeire oss, det er biologi, det er som før gjennom det kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne. Så spørsmålet vert då korleis tenke konstruktivt og få ei konstruktiv samtale mellom mann og kvinne, for å få ekteskap og familieliv, slik som tidlegare. Mykje tyder på at det har vorte vanskelegare, så kva gjer det vanskelegare og kvifor? Kva kan gjere det lettare og betre?
RS.
Skal en virkelig diskutere den nedadgåande trenden ifm barnefødsel, så er vel den nasjonale økonomiske situasjonen meir relevant. Eg trur mange unge vel å ikkje få barn, akkurat fordi det å etablere seg er så forferdelig dyrt. Det er og større muligheter for å prioritere seg sjøl, og med et (lite?) funksjonelt pensjon og sjukeheims apparat, så treng en heller ikkje barn for å sleppe å dø på gata når en blir gammel.
Arbeidsledigheta i Vanylven, feks, er kanskje lav, men alderssnittet er og veldig høgt. Skal en virkelig diskutere populasjon, så krevs det nye, fleire, og meir varierte, arbeidsplassar. Det må eksistere engasjement i lokalsamfunnet for dei tilbuda som er her, og på et kommunalt plan krevs det at vi ikkje bare heia på, men er med og legge ned en innsats for å holde liv i dei.
Familielivet som en gong var, er vekk. Det kjem aldri tilbake. Sjølv med både mor og far i arbeid, har no en gjennomsnittlig familie 4-5 gongar samla inntekt i huslån. Dette er ganske skrekkinngytande sammenligna med 2,5-3 gongaren som var vanlig i lang tid. Dette då i tillegg ofte bare på ei enkelt inntekt.
Eg trur mange, både fedre, og mødre, skulle ønske dei kunne være heime for sine barn, men få har råd til en slik luksus. Og om AS Norge skal oppdra våre barn, trur eg mange ser lite vits i å trykke dei ut i utgangspunktet.
AP har vel ganske klart uttrykt her i kommuna ka dei tenker om vekst og næring. En naiv politikk som ikkje er liv laga. Tragisk å tenke på at Vanylven, Herøy, Ulsteinvik og Vågsøy kommune hadde like folketal ei periode. 3 satsa på næring, ei satsa på idealisme og naivitet. 3 av dei er idag i eksplosiv vekst, både økonomisk og samfunnsmessig.
Eg har fortsatt trua. Med litt pragmatisme, så kan Vanylven og komme seg dit. Då kjem dei barna vi alle så gjerne skulle likt å sjå både på skulebenken, syklande langs vegane, på fotballbanene og ellers. Men først og fremst må det tilretteleggast for at mor og far kan busette seg her, og det kreve, definitivt, fleire arbeidsplassar.
TS.
” satsa på næring, ei satsa på idealisme og naivitet.” Dette svarar til ei motsetning mellom å tenke med hjertet og å tenke med forstanden (storehjerna). Den motsetnaden verkar ofte kunstig, sikkert på grunn av diverse maktinteresser, eg meiner det går an å tenke på begge måtane. I praksis kan det verke vanskeleg, då må vi insjå at det er kvart til sitt bruk. Vi klarar ikkje å tenke med hjertet slik som med hjerna. Men når kristendomen vart forkynnt for oss så vart vi oppfordra til åt ta imot Ordet i tru, så Ordet smelta saman med oss oss i hjertet. Slik skulle vi få komme inn til Guds kvile. Vi skulle tru på Kristus med hjertet og med den trua fekk vi den Heilage Ande, slik fekk vi visdom og kjærleik frå Gud i hjertet. Det går godt an å ha samtidig som vi brukar forstanden. Ovanfor har eg eit innlegg om Hans Nilsen Hauge. Han klarde godt å tenke på begge måtane og vart med det ein betydninsfull person for norsk næringsliv.
OB.
det er mye, mye verre enn du tror.
De synkende fødselstallene har ikke noe med lokale steder å gjøre, de har ikke engang noe med Norge å gjøre. Dette er såkalte “megatrender”, dvs trender som gjelder i hele den Vestlige verden samtidig. Tenk på det, ikke noe land i vesten har klart å snu denne trenden.
RS.
Eg trur at ukontrollert populasjonsøkning, og mega selskap som får forurense fritt, er en mykje større trussel for planeten, og menneska, enn en nedadgåande trend i fødsler. Inkompetente politikera spyr om seg med CO2 kvoter, og klapper seg sjøl på skuldra, mens realiteten er at der er ei markant økning i forurensing kvart år. Så lenge grådighet og inkompetanse rår i politikken og forretningslivet, så ser eg dystert på livskvaliteten til framtidige generasjoner. Nasjoner som Norge, har liten innvirkning, desverre.
Eg trur at en populasjonsnedgang er positivt, i det store og heile. Når vi har enkelt nasjoner med over en milliard mennesker, der nesten samtlige lever i elendighet, så må en nesten stille spørsmålet: koffor oppfordre til fleire barn på verdensbasis.
Når det er snakk om reint nasjonalt, så trur eg økonomi i begge ender av skalaen har ei innvirkning. For ikkje å snakke om at det er ikkje for alle. Nokre ønsker det rett og slett ikkje, og det tenker eg er heilt kurant det og.
RS.
Eg er ikkje uenig. Eg trur at medmenneskeligheta og omtanke for kvarandre er grunnlaget for velferdssamfunnet vi var så heldige å bli født inn i. Om en velge å ta fundament i tru, eller rett og slett bare omtanke, er egentlig uvesentlig for meg. Eg er av den formeining at det eksisterer ei grov inkompetanse i det norske byråkratiet. Dei som helst ikkje burde ha meir rådemakt enn å få velge fargen på skjorta si om morgenen, styrer idag en heil nasjon. Næringslivet blir strupt, middelklassen eliminert, og dei svakaste iblant oss er dei som lider mest.
Hjerna forteller oss retninga, hjertet bedømme om den er rett. Synd når politikken manglar begge deler.
OB.
du har ikke forstått noe som helst av dette. Mindre enn ingenting.
Det er i VESTEN befolkningen går tilbake, altså i de kulturene som tar hensyn til det du sier.
Om 100 år kan det fint leve 10 milliarder mennesker på jorda, men de lever alle i søplekulturer som ikke bryr seg filla om feks miljøvern.
RS.
Oi, det var en vågal påstand. Spesielt frå en som tydelig ikkje har lest over populasjonsstatistikker utover Nasjonen overskrifter…
Kina, India og feks Russland, opplever nedadgående trend.
Søppelnasjoner? For dei av oss med meir livserfaring enn skulebenken og mammas radio med NRK nytt, så er det åpenbart at forurensing og menneskeverd, er ei luksusbekymring. Ser en meir pragmatisk på det, så er spørsmålet: Koffor skulle feks Nigeria ta til takke med å være et u-land, når det vestlige samfunn lever i ekstrem overflod? Dei kjeme selvfølgelig til å prøve å bli økonomisk sterke industri/eksport nasjoner, uansett ka miljøorganisasjoner meina.
Når det er sagt, så forurensa vi ekstremt mykje meir per innbyggar i Vesten, enn resten av verden. Vi er bare flinkare å kjøpe produksjonskapasitet i andre land. Vi skifter og om på CO2 utsleppa på papir.
At det vestlige samfunn tek meir hensyn til naturen er en naiv tanke, med rot i komplett ignoranse. Vi stenger ned atomkraft, og baserer oss på kull og vind. Vi står for 80% av plast forurensing i verden. Vi har et matsvinn som har milliarder av tonn i CO2 ekvivalenter pr år. Vi er direkte ansvarlig for utarmeringa av naturressurser frå heile kontinent.
Eg veit ikkje kor du henter informasjonen din ifrå, men det er tydelig at du er et skrikende eksempel på vestlig arroganse og ignoranse.
Artig framgangsmåte du har.
OB.
Robert Sylte tenk hva du vil, Sylte, men om hundre år lever langt flere mennesker i samfunn du ikke liker, og langt færre mennesker i samfunn du liker.
RS.
Det er vanskelig å motargumentere en spekulasjon, men fundamentalt sett så har eg tru på at mennesker til sjuande og sist er gode, og at ting, blir bedre. Sammenligna vi idag med hundre år sida, så er ting, alt tatt i betraktning, mykje bedre. Til tross for dei ekstremt dårlige vilkåra som låg til rette i vestlige samfunn då. Våre nasjoner er og bygd på blod og urettferd. Den vesentlige forskjellen er at idag får vi sjå disse kampane utspele seg, live på tv og nett. Sjå Iran feks. Til tross for alt, så er det medmenneskeligheta som vinne fram. Eg har tru på at dette vil skje ellers og
OB.
vanskelig å si imot optimisme. Jeg misunner deg den innstillingen!
TS
“Hjerna forteller oss retninga, hjertet bedømme om den er rett. Synd når politikken manglar begge deler.” Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider han eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje var heilt komfortabel med. Men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Ved trua på Jesus har eg fått oppleve at han har gitt meg ånd og liv i hjertet, slik har eg fått visdom og kjærleik frå Gud i hjertet og eg meinar det fungerer godt samtidig som eg studerer realfag eller er i praktisk arbeid. Då må eg sjølvsagt bruke forstanden. Det gjer meg meir kompetent til å diskutere og medan eg brukar forstanden i diskusjonen, kan det hende eg opplever at sjølv om resonnementet var forstandig og soleis syntest rett, så stemmer det likevel ikkje med visdomen eg har i hjertet, så eg konkluderer med at den likevel er rettast, det er som om den har større autoritet. Men i mange tilfelle så viser det seg at dei som tydelegvis tenker med hjertet, tek feil, spesielt i miljøpolitikken, det har vist seg gang på gang. Dei som i staden brukar forstanden får rett. Og det er eigentleg ikkje så rart, for vi treng naturfag for å drive naturvern og vi treng matematikk både i naturfag og økonomi.
TS.
I matematikken er det noko som heiter komplementmengde, kanskje vi kan vi forenkle med spørje kva som er komplementært til dette? I klassekampen var det overklassa og industriherrane som arbeidarane skulle kjempe mot, men også forhandle med, for å komme til semje. Her erkjenner dei at dei må støtte næringslivet, ja, for det er då det indre økonomiske livet i kommuna vi skal leve av. Og dette er ein demonstrasjon av å inkludere folk i samfunnet. Men kva er komplementmengde, fiendane som dei ikkje vil inkludere. Det har då vist seg at det er mannen og spesielt når han er på friarferd for å få seg ei kone. Og då er det ikkje så rart at folketale går ned, spesielt i slike utkant-kommuner. For inkluderinga og sosialiseringa har bystaten som ideal.
Bibelen lærer oss å vende om frå avgudane til den sanne Gud, som skapte himmel og jord. Vi skal ikkje tilbe avgudar som menneske lagar av stokk og stein eller noko anna som vi sjølve har laga. Men i følgje marxismen kjem arbeidarane til å verte så framandgjorde at dei ikkje forstår korleis varene vert til, så både dei og produksjonsmidla kjem til å verte som gudar for dei. Men så vert det økonomisk krise og då kjem høvet for arbeidarane til å gjere revolusjon. Men desse demonstrasjonane tyder på at dei har vorte så framandgjorde at dei ikkje lenger forstår korleis dei sjølve har vorte til. Dette er fordummande avgudsdyrking og Bibelen lærer oss å vende oss bort ifrå det. Kva skal vi då vende oss til? Kristus. Jesajas profeterte om han at Gud hadde lagt sin Ande på han, så han skulle føre retten ut til folkeslaga (Jesajas.42) og han gir ikkje si ære til nokon annan, han gior ikkje si ære til avgudane.
De fleste (alle?) nasjoner som opplever velferd og likestilling blant kjønnene opplever nedgang i barnefødsler.
Og det er ikke nødvendigvis at jeg mener det er en dårlig ting at vi har likestilling, men det er en betraktning av hvordan tilstanden er. Sør-Korea, Japan og nå Kina i tillegg til Vesten opplever det.
Men den vanskelige problemstillingen er: Hvordan skal du opprettholde et stabilt fødselstall samtidig som alle vil (meg inkludert!) at uansett kjønn bør og skal man jobbe med det man liker, men samtidig ha minst to barn i husholdningen, når den gjennomsnittlige alderen på kvinner som føder har gått fra å være 21-24 for femti år siden til 37-39 i dag? Og der den siste ofte medfører at mange får ett og bare ett barn?
TS.
I matematikken er det noko som heiter komplementmengde, kanskje vi kan vi forenkle med spørje kva som er komplementært til dette? I klassekampen var det overklassa og industriherrane som arbeidarane skulle kjempe mot, men også forhandle med, for å komme til semje. Her erkjenner dei at dei må støtte næringslivet, ja, for det er då det indre økonomiske livet i kommuna vi skal leve av. Og dette er ein demonstrasjon av å inkludere folk i samfunnet. Men kva er komplementmengde, fiendane som dei ikkje vil inkludere. Det har då vist seg at det er mannen og spesielt når han er på friarferd for å få seg ei kone. Og då er det ikkje så rart at folketale går ned, spesielt i slike utkant-kommuner. For inkluderinga og sosialiseringa har bystaten som ideal.
TS
Bibelen lærer oss å vende om frå avgudane til den sanne Gud, som skapte himmel og jord. Vi skal ikkje tilbe avgudar som menneske lagar av stokk og stein eller noko anna som vi sjølve har laga. Men i følgje marxismen kjem arbeidarane til å verte så framandgjorde at dei ikkje forstår korleis varene vert til, så både dei og produksjonsmidla kjem til å verte som gudar for dei. Men så vert det økonomisk krise og då kjem høvet for arbeidarane til å gjere revolusjon. Men desse demonstrasjonane tyder på at dei har vorte så framandgjorde at dei ikkje lenger forstår korleis dei sjølve har vorte til. Dette er fordummande avgudsdyrking og Bibelen lærer oss å vende oss bort ifrå det. Kva skal vi då vende oss til? Kristus. Jesajas profeterte om han at Gud hadde lagt sin Ande på han, så han skulle føre retten ut til folkeslaga (Jesajas.42) og han gir ikkje si ære til nokon annan, han gior ikkje si ære til avgudane.
SB.
Du blander av og til bibelske referanser til noe du mener helt konkret, uten at det er helt lett å skjønne sammenhengen og/eller hvor du vil hen.
Hvor/hva/hvem er avguder, og hva har de isåfall med dette å gjøre?
TS.
Ateistar påstår gjerne at eigentleg er det menneska som skapar gud i si likning og den påstaden finn vi i marxismen også, på grunn av framandgjeringa vert arbeidarane avmektige overfor både produksjonsmidla og produkta, det vert som avgudar for dei. Det har relevans til det profetane i det gamle testamentet sa, når dei prøvde å få folket til å vende tilbake til Israels Gud. Dei sa at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord ikkje er gudar. Israels Gud såg, høyrde og talte til dei og han frelste, det kunne ikkje gudane laga av stokk og stein. Dei skulle ikkje tilbe det som deira hender hadde lage, dei skulle heller ikkje stole på hestar og vogner, men lovprise Herren (Jesajas.2,6-9 Salme.20,8).
SB.
Men jeg er ateist og langt (langt!) fra Marxist.
TS.
Når Jesus gikk her på jorda, var Faderen med han og gjorde sitt verk med sin Ande. Då fekk han faktisk motstand frå prestane, farisearane og dei skriftlærde, dei som liksom skulle lære opp folket i dei heilage skriftene. Som om dei venta seg at det var dei som skulle gjere sitt verk, som Guds tenarar. Men Gud gjorde sitt verk gjennom Jesus og han gav ikkje si ære til nokon annan, han gav ikkje si ære til avgudane (Jesaja.42). Kva for avgudar var det? Det var desse skriftlærde som prøvde å gjere seg sjølve liksom Gud, i samsvar med syndefallet, til tross for at dei underviste i Moselova. Til tross for at nokre hundrede år tidlegare hadde prestesønene, maccabearane, leia jødane i kampen Selevkideriket og deira krav om at alle skulle tilbe Zevs, så var no religionen deira likevel infiltrert av trua på Zevs. Metodene til Aniokus 4. Epifanes var korrupsjon og svik og det viste seg ved at Jesus vart seld for 30 sølvpengar. Dette var profetert (Daniel.11 og Sakarja.11). Men den levande og sanne Gud gjorde Kristus levande att og reiste han opp frå dei døde og viste dermed at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son og at det var han som gjorde sitt verk. Når vi vender om til han får vi framleis oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og då må vi ære Faderen og Sonen for det, ja, for det er å seie sanninga.
Gud sa til folket sitt at hans ord vender ikkje tomt tilbake, men utfører det som han sender det til. Det gjer det då heilt klart at sjølv om profetane forkynnte det og menneske har undervist det sidan, så er det likevel Guds Ord som gjer verket. Så vi må ære Gud og hans Ord for det (Joh.1). Dette skulle høve med innsikta til rasjonalistane, men vi treng Guds nåde for å innsjå det. Lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Kristus. Guds Ord er som såkorn som han sår i hjertets jord. Slik kjem den åndelege velsigninga først, i hjertet. så den materielle. Jes.55,3 Søk Herren medan han er å finna,
kall på han den stund han er nær!
7 Den gudlause må venda seg frå sin veg
og ugjerningsmannen frå sine tankar
og snu om til Herren,
så skal han visa miskunn,
til vår Gud,
for han er rik på tilgjeving.
8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.
9 Nei, så høg som himmelen er over jorda,
så er mine vegar høgare enn dykkar vegar
og mine tankar høgare enn dykkar tankar.
10 Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne grorkraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11 så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til.
12 Ja, med glede skal de dra ut
og førast lukkeleg fram.
Fjell og haugar
skal møta dykk med jubelrop,
og alle tre på marka
skal klappa i hendene.
13 I staden for klunger
skal det veksa sypressar,
og myrt i staden for nesler.
Det skal vera til ære for Herren,
eit evig teikn
som aldri skal strykast ut.
Eg vil hevde at den moderate klassekampen var ei konstruktiv drivkraft i framveksten av Romarriket og i Noreg fungerte det bra rett etter krigen. Vi kan forklare det både med marxisme og Keynes økonomiske modell. Men når marxistane vert dogmatiske, så det vert religion og når det vert marxist-leninisme, då verkar det til å bryte ned samfunnet, dei ser for seg at slik skal dei gjere revolusjon, så hindrar det den økonomiske utviklinga som kom med kapitalismen og og eigentleg Marx også venta seg, så marxismen vert avstumpa. Men vi må vel innsjå at det er også eit problem med marxismen i seg sjølv, den motseier seg sjølv og verkar slik at når dei prøver å få til økonomisk utvikling, så motarbeider dei den også, så det står i stampe og ein kan lure på kva det blir til. Folk vert lurte av framandgjeringa og lurer seg sjølve til slutt. Det er mykje meir fruktbart å lære å forstå Keynes økonomiske modell.
SB.
Noe av det klassiske med marxisme er at du skal ikke ha en (av)gud, staten er guden. Ideologien er guden.
Men, marxisme har en 100% feilrate opp gjennom historien. Det er ikke en god idé på papiret engang.
Det er en forferdelig idé. Tanken bak var kanskje god, men den er rettet mot feil rase her på jorden.
EG
Dette er fyrst og fremst ein demonstrasjon av mangelfullt utvikla sjelsevne og sosiale eigenskapar. Det vert forsterka av at når vi kjem til sakens kjerne, så vert det møtt av ei øyredøyvande taushet. Kva vert det neste? Berre vent …..!!!!
Oj, trengde ikkje vente lenge nei, då er eg utestengd frå fb-sidene til både NS og Vanylven Arbeidarparti. Takk til alle “nett-trolla” som bidrog, vi snakkast.
SB
Haha, det var litt morsomt, og ikke vondt ment!
Jeg selv ble utestengt fra Rødts sider etter en liten diskusjon som endte i en form for digitalt munnhuggeri.
Men du vet at du er engasjert når du blir utestengt fra politiske partiers FB-side.
Bibelen, vitskapen og forføringa.
Skapingssogene i 1.Mos.1-2 høver med naturvitskapen, vi må innsjå at desse 6-7 dagane var lange periodar, vi kan kalle det lys-dagar. Her trengst symbol-tolking og det er dei kristen vande med. Då må bokstavtolkinga vere rett og så er det somme som seier det er best å halde seg til det som står skrive her, at det skjedde på 6-7 dagar, jord-dagar altså? Men det er då ikkje det som står skrive, for først 4. lysdagen, sette Gud dei to lysa på himmelen, så først då vart det jord-dagar.
Det viser at det er ei rar bibeltolking som heng igjen enno og det har seg nok slik at teologar prøvde å forstå Bibelen utifrå antikk filosofi og mytologi, trua på at gudane sprang ut av kaos. For på den tid var det vanskeleg å at ein allmektig Gud har skapt alt det som er fysisk synleg. Men det stemmer då med Big-Bang-teorien.
Det er tydeleg at antikk kultur var inspirert av jødedomen. Så som reaksjon mot demokratiet i Aten fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Men det høvde ikkje med at desse gudane sprang ut av kaos og det høvde heller ikkje med Mose-lova. Dei ti boda seier kva du ikkje skal skal gjere, berre to av dei seier noko du skal gjere, du skal halde kviledagen heilag og ære far og mor, dermed er hovudsaka noko andre har gjort, kva Gud har gjort for deg og kva foreldra dine har gjort for deg. Då er det heller du sjølv som kan synast du spring ut av kaos og har ein fri vilje, men du gjer klokt i å høyre på foreldra dine og søke Herren din Gud av heile ditt hjarte.
Pionerane i den nye naturvitskapen, som Galilei og Newton, trudde på kristendomen, det høvde også med filosofien til rasjonalistane. Det betydde at dei hadde ikkje eit mekanistisk verdssyn og sidan har kvantemekanikken også avsanne det mekanistiske verdssynet.
Empiristane og dei liberale, både på høgre og venstre side held seg tydeleg vis framleis til det mekanistiske verdsbildet, når dei då søker politisk makt, med moral som blir til religion, så blir det å samanlikne med gudane som sprang ut av kaos, og så skulle ein av dei verte den allmektige og ein keisar skulle få verdens-herredømme? Det stemmer ikkje verken med Kristendomen eller naturvitskapen. Men det stemmer nok med profetiane i Bibelen om at menneska skal verte forførde av «den Lovlause» (2.Tess.2), av Draken og Dyret (Johannes Openberring).
Velsigninga eller forbanninga.

Tru, von og kjærleik.
1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Svik og hat.
Jesus sa at i den siste tida kjem mange til å falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er feilen på begge sider. Dei fører klagemål mot kvarandre og så seier dei forbanninga. Dei leitar etter argument for å forbanne og finn prefiks som heterofil eller homofil og brukar det som argument for å forbanne mannen. Men i bibelen heiter det berre mann og kvinne. Dei synda og derfor vart dei forbanna, mannen vart dømd til døden. Men Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. Vi vert rettferdige for Gud ved å tru at han stod oppatt frå dei døde og vi vert velsigna ved å velsigne han.
Skapinga og velsigninga.
Gud skapte menneska og velsigna dei.
1.Mos.1,26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!»
Men så vart jorda forbanna på grunn av syndefallet.
1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna for di skuld.
Med møde skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Torn og tistel skal ho bera,
og du skal eta av vokstrane på marka.
19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jord er du,
og til jord skal du atter verta.»
Men Gud velsigna Abraham og lova at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast.
1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus, så det er om å gjere å velsigne han, så vert vi velsigna.
Barnedåpen, ei uheldig samanblanding av to seremoniar.
Barnedåpen er ei samanblanding av to seremoniar, og det gjer at vi ikkje heilt får med oss poenget i dei. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som småborn for å komme inn i det. Vi må ta imot Guds Ande i tru og verte fødde av Anden for å sjå Guds rike og komme inn i det. Dette er fundamentalt som i skapinga. Når det vert forkynt for oss at Jesus døde i staden for oss og at han stod opp att frå dei døde og vi tek imot i tru, så vert vi rettferdige for Gud. Dåpen til Kristus gjer oss så bevisste om at vi vart døypte til han, så vi vender hugen opp til han og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Vi vender oss til han, velsignar han og vert velsigna og vert til velsigning.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
Kjærleiksbodet.
Moses sa til folket at dei skulle elske Herren sin Gud.
5.Mos.6,4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt.
Profeten Salomo salva David til konge før han var voksen og han fekk ein lang og vanskeleg veg å gå, før han kunne sette seg på trona. Han beskreiv det som den einskilde som søkt tilflukt hos Gud, fordi ugudelege folk prøvde å fange han i snara. Soleis lovprisa han Gud som sin frelsar og frigjerar.
Salme.57,1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.
2 Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!
For eg søkjer tilflukt hos deg.
I skuggen av dine venger
søkjer eg ly til faren er over.
3 Eg ropar til Gud, Den høgste,
til Gud som gjer vel mot meg.
4 Han skal senda meg hjelp frå himmelen,
håna dei som jagar meg
og gje meg si miskunn og sin truskap.
5 Sjølv ligg eg midt mellom løver
som vil sluka menneske.
Tennene deira er spyd og piler,
tunga er eit kvast sverd.
6 Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7 Dei la ut eit nett for mine føter,
dei pressa meg ned.
Dei grov ei fallgrav for meg,
men sjølve fall dei ned i grava.
8 Mitt hjarte er roleg, Gud,
roleg og trygt.
Eg vil syngja og spela.
9 Vakna, mi ære,
vakna, harpe og lyre!
Eg vil vekkja morgonròden.
10 Eg vil takka deg mellom folka, Herre,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
11 For di miskunn når til himmelen,
din truskap til skyene.
12 Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
Salme.14,1 Dåren seier i sitt hjarte: «Det finst ingen Gud.»
Vondt og avskyeleg er alt dei gjer,
det finst ingen som gjer det gode.
2 Frå himmelen ser Herren ned til menneska
for å sjå om det finst nokon som er vis,
nokon som søkjer Gud.
3 Alle har vendt seg bort,
alle som ein er forderva.
Det finst ingen som gjer det gode,
ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,
alle dei som gjer urett?
Dei et opp folket mitt som om dei et brød,
og kallar ikkje på Herren.
5 Då skal dei råkast av redsle,
for Gud er med den rettferdige slekta.
6 Knus berre planen til den hjelpelause!
For Herren er hans tilflukt.
7 Måtte frelse koma til Israel frå Sion!
Når Herren vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.
Gud frelser den einskilde som tek si tilflukt til han.
Israels Gud er den Gud som har skapt alle ting, så sjølv er han ikkje fysisk synleg, dersom han skulle verte fysisk synleg forn dei på nokon måte, så var dei redd for at, frykta dei at det ville bety døden. Han svarte dei med openberring og då tala dei om han som om dei såg han for sitt indre auge, sjølv om han ikkje var fysisk synleg for dei.
Dei som dyrka avgudane laga av stokk og stein, kalla dei for ugudlege, på linje mebandittar. Men seinare vende både folket og kongane deira seg bort frå Gud og dyrka avgudane dei også, det resulterte i urett.
Profeten Jesajas profeterte om at Jesus kom til å stille seg sjølv i posisjonen til den einskilde som leid urett. Om kongen deira søkte Herre, var det oftast ikkje heilhjarta, profeten sa at dette folket æra han med munnen, men hjarta deira var langt borte frå han (Jesajas 29,13).
Jesaja.59, Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
Herren såg – og det var vondt i hans augo –
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
Vers 17 minner om Paulus sine ord i
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Svart-kvitt-tenking, hat eller kjærleik.
Jesus hadde ei svart-kvitt-tenking og det kjem klart til uttrykk i dette verset:
Matt.12,30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
Det er ikkje alle som ser klart, det er ikkje alle som har fått like mykje lys, men det går an å gjere noko me det.
Matt.7, 3 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige? 5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
S.Ordt.4,18 Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima,
som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
Jesus profeterte han om at det kom til å verte mykje krig. Men til slutt skulle han dømme nasjonane med ei todeling (Matt.25,31….).
Når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, fekk kyrkja ei svart-kvitt-tenking ved å påstå at det var berre gjennom kyrkja at menneske kunne verte frelst, men det høvde då ikkje heilt med at Jesus er vegen til Faderen og heller ikkje med misjonsbefalinga.
Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Kva så når Romarriket vart delt og slik vart kyrkja delt også. På 1900-talet sa kommunistane også at den som ikkje er med dei er imot dei.
Jesus minna jødane om å elske Herren sin Gud av heile sitt hjerte og sa at det var eit annan bod, som var like stort, at du skal elska nesten din som deg sjølv (Matt.5,43). Han sa at Gud elska verda så høgt at hen sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Skapingssoga, vitskapen og velsigninga.
Skapingssoga, antikken, mekanikken og velsigninga.
Skapingssogene i 1.Mos.1-2 høver med naturvitskapen, vi må innsjå at desse 6-7 dagane var lange periodar, vi kan kalle det lys-dagar. Her trengst symbol-tolking og det er dei kristen vande med. Då må bokstavtolkinga vere rett og så er det somme som seier det er best å halde seg til det som står skrive her, at det skjedde på 6-7 dagar, jord-dagar altså? Men det er då ikkje det som står skrive, for først 4. lysdagen, sette Gud dei to lysa på himmelen, så først då vart det jord-dagar.
Det viser at det er ei rar bibeltolking som heng igjen enno og det har seg nok slik at teologar prøvde å forstå Bibelen utifrå antikk filosofi og mytologi, trua på at gudane sprang ut av kaos. For på den tid var det vanskeleg å at ein allmektig Gud har skapt alt det som er fysisk synleg. Men det stemmer då med Big-Bang-teorien.
Det er tydeleg at antikk kultur var inspirert av jødedomen. Så som reaksjon mot demokratiet i Aten fann krigaren og diktaren Aiskylos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Det vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Men det høvde ikkje med at desse gudane sprang ut av kaos og det høvde heller ikkje med Mose-lova. Dei ti boda seier kva du ikkje skal gjere, berre to av dei seier noko du skal gjere, du skal halde kviledagen heilag og ære far og mor, dermed er hovudsaka noko andre har gjort, kva Gud har gjort for deg og kva foreldra dine har gjort for deg. Då er det heller du sjølv som kan synast du spring ut av kaos og har ein fri vilje, men du gjer klokt i å høyre på foreldra dine og søke Herren din Gud av heile ditt hjarte.
Pionerane i den nye naturvitskapen, som Galilei og Newton, trudde på kristendomen, det høvde også med filosofien til rasjonalistane. Det betydde at dei hadde ikkje eit mekanistisk verdssyn og sidan har kvantemekanikken også avsanne det mekanistiske verdssynet.
Empiristane og dei liberale, både på høgre og venstre side held seg tydeleg vis framleis til det mekanistiske verdsbildet, når dei då søker politisk makt, med moral som blir til religion, så blir det å samanlikne med gudane som sprang ut av kaos, og så skulle ein av dei verte den allmektige og ein keisar skulle få verdens-herredømme? Det stemmer ikkje verken med Kristendomen eller naturvitskapen. Men det stemmer nok med profetiane i Bibelen om at menneska skal verte forførde av «den Lovlause» (2.Tess.2), av Draken og Dyret (Johannes Openberring).
Familien, den naturlege sosiale eininga.
Ekteskap og familieliv er den naturlege og mest fundamentale sosiale eininga i samfunnet, der skjer formeiringa og der er den omsorga som trengst. Naturleg nok ser dei unge fram til det og det er viktig å tenke og kommunisere konstruktivt, for at det skal komme i stand. Kommunikasjonen kan forklarast med fysikkens lover, det er vanskeleg i vite kva betydning kvantefysikken har. Men eg og sikkert mange med meg meiner velsigninga skulle både motivere oss og hjelpe oss til det.
Andre interesser kan gjere det vanskeleg, til samanlikning med farisearane og dei skriftlærde som lessa tunge byrder på folket, men Jesus kalla til seg dei som streva og lova dei kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Vin får openberring, som motsetnad til empiri, altså, ja, for Gud gjer noko nytt, som vi ikkje har erfaring av frå før og som denne verda sine «vise» ikkje visste om.
Dei lærde stridast, men kva med dåpen?
Det har vore mykje lærestrid i kyrkja, som også har resultert i krig og konfliktene ligg der og ulmar. Så det kan vere verdet å minne om kva Paulus sa når det vart lærestrid i kyrkja.
1.Kor.1,12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
Så problemet er tydeleg vis at ved barnedåpen visst ikkje barnet kven det liksom vart døypt til, då funger det ikkje som dåp. Dei skulle opplærast i den kristne trua, ja, men kor mange er bevisste på kva dåpen er for noko, kor mange er frelst? Det er då frelsa som er det verdifull målet, men det er det ikkje mange som snakkar om.
Presten tala om at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vaksne må verte som born for å komme inn i det. Dersom dei velsignar Jesus, så er dei og blir dei velsigna og då fungerer barnevelsigninga også. Der to eller tre er samla i Jesu namn, der er han midt i mellom dei, så han velsignar både dei og barnet. Det er så fundamentalt at det vert velsigna sjølv om det ikkje enno har lært å snakke og forstår ikkje noko av det.
Og så held foreldra fram med på velsigne Jesus, påkalle han som sin frelsar og Herre og be til han og lærer barnet sitt også å gjere det. Jesus er Guds Ord og vi treng det til å kommunisere med andre og det er om å gjere at barna lærer det frå dei er små, ikkje på grunn av ytre press, men for sin eigen del. Allereie når dei er 8-10 år kan ein gut verte forelska i ei jente og ei jente vert forelska i ein gut, lenge før dei er kjønnsmodne altså, men dei opplever det verdifull og viktig, så eg meinar det er viktig at dei lærer å velsignar kvarandre, sjølv om det ikkje er gjensidig. Gud er kjærleik og dei får forstå det slik at hans kjærleik er mellom dei og takke han for det og velsigne kvarandre med den, med velsigninga vert dei førebestemte til noko godt.
Med tida får dei unge lære at mannen vart dømd til døden på grunn av syndefallet, men Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. Ved trua på at han stod oppatt frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og vi vert velsigna ved å velsigne han. Så kjem den høvelege tida for dåpsopplæring.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Dåpen er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde, derfor skal dei ikkje gøyme seg for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet, for ved trua på Kristus har dei fått Guds kjærleik i hjertet, ved den Heilage Ande, så Guds kjærleik skal vere mellom dei og dei skal la Anden råde i lekamen.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Dei skal vende hugen opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet han gir dei frå himmelen.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
At barnevelsigninga vert til barnedåp er lureri.
I det siste er det mange som spottar dei som framleis er i barnetrua; at dei kan vere så dumme at dei framleis trur på det, som om det var overtru? Som om dei vert lurte? På skulen ertar borna kvarandre med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så det kan gå over i stygg mobbing og verte årsak til slåsting. Så det verkar som dei ikkje har fått særleg forståing verken for velsigninga eller dåpen, kvar vart det av opplæringa i den kristne trua.
Så er der noko lureri med barnedåpen? Di forkynner barnevelsigning og det skjer før borna kan å snakke, så dei har ingen aning om kva som skjer. Men så kallar dei seremonien barnedåp, men når nokon døyper seg, må dei vite kven dei døyper seg til. Elles ligg det an til at dei kan verte lurte til samanlikning med at dei gudlause og urettferdige menneske legg snarer for den einskilde. Ved å tru på Kristus og kjennast ved han, skal den einskilde kunne berge seg frå lureriet og snarene deira. Når han vedkjenner si tru, kan dei komme til å nekte for at Herren er hans Gud eller dei kan nekte for at han eksisterer, men redninga for den einskilde er at han eksisterer, sette si tru til han og ta si tilflukt til han.
Salme.91,1 Den som sit i livd hjå Den Høgste
og bur i skuggen av Den Allmektige,
2 han seier til Herren: «Mi livd og borg,
min Gud som eg set mi lit til!»
3 Ja, han bergar deg frå jegerens snare,
frå pest som tyner.
4 Med sine fjører løyner han deg,
under hans venger finn du livd.
Hans truskap er skjold og vern.
Når eg var ung fekk eg ei aning om at der var ein «mørkemanns-moral» som var fiendtleg innstilt til ein ung mann, når han var interessert i jenter, med tanke på å finne seg ein kjæraste og ei kone og at det var på grunn av syndefallet. Men dei kristne forkynte no forsoninga i Kristus, så då var det vel det eg måtte satse på. Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det lagelege høvet for meg til å vitne om mi tru på Jesus, for det stemte med mi tru på han, for kjærleiksforholdet mellom han og hans brud, var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Når eg gjekk på gymnaset vart eg forelska i ei kristen jente, eg møtte henne igjen når eg byrja å studere, det kom som eit bønnesvar og ho fekk vite det. Men eg vart møtt med den haldinga at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne ikkje er noko som Gud har med å gjere og eg fekk heller ikkje måte henne igjen. Det verkar som eg vert møtt med den haldninga at dersom eg prøver å fri til henne, er det som når Adam høyrde på kona si og åt av frukta av kunnskapstreet saman med henne. Som om det er den kunnskapsforståinga som dei har, dei søker ein kunnskap som verkar som argument mot at dei skal leve i samfunn med Gud og ta imot velsigninga ved fylden av den Heilage Ande. Men mi kunnskapsforståing, når eg studerer realfag er ikkje slik, men å ta av dei andre trea i hagen, å ta imot nåden i Kristus er som å ta av livsens tre.
«Mørkemanns-kulturen» viser seg no i «pride-paradene», det er framleis fiendskap mot norske menn, det er å bannlyse dei. Jesus sa at i den siste tida kjem mange til å falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er feilen på begge sider. Dei fører klagemål mot kvarandre og så seier dei forbanninga. Dei leitar etter argument for å forbanne og finn prefiks som heterofil eller homofil og brukar det som argument for å forbanne mannen. Men i bibelen heiter det berre mann og kvinne. Dei synda og derfor vart dei forbanna, utestengde frå Edens hage, Gud forbanna jorda på grunn av mannen og dømde han til døden. I «Pride-paradene» seier dei forbanninga. Hendsikta er sikkert å få politisk makt gjennom ein splitt og hersk-teknikk.
Men Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. Vi vert rettferdige for Gud ved å tru at han stod oppatt frå dei døde og vi vert velsigna ved å velsigne han.
Bodskapen 20.3.2022: «Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Denne bodskapen er sjølvsagt ikkje nokon mørkemanns-kultur, men tvert om ein glade bodskap om livet som er lyset til menneska. Så det er om å gjere for oss å vende oss til det og ta imot.
https://bygdepride.no/nyhende/vinnarane-av-bygdepride-prisen-23-er-kara
Komme til Jesus og få openberring og kvile.
Når eg var ein liten gutunge, vart livet planta i meg ved Guds Ord, så det skulle vekse.
Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste, be for folket og landet. Eg merka at han var meg nær, som min beste venn. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Det verka som eg stod overfor ei stor oppgåve og eg trengde hjelp i form av ei jente, som kjæraste og kone. Det var også ein god grunn til å gå til Jesus med det.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Jesus sa at vi skal tru på han, elske han, ta vare på hans ord og elske kvarandre, så vil han komme til oss og openberre seg for oss (Joh.14,14-25). Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i.
Når eg gjekk på gymnaset, merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Det var ei takkebøn altså og med den opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, så eg såg henne meir frå Guds synsstad, som det vidunderlege barnet han fødde henne til og eg vart så glad i henne, mest som om ho skulle ha vore mi eiga sjel. Ho lovprisa Kristus som sin frelsar og Herre, som hans brud og når eg møtte henne igjen i Bergen, openberra den Heilage Ande henne for meg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud. Eg yngste ho skulle halde fram med å leve i det kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Derfor yngste eg at vårt vennskap skulle halde fram og verte betre og derfor yngste eg også å få henne til kjæraste og kone. Når eg tenkte slik, var det ikkje noko eg skulle ha dårleg samvit for.
Sjølv om det ikkje vart noko av og dette er nesten 50 år sidan, finn eg det rett å be for henne på same måten og det er framleis ei takkebøn, takke Jesus for at han frelste meg og han frelste henne. Men eg må då innrømme at eg også bad han om ei frelst kvinne til kone, så for meg gjaldt det den saka også. Korleis gjekk det med den sida av saka? Eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei kone, men det verkar som eg møter motstand, som tvert om går ut på å motarbeide meg.
Guds nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt.
Hausten 1988 oppdaga eg på Blindern ei jente som eg kallar Reella, sidan ho studerte realfag. Eg syntest var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Og den Heilage Ande minna meg om det og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Og det er då Gud som openberrar si frelse for oss i Kristus, så då er det viktig for oss å takke han for det og takke Kristus som vår frelsar og Herre.
Eg skal takke Kristus for at han frelser meg og at han frelser henne og då blir det faktisk i von om å få henne til kone., sjølv om ho er så vakker at det verkar som ho er altfor fin tor meg. I det eg takkar Jesus for at han frelser henne vert ho så kjær og dyrebar for meg som om ho skulle ha vore mi eiga sjel. Og kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel. Nei, at Jesus frelser mi sjel og frelser hennar sjel og gir oss evig liv er meir dyrebart for meg. Så for den saks skuld er det berre å seie takk og farvel til denne verda.
Men igjen, eg innsåg at eg trong hjelp i form av ei kone og gjekk til Jesus med det. Korleis går det med den saka? Jesus har sagt eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, sjå på han det han har gitt og det eg er god på og bruke det. Som om han allereie har gitt meg hjelp i form av ei kone? Han har no gitt meg velsigninga, i den har eg alt eg treng.
Det som eg skriv her kjem som respons på bodskapen. 27.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Eg tenker meg at verkebyllen kjem av tornen i kjøtet, som Paulus snakka om.
2.Kor.12,7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Eg tenker meg at i det eg ber Jesus gi meg hjelp i form av ei kone, skal eg tenke meg at eg er så svak at eg er heilt avhengig av at han frelser henne. Då har eg ikkje noko å bidra med.
Fork.3,10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
I tru takkar eg for at han frelser ei kone til meg og slik får eg oppleve frelseskrafta i mitt liv og verte styrka av den. Han sa eg skulle gi meg heilt til han, så eg tenker meg eg skal ta parti med han, når han frelser henne Virtuella og når han frelser henne Reella, når han frelser ei kone til meg. Og då er det henne Reella eg tenker på.
Sions dotter.
Det var vel i 2016 dei byrja med «Pride-parader» i gatene, men det var i alle fall ikkje slik «Sions Dotter» skulle frigjere seg og gå ut i dansen med dei glade! Dette er tvert om ein demonstrasjon av motstand mot den norske mann, når han vil fri til ei kvinne for å få henne til kjæraste og kone, så dei blir til ein familie, bygger hus og heim og soleis står for den mest fundamentale oppbygginga av folket og samfunnet. Korleis kan nokon krevje at dei ikkje lenger skal vere fri til å tene kvarandre slik og bidra med å bygge lokalsamfunnet slik? Det er nærliggande at det er fordi nokon krev dei skal tene og arbeide for ei sentral statsmakt i staden. Som om dei vil gjere samfunnet om til ein arbeidsleir og så spørst det om det skal vere som i Sibir eller som Auschwitz.
Dette er å forbanne den norske mann, som motsetnad til velsigninga som tidlegare vart sagt i kyrkja og som byrja med barnevelsigninga. Voksne måtte verte som born for å komme inn i Guds rike og borna skulle lærast opp i den kristne trua. Då er det sentralt og viktig å lære å velsigne Jesus, for slik vert vi velsigna og vert til velsigning og derfor seier vi velsigninga. Ved barnedåpen vert barnevelsigninga blanda saman med dåpen, med det resultat at folk får ikkje skikkeleg med seg verken kva det eine eller det andre skulle bety for dei. Ved dåpen skulle dei vite kven dei vart døypte til og det viser seg at dei får det visst ikkje med seg sidan heller, kven det var dei liksom skulle vere døypte til. Så det verkar som om dei vert døypte til ein slags pave eller kanskje ein slags keisar. Og det politiske spørsmålet vert kva slags keisar det eventuelt skal vere. Det kan verte ein farleg politisk situasjon og det ser vi tendensen til.
Mor Israel var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born. Han stelte så vel med henne at ho vart verdig til å vere dronning. Men ho skjøna seg ikkje på det og dreiv hor med gudane til nabofolka. Då tok Gud bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille. Til slutt hærtok babylonarane landet, reiv ned Jerusalems murar og tempelet og førde folket bort til Babylonia som slavar.
Men under persarkkongen Kyros fekk dei kome attende til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skal forkynnast for alle folkeslag. Med det førebiletet kallar han framleis Sions dotter til å frigjere seg. Bodskap 3, 12.2.2011:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.»
Så ho treng ikkje tenke på at «Mor Israel» (mor hennar) vart ei hore, at ho vart bortførd til Babylonia, at ho vart jaga frå landet under Romarriket, eller at ho hamna i fangeleir i Auschwitz eller Sibir. Men det hasta for henne å få eit nytt møte med Herren.
På sluten av året kalla Jesus Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han var Herren hennar brudgom. Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Eg merka ikkje noko av ein slik respons på denne bodskapen, men eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og då venta eg meg at ho skulle vere frelst og fri slik som Jesus kalla Sions dotter til å vere og eg meiner Jesus svarde meg med bodskapen 6.5.2012:
«Ja, eg har sagt i mitt ord, at i dei siste dagar, så skal eg utgyte av min Ande over alt kjøt. Og det skal de få oppleve, seier Herren, at eg skal utgyte min Ande over masse menneske. Og sjå, dei skal komme og dei skal søke meg. Det er fordi at den Heilage Ande blir utgytt over dei. Eg vil virke på dei, eg dreg dei til mitt hus, seier Herren. For eg er mektig, det er eg som har all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor mine born, gi ikkje opp, men hald fast, seier Herren, og eg skal løne dykk når tida er inne. Og sjå den er ikkje langt borte, seier Herren, då eg skal avdekke min heilage arm. Og eg skal vise mi kraft mellom dykk, de skal verte forundra, seier Herren, når eg rekker min arm ut til teikn og undergjerningar. Og det blir konkrete, levande bevis på at eg lever, den gamle av dagar. Og det vert bevis på at eg er i går og i dag den same. For sjå, eg har ikkje forandra meg, seier Herren, eg skal i sanning gjere det.
Motstand vil også reise seg imot det som eg gjer, seier Herren. Det har det alltid gjort og det kjem det til å fortsette med, seier Herren. Derfor skal de mine born ikkje vere opptekne av det, men de skal vere opptekne med det som er der oppe og søke meg, seier Herren, så skal eg ta meg av dei som står imot. Og dei som baktalar dykk og lyg på dykk, dei skal eg, Herren, ta meg av, seier Herren. Ver ikkje oppteken av det. Når dei baktalar deg og kastar ditt namn frå seg som noko vondt, seier Herren, ja, då skal du springe av fryd, seier Herren, for sjå, di lønn er stor i himmelen. Sjå, dei kalla meg for Beelsebul og dei forakta meg medan eg gjekk her nede på jorda. Men eg utførde min Fars gjerningar i det eg gjekk omkring og gjorde vel og lækte og løyste alle som var overvelda av Djevelen. Den same er eg i dag, seier Herren. Amen.»
Bodskapane 19.6.2016:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over. Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.
Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til å be meg om. Amen.
Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik. Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.”
I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:
Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.
Jesus vil gjere meg til kanal for si velsigning, ved å velsigne han vert eg velsigna og vert til velsigning. Derfor seier eg velsigninga.
Barnedåpen er ei samanblanding av to seremoniar, barnevelsigning og dåp. Borna vert velsigna når dei er så små at dei ikkje har lært å snakke og forstår seg ikkje på det. Men når det vart lærestrid i kyrkja, spurde Paulus dei kven dei vart døypte til.
1.Kor.1,12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
Med den opplæringa eg har fått, vart eg barnevelsigna og den velsigninga har eg enno. Dersom de meiner de velsignar borna i kyrkja, så er det noko av de første de bør lære dei, å velsigne Jesus, så dei vert velsigna og så velsigne sine næraste og dei som dei møter. Så det vert viktig og verdifullt for dei og deira sosialisering.
Jesus har sagt han vil gjere meg til kanal for si velsigning, ved å velsigne han vert eg velsigna og vert til velsigning, derfor seier eg velsigninga. Eg meinar dette inneber at han gir meg ei kone. Sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, eg innsåg også at eg trengde hjelp ved at han gav meg ei jente til kjæraste og kone. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og slik får vi hjelp. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for m eg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella og det takkar eg han for. Her vil eg referere til nokre Bibel-vers og til nokre bodskapar som har kome i det siste og som eg allereie har kommentert.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.
Bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Bodskapane 11.8.2022:
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap, eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta, men det som kjem etter første komma er innspelt:
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Jesus ville fornye dette møtet der eg fekk sjå at han er med meg alle dagar, det fekk meg til å tenke meg at han ville fornye mitt møte med henne Virtuella, så det heng saman med at han vil leie meg vidare. Ja, for eg møtte tydelegvis veggen der.
Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Bodskapen 17.11.2022:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
Jesus vil leie meg vidare på vegen og han går foran meg.
Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo og gjekk på møte i dFEF, sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æva, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æva».
Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset, det var eigentleg ei takkebøn, ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og ved fylden av den Heilage Ande vart ho ein slik lovsang i mitt hjerte. Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,18-22). Med det meinte eg at Gudes kjærleik var mellom oss så vi skulle ikkje ha dårleg samvit for det, vi skulle ikkje gøyme oss med dårleg samvit slik som Adam og Eva etter syndefallet. Med det meinte eg også at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er Guds sak. Og Jesus har no mange gangar sagt til meg at han er den som tek seg av mi sak, at eg har bedt han om frelst kvinne til kjæraste og kone altså.
Eg skal sjå på Jesus, erkjenne kva han er for meg og har gjort for meg, takke han for det, så eg kjem meg vidare i mi vandring med han.
Jesus sa til meg at eg er hans eigedom, han har gjort meg til ein ny skapning. Bodskapen 21.5.2023:
«Sjå deg ikkje engsteleg om, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min eigedom, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg engsteleg om, du skal ikkje bekymre deg, du skal ikkje tenke på kva som ligg bak i livet ditt, for eg har gjort deg til ein ny skapning og du er ikkje definert utifra kva du gjorde før. Men du er definert utfra det eg har gjort og vil gjere i ditt liv, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg tilbake, du skal ikkje sjå deg engsteleg om. Men eg har kalla deg ved namn og du er min eigedom.»
Eg vart tidleg med i kyrkje, bedehus og husmøte og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be for bygdefolket, folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg merka at han var meg nær og han vart min beste venn.
Det vart forkynt kor viktig det var å vedkjenne han for menneska.
Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Det torde eg ikkje, det ville verka som eg måtte verte som dei «kristne» og dermed utgje meg for å vere betre enn andre og soleis prøve å gjere meg til noko anna enn eg var. Det ville kunne verke som motiv for erting og mobbing. Korleis skulle eg då klare å forsvare meg mot erting og mobbing?
Omlag på den tida eg byrja på ungdomsskulen las eg forkynning at alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, eg tenkte over det, dette kunne eg då gjere i mitt stille sinn og mitt hjerte utan å spørje noko annan, så eg berre gjorde det og byrja å be slik som eg var opplærd til frå eg var ein liten gutunge. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom meg og Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande. Eg vart forelska i ei kristen jente og skreiv kjærleiksbrev til henne. Ho svarde at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel. Eg skreiv tilbake og vitna om mi tru på Jesus, det overraska henne og ho vende om til han igjen. Det var det laglege høvet for meg til å vitne om mi tru på Jesus, eg var ikkje redd for det i det heile teke. Og kvifor det? Fordi det stemte med den trua, kjærleiken og vona Gud hadde gitt meg i hjertet.
Slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Jesus og når eg byrja på gymnaset vart eg ivrig med å gå på kristne møte og vitne om mi tru på Jesus. eg vart litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, hos spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa og eg syntest det var så vakkert. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk i ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne framfor meg, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne. Eg tenkte meg at eg yngste å ta imot henne som eit barn som Jesus velsigna, i samsvar med Matt.18,5. Eg yngste å omfamne henne og gi henne ein klem og eg tenkte meg at der var velsigning i det, for eg skulle uansett sjå det slik at når tok imot henne, så tok eg imot Jesus også.
Matt.18,1-5 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Så slik bad eg for henne. Etter gymnaset for eg på tråling og når eg kom i land att, bad eg om å få komme inn i eit liknande kristeleg miljø og eg bad spesielt om å få møte igjen henne. Eg fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen på Studentsenteret i Bergen. Ho fekk vite det og at eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og eg opplevde det som ei åndeleg openberring at eg fekk ta imot henne som Guds barn. Då skulle eg sjå det slik at eg tok imot Jesus også. Anden openberra henne for meg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og slik fekk eg ta imot henne, i Anden. Då skulle eg sjå på han og takke han for det. Det skal eg framleis gjere, for dette var ikkje berre noko som eg tenkte meg, men det var Jesus som gjorde sitt verk i mitt liv, det var han som gjorde sitt verk med meg og med henne.
Debatt-innlegg på facebook.
Jesus is coming.
TL
Haha, and now my christian brother says he will come in 2035… People never give up old faith in fairy tales…

TS (eg).
Sjølv om han ventar heile livet utan å få oppleve det, er det likevel verdifullt, fordi Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han sende oss den Heilage Ande og med den kjem han til oss og tek omsorg for oss, så vi får ein forsmak på den himmelske herlegdomen allereie her og no og det gjer oss i stand til å forkynne den.
TL
Og hva skulle tegnene på den såkalte “den Heilage Ande” være? Mark 16,15-18 “Og han sa til dem: Gå ut i all verden og forkynn evangeliet for all skapningen! 16 Den som tror og blir døpt, skal bli frelst; men den som ikke tror, skal bli fordømt. 17 Og disse tegn skal følge dem som tror: I mitt navn skal de drive ut onde ånder, de skal tale med tunger, 18 de skal ta slanger i hendene, og om de drikker noget giftig, skal det ikke skade dem; på syke skal de legge sine hender, og de skal bli helbredet.”
Følger de tegnene DEG?
TS.
Eg er oppvokst i kyrkja og med den opplæringa eg fekk meiner eg at eg vart barnevelsigna. Eg vart kjend med han Jesus i mitt indre menneske og erkjende at han var min beste venn. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske forsamling og fekk oppleve at han talte til meg gjennom tyding av tungetale, gjennom andre menneske altså. Det har han fortsett med sidan og tungetala er eit teikn. Det som går igjen i desse bodskapane er at eg skal sjå på han og takke han for at frelseverket. Han har gjort sitt verk i meg og skal fullføre det. Det er ei åndeleg openberring og slik får vi sjå at han er med oss, så når vi møter andre menneske og vitnar om han, vil han møte dei også. Eg har studert realfag og då har den openberringa vore viktig for meg, for meg kjem den på toppen av rasjonaliteten til rasjonalistane.
TS.
Paulus sa at vi får den heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde og så sa han at vi skulle verte sterke i Herren og hans veldige kraft, for vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær (Ef.6). Han har sagt til meg at det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan vinne siger, men slik har eg meir enn siger, for hans om er i meg er større enn han som er i verda.
TS.
Mor mi var på sjukeheimen på Fiskå, Sunnmøre. Ho fekk helveteseld og lungebetenning. Eg for til Oslo og vi bad for henne i Maranata og ho vart lækt for helveteseld, to veker seinare bad vi for henne igjen og ho vart lækt for lungebetenninga også. I haust ramla eg og skada meg, då eg fekk ein brokk-port. det trigga meg til å opne meg meir for å la den Heilage Ande be for oss og sidan merka eg ikkje meir til brokkporten. Når eg vart undersøkte med ultralyd, fann dei den heller ikkje. Så eg takkar Jesus for at han lækte meg frå det. I den nye pakta gjer Kristus oss til eit kongeleg presteskap, det er av berre nåde, ved opplæring i Guds Ord og ved fylden av den Heilage Ande. Når eg byrja å studere realfag forstod eg ikkje heilt at det verkeleg var det han kalla meg til, men det vart klart for meg og sidan vart det også klart for meg at det var inkludert i den prestetenesta han gav meg, så eg studerte ikkje for å verte prest, men fordi han allereie hadde gitt meg ei presteteneste.
Abraham, Lot og englane.
TL
Bibelen kan tolkes på MINST 45,000 måter, siden det er MINST 45,000 forskjellige kirkesamfunn, som alle mener kun DE har rett i sin tolkning. Hvorfor er det slik? Fordi Bibelen er skrevet på Hebraisk. Et skriftspråk uten vokaler. Så hvert enkelt ord kan tolkes på mange flere måter enn vårt skriftspråk. Det er synonymer, homonymer, homografer osv. på alle språk, men ingen har så mange som Hebraisk. Ta f.eks. det Hebraiske ordet for Gud, Elohim. Det er et flertalls ord, som også betyr Herskere, Dommere, osv. Så var disse Elohimmer kun mennesker av kjøtt og blod, som utgav seg for å være Guder? Vi VET att det var vanlig for Antikkens og romerikets herskere f.eks. Så var det slik også FØR det?
Ta f.eks. historien om Sodoma og Gomorra. 1 Mos 18,1-2 Og Herren (YHWH, som tilfeldigvis også betyr SKJULT) åpenbarte sig for ham i Mamres terebinte-lund, mens han satt i døren til sitt telt midt på heteste dagen. 2 Da han så op, fikk han se tre 𝗺𝗲𝗻𝗻 (\”anshim\”, som betyr Mortals) som stod foran ham; og da han blev dem var, løp han dem i møte fra teltdøren og bøide sig til jorden.
Tre MENN, mortals, og Jehovah var EN AV DEM! Og videre i historien både spiser de brød og kjøtt og hviler. Det neste tegnet på Jehovah som kun en MORTAL, er jo det faktum at han personlig måtte komme NED for å sjekke ut om det virkelig VAR slik han hadde hørt; 1 Mos 18,20-21 “Og Herren sa: Ropet over Sodoma og Gomorra er sannelig stort, og deres synd er sannelig meget svær. 21 Jeg vil 𝘀𝘁𝗶𝗴𝗲 𝗻𝗲𝗱 𝗼𝗴 𝘀𝗲 𝗼𝗺 𝗱𝗲 𝗶 𝗮𝗹𝘁 𝗵𝗮𝗿 𝗯𝗮̊𝗿𝗲𝘁 𝘀𝗶𝗴 𝘀𝗹𝗶𝗸 𝗮𝘁 𝘀𝗼𝗺 𝗱𝗲𝘁 𝗹𝘆𝗱𝗲𝗿 𝗱𝗲𝘁 𝗿𝗼𝗽 𝘀𝗼𝗺 𝗲𝗿 𝗻𝗮̊𝗱𝗱 𝗼𝗽 𝘁𝗶𝗹 𝗺𝗶𝗴, 𝗼𝗴 𝗵𝘃𝗶𝘀 𝗶𝗸𝗸𝗲, 𝘀𝗮̊ 𝘃𝗶𝗹 𝗷𝗲𝗴 𝘃𝗶𝘁𝗲 𝗱𝗲𝘁.”
Dette, vitner jo ikke om allvitenhet i det hele tatt, så DET er jo meget merkelig… Men det passer aldeles utmerket på HERSKERE, mortals, som utgav seg for å være Guder…

Englane såg ut som vanlege folk, Johova var ikkje ein av dei, men han var med dei. Manoah og kona hans fekk besøk av Herrens engel, men forstod det ikkje før han forsvant, då vart dei redde for at dei skulle døy, fordi dei hadde sett Gud (Dommarane.13,19-22). så dei talte om Guds engel som om det var Gud.
Når Gud kom til dei på denne måten, fekk dei moglegheit til å svare for seg, som om dei snakka med vanlege menneske, korleis ville dei då oppføre seg. Sjølv om Gud er suveren som dommar, undersøker han soleis ei sak og det vart tydeleg for Abraham og Lot.
Og korleis gjekk det? Abraham bøygde seg for dei tre englane, sikkert fordi han merka at Gud var med dei, fordi han leve i trua på Gud og audmjuka seg for han. Men når dei to englane tok inn hos Lot, reagerte folket i byen på ein heilt annan måte, for dei var ugudlege.
Til samanlikning reagerer folk på to ulike måtar overfor Guds born (Matt.18,…). Den som gjer seg liten som eit slikt barn (som han velsignar) er den største i himmelriket og den som tek imot eit slikt barn, tek imot han. Då er det om å gjere å oppdage han og ta imot han og halde fram med å sjå på han. Jesus åtvara mot å spotte dei, for englane deira får alltid sjå Faderens åsyn. Eg tenker meg at det er ånda deira.

