Skip to content

Vesten har leia ei utvikling som heile verda har vorte med i. Korleis då og kva blir det neste?

Bildetekst: Globalisme definert av sladrekjerringar som er redde for å miste kontrollen med kva folk blir fortalt?

Kva gav oss suksess?

For 400 år sidan starta utviklinga av den nye naturvitskapen i sør-Europa, det vart ein suksess og filosofane har diskuter kva slags tankar i tida som frambrakte den. Nok er no det at vi fekk utvikling av realfag og teknologi i Vest-Europa og det vart til ein økonomisk suksess, så Vesten har leia an i ei utvikling for heile verda. Om den blir heile verda til del, så kan ein spørje seg korleis Vesten kan leie an i ei slik utvikling og eventuelt kor lenge.

Det haglar med kritikk mot Vesten, spesielt frå ei venstre-radikale. Men det som i botn og grunn har skapt verdiane, er uansett det arbeidet vi og våre forfedre har gjort og vår bruk av vårt eige intellekt. Ja, men er det heile forklaringa? Nei, vi må også ære og takke Gud for det.

Kritikk.

Det er mange som ikkje vil ære og takke Gud for det, men tvert om opponerer mot den kristne trua, spesielt liberalistar og sosialistar. Men det er då ingen politisk diktator som har leia an i denne utviklinga, likevel er det mange på venstresida av politikken som opponerer som om der skulle vere ein slik diktator. Poenget er tydeleg vis at dei ser for seg at dei skal ta over leiarskapet med sin diktator. Det spørst altså etter eit menneske som med sin kunnskap prøver å gjere seg sjølv til gud. Men det er dårskap som strir både mot kristendomen og realfag.

Det er mange tankar i denne tida som viser seg å opponere mot Vestens leiarskap, først og fremst klagemåla om at Vesten er rasistisk, fasistisk og der også er nazisme. Vesten har vore imperialistisk og er den det kanskje ikkje enno då? Vesten har utnytta og utbytta andre, gjer den det kanskje ikkje framleis då? Og så vert Vesten kritisert for sin liberalisme også. Det høyrest ut som sjølvmotseiing, men vi må innrømme at her er ei historisk utvikling fram mot fridom, nasjonale sjølvstende demokrati og velstand. Vi opplever det som godt og ynskjer vel at det også skal komme heile verda til del. Er det mogleg?

I følgje dei fleste venstre-radikale er det uretten ved utnytting og utbytting som er årsak til klasseskilje, som om det er heile forklaringa? Det verkar som dei meinar det, for på grunn av framandgjeringa forstår ikkje arbeidarane lenger korleis verdiane vert skapte. Om enn ikkje før, så har det vist seg at i praksis blir det slik når dei gjer revolusjon og innfører proletariatets diktatur, at dei som då har fått makta, får verdiane utan å jobbe for det.

Syndefallet og striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt.

I Bibelen er det fortalt om Adam og kona hans, ormen lokka henne med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Og ho klarde å lokke med seg mannen sin, derfor vart han dømd til døden. Og Gud sette strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Så det er den fundamentale rasemotsetnaden og rasestriden. Vi forstår vel at det gjeld menneskelivet og det er no eigentleg ikkje naturleg for menneske å leve som ormar, men som menneske. Korleis dette viser seg i konflikter mellom folk og mellom folkeslag og vert til krig, er ikkje lett å verte klok på. Rasemotsetnadar fører til krig og kva for ei side som då vert kalla rasistisk eller antirasistisk kjem an på augos som ser og synsstaden, kva side ein står på. Men Jesus profeterte om at der blir ei todeling som endar med domedag (Matt.25,31-46).

I det gamle testamentet les vi om mange kongerike som oppstod og som gjekk til grunne og det vert påstått at det var Gud som gjorde det heile, han let dei oppstå og så gjekk dei til grunne fordi han straffa dei på grunn av uretten, som oftast fordi kongane deira prøvde å gjere seg sjølve liksom Gud, som om det var dei som hadde skapt sitt eige rike altså.

Forsoning og frelse.

I det nye testamentet påstår Paulus at frå Adam trengde synda seg gjennom til alle menneske, så vi alle vart syndarar som han. Men Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus døy i staden for oss. På det grunnlaget får vi atter komme inn i samfunnet med han, ved å tru at han vekte Kristus oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at Kristus er Herre, vert vi frelste. Paulus lærde dei kristne at dei skulle vere styresmaktene undergjevne, trælane skulle lyde herrane sine og dei skulle vere ei kvar menneskeleg ordning undergjevne. Med trua på Kristus skulle dei innsjå at han er kongars konge og herrars Herre. Kristus var deira frelsar som sette dei fri, slik vart han deira Herre og så skulle dei glede seg i Herren alltid. Ja, for han som vi trur på eksisterer og lever og det er ei glede å oppleve hans herrevelde i våre liv og soleis lyder vi han. Denne glade bodskapen skulle forkynnast for alle folkeslag, så når den vert motteken, vert samfunnet med Gud fundamentalt i det menneskelege samfunnet og Guds rike vert fundamentalt i det verdslege riket.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han gir oss ånd og liv frå himmelen av berre nåde. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre. Så dette høver med Descartes rasjonalitet. Korleis blir så dette fruktbart for verda, kva konsekvensar får det? Her får vi vel den vanlege motsetnaden mellom ånd og materie, mellom teori og erfaring?

Bodskapen til Johannes Døyparen.

 Først kom det naturlege mennesket som hadde sjel og døyparen Johannes førebudde slike naturlege menneske på å ta imot den åndelege som kom ved Kristus, så dei blir til åndelege menneske, han skulle rydde vegen for Kristus, så folket skulle vere førebudde og innstilte på å ta imot han.

Malakias.4,1Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn.
        Alle frekke og gudlause
        skal då vera som halm,
        og dagen som kjem, skal brenna dei opp,
        seier Herren, Allhærs Gud,
        så korkje rot eller grein vert att.
     2 Men for dykk som har age for mitt namn,
        skal rettferdssola renna
        med lækjedom under sine venger.
        De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
        når dei slepp or fjøset.
     3 Då skal de trakka ned dei gudlause,
        dei skal vera som støv under sólane dykkar
        den dagen eg gjer mitt verk,
        seier Herren, Allhærs Gud.
Formaning og lovnad
 4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min,
        den eg gav han på Horeb for heile Israel,
        både føresegner og domsreglar.
     5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
        før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
     6 Han skal venda fedrehjarto til borna
        og barnehjarto til fedrane,
        så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

Han talte ein bodskap inn i si tid til samanlikning med korleis Elia talte ein bodskap inn i si tid. Og det trengst i denne tida også.

På Elias tid  vart Akab konge i Israel og han gifte seg med Jesabel, dotter til kongen i Sidon. Ho dyrka Ba’al-gudane og fekk Akab med på det. Og folket følgde etter. Men Gud gjorde sitt verk gjennom Elia og hans ettarfølgjar Elisja. Likevel gjekk det slik at Israelsfolket vende seg bort frå Herren, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Dette var profetert og det vart også profetert om at dei skulle få komme tilbake til landet sitt, men det skulle likevel komme ei vanskeleg tid, då «den øydande styggedomen» skulle verte oppsett (Daniel.11) og det skjedde då Antiokus 4. Epifanes tok makta i det hellenistiske Selevkideriket (175-164 f.Kr), for han kravde at alle i rike hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Så han sette opp eit altar for Zevs i Jerusalem. Jødane kjempa med livet som innsats, for å fri seg frå overmakta og klarde det.

Likevel var dei så påverka av dette at Gud sende dei først døyparen Johannes, for å vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, for å bane vegen for Kristus. Det var altså for å lære dei å ære far og mor. Men då skal dei vel ære sine forfedre også, som dyrka Israels Gud og sist men ikkje minst ære han. Dei skulle komme i hug Moses (Malakias 4,4), ja, dei ti boda sa kva dei ikkje skulle gjere, berre to av dei sa kva dei skulle gjere, dei skulle halde kviledagen heilag og heidra far og mor. Då var poenget likevel ikkje noko som dei skulle gjere, dei skulle berre kvile på grunnlag av det som Gud allereie hadde gjort for dei og heidre far og mor for det som dei har gjort for dei, så dei kunne kvile på grunnlaget av det også. Den Duglause Hyrdingen ville selje dei som slaktesauer (Sak.11), til trældomen og til døden, men Jesus var den gode hyrdingen som sette livet til for sauene (Joh.10). Ved trua på han skulle dei få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Ære og takke Gud og heidre våre foreldre.

Denne glade bodskapen skulle forkynnast for alle folkeslag, så den gjeld oss også. Eg er glad for at både mine foreldre og mine besteforeldre trudde på Gud, så eg kan ære dei både for det, den opplæringa dei gav oss og for at dei jobba og sleit for at vi skulle få det bra. Då skulle det ikkje vere så vanskeleg å forstå at det var for at eg også skulle få meg kone og få born med henne, så eg kunne sjå verdi i å jobbe for at dei også skulle få det bra. Eg kan godt følgje slektstavla mi lengre bak i tid og ære forfedrane mine for at dei jobba og sleit, kjempa for livet og formeira seg, ja, heilt tilbake til Harald Hårfagre og dermed til viking-kongerekka.

Eg vil også ære misjonærane og predikantane som forkynte evangeliet for både oss og andre. Og eg vil ære pionerane i den nye naturvitskapen, i matematikk og realfag og moderne teknologi. Og dei som med si utdanning er opplyste av det, lærer det til andre og utviklar det vidare. Det har no vist seg å vere verdifullt og gagnleg. I middelalderen kom antikk filosofi inn i kyrkja og fekk betydning for utviklinga av den nye naturvitskapen, så då må vi vel ære antikke filosofar også. Men då kan vi i følgje Malakias.4 ikkje stoppe der, men sjå lengre bak i tid og ære Moses og profetane.

Ære til betydningfulle intelektuelle pionerar og deira etterfølgjarar.

I Middelalderen stridde dei lærde om universalia (generelle idear) eksisterte eller berre partikularia (konkrete gjenstandar) og Thomas Aquinas konkluderte med at der var universalia før tingen (uavhengig av tingen, platonsk realisme), i tingen (avhengig av tingen, aristotelisk realisme) og etter tingen (kunnskap på grunnlag av erfaring av tingen, empirisme). Denne «Thomismen» vart filosofien til den katolske kyrkja på 1200-talet.

Immanuel Kant var ein pietistisk protestant som på 1700-talet prøvde å lage ei syntese mellom rasjonalitet og empiri, så i staden for rasjonell intuisjon stilte Kant ei refleksiv innsikt i dei grunnleggande vilkåra for erfaring, ei transendental innsikt.  Den er ikkje i objektet som vert observert, men i subjektet som observerer, så han skilte mellom tingen i seg sjølv og tingen slik han oppfatta den. Denne innsikta var ein indre ordnande og strukturerande instans som ordnar erfaringa vår slik at erfaringa vår vert underlagt allmenngyldige prinsipp. Den kan samanliknast med briller med farga glas, som vi ser gjennom og dei er sameleis for oss alle.

Så han har tre kunnskapstyper,

1 Analytisk (a priori, før erfaring), eks: «dette grøne huset er grønt).

2. Syntetisk (a posteriori, etter erfaring), eks. «dette huset er grønt».

3. Syntetisk a prior (før erfaring), eks. alt som skjer har ei årsak.

Hans uforanderlege transendentale former (kategoriar) var slikt som rom, tid, kausalitet. Men dette er i grunnen fysikk og no har relativitetsteorien og kvantefysikken vist at dei er ikkje så uforanderlege som han tenkte seg. Når Einstein var 13 år, las han Kants filosofi og vart fasinert. Sidan Kant heldt rom og tid for kategoriar i staden for rasjonalitet, var kanskje ikkje rom og tid så absolutt som Newton hadde tenkt seg, soleis kom han på sporet av relativitetsteorien.

Ære til profetane i det gamle testamentet.

Men når vi talar om tingen slik som Aquinas og Kant gjorde, så bør vi skilje mellom ein daud og ein levande ting, skilje mellom ein trekubbe og eit menneske. For hugs på kva profeten sa som  trekubben som handtverkaren laga ein avgud av.

Jer.10,1 Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt.  2 Så seier Herren:
        Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk
        og reddast ikkje teikn på himmelen,
        endå om andre folk reddast dei.
     3 For skikkane åt folka er ingenting verde.
        Dei høgg eit tre i skogen,
        ein treskjerar lagar det til med øks,
     4 han pryder det med sølv og gull
        og fester det med naglar og hamar,
        så det står støtt.
     5 Gudebileta liknar
        fugleskræmsla i ein agurkåker;
        dei kan ikkje tala,
        og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
        Ver ikkje redde dei!
        Dei gjer ingen skade,
        men kan heller ikkje gjera noko godt.
     6 Ingen er som du, Herre.
        Stor er du,
        stort og mektig er ditt namn.
     7 Kven må ikkje ottast deg,
        som det sømer seg,
        du konge over folkeslag.
        For mellom alle vismenn hjå folka,
        i alle rike er ingen som du.
     8 Alle saman er dumme som fe,
        frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.
     9 Platesølvet er kome frå Tarsis
        og gullet frå Ufas.
        Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,
        kledt i purpur, fiolett og raudt;
        alt er laga av kunstnarar.
    10 Men Herren, han er i sanning Gud,
        ein levande Gud og ein evig konge.
        Jorda skjelv for hans harme,
        folka kan ikkje halda ut hans vreide.
    11 Så skal de seia til dei:
        «Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
        skal kverva frå jorda
        og ikkje finnast under himmelen.»
    12 Herren skapte jorda med si kraft,
        han grunnla fastlandet i visdom
        og spente ut himmelen med skjøn.
    13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
        han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
        han lèt lyna blinka og regnet falla
        og sender vinden frå hans opplagsrom.
    14 Alle menneske er dumme og uvituge.
        Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
        dei støypte bileta hans er lygn,
        det er ikkje ånd i dei.
    15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
        i rekneskapsstunda er det ute med dei.
    16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
        for det er han som skaper alt.
        Israel er hans eiga ætt.
        Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

Kristus er den siste Adam.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik vekte han mannen opp til liv i samfunn med seg. Slik fekk han universalia i seg. Vi har kropp og med den sansar vi miljøet rundt oss og vi kjenner korleis vi har det innvendig og vi kan seie det. Slik får vi kunnskap om den tingen i seg sjølv. No er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Slik får vi universalia i oss. Det kjem frå himmelen og kjem i tillegg til det som vi ser og sansar rundt oss. Slik får vi ein kunnskap, visdom og innsikt som vi elles ikkje hadde føresetnad for og den forkynner vi som den glade bodskapen frå Gud til verda. Det er som å så korn i ein åker og plante og vatne, så det spirer opp noko nytt, det veks og ber frukt.

Med metodane til kristendomen og metodane i realfag vert menneske overtyda utan å verte tvinga med makt.

Soleis er Vesten basert på den analytiske tenkinga frå Aten og den kristne trua frå Jerusalem. Det betyr ikkje at Vesten har monopol på dette, det er for heile verda, men Vesten har leia an i utviklinga og har moglegheit til å halde fram med det. Då vil eg minne om at Jesus førebudde disiplane sine på at dei kom til å verte forfølgde, ja, inntil døden, men han døde i staden for dei og det måtte dei vite å verdsetje og nytte seg av, ja, det vart då det sentrale poenget i den glade bodskapen dei skull bringe til andre også. Så dei skulle forkynne den galde bodskapen til andre også, utan å bruke vold. Det såg ut som det var med dårlege odds, men Gud var med dei og gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, derfor fekk dei framgang og kyrkja voks. Folk vart overtyda. Dei forkynte Guds Ord og Gud var med dei og stadfesta Ordet, den Heilage Ande openberra det for dei, slik vart dei overtyda. Kristendomen har sine metode og folk vert overtyda ved dei metodene.

Når den nye naturvitskapen vart utvikla, så vart folk overtyda ved dei metodene, matematikk, naturfag og teknologi (realfag) har sine metode og folk vert overtyda ved dei metodene. Det fungerer godt saman med kristendomen, den og realfag har det til felles at folk vert overtyda ved fredelege metode. Ved tru skjønar vi at Gud skapte alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg. Sidan han skapte oss i si likning er vi også i stand til å forstå naturen som han skapte.

Omsorg frå mor og far og barnekår hos Gud.

Mennesket er det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for sine ungar, derfor treng dei også mest opplæring. Det som mest særmerker menneska framfor dyra er evna til å tenke symbolsk, spesielt med språket og matematikken. Derfor treng vi Guds Ord og at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi oppdagar og forstår symbolikken. Denne typisk menneskelege eigenskapen vert forsterka av at Gud gjer menneske til sine born.

Dette forkynte Moses også, men profeterte om at Israelsfolket ikkje heilt ville vere med på dei notane. Legg merke til korleis han då talte til naturen, ja, som det naturlege livet trengde nettopp dette.

5.Mos.32,1 Lyd etter, himmel, eg vil tala,
        høyr orda frå min munn, du jord!
     2 Lat læra mi risla som regn,
        talen min drypa som dogg,
        som regnskurer på grøne graset,
        som regndropar over det som gror.
     3 Herrens namn vil eg forkynna,
        og de skal gje vår Gud ære.
     4 Han er Berget,
        fullkome er hans verk,
        rettferdige er alle hans vegar.
        Ein trufast Gud, utan svik,
        rettferdig og rettvis er han.
     5 Dei som ikkje er hans born,
        sveik honom med si vonde ferd,
        ei svikefull og rangsnudd ætt.
     6 Er det så de løner Herren,
        du fåvise og uvituge folk?
        Er ikkje han din far og skapar,
        han som skapte deg og rusta deg ut?
     7 Kom framfarne dagar i hug,
        gjev akt på åra frå ætt til ætt!
        Spør far din, han fortel deg,
        dei gamle, dei gjev deg svar.
     8 Då Den Høgste gav folkeslaga land
        og skilde menneska frå kvarandre,
        sette han grenser mellom folka
        etter talet på Israels søner.
     9 Herrens del vart hans eige folk,
        Jakob vart hans arvelut.
    10 Herren fann han i øydemarka,
        i tome audna med ulande lydar.
        Han verna han og sytte for han
        og vakta han som sin augnestein.
    11 Som ei ørn sviv over ungane sine
        når ho lèt dei flyga frå reiret,
        så breidde han ut sine vengefjører,
        tok og bar han på sine venger.
    12 Einast Herren førte han,
        ingen framand gud var med han.
    13 Han lét han fara over høgdene i landet
        og eta av grøda på marka.
        Han lét han suga honning or berget
        og olje or harde fjellet.

Han spurde dei om ikkje Gud var far deira og deira skapar og så bad han dei spørje far sin og dei gamle. Og Johannes døyparen, alias Elia, skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Han skulle bane veg for Herren Jesus. Og han forkynte at dei trengde å verte fødde på nytt, av vatn og Ande, det som er født av Anden er ånd. Gud er ånd og det som er født av han er ånd. Det naturlege kom først og Johannes døyparen kom først, for å lære det naturlege å ta imot det åndelege. Det stemmer med at Gud skapte mennesket av mold frå marka, det naturlege altså, og så bles han livsens ande i nasa på mannen, så han vart til ei levande sjel. Slik vekte han mannen opp til liv i samfunn med seg og slik opplever vi også den kristne vekkinga, det naturlege kjem først, så det åndelege.

Men så sa også Johannes døyparen at han som kjem etter han er komen framom han, for han var til før han (Joh.1,15). Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born og då opplever vi det likevel som at han var først, så vi kan seie at Gud har elska oss frå æve, for Gud er både den første og den siste.

Joh.1,  12Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

Gud er ånd og Gud er kjærleik og han har vist oss sin kjærleik i sin elska Son, Jesus Kristus, så vi finn den ekte kjærleiken ved korsets fot. Den vil han skal vere mellom oss som trur på han og vi skal glede oss over at vi har funne den ekte kjærleiken. Den er livsviktig i den kristne kyrkjelyden, spesielt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og i kjærleiksforholdet mellom foreldre og born. Den er viktig og verdifull i alle medmenneskelege relasjonar, spesielt i nære relasjonar i nærmiljøet. Men då er det og blir det eit spørsmål om gjensidigheit, så det blir som eit frieri, Kristus elskar oss med kjærleiken frå Gud og når vi tek imot er det som å seie ja til hans frieri, så som hans kyrkje er vi hans brud. Han er den siste Adam, så kjærleiksforholdet mellom han og hans brud gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Takke Gud for at vi vart opplyste og frigjorde og fekk nasjonalt sjølvstende.

Vi vart opplyste med evangeliet og med realfag og teknologi og filosofien i menneskerettane, slik fekk vi både ei økonomisk utvikling, fridom og nasjonalt sjølvstende, med forholdsvis fredelege metode. Ja, for metodane i kristendomen og realfag er fredelege. Og så kom det mykje godt som resultat av det politiske spelet. Så vi kan godt vere takksame til våre nære naboar for at det gjekk så bra, spesielt britane. Det viste seg også når vi att fridomen etter andre verdskrig. Men det kan vi faktisk også takke russarane for. Men som sagt må vi først og fremst ære og takke Gud for det og ære våre foreldre og våre forfedre for det.

Vi fekk fridom og nasjonalt sjølvstende så å seie utan krig. Då er det viktig for oss å forstå korleis det vart mogleg og vite å verdsetje det. Så kan vi kanskje hjelpe andre også til å finne ein god veg til fridom og nasjonalt sjølvstende. Vi fekk demokrati også, men fridom, ytringsfridom og demokrati er noko meir enn demokrati over stemmeseddelen. Styresmakta skal rett nok straffe uretten, men sjølvsagt skal den representere folkets interesser og då må den også høyre på folket.

Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for mat og kle, Gud ville gi oss det og så grunngav han det med at det er naturleg. Vi skulle berre søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Når ein mann vil ha seg ei kone, så er det også inkludert, både fordi det er naturleg, fordi Gud har skapt det slik og fordi det er inkludert i Guds rike. Der er både ei naturleg og ei åndeleg side av saka altså. Det svarar til kyrkja si regimentlære.

Motstanden mot barnekåret hos Gud.

Men i kyrkjehistoria og filosofihistoria kom den oppfatninga at det nye livet og Guds rike kjem først etter døden og ein gong i framtida, men no er det nokon som sit med makta her og det er det som betyr noko her og no. Den haldninga viser seg framleis ved motstanden mot den karismatiske vekkinga. For Kristus gir oss ånd og liv og med den Heilage Ande kjem Guds rike nær til oss. Og med barnekårs-Anden får vi oppleve Faderens omsorg.

Desverre er det mange tilfelle der dette som kjennest sjølvsagt likevel ikkje fungerer. I Sakarja.11 er det fortalt om ein duglaus hyrding som vart fiendtleg til sitt eige folk. Den øydande styggedomen var øydande for Guds-dyrkinga og dermed for folket. Soleis kan både rasisme og anti-rasisme verke øydande for eit folk, sjølv om det ikkje er en rasistisk eller anti-rasistisk.  Soleis verkar den anti-rasistiske propagandaen øydande, det har vorte spesielt tydeleg i USA.

Korleis kunne det verte motstand mot barnekåret hos Gud i den kristne kyrkja? I middelalderen vedtok leiinga i den katolske kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, så dei må gå via paven, prestane og helgenane. Og så innførde dei avlatshandelen. I den samanheng vil eg minne om

Luk.11,11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Kva kan vel vere meir fundamental menneskerett og ytringsfridom enn at eit barn ber foreldra sine om gode gåver? Den interessa som strir mot dette er å gjere dei til salsvare som slavar og det viste seg allereie ved avlatshandelen. Men då er det som om ein annan ber i staden for borna, for å overta dei gode gåvene som dei eigentleg ville gi til sine eigne born. Det fungerer ikkje overfor Gud, men dei jordiske foreldra og borna deira vert lurte.

Kva så med liberalismen med menneskerettane? Det skulle vel fungere godt saman med fridomen vi får i barnekåret hos Gud (Rom.8.). Marknadsøkonomien legg opp til at vi skal få det vi treng. Men for mange betyr liberalismen å frigjere seg frå trua på Gud og hans salvevigde konge, Guds Messias, så deira frigjerings-kamp er å opponere mot hans herrevelde (Salme.2). Det viser seg i ein meir eller mindre organisert pubertetstrass.  Men då held dei fram med dette lureriet og forsterkar det. Så ytringsfridomen deira blir fridomen for ein kvan til å ytre seg i staden for borna, så både dei og foreldra vert lurte og fleire med.

Dei erstattar Gud og hans Messias med falske gudar og falske messiasar, så dei kjem i trældom att. Dei dyrkar styresmaktene som avgudar (Joh.Op.17-18). Dei ber i staden for borna og ber annleis og framstiller det som om det er slik borna ber, for så å føre klage mål mot dei gjennom sladder og baktale. Dei prøver å forføre kvinna slik som ved syndefallet, ho skal forgude seg sjølv med sin kunnskap og så vil dei gi ein eller annan mann skulda for det. Dei lyg så dei trur det sjølve og prøver å få andre til å tru det også. Poenget er å framstille det som om dei representerer folket, for det er då poenget med demokratiet. Men eigentleg er det nettopp det dei ikkje gjer. Slik har vi visst fått ein globalisme definert av sladrekjerringar som lyg så dei trur det sjølve og som derfor er redde for å miste kontrollen med kva folk blir fortalt.

Nettopp derfor trengst bodskapen til Johannes døyparen, alias Elia, han skulle vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Så borna tek imot lærdom frå foreldra og forfedrane og blir vaksne dei også. Så ein ung mann får seg ei kone, dei får born og familieliv, hus og heim og forsørgjer borna sine slik som forfedrane deira har gjort tidlegare.

Facebook-debatt.

Eg la ut artikkelen på FB og tok med nokre sitat. Då vart det litt debatt, som eg tek med her.

K.K:

Religionen blir demontert bit for bit fra 1600-tallet av. Siste etappe innledes med David Friedrich Strauss. Deretter kom darwinismen — og førte mange åndsorienterte over i okkultisme. Kirken later som ingenting er hendt, men selv et barn vil skjønne forskjellen på kirken i middelalderen, og Den norske Kirke anno 2022.

Eg:

Sokrates brukte fredelege metode, man vart ført klaga mot han for å vere ein opprørar, så det vart opprør mot han. Dette er historia som gjentek seg. Platon prøvde å tenke ut eit mottiltak, så kan ein diskutere kva betydning det fekk. Han meinte at når eit menneske kom til verda, så miste det mykje av innsikta det hadde i ideverda. Men gjennom lang utdanning kan menneska gjenvinne noko av den. Opprøret og hendrettinga av Sokrates meinte han var eit justismord og derfor måtte ei lærd elite styre med diktatorisk makt.

Men Jesus velsigna småborna og sa til disiplane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vaksne måtte vende om og verte som småborn for å komme inn i det. Gud er ånd og Kristus har gjort han kjend for oss. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Dette er så fundamentalt at vi kan og får ha det med oss resten av livet, ja, han frelser os for æva og gir oss evig liv.

Det er så fundamentalt at det er til alle, så evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Dermed har vi globalisme allereie. Kva elles kan vere fundamentalt og globalt? Realfag og moderne teknologi. Metodene i evangelisk kristendom er fredelege og det er metodene i realfag også, folk vert overtyda utan å verte tvinga til det med makt.

Eg hevdar dette er var vesentleg for at vi fekk fridom, folkeopplysning, økonomisk utvikling og nasjonalt sjølvstende i Noreg. Mykje anna spelte inn også, men eg meiner det er viktig å poengtere dette no når det er så mange som med sin «globalisme» argumenterer mot nasjonalstaten. Vi veit at platonismen fekk stor betydning, vi finn den igjen i meir eller mindre totalitære politiske ideologiar på både høgresida og venstresida og strategien gjentek seg og kan fort verte til historia som gjentek seg, ved at folk konkluderer med at det må brukast voldeleg makt for å få utvikling. Men «kristen-platonistar» burde i alle fall innrømme at det er mogeleg å få god åndeleg og rasjonell innsikt ved fredelege metode.

K.K:

Og poenget her er?

Eg:

Poenget med kristendom og realfag er no det same som før, men vi har sikkert mykje igjen å oppdage og slik kan vi vel vente ei god utvikling framleis. Når andre folk kjempar for fridom og nasjonalt sjølvstende kan vi kanskje hjelpe dei å finne ein god og fredeleg veg til det, sidan vi har så pass god erfaring. Vi kan nok ikkje hindre krig, men når folk risikerer livet slik, er evangeliet dess meir brennaktuelt for dei. Men det gir oss også fred med Gud og er eit godt og sikkert grunnlag å bygge på, både personleg og for kyrkje og samfunn. Som Guds medarbeidarar får vi bygge på grunnvollen. Då er det om å gjere å bygge med noko som er varig og verdifullt. Kristus frelser sjeler for æva, slik skaper Gud noko fullkome, då kan vi ikkje tilføye noko eller ta noko ifrå. Likevel kan vi som hans medarbeidarar samarbeide med han om det. Kva elles er varig og verdifullt? Realfag og teknologi. Paulus talte om å bygge med gull, sølv og edle steinar, som symbol på det varige og verdifulle, men tre, høy og strå vil gå opp i flammar i eldprøva (1.Kor.3).

K.K:

Disse rantene dine gir ingen mening.

Eg:

Mange «lærde» bringer vidare ein moralfilosofisk påstand om at «vanlege folk» er så dumme at dei ikkje ser meining med livet, derfor vil dei heller ikkje tillate dei eit meiningsfullt liv, men det som gir meining er å bruke dei som slavar, gladiatorar og kanonføde. Drive ap med dei med underhaldning, gi folket «brød og sirkus», så er dei fornøgde, enn så lenge.

For lyset har visst ikkje gått opp for dei enno, at kristendomen gir dei meining med livet. Det gjer realfag og teknologi også, vi har fått ei interessant intellektuell utvikling som også har gitt oss nyttige og verdifulle produkt, så vi har produsert noko nyttig og verdifullt og slik har vi fått økonomisk utvikling. Så det viste seg at det som var interessant for intellektet og som vi oppfatta som sant, også vart verdifullt for oss.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: