Velsigning, fred og fridom.
Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Gud forsona verda med seg i Kristus og då skapte han fred mellom jødar og heidningar. Ved trua på Kristus får vi fred med Gud og det er frigjerande. Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og han har vore med meg og gjennom tyding av tungetale har han kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann[1]. Eg forstod det som eit kall til kristne kvinner i Noreg, til Jesu kyrkje og til jødiske kvinner.
Innleiing.
Gud skapte menneska og velsigna dei.
1MO 1,28 – 1MO 1,31 Og Gud velsigna dei og sa til dei: “De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” 29 Og Gud sa: “Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.
1MO 2,1 – 1MO 2,2 Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. 2 Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette. Velsigninga betydde at det skulle gå dei godt. Korleis då? Det ligg i kva som vart sagt i velsigninga:” De skal veksa og aukast …. De skal råde…”. Men det betyr også å leve i samfunn med Gud, slik vi ser i 1.Mos.2, så dei fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei, han hadde skapt alle ting ved sitt Ord og dei fekk oppleve at han gjorde sitt verk i deira liv, ved sitt Ord og sin Ande.
Men så talte ormen til kvinna og forvrenga Guds Ord, så ho vart forførd. Dei vende seg bort ifrå Gud og braut med han og det førde til forbanning i staden:
1MO 3,7 – 1MO 3,24 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet. 8 Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. [Adam: -> 2, 7.] 9 Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: “Kvar er du?” 10 Han svara: “Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.” 11 Då sa han: “Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?” 12 Adam svara: “Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.” 13 Herren Gud sa til kvinna: “Kva er det du har gjort?” Kvinna svara: “Ormen lokka meg, og eg åt.” 14 Då sa Herren Gud til ormen: “Fordi du gjorde dette, skal du vera forbanna framfor alt fe og alle villdyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta alle dine dagar. 15 Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.” 16 Til kvinna sa han: “Stor vil eg gjera di møde så tidt du er med barn; med verk og vande skal du føda. Etter mannen din skal du stunda, og han skal råda over deg.” 17 Og til Adam sa han: “Fordi du høyrde på kona di og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, skal jorda vera forbanna for di skuld. Med møde skal du næra deg av henne alle dine levedagar. 18 Torn og tistel skal ho bera, og du skal eta av vokstrane på marka. 19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jorda att; for av henne er du teken. Jord er du, og til jord skal du atter verta.” 20 Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. [Eva: Namnet likjest det hebr. ordet for liv.] 21 Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med. 22 Og Herren Gud sa: “No har mennesket vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre og et og lever evig!” 23 Så viste Herren Gud dei ut or hagen i Eden og sette dei til å dyrka jorda, som dei var tekne av. 24 Han dreiv mennesket bort; og austanfor hagen sette han kjerubane og det logande sverdet som svinga att og fram. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
Det vart fiendskap mellom Gud og menneske og seinare i Bibelen ser vi korleis det utarta seg. Gud sette fiendskap mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og det også kan vi lese meir om seinare i Bibelen. Jorda skulle bere torn og tistel og det er symbol på fiendskap og strid mellom menneske.
JES 27,2 – JES 27,5 {HERREN VAKTAR VINGARDEN SIN} Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege vingarden! 3 Det er eg, Herren, som vaktar han og vatnar han til kvar tid. Eg vaktar han dag og natt, så ingen skal skada han. 4 Eg er ikkje lenger harm. Men finn eg torn og tistel, då går eg til strid imot dei og brenner opp alt i hop, 5 – om dei då ikkje søkjer vern hjå meg, og gjer fred, ja, gjer fred med meg.
HEB 6,8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
I Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast.
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og det innebar at han førebestemte han og ætta hans til noko godt i samfunn med seg, men då måtte dei leve i tru slik som Abraham og verte velsigna slik som han, leve i samfunn med Gud, slik som han.
1MO 12,1 – 1MO 12,6 {GUD KALLAR OG VELSIGNAR ABRAM} Herren sa til Abram: “Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning! 3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og forbanna den som forbannar deg. I deg skal alle ætter på jorda velsignast.” 4 Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan. 5 Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan. Då dei kom til Kanaan, 6 fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet. [helgstad: ein stad der folk møttest til gudsdyrking. Sikem vart sidan eit viktig religiøst og politisk sentrum i Israel. Sml. Jos 24, 1 ff; 1 Kong 12, 25.]
1MO 15,1 – 1MO 15,6 {HERREN GJER PAKT MED ABRAM} Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: “Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.” 2 Men Abram svara: “Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt. 3 Meg har du ikkje gjeve born,” sa Abram, “og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.” 4 Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: “Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.” 5 Så tok Herren han med seg ut og sa til han: “Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.” 6 Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.
1MO 17,1 – 1MO 17,22 {PAKTA OG PAKTTEIKNET} Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa: “Eg er Gud Den Allmektige. Lev for mitt åsyn, ver heil i di ferd! [Gud Den Allmektige: hebr. El Sjaddai. Etter 2 Mos 6, 3 vart dette gudsnamnet nytta før namnet Herren (Jahve) vart openberra for Moses. -> 2 Mos 3, 14.] 2 Eg vil skipa ei pakt mellom meg og deg og gjera ætta di uhorveleg stor.” 3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han: 4 “Sjå, eg gjer ei pakt med deg, du skal verta far til mange folk. 5 Du skal ikkje lenger heita Abram, men Abraham skal namnet ditt vera; for eg gjer deg til far åt mange folk. [Abram-Abraham: Den nye pakta med Gud vert markert med eit nytt namn. Begge namna tyder truleg “Far er høg”. Men Abraham vert her sett i samband med eit hebr. ord som tyder mengd.] 6 Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg. 7 Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg. 8 Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.” 9 Så sa Gud til Abraham: “Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast. 11 De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt. 13 Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt. 14 Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.” 15 Og Gud sa til Abraham: “Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita. [Sarai-Sara: Den nye namneforma (sml. v. 5) tyder fyrstinne, og ho som får dette namnet, skal verta mor til kongar (v. 16).] 16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.” 17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: “Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?” 18 Og Abraham sa til Gud: “Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!” 19 Men Gud sa: “Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han. 20 Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk. 21 Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.” 22 Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.
Velsigninga i Kristus.
Forsoninga i Kristus.
I Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast, denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus og det er Guds verk. På evangeliets grunnvoll får vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom jødar og heidningar.
JOH 1,9 – JOH 1,10 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje.
JOH 3,13 – JOH 3,21 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”
RMR 5,1 – RMR 5,11 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN} Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga. 2KO 5,18 – 2KO 5,20 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!
EFE 2,11 – EFE 2,22 {KRISTUS SAMEINAR HEIDNINGAR OG JØDAR} De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. [det gjerdet som skilde: I templet i Jerusalem var det ein mur mellom føregarden åt heidningane og det indre tempelområdet.] 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden. KOL 1,20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg, det som er i himmelen og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod, på krossen.
KOL 1,22 Men no har han forsona dykk med seg sjølv, då Kristus leid døden i sin jordiske lekam. Heilage, lytelause og ulastande ville han stella dykk fram for seg,
Fred mellom jødar og heidningar.
EFE 2,11 – EFE 2,22 {KRISTUS SAMEINAR HEIDNINGAR OG JØDAR} De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. [det gjerdet som skilde: I templet i Jerusalem var det ein mur mellom føregarden åt heidningane og det indre tempelområdet.] 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden. KOL 1,20 og ved han ville Gud forsona alle ting med seg, det som er i himmelen og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod, på krossen.
RMR 11,16 – RMR 11,36 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: “Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.” 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller. 22 Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. 24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive: Frå Sion skal bergingsmannen koma, han skal rydja gudløysa bort frå Jakob, 27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei når eg tek bort syndene deira. 28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle. 33 Å, for eit djup av rikdom og visdom og skjøn hjå Gud! Kor uransakelege hans domar er, og kor ufattelege hans vegar! 34 Kven kjende Herrens tankar, eller kven var rådgjevaren hans? 35 Kven gav han noko fyrst, så han skulle få vederlag? 36 Av han og ved han og til han er alle ting. Han skal ha ære i all æve! Amen.
SKR 4,1 – SKR 4,14 {LJOSESTAKEN OG VINTREA} Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. 7 Kven er vel du, du mektige fjell? Framfor Serubabel skal du verta ei slette. Han skal føra fram toppsteinen, medan dei ropar: “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).] 8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset, og hans hender skal fullføra det. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk. 10 Ja, alle som har vanvørdt den dagen då det tok til i det små, skal gleda seg når dei får sjå blyloddet i Serubabels hand. – Dei sju, det er Herrens augo som fer over heile jorda. [blyloddet: nytta i byggjearbeidet for å få murane beine.] 11 Då tok eg til ords og spurde han: “Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?” 12 Atter tok eg til ords og spurde: “Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?” 13 Han sa til meg: “Veit du ikkje kva dei tyder?” “Nei, herre,” svara eg. 14 Då sa han: “Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.” [dei to: -> v. 3.]
Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i Kristus, i himmelen.
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
Måtte Gud få gje vårt hjarta opplyste augo, så vi ser kva han har gjeve oss i Kristus.
EFE 1,15 – EFE 1,23 {TAKK OG BØN} Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Gud elska oss og gjorde oss levande med Kristus, han frelste oss og skaper oss i Kristus.
EFE 2,1 – EFE 2,10 {FRÅ DØD TIL LIV} De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. [hovdingen i himmelrømda: djevelen. Sjå 6, 12.] 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Vi skal ære og takke Gud og Lammet for vår frelse.
ÅPE 5,7 – ÅPE 5,14 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt for Gud menneske av alle ætter og tungemål, av alle folk og folkeslag. 10 Du har gjort dei til eit kongerike, til prestar for vår Gud, og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia: Han som sit på kongsstolen, han og Lammet skal ha all takk og ære, pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Gud gjer sitt verk med oss, til lov og ære for sin herlegdom (Rom.5,5 Ef.1,6.12.14).
EFE 3,16 – EFE 3,21 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.
Ein frigjerande bodskap.
Vel, Gud skapte menneska og velsigna dei, han bles livets Ande i nasa til mannen og talte til han. Han hadde skapt menneska og hadde eit mål og ei hendsikt og ei meining med det, det var det også dei passa til, så fridomen måtte då vere å leve slik som Gud hadde skapt dei til, lytte til hans Ord og følgje hans kall, så dei vandra i den planen som Gud hadde med dei. Med si velsigning, med sitt Ord og sin Ande gav Gud meining og mål med livet til den einskilde og fridomen måtte då vere å finne den meininga og vandre mot det målet.
Men når dei braut med han, så mista dei dette. Dei erstatta Gud med avgudar og vart trælar under avgudane og synda. Avgudsdyrkinga var den religiøse sida av saka, men den økonomiske og realistiske sida av saka var at mange av dei vart trælar for andre. Og begge delar var forholdsvis meiningslaust for slaven. Dess lengre nede på samfunnets rangstige eit menneske var, dess meir meiningslaust vart livet.
Men så kom Jesus og forkynte den glade bodskapen om frigjeringa for fangar, for å løyse dei som var trælka. Med sitt blod betalte han prisen for dei, for å kjøpe dei tilbake til Gud, så dei skulle tilhøyre han og leve for han. Det er ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Har vi teke imot Jesu Ande, så tilhøyrer vi han, då er vi frelst og då skal vi leve for han.
Det er ikkje vårt eige verk og blir det ikkje heller, det kan aldri verte vårt eige verk. Vel vi har vendt om til han og audmjuka oss for han og bedt han om nåde og miskunn, men det er likevel ikkje vi som har prestert å gjere oss sjølve til Guds tenarar. Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda, då får vi oppleve at det er han som gjer sitt verk med oss, vi vert hans tenarar ved at han gjer oss til det, ved at han utrustar oss med sine nådegåve og brukar oss som sine reiskap. Jesus er hovudet for lekamen og han brukar oss som sine lemer.
Då får vi merke at der er ein motsetnad mellom dette, å tene Gud etter fridomens fullkomne lov og dei som prøve å få oss tilbake til trældomen, det er motsetnaden mellom den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen.
2KO 11,1 – 2KO 11,5 {PAULUS OG DEI FALSKE APOSTLANE} Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det! 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane.
Ved at dei fornektar Kristus, nektar dei for at vi har mål, hendsikt og meining med våre liv og det blir som om dei vil plassere oss nedst på rangstigen i slavesamfunnet.
1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]
Deira alternativ er å tene Mammon i staden for å tene Gud, det er Dyrets rike i staden for å søke Guds rike. Men vi treng likevel ikkje prøve å skilje oss så mykje ut ifrå dei andre på det ytre plan, vi skal tvert om legge vinn på å leve eit stille og rolig liv, passe jobben vår og skulegangen vår slik som andre. For Guds rike er inni oss, Gud gjer sitt verk i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande, han bygg oss opp i vårt indre menneske, det er han som gjer oss til sine tenarar. For Guds kjærleik er utrend i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt, så vi med hjertets opplyste auge kan skjøna kva Gud har kalla oss til og kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur.
Ja, Jesus sa eg skulle sjå han i alle livets forhold og tilskikkingar, bodskapen 17.2.2013:
Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”
Jesus er livet og det er han for oss, i han er liv og livet er lyset for menneska, han gjev oss ånd og liv og det er hans eige liv, så når vi ser på han, så ser vi det målet og den meininga Gud har med våre liv. Den Anden Gud gjev oss av berre nåde herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre og slik fører den oss fram til heile Sanninga som er Kristus, så vi får oppleve at Sanninga set oss fri. Korleis då? Jau, det vert openberra for oss at han er det målet, den hendsikta og meininga som Gud har med våre liv. Å kjennast ved han, slik som Anden openberrar han for oss, å erkjenne at han er livet for oss, at han er mål og meining med våre liv, å lyde han og følgje hans kall, det er frigjerande for oss. Det er fridomen for oss.
2KO 3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.
Det er kvile, for dette er ikkje mitt eige verk, men det er Gud som gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande. (Ef.2,8-10 og bodskapen 17.2.2013).
Aktuelle Artiklar
På https://wordpress.com/posts/bluehost944.com:
”Kristne møte”.
”Gud har valt meg ut i Kristus og velsigna meg”.
[1] https://tsivert.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/
https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/