Sentralisme som moral og religion. Politikk som vert framstilt som vitskap og gjort til avgud: Kvinneforsking, kjønns-forsking og klimapolitikk.
Viljestyrke, arbeidsmoral og samarbeid.
Moral, kva er det for noko? Når vi høyrer ordet moral, tenker vi vel først og fremst på meir eller mindre dogmatiske reglar om korleis vi skal eller bør leve, alt ifrå å vere eit godt råde til å verte spørsmål om å gjere noko straffbart eller ikkje. Vi kan også tenke på ein arbeidsmoral som leiinga for eit arbeid krev eller som dei ventar og oppmuntrar arbeidarane til å leve opp til. Tilsvarande for eit idrettslag. Men med gode leiareigenskapar er det om å gjere at det er noko som gjengen vert samde om, slik at dei vert motiverte til det.
Ja, det er no viktig for den einskilde også å sette seg mål, så han eller ho har noko å arbeide for og ha viljestyrke og arbeidsmoral til å gjennomføre det. Då er det viktig å verte motiverte av det også. Så spørst det om vi får harmoni mellom vilje og motivasjon, det har vel å gjere med å få harmoni mellom hjerte og hjerne.
Gjennom opplæringa vert vi siviliserte, slik at vi kan leve godt og fredeleg saman i samfunnet. Ei slik opplæring heng gjerne saman med ein urbaniseringsprosess og blir dermed prega av det urbane samfunnet. Litt av denne opplæringa og påverknaden kan kallast moral og tradisjon. Men når noko skiftar frå eitt urbant strøk til eit anna, kan mykje av det verte irrelevant og irrasjonelt.
Men med god rasjonalitet skal du verte tilpassingsdyktig. Kva er det då som gir god rasjonalitet? Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag og når menneske søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, blir dei utrusta til det, så dei får den åndelege innsikta og rasjonaliteten dei treng til det.
Dessutan skulle realfaga vere gangbare i alle samfunn.
Babels tårn.
I gamle dagar, for lenge, lenge sidan, vart menneska samde om å bygge ein by med eit digert tårn, som skulle nå opp til himmelen. Då var det viktig å bruke språket til å kommunisere for å samarbeide godt. Men så vildra Gud tungemålet deira, for han ville spreie dei for alle vindar.
1MO 11,1 – 1MO 11,9 {TÅRNET I BABEL} Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet. 2 Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned. [Sinear-landet: Babylonia. Sml. 10, 10.] 3 Dei sa til kvarandre: “Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!” Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk. 4 Så sa dei: “Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!” 5 Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Og Herren sa: “Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera. 7 Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!” 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda. [Babel: Babylon. Namnet kan tyda “Guds port”, men vert her knytt til eit hebr. ord som tyder å vildra.]
Jobs bok.
Job var ein rik og gudleg mann, men så steig Guds søner fram for Gud og mellom dei var Satan. Satan ville prøve kor gudleg Job var om det gjekk han dårleg. Dette visste ikkje Job og venene hans. Så vart Job ramma av ulykker, ved bandittar og naturlege ulykker og sjukdom. Kva sa han då?
JBS 1,1 – JBS 1,22 {JOB VERT SETT PÅ PRØVE} I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var. [Us: landvidd nær Edom. Sml. Klag 4, 21.] 2 Job fekk sju søner og tre døtrer. 3 Han åtte sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Ei mengd med trælar hadde han òg. Han var den mektigaste mannen i landet der aust. 4 Sønene til Job hadde for skikk å halda gjestebod på omgang hjå kvarandre. Då sende dei bod til dei tre systrene sine og bad dei koma og eta og drikka saman med dei. 5 Når så ein omgang med gjestebodsdagar var til ende, sende Job bod etter dei og gjorde soning for dei. Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: “Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta.” Dette gjorde Job kvar gong. 6 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. [Guds søner: himmelske skapningar i Guds nærleik. Sml. 38, 7; Sal 29, 1.] 7 “Kvar kjem du ifrå?” spurde Herren. “Eg har fare og svive ikring på jorda,” svara Satan. 8 Då sa Herren til han: “La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.” 9 Men Satan svara Herren: “Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud? 10 Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet. 11 Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.” 12 Då sa Herren til Satan: “Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.” Så gjekk Satan bort frå Herren. 13 Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren, 14 kom det ein bodberar til Job og sa: “Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed, 15 kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.” [sabearar: handelsfolk frå Saba i Sør-Arabia. Sml. 1 Kong 10, 1 f.] 16 Medan han endå tala, kom ein annan og sa: “Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.” [Guds eld: lynet. Sml. 2 Kong 1, 10 ff.] 17 Medan han endå tala, kom den tredje og sa: “Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.” 18 Medan han endå tala, kom den fjerde og sa: “Sønene og døtrene dine sat og åt og drakk heime hjå den eldste broren. 19 Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.” 20 Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda 21 og sa: “Naken kom eg frå mors liv, naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok, Herrens namn vere lova!” 22 Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job og kom ikkje med eit vondt ord mot Gud.
JBS 2,1 – JBS 2,11 Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg. 2 “Kvar kjem du ifrå?” spurde Herren. “Eg har fare og svive ikring på jorda,” svara Satan. 3 Då sa Herren til han: “La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke.” 4 Men Satan svara: “Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet. [Hud for hud: vanleg ordtak som tyder like for like. Hjå beduinane vart huder nytta til verdimælar ved kjøp og sal.] 5 Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.” 6 Då sa Herren til Satan: “Han er i di makt. Spar berre livet hans!” 7 Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl. 8 Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen. 9 Då sa kona hans til han: “Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!” 10 Men han svara: “Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?” Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn. 11 Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han. [Teman: stad i Edom, truleg nær Sela.] [Sjuah og Na’ama: truleg stader i Nordvest-Arabia.]
Det vart ein lang diskusjon mellom Job og venene hans der dei ordla seg i generelle ordeleg. I følgje læra deira skulle det gå den gudlege vel. Så dei tre venene hans mildt sagt antyda med det dei sa at det måtte vere noko Job hadde gjort gale. Men Job nekta for å ha gjort noko gale, han ville då ikkje lyge og seie han hadde gjort noko som han ikkje hadde gjort. Job målbatt dei, men klagde si nød. Så var der ein yngre fjerde mann som tok ordet:
JBS 32,6 – JBS 32,9 Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa: Eg er ung av år, og de er gamle. Difor var eg redd og heldt meg tilbake, eg våga ikkje å seia mi meining. 7 Eg tenkte: “Lat alderen tala og dei mange år forkynna visdom!” 8 Men det er ånda i mennesket og anden frå Den Allmektige som gjev det skjøn. 9 Det er ikkje alderen som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.
JBS 33,1 – JBS 33,13 {GUD ÅTVARAR OG BERGAR} Men høyr på det eg seier, Job, lyd på alle mine ord! 2 Sjå, eg opnar min munn, eg vil bruka mål og mæle. 3 Eg talar av eit ærleg hjarta, eg seier beint fram det eg veit. 4 Det er Guds Ande som har skapt meg, anden frå Den Allmektige held meg i live. 5 Dersom du kan, så gjev meg svar! Stå opp og legg fram di sak! 6 Sjå, for Gud er vi begge like, eg òg er laga av leire. 7 Du treng ikkje skjelva av redsle for meg, mi hand skal ikkje kvila tungt på deg. 8 Du sa då så eg høyrde det, – klårt fekk eg tak i orda: 9 “Eg er rein og utan synd, lytelaus er eg, fri for skuld. 10 Men Gud finn noko å seia på meg, han held meg for sin fiende. 11 Han set mine føter i blokka og vaktar meg kvar eg går.” 12 Nei, til det vil eg svara: “Dette har du ikkje rett i, for Gud er større enn menneske.” 13 Kvifor fører du dette klagemålet mot han: “Han svarar ikkje kva eg så seier.”
Så kjem Gud Job i møte og talar til han. Han talar om dyra som lever fritt ut i naturen som motesetnad til buskapen hans. Så her får vi ein motsetnad mellom det siviliserte, urbaniserte bysamfunnet det ville livet ut i den frie naturen. Det som er sagt om Leviatan, minner om krokodilla, det som meir sagt om elvehesten minner om flodhesten, men eigentleg trur eg begge delar viser tilbake på utryddinga av dinosaurane.
JBS 3,8 Lat dei lysa forbanning over henne, dei som manar fram ulukkedagar, og som kan eggja opp Leviatan.
JBS 26,13 Når han lèt det blåsa, klårnar himmelen. Med si hand har han gjennombora ormen som rømer så raskt. [ormen som rømer så raskt: Leviatan.]
JBS 40,10 – JBS 40,28 {DEI STERKASTE DYRA SOM GUD HAR SKAPT} Sjå elvehesten! Eg har skapt både han og deg. Han et gras som ein okse. 11 Sjå for ei kraft han har i hoftene og for ein styrke i bukmusklane! 12 Han strekkjer ut halen, stiv som ein seder, og lårsenene er fletta fast. 13 Knokar har han som koparrøyrer og ei beingrind som jernstenger. 14 Han er det fremste av Guds verk, skaparen gav han så kvast eit sverd. 15 Fjella gjev han sine gåver, alle slag villdyr som leikar der. 16 Han kviler under lotusplanter, i livd av sev og sump. 17 Lotusen gjev tak og skugge, og piletrea attmed elva står som eit vern om han. 18 Han rømer ikkje om straumen er strid; om Jordan fossar mot hans gap, er han trygg. 19 Kven torer gripa han i augo og dra ei snor gjennom nasen hans? 20 Kan du dra krokodillen opp med krok og halda tunga hans nede med snøre? 21 Kan du få sett eit sevreip i nasen hans og stikka ein krok gjennom kjaken? 22 Vil han då be deg audmjukt om nåde eller tala blidt til deg? 23 Trur du han gjer ein avtale med deg, så du kan ta han til træl for alltid? 24 Kan du leika med han som med ein fugl og fanga han til småjentene dine? 25 Kan eit lag av fiskarar selja han og stykkja han ut mellom kjøpmenn? 26 Kan du spekka hans hud med spyd, hans hovud med harpunar? 27 Prøv berre å leggja hand på han! Det vart ein strid som du kom til å minnast; den tok du ikkje ein gong til! 28 Det du vona, slo ikkje til, du låg der berre du såg han!
JBS 41,1 – JBS 41,8 Ingen er vel så vågal at han torer terga krokodillen. Kven kunne stå seg mot han? 2 – Kven gav meg noko fyrst, så eg laut gje han att? Alt under himmelen er mitt. – 3 Eg vil ikkje teia om krokodillens lemer, kor sterke dei er, og kor fint dei er bygde. 4 Kven kan få hol på hans ytre ham eller trengja igjennom hans doble panser? 5 Kven torer opna gapet på han? Hans tenner vekkjer redsle. 6 På ryggen har han rader av skjold, godt attlatne som med segl. 7 Tett ligg det eine innåt det andre, ikkje ein pust kjem inn mellom dei. 8 Skjolda heng fast i hop, dei grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.
Kven kan få hol på hans doble panser? Til samanlikning har menneska ei tynn og sårbar hud og Job hadde då fått ein hudsjukdom. Det viser at livet er ein kamp for tilværet, i den ville naturen gjeld jungelens lov, så det spørst ikkje alltid om kva menneska synest er rett utifrå sin moral og spesielt ikkje utifrå deira urbaniserte moral, men i mange samanhengar og saker blir det eit spørsmål om kven som er mest levedyktig ut i naturen og i ein kampsituasjon blir det eit spørsmål om den sterkaste sin rett.
Likevel er Gud den sterkaste til slutt. Han refsa dei tre venene hans og lækte Job og let han verte rik igjen.
Israel.
Når jødane skulle inn i det lova landet, fekk dei Moselova, så den skulle ordne samfunnet deira slik at det vart sivilisert, dei skulle få betre opplæring og verte meir siviliserte enn folka og landa rundt dei. Likevel fall dei ifrå og dyrka avgudane til folka rundt dei. Kongane, prestane og profetane deira vart korrupte, på torget var sanninga fallen.
JES 59,1 – JES 59,21 {SYND OG FRELSE} Sjå, Herrens hand er ikkje så kort at han ikkje kan frelsa, og hans øyra ikkje så tunghøyrt at han ikkje kan høyra. 2 Nei, det er misgjerningane dykkar som skil mellom dykk og dykkar Gud. Syndene dykkar løyner hans åsyn, så han ikkje høyrer dykk. 3 Hendene dykkar er tilsølte med blod og fingrane flekka med skuld, lippene dykkar talar lygn, og tunga mumlar svik. 4 Ingen stemner til doms med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på fåfengd og talar lygn, dei ber på urett og føder vondskap. 5 Dei klekkjer ut ormeegg og vev spindelvev. Den som et deira egg, må døy, og knuser du eit, kjem det fram ein orm. 6 Deira vevnad duger ikkje til klede, ingen kan kle seg med det dei lagar. Det dei gjer, er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå deira hender. [Deira vevnad: Den moralske livnaden vert stundom samanlikna med klede. Sml. Sal 132, 9; Job 29, 14.] 7 Dei er snare på foten til det som er vondt, og snøgge til å renna ut skuldlaust blod. Alle deira tankar er vonde, der dei fer, er herjing og øyding. 8 Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei går på krokete stigar, og ingen som ferdast der, veit av fred. 9 Difor er retten langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt, på solskin, men ferdast i skugge. 10 Vi trivlar langs veggen som blinde, vi trivlar som folk utan augo. Vi snåvar på ljose dagen som om det var skumring, i vår beste alder er vi som døde. 11 Vi gryler alle som bjørnar og klynkar og klagar som duer. Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje, på frelse, men ho er langt borte frå oss. 12 Du ser at våre synder er mange, våre brot vitnar imot oss. Ja, våre synder veit vi om, våre misgjerningar kjenner vi: 13 Vi har reist oss mot Herren, har fornekta han og gått bort frå vår Gud. Vi har tala om vald og fråfall og mumla fram svikefulle ord som var avla i hjarta. 14 Difor er retten unnatrengd, rettferda står langt borte. På torget er sanninga fallen, og det rette vinn ikkje fram. [På torget: der rettssaker kunne avgjerast.] 15 Truskapen er borte, og den som held seg frå vondskap, vert plyndra. Herren såg – og det var vondt i hans augo – at det ikkje var retten som rådde. 16 Han såg at ikkje ein steig fram, og undra seg over at ingen førte hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, hans rettferd stødde han. 17 Han tok rettferd på seg til brynje og sette frelseshjelm på sitt hovud. Så kledde han seg i hemnens klednad og sveipte om seg brennhug til kappe. 18 Han løner folk etter det dei har gjort, med harme mot uvener, hemn over fiendar; jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19 Dei skal ottast Herrens namn i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem som ein veldig flaum, som Herrens storm driv fram. 20 Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob, lyder ordet frå Herren. 21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Dette talar profetisk ved at Jesus kom i den situasjonen at ingen talte hans sak og vart hendretta i eit justismord. Men då sigra han over Djevelen. Han døde i staden for oss, så vi ved trua på han skal sigre saman med han.
JES 26,21 For sjå, Herren går ut frå sin bustad; han vil straffa dei som bur på jorda, for deira synd og skuld. Då skal jorda la koma for dagen det blod som er utrent der, og ikkje lenger løyna dei drepne.
JES 27,1 Den dagen skal Herren med sitt sverd, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, ormen som rømer så raskt, Leviatan, ormen som buktar seg fram. Han skal drepa draken som er i havet.
Hellas og den hellenistiske verda.
I Hellas var der opplagt ein opplæringsprosess, som tok sikte på at menneska skulle verte siviliserte og urbaniserte til å ta del i det gode liv som mennesket i fellesskapet. Hellas utvikla demokrati, dei lærde ”sofistane” var journalistar, advokatar og pratmakarar. men etter kvart vart det så korrupt at Sokrates vart drepen i eit justismord. Derfor argumenterte Platon for diktatur, der ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt. Og demokratiet gjekk under.
Hellenarane vart forferda over å oppdage at slikt som dei heldt for å vere umoralsk og avskyeleg, var godteke og kanskje endåtil vanleg for folk i koloniane, barbarane kunne endåtil vere kannibalar. Så dei søkte ein moralfilosofi som kunne vere gangbar i heile imperiet. Dei hadde ein del erfaring med demokrati og forstod seg på betydinga med å vere tolerant. Sjølv etter at demokratiet gjekk under, fekk dette stor betyding for politikken til Aleksander den Store. Han let Aten behalde lokalt demokrati, når han kom til Egypt, måtte dei kalle han ein gud elles fekk dei behalde sine gudar.
Men seinare, i det Gresk-Syriske riket, kravde Antiokus 4. Epifanes at alle skulle tilbe Zevs og ingen annan gud. Då gjorde jødane opprør og klarde å frigjere seg.
Likevel trengde både dei og heidningane den frigjerande bodskapen i evangeliet.
Fråfallet.
Paulus profeterte om fråfallet:
2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE} Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Mange meinar at den som vert teken bort er den Heilage Ande, for når Jesus kjem og hentar sine, dei som ventar på han, då er det med den Anden som Jesus har gitt dei. Men her er det då tale om noko som skjer før Jesus kjem att. Guds Ande er då alle stadar nærverande og vi har fått Anden av berre nåde, men det er ei nådetid som tek slutt, ved at Jesus hentar sine.
Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på prestetenesta i den nye pakt, øvstepresten måtte først bere fram eit offer for seg sjølv, det svarar til at ein mann tek imot den nåden Gud gir han fordi Jesus døde i staden for han. Så skulle øvstepresten bere fram eit syndeoffer for folket, det svarar til at denne mannen innser og erkjenner at Jesus døde for folket hans også. Begge deler får vel betyding for hans interesse av å finne seg og vinne seg ei kone i helging, så på evangeliets grunnvoll skal det lukkast for han. Vi vert helga ved forkynninga av Guds Ord, ved at vi tek imot det i tru, ved reinsinga i Jesus blod og fylden av den Heilage Ande.
Men ved fråfallet vert ein slik mann rydja bort, til samanlikning med at Antiokus 4. Epifanes drap den jødiske øvstepresten og sette inn ein øvsteprest som dyrka Zevs i staden. Og når prestane slutta å forkynne evangeliet i kyrkja og berre talte på latin så folket ikkje forstod kva dei sa, var der ikkje lengre ein slik mann i kyrkja. Gud og einskildmenneske hadde lite og ingen betyding i Hegels dialektikk og det vart ikkje betre med den marxistiske dialektikken. Så den evangeliske forkynninga fekk ikkje innpass og fekk ikkje den betydinga som den aller helst skulle hatt for folket.
Paulus lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har kvinnerørsla protestert mot og det har resultert i nettopp dette, at den mannen som gjer presteteneste i den nye pakta, etter førebilete av prestetenesta i den gamle pakta, han vert sett utanfor.
Den Store Skjøkje.
Israelsfolket var Guds folk, men dei fall ifrå og dyrka avgudane i staden. ”Mor Israel” var Guds kone men ho vart ei hore som dreiv hor med gudane til folka rundt henne. Det enda med at landet deira vart herteke og folket bortførde til Babylonia. Men etter 70 år ville Gud vende lagnaden deira og la dei kome heim att til landa sine og det gjaldt dei andre folka som også hadde vorte bortførde som slavar. At Gud soleis vende lagnaden deira, er førebilete på den glade bodskapen som skulle forkynnast for alle folkeslag.
Vi møter igjen ei liknande problemstilling i det som er sagt om ”den Store Skjøkje” i Op.17-18. Ho vert kalla ei hore fordi ho ikkje har Kristus som ektemann og herre. I staden driv ho hor med kongane rundt om på jorda, ho vender seg til dei og dyrkar dei som gudar, i staden for å vende seg til Kristus og påkalle han som sin frelsar og Herre. Og Gud kallar folket sitt til å gå bort ifrå henne, til samanlikning med korleis han kalla dei heim att frå Babylonia.
ÅPE 18,1 – ÅPE 18,5 {BABYLONS FALL} Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.] 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.” 4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.
Den Store Skjøkje er kalla den store byen som har kongsmakt på jorda:
ÅPE 17,1 – ÅPE 17,2 {DEN STORE SKJØKJA} Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: “Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. [den store skjøkja: eit bilete på Roma.] 2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.”
ÅPE 17,18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.”
Kva er urbaniseringsmoralen til denne byen? Pengar og makt er vel alltid viktig for verdslege autoritetar, men kor viktig. Dette handlar om religion om å tilbe Gud og då skulle Kristus vere hennar frelsar og Herre, slik at ho skulle tilbe den sanne Gud. Gjennom den tilbedinga skulle ho få åndeleg innsikt og verte vituge og forstandige, ved trua på Gud og hans Ord, skulle ho få ein varig rasjonalitet. Slik er det med den ekte kristne kyrkja. Jesus utrustar sine disiplar til å gå til alle folkeslag med den glade bodskapen. Med den rasjonaliteten og åndelege innsikta som Gud gir dei med sitt Ord og sin Ande, er dei tilpassingsdyktige nok til det.
Men når denne rasjonaliteten og åndelege innsikta er borte, sit dei igjen med ein irrelevant og urasjonell urbaniseringsmoral. Guds Ord er som såkorn bonden sår i sin åker. Alternativet er ugras som uvenen hans sår i åkeren, det kan komme til å kjøve kveiten. Den Store Skjøkje har tydelegvis ein urbaniseringsmoral som manglar denne rasjonaliteten og åndelege innsikta, for lysta på pengar og makt vert det viktigaste, ho vart korrupt, så ”på torget er sanninga fallen” og det resulterte i justismord.
Undra dykk ikkje når verda hatar dykk.
Jesus varsla disiplane sine om at verda kom til å hate dei:
JOH 15,18 – JOH 15,21 {NÅR VERDA HATAR DYKK} Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg.
Apostelen Johannes sa vi skal ikkje undre seg over at verda hatar oss.
1JO 3,13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.
Når den Store Skjøkje vart openberra for apostelen Johannes, undra han seg likevel.
ÅPE 17,5 – ÅPE 17,7 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: “Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.” 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne. Eg vart full av undring då eg såg henne. 7 Men engelen sa til meg: “Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.
Eg har vore realist som har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge, til tider har eg opplevt det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med trua på Gud, fekk eg det til å stemme. Guds kjærleik var mellom oss og med den kjærleiken vart eg glad i ei kristen jente. Eg heldt den for å vere rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Den kjærleiken skulle uansett vere mellom oss framleis. Eg heldt det for å vere ei sjølvfølgje at sidan eg var glad i henne, så ville eg henne vel og venta meg å verte forstått slik, så ho uansett skulle verte ein nærare og betre venn for meg. Og så vidt som eg kunne forstå stemte no det bra med den realfaglege tenkinga også, når eg var så glad i henne at eg ville fri til henne, så skulle det då vere naturleg og sjølvsagt at eg ville henne vel. Ja, som realist var det dess viktigare for meg å få møte henne fysisk, i dei fysiske realitetane og snakke med henne om det. Slik tenkte eg om henne Virtuella når eg møtte henne igjen på Universitetet i Bergen.
Men så fekk eg meg likevel ein stuss, ja, eg fekk noko å undre meg over. Så i ettertid kan eg seie at når ein ung mann vert glad i ei ung, kristen jente og vedkjenner si tru på Jesus for henne og vil snakke med henne for å fri til henne, så viser det seg at ho snakkar med prestar og diverse lærde i staden og dei vert samde om å halde han for å vere så ulærd og dum at dei vil ikkje la han få møte henne igjen og snakke noko meir med henne. For hans tru på at Kristus er stått opp får dei døde, at han lever og er med oss og hans vedkjenning av at han er Herre, var sentralt og viktig i hans frieri til henne. Med den innstillinga fornektar dei Faderen og Sonen. Det er ånda til Antikrist.
1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING} Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!} De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.
Kvinneforsking og kjønnsforsking.
Når to menneske møtest, blir det i følgje Hegel lett til at den eine definerer seg som herre og den andre blir definert som knekt. Så blir der ei dialektisk omforming mellom herre og knekt. Men Gud og einskilmenneske får likevel lite og ingen betyding for dette. Og i dagens samfunn er der tydeelgvis ein urbaniserings-moral, -politikk, -filosofi, og –religion som degraderer menn frå lansbygda til andre-rangs borgarar som har mista statusen som frie menn og potensielle ektemenn, så dei ikkje lenger får fri til ei kvinne. Dei har vorte degenererte til moglege horekundar i staden, fordi der er dei som vil ha makt og tene pengar som hallikar. Politisering av kvinna har resultert i at vi møter det igjen i dei politiske partia, så partileiaren fungerer som ein hallik som styrer eit horehus, men her er det den politiske makta som vert prioritert, så det utartar seg så seksualfiendtleg, inhumant og menneskefiendtleg at det blir som om andre menn er ulykkeleg gift med partiet og misslukkast som horekundar også. Det blir som om dei tenestegjer som evenukkar i Drakulas slott.
La oss tenke oss at ein mann står klar til å handhelse på eit anna menneske, men når det kjem og du skal til å rette fram handa, så er der en annan mann som kjem rett framfor deg og helsar på han i staden og held fram med å prate med det, så du ikkje får prate med det likevel. Kanskje er han endåtil frekk nok til å uttale seg på dine vegne, representere deg og framstille deg som vond og dum, i tråd med den tradisjonelle moralfilosofiske tradisjonen sin argumentasjon for overklassa si makt gjennom elitisme, seie ei heil masse vondt om deg, kanskje endåtil dikte og lyge i hop ei heil masse. Kanskje var det endåtil ei kvinne du likte, som du byrja å verte glad i og som du gjerne ville fri til. Og nettopp i slike tilfelle ser dette ut til å vere ein systematisk feil som er komen inn i kyrkja og vorte standard strategi og metode. For slik prøver verdsleg makt med sin tradisjonelle moralfilosofi å få makt, stikk i strid med det nye vi har fått i evangeliet.
1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET} Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. 7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
1TE 4,1 – 1TE 4,12 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK} Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9 Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.
Frekkasen som fortrengde den andre, meiner kanskje han er meir lærd og derfor tek han seg til rette med sin lærdom på denne måten, brukar lærdomen sin argument for at den ”ulærde” skal verte fortrengd og utstøytt, kanskje endåtil bannlyst om han berre finn gode nok argument for det. Men då viser det seg at han har ein annan rasjonalitet, å hate, så han prøver å finne motiv for sitt hat. Derfor svarar på kjærleiken med hat og prøver å finne motiv for sitt hat, så det blir rasjonaliteten i deira søking etter kunnskap.
Det er tydeleg at dette er rasjonaliteten og metoda i kvinneforskinga og kjønnsforskinga dei har hatt føre seg på samfunnsfag. Den har ikkje kopling til realfag og er derfor ikkje ekte vitskap, rasjonaliteten og metoda er ikkje vitskapleg, det er ikkje ekte vitskapleg interesse som ligg bak.
Vanlege folk vart representerte gjennom klassekamp, demokrati og barnekår hos Gud. Men så var der nokon som klarde å tilsnike seg makt på kostnad av dette.
Gjennom klassekampen i det gamle Romarriket fekk vanlege folk større demokratiske rettar og den moderate klassekampen vart ei indre drivkraft i framveksten av Romariket. Så aristokratiet fekk mindre makt, men ved keisar Augustus vart det blese liv i den gamle religionen att og kravt at keisaren skulle dyrkast som ein gud.
Men så kom det verkeleg noko nytt ved kristendomen. Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born og i barnekåret hos Gud får vi komme til han med alle våre behov. Kristus er Guds Messias, kongar konge og vår øvsteprest hos Faderen, som vår øvsteprest er han vår talsmann hos Faderen. Han representerer oss hos Faderen.
Men så var der nokon som klarde å tilsnike seg makt i kyrkja på kostnad av den kristne fridomen og dei rettane menneska hadde fått i barnekåret hos Gud. Så evangelisk kristendom vart fortrengd. Det var noko folk ville frigjere seg frå og så vart det ny klassekamp. I nokre tilfelle resulterte det i fridom og demokrati, i andre tilfelle resulterte det i diktatur.
Dersom nokon bevisst representerer eit anna menneske på ein feil måte, regelrett lyg på det, så kan vi trygt kalle det baktale. Hensikta kan vere å tilsnike seg makt, for å få sin vilje gjennom, det kan vere svik, for å få vedkommande dømd og kanskje endåtil hendretta i eit justismord. Eller dei kan tilsnike seg makt ved å tale på mannens vegen når han vil fri til ei kvinne, men det skulle vel då vere ganske klart at det klarar dei aldrig å gjere på ein skikkeleg måte om så dei aldri så mykje ærleg prøvar. Om dei prøver er det meir nærliggande å misstenke at det er for å tale vondt om han, så det skal misslukkast for han. Det verste er no om dei prøver å tilsnike seg makt ved å prøve å prøve å gjere seg til gudar for oss.
Men Kristus er mellommann mellom Gud og menneske og der to eller tre er samla i hans namn, der er han midt i mellom dei. Då er det berre om å gjere for ein mann å vende seg til han og sjå på han. Ingen representerer han betre overfor verken Gud eller menneske, ikkje ein gong han sjølv. Så det blir spesielt viktig for han når han vil fri til ei kvinne, for han skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.
Men så viser det seg at prestar og kristen leiarar ikkje godtek dette og kvinnerørsla har då endåtil protestert mot Paulus si lære. Dette høver vel bra med at Gud og einskildmenneske hadde lita og ingen betyding for Hegels dialektikk. Men i den vert altså mine og våre interesser ignorerte og slik utartar det seg som eit ran av det vanlege menneske vann i fridomen i barnekåret hos Gud. Med sin dialektikk som vi ikkje er delaktige i, ventar dei seg endåtil at vi passivt skal verte opplærde, oppdregne og omforma, som om vi er leiren og dei er pottemakaren. Og så er det endåtil ved at dei tilsniker seg den posisjonen at dei endrar på det som ein mann eigentleg ville ha sagt. Metoden deira er å lure på den fridomen vi har i Kristus, for å prøve å gjere oss til trælar. Har dei kanskje nokon gong unnt ein vanleg mann så pass ytringsfridom, at han får svare for seg og uttale seg på sine eigne vegne? Endåtil når han vedkjenner si tru på Jesus, vert han avvist. Ja, nettopp då. For på den måten ser dei moglegheita til å forgude seg sjølve for folket.
Jesus sa vi skulle vakte oss så vi ikkje vanvørda nokon av hans minste små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Likevel held de dei gjerne for å vere så vonde at dei ikkje skal få uttale seg på sine eigne venge om kva dei meiner, vil og ynskjer og så uvituge at de ikkje vil la dei få tale. Og den innstillinga held de fram med, sidan dei er vokse også, sjølv om dei vedkjenner si tru på Jesus, slik som dei vart opplærde til, frå dei var små, ja kanskje nettopp derfor. Og til tross for at dei kanskje har fått høgare utdanning, som til dømes i realfag.
Samanlikning mellom klima-politikken og religionen til den Store Skjøkje. Eit falskt evangelium?
Og kva har de fått til med denne dialektikken? Klimapolitikken? Men desse dialektiske metodene er ikkje vitskaplege. Det vart tydeleg ved korleis ”American Physical Society” (APS) sitt klimavedtak kom til. Det vart ikkje diskutert fagleg mellom medlemmande slik som det var vanleg med vitskaplege saker. Likevel vart nokre forholdsvis få leiarar for APS overtalte til å vedta det. Slik sikra klimapolitikarane seg vitskapleg støtte ved ei tilsniking. Når APS-medlemmar, som til dømes Ivar Giæver, protesterer, vert det gjerne hevd at dette har han ikkje greie på, det er liksom noko som overgår hans forstand. Men kva var då poenget med APS sitt klimavedtak? Det var då nettopp å påstå at det hadde støtte frå slike fagfolk som Ivar Giæver. Det hadde det altså ikkje, men metoden var å tre det nedover hovudet på dei, som ei religiøs tru. For så å påstå at det var dei som gav det fagleg støtte. Dette viser litt av kor lygnarisk dialektikken er.
Når vi ser det i denne samanheng, innser vi vel at til samanlikning med korleis antikk moralfilosofi fortrengde evangelisk kristendom i middelalderen, fortrenger politiseringa av kvinna evangelisk kristendom i vår tid og mykje politikk følgjer opp, til dømes klimapolitikken. Så CO2-avgiftene blir som avlatshandelen.
CO2-avgifteen er lavare i utvilingsland som India og Kina og verkar dermed som u-hjelp. Men samtidig verkar det til at dei tek i bruk gammal teknologi for å følgje Vestens teknologisk utvikling, som om det sementerer ei dogmatisk tru på at dette er historiens gang. Og så skal Vesten gå føre med å skifte til ny teknologi. Men hadde politikarane tenkt som marknadsøkonomar og sosialøkonomar, så hadde det vore om å gjere å nytte høvet med utsikt til økonomisk oppgang, til å ta i bruk ny teknologi i utviklingslanda.
Kristus sona allverda si synd med sin død på korset, slik forsona Gud verda med seg. Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda, avgudane og lova. Så vi skal tilhøyre Kristus og leve for han. Han er Sanninga som set oss fri. På det grunnlaget får vi det levande vatnet gratis, av berre nåde, vi får den Heilage Ande gratis av berre nåde.
Men avlatshandelen bryt med dette. Og gjer menneska til salsvare, den unge guten og den unge jenta vert selde.
JOE 3,6 – JOE 3,8 {HERRENS DOM OVER FOLKA} For sjå, i dei dagar og på den tid, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7 då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8 og kasta lodd om folket mitt; dei gav ein gut for ei skjøkje og selde ei jente for vin – og drakk.
Det er den Duglause hyrdingen som gjæter slaktesauene for sauehandlarane.
SKR 11,4 – SKR 11,6 {DEN GODE OG DEN DUGLAUSE HYRDINGEN} Så har Herren min Gud sagt: “Gjæt sauene som skal slaktast!” 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: “Lova vere Herren, eg vart rik!” Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. [Dei som kjøper dei: dei låke styrarane.] 6 “For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,” lyder ordet frå Herren. “Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.”
SKR 11,15 – SKR 11,17 Herren sa til meg: “Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei som går seg bort, ikkje leitar etter dei som går seg vilt, ikkje lækjer dei som er skadde, ikkje syter for mat til dei friske, men et kjøtet av dei feite dyra og riv klauvene av dei.” 17 Ve den duglause hyrdingen min, som går bort frå sauene! Sverd mot armen og høgre auga hans! Armen hans skal visna bort, og det høgre auga sløkkjast ut.
Og i den Store Skjøkje er menneska salsvare, som trælar.
ÅPE 18,1 – ÅPE 18,13 {BABYLONS FALL} Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.] 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.” 4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. 7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: “Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.” 8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne. 9 Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: “Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.” 11 Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger: 12 skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; 13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.
I vers 5 er det sagt at syndene hennar når opp til himmelen. Vi kan vel tenke oss at det er noko som soleis overgår menneskeleg forstand og det er religionen hennar. Med den får ho makt over menneska. Men så viser det seg at den religionen er synd, så det er syndene hennar som når heilt opp til himmelen. Det er med syndene sine ho set seg over menneskeleg forstand, for soleis å prøve å få makt over dei. Er det kanskje ikkje nettopp det som er poenget med dykkar protest mot Paulus si lære?
Jesus sa han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Men eg forstod at det var ved den Anden han gir meg frå himmelen, han gir meg ei kone ved gjenfødinga, ved at ho vert fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella. Men dette er altså noko som overgår min forstand. Det er noko som for meg ved sin Ande, ved at den openberrar Ordet for meg.
Dette til tross for at mange, både såkalla kristne og ikkje-kristne har protestert mot det, ved å protestere mot Paulus si lære. Då har det seg sjølvsagt slik at dei vil erstatte det med noko anna, erstatte det med sitt eige opplegg. Til dømes klimapolitikken? Så den også blir noko som overgår menneskeleg forstand. Men då blir det rette svaret at dette alternative og falske evangeliet dykkar trur eg ikkje noko på. Meir generelt, religionen til den Store Skjøkje trur eg ikkje noko på. Guds folk gjer rett i å ta avstand frå henne.
Når ein mann frå landsbygda kjem inn i byen, vil han fort kjenne seg som ein framand, eit framandelement, kanskje ikkje er heilt velkommen? Men mykje av dette er overflatisk og ikkje så mykje å bry seg om, det blir ei vurderingssak for den einskilde. Men når det blir til urbaniseringsmoral som vert opphøgt til religion og gjort guddommeleg, då er det betydeleg verre. Der er ein samanheng mellom kva område ein mann kjem ifrå og genetisk arv, dette har det vorte forska mykje på i det siste, ettersom gensekvensiering har vorte mykje meir effektivt. Så ei fundamentalistisk avvising av ein mann på grunn av kva område han kjem ifrå, er som å ikkje ville godta den genetiske arven til han og folket hans.
Når prestar og kristen leiarar har ei slik haldning til andre kristne her i landet, så må ein rekne med at dei har den same haldninga på misjonsmarka. Sjølv om dei kanskje starta bra, som problemløysarar, endar dei opp med å lage problem for folket. Det kan forklarast med likninga om brurmøyane, det spørst om dei er som dei vise brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, då held dei fram med å gjere godt for folket. Eller om dei er som dei dårlege brurmøyane, dei avslutta den gode oppgåva dei hadde.
Eg skal bidra med det Gud har gitt i mitt hjerte.
Eg skreiv om korleis eg bad for ei jente som eg likte og byrja å verte glad i og om korleis Gud svarde meg med fylden av den Heilage Ande (Rom.5,1-5), så den herleggjorde og openberra Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Først for meg og henne Virtuella og seinare for meg og henne Reella. Og Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt i mitt hjerte.
Jesus sa han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Men eg forstod at det var ved den Anden han gir meg frå himmelen, han gir meg ei kone ved gjenfødinga, ved at ho vert fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella. Men dette er altså noko som overgår min forstand. Det er noko som for meg ved sin Ande, ved at den openberrar Ordet for meg.
Når eg seinare kjende meg tiltrekt av henne Poly-Ester, sa han at eg skulle glede meg i hans frelse, glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Nyleg har han sagt at eg skal søke han av heile mitt hjerte. Det betyr at eg skal ta parti med han.
Det er ei subjektiv innstilling, så kan ein spørje seg kvar vert det då av objektiviteten? Ja, men vi er då ikkje berre passive tilskodarar til alt som skjer, livsutfolding går då ut på å subjektivt velje noko heile tida, vi må då velje noko for i det heile teke å få gjort noko. Og skal vi lære eit fag, må vi subjektivt velje vere opptekne av det faglege, lærebøkene og undervisinga. Og vil vi inn i Guds rike, så må vi vend om og verte som småborn og ta imot det i tru, søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vil vi at Jesus skal frelse oss, så må vi velje å ta imot han, vil vi ha den velsigninga Gud gir oss i han, så må vi velje den. Men det mest avgjerande blir at han vel oss.
Paulus talte om at han hadde hug til det gode, men makta det ikkje. For han var seld til træl (Rom.7). Det kan vi godt forstå på bakgrunn av at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Så at han hadde hug til det gode, men ikkje makta det, hang saman med at der var ei verdsleg makt som streid imot det. Men det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud, og det var det han måtte nytte seg av (Rom.7,7-8,3). Ordet om korset var ikkje tome ord, men det var ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.
Som Guds medarbeidar skal eg velje å samarbeide med han, det store og avgjerande blir då at han gjer sitt verk. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, det store og avgjerande er då at han velsignar menneske gjennom meg.
Når eg var ung og bad for henne Virtuella, fekk eg ei ny fylde av den Heilage Ande og den openberra henne for meg som eit Guds barn – fødd av Anden og det som er født av Ande er ånd – som han elska og hadde omsorg for og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som han brud. I det eg søker han av heile mitt hjerte, ynskjer eg at ho skal komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og halde fram med å leve i det. Sidan eg visste og merka at Guds kjærleik og Guds Ande budde i henne likte eg å møte henne og vere saman med henne og eg hadde også eit ynskje om å få omfamne henne og gi henne ein klem. Når eg besøkte henne på hybelen, merka eg tydeleg at Jesus var midt i mellom oss.
MTT 18,20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.”
Derfor yngste eg også å få møte henne igjen og bad om det og så møtt eg henne igjen i Bergen. Eg hadde fått ei oppleving og forståing av at der var velsigning i det og det ville eg gjerne oppleve meir av. Og det er no nettopp det som er så viktig, Jesus vil gjere meg til kanal for si velsigning. Kjem ho inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og blir velsigna på same måten, så blir vel eg tiltrekt av henne på same måten, uansett skal eg berre halde fram med å ha hugen min vendt mot det som er der oppe hos Jesus og feste blikket mitt på han. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og det er det eg har hug på. Får eg hug på å møte henne igjen, så eg blir tiltrekt av henne igjen, er det fordi ho er fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Med ærleg hjerte og med godt samvit på grunnlag av Jesus oppstode frå dei døde vedkjenner eg for Gud at det er det mitt hjarte attrår (1.Pet.3,21). Kva hendsikt skulle det ha? Å velsigne henne endå meir, så ho vert endå meir fylt av den Heilage Ande og utrusta med åndelege nådegåver. Når eg var ung, yngste eg å omfamne henne og eg hadde ei forståing av at der var velsigning i det og det er no nettopp det som tydelegvis vert så viktig no, det store og avgjerande er at er at Jesus velsigner oss, så vi får oppleve endå meir av at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, bad eg til Gud over det og vedkjende for han at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Sjølvsagt ville eg då gjere snakke med henne, for å fri til henne. Men når eg gjorde til kjenne den interessa, viste det seg at eg fekk ikkje møte henne igjen og snakke noko meir med henne eller ha noko meir med henne å gjere likevel.
Men når eg bad for henne Reella, sa eg til Gud at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende til henne eller visste noko meir om henne. Og Jesus svarde meg på ein liknande måte, den Heilage Ande dreiv meg slik at eg møtte på henne, når eg kom ned siste trinna på trappa ned til 1. etg. i Vilhelm Bjerknes hus, kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinn: ”Der er ho”. Då oppleve eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og henne og sa det same samtidig som meg, til henne:” Der er ho”. Sidan svarde han meg og minna meg om henne gjennom tyding av tungetale.
Dette var no svar på mi bøn om ei kone. Og kva så? Det er no nokså vanleg at ein mann får seg ei kone. Men eg hadde bedt Gud om ei frelst kvinne til kone og det var det han svarde meg på, så han open berra si frelse for oss i Kristus, ved at den Heilage Ande herleggjorde og openberra han for oss som vår frelsar og Herre. Og så skal eg glede meg i hans frelse, takke og lovprise han for den, glede meg i Herren.
Jesus sa eg skulle søke han i løynkammeret, søke han av heile mitt hjerte, då skal eg ta parti med han også i mitt forhold til henne, det gjer eg ved å takke og lovprise han for at han frelser henne, så slik gleder eg meg i hans frelse, slik gleder eg meg i han. I det siste trur eg at eg har opplevt det betydeleg klarare i mitt indre menneske, sjølv om det ikkje er særleg sterkt, eg vil heller karakterisere det som viktig og verdifull finmekanikk. Jesus frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv og det skal vi takke han for og glede oss over framfor alt. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Min lekam er eit tempel for den Heilage Ande og Jesus gjer meg til ein kanal for si velsigning (Jfr. Esekiel.47) og eg trur og håper at han gjere meg til kanal for si velsigning til henne. Ja, det ber eg han om i mitt hjerte og mitt stille sinn, men det er altså på den måten at eg ser på han og velsigner han, så eg blir velsigna. Eg trur eg får oppleve det i mitt hjerte og min kropp, i mitt indre menneske, at Jesus gir liv til hennar sjel og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Eg meiner eg opplever det som sant og rett i mitt indre menneske, for Jesus er sanninga som set oss fri. Lova åt livsens ande har i Kristus Jesus sett meg fri frå lova åt synda og døden.
1MO 2,7 Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk sjel og liv.
RMR 8,1 – RMR 8,5 So finst det då ingi fordøming for dei som er i Kristus Jesus; 2 for lovi åt livsens Ande hev i Kristus Jesus gjort meg fri frå lovi åt syndi og dauden. 3 For det som var umogeleg for lovi, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen Son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet, 4 so kravet åt lovi skulde verta fullnøgd i oss, me som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden. 5 For dei som er slike at dei let kjøtet råda, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som let Anden råda, trår etter det som høyrer Anden til.
Då er det vel ganske klart at eg svært gjerne vil møte henne igjen og prate med henne, ja, omfamne henne og det vesentlege poenget med det er å velsigne henne. Så det ber eg om. Og så tru eg Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne, sjølv om eg fysisk er langt borte frå henne, han når henne md si velsigning likevel. Jesus gir oss ånd og liv, han er komen for at vi skal ha liv og liv i overflod, ja, så det ber eg han om å gi til meg og henne. Eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt i mitt hjerte, så eg ber han døype henne med den Heilage Ande og utruste henne med åndelege nådegåver, så ho med frimod vil og kan delta og bidra i forsamlinga av dei heilage, med den utrustinga Jesus gir henne ved sin Ande. Ja, eg skulle ynskje eg fekk omfamne henne og få oppleve at ho ville glede seg i Herren og i hans frelse, ja, lovprise han i ånda, lovprisen han med tungetale.
Jesus vil frelse henne Poly-Ester også, det vil eg takke han for, eg vil glede meg i Herren og hans frelse.
Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde. Og det verkar som det er viktig for meg å få oppleve frelseskrafta i mitt indre menneske ved at han frelser henne Virtuella og henne Reella. For å oppleve det, skal eg glede meg i Herren og han frelse. Eg trur eg får oppleve Guds kraft i min kropp, i mitt indre menneske, så den styrker meg i mine daglege gjeremål. Eg trur det er spesielt viktig for meg, sidan eg har vore i tungt fysisk arbeid som fiskar, eg har drive styrketrening og kondisjonstrening. Og slik er det viktig for meg i min studiesituasjon også, men det er ei sak som er heilt annleis.
Bodskapen 10.2.2019:
”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, som kjenner deg. Eg er Herren din Gud, som veit alle ting om deg. Derfor har eg omvendt deg, ikkje berre en gang, men fleire gangar i ditt liv. Fordi eg er den som tek vekk det som ikkje behager meg. Og det som ikkje behager meg, det tek eg vekk, fordi at du skal gå i den vegen eg har for deg. For eg som er Herren din Gud er den som leier deg i alt det eg vil at du skal gjere for meg. Derfor skal dette skje, fordi at det er eg som arbeider i deg. Det er eg, Herren din Gud, som arbeider med deg og i deg og med deg. Ja, eg er over alt – eg er over alt, fordi eg er over, eg er under, ja, min Heilage Ande, den er alle stadar nærverande.
Eg vil at du skal søke meg og når du søker meg, så skal eg fjerne og legge til det som skal gjerast. For eg vil at du skal gå frimodig fram i det eg har for deg. Fordi når du som er ein menneskefiskar går i det som eg har lagt i ditt hjerte, for det er min Ande som leiar deg, det er min Ande som dreg deg i ditt hjerte. Og når du opnar din munn, så er det eg som talar gjennom deg, slik at menneske kan bli frelst. Eg vil bruke deg mektig i den tida som kjem no og eg vil bruke deg mektig i tida som vil komme. Men du skal berre stole på at det eg har gitt i ditt hjerte, det er ifrå meg. Er du i tvil, så kom i bøn til meg, fordi eg er den som stadfestar det som eg gir. Og eg, eg er Herren din Gud, som kjenner til alle ting, fordi eg testar hjerter og nyrer.”
https://www.youtube.com/watch?v=RI5_gn-hV6Y&feature=player_embedded
Bodskapen 17.2.2019:
”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, eg er den eg er og eg er den som forløyser. Eg er den som har skapt himmel og jord. Eg er den som er tre i ein, eg er Faderen, eg er Sonen og eg er den Heilage Ande. Eg er den som har skapt alt og det er eg som former og utviklar kvart menneske som er frelst av berre nåde, for at eg skal verte æra, eg skal verte æra for alt det eg har gjort. Og eg har gjort alt, frå start til slutt, (slutt – det?) er ikkje over for alle, men det kjem til å gå over, fordi når det er over på denne jord, så skal eg hente deg og då skal du få sjå min herlegdom og den kjære heim som du har fått erfare i – på denne her jorda.
Eg skapte Adam og Eva, eg skapte Isak, eg skapte Abraham, eg skapte Paulus, eg skapte Peter, eg skapte alle dei menneska som står i mitt Ord. Eg har gjort alt dette og har brukt dei menneska, slik at du skal få sjå kven eg er og kva eg har gjort med dei menneska, eg har også gjort opplevingar, eg har forløyst, eg har gjort alle ting. Og la min Ande flyte over deg, så skal du få kjenne og erfare det som eg har gjort og det eg framleis vil gjere. Eg er ikkje ferdig med ditt, eg vil bruke deg og når eg bruker deg, så er det for velsigning for andre menneske. Eg har også gitt deg nådegåver, det er i deg, det er i hjertet. Du må berre tru det og du må berre seie, seie til meg at du vil ha det, fordi eg, eg er den som vil gi den Heilage Ande, eg er den som døyper i Anden, eg er den som døyper i vatn. Eg er den eg er, eg er alfa og omega, byrjinga og enden. For eg, eg er Herren din Gud, som har skapt deg og eg vil forme og utvikle deg, slik som eg vil. Berre søk meg, søk mitt Ord, så vil eg openberre mitt Ord for deg, slik som eg vil at du skal få det. Og eg, eg har alle løyndomane. Det er løyndomar i mitt Ord og det vil eg at du skal få tak i, fordi eg er Sanninga og det er eg som openberrar Ordet. Og det er eg, eg er den einaste som kan gjere, for eg er alle stadar nærverande. For du skal ikkje frykte, du skal ikkje bekymre deg for nokon ting. Men du skal berre stole på at det eg har gitt til deg, det er ifrå meg.”
https://www.youtube.com/watch?v=YbYw1qrHF_0&feature=player_embedded
Eg tek imot slike bodskap og prøver å forstå dei på min måte. Så kan andre ta imot dei og prøve å forstå dei på sin måte. Eg har skrive om korleis eg meiner slike bodskapar vedrører desse tre jentene, men eg håper dei vil ta imot dei og forstå dei på sin måte, så dei vert frelste og velsigna ved trua på Jesus.
4 Comments »