Skip to content

Aksiomatisering av matematikken og fysikken er ufullstendig. Kva med sjelslivet? Jesu frelsesverk er fullført og fullkome!

Bilde: M100_HubbleWfc3_3679

Evangeliet og realfaga.

Kvifor vart ikkje den nye naturvitskapen oppdaga før?

Naturfilosofar har undra seg over kvifor den nye naturvitskapen ikkje vart oppdaga før. Der har då vore mange høgtståande kulturar før oss. Kvifor vart den til dømes ikkje oppdaga i elvekulturen i Mesopotamia? Eg hevdar den er omtala i Bibelen som ein mann og kvinna hans, Adam og Eva. Når dei åt av kunnskapstreet, fekk dei ein moralfilosofisk kunnskap som dei forguda seg sjølve med og slik braut dei med den sanne Gud, som hadde skapt alle ting. Hadde dei helde seg til han, så hadde dei innretta seg etter han som skapte naturen, så hadde dei tilpassa seg naturen ved bruk av vit og forstand. For då hadde dei ved trua på han skjøna at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg.

Men i det dei forguda seg sjølve med sin moralfilosofiske kunnskap, laga dei seg kunstige gudar av stokk og stein, dei representerte makta til menneske som forguda seg sjølve, med krav om tilpassing som streid mot å tilpasse seg naturen og råde over den ved å dyrke den sanne Gud som hadde skapt den.

Stridens kjerne.

I vår tid ser vi at der er sterke moral-filosofiske og politisk-filosofiske maktinteresser som strir både mot evangelisk kristendom, liberalismen og realfaga. Mykje debatt er prega av det. Men stridens kjerne er nok at etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. som motsetnad til krypdyra er mennesket det mest høgtståande pattedyret med mest omsorg for sine born. Det som særmerker oss mest av alt og gjer oss mest høgtståande, er språksansen. Derfor treng vi Guds Ord. Jesus er Guds Ord, når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kjem vi inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Vi får nyte fruktene i Guds hage, slik som Adam og Eva fekk, det har med vår sosialisering å gjere. Ormen prøver framleis å forføre menneska slik som ved syndefallet, det også er ein måte å sosialisere menneska, men det fører til forbanning, så resultatet er ikkje særleg vellukka.

Kristendomen, liberalismen og realfaga.

Lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Jesus Kristus. Vert vi verande i hans ord, får vi lære å kjenne Sanninga og den set oss fri. Det er ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss. Ved å tru på Jesus og ta imot han, får vi hans Ande, barnekårsanden, fridomen er å leve i barnekår hos Gud. Han oppseder oss og lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande, som hans born får vi be til han, han elskar oss og har omsorg for oss og gir oss gode gåver. 

Tenk deg eit lite barn som berre så vidt har byrja å prate. Faren vert ikkje arg fordi det seier noko som er feil, men han vert glad for å høyre at det har byrja å prate, så han vil prøve å svare det og sjå om han får til ei lita samtale med det. Og det vil han halde fram med og lære det meir og meir. 

Slik også med den realfaglege forskinga. Vi får lov til å seie noko, stille hypoteser, sjølv om vi ikkje er så sikre på kor mykje sanning som er i det vi seier. Men med tida får vi betre og betre formuleringar, dei vert rettare og rettare, med meir og meir innsikt.

Vi føler med hjertet, tenker med hovudet og taler med munnen, så det er viktig for oss at vår psyke fungerer rett. Derfor er det så viktig for oss kva vi vender vårt sinn og tanke og vår merksemd mot. Psyke betyr sjel, så den kristne vekkinga er god psykologi.

Dette har eg skrive meir om her:

https://bluehost944.com/2018/12/28/komme-inn-i-landet-som-flyt-med-melk-og-honning-trua-logikken-og-ytringsfridomen-psykologien-og-evolusjonen/ 

https://bluehost944.com/2018/12/28/komme-inn-i-landet-som-flyt-med-melk-og-honning-gud-skaper-gjennom-utvikling-biologi-og-sosialokonomi-befolkningsvekst-og-ressurspolitikk/ 

Aksiomatisering.

Aksiomatisk- eller hypotetisk deduktiv metode.

Aksiomatisk deduktiv metode vert brukt i teologien og i matematikken. Ved trua på Gud og hans Ord, har vi eit utgangspunkt å tenke utifrå. Det har vi også i aksioma i matematikken.

Men den nye naturvitskapen er eksperimentell og hypotetisk deduktiv. Her må vi velje matematiske formlar og forklaringsmodellar og så prøve dei eksperimentelt for å finne ut av lovmessigheita i naturen.

https://no.wikipedia.org/wiki/Aksiomatisk-deduktivt_system 

https://no.wikipedia.org/wiki/Hypotetisk-deduktiv_metode 

Utvikling av matematikk og fysikk.

Ja, kvifor vart ikkje den eksperimentelle naturvitskapen utvikla før? Der har då vore høgtståande kulturar før oss. Og der har til alle tider vore menneske som har levt nær naturen og lært av erfaring med naturen. Men det forholdsvis nye for heidningane er trua på at der er berre ein Gud som har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg. Og så var det matematikken då.

Når dei oppdaga at solsystemet ikkje var geosentrisk, men heliosentrisk, så var det berre å skifte til koordinatsystem med origo i sola, brennpunktet til ellipsebanene til planetane. Med teleskopet vart det oppdaga at planetane var kloder liksom jorda. Dei var ikkje gudar altså slik som den gamle religionen lærde, så den største dramatikken med det var at den antikke gudeverda gjekk adondas.

Newton utvikla matematikken vidare og brukte den til å utvikle sine tre lover og gravitasjonslov. Då bruke han sjølvsagt obervasjonar også, til dømes av planetane, dei gjekk i ellipsebaner og det kunne forklarast med dei fysiske lovene han fann.

Gauss og Riemann utvikla differensialgeometri, Riemann utvida det til fleire dimensjonar, men kva skulle ein med det? Så oppdaga Einstein at det var nettopp det han trengte for å utvikle generell relativitetsteori. 

https://nn.wikipedia.org/wiki/Differensialgeometri

Matrise-rekninga vart også utvikla på 1800-talet, av Hamilton og Cayley og den vart sidan viktig i kvantemekanikken ved «Hamilton-operatoren”

https://snl.no/matriseregning .

Så matematikken vart utvikla først og brukt på fysiske problem og slik vart fysikken utvikla.

Det er matematikken som er bøygen og i fysikk treng vi meir matematikk enn i andre fag. Fysikklæraren min på gymnaset sa at dersom ein formel ikke passar med det som vi observerer, går vi berre til matematikken og hentar ein ny. Det var ikkje noko å problematisere over. Filosofiboka eg brukte ved forberedande (Skirbekk) gjorde det klart at den nye naturvitskapen var hypotetisk deduktiv, så å stille ei hypotese, hente ein ny formel, var uproblematisk. 

Men det er no tydelegvis mange som filosoferer annleis, som om dei har mista rasjonaliteten, korleis skal dei eventuellt gjenvinne den? Så problematiserer dei over dette som eigentleg ikkje skulle vere så vanskeleg.

Der har då skjett store framsteg i fysikk og astronomi siste 20-30-åra. Dei var lenge usikre på om universet ville fortsette å utvide seg eller om det ville kollapse, men så fann dei ut at det ville halde fram med å utvide seg og at utvidinga endåtil ville akselerere. Nobelpris i fysikk 2011.

https://www.timeshighereducation.com/…/nobel-laureate… 

Dei stussa lenge på om nøytrinoane hadde masse, men så oppdaga dei at dei skifte type på veg frå sola, det stadfesta at dei har masse, men dei fell utanfor standardmodellen for partikkelfysikk. Nobelpris 2015. 

https://forskning.no/…/nobelprisen-i-fysikk-til… 

Oppdaginga av gravitasjonsbølger underbygger Einsteins generelle relativitetsteori, nobelpris i fysikk 2017. 

https://www.aftenposten.no/…/Nobelprisen-i-fysikk… 

Oppdaginga av higgs-bosonet stadfesta standardteorien for partikkelfysikk. Nobelpris i fysikk 2013. 

https://www.theguardian.com/…/peter-higgs-boson… 

Men både Perlmutter (2011) og Higgs (2013) meinte dei ikkje hadde nått fram med dagens forskingspolitikk. Det vert uttykt frustrasjon over kravet om mest mogleg publisert forskingsresultat, så dei ikkje får ro til å arbeide med meir fundamentale problem, drive grunnforsking. Den norsk-amerikanske nobelprisvinnaren i fysikk, Ivar Giæver, ser eit liknande problem i at klimaforskinga krev så store ressursar og merksemd. Dei opplever altså eit press frå økonomiske og politiske interesser, så dei ikkje får ressursar og arbeidsro til å drive grunnforsking, slik som tidlegare.

Økonomiske og politiske maktinteresser er som ei hore som har det så travelt med å tene pengar på sitt horeri, at ho ikkje har tid til å tenke konstruktivt med tanke på å få seg ektemann, born, familieliv, hus og heim. Ein slik mangel på konstruktiv tenking er typisk for postmodernismen.

Fysikk og science fiction.

Godt nyttår!
Det er om å gjere å sjå moglegheitene i framtida og gjer det beste ut av det. Her er ein musikkvideo som sluttar med å reiste bakover i tid, bort frå jorda, men det er litt skrullete. https://www.youtube.com/watch?v=bsR1DSHTXSo&feature=share Kor det hadde vore å reise tilbake og endre historia? (Jfr. filmen “Terminator”).

I følgje spesiell relativitetsteori kan ein tvilling verte sendt ut i verdsromet med eit romskip som kjem opp i stor fart og komme tilbake til jorda og vere yngre enn sin tvilling. For tida går seinare for ein som bevegar seg enn for ein som er i ro, så dersom der er to tvillinger og den eine reiser med eit romskip og kjem tiltak, vil han dere yngre enn den andre. Tvilingparadokset er at den som reiste kunne like gjerne påstå at det var han som var i ro og den andre som bevega seg.

Don bruker her https://youtu.be/GgvajuvSpF4 eit døme med tre observatører, der det ikkje er akselerasjon. Forklaringa er at den som er i ro på jorda eksisterer i berre eitt referansesystem. Men den som reiste eksisterte i to referansesystem.

Når romskipet snur, vert det akselerert og det verkar som eit gravitasjonsfelt, der den som er i romskipet er lengre nede i gravitasjonsfeltet og der går tida seinare. Dette er ei anna sak, dette er generell releativitetsteori.


Sciencefixion-filmen “Interstellar” handlar om å reise i tid og er endå meir spektakulær.

Aksiomatisering av matematikken.

Aksioma i matematisk analys er enkle, det er slikt som eksistensen av 0 og 1, kommutativ, assosiativ og distrubutiv lov. Eg samanliknar det med den kristne trua, den også er enkel i utgangspunktet, trua på Kristus, så det er om å gjere å halde seg nær til han.

Descart tenkte aksiomatisk og eg ser at Hilbert prøvde å aksiomatisere heile matematikken https://no.wikipedia.org/wiki/David_Hilbert . Eg er litt fasinert av den aksiomatiske framstillinga, gode forklaringar er god pedagogikk. Aksioma i analysa er enkle og eg trur det hadde vore god pedagogikk å vise at vi brukar dei i praktisk rekning. Vi viser at vi går tilbake til utgangpunktet utan å problematisere over det. Slik også når vi stiller hypotese. Eg meiner der er eit viktig pedagogisk poeng i å lære elevane å abstrahere (jfr. pedagogen Piaget).

Å løyse likningar var lenge som ein sport og konkurranse. Så oppdaga dei at dei kunne bruke rota av -1 i mellomrekningar og komme fram til rett svar. Sidan kalla dei det imaginær eining, «i» og tilføya eksistensen av i som eit nytt aksiom og då fekk vi kompleks analyse. Det gjorde mykje rekning lettar, det som tidlegare syntest umogleg vart mogleg.

Euler og Gauss får stor ære for utvikling av teorien for komplekse tal, men Descart og dansk-norske Wessel var pionerar, sitat frå https://snl.no/de_komplekse_tall : 

“Komplekse tall forekommer først i G. Cardanos «Ars Magna» (1545), men Cardano forstod ikke begrepet fullt ut. Descartes benytter uttrykket imaginære røtter. Til dels bruker man ennå betegnelsen imaginære tall i samme betydning som komplekse tall. Symbolet skyldes L. Euler. Den geometriske fremstillingen av komplekse tall ble først innført av den dansk-norske landmåleren Caspar Wessel i en avhandling: «Om directionens analytiske betegnelse», fremlagt for Det Danske Videnskabernes Selskab 1797, trykt 1799. Wessels arbeid ble upåaktet, og noen år senere ble samme metode benyttet av J. R. Argand og Gauss. De komplekse tallene danner grunnlaget for den komplekse analyse (funksjonsteorien), som bl.a. beskjeftiger seg med differensial- og integralregning for funksjoner av en eller flere komplekse variable.»

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008090404007

Wessels bidrag var visst likevel beskjedent, han var avhengig av Eulers fomel og i alla fall av deMoivres formel.

Descart tenkte aksiomatisk og eg ser at Hilbert prøvde å aksiomatisere heile matematikken https://no.wikipedia.org/wiki/David_Hilbert . Eg er litt fasinert av den aksiomatiske framstillinga, gode forklaringar er god pedagogikk. Aksioma i analysa er enkle og eg trur det hadde vore god pedagogikk å vise at vi brukar dei i praktisk rekning. Vi viser at vi går tilbake til utgangpunktet utan å problematisere over det. Slik også når vi stiller hypotese.

Eg meiner der er eit viktig pedagogisk poeng i å lære elevane å abstrahere (jfr. pedagogen Piaget).

Aksiomatisering betyr at vi kan bruke aksiomatisk deduktiv metode, aksioma er utgangspunkt som ikkje er bevist, men som vi reknar for gitt, fordi vi reknar dei for innlysande og sjølvsagde. Så tenker vi logisk utifrå utgangspunkta og beviser det eine etter det andre. 

Der er ulike måtar å aksiomatiserte på og Zaremo-Franckles måte er altså mest omfattande. 

Goedel viste likevel at uansett kva slags aksiomatisering vi vel, så vil der vere setningar i aritmetikken som ikkje kan bevisast slik, men som likevel er sanne. Men korleis innser ein då at det er sannt? Det må vel då vere sjølvsagt og innlysande liksom aksioma? https://en.wikipedia.org/…/Gödel%27s_incompleteness… Det kjem visst an på kva ein meiner med «sannt».

Göedels ufullstendighetsteorem er ein milepæl også i filosofihistoria

https://nn.wikipedia.org/wiki/Kurt_Gödel

Noko kan vere beviseleg i eitt aksiomsystem og ubeviseleg i eit anna:

https://en.wikipedia.org/…/Paris%E2%80%93Harrington…

Vi ser altså at først vart matematikk utvikla, så vart den forsøkt systematisert ved aksiomatisering, det også er matematikk.

Aksiomatisering av fysikken?

Først vart matematikken utvikla, så vart den brukt til å utvikle fysikken. Går det an å aksiomatisere den? Klassisk fysikk, mekanikken med bølgelæra, kan vel kallast ei aksiomatisering.  Den forklarer bølge på havet, vibrajon på ein streng eller ei flate, lyd og lys, elektromagnetisk stråling og svingingane i vekselstraum. Kvantefysikken blir då ei anna aksiomatisering, bølgerørsla vert forklart som partiklar med sannsyn som i utgangspunktet varierer som bølger. Desse to teoriane går ikkje heilt i hop, så det synest som to aksiomatiseringar som begge er ufullstendige. 

Den elektriske og den magnetiske krafta er slått saman til ei kraft, så har vi den svake og den sterke kjernekrafta og gravitasjonskrafta. Ein tenker seg at dei skal kunne slåast saman til ei kraft i «ein stor teori for alt», med det synest umogleg å få med gravitasjonakrafta. Den generelle relativitetsteorien beskriv gravitasjonen på ein annan måte, som ein eigenskap ved den krumme firdimensjonale romtida og som ein konsekvens av rørsla til det referansesystemet vi er i. Den bygger på ekvivalensprinsippet som seier at gravitasjonsverknaden nær i klode er ekvivalent med krafta vi opplever i eit akselerert rom. 

https://snl.no/relativitetsteorien 

Eg synest også det er interessant at når eit hus rasar saman, så aukar entropien, det vert meir uorden, også fordi massen fell lengre ned i gravitasjonsfeltet. I følgje entropilova (termo-dynamikkens 2. hovudlov) vil entropien auke i ein kvar energiprosess. I kjemi og biologi verkar det som om det er sjølve drivkrafta altså.

Og så var det dette med singularitetar då, i svarte hol og i Big Bang frå vi null i nemnaren i uttrykket for massetettleik, men det er ikkje lov i matematikken, så fysikken på matematisk form kollapsar. Roger Penrose sa noko om at der er noko med Big Bang teoriene som ikkje er skikkeleg grunngitt, noko dei ikkje har skikkeleg grunnlag for å påstå. Eg veit ikkje akkurat kva han sikta til. Men lenge såg det ut til at farta på universets utviding var så finjustert at det balanserte mellom å ende med  å kollapse og å halde fram med å utvide seg i all framtid. Denne finjusteringa var nødvendig for at det skulle verte solsystem, med moglegheit for liv. Men det verka så usannsynleg og derfor framstillte dei inflasjonsteorien som ei hypotese, at i ein liten brøkdelen av det første sekundet utvida universet seg ekstra mykje, så då vart dette finjustert. Men dei har då ikkje skikkeleg grunnlag for å påstå dette.

Men seinar har dei klart å bestemme alderen på universet til 13,8 milliardar år, ved å observere den infraraude bakgrunnsstrålinga, med så lav alder skjer utvidinga så raskt at det vil halde fram med å utvide seg for alltid. Sidan har dei funne ut med at utvidinga akselererer. Dei kallar det mørk energi, sidan den ikkje sender ut stråling og den utgjer 68 % av universets bestanddelar. https://snl.no/mørk_energi Mørk materie utgjer 27 %. så masse slik vi kjenner det utgjer berre 5 %. 

Galaksene roterer så pass hurtig at synleg masse ikkje er nok til å hindre sentrifugalkrafta i å rive dei i stykker, dei ytste armane av spiralgalakser skulle ha forsvunne ut i periferien. Så dei tenker seg at der eksisterer ei mørk masse i tillegg til den synlege, den kan bestå av partikler utan ladning, så dei susar rett gjennom atomstrukturen. Pendlar dei frå eine sida av galaksen til den andre, vil dei bruke mest tid i utkantene av galaksen. Men dei må suse forbi det svarte holet i sentrum av galaksen, det blir ellipsebane altså, men sentrum av galakse i eine brennpunktet. Kva kan det vere? “Primordial blah holes” er ein kandidat.

https://en.wikipedia.org/wiki/Primordial_black_hole?fbclid=IwAR0lVVGXVfd3wWqi4Qr0Zd66voObfdrc9GF3J6IQuEpK3e6P4YRY0Hf1qPk

Men mørk erergi har dei ingen aning om kva er for noko. Der er dei som forskar på om det kan forklarast ved ei fråstøytande gravitasjonskraft, som eit fråstøytande ledd i Einsteins likningar for den generelle relativitetsteorien. Einstein hadde opphavleg eit fråstøytande ledd som han kalla den kosmologiske konstanten, men sidan kalla han det sin største «blunder», for Hubble observerte universet i teleskopet og fann ut at det utvida seg som om det starta med the Big Bang. Kanskje var det ikkje så stor feil likevel, men hans skepsis til kvantemekanikken veit vi var ein stor feil. 

Så spørst det om ikkje der er meir empirisk grunnlag for mørk energi og ei fråstøytane gravitasjonskraft enn for inflasjonsteorien? Kanskje her kjem ein ny teori om mørk energi og fråstøytande gravitasjon som erstatter inflasjonsteorien?

Og så var det dette med singularitetar då. I svarte hol og i Big Bang går volumet mot null i nemnaren for tettleiken, så den går mot uendeleg. Men i matematikken er det ikkje lovleg med null i  nemnaren, så fysikkens lover på matematisk form kollapsar. Så aksiomatiseringa er ikkje fullstendig!

Big Bang starta med utspenning av tidromet, så tida har ei byrjing. Men i følgje Heisenbergs uskarpheitsrelasjon kan ikkje produktet av usikkerheta i eit tidsintervall og usikkerheta i energien komme under ei viss grense. Så det er grense for kor små tidsintervall som kan målast. Kva som var «før» Big-Bang er dermed eit irrelevant spørsmål.

https://www.maths.tcd.ie/~jonivar/diplom/node21.html 

Ei inflasjonsperiode på ein brøkdel av det første sekund, der avstanden mellom to punkt auka mykje raskare enn lysfarta? sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Big_Bang :

“De enkleste Big Bang-modellene har en rekke problemer, blant annet:
Horisontproblemet: På grunn av lysets endelige hastighet vil man forvente at ikke hele det observerbare univers har vært i kausal kontakt på noe tidspunkt. Dette står i motsetning til observasjonen at den kosmologiske bakgrunnsstrålingen er isotrop.
Flathetsproblemet: Universet vi observerer er flatt, det vil si at geometrien er euklidsk. I enkle Big Bang-modeller krever dette ekstrem finjustering av massetettheten i det tidlige univers, siden ekspansjonen driver geometrien bort fra flat geometri med mindre krumningen i utgangspunktet var eksakt null.
Begge problemene løses hvis man antar at universet en gang like etter Big Bang hadde en fase med svært rask ekspansjon. En slik rask ekspansjon vil kunne drive områder i kausal kontakt så langt fra hverandre at de ennå ikke har kommet i kausal kontakt igjen. Dette forutsetter at rommet har ekspandert så raskt at avstanden mellom punkter økte mye raskere enn lyshastigheten. Flathetsproblemet løses ved at den raske ekspansjonen naturlig driver universets geometri mot en flat geometri uavhengig om det har positive eller negativ krumning. Dermed gir inflasjonshypotesen en naturlig forklaring på hvorfor universet ser ut til å startet i en tilstand som var svært nær flat geometri.

Det finnes ingen konsensus om hva som forårsaket den raske ekspansjonen i inflasjonsepoken.”

 

I dei fyrste 377 000 åra bestod universet av eit varme sky av elementærpartiklar, elektron og proton som stengde inne strålinga. Etter som det utvida seg, kolna det og det vart atomstruktur, så det vart gjennomskinleg. Denne strålinga vart tilfeldigvis funnen på 1960-talet, no var den kolna til 3K på grunn av universets utviding, den kosmiske, infraraude bakgrunnstrålinga altså. Sidan er den kartlagt og dei meiner at små variasjonar i frekvensen svarer til variasjon i massetettleiken, ein ubalanse som gjorde at masse samla seg og vart til galaksehopar og galakser.

Då kan vi vel tenke oss at der heile tida har vore ei fråstøytande kraft som har vore sterkare enn gravitasjonakrafta heilt sidan Big Bang, som er årsak i universets akselererande utviding. Men i områder der masse samla seg, vart gravitasjonskrafta sterkast.

https://sv.wikipedia.org/wiki/Kosmisk_bakgrundsstrålning

 

Jesu frelseverk er fullført, fullkome og fullstendig.

Men Biblen talar om æva også. Gud har alltid vore i sin evige himmel, også «før» han skapte, før Big Bang. Og han er i sin evige himmel over alt nærverande. Kong Salomo sa at han har lagt æve ned i menneskehjarta.

Fork.3,1 Alt har si faste tid,

alt som hender under himmelen, har si tid:

2 ei tid til å fødast, ei til å døy,

ei tid til å planta, ei til å riva opp;

3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,

ei tid til å riva, ei til å byggja;

4 ei tid til å gråta, ei til å le,

ei tid til å syrgja, ei til å dansa;

5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,

ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;

6 ei tid til å leita, ei til å missa,

ei tid til å gøyma, ei til å kasta;

7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta,

ei tid til å teia, ei til å tala;

8 ei tid til å elska, ei til å hata,

ei tid til krig og ei til fred. 

Tid og æve 

9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

16 Elles såg eg under sola:

Der retten skulle rå, var vondskap,

på rettferds stad var gudløyse.

17 Då tenkte eg med meg:

Det er Gud som skal døma

både rettferdige og vonde.

Han har fastsett ei tid

for kvart tiltak og kvar gjerning.

«Eg tenker, altså er eg», sa Descart. Han tenkte seg at han som ei levande sjel levde i samfunn med Gud som er ånd og trudde på det evige, usynlege og fullkomne. Det refererer seg til kristendomen og platonismen. I skapingssoga finn vi ei litt anna framstilling av opphavet til vår sjel.  Den platonske framstillinga om sjela som kom frå ideverda og stupte ned i materien høver best på det Jesxus sa om seg sjølv:

Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Som Guds born får vi oppleve at Gud har omsorg for oss, han gir oss alt vi treng. Slik er Jresu frelseverk fullstendig. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelseverket. Han har sagt til meg at eg skal ikkje mangle noko.

Jesus sa vi skulle ikkje bekymre oss for mat og kle, men søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Menneska er for han som dyrebare edelsteinar som han vil ha frelst i si hand. 

Dette skulle vel passe bra med det Adam Smith sa om den usynlege handa.

https://no.wikipedia.org/wiki/Den_usynlige_hånd 

Paulus sa om seg sjølv og andre som forkynnte Guds Ord slik som han, at dei var Guds medarbeidarar, kyrkjelyden var Guds bygning og Guds åkerland. Han hadde lagt grunnvoll som ein vis myggmeister, ein annan bygger oppå. Men den som bygger oppå grunnvollen må sjå til korleis han gjer det (1.Kor.3). Som Guds medarbeidarar er det om å gjere å opne seg for Guds velsigning, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, så vi med visdoms og oppenberrings Ande talar til oppbygging. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande og byggr oss opp. Og det heng saman med at han bygger opp si kyrkje.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Med denne krafta held han oss oppe.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive: 

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Trua, logikken og entropien.

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel. Ved trua på Kristus vert vi rettferdige for Gud og ved å erkjenne at han er Herre, vert vi frelst. Så den trua og vedkjenninga er verdifull for oss (Rom.10). Trua kjem av forkynninga av Guds Ord, det er mat for oss, når vi et det og den Heilage Ande openberrar det for oss, får vi vekst, vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen (Jesu kyrkje). Det vil nok bety ein læringsprosess der våre kognitive skjema vert ombygde (Piaget) (Rom.12,1-3). 

Med trua  og rasjonaliteten og læringsprosessen får vi orden på tenkinga vår og den ordenen er verdifull for oss. Med trua og vår logiske tenking, med aksiomatisk og hypotetisk deduktiv metode beheld vi ordenen. Sjølv om vi ikkje veit korleis minnet vårt er representert, kan vi smanlikne denne ordenen med entropilova som seier at i ein kvar energiprosess vil total-entropien auke, så det vert meir uorden globalt. Likevel kan det verte meir orden lokalt. 

Entropien kan også forklarast som mål på informasjonen vi kan ha om eit system, men då vil auka uorden (entropi) bety tap av informasjon. Til samanlikning vil eit logisk resonnement føre til eit resultat med kunnskapsmengde som ikkje er større enn den som låg i utgangspunktet. Vi vil nok oppfatte og oppleve det som ny kunnskap, men eigentleg låg den kunnskapen i utgangspunktet, vi innsåg det berre ikkje før vi gjorde resonnementet. Sidan det låg meir kunnskap i utgangspunktet er så viktig for oss å kunne gå tilbake til det. Når det gjeld trua på Gud, treng vi trua på Kristus og den nåden som Gud har gitt oss i han, for å komme tilbake til utgangspunktet. 

Med trua på Kristus har vi von om Guds herlegdom og vert ikkje til skamme.

Medisin mot depresjon?

Depresjon kan forklarast utifrå arv og miljø, nokre kan vere meir genetisk disponerte for depresjon enn andre. Vi brukar ordet «deprimert» i dagleg tale, men det er ikkje sikkert det høver så godt med korleis fagfolk brukar det når dei stiller diagnose. Eg vil no bruke det som i dagleg tale, vi kan verte skuffa, sorgfulle, mismodige og «deprimerte» på grunn av noko som har skjett. Vi talar om depresjonstid i økonomien, der er ein psykologisk faktor i det, det kjem mykje an på kva «bjellesauene» har tru på og kva dei er villige til å satse på. Det kjem mykje an på politikken og samfunns-systemet. Når systemet kollapsar med sin ideologi er det for mange å samanlikne med å ha sett si tru til avgudar og så viste det seg at dei ikkje var gudar likevel. Nokre kan reagere med hat og så let dei hatet gå ut over andre i ein hat-retorikk, som ein slags proteksjonisme. Depresjonen kan ha si årsak i at det sosiale samhaldet sviktar, då er det lite hjelp i psykologisk intraspeksjon eller bruk av medikament, men pasienten må sjølv innsjå at det er problemet.

Men med realfagleg utdanning er vi ikkje så sårbare, om ei hypotese vert avsanna har vi framleis rasjonaliteten og det er berre å stille ei ny hypotese, gå til matematikken og hente ein ny formel.

Og søker vi samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så er det også trygt og sikkert. Ved å tru på Jesus vert vi velsigna og det betyr å verte inkludert i samfunnet med Gud og verte førebestemmte til noko godt. Og har vi samfunn med Gud, så har vi samfunn med kvarandre.

Rom5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Apostlane talte om Bileams villfaring, han var ein profet, men kong Balak ville betale han for å forbanne israelsfolket, når dei var på vandring mot det lova landet. Men Gud sa til han at han måtte seie berre det som han sa til han og det vart velsigning i staden. Seinare vart han likevel med i striden mot israelsfolket og då fall han. 

Slik er det i vår tid mange som velsignar fordi det stemmer med kyrkje og kristendomen og kanskje også med det sosiale samhaldet, men når det kjem til stykket, så forbannar dei på grunn av politiske og religiøse maktinteresser og økonomiske interesser.

Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, slik er den åndelge velsigninga. Den openberrar Guds Ord for oss, Jesus er Guds Ord. Det gjer oss i stand til å tenke logisk uifrå Guds Ord (modus ponens) og leve ut i frå det, for i han er liv og livet er lyset åt menneska. Slik får vi harmoni mellom hjerte og hjerne.

Men så kan det hende nokon seier imot, så det vert påstand mot påstand og kanskje svarar dei endåtil med å forbanne. Vi er fri til å tale og kan stille hypoteser, same kor tullete dei er, tanken kan vere å bruke kontraposisjon og modus tollens for å avsanne motsegna. Men vil det fungere? Det kan for fungere som å svare med å forbanne og verke nedbrytande. Dessutan er det religiøs og politisk maktinteresse i kontraposisjonen ved Antikrist.

Men Jesus sa til meg at han ville gjere meg til kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Jesus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud frelser oss og skaper oss i han og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er evig og alltid den same. Eg skulle berre søke han i løynkammerbøna og gå ut og vitne om han. Sjølv om eg berre kom med ei lita helsing frå han, var det nok for han til å gjere noko stort, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom, men han hadde sendt den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

Joh.16,7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Lækjedom ved bønn.

Eg går på kristne møter der vi brukar å be for dei sjuke og det hender dei vert lækte. Vi brukar helsevesenet slik som andre og når vi opplever lækjedom ved bøn, fortel vi dei det og det er ikkje noko problem.

Nokon spør etter bevis. Dersom ei utsagn skal vere vitskapleg, som hypotese, må den vere negerbar, så den kan prøvast eksperimentelt. Dersom eksperimentet avsannar den, så må den forkastast, eventuelt justerast. Dersom den har beståt mange slike prøver, blir den til ein teori. Eksperimenta beviser den ikkje, men underbygger den. Derimot kan empirisk undersåking fungere som bevis i ei straffesak og til å stille diagnose. 

Kva kunne eventuelt fungere som den negerbare utsegna her? «Gud lækjer alltid bønn»? Nei, det veit vi ikkje stemmer. Men vi kunne ta kontraposisjonen: «Gud lækjer aldri nokon ved bønn» Då er eitt tilfell av at Gud lækjer ved bønn nok til å avsanne påstanden. Og det fungere dermed som bevis på «posisjonen»: Det har hendt at Gud har lækt ved bønn. Meir generelt påstår eg og mange fleire at det hender Gud lækjer ved bønn. 

Men vi hevdar det er Gud som gjer under og då vert det feil å bruke dette som argument mot lovmessigheta i naturen, som vi studerer i realfag.

Eg er ingen lesehest og er svært kresen med kva eg bruker til til å lese. Når Snåsamannen fekk slik merksemd i avisene interesserte det meg ikkje i det heile tatt. Det vesentlege er kva eg sjølv opplever i den kyrkjelyden eg sjølv går i. Eg høyrer gjerne på gladmeldinger frå andre stadar der det er vekking. Men samtidig prøver å ha min kritiske sans in takt. Boka “Snåsakoden” har visst avslørt at Snåsamannen dreiv humbug og det syntes eg ærleg tala var ein lettelse, eg har skaffa meg den som e-bok, men eg er ingen lesehest, så eg har ikkje lese den enno.

Ved trua på Jesus får vi eit personleg forhold til Faderen og Sonen og den «sosialiseringa» er god.

I dagleg tale er det mange utsegner som ikkje er negerbar, slik også i Bibelen. Gud sa til Moses at dei skulle kalle han «Eg Er», for han er den han er. Det er ein tautologi og mange meiner at slike tautologiar ikkje er særleg interessante, for dei har ikkje betydning for den fysiske verda. Når det likevel har betydning for oss, så er det fordi Gud ikkje berre er ein teori, men han er ånd, hans rike er ein åndeleg røyndom. Poenget var at dei skulle seie at han var den han var, dei skulle ikkje seie at han var den han ikkje var. Vidare sa han til Moses at dei skulle kalle han Abraham, Isak og Jakobs Gud. Det var altså den Gud som gjorde seg til kjenne ved at han var deira Gud, altså ved at dei hadde eit personlege forhold til han. Det viser at det har med ei subjektiv innstilling å gjere. 

Søker vi han på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Jesus gir ånd og liv til vår sjel og vekker oss opp til samfunn med seg og med Faderen.

Vi ser det nye testamentet på grunnlag av det gamle og det gir oss ei djupare forståing av det. Det vert fortalt om brutale krigar, ikkje humant men realistisk, livet er ein kamp for tilværet, slik er denne verda. Folka søkte hjelp frå sine gudar, sjølv om dei ikkje var gudar. Men når israels-folket vende seg til sin Gud, fekk dei hjelp. Profetane føresa kva som skulle skje og så vert det påstått at det var Gud som gjorde heile greia. Livet er ein kamp for tilværet som ofte kan vere brutal, likevel vart det altså Gud som skapte gjennom utvikling.

Men så vart landet infiltrert av avgudsdyrking og rettsvesenet vart korrupt, så einskildmenneske vart dømde urettferdig. (Til samanlikning med kva som skjedde i Hellas). Men det vart profetert om at Gud ville gjere noko nytt, som ein Renning som skulle spire or turre jorda, Jesus, Guds elska Son har gjort Gud kjend for oss. I trua på han får vi oppleve at Gud er kjærleik, han elskar menneska.

I det gamle testamentet vart det sagt at dei skulle hate sine fiendar, men Jesus sa at dei skulle elska fiendane sine. Paulus sa at Gud viste oss sin kjærleik ved at han let Son sin døy i staden for oss medan vi enno var syndarar og fiendar. Johannes sa at Gud viste oss sin kjærleik ved at han let Son si døy i staden for oss. Den fullkomne kjærleiken driv angsten ut, så vi skal ha frimod på dommedag. Så ved korsets fot får vi oppleve den ekte kjærleiken, det er herleg og derfor skal vi glede oss. Paulus sa at håpet om Guds kjærleik gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Gud er kjærleik og å oppleve det er herleg. Når vi skal forkynne den glade bodskapen for andre er det viktig for oss å oppleve det i vårt hjerte, då får vi frimod til å forkynne det til kven som helst som vi møter på vår vei.
Å ja, han kom med noko nytt, då vart det konflikt med det gamle, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, som ikkje er fødde av kjøt og blod, ikkje av manns vilje men av Gud, fødde av Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. 

Jesus sa også at vi som trudde på han skulle vere eitt i han, så skulle verda skjøne at Faderen hadde sendt han. Kjærleiken og samholdet mellom dei kristne gjorde at kyrkja vaks, sjølv om dei vart forfølgde og det vart dess viktigare ved oppsplittingstendensane i Rormarriket. Så keisaren legaliserte kristendomen og då var det ikkje lenge før han gjorde den til statsreligion og grunnla makta si på den. Her må vi ha klart for oss kva som var årsak og kva som var verknad. Mange politiske aktivistar innbiller seg visst at det det var keisarmakta som var avgjerande og vil kvitte seg med kristendomen, men då klarer dei ikkje å få til eit liknande samhald på grunnplanet, så det fungerer ikkje.

Jesus profeterte også om at det skulle verte krig og uro, folk skulle reise seg mot folk og rike mot rike. Men då skulle vi løfte blikket opp til han og sjå fram til at han kjem att. Dette samsvarar med å løfte hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, verte fyllte av den Heilage Ande, ved den Anden får vi openberrings, så vi kan sjå med hjertets opplatne auge, så vi «ser» og erkjenner det gode Gud gir oss og tek imot det. Vi tek iomt den åndelege velsigninga og blir til velsigning og slik vil vi tilfære verda noko verdifullt som den treng.

Når det gjeld å bruke dei fysiske sansane, så prøver eg å tenke realfagleg. Ved at eg let meg forsone med Gud på grunnlag av Jesu frelsesverk, prøver eg å sjå dette i samnheng, så eg får harmoni mellom hjerte og hjerne.

4 Comments »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: