Skip to content

Velsigning i Jesu kyrkje eller forbanning i politikken.

 

Velsigninga i Jesu kyrkje.


Samhaldet i Jesu kyrkje, trua og kjærleiken som bind saman.

Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Dei som velsigna han skulle verte velsigna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus, han er det Guds Lam som bar verda si synd, som sona all vår synd med sin død på korset. Slik forsona Gud verda med seg, så det er berre for oss å vende om til Kristus, tru på han og ta imot den velsigning Gud gjev oss i han.

GLT 3,2 – GLT 3,14 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

Før Jesus døde på korset, sa han til disiplane sine at dei skulle tru på han og elske kvarandre, slik som han hadde elska dei, han gav livet sitt for dei og ingen har større kjærleik enn det. Dei skulle vere eitt i han, Då skulle verda skjøne at det var Faderen som hadde sendt han. Etter at han stod oppatt frå dei døde, sende han dei for å forkynne evangeliet om han for alle folkeslag.

Jesus kyrkje fekk stor betydning for samfunnet, kva så med den verdslege politiske makta.

Til tross for at dei vart forfølgde, voks hans kyrkje og vart stor og sterk og det viste seg at det var nettopp det sterke sosiale samhaldet i kyrkja som var så verdifullt for samfunnet, for verda. Så keisaren legaliserte kristendomen og då var det ikkje lenge for den vart gjort til statsreligion. Og kvifor det? Det var nettopp det sterke sosiale samhaldet i kyrkja som var så veredifullt for verda, så keisaren fann han ville bygge makta si på kyrkja.

Javel, så får vi vel berre halde fram med å ære og takke Gud og Lammet for frelsa, slik som tidlegare og så takke han for den framgangen Jesu kyrkje har fått på denne måten. Men så viser det seg at dei byrja å dyrke keisaren som gud, i staden, paven får poltisk makt som ein keisar. Så kom liberalisme, nasjonal frigjering og demokrati. Og det var ikkje alle plassar det skjedde like fredfullt som i Noreg, vi var heldige slik sett. I mange tilfelle skjedde det ved krig og slike konflikter er det framleis mykje av. Det er mykje krig i verda og i mange tilfelel ser det ikkje ut til at menneske har det klart for seg kva dei kan oppnå ved demokrati og nasjonal frigjering. For denne  verda sin gud har formørka hugen deira. Og Jesus profeterte om at det skulle verte krig, rike skulle reise seg mot rike, folk mot folk, inntil enden kom. Men vi skal halde fram med å gjere slik som han sa til disiplane sine, vi skal forkynne hans evangelium for alle folkeslag. Det er eit godt grunnlag å bygge vidare på, det er eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og demokrati. Men dei som soleis bygger på dette grunnlaget, må sjølve ta ansvaret for det.

Han som byrja den gode gjerning med Jesu kyrkje, han skal også fullføra den.

Paulua sa at kyrkjelyden var Guds åkerland og Guds bygning. Han planta og Apollos vatna, men Gud gav vekst. Han la grunnvoll som ein vis byggmeister, andre bygger oppå, men dei som bygger oppå, må sjå etter korleis dei gjer det. Det vert bygt med tre, høy, strå, gull, sølv og edelsteinar. Men elden skal prøve det. Då er det berre det som tåler elden som står att, edelsteinar, gull og sølv. Eg ser det som symbol på det som er evig. Som Guds medarbeidarar får vi oppelve at Gud sjer sitt verk med oss og alt Guds verk er evig og fullkome, mennekse kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå (Fork.3). Gud er ånd og det som er født av Guds Ande, det er ånd og det er evig. Jesus sa vi skulle samle oss skattar i himmelen, der mol og makk ikkje øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus. Det er dette som er så viktig for oss å ta imot og verte rike på og gjere oss bruk av.

2KO 7,1   Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

EFE 1,10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og slik velsingar han oss i Jesu kyrkjelyd.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 1,10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.

EFE 1,20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen,

EFE 2,6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han,

2KO 11,2 – 2KO 11,6 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane. 6 Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde. Vi byrja i nåden og Anden og skal fullføra i nåden og Anden, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Eg skal bidra med det Jesus har gitt i mitt hjerte.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, ein bodskap om gjenoppretting. For på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no er Jesus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Jesu kyrkje er hans brud. Gud er kjærleik og kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er Guds verk. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik gjer Gud meg til kanal for si velsigning. Hovudsaka i dette er at Gud frelser oss og velsignar oss i Kristus.

Jesus har vore med meg og svart meg gjennom tyding av tungetale i sin kyrkjelyd. Eg tenkte fyrst og fremst på ei jente som eg oppdaga når eg studerte realfag på slutten av 1980-talet, eg kallar henne ”Miss Oslo 1990”. Eg er viss på at den Heilage Ande herleggjorde og openberra Jesus for meg og for henne, det var altså ei åndeleg openberring og slik oppdaga ho at eg hadde oppdaga henne. Det var altså ei velsigning, sjølv om eg ikkje kom i prat med henne, har det vore viktig for meg å hugse på henne i min bønn til Gud og halde fram med å velsigne henne slik. Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og når eg kom tilbake til Oslo opplevde eg det som at han framleis velsigna henne gjennom meg i si si forsamling. Det opplevde eg spesielt sterkt i Maranata, Jesus salva henne og slik oppelvde eg hans salving i mitt liv, han stadfesta det gjennom tyding av tungetale, eg skulle berre la meg verte tent i brand av kjærleiken og vere brennande i ånda, eg skulle halde Andens loge ved like.

Men etter kvart vart eg klar over at han talte om eller til henne ”Virtuella”, som eg vart kjend med når vi gjeikk på gymnaset. Håpet om Gud herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrend i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt. Den kjærleiken opplevde eg i mitt forhold til henne, så eg bad Gud om å få møte henne igjen. Eg byrja å studere realfag i Bergen og der møtte eg henne igjen ein av fyrste dagane og eg trur det var Gud som leia meg til det. Dette fekk ho vite, men det vart ikkje noko meir prat og sidan ahr eg ikkje fått møte henne igjen, prate med henne eller ha noko med henne å gjere. Men Jesu sa til meg gjennom tyding av tungetale:” Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skal vekse.” Då visste eg at det vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Så eg skreiv om dette og då svarde Jesus meg at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gjeve i mitt hjerte (https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/). Så eg trur det framleis handlar om at ho skal verte frelst og fri, frelst for æva og frelst inn i Jesu kyrkje.Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Så fyrste prioritet er at Gud frelser menneske i Kristus. At han gjev meg ei frelst kvinne til kone, kjem så som andre prioritet.

Fråfallet.

Avkristninga av dei kristne.

Det som då synest vere problemet er den interessa den verdslege, politiske makta har av å komme inn i Guds hus for å fullføre i staden for Kristus, for soleis å få diktatorisk makt gjennom religionen, så det vert keisardyrking altså. Og den interessa mange kristne har av at den politiske makta skal komme inn i Guds hus og fullføre verket i staden for Kristus. Så denne problematikken må vi sjå lit nøyare på. Dei kjem nok til å få svar på tiltale, svaret blir nok litt annleis enn kva dei ventar seg, for det er Dyret i Op.17 som skal fullføre Guds plan, full føre Guds Ord. Men vi skal ikkje tilbe Dyret (Op.13). Vi skal berre ære og prise Gud og Lammet for frelsa, vi skal berre tilbe Gud i ånd og sanning.

Apologetikk med absolutt moral, men kvar vart det av trua?

På 70/80-talet køyrde «Ungdom i Oppdrag» og det Kristne Studentlaget eit opplegg dei kalla apologetikk, der dei argumenterte for at der måtte vere ein absolutt, allmektig og personleg Gud med ein absolutt moral, men menneska klarde ikkje å leve etter den og derfor treng dei nåden i Kristus. Dei argumenterte for at der måtte vere ein Gud som hadde skapt alle ting og med det gjekk dei mot utviklingslæra. Dei venstreradikale var den motstridande leiren. Det var tydeleg at dette var motstridande maktinteresser, men kvar vart det då av den konklusjonen som dei kristne eigentleg skulle leie fram til, at vi treng nåden i Kristus? Sette dei lyset i staken så det skein for alle som var i huset?

Når eg no kom tilbake til Oslo, gjekk eg ei tid i «Jesus Church», der er mange unge folk og lovsongen deira er herleg, der har dei funne den verdifulle kjerna i evangeliet. Men så arrangerte «Jesus-festival» i Ekeberghallen og inviterte ein predikant ifrå «Livets Ord» i Sverige. Han talt om ein absolutt fødsel og ein absolutt død og livet der i mellom. Eg forstod at ordet absolutt hang igjen frå læra om den absolutte moralen og no tente det til å gje ei heilskapleg beskriving av røyndomen, utan å seie noko om kva betyding Jesu død og oppstode hadde for dette livet.

Og så talte han om at dersom du vil ha deg ein ektefelle, så må du vere villig til å vaske barneræv. Så han påstod at eg eller kven som helst annan som sat der som ikkje var gifte, hadde si årsak i at vi ikkje var villige til å vaske barneræv og så skulle vi kanskje sitje stilleteiande og godta at slik var vi, det var forklaringa. Men eg berre gjekk der ifrå. Skulle kanskje eit ungt forelska par ha så lite kjærleik seg imellom og til avkommet sitt at dei ikkje gad å stelle ungen? Eg er vand til praktisk arbeid og slike småjobbar er ikkje noko problem for meg, dersom ei moralsk lærd overklasse er så fine på det ei slik enkel oppgåve skulle vere argument mot at eg skulle få meg ei kone, så kan dei ha desse fisefine problema sine for seg sjølve. Det var berre eit dumt påfunn, mange andre praktiske oppgåve kunne brukast på liknande måte.

Men poenget var å bruke det som argument mot å søke først Guds rike og hans rettferd, det var ei anna prioritering, å prioritere slike praktiske oppgåve framfor å søke Guds rike og hans rettferd. Og slik vert det også brukt som argument mot at eg skal vere oppteken av det faglege, når eg studerer. Mi eiga tru på Kristus og mi faglege tenking. Kristus er Guds Ord, men det vart ikkje forkynt. Ved trua er Kristus hovudet for mannen, men han vart sett utanfor.

Mi interesse av å få meg ei kone, brukar dei til å prøve å lokke meg bort frå Guds veg. Underforstått påstår dei at det er dei som har makta, så dersom eg vil ha meg ei kone, så må eg spørje dei. Som om dei er gudar og eg og vi må be til dei i staden for å vende oss til Kristus. Denne moraliseringa var ikkje så absolutt lenger og vi kjenner vel igjen argumentasjonen frå kvinnerørsla og så viser det seg at det fører fram til eit krav om at vi må dyrke styresmaktene som om dei skulle vere gudar for oss, i staden for å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Men eg veit sjølv korleis eg vart opplærde til å be når eg var ein liten gutunge og eg har bedt Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket.

Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Når det ikkje vert godteke, så er det ikkje Guds rike, men Dyrets rike (Op.13). Det er ikkje Jesu kyrkje men det er religionen til den Store Skjøkje.

 

Kristus fekk retten ved at han gjekk til Faderen og Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Men nokon prøver å tilsnike seg den sterkaste sin rett.

 

Paulus sa at dersom Kristus ikkje var oppstått frå dei døde, så var vi skrøpelegare enn alle menneske. Men no er han oppstått og det er det vi må vite å nytte oss av, derfor der det så viktig for oss å kjennast ved han og erkjenne kva han er for oss, så vi gjer oss nytte av det. Jesus sa til Paulus at hans nåde var nok for han, for hans kraft vert fullenda i vanmakt, derfor ville Paulus helst rose seg av si vanmakt, så Kristi kraft kunne bu i han. Slik er det også om å gjere for meg å søke han i mi vanmakt så hans kraft, så hans kraft kan bu i meg og vere verksam gjennom meg. Då må eg erkjenne at det er ikkje eg som gjer mitt verk, men det er han som gjer sitt verk og så ære og takke han for det. Ja, det er då ikkje meg imot. Kristus gjekk til Faderen og han har fått retten, han har fått makta over alt som menneske heiter, han er frelsar og Herre for den kyrkja som er hans brud.

Men då viser det seg at der er mange prestar og kristen leiarar som ikkje vil vite av mi vedkjenning av kva Kristus er for meg. Og kvifor det? Mi erkjenning av mi vanmakt var argument for Kristi kraft skulle bu i meg og vere verksam gjennom meg, men dei ville bruke den som argument for at dei skulle ha makta over meg og livet mitt i staden. Slik ville dei tilsnike seg makta over mennesket og makta over kyrkja, slik ville dei tilsnike seg den sterkaste sin rett. Det er ei tradisjonell, standard metode og verkar til fornying av keisardyrkinga i det Gamle Romarriket. Mi vanmakt held dei for å vere arveleg, som om det var noko som mangla meg på den måten, som om min genetiske arv ikkje var bra nok, for dei ville nok så gjere bruke argumentasjonen i arvesyndslæra.

Men eigentleg er det å påstå at Jesu frelsesverk ikkje er bra nok for oss, som om det ikkje skulle vere fullbrakt likevel, som om det skulle ha manglar, som om vi skulle trenge noko i tillegg til det. Kva då? At dei skulle få makt over oss liksom gjennom keisardyrkinga.

Kampen mot den norske mann sitt tilvære på mytologisk grunnlag.

Då viser det seg at deira argumentasjon mot utviklingslæra, mot at livet skulle vere ein kamp for tilvære, har vorte til ein kamp mot mitt tilvære motivert av påstanden om at min genetiske arv ikkje er bra nok, men grunnlaget for påstanden er ikkje vitskapleg, men den er grunna på gammal religiøs overtru. Dei venstreradikale skulle liksom gjere revolusjon, men mykje tyder på at dei gjer bruk av same metode og gjer det verre. Så det utartar seg som om det er ein ting dei er samde om og det er å mønstre til kamp mot den norske mann sitt tilvære på mytologisk grunnlag. Det har tydelegvis utarta seg som ein rasemotsetnad, ein kamp mot den norske mann med påstand om at vår genetisk arv ikkje er bra nok. Men trikset var å gjere bruk av gammal religiøs overtru og gjere religion ut av det.

 

Synda som vert gjort til religion og politikk.

David fall i synd, fyrst prøvde han å skjule det, men måtte vedkjenen si synd for Gud og be om tilgjeving og nåde.

John Miland talte i Maranata om David som fall i synd då han dreiv hor med Batseba, ho vart med barn og han prøvde å skjule synda ved at han laga det slik at mannen hennar, Uria, fall i krigen. Han skulle setjast på ein plass der striden var hard og så skulle dei andre trekte seg attende, slik at han fall. Det var eit svik. Så gifte David seg med Batseba. Men Gud sende profeten Natan til David og talte han til rettes, så David måtte sanne si synd for Herren, audmjuke seg å be om tilgjeving, nåde og miskunn. Det fekk han, så han slapp å døy for si synd. Likevel kom hemnen over han og heile hans hus.

Så talte John om skjult synd som måtte gjerast opp. Og eg tenkte på mi sak som den aktuelle sak. Eg hadde bedt Gud gje meg ei frelst kvinne som kone og han hadde svart meg positivt på det heile tida, ho er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men eg har fått motstand, så det har enno ikkje vorte noko av. Då vart eg som Uria. Ikkje så at eg er utan synd, men eg har gått til Jesus med den, eg har knelt for korsets fot og vedkjent mi synd for han, eg har fått oppleve reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande og det vil eg berre vedvaranede få oppleve meir av.

Og han sende meg til Oslo med den glade bodskapen, om frelse, frigjering, helse og gjenoppretting. Men eg fekk motstand og det har eg i grunnen fått heile tida. Så eg kan samanlikne meg med Uria, den motstanden eg har fått, den motstanden eg har fått kan samanliknast med den motstanden uria fekk, når han vart plassert på ein plass der stride var hard og dei andre sveik han, så han vart ståande att åleine.

Men då heng det altså saman med at der er nokon som syndar liksom David og Batseba og som skjuler synda si. Predikanten talte om Davids synd, han prøvde å skjule den, men han måtte sanne si synd for Gud og be om tilgjeving og nåde. Slik talte han om den aktuelle saka og det vart stadfesta ved bodskap som kom gjennom tyding av tungetale. (https://tsivert.com/2016/08/07/2012-02-19-m-davids-syndserkjenning/https://tsivert.com/2016/08/07/2012-06-03-m-davids-syndserkjenning/, https://tsivert.com/2016/08/02/2014-02-16-m-david-matte-vedkjenne-si-synd/).

David var på maktens tinde og når han gjorde slik ei synd og det fekk store konsekvensar. Han måtte vedkjenne si synd for Herren og be om tilgjeving og nåde. Slik måtte han vende om, eigentleg var det Gud som omvenda han. Dersom han ikkje gjorde det, ville konklusjonen verte at dette var politikken hans og det hadde vorte fatalt for Davids trone.

Men kva så med den aktuelle saka, mi sak. Det er som om herskaren framleis prøver å skjule si synd, sjølv om han har vorte talt til rettes fleire gongar. Han vil ikkje erkjenne si synd, be om tilgjeving og nåde. Han vil tvert om halde fram på same måten og slik vert forføringa og synda gjort til religion og politikk. Korleis er det mogleg? Jau, gjennom arvesyndslæra og barnedåpen legg presten og politikaren skulda på det vesle gutebarnet, så når den unge guten vert interessert i å få seg ein kjæraste og ei kone med tida, så prøver dei å dåre og forføre henne slik som ved syndefallet og gje han skulda for det. Det blir som å påstå at det var Uriah sin eigen feil at han fall i krigen. Så presten og politikaren vil ikkje la seg refse og tale til rettes slik som David. Då verkar det som det er den Lovlause som er i ferd med å komme inn i Guds hus for å gjere seg sjølv til gud.

Utdanning og demokrati i arabarverda. Korleis verkar dialogen og dialektikken? 

 

Norsk og vestleg påverknad. Korleis?

Noreg og Oslo har engasjert seg politisk i Midt-Austen og i 2014 gjekk Nobels fredspris til ein indisk mann og ei ung, pakistansk kvinne for deira arbeid for unges rett til utdanning. ”Den arabisk våren ” kom med krav om demokrati og det høyrer saman med utdanning. Det er ikkje til å komme forbi at det også betyr auka påverknad frå vesten, så kva slags utdanning er det då vi vil gi dei. Det viser seg at sviket er innarbeidt som metode hos norske prestar og politikarar og har gjennomsyra skuleverket, så hendsikta med det er å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet. Slik prøver dei å infiltrere både kristendom, jødedom og islam med trua på Zevs og då er sviket innarbeidd som metode. Då ligg det an til at Guds straffedom kjem til å ramme by og land, ved at ein kvan hemnar uretten. Det må vi forstå oss på, enn om vi kan få retta på det.

Sosiokulturell læringsstrategi.

Pedagogen Vygotsky la vekt på samtale mellom lærar og elev og mellom elevane og vart pioner i utviklinga av ”den sosiokulturelle læringsstrategien og den har fått kraftig vind i segla i det siste. Det kan samanliknast med Sokrates dialogar og dersom metodene i realfaga kjem i tillegg og vert inkludert, så er dialogen fungere godt til å lære realfag. La logikken, som er så viktig i matematikken, også vere viktig i vanleg samtale mellom menneske, så du lyttar og forstår kva som vert sagt og kanskje tenker over konsekvensen av det, så du svarar på kva som vert sagt. Så det ikkje vert slik som med han som var så tunghøyrd og der kom ein og helste på han og sa god dag, då svarde han ”øksaskaft”, fordi han stod og heldt på eit økseskaft. Soleis vart det påstått at Sokrates sa noko heilt anna enn det han sa og han vart stilt for retten for det, dømd og hendretta. Og det var eit justismord.

Det vert sagt at filosofisk ligg Vygotsky i linja frå Hegel, Marx, Habermars og nykantianarar, men filosofien til Hegel og Marx var meir enn dialog, det var dialektikk og handlar om moralsk danning og forming av mennesket og læringsprosessen vert inkludert i dette. Men Gud og einskildmenneske hadde lite og inkje å bety i Hegels dialektikk, slik sett kan det samanliknast med tida etter at Sokrates var hendretta, det einskilde individet får ikkje lenger lov til å ha ei personleg samtale med eit anna menneske, slik som han hadde, om nokon prøver å få til ein personleg dialog med eit anna menneske, vert han eller ho utstøytt. Dette bryt med den evangeliske forkynninga og denne metoden stemmer ikkje overeins med metodene i realfaga heller, for kroppen til det einskilde mennesket, laga av mold frå marka, er det som er av interesse for naturvitskapen. Det er den fysiske naturen som er grunnlaget for dei empiriske data som vi skal bruke til å underbygge hypotese og teoriar med. Og Gud svarar til rasjonaliteten som vi treng til å forstå oss på det. Men dei dialektiske metodene, verkar då slik at dei forfalskar eksperimentet og bryt med logikken for å få det resultatet som ein herre eller ein knekt i Hegels dialektikk ynskjer. Naturvitarar prøver å få objektiv kunnskap, men dersom det vert forska på einskildmenneske, til dømes når ein lækjar skal undersøke ein pasient, så er det viktig med personleg samtale mellom lækjar og pasient, så den subjektive innstillinga og oppfatninga til det einskilmennesket må få komme til sin rett. Slik må også einskildmenneske få moglegheit til å svare for seg sjølv i ei rettssak og slik må det også få rett til å svare for seg sjølv elles i samfunnet.

Jesus kalla meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Kva så?

Jesus kalla meg til å gå med ein frigjerande bodskap, eg var nøydd til å sette meg i rørsle, det låg klart for meg, ja, for dette har med min eigen subjektivitet å gjere, mitt eige fysiske oppmøte og samtale med andre menneske, min eigen integritet i samfunnet, å vere sosial. Han kalla meg til å gå med ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Jesus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Då vert forholdet mellom mann og kvinne også gjenoppretta. Jesus er mellommann mellom Gud og menneske, så når vi vender oss til han, skal kommunikasjonen mellom oss og Gud fungere og då skal kommunikasjonen mellom mann og kvinne også fungere.

Men i Noreg har det vorte protestert mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna, så dei som har ei slik tru på han ikkje skal få lov til å kjennast ved han og snakke med andre menneske, dei vert utstøytte. Så då fungerer ikkje kommunikasjonen mellom mann og kvinne lenger slik som den skulle. Men den er då naturleg, som ein del av våre mest grunnleggande demokratiske rettar og menneskerettar, den er då livsviktig for at vi skal overleve som folk. Eg, eller ein vilkårleg annan mann som Kristus er hovudet for, er då som Sokrates, men i dette tilfellet handlar det om at han vil snakke med ei kvinne med tanke på å få seg ei kone. Dei radikale skulle representere underklassa og gjere revolusjon, men prestane og diverse predikantar er som den lærde overklassa og oppvigla dei radikale til opprør mot Sokrates. Så slik kommunikasjon vert for ettertida forbode. For no er både prestane og dei radikale ei lærd overklasse som skal tale til kvinna i staden for at mannen skal få snakke med henne slik som tidlegare. Ho skal høyre på prestar og pedagogar i staden for å høyre på mannen som trur på Kristus og som Kristus soleis er hovudet for.

Fridomen i Kristus vert møtt med ei reaksjonær motstand. Den vert framstilt som frigjering, men er eigentleg å føre menneska tilbake til trældomen. 

Då er det Djevelen (Draken og Dyret i Op.13) som har forført kvinna og som prøver å bruke henne til å lokke mannen med. Det vert framstilt som frigjering, men eigentleg er det krenking av grunnleggande menneskerettar og demokratiske rettar, som fører til ei fornedring av mennesket. Dei tillet ikkje ein mann å få svare for seg sjølv, men krev at dei skal tenke og tale i staden for han, så dei uttalar seg på hans vegne og krev han til rekneskap for det, til samanlikning med prosessen mot Sokrates og soleis støyter dei han ut. Han kjennest ved Kristus, men dei svarar med å fornekte han og slik avslører dei seg som antikristar. Dei vrakar Guds Ord og erstattar det med noko anna og så krev dei at dei skal tenke og tale i staden for han. Med den dialektiske metoda framstiller dei det som kunnskap, som vitskapleg, ja, intellektuell og vitskapleg framgang. Men det er Draken og dei to Dyra i Op.13 som er på ferde. Det er det andre dyret som lagar eit bilete til ære for det fyrste dyret og krev at menneska skal tilbe det. Det er den falske profet som forkynner sin falske profeti. Men det vert avslørt ved at det strir imot Gud Ord og ved at dei fornektar Faderen og Sonen. Det so m dei med sine dialektiske metode framstiller som sann kunnskap og vitskap, vert avslørt som religiøs overtru og avgudsdyrking ved at det er ei grov krenking av individets grunnleggande menneskerettar og demokratiske rettar og ved at det strir mot naturvitskapen.

Så gleder dei seg over sin ytringsfridom og nyt fridomen som røvar frå han grunnleggande menneskerettar, demokratiske og sosiale rettar, slik har dei si glede i uretten (2.Tess.2). Det er slik urett som kan gjere ein terroraksjon til eit rettmessig svar på tiltale og som kan gjere Platons argumentasjon for diktatur rettskraftig.

 

1 Comment »

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: