Skip to content

Kjønnsroller er naturleg, men kva betydning har det at vi trur på Gud og hans Ord?

Blåstrupehannen syng og viser seg fram for hoa og ho prioriterer fargesprakande hannar. Dette vert kalla seksuell seleksjon og det bidreg til artens særpreg. Det som særmerker menneska framfor dyra er den store hjerna med språksanse, men den er skjult inn i kraniet.

Skal vi på liknande vis utvikle vårt særpreg, må vi bruke språksansen til å kommunisere. Då har det betydning at vi trur på Gud, tek imot hans Ord og brukar det til å kommunisere med.

Dei genetiske prosessane i befruktninga er tilfeldige, så det ser ut som evolusjonen er utan mål og meining, men seksuell seleksjon gjev evolusjonen mål og meining. Og vi må vel få lov til å sjå mål og meining med det, liksom vi elles ser mål og meining med livet, prøver å tenke konstruktivt for å bygg opp noko som er verdifullt for oss. Då treng vi å bruke språket til å kommuniserer for å få til samarbeid om å bygge opp verdiar som gagnar oss.

Med trua på Gud får vi mål og meining med livet og det har attpåtil perspektiv utover dette livet her på denne jorda.

Kjønnsroller hos dyr og fuglar. Fuglesangen. Forsking på blåstrupe. Samanlikning med vår bruk av språksansen og Guds Ord.

I byrjinga av oktober 2008 var eg i Oslo og fredag 10.10 var eg på univeristetet, kl 17 var eg på biologibygget og høyrde på eit foredrag om den betydninga ulike kjønn har for samfunnet. Hos dyr og fuglar er der eit tydeleg kjønnsrollemønster, det viser seg spesielt i revirhevdinga, paringsleiken og i oppfostringa.

Det var ein mann som forska på blåstrupe, han talte om fuglar generelt og spesielt om blåstrupen. Naturleg utval har ikkje berre å gjere med å tilpasse seg naturmiljøet rundt seg, det handlar ikkje berre om kven som er best eigna til å overleve ved å tilpasse seg naturmiljøet best mogleg. Han hevda også at dette var i samsvar med Darwins lære. Hannfuglen syng for å markere sitt revir og hofuglen vel utifrå kor flink den er til å synge. Hann-paradisfuglar dansar og hofuglen vel utifrå kor flink den er til å danse. Nokre hannfuglar samlar som om dei hamstrar, og hofuglen vel utifrå kor stor og fin samling han har, han kan samanliknast med ein kapitalist og ho vel utifrå kor mykje kapital han har (Her har eg tilføya litt utifrå kva eg sjølv har sett på naturprogram på fjernsyn). Den viser kva den har lært seg til og kva den har talent for, men elles har det lite og inkje å gjere med kor overlevingsdyktig den er.

Den lange stjerten til påfuglen var ikkje akkurat noko som gjorde at han stilte sterkare i kampen for tilværet, om ikkje det var for at hofuglen valde ein slik lang stjert. Hanndyret har eit ornament som begeistrar hodyret, dette ornamentet treng ikkje ha nokon annan praktisk funksjon enn å ”pynte” seg for hodyret. For blåstupen var det den blå strupen som var ornamentet og det var gjort forsøk som viste at hofuglen valde den hannfuglen som hadde mest imponerande ornament. Dei hadde gjort forsøk der dei med maling hadde auka blåstrupe-hannens blå og gule brystparti og hatt gule plasthyser på leggane hans. Då vart han foretrukken av hofuglane. I nyare forsking har dei prøvt å smøre blåstruphannen med solkrem med UV-filter og resultatet er at hofuglane bryr seg mindre om den, så dei ser UV-lys og det aukar fargeprakta for dei ( http://forskning.no/biologi-fugler/2008/02/blastrupe-med-solkrem-mistet-draget ).

Han viste så bilete av påfuglstjerten og den menneskelege hjerne og sa at det som særmerkte mennesket framfor andre individ, var språksansen, for det er den vi brukar til å kommunisere med. Sjølv om den menneskelege hjerne ikkje er synleg ornament på same måten som påfuglstjerten, så fungerer dette organet på tilsvarande måte ved at språksansen er så viktig for oss, ved at vi brukar den, vi brukar ord som symbol for å kommunisere.

Då vil eg tilføye at sjølv om det er mykje eigenskapar her ved hannfuglen som ikkje er særleg praktisk på den måten at det gjer den meir overlevingsdyktig, så er det eigneskapar som særmerker arten. Det kan sjå ut som hofuglen vel det ho synst er vakkert, men det kan også ha med talent å gjere, så der likevel kan vere ein samanheng med overlevingsevne.

Dette vert samanlikna med vår bruk av språksansen, spesielt mellom mann og kvinne med tanke på formeiringa, men elles veit vi at det er viktig i eit stort og komplisert samfunn av menneske. Det er ikkje alltid vår bruk av språksansen er like praktisk nyttig, men vi brukar eden likevel. Slik er det med Guds Ord også, det er ikkje alltid vi innser at det er så praktisk nyttig for oss, men vi opplever at det er viktig for oss å høyre det og tru på det likevel. Det utvidar vår moglegheit til å bruke språksansen til å kommunisere. Kristus er Guds Ord, han lever og han er med oss og han tek seg av kommunikasjonen mellom oss ved sin Ande.

Har evolusjonen mål og meining? Samtale med professorar i biologi.

Det var 4 lærarar som forelas i  grunnkurset i biologi, Bio1000. Professor Klaus Høiland KH. (sekson for genetikk og evolusjonsbiologi) hadde ansvaret for kurset. Så var det professor Asbjørn Vøllestad (AV. (Center for ecological and evolutionary synthesis), professor Kamran Shalchian-Tabrizi (KST) (sekson for genetikk og evolusjonsbiologi) og Reidun Sirevåg (RS) (forskar ved institutt for biovitenskap, ho hadde berre eit par forelesingar. KH og KST underviste  om grunnleggande evolusjon, frå livet på jorda byrja og frå dei minste organismane, om Mendels genetikk og Darwinismen.

Gregor Johann Mendel studerte matematikk og fysikk. Han vart munk i St. Thomas kloster i Brno. Der gjorde han systematiske eksperiment på erteblomster og brukte matematikk på resultata og fann ut at genanen vart nedarva tilfeldig, men så regelmessig at han kunne bruke matematikk på det. Dersom han berre hadde nok informasjon om foreldre-generasjonane, så kunne han beregne korleis erteblomstane i neste generasjon ville verte. Når han sådde ertene kunne han vite kor mange plantar som fekk kvite eller lilla blomster. Så sjølv om det var tilfeldig, kunne han likevel bruke matematikk og beregne korleis det vart, ja, nettopp fordi det var tilfeldig. KH sa også at evolusjonen hadde ikkje mål og hendsikt, den var heilt tilfeldig. Eg rekna med det var når ein såg det på grunnlag av genetikken.

Darwin vart inspirert at ei bok som heitte ”An Essay on the Principle of Population”, av Thomas Malthus. Den handla om sosialøkonomi. Der er likskap i dei matematiske modellane til økonomane og evolusjonsbiolgane og der er ein dragkamp mellom dei om kor mykje det skal tilskrivast den eine eller den andre gruppa. KH kommenterte denne likskapen og sa at dersom ein samanliknar med korleis dei store bedriftene et opp dei små, så kalla han det vulgærdarwinisme som eigentleg ikkje har noko med darwinisme å gjere.

I slutten av kurset underviste AV om dyr og heilt til slutt underviste KH om økologi, der vart forklart meir om korleis ulike artar lever saman, nokre til gjensidig nytte, nokre får nytte av andre utan at det skadar dei, andre som snyltarar, slik at det skadar verten. I andre tilfelle er det konkurranse som begge partar tapar på.

Siste forelesinga var lagt opp slik at vi skulle stille spørsmål og både KH, AV og KST var der for å svare, først gav dei eksamensråd og så kunne vi stille både faglege spørsmål og spørsmål om eksamen. Då minna eg KH om det han sa om at konkurransen er ein tap/tap situasjon, men konkurransen innad i arten skal vel virke positivt? Ja, sa han, det var konkuransen mellom artane han tenkte på, når han sa at den var ein tap/tap situasjon, konkurransen innad i arten skal virke positivt. AV kom også med eit svar på spørsmålet.

Eg hadde også tenkt å stille eit spørsmål til det han sa om at evolusjonen ikkje var målretta, men eg valde ikkje å gjere det. Seinare, når eg sat i kantina, tenkete eg over om eg kanskje skulle ha gjort det likevel, men eg fekk ei tilfreds føling av at det enkle spørsmålet var eit godt ord i rette tid og at det virka, det var berre å la det virke.

Men seinare når han sat i kantina, bestemte eg meg for å ta opp den tråden, så eg gjekk bort til bordet til KH og sa eg hadde eit spørsmål. Ja, det var berre å sette seg ned, så eg sette meg ved enden av bordet. Han sa til ein eldre mann som sat overfor han at eg var ein interessant person å prate med, for eg hadde drive tråling og vist han bilete av nokre rare fiskar som vi fekk over midthavsryggen sørvest for Island, mellom anna ein pelikanål. Eg sa eg hadde nokre spørsmål til dette han sa om at evolusjonen ikkje var målretta og då sa han at det var nettopp det dei hadde såte og diskutert, kanskje den er målretta likevel. Eg sa at dersom konkurransen innad verkar positivt på bestanden, så har vi i grunnen definert ei retning for evolusjonen. Ja, det er logikken, sa KH.  Ja, dei har sin eigen logikk sa eg, og eg meiner at når eg kom her, så hadde eg eit visst mål og meining med det. Vidare sa eg at eg tenkte spesielt på seksuell seleksjon, der  har vi definert ei retning for evolusjonen som ikkje alltid er så lett å forklare utifrå kampen om tilværet. Svært ofte er det ei styrkeprøve mellom hanndyra som vert avgjerande, som ho hjort, elg, ulv, sjøløve etc. Men hos mange fugleartar er det ornamentet som vert avgjerande, blåfargen hos blåstrupen, stjerten til påfuglen, fuglesangen og dansinga til paradisfuglen. Det ser ikkje ut til at det er eigenskapar som gjer dei meir veleigna i kampen for tilværet, men det er eigenskapar som særmerker arten.

Samtala gjekk litt att og fram om dette og så sa KH at i mange tilfelle kan slikt som sterke fargar verke skremande. Det er noko som heiter mimikry, ei etterligning av noko farleg som derfor verkar skremande og som soleis får same verkanden som om det var farlgeg. Då kom eg på noko som eg opplevde når eg var på kibbutz i Israel, der var ein liten dyrepark og eg gjekk dit for å fotografere. Der var påfuglar og når eg skulle fotografere hannfuglen, kom der ein gutunge og sprang rett inntil han. Han oppfatta det tydelegvis som ein trussel, men i staden for å verte redd og ta røminga, snudde den seg mot gutungen og spila ut det svære vølet sitt. Det var tydelegvis eit signal om at den gjorde seg klar til å gå til motverje. Så eg nytta moglegheita til å fotografere han medan han spila ut det svære vølet sitt. KH samanlikna det med å slå opp paraplyen, det kan virke skremande på ein hund.

Bruk av språksansen ved val av ektefelle, til samanlikning med fuglesangen.

Hannane konkurrerer om hoene og då er der visse konkurransereglar, hoene vel utifrå tilsvarande kriterium, då er det ikkje alltid rå makt som er avgjerande, men som for fuglane kan det vere kven som har mest fargerik fjøyr-drakt, kven som syng finast eller dansar finast. Dette vert kalla seksuell seleksjon og det definerer ei retning for evolusjonen. Prioriterer blåfuglhoa hannar med mest mogleg fargesprakande bryst, så bidreg det til at avkommet får mest mogleg fargesprakande bryst og det særpreger arten.

Det som særmerker mennesket framfor andre dyr, er den store hjerna med den velutvikla språksansen. Og skal vi utvikle vårt særpreg ved seksuell seleksjon, til samanlikning med til dømes ein orreleik, så må det vere ved å bruke språksansen til samanlikning med fuglesangen. Sjølvsagt tel den ytre utsjånaden også, til samanlikning med orrhanens fargedrakt, men det som særmerker mennesket framfor andre dyr er den store hjerna med den velutvikla språksansen, så her vert det om å gjere å bruke språksansen til å kommunisere med. Så det er viktig for ein mann å bruke språket til å kommunisere, for å finne seg og vinne seg ei kone. Meir generelt er det viktig å bruke språket til å kommunisere i eit komplekst samfunn, for å få til eit konstruktivt samarbeid til vårt felles beste.

Når vi ser på genetikken, så veit vi at det skjer ved tilfeldighet, så det ser ut som evolusjonen er utan mål og meining. Når vi går ut i samfunnet av menneske er det mykje som skjer tilfelig og bra er no det, for det er vesentleg for vår eigen fridom og våre eigne moglegheite til fri livsutfolding. Men vi tenker konstruktivt for å prøve å skape oss verdiar og då vil vi gjeren kommunisere med andre for å få til samarbeid om det og slik er det nokon som har framstått som leiarar og fått makt i samfunnet. Men tilfeldigheitene er der likevel med moglegheiter for den einskilde til å velje, til å tenke konstruktivt og til å kommunisere.

Slik er det viktig for ein mann å kommunisere med kvinna med tanke på å finne seg ei kone og vi kan samanlikne det med fuglesangen om våret, til dømes i ein orreleik. Då er det slik at alle hannane viser seg fram og syng og dei slest vel litt også, det er om å gjere å vinne den sentrale plassen på speleplassen. Alle hoene høyrer og ser og vel utifrå det som skjer. Dei kan pare seg med fleire hannar, men sidan vert dei åleine om oppfostringa. Som for mange andre fugleartar har ikkje hofuglen så fargesprakande fjøyrdrakt, den har kamuflasjedrakt, for det er viktig at den skal kamuflere både seg sjølv, egga og kyllingane når den ligg på reiret. Dersom det skulle fungere slik for menneska, så ville kvinnene få større fridom til å velje, ei kvinne kunne  ligge med fleire menn. Men sidan ho ikkje kan vere sikker på kven som er faren, får ho neppe ein av dei til å ta ansvar for oppseding, som om det skulle vere hans eige avkom. Slik er det også i dyrelivet, i dei tilfelle hannen ikkje kan vere trygg på at han er faren, så vert han ikkje med på oppfostringa.

Orreleik 2.jpg

Orreleik 1.jpg

 

Skal vi samanlikne dette med menneskelivet, så skulle mange menn tale for mange kvinner og kvinnene vel, det ville vere mest å samanlikne med korleis prest eller predikant talar og folket tek stilling til det han seier, skal dei gotal læra han og tru det, er han flink til å ordlegge seg, forklarar han det godt. Eller korleis ein politikar talar for å få med seg folket. Men skulle mannlege prestar, predikantar og politikarar få med seg alle kvinne på den måten, så det ikkje vart kvinner igjen til oss andre? Det er no faktisk slik den såkalla kvinnefrigjeringa har verka, nettopp fordi prestane som representantar for den tradisjonelt lærde, herskande og rike overklassa, krev monopol på å forkynne, monopol på å tale Guds Ord. Men så viser det seg at dei talar ikkje Guds Ord likevel. Og det er eigentleg ikkje så rart, for eit slikt monopol stemmer ikkje med Guds Ord. Det er tvert om slik at alle og ein kvar av oss treng Guds ord når vi skal kommunisere med andre menneske. Mannen treng det spesielt når han skal kommunisere med kvinna med tanke på å få seg ei kone, for han skal vite å finne seg og vinen seg si eiga kone i helging, og det skejr ved Guds Ord og Guds Ande.

1TE 4,1 – 1TE 4,12 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK}  Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9   Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10 Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det. 11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk. 12 Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Om vi no samanliknar med orreleiken igjnen, så kan ei orrhøne pare seg med fleire hannar og etterpå vert ho åleine om å ruge og fostre opp kyllingane. Generelt er det slik både for dyr og fuglar at når ingen av hannane kan vere sikker på at han er far til avkommet, så er han ikkje med på å fostre det opp. Dersom det er monogami vert han gjerne med på oppfostringa, for då veit han at han er er faren til avkommet. Dersom han har eit vedvarande harem, veit han det også og vert på sett og vis med på oppfostringa, til dømes løva, hannløva er stor og sterk og forsvarar dei alle og kan legge ned større byttedyr. Ulven er eit unntak, der er det berre alfa-paret som får avkom, men heile flokken jaktar i lag og er med på oppfostringa.

Bibelen samanliknar menneskelivet med dyrelivet og gjer det klart for oss kva som er den typisk menneskelege eigenskapen som skal herske over dyra og som vi skal herske på jorda med. 

I  1.Mos.1 er det fortalt at Gud skapte fiskane, dyra og fuglane og så skapte han meneska og sette dei til  råde over alt det andre han  hadde skapt. Men i 1.Mos.2 er det fortalt at Gud skapte mannen først  av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Han planta hagen og sette mannen til å dyrke og verne den. Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine, så han ville gje han ei hjelp som høvde for han. Så skapte han dyra av mold frå marka og førde dei framn for han, så han skulle gje dei namn og det som han kalla dei, skulle dei heite. Men han fann inga hjelp som høvde for mannen, så han skapte kvinna av sidebeinet hans og føre henne til han, mannen erkjente at ho var av hans eige kjøt og blod og kalla henne kvinne, fordi ho var teken av ein kar.

Dette høyrest merkeleg ut, for i 1.Mos.1, vart menneska skapt til slutt, men her vart mannen skapt først og så fekk han oppleve at Gud skapte dyra. Vi kan forstå det som naturvitskapleg kunnskap som gav han forståing for korleis alt har vorte til. For det vart vidare sagt at Gud dømde ormen til å måtte krype på buken og det hevdar eg viser tilbake på utryddinga av dinosaurane (https://bluehost944.com/2017/01/25/paradisets-drakar-striden-mellom-kvinna-si-aett-og-ormen-si-aett/). Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, ormen skulle hogge hennen i hælen, men ho skulle krase hovudet hans. Det betyr sjølvsagt ikkje at menneska skal utrydde resten av krypdyra, men menneske vert samanlikna med dyr, menneskelivet vert samanlikna med dyrelivet, så det for menneska vert strid mellom ein primitiv, dyrisk levemåte til samnlikning med ormen og ein meir høgtståande levemåte, med bruk av språksansen og omsorg for avkommet som det mest høgtståande pattedyret som vi eigentleg er.

Når mannen skulle dyrke og verne hagen, måtte han forstå at den trengde vatning og korleis plantane sette frø og formeira seg, så han var naturvitar. Og når Gud skapte dyra og førde dei fram for han, så han skulle gje dei namn, så var han også naturvitar som lærde å forstå korleis dei levde og formeirte seg og korleis dei soleis vart til og korleis dei naturleg nok skulle elve i hagen. Likevel høyrest det litt merkeleg ut at han fekk oppleve at Gud skapte dei. Ein kan forstå det slik at det er han som har skapt deira ”logiske tenkemåte” med deira kriterium for utveljing av parnar som så vert avgjerande for korleis dei utviklar seg, så slik skapar han gjennom utvikling. Vidare vert dyra og dyrelivet brukt som symbol for menneske og menneskelivet, altså for andre menneske og andre folk. Så Gud openberra det for mennesket at han skapte dyra på liknande vis som han skapte mannen, av mold frå marka, men Gud bles også livsens ande i nasa på mannen, så han vart til ei levande sjel. Det står der ikkje noko om, verken for dyra eller for kvinna, men det betyr ikkje nødvendigvis at dei ikkje har ånd og ikkje har sjel. Seinare i Bibelen får vi vite at dei har det (td. i Forkynnaren). Men her vert det i alle fall fortalt at mannen hadde ånd ifrå Gud og det var nok med den ånda han fekk openberring ifrå Gud.

Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine, så han ville gje han ei hjelp som høvde for han. Men kvinner som levde på ein meir lavtståande dyrisk måte, høvde ikkje som hjelp til denne mennen. Derfor let Gud ein djup somn komm på mannen, så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Han vedkjende at ho var av hans eige kjøt og blod, så han kalla henne kvinne, for ho var teken av ein kar. Eg forstår det slik at ho var av hans eige folk (https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/).

Her var det Gud som gjorde sitt verk og då verka det som om det ikkje kom an på verken kva kvinna valde eller kva mannen valde, mannen sov då, men når kvinna kom til han erkjente han likevel at ho var skapt av sidebeinet hans. Her kan det kanskje høyrast ut som om Gud er diktatorisk, men når det er tale om at Gud skaper menneske til noko, så er menneska som leira i pottemakarens hand, den kan ikkje seie til meisteren: ”kvifor skaper du meg slik?” Men har Gud skapt oss, så er det viktig for oss å forstå kva han har skapt oss til og leve i det, ha den rette sjølvforståinga, forstå kva som særmerker oss som art og leve slik. Til samanlikning med korleis blåstrupehannen og hoa hadde ein felles fortåelse for kva som særmerkte dei som art. Så lenge dei får leve etter det, så er dei fri, får dei ikkje leve etter det, så er dei ikkje fri. Til samanlikning var det viktig for menneska å halde fram med å leve i dette forholdet til Gud, halde seg til hans Ord, for soleis å gjere bruk av sin typiske eigenskap, språksansen.

Syndefallet.

Gud talte til mannen og kvinna visste kva han hadde sagt, for når ormen kom og talte til henne, så svarde ho rett.

1MO 3,1 – 1MO 3,3 {SYNDEFALLET}  Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: “Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?” [Ormen: her talerøyr for ei vond og freistande makt. Sml. 2 Kor 11, 3; Op 12, 9.] 2 Kvinna svara: “Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3 Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!”

Ormen antyda at dei ikkje hadde lov til å ete av noko av trea, det ville vere ei sterk avgrensing av deira fridom til å velje. Men kvinna svarde rett, at det var berre eitt tre dei ikkje hadde lov til å ete av. Men då fornekta ormen Guds Ord og sa imot:

1MO 3,4 – 1MO 3,7 Då sa ormen til kvinna: “De skal ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.” 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. 7 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.

Han nekta for straffa av å ete av kunnskaptreet og framstilte det som om der var ein lovnad om noko godt forbunde med å ete av det, så kvinna såg at det var godt å ete av, ho tykte det var ein hugnad for augo. Så ho valde å ta av akkurat det treet dei ikkje hadde lov til og gav mannen sin med seg. Så legg merke til korleis ormen brukar liknande metode framleis, han framstiller det som om han har eit betre alternativ enn det som Gud gjev oss.

Men Gud dømde både ormen og kvinna, han sette strid mellom dei, mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, han skulle hogge henne i hælen og ho skulle krase hovudet hans. Det er strid mellom to naturar og det viste seg allereie ved at Kain slo ihel Abel, så Kain representerte den vonde naturen (1.Joh.3,12 Heb.11,4 Heb.12,24) .  Og Gud dømde mannen til døden, så stengde han menneska ute frå Edens hage, så dei ikkje skulle få ta av livsens tre og få evig liv, han hadde då dømt dei til døden. Så no fekk dei ikkje lenger velje mellom noko av trea i hagen. Med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød inntil han for tilbake i jorda, jord var han og til jorda skulle han attende. Dei hadde falle ut av Guds kvile.

Forsoninga, den nye naturen og det nye livet. 

Men Kristus døde i staden for oss, med sin død på korset sigra han over ormen og over verda. Gud vekte han opp frå dei døde og viste at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son. Ved trua på han er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han, slik skal vi rekne den gamle, vonde naturen for å vere daud og gravlagd. I dåpen er vi også oppreiste med han, så vi skal ha hugen vendt opp til han og ta imot det livet og den Anden han gjev oss. Det er ved at vi trur på han. Han er den nye naturen som Gud gjev oss av berre nåde, han er det brødet som kom ned frå himmelen for å gje verda liv, slik det vert symbolisert i nattverden. Det ordet han har tala til oss er ånd og liv og det er Anden som gjer levande.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 6,33 – JOH 6,35 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.” 34 Då sa dei: “Herre, gjev oss alltid det brødet!” 35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

JOH 6,47 – JOH 6,51 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.”

JOH 6,63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

RMR 5,10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.

2KO 5,19 – 2KO 5,20 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!

Gud forsona verda med seg i Kristus, på det grunnlaget kjem vi inn i samfunn med han igjen, vårt forhold til han vert gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er han den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Gud vekker oss opp til liv i samfunn med seg til samanlikning med 1.Mos.2, men no er det på den måten at vi får vi del i det evige livet.

1KO 15,34 – 1KO 15,58 Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det. 35   Men no kunne einkvan seia: “Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?” 36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr. 37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn. 38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad. 39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk. 40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41 Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre. 42   Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg. 43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft. 44 Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam. 45 Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege. 47 Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen. 48 Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera. 49 Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51   Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus! 58 Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

No er det klart at dette handlar også om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging (1.Tess.4,1-12, sjå ovanfor).

JOH 17,17 Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning.  [Helga, vigsla: Grunnteksten har same ordet på desse to stadene.]

RMR 15,16 at eg skal vera Kristi Jesu prest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud, helga ved Den Heilage Ande.

EFE 5,26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.

2TE 2,13 {STÅ FAST!}  Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

HEB 2,11 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør.

HEB 10,10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

HEB 10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

HEB 13,12 Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod. [utanfor porten: Golgata låg utanfor bymuren. Sjå Joh 19, 20.]

1PE 3,15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig.

Eg vil sjå dette på grunnlag av Høgsongen den skildrar kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og den unge jenta, ”den lytelause reine”, det er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Vingarden er symbol på kjærleikslivet deira og vinen er symbol på kjærleiken og eg forstår det slik at dei opplever Gud kjærleik i kjærleiksforholdet seg  imellom. I kapittel 8 er det tale om ei ung jente som er for ung til å gifte seg, for ho er ikkje kjønnsmoda enno. Likevel vert kjærleiken omtala som sterk og eg forstår det slik at dei opplevde Guds kjeærleik i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, mellom gut og jente, slik vert det gjort heilt klart at det ikkje er betinga eller avgrensa av det kjønnlege samlivet.

HSA 8,5 – HSA 8,10 {KJÆRLEIKEN ER STERK SOM DØDEN}  Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,  stødd til sin ven?  Under apalen vekte eg deg,  der mor di hadde føderier,  der ho fødde deg.  6   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr.  8 {KVA SKAL VI GJERA MED SYSTER VÅR?}  “Vi har ei lita syster,  som enno ikkje har bryst.  Kva skal vi gjera med syster vår  når friarane kjem? [Kva skal vi gjera: Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var avliden.]  9   Er ho ein mur, vil vi byggja  tindar av sølv på han.  Er ho ei dør, vil vi stengja henne  med ein sederplanke.”  10   Eg er ein mur,  og mine bryst er som tårn.  I augo hans har eg vorte  lik ei som finn fred.

JOH 3,27 – JOH 3,36 Johannes svara: “Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka. 31   Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.”

RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Kristus er den site Adam og hans kyrkje er hans brud, Gud skaper henne slik, så dette kjærleiksforholdet er skapt av han, ved gjenfødinga vert det født inni oss, så vi kan seie at for oss gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for den kyrkja som er hans brud. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, vi skal helge Kristus som Herre i våre hjerte. Då er det noko vi vel. Men så får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss i Kristus Jesus og det må vi ære og takke Gud og Lammet for. Vi vender oss til Kristus og helgar han som Herre i våre hjerte, så vi får oppleve kreftene av hans oppstode frå dei døde, vi får oppleve Guds kjærleik, hans Ande og hans kraft i våre liv. Då får vi oppleve at Gud skaper oss i samsvar med 1.Mos.2, han har skapt alle ting ved sitt Ord, han er den same no, så mannen skal kunne sette si tru og tillit til han og til hans Ord og vente seg at Gud gjev han ei kone ved at han skaper oss i samsvar med 1.Mos.2.

Så sa Paulus noko om at mannen skal tale og kvinna skal høyre på og kvifor det?

1KO 14,26 – 1KO 14,40   Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. 32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei. 33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar 34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier. 35 Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome? 37 Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. 38 Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken. 39   Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40 Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!

1TI 2,9 – 1TI 2,15 Like eins vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal ikkje pynta seg utfordrande, men sømeleg, ikkje med allslags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede. 10 Deira prydnad skal vera gode gjerningar; det sømer seg for kvinner som vil leva etter Guds vilje. 11   Ei kvinne skal ta imot læra teiande; ho skal underordna seg. 12 Eg gjev ikkje ei kvinne lov til å vera lærar eller rå over mannen; ho skal halda seg still. 13 For Adam vart skapt fyrst, og så Eva. 14 Og Adam vart ikkje forført, men kvinna lét seg forføra og braut bodet. 15 Men ho skal verta frelst, gjennom si barnefødsle, berre ho held fast på tru, kjærleik og helging, og lever som det sømer seg.

Eg vil samanlikne vår bruke av språksansen og vår forkynning av Guds Ord med fuglesangen om våren, hann fuglen syng for å lokke til seg hofuglen, hofuglen høyrer på og vel utifrå det ho høyrer, i ein orreleik, stig orrhanane fram og viser seg for hoene og syng, orrhønene er meir i det skjulte, dei høyrer og dei ser på og dei vel. Det er viktig for oss å kommunisere og til det treng vi Guds Ord også i det personlege møte med andre menneke, i lokalmiljøet og sjølvsagt også i heimen. Og der er ikkje meininga at tale frå ein talarstol i ein kyrkjelyed skal komme til erstning for det.

Vår fridom til å velje og Guds utvalde. Fridomen i barnekåret.

Når vi har vendt oss til Jesus og teke imot han, teke imot den Anden han gjev oss, så vi har hans Ande, då tilhøyrer vi han, då er vi frelst.

RMR 8,9 – RMR 8,17 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Slik har vi valt han, men då har også han valt oss. Jesus sa til disiplane sine at det var ikkje dei som hadde valt han, men det var han som hadde valt dei.

JOH 15,16 – JOH 15,19 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   18 {NÅR VERDA HATAR DYKK}  Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

Vi meiner vel at vi har valt han, men det avgjerande er at han har valt oss. Ingen kan komme til han utan at Faderen gjev han det, Faderen har valt oss ut i han og det er det avgjerande.

JOH 6,44 – JOH 6,45 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.

JOH 6,63 – JOH 6,65 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.” For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65 Og han la til: “Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.”

 

Vi meiner vel at vi har valt han og at det gjer vi rett i, så vi held fram med å velje han, vende oss til han, vende hugen opp til han. Ja, men dette er mogleg for oss berre fordi Faderen dreg oss til han, vi har fått den Heilage Ande og herleggjer og openberrar han for oss, derfor vender vi  hugen opp til han, ja, ved den Anden han har gjeve oss, dreg han oss til seg.

EFE 3,20 – EFE 3,21 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

FIL 2,12 – FIL 2,16 {SOM LJOS I VERDA}  Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. 13 For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. 14 Gjer alt utan misnøye og motseiing, 15 så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda 16 med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

https://tsivert.com/2017/02/06/2017-02-05-eg-far-komme-til-gud-slik-som-eg-er-og-la-hans-ord-fa-lov-til-a-treffe-meg-og-gjere-noko-i-mitt-liv/

 

4 Comments »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: